Bybanekunst - Hordaland fylkeskommune

Transcription

Bybanekunst - Hordaland fylkeskommune
 Bybanekunst
Invitasjon til prekvalifisering
Kunstprosjekt til Bybanen sin holdeplass på nye Bergen lufthavn, Flesland.
Hordaland fylkeskommune inviterer med dette kunstnarar til å melde grunngjeven interesse for eit
permanent kunstprosjekt på Flesland. Målet med prekvalifiseringa er å finne kandidatar til lukka
konkurranse eller direkte oppdrag. Kunstutvalet har rett til og å ta inn kunstnarar som ikkje melder seg
i prekvalifiseringa.
Oppdragssum er inntil NOK 1,75 millionar.
Bybanen får sitt endestopp ved Bergen lufthavn, Flesland. Her byggjer Avinor ein ny flyplassterminal
som skal stå ferdig sommaren 2017. Bybanen sin endestopp vert ein integrert del av terminalen,
lokalisert i underetasjen med rulletrappar og frie siktliner opp til innkomst- og avgangssoner. Området
som er avsett til kunst er ein lang betongvegg på austsida av Bybanen sin plattform.
Bergen lufthavn Flesland har i dag drygt 6 millionar passasjerar årleg og har ein trafikkauke på ca. 6 %
i året. Den nye terminalen er dimensjonert for inntil 10 millionar passasjerar. Mange av desse vil nytta
Bybanen til og frå flyplassen. I dag har Bybanen omlag 40 000 reisande i døgeret. Bybanen sin
stasjon på Flesland er del av byggjetrinn 3 som går til Bergen lufthavn Flesland. Strekninga opnar for
trafikk i 2016.
Staden
Flyplassterminalen er teikna av Nordic Office of Architecture. Terminalen har ope romløysing, med fri
sikt mellom øvre og nedre trafikkområder. Glassveggjer vil skilje ute og inne. Bybanen sin stoppestad
vil vera i underetasjen utomhus, men under tak. Den opne arkitekturen med stor bruk av glassveggar,
gjer at ein kan sjå kunsten og frå andre stader enn sjølve plattforma. Plattforma vert venteplass for dei
som kjem med fly og skal mot Bergen sentrum.
Arkitekturen er stramt forma, med vekt på klare visuelle kodar. Det skal vera enkelt for dei reisande å
ta seg fram. Like fullt må kunstnar ta høgd for at dette er ein stad med mange folk og mykje aktivitet.
Kunstprosjektet
Som overordna idé for prosjektet ligger føringane som er nedfelt i kunstplanens hovuddel.
Oppdraget skal gjennomførast som eit A-prosjekt. A-prosjekta er knytt til dei overordna visjonane som
ligg til grunn for bygginga av Bybanen; satsning på ei berekraftig utvikling lokalt og globalt.
Kunstutvalet syner og til at Flesland er ein port til Bergen og Vest-Noreg. Kunstnaren skal ha vidt
spelerom og fridom i tolking av oppgåva.
Veggen som er avsett til kunst er omlag 7 meter høg og omlag 50 meter lang. Bybanen sin stoppestad
har tak overbygg, men veggen vil likevel i nokon grad kunne verte utsett for vind og nedbør. Av trafikkog tryggleiksomsyn må kunsten vera fastmontert på vegg og ha maksimal djupn på om lag 50 cm.
Veggen er nær Bybanen sine skinner, signal og straumførande kablar, og det vil difor verta strenge
krav til planlegging av montering og ettersyn av kunsten. Det vil ikkje vera tid for produksjon på
staden. Kunsten må produserast på førehand og monterast i løpet av 3 – 5 netter.
Prosjektet skal vera avslutta til opninga av den nye flyplassterminalen sumaren 2017.
Til prekvalifiseringa skal kunstnarane sende ein – 1 – pdf-fil med kort, grunngjeven interesse,
dokumentasjon av tidlegare arbeid og relevante prosjekt, og CV. Materialet skal vera på maksimum 10
A4 sider, alt inkludert. Nettlenkjer kan nyttast som tillegg til dokumentasjon.
Kunstutvalet for Bybanen vil handsame søknadene og fungere som jury.
Kunstkonsulentar er Jørgen Blitzner og Hilde Skjeggestad.
Frist for innsending av materiale: 15. september 2015
Merk emnefeltet «Flesland» og send pdf-en på epost til: [email protected]
Spørsmål kan rettas til Jørgen Blitzner: [email protected]