Leiarmøtet 24.08.2015

Comments

Transcription

Leiarmøtet 24.08.2015
1
Leiarmøte ved HiSF 24. august 2015
Innkalling:
Møterom H-2020
Sak
1. Orientering frå kontaktutvalsmøtet i UHnett Vest v/Georg Arnestad
2. Ombygginga av gymnasbygget, og prosess på kva funksjonar kven som skal ha tilhald der
3. Småsaker:
o Dato for møte med leiargruppene på AHF og AIN
o Fast referatmal frå leiarmøta?
4. Runda rundt bordet, frå opningane, frammøte, HMS, innspel osv.
5. Ymse
Referat:
Til stade: Rasmus Stokke, Terje Bjelle, Karianne Bergheim, Wenche Fjørtoft, Anne-Grethe Naustdal,
Stein Joar Hegland, Wiggo Hustad, Erik Kyrkjebø (referent)
Forfall: Randi Skår
Georg Arnestad deltok i møtet i sak 1.
Innmeldte saker til Ymse:
 Frammøte til studiestart (Terje) - blir teke under runden rundt bordet
 PhD-utdanning 2020 (Anne-Grethe)
 Jubileumsseminar ved Vestlandsforsking 21. september
Orientering frå kontaktutvalsmøtet i UHnett Vest v/Georg Arnestad
Georg er HiSF sin representant i kontaktutvalet for UH-nett Vest, og kontaktutvalet fungerar som ein
møteplass for å førebu og drøfte sakene til styremøtet i UH-nett Vest. Det er og eit viktig
informasjonsorgan om saker frå dei ulike institusjonane. Frå hausten 2015 er det ny sekretær i UHnett Vest som har teke over for Lene Bakke; Lars Helge Nilsen - tilsett i sentraladministrasjonen ved
UiB.
Det er nye styrer og ny leiing ved fleire av institusjonane i UH-nett Vest; nytt styre og rektor ved
Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane, ny direktør ved Høgskulen i Bergen. Høgskulen i
Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger har prolongert sine styreperiodar fram til 1.1.2016.
Struktursaka vart via ein del merksemd på møtet i kontaktutvalet, og informasjon om status og
moglege retningar frå dei ulike institusjonane delt .
UiB skal ha fleire styremøter i haust for å diskutere mogleg fusjon med Arkitekthøgskulen. HiB føl eit
samarbeidsspor saman med UiB, og det skal utarbeidast konkrete planar innafor emnene
lærarutdanning, helse- og omsorg og
ingeniørutdanning. HiVo har nytt styre og rektorat, og har vore i drøftingar med Molde og
Lillehammar om ein Sparebank-modell for samarbeid. Departementet har gjeve nokre negative signal
i den retning. HSH vil satse med full tyngde på eit samarbeid innanfor UH-nett Vest etter at fusjonen
med UiS ikkje vart noko av. UiS har ikkje gjeve noko konkret signal om nye initiativ i samband med
struktursaka.
Det er planlagt eit styremøte i september i UH-nett Vest, men eit samrøystes kontaktutval har tilrådd
at ein utset dette møtet til meir er avklart i struktursaka. Institusjonane på Vestlandet er kalla inn til
møte med departementet frå lunsj til lunsj 7-8. september.
2
Den nye sekretæren Lars Helge Nilsen ynskjer å besøke alle institusjonane i UH-nett Vest, og ynskjer
tentativt å besøke HiSF 1-2. september.
Det blir diskutert i leiargruppa om innkallinga frå departementet gjev grunnlag for å ha ekstra
styremøte for å drøfte struktursaka før møtet i departementet, eller om saka skal opp som sak på
sakskartet til det første styremøtet. Den er planlagt som diskusjonstema på seminardelen av
styremøtet der leiargruppa og deltek (24. september). Konklusjonen blir at ein bør halde på temaet
som del av seminardelen, og at det per i dag ikkje er komen meir informasjon i saka som tilseier at
ein burde kalle inn til ekstraordinært styremøte. Det blir heller ikkje satt opp som ordinær sak på
styremøtet med mindre det kjem fram informasjon i møtet med departementet som tilseier dette.
Det blir og diskutert i kva grad vi bør gå i meir detaljerte diskusjonar med dei ulike institusjonane som
det kan vere aktuelt med meir forpliktande samarbeid med innanfor UH-nett Vest.
Ombygginga av gymnasbygget, og prosess på kva funksjonar kven som skal ha tilhald der
Det vart i vurdering av kjøp av Gymnasbygget laga ulike kostnadskalkyler etter kor mykje
rehabilitering som må gjerast i bygget før det er klart for innflytting. Det vart og i samband med dette
laga ein overordna romplan. Statsbygg skal no starte meir detaljplanlegging av bygget, og vi bør no
nemne opp ei brukargruppe for bygget og ei administrativ gruppe for å følgje opp planlegginga.
Økonomiseksjonen held på med eit utgreiingsarbeid for å betre kunne vurdere kostnadar ved ulike
alternativ for bygget.
Romprogrammet for bygget vil vere avhengig av kva avdeling/faggruppe som skal inn i bygget, og
prosessen for å velje kva fagmiljø som skal inn i bygget startar no. Her vil det i første omgang vere
dekanar ved ALI, AIN, ASF, viserektor for utdanning, økonomidirektør og fagforeningar som blir
representert, og saka blir og teke opp i leiargruppa seinare til diskusjon før konklusjon. Oppnemninga
av gruppa med representantar frå fagforeiningane blir oppnemnde av rektor på bakgrunn av eit
notat frå Økonomiseksjonen. Saka kjem opp att på leiarmøtet den 31. august.
Det vert og diskutert om vi kan sette ned ei gruppe som ser på HiSF i år 2025, og det framtidsbehovet
vi då vil ha for undervisnings- og arbeidslokale, og korleis vi kan møte nokre av desse
framtidsvisjonane gjennom korleis vi planlegg Gymnasbygget. Brukargruppa med dekanar får mandat
til å opprette ei slik gruppe dersom dei ser det ynskjeleg.
Småsaker
Dato for møte med leiargruppene på AHF og AIN
Dato for møte med leiargruppa på AHF vert frå 10-12 den 14. oktober
Dato for møte med leiargruppa på AIN vert frå 12.30 til 14.30 den 13. oktober
Fast referatmal frå leiarmøta?
Personaldirektør tek ansvar for å lage ein mal for dokumenta som referata skal skrivast i med
HiSF-logo. Rektor les igjennom framlegget til referat, og endrar/godkjenner dette før utsending
til leiargruppa. Rektor legg arkivet som kopimottakar på utsending av det offisielle referatet, og
syt for at det blir lagt ut på veven.
Ymse
PhD-utdanning i 2020
Det er kome tilbakemelding på at meldinga på veven kan misforståast til at det er vedteke at vi
skal ha PhD-utdanning ved HiSF, mens tilbakemeldlingane frå tilsette går på at strategiplanen
3
kun seier at vi skal greie ut PhD-utdanning. Det blir presisert at PhD-utdanning ikkje er vedteke,
og at møtet den 17. september kun skal starte prosessen om kva strategiske satsingar vi skal
peike ut som kan vere eit grunnlag for å bygge ei eventuell PhD-utdanning på. Meir
informasjon om opplegget for den 17. september vil bli gjeve på veven.
Jubileumsseminar ved Vestlandsforsking
Det er invitert til jubileumsseminar ved Vestlandsforsking den 21. september som kolliderer
med Utdanningsforum. Utdanningsforum vert difor flytta til den 16. november, og erstattar
fou-forum som var planlagt denne dagen. Leiargruppa og andre interessert oppmodast om å
melde seg på Jubileumsseminaret ved Vestlandsforsking.
Runde rundt bordet
ALI: Forslag om felles blogg mellom dekanar og eventuelt rektor. Svært gode oppmøtetal.
AIN: Flott oppstart. Gode oppmøtetal for avdelinga.
ASF: Gode tal for oppmøte. Utfordrande økonomisk på dei studium der det er møtt fleire
studentar enn budsjettert. Det startar 35 studentar på masterstudiet i organisasjon og leiing
som har lokalt opptak. Ei langtidssjukmelding ved avdelinga. Ynskjer å ta opp sosiale medium
og kommunikasjon gjennom sosiale media i leiarmøtet. Det er ynskjeleg med ein
informasjonsplan for korleis ein blir informert undervegs i studentopptaket for å ha betre
oversikt før semesterstart.
FOU: God oppstart av semestet.
Utdanning: Gode oppmøtetal for HiSF generelt. Nokre studium har svært gode tal.
Studiebarometeret ynskjer tilgang til studentdata frå FS som supplerande informasjon om
kandidatane ved HiSF. Viserektor for utdanning tek dette opp vidare med
studentorganisasjonane og evt. andre for å avgjere om HiSF skal gje Studiebarometeret tilgang
til desse dataene.
Personal: Flott fagsamling saman med økonomiseksjonen. Ynskjer å greie ut innkjøp av
krisehandteringssystem som eit ledd i risiko- og beredskapsarbeidet ved HiSF. Ei
langtidssjukmelding ved seksjonen.
Økonomi: God oppstart av semesteret.
Oppsummering av møtet:
 Styremøtet i UH-nett Vest 1. september blir tilrådd utsett.
 Institusjonane på Vestlandet er kalla inn til møte i departementet 7-8. september frå lunsj til
lunsj.
 Prosessen fram mot innflytting i Gymnasbygget startar, og ei overordna gruppe for å drøfte kva
fagmiljø som skal inn i bygget blir satt ned.
 Utdanningsforum 21. september blir flytta til 16. november for å unngå kollisjon med
jubileumsseminar ved Vestlandsforsking
 Gode oppmøtetal for HiSF.