Saksframlegg og vedtak

Transcription

Saksframlegg og vedtak
Åseral kommune
GODKJENNING AV DETALJREGULERINGSPLAN FOR
LØYNINGSKNODDEN, BORTELID.
ARKIVKODE:
SAKSNR.:
SAKSHANDSAMAR:
L12
2010/148
Kari Røynlid
SIGN.:
UTV.SAKSNR.:
UTVAL:
MØTEDATO:
15/16
Teknisk utval
20.04.2015
Vedlegg:
1 Planomtale Løyningsknodden
2 Reguleringsføresegner Løyningsknodden
3 Plankart Løyningsknodden
4 ROS-analyse Løyningsknodden
5 Samla oversikt over merknader Løyningsknodden
Bakgrunn:
Ing. Geir Gjertsen AS og Pål Dalhaug AS har på vegne av grunneigarane i planområdet
utarbeida forslag til detaljreguleringsplan for Løyningsknodden på Bortelid. Det er tre
grunneigarar i planområdet: Ruben Bortelid, Alexander Skeibrok og sameiget Marit Mæland,
Tone Bortelid, Grete Bortelid og Oddrun Bortelid.
Løyningsknodden ligg like søraust for Bortelidtjønna. Planområdet er på totalt ca. 160 dekar.
Området har skrinn skogsmark med innslag av bjørk og furu. I tillegg er det noko myr i
området. Sentralt i området ligg ein stor kolle (Løyningsknodden). Området er utbygd med
50 hytter, dei fleste av desse har i dag ikkje vinterveg eller vatn/kloakk fram til hyttene.
Føremålet med planforslaget er å legge til rette for fortetting i eksisterande hytteområde,
atkomstvegar og VA til eksisterande og nye tomter, skiløype, turløype og friluftsområde. Det
vil i tillegg bli vist tomtedeling for eksisterande fritidsbustader i området.
Området ligger innafor fleire gjeldane reguleringsplanar/bebyggelsesplanar:
Reguleringsplan for Bortelid (1997),
Reguleringsplan for Stedjejuvet (2001)
Bebyggelsesplan for Løyningsknodden (2000)
Vurdering:
Det vart varsla oppstart av planarbeidet allereie den 16.02.2010.
I oppstartsmøtet mellom utbyggar og kommunen vart det gitt råd om å ha møte med alle
hytteigarar for å invitere til dialog angåande gode løysingar for fortetting. Dette er eit område
på Bortelid der fleire hytteeigarar har negativ servitutt mot fortetting i festekontrakta.
Kommunen var klar på at dersom reguleringsplanen skulle handsamast måtte det leggast til
grunn ein god prosess i forhold til alle som har hytte i området i dag.
I høve til innspel til varsel om oppstart kom det inn fleire innspel og merknader. Desse er
beskrive nærmare i planomtalen side 2-3.
Utbyggar har i samband med utarbeiding av planforslaget hatt møter med hytteeigarane og
har justert planforslaget fleire gonger for å tilpasse utbygginga.
I samband med at forslag til reguleringsplan vart oversendt kommunen, arrangerte
kommunen ei befaring i planområdet der hytteeigarar, grunneigarar, Teknisk utval og
administrasjonen i Åseral kommune deltok. Oppmøtet var svært godt og det kom fram fleire
innspel til planforslaget.
Planen har nå vore ute til offentlig ettersyn og det har i alt kome inn åtte innspel. Desse vert
fortløpande kommentert nedanfor:
Statens vegvesen
V14 må klassifiserast som sommarveg. For V9 kan strekninga for sommarveg vera frå P1 til
kryss ved tomt 10
Kommunens kommentar:
Det er gjort forsøk på å sjå på løysingar for V14 slik at denne kan opparbeidast som
heilårsveg. Slik terrenget ligg, medfører dette relativt store inngrep. Å vidareføre veglinja
forbi tomt 32 blir og vanskeleg med omsyn til høgde. Difor vert V14 ståande som
sommarveg i planforslaget.
Fylkesmannen i Vest-Agder:
Meiner det bør vera strenge føresegner knytt til tomtene T16 og T17 på same måte som T2026. Meiner og at skiløypetraseen er dårleg med omsyn til kryssing av mange vegar osv.
Bør ta inn føresegn og masser frå staden.
Kommunens kommentar:
Tomtene T16 og T17 ligg nede i dump som blir fylt opp, slik sett vil heia bak skjerma desse
tomtene. Kommunen meiner det er betre at desse tomtene er høge for å fylle ut terrenget enn
å presse dei ned.
Skiløypetraseen har vore jobba grundig med og det er få alternativ i området og definitivt
ingen som ikkje medfører kryssing av interne vegar. Kommunen meiner dette er det beste
alternativet som nå ligg føre.
Vest-Agder fylkeskommune:
Meiner skiløypa er dårleg sidan den kryssar vegar tre gonger og ender i ein bratt bakke ned
mot fylkesvegen.
Kommunens kommentar:
Viser til kommentar ang fylkesmannen.
Geir Brøvig:
Ønsker å dele tomta. Protesterer mot at halve tomta er regulert til grønt. Ønsker vegen vekk
frå tomta evt at den blir stoppa før.
Kommunens kommentar:
Kommunen stiller seg positive til at det blir flest mogleg tomter i planen. Grunneigar si
bekymring er at tomta ligg utanom fellesskapet og då kan kome seg unna kostnad knytt til å
betale seg inn på vegen. Kommunen meiner dette blir fanga opp i delingssøknaden. Sjølv om
tomta er delt i planen, må det søkjast frådeling og då må spørsmålet om tilkomst/veg takast
opp. For å få inn betaling for alle einingar til fellestiltak er det ønskjeleg å inngå
utbyggingsavtale med tomteeigar.
Bortelid Utmarkslag:
Positive til planen. Er oppteken av at det må betalast inn eit eingongsbeløp som skal gå til
felles infrastruktur tiltak. Er og oppteken av at dei nye einingane må betale inn årleg avgift til
drift av felles infrastruktur.
Kommunens kommentar:
Eingongsbeløp til investeringar i felles infrastruktur blir ivareteke i utbyggingsavtalen. Årleg
avgift til drift må det skrivast avtale om mellom utbyggar og utmarkslaget og kan ikkje takast
med i utbyggingsavtalen.
Svein Lohne på vegne av hytteigarar i området:
Oppteken av høgdene på tomtene T18, T19 og tomt 9/7/123. Ynskjer ei kotehøgde slik at
ikkje tomtene blir sjenerande for eksisterande hytter i området.
Meiner skiløypa bør starte mellom tomt 9 og 11 og at den er bratt og uoversiktelig ned mot
fylkesvegen.
Ønskjer at V9 blir anlagt slik at det blir køyreveg til tomt 4, T18 og tomt 9/7/123.
Meiner ny veg og to parkeringsplassar på kvar tomt må opparbeidast før dei kan sei frå seg
retten til parkeringsplass på felles plass.
Kommunens kommentar:
Det er sett på området for T18, T19 og 9/7/123 på nytt med omsyn til høgder/kotehøgder og
vegløysing.
Området er utfordrande terrengmessig. I tillegg har hytteeigarane til dels ulike meiningar om
kva som er viktigast i området; plassering av tomter, høgder på hyttene eller plassering av
veg. (sjå eigen uttale til Jan Sonesen og Geir Jacobsen). Kommunen har vore på ny befaring
saman med grunneigar, konsulent og ein av hytteeigarane for å sjå på desse forholda.
Slik stigninga er i dag er det umogleg å laga heilårsveg til tomt 4 på V9. Stigninga og
svingradius gjer dette umogleg. Det er difor sett på ei ny vegløysing med eigen stikkveg til
dei tre tomtene. Då kan tomtene senkast i terrenget slik at mønehøgdene kjem under
terrassenivå på eksisterande tomter ovanfor. Det einaste negative for denne løysinga er at
vegen, V9 som må flyttast attende og inn att mot tomt 6. Dette er hytteigaren negativ til. Det
er difor gjort forsøk på å flytta vegen mest mogleg ut frå tomt 6 utan å øydelegge tomt T19.
Planen legg opp til at parkering skal løysast på eiga tomt. Nærmare avtale om veg og
parkering må gjerast mellom utbyggar og hytteeigarane.
Ingjerd og Jan Sonesen
Ønsker å fjerne tomt 20.
Har vore glad for at vegen var flytta ut frå tomta. Denne er nå flytta nærmare tomta att og
Sonesen har protestert mot dette.
Kommunens kommentar:
Sjå kommentar ovanfor under Lohne m.fl.
Geir Jacobsen
Eigar av tomt 9/7/123 og oppteken av løysingar i forhold til denne tomta. Dette gjeld forhold
teke opp i uttalen til Lohne m.fl.
Kommunens kommentar:
Ny løysing er laga i forslag til plan som ligg føre, sjå elles kommentar under Lohne m.fl.
Geir Dyrnes
Tomtegrense for tomt 43 ikkje optimal i forhold til framtidige planar om utviding/bod.
Kommunens kommentar:
Det er gjort ei mindre justering i planforslaget.
Oppsummering:
For kommunen har det vore viktig at planforslaget tek omsyn til eksisterande hytter i
området, både når det gjeld storleiken på nye hytter, plassering i terreng og omsyn til
landskap.
Det er og viktig å ta vare på eksisterande akebakke og legge til rette for ein skiløypetrase som
flest mogleg i hyttefeltet kan få glede av. Traseen som er lagt inn i planen er ikkje optimal i
og med at løypa krysser vegar i området og endar i vest i ein bratt bakke ned mot
fylkesvegen, men med dei utfordringane ein har i fortettingsområder, meiner kommunen
denne traseen totalt sett gir ei god løysing.
På same måte som for reguleringsplan for Velia ligg det føre negative servituttar mot
fortetting i området i Løyningsknodden. Det har i planprosessen vore lite innspel frå
hytteeigarane på dette. Høyringa gav heller ingen indikasjon på at nokon kjem til å protestere
mot utbygginga, men det er likevel når det kjem til sjølve gjennomføringa at protestane kan
koma. Ein syner elles til vurdering av dette i temaet i samband med godkjenning av
detaljreguleringsplanen for Velia og vurdering frå adv. Tofte i nemnde sak.
Det skal utarbeidast utbyggingsavtale med grunneigarane/utbyggarane i Løyningsknodden.
Kommunen ser for seg ein felles avtale med partane.
Framlegg til vedtak:
Åseral kommune godkjenner jamfør plan- og bygningslovas § 12-12 detaljreguleringsplan
for Løyningsknodden med tilhøyrande planomtale, føresegner og plankart.
Det er ein føresetnad at det er inngått utbyggingsavtale før utbygging i området tar til.
Saksprotokoll i Teknisk utval - 20.04.2015
Habilitet:
Alexander Skeibrok ba utvalet vurdere hans habilitet. Utvalet han ugild i medhald av fvl. §6
1.ledd. Det møtte ikkje varamann.
Framlegg:
Administrasjonen
Som framlegg til vedtak med følgjande endring i reguleringsføresegnene pkt. 3.1: Før
kommunen kan godkjenne frådeling av tomt T34 må det dokumenterast at tomteeigar
har kjøpt vegrett og betalt eventuelle fellesutgifter til frådelt tomt.
Votering:
Nytt framlegg frå administrasjonen vart samrøystes vedteke.
Vedtak:
Åseral kommune godkjenner jamfør plan- og bygningslovas § 12-12 detaljreguleringsplan
for Løyningsknodden med tilhøyrande planomtale, føresegner og plankart.
Det er ein føresetnad at det er inngått utbyggingsavtale før utbygging i området tar til.
Endring i reguleringsføresegnene pkt. 3.1: Før kommunen kan godkjenne frådeling av tomt
T34 må det dokumenterast at tomteeigar har kjøpt vegrett og betalt eventuelle fellesutgifter
til frådelt tomt