Infobrev vår 15

Transcription

Infobrev vår 15
Infobrev vår 15
INFORMASJON FRÅ AURLAND MUSIKK- OG KULTURSKULE
Det kommer fram at mange ikkje har fått brevet som eg sendte ut før Påske. Dette skyldes eit
systemfeil. Difor kommer ein del info tilbake i dette oppdaterte infobrevet. Brev blir utdelt i timen,
relevant info legg me ut på heiemsida til Aurland kommune under kultur og fritid -> Aurland musikk
og kulturskule: http://www.aurland.kommune.no/index.php?cat=160309
Dette skoleåret vart spesiell for kulturskulen med ein del fråvær og sjukdom av lærarane.Elevar som
ikkje har fått undervisning i meir en to gonger dette semesteret, får rabatt på elevavgift på våren.
Dette gjeld i første omgang Julian sine elevar som har time på måndag og tysdag (stort sett
Flåmelevane) og Gro Anita sine biletkunstelevar. Dersom det er fleire som meinar å ha krav på rabatt
fordi dei har mista timen si meir en to gongar grunn fråvær av læraren, ber eg dei ta kontakt med
meg på e-post.
Oversikt over aktivitetar i Aurland musikk- og kulturskule, vår 2015
Innslag på kommunestyremøte 23. april og 21. mai, kl. 17.
Elevar som skal vere med på innslag i kommunestyremøte får direkte beskjed frå læraren.
Konsert på Vangen, laurdag 9. mai:
9. mai blir det stort utekonsert på Vangen, scena er bestilt! Me har valt denne datoen i samarbeid
med Aurland Handelslag og Aurland Idrettslag for å få fleire aktivitetar på Vangen denne dagen. Me
satsar på mange aktivitetar i sentrum, følg med i media og på plakatar. Det blir og aktivitet i
Heradshuset, bl.a. nyopning av renovert Vinjumgalleri. Mykje spennande, så sett av datoen!!!
I år skal me ikkje ha ein lang firetimars konsert, men me delar konserten i to bolkar:
1. Kl. 12-13.30 (Oppmøte kl. 11.45):
Musikkleikestova + Eskil, Helene og Vesla Sofie
Grunnopplæring
Feleelevar
Individuelle elevar/gruppar*)
2. Kl. 15.00-16.30 (Oppmøte kl. 15.00):
Alle Bandgruppar (Gruppe 2, 3 og 5)
Songgruppar
*Alle elevar for beskjed frå læraren kva bolk dei skal vere med på.
Besøk frå Oppdal kulturskule 20. og 21. mai 2015:
På onsdag 20. og torsdag 21. mai får me besøk frå lærarane frå Oppdal musikk- og kulturskule. Me
har eit samarbeidsprosjekt for å lære av kvarandre sine undervisningsmetodar. Lærarane frå Aurland
har alt vore på besøk i Oppdal i haust, og me fekk ein fantastisk mottaking.
Undervisning på desse to dagane går ’som vanleg’ men me må tilpasse noko her og der for å vise
fram kulturskulen på best mulig måte:
På onsdag 20. mai: musikkskule som vanleg. Ingen bandøving men individuell etter timeplan
Torsdag 21. mai: GRUPPETIME for gruppe 3 og 5.
I tillegg skal ein gruppe opptre i kommunestyremøtet, dei får beskjed av læraren.
Det blir IKKJE noko konsert denne dagen (som sto i tidligare brev)
Laurdag 5. juni: KONSERT: me si tusen takk til Julian Kanchev
Julian Kanchev avslutar sitt arbeidsforhold i Aurland kommune/Aurland musikk- og kulturskule per 1.
juli 2015. På 5. juni organiserar me ein konsert der det er høve å si nokre fine ord eller kanskje spille
ein flott song til han, og takke for sin formidabel innsats for Aurland musikk- og kulturskule. Meir info
kommer!
Innmelding av nye elevar til skuleåret 2015/16
I år startar me ikkje med innmelding før 1. mai. Det har med nytilsetting å gjøre og evt. nye/
forandra tilbod som følgje av det. Me kommer med informasjonsbrosjyre ganske snart. Me
skal tilbake til den gamle ordninga, der nåverande elevar blir automatisk ført over til det nye
skoleåret, om ikkje dei melder seg ut. Ved val av ny tilbod eller skifting av tilbod må eleven
bli meldt inn på nytt
Ring gjerne eller send e-post til meg ved spørsmål!
Helsing Martin Hendriks – tenesteleiar for kultur
Tlf. 958 942 80
E-post: [email protected]