Furebergfossen – bygging av ny bru.

Transcription

Furebergfossen – bygging av ny bru.
Ænes og Mauranger Bygdalag
v/Ottar Eide
Sunndalsvegen 637
5476 Mauranger
Kvinnherad Kommune
v/Ingo Bever
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal
18. februar 2015
Kommentar til utlagt detaljreguleringsplan for Fv 551 –
Furebergfossen – bygging av ny bru.
Vi har lest Statens Vegvesen sin plan om korleis arbeidet er tenkt utført, og tenkt litt på kva
resultatet vil bli for oss som bur her inne.
Bygdalaget støttar, langt på veg, forvaltningskomiteen sitt vedtak 10/12 2014. Men vil
likevel koma med nokre synspunkt:
Punkt 1
Ingen merknader.
Punkt 2
Ny bru – ny tunnell – stenging av vegen.
A
Ny bru.
Den gamle brua er 39 m lang, den nye blir 239 m. Me er samde om at
Furebergfossen er ein attraksjon for turistane, men etter vårt syn vil den nye
brua bli svært dominerande og såleis redusera den «naturlege» fossen sin
verdi.
Det er ikkje berre bilturistar som set pris på Furebergfossen, men og mange
båtturistar, - både cruiseskip og privatbåtar, - som tek ein stopp for å sjå på
den fine fossen. For dei vil den nye brua bli enno meir skjemmande.
Mot Ænes endar brua i ein omlag 90 graders vinkel, - i påvente av ein ny
Fureberg tunnell. Kva tid vil den koma? Kor lenge skal vi ha lysregulert tunnell
på ein veg med stadig aukande trafikk?
B
Ny tunnell.
Etter vårt syn er den beste, mest framtidsretta, - og mest sannsynleg også den
rimelegaste løysinga, å slå ein ny tunnell under fossen.
Ved å starta ca. 100 m innafor fossen, og ut til svingen i den eksisterande
Furebergtunnellen vil den «nye» tunnellen bli om lag 1500 meter lang.
Ved å strossa resten av tunnellen ut mot Ænes, - ca. 300 meter, - vil ein få
fullgod standard på heile tunnelen.
Den nye tunnelen vil og gje tilstrekkeleg steinmassar til å laga ein fin og
romsleg raste og parkeringsplass, - både for bussar og privatbilar, - på utsida
av fossen. I tillegg bør det bli steinmassar til, - på ein rimeleg måta, - å utbetra
dei flaskehalsane i Tveitnesvika som det i dag ikkje er plass til møtande trafikk.
Der den nye tunnellen møter den gamle bør det lagast ei romsleg avkøyring,
med skilting til Furebergfossen. Noverande trafikklys på utsida av tunnellen
bør flyttast inn til den nye avkøyrsla for å hindra motgåande trafikk til/frå
fossen.
Når dette er ferdig bør den gamle brua rivast. Slik det er no går turistane ut på
brua. Når fossen er stor kan dette medføre stor risiko, då det er fare for
steinsprang. Når brua er fjerna vil ein også få attende den «naturlege»
Furebergfossen.
C
Stenging av vegen.
Statens Vegvesen føreslår å stengja vegen heilt i om lag 5 månader, og det bør
skje i sumarmånadane.
Mange av dei som bur i bygdene i Mauranger har sitt daglege arbeid i
Rosendals området. Og fleire i Rosendals området har sin arbeidsplass i Odda.
Kva alternativ vil desse ha med ein stengt veg?
Kvinnherad har i mange år arbeidd for å tiltrekkja seg fleire turistar, og er i dag
ein forholdsvis stor turistkommune med svært varierande og attraktive tilbod.
Me veit at minst 80 % av bilturistane i Kvinnherad kjem gjennom
Folgefonntunnelen eller Jondalstunnelen. Mange bedrifter i Kvinnherad har
turisme som si viktigaste inntektskjelde. Vi veit ikkje dei økonomiske
konsekvensane dersom den viktigaste vegen blir stengt i 5 månader, gjennom
heile turistsesongen, men det skal ikkje så stor fantasi til å skjøna det då er
snakk om store beløp . Og ikkje minst tapt marknadsandel, truleg i fleire år
framover.
Ved å vurdera løysingane under punkt B vil ein heilt unngå stenging av vegen.
Kanskje med unntak av strossing av den gamle tunnellen (ca. 300 meter).
Men dette er så lite arbeid at det kan gjerast som nattarbeid.
Me kan ikkje på nokon måte akseptera stenging av vegen.
Punkt 3. 3 km tunnell er det beste alternativet.
Dette er vi heilt samde i, men ikkje i 3 km. Vi har målt strekninga på
gamlevegen. Om vi startar 100 m innafor Furebergfossen og til svingen på
Furebergtunnellen vil den nye tunnellen bli om lag 1500 meter, og bli ei svært
god løysing.
Ein kortare tunnell vil sjølvsagt og ha innverknad på kostnadane. Me har ikkje
så mykje kunnskap om prisar på tunnell, men med litt «sunn fornuft» skulle
det ikkje forundra oss om tunnelløysinga samla blir billegare enn bygging av
ny bru.
Me ynskjer ikkje bru, men ny tunnell.
Synspunkt på rassikring.
Me har fått opplyst at det er midlar til rassikring som skal finansiera den nye
brua over Furebergfossen. Dersom det viser seg at Statens Vegvesen ikkje vil
endra planane sine, - bru eller ingenting, - vil me sei fylgjande:
Me kan leva med stengt bru ca. 2 dagar pr. år, men det er vanskelegare å leva
med fare for steinsprang eller snøras i 365 dagar for året langs Krokalandet.
No er det diverre brukt nokre millionar til «flikking» av denne vegen dei siste
åra men rasfaren er like stor.
Ved å laga ein ny tunnell frå Muskjerneset og til avkøyrsla til Kroka, - 1600
meter, - hadde alle former for ras vore eliminert ein gang for alle.
Dette trur vi alle som køyrer på denne vegen hadde vore svært takksame for.
Vonar våre synspunkt kan vera til hjelp i det vidare arbeidet.
Helsing
Ænes og Mauranger Bygdalag
-------------------------------------------Ottar Eide - styreleiar