Les meir.. - Vik kyrkjelege fellesråd

Transcription

Les meir.. - Vik kyrkjelege fellesråd
1
ÅRGANG 68
NR.
02 AUGUST 2015
Konfirmantane 2015
på tur til Dale kyrkje.
Ord til
ettertanke
Guds kjærleik er den samme
«Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska
oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.»
1. Joh. 4,10-11.
Spørsmålet er om vi har plass for Guds kjærleik i våre liv?
Predikanten C. H. Spurgeon besøkte ein ven av seg, ein kristen bonde.
Han la merke til at det på taket på ein av bygningane stod ein vindhane
med påskrifta : Gud er kjærleik!
«Kva meiner du med det?», spurte Spurgeon. «Guds kjærleik skifter då
ikkje med vinden?»
«Nei, tvert i mot»!, sa bonden. «Vindhanen skal minne meg om at Guds
kjærleik er den samme uansett vindretning!»
2
Og det er sjølve grunnlaget for trua vår og kristenlivet.
«For det er Gud som er verksam i dykk , så de både vil og gjer det som er
etter hans gode vilje.» Fil.2,13.
Det skjer når Den Heilage Ande får gjere si gjerning i oss.
Gud skaper ny kjærleik og nytt sinnelag.
(KPK)
Avskilshelsing
HELSING OG TAKK!
Det å skrive ei avskilshelsing vert
gjort med kryssande følelsar. På
den eine sida ser me no fram til å
flytte i eigen bustad i Sørbøvåg. Det
er jo faktisk ikkje så svært mange
år til pensjonsalderen ventar, om
me får dagar og år…
På den andre sida har me hatt gode
og gjevande år her i midtre og indre
Sogn, og knytt band og minne som
me vil ta vare på. Mest alle år frå
me fekk bil i 1979, og me anten
kom austfrå eller frå Luster, så
var det denne Sognefjordvegen me
reiste forbi til Hyllestad. Då køyrde
me ofte «Villavegen» langs fjorden i
Balestrand for der var det så fint!
(Då ser me og til Vik!)
I 1984 kom me til Gaupne, og var
der så pass lenge at dei to eldste
har stifta familie og me har også
fem barnebarn der.
Til Balestrand kom me i 1999,
på same tid som Fjærland vart
ein del av Sogndal. Før høyrde
dei som kjent til Balestrand. I
stillingsutlysinga vart det gjort
klart at presten i Balestrand skulle
ha nokre tenester utanom, men
ikkje sagt kor mykje. Fram til 2008
gjorde eg då ein del einskildteneste
i Høyanger og Kyrkjebø.
Seinare vart det behov for å gjere
teneste i Feios og Fresvik, og
eg vart tilsett som «sokneprest
i Balestrand, Feios og Fresvik»
frå 1.august 2008. Då hadde
Feios og Fresvik ei tid hatt ei
«god» ordning med om lag 50%
stilling. Stillingsprosenten i
lag med Balestrand vart ikkje
spesifisert. For Balestrand sin del
ville nok berre 50% blitt for lite
ut frå folketal og tenesteomfang.
Når det så også er relativ lang
reisetid over fjorden, med til dels
ukurante ferjeavgangar, så kan
ein seie at ei slik ordning ikkje er
optimal, noko sokneråda også den
gongen peika på. (Nett no høyrer
eg det er bestemt oftare og seinare
ferjeavgangar!)
Trass i dette synst eg det var
spennande å vere «over fjorden»,
og eg tenkjer attende på mange
fine minne. Eg har inntrykk av at
folkekyrkja i Vik står sterkt, og
når det er blomstergudstenester,
lysmesse og andre gudstenester der
born og unge er involvert, er det ein
fryd å sjå oppslutningen til dømes
i Feios og Fresvik. Det er gode
bygder med gode oppvekstvilkår,
trass i dei utfordringane ein no har
som bygder i utkant - Noreg.
I ein del år var eg med og dreiv
ungdomsklubbane. Flotte tiltak!
Elles var det alltid kjekt å vere med
på gudstenester på Svea; fullt hus
og med Frelsesarmeeen på plass.
3
Musikkskuleelevar
tok del i
avdskilsgudstenesta
14. juni.
Gåver frå
Feios sokn.
4
Gåver frå
Fresvik sokn
Gode og varmande vitnemål om det
sentrale i trua!
Bygdeheimen i Fresvik har det og
alltid vore kjekt å komme til!
I fjor vår vart det som kjent ei
ny ordning med tenesta i Vik
og Balestrand. Då vart Jostein
Skutlaberg sokneprest i hele
Vik kommune. Jostein ser ut
til allereie og ha fått eit godt
oversyn og god inngang! Eg har
etter ein oppsett plan avlasta
tenestene i heile Vik, også noko
med trusopplæringstiltak med
minikonfirmantar. Veldig kjekt var
det å vere med på avslutninga der
no i april.
Når det gjeld tenesta mi i Vik, så
kjem også minna fram om det som
var sårt og utfordrande. På dei åra
eg har vore der , så har det blitt
i min lodd å bli involvert i mange
brå dødsfall, med menneske i altfor
ung alder. På tampen no vil eg
sende dykk som eg slik har hatt
kontakt med ei særskilt helsing
med varme og omtanke! Tenkjer
på dykk i det de stod og står i! Fint
også å sjå at naboar og bygdelag
trår til i slike utfordrande tider. Lat
oss ikkje gløyme det!
Takk og til mange gode
medarbeidarar, både tilsette og
frivillige! Vanskeleg å nemne namn
av di det er så mange! No får de ein
ny medarbeidar igjen: Ole Agnar
Helland, som skal bu i Vik og gjere
teneste saman med sokneprest
Jostein. Eg ønskjer dykk begge
signing i tenesta! Og også til kvar
einskild på kyrkjekontoret! Kvar
stilling er viktig!
Eg skal då ta til i stillinga i
Hyllestad som Ole Agnar har hatt,
og også no vere litt over fjorden, då
i Brekke sokn i Gulen.
Kari har fått ny jobb på
Hyllestad skule, der ho gjekk på
ungdomsskulen, då den var heilt
ny.
Det er til barndomsheimen hennar
i Sørbøvåg me no flyttar. Den ligg
fint til ved sjøen der ute. Det vert
også ein hage å stelle som foreldra
har opparbeidd, men det vert godt
å sleppe å stelle to! At båten er
kommen på plass i båthamna set
eg spesielt pris på. Velkommen
på besøk til Hyllestad! Då kan jo
gjerne Signe Marie og Ole Agnar
vere turleiarar!
Til sist vil eg helse dykk alle
med det ordet som nett presten i
Hyllestad skreiv i Nytestamentet
som eg fekk til konfirmasjonen der
ute: «Ta vare på den gode skatten
som er tiltrudd deg..». Ja, den gode
skatten har me i evangeliet om
Jesus Kristus! Det har velsigna oss
så mykje i landet vårt, og lat oss
ikkje gløyme den i ei tid med fokus
ofte på andre skattar.
Takk for meg!
Beste helsing
Audun.
Kari helsar og.
Fellesrådet har dessutan ansvar for
kyrkjer og gravplassar, budsjett og
rekneskap.
Skal du stemme ved kyrkjevalet
2015 ?
Det er valår, og den 14. september er
det tid for kommune- og fylkestingsval. Samstundes er det kyrkjeval,
og det skal veljast representantar til
både sokneråd og bispedømeråd.
Kva er soknerådet?
Soknet er grunneininga i Den norske
kyrkja. Frå gamalt av var soknet rekna ut frå staden der det var oppført
ei kyrkje, og bestod av dei som hadde ei kyrkje å sokne til. Medlemane
i soknet vel soknerådet. Soknerådet
skal etter kyrkjelova ha si merksemd
mot alt som kan nære og styrkje det
kristne livet i soknet, slik som til
dømes gudstenesteliv, relasjonsbygging og arbeid blant konfirmantar og
unge.
Soknerådet skal mellom anna leggje
til rette for at kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni vert
innarbeidd og utvikla i soknet. Rådet har også rett til å medverke ved
utnemning og tilsetting i kyrkjelege
stillingar, men er ikkje arbeidsgjevar, og gjev høyringsfråsegner i ulike
saker. I tillegg til sokneprest består
soknerådet i Vik av åtte personar,
og av seks personar i Vangsnes,
Feios og Fresvik. I Arnafjord er det 4
medlemer.
Fellesrådet
Kvart sokneråd skal blant sine
medlemer velje ein representant og
vararepr. til fellesrådet.
Der sit i tillegg ein representant frå
kommunen og soknepresten.
Kyrkjeverja er sakshandsamar og
dagleg leiar.
Fellesrådet har arbeidsgjevaransvar for kyrkjeleg tilsette (unnateke
prest).
Kva er bispedømerådet?
Bjørgvin bispedømeråd skal, på
same måte som sokneråda, ha si
merksemd mot alt som gjerast for å
vekkje og nære det kristne livet i dei
ulike sokna i bispedømet. Geografisk
er Bjørgvin samanfallande med Sogn
og Fjordane og Hordaland fylke.
Bispedømerådet tilset prestar, og
fordeler mellom anna tilskot til
kyrkjelege formål gjennom midlar frå Opplysningsvesenets fond
(OVF). Medlemane i bispedømerådet
er også utsendingar til det årlege
Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet er det
øvste demokratiske organet i Den
norske kyrkja, og har ein «lovgjevande» funksjon for kyrkja som på
mange måtar kan samanliknast med
Stortinget. Val av representantar
til Bispedømerådet er derfor viktig
dersom du ønskjer å påverke framtida til Den norske kyrkja på nasjonalt nivå. Av aktuelle saker som
er venta i perioden 2016 til 2019
kan nemnast ny organisering etter
skiljet med staten, mobilisering for
dåp, fleirkulturelt dialogarbeid, rekruttering til kyrkjelege stillingar og
spørsmål om forbønn eller vigsel for
likekjønna par.
I tillegg til biskopen og to kyrkjeleg
tilsette, består bispedømerådet av
sju leke medlemmer. I Bjørgvin skal
fire av desse veljast direkte 14. september, medan dei tre siste vert valt
av sokneråda i november.
Har eg stemmerett?
For å ha stemmerett må du være
medlem av kyrkja. Forenkla sagt er
medlemmer alle som er døypt i kyrkja, og som ikkje seinare er utmeldt. I
kyrkja er myndigheitsalderen 15 år,
og du kan derfor stemme dersom du
fyller 15 år i løpet av 2015.
5
Kven er kandidatar til
bispedømerådet?
Bispedømet sin nominasjonskomité er valt av representantar frå
sokneråda. Komiteen si liste har 17
kandidatar i prioritert rekkjefølgje.
Kyrkjevalet er eit personval. Kandidatane er såleis ikkje representantar for grupperingar eller parti, men
lista speglar ei breidde både i alder
og ulike syn innanfor kyrkja. Presentasjon av dei ulike kandidatane finn
ein ved å følgje lenkja under. Kontakt gjerne også kandidatane personleg dersom du har spørsmål.
https://kirken.no/globalassets/
bispedommer/bjorgvin/dokumenter/kyrkjeval/leke-kandidater/lekekandidatar-eigenpresentasjon-pr26-mars-2015.pdf
Open folkekyrkje er ein organisasjon som har stilt alternative lister i
9 bispedøme, og som har fått mykje
merksemd i media. Organisasjonen
ønskjer mellom anna å arbeide for
at også likekjønna par kan gifte seg
i kyrkja. Open folkekyrkje stiller
ikkje liste i Bjørgvin, og nominasjonskomiteen si liste er derfor den
einaste i bispedømet.
Korleis stemmer eg?
Alle med stemmerett vil motta
valkort i august. Valkortet vil informere om dine rettar som veljar,
og om kvar du kan stemme. Du kan
også førehandsrøyste ved kyrkjekontoret i perioden 10. august til 11.
september. Kontakt gjerne kyrkjekontoret i god tid dersom du har
spørsmål.
Valet til sokneråd og bispedømeråd
skjer ved to ulike lister. Dersom du
leverer stemmesetel utan korrigeringar vil ikkje stemma bli forkasta,
men alle kandidatane på den innleverte lista får då éi stemme kvar.
For å påverke prioriteringa på listene kan du gje éi tilleggsstemme til
inntil tre kandidatar, som då får to
stemmer. Dette gjeld både for val av
sokneråd og bispedømeråd.
Det er ikkje mogleg å stryke kandidatar frå listene, men ved val av
sokneråd kan du kan føre opp inntil
tre nye namn på stemmesetelen.
Det er ikkje høve til å gje desse
tilleggstemmer.
Framleis litt forvirra? Alt dette og
meir informasjon finn du også på
nettadressa www.kyrkjevalet.no.
Godt val!
FELLES INFORMASJON FOR SOKNERÅDSVAL 2016 – 2019.
Førehandsrøysting:
Vik kyrkjekontor 10. august til 11. september 2015 i kontoret si
opningstid tysdag – fredag kl 10.00 – 15.00.
Valdato i alle sokn: Måndag 14. september 2015
6
Vallokale og opningstid:
Arnafjord sokn Valsvik skule
Vik sokn
NAV-lokala Vangsnes sokn Vangsnes skule
Feios sokn
Feios skule
Fresvik sokn
Fresvik ungdomshus
kl 13:00 –
kl 09:00 –
kl 13:00 –
kl 13:00 –
Kl 13:00 -
19:00
20:00
19:00
19:00
19:00
Førehandsrøysting:
Vik bygde og sjukeheim – ein kvardag i august etter avtale med
institusjonen.
Fresvik bygdeheim – ein kvardag i august etter avtale med institusjonen.
NB! Her blir det samkøyring med kommune og fylkestingsval.
KANDIDATLISTE VIK SOKNERÅD 2016 -2019
1
2
3
4
5
6
7
8
Reidunn Bolstad
Inger Anne Opheim Tryti
Per Olav Geithus
Svein Arne Drægni
Trude Refsdal
Ingunn Bjørk Refsdal
Inger Alise Myrkaskog
Brit Eli Vassli
9
10
11
12
13
14
15
Målfrid Øvstedal Kollsete
Brit Karin Brekke
Reidun Pettersen
Aud Helga Bell Hove
Lars Jakob Nitter
Oddrun Time
Bjørg Solveig Grønsberg
KANDIDATLISTE VANGSNES SOKNERÅD 2016 -2019
1
2
3
4
5
Elsa Annie Haugnes Fosse
Asbjørn Lidal
Erlend Hanekam
Arnhild Solveig
Skjerven Holen
Ola Kvalvik
6
7
8
9
10
11
Gry Blomseth
Lillian Tistel
Trine Lise Gjerde
Laila Sunde
Kari Kjellevold
Ove Fretheim
KANDIDATLISTE FEIOS SOKNERÅD 2016 -2019
1
2
3
4
5
Rune Hjortland
Vigdis Alise Dvergedal Sætre
Leif Eikeland
Marianne Hove Harbakk
Bjarte Rinde Tveit
6
7
8
9
Julie Kristin Ness
Arnstein Berdal
Jofrid Tennefoss Helleland
Ingvar Rinde
KANDIDATLISTE FRESVIK SOKNERÅD 2016 -2019
1
2
3
4
5
6
Hildegunn Mårstig Tretteteig
Sigmund Hauglum
Nann Ingunn Simlenes
Dagfinn Flæte
Jon Breilid
Michelle Bøthun Smedegård
7
8
9
10
11
Mari Bøtun
Anne Sigrid Kvammen
John Bøthun
Anita Høydal
Jarle Breilid
7
KANDIDATLISTE ARNAFJORD SOKNERÅD 2016 -2019
1
2
3
4
5
6
Camilla Zweidorff Hove
Ola Engum
Bente Mossige Ask
Else Karin Sætre
Elin Kjelven
Endre Nese
7
8
9
Marta Finden Halset
Geir Christian
Simlenes Otterskred
Olav Halset
T -11 Minikonfirmasjon for born fødde i 2003
Minikonfirmantane
på dagstur til Vik 22. april
Denne turen var eit nytt felles tiltak
for minikonfirmantane i Vik,
Arnafjord, Vangsnes, Feios, Fresvik
og Balestrand.
8
Sokneprest Audun Systad var sjåfør og henta
minikonfirmantane i minibuss leigd frå Sygna vgs rett etter skulen. Kyrkjelydspedagog
Rut Solveig Nydal Netland var hovudansvarleg for dagen og frå Balestrand Jorunn A.
Høines var med frå trusopplæringsutvalet og
Anita Hjønnevåg var med som mor.
Programmet starta kl.14 i Kyrkjestova i Vik
med pizza, brus og bli-kjent-leikar. Foreldre
frå Vik hjelpte til praktisk. «Å tru på Jesus»
var tema for samlinga i Vik kyrkje. Nils Einar Berget er vikarprest i Vik fengsel for tida
og var med heile dagen. Vi spela også fotballkamp i ballbingen. Etter det gjekk alle
til Hopperstad stavkyrkje og det var laga til
eit flott sporløp langs vegen dit. I stavkyrkja
hadde Audun Systad gudsteneste med fokus
på misjon og det var offer til misjonsprosjekta i dei ulike kyrkjelydane. Mange
av Vik-familiane var med på gudstenesta og
hadde også med mat til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Minikonfirmantane frå Arnafjord,
Vangsnes og Vik fekk diplomar.
Minikonfirmantane frå dei ulike sokna syntest det var kjekt å treffe kvarandre og suksessen vil truleg verte teken opp att til neste
år.
9
KONFIRMASJON
FRESVIK 3.MAI
Frå venstre:
Olav Bøthun,
Gøran Bøthun,
Stian Otterhjell
Høyum,
Foto: Privat
FEIOS 14.MAI
Framme frå venstre:
Solveig Amundsen
Grindedal, Amalie
Grindedal, Belinda
Berdal Feidje
Bak frå venstre:
Randi Feidje Hjortland, Anette Harbakk, sokneprest
Jostein Skutlaberg.
Foto: Privat
VANGSNES 14.MAI
10
Frå venstre:
Levald Vangsnes,
Maiken Fretheim,
Maren Kjellevold
Vangsnes, Ingrid
Øygarden, Martin
Svendsen.
Foto: OJØ
Valpresentasjon
frå valrådet i
Bjørgvin bispedøme
Kven vil du
skal styre
i kyrkja?
Du er med på å bestemma kven som skal
sitja i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet,
kyrkja sitt «storting» i perioden 2015 - 2019.
Bli kjent med kandidatane:
• Kven er dei? • Kva erfaring har dei?
• Kvifor stiller dei til val? • Kva meiner dei?
Kort presentasjon på dei neste sidene11
fyldig presentasjon på kyrkja.no/bjorgvin
www.kyrkjevalet.no
Dei nominerte til Bjørgvin
ørgvin
Det er ein nominasjonskomite som har sett
opp lista. Nominasjonskomiteen er valt av
representantar frå sokneråda, med ein
medlem frå kvart prosti. Lista er utarbeidd
på bakgrunn av forslag frå sokneråd, ungdomsrådet i bispedømet og forslag frå
medlemene i nominasjonskomitéen.
Komitéen har lagt vekt på at begge kjønn
skal vere representerte med minst 40
prosent og at lista skal innehalde minst
20 prosent kandidatar under 30 år. Det er
vidare lagt vekt på å at ein skal representera ei breidde i kandidatane sine syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål.
1. Inger Helene
Thingvold Nordeide
54 år. Sjølvstendig næringsdrivande. Førde, Sunnfjord
prosti.
Erfaring: Medlem og leiar Bjørgvin bispedømeråd, søndagsskulelærar, gudstenesteutval, kyrkjeblad, helse- og sosialutval i kommunen, styre folkehøgskule.
Eg stiller til val fordi eg ønskjer å være med å
påverke i dei vala kyrkja skal gjere etter skillet
frå staten.
2. Nora Sætre
Baartvedt
20 år. Student, Fyllingsdalen
videregående skole. Voss,
Hardanger og Voss prosti.
12
Erfaring: Leiar av Ungdomsrådet i Bjørgvin,
medl. klokkarlaget i Voss, delegat Ungdommens kirkemøte 13 og UKM-delegat til Kyrkjemøtet 14.
Eg stiller til val fordi det er viktig for meg at
kyrkja, i denne tida med endring, er til stades
i samfunnet og bidreg med positive verdiar.
Samstundes er det viktig at me framleis opprettheld dei tradisjonar og retningslinjer som
me sjølve kjenner oss att i. Eg vil gjerne være
med å koma fram til noko som sikrar ei god
framtid for kyrkja vår.
3. Karl Johan
Kirkebø
65 år. Markedsdirektør.
Bønes, Fana prosti.
Erfaring: Medlem og leiar i meninghetsråd,
Stiftelsen Bønes interimskirke, menighets-
blad, medlem fellesråd og medlem/leiar
prostiråd. President i lokal Lions club.
Eg stiller til val fordi eg har eit brennande
engasjement for kyrkja og for det den kan bety
for kvar enkelt og for lokalsamfunnet. Eg er
uroleg for utviklinga i kyrkja og er redd for at
kyrkja er i ferd med å bli meir og meir konform,
med blir lågare takhøgd og høgre tersklar.
Viktig å ta tak i bl.a. finansiering no når kyrkja
blir meir sjølvstyrt. Med min bakgrunn frå økonomi og strategi og mitt engasjement som
kyrkjemedlem, trur eg at eg kan medverka.
4. Andreas
Skeidsvoll
23 år. Student, Universitetet
i Bergen. Osterøy, Åsane
prosti.
Erfaring: Sokneråd. Eittåring i kyrkja. StudentKRIK, kor , ungdomsforeining og kyrkjelydsarbeid.
Eg stiller til val fordi eg ønskjer å bidra med
tankar og idear om korleis kyrkja kan løysa
dei store utfordringane den står overfor i tida
framover. Eg ønskjer å være ei ung røst i
bispedømerådet og på Kyrkjemøtet, og eg
håper at mi erfaring frå fleire kristne ungdomsog studentmiljø kan vera med på å gi eit nytt
perspektiv på sakene som vert tatt opp i
desse organa.
5. Berit Nøst
Dale
63 år. Høgskolelektor NLA/
Lærerhøgskolen. Meland,
Nordhordland prosti.
Erfaring: Medlem i Bjørgvin bispedømeråd,
medlem og nestleiar i sokneråd.
Eg stiller til val fordi eg er blitt beden om det,
kanskje fordi eg har erfaring frå bispedømeråd
og kyrkjemøtet siste periode. Som lek kyrkjegjengar i eigen kyrkjelyd ser eg det som positivt at folk på grunnplanet er med og avgjer
kvar kyrkja skal gå vidare i den nye situasjonen
som kyrkjesamfunn heller enn statskyrkje.
Eg stiller til val fordi eg er motivert til å jobbe
for at kyrkja skal vere relevant i barn og unge
sitt liv. Dette må vi halde varmt på alle nivå i
kyrkja. I trua på Jesus er vi kalla til eit livslangt
disippelskap – og kyrkja må møte barnefamiliane, ungdommane og dei unge vaksne
sine behov for kristent fellesskap på ein måte
som er relevant for dei.
7. Liv R.
Ågotnes
48 år. TSP Group Manager
and System Administrator.
Fjell, Vesthordland prosti.
Erfaring: Leiar for personal- og serviceavd.
ved Bjørgvin bispedømekontor. Kyrkjeverje,
leiar kyrkjelydsutval, medlem sokneråd.
Eg stiller til val fordi eg er glad i kyrkja og
voner eg kan gjere nytte for meg med min
kompetanse innan personal, organisasjon
breid erfaring innanfor ulike arbeidslag i kyrkja.
8. Ida
Lindøe
47 år. Lektor, Kvam
ungdomsskule. Ålvik,
Hardanger og Voss prosti.
Erfaring: Leiar sokneråd og medlem fellesråd
og trusopplæringsutval. Medlem og leiar
Emmaus (no Kyrkjeleg dialogsenter Bergen).
Studentmenigheten i Bergen. Medlem
kvinneutvalet i Bjørgvin.
Eg stiller til val fordi fordi eg håpar å kunna
bidra med mi erfaring og kompetanse frå
kyrkjeleg arbeid i meir enn 25 år. Bakgrunnen
min som religionsvitar er også relevant. Eg har
eit stort ønske om at så mange som mogeleg
skal få oppleve Den norske kyrkja som ein
god stad å komme til og få bu i. Låg terskel,
inkludering i fokus. Være ein god arbeidsgjevar. Kyrkja må både klare å tilpasse seg slik
kvardag og helg er for folk flest i dag, samstundes som den skal ta vare på tradisjonar både
frå kyrkjelivet i Noreg og hente inspirasjon frå
den verdensvide kyrkja gjennom historien.
6. Marius
Økland
9. Vemund
Øiestad
29 år. Adm. leiar, Normisjon
reg. Sogn og Fjordane. Bremnes, Sunnhordland prosti.
66 år. Tannlege i Sogn og
Fjordane fylkeskommune.
Norsida sokn, Nordfjord prosti.
Erfaring: Konfirmantlærar. Styre- og leiarverv
i Indremisjonssamskipnaden og Normisjon.
Søndagsskulelærar.
Erfaring: Leiar sokneråd. Leiar fellesråd og
prostiråd. Varamedlem Etisk råd i Den norske
tannlegeforening.
bispedømeråd 2015 -19
Eg stiller til val fordi eg er oppteken av
utviklinga i kyrkja. Med bakgrunn både frå
sokneråd og fellesråd i 18 år, har eg ein god
del kunnskap og erfaring som vil vere viktig å
ta med seg i dei utfordringar kyrkja står overfor
dei næraste åra.
10. Per
Hilleren
56 år. Bonde,
Stedje, Sogn prosti.
Erfaring: Leiarverv regionale styre i landbruk
og landbrukssamvirke. Styreleiar Lyngmo
Ungdomssenter. Sokneråd og prostiråd.
Eg stiller til val fordi eg ynskjer å vere med
å bidra til å styrkje den norske kyrkja sin
posisjon.
11. Inge Wilhelm
Økland
26 år. Barne- og ungdomsarb. i Indremisjonsforb. Sandviken, Bergen domprosti.
Erfaring: Varamedlem ungdomsrådet i
Bjørgvin. Konfirmantleiar.
Eg stiller til val fordi det er ei veldig spennande
tid kyrkja er inne i no, og val gjort i neste periode kan få store konsekvensar for framtida til
kyrkja. Eg trur det kan være positivt med nokon ungdomar i bispedømerådet.
12. Hildegunn
Kalvenes
67 år. Pensjonert helsesøster. Austevoll, Fana
prosti.
Erfaring: Leiar sokneråd. Helsesøster.
Meddommar Heradsretten.
Eg stiller til val fordi eg ser på kyrkja som
ei stor misjonsmark. Viktig at det er klar forkynning til omvending og frelse. Ynskjer å
vera med å fremje at kyrkja står på Guds ord.
ungdomen Midtre Sogn, Leiar i Leikanger
Bondelag, Leiar i Leikanger Mållag.
Eg stiller til val fordi eg er reflektert og engasjert. Eg er glad i og kjenner meg heime i
kyrkja, og vil gjerne bruka engasjementet mitt
på å forvalta henne vidare. Me lever i ei spennande tid og står føre store endringar. Eg er
løysingsorientert og trur eg kan bidra positivt
og konstruktivt i dei prosessane som kjem.
14. Kjellfrid Torunn
Mæland
63 år. Førsteamanuensis i
pedagogikk ved HSH. Stord,
Sunnhordland prosti.
Erfaring: Medlem i sokneråd og kyrkjeakademi.
Eg stiller til val fordi eg har fått eit konkret
spørsmål frå den lokale kyrkjelyden. Eg ser
det meiningsfylt og spennande å delta i kyrkjeleg utviklingsarbeid i ei tid med store endringar,
og der både nasjonale og internasjonale
perspektiv høyrer med.
15. Gunn Ragnhild
Vårdal Helgesen
59 år. Sjølvstendig næringsdrivande. Selje, Nordfjord
prosti.
Erfaring: Ordførar, Varaordførar, Leiar i Nord-
fjordrådet, Leiar i hovudutval for skule og
barnehage i Selje.
Eg stiller til val fordi eg er spurt om å stille som
kandidat, og eg har eit ynskje om å delta.
16. Kjell Jarle
Aadland
66 år. Rådgiver.
Os, Fana prosti.
Erfaring: Os Y’s men klubb president, Y’s men
Region Norge kasserer.
Eg stiller til val fordi eg vil vera ein representant
for mangfaldet.
13. Bjørn Sandvik
Sølsnæs
17. Jostein
Bildøy
20 år. Student.
Leikanger, Sogn prosti.
49 år. Dagleg leiar.
Førde, Sunnfjord prosti.
Erfaring: Verv i Fylkesstyremedlem i Senterungdomen Sogn og Fjordane, Leiar i Senter-
Erfaring: Mentor/teneste i trusopplæring,
foredragshaldar. Fylkessekretær KrF.
Søndagsskulekonsulent. Styremedlem European Lutheran Sunday School Association.
Eg stiller til val fordi eg vil vere ein medspelar
i arbeidet med å styrke og vidareutvikle trusopplæring for barn, familie og kyrkjelyd. Eg vil
arbeide for Den norske kyrkja som ein proaktiv
og dynamisk kyrkjeleg organisasjon som lokalt
og nasjonalt motiverer som konkret trussamfunn og folkekyrkje. Eg vil vere ein medspelar i
arbeidet med dialog mellom trus- og livssynsamfunn for kjennskap, tryggleik og respekt.
Supplerande kandidat:
Egil Morland
65 år. Førsteamanuensis.
Fjell, Vesthordland prosti.
Erfaring: Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjerådet, Fagleg-etisk utval i Menneskeverd.
Varaordførar.
Eg stiller til val fordi dei siste åra og dei
komande er svært viktige for kyrkja si framtid,
både når det gjeld ordningar og profil. Det vil
ikkje vera rett å «hoppa av» no, med den
erfaringa eg har frå desse prosessane. Eg har
no hatt 1½ periode i Bispedømerådet, og er
for tida også vald medlem av Kyrkjerådet.
Supplerande kandidat:
Marte Seip
69 år. Pensjonert lækjar.
Eidfjord sokn, Hardanger og
Voss prosti.
Erfaring: Kirkens Nødhjelp i Sør-Sudan og
Pakistan. Sokneråd og fellesråd. Speidarleiar.
Medlem av diakoniutvalet i Bjørgvin.
Eg stiller til val fordi kyrkja ligg meg på hjarta.
Vi er no inne i ein viktig organisasjonsoppbyggingsfase. Eg er oppteken av at strukturar
på alle plan må tene det lokale arbeidet.
Spesielt meinar eg at eg kan representere
små kommunar og prosti med mange sokn
og kommunar.
Supplerande kandidatar kom inn etter
nominasjonen med minst 75 underskrivarar
kvar bak seg. Alder på kandidatane er alder
på valdagen 14. september.
Les meir om
kandidatane på
kyrkja.no/bjorgvin
www.kyrkjevalet.no
13
www.kyrkjevalet.no
Bli betre kjent med kandidatane
Les meir om kandidatane på
nettet: kyrkja.no/bjorgvin, eller
i brosjyre du får på ditt lokale
kyrkjekontor.
Der kan du lesa kandidatane sine
svar på desse spørsmåla:
Eg stiller til val til bispedømerådet
og Kyrkjemøtet fordi:
1
2
Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer
den evangelisk-lutherske folkekyrkja som:
3
Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?
•
•
•
•
4
Tilhøvet mellom staten og kyrkja er
i endring. Kva framtidsutsikter ser
du for rekruttering, organisering
og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
5
Korleis vil du leggja til rette for at
kyrkja kan halda saman trass i
saker med stor usemje?
Vedkjennande
Open
Tenande
Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å
verkeleggjera dette?
Kyrkjevalet 2015 - kort sagt
●
●
Alle medlemer av Den norske kyrkja har røysterett frå det året dei fyller 15.
●
Førehandsrøysting frå 10. august.
●
●
●
●
●
14
13. – 14. september er det kyrkjeval i tillegg til kommune- og fylkestingsval.
Dei fleste stader er valet berre den 14. september
Du
kan påverka
Nominasjonskomiteen sine kandidatar er
sette opp på vallista i prioritert rekkjefølgje.
Eventuelle kandidatar frå supplerande
Kandidatane blir valde for fire år.
nominasjon står nedst på lista utan
I august vil alle med røysterett få eit valkort i posten med informasjon om
nummer. Rekkefølgja har berre noko å
kvar og når dei kan røysta.
seie dersom to kandidatar får likt tal
Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, Den
røyster. Kvart kryss du set framfor
norske kyrkja sitt «Storting». Kyrkjemøtet har ei veldig viktig rolle i å styra
ein kandidat, kan difor ha
kyrkja no som den er i ferd med å bli sjølvstendig i høve til staten.
mykje å seia.
Di røyst i det direkte valet er med på bestemma dei fire første kandidatane som skal inn
i bispedømerådet. Resten av dei sju leke representantane blir valde av sokneråda seinare.
I tillegg vel prestane ein kandidat og andre kyrkjeleg tilsette ein kandidat. Begge desse gruppene
har eigne kandidatlister. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet, som har 10 medlemer.
Slik går du fram når du skal velja kandidatar
A
B
Du kan levere røystesetelen utan endringar.
- Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar.
Vil du endre på røystesetelen, kan du gje inntil tre
kandidatar ei tilleggsrøyst ved å setje eit kryss i ruta
til venstre for namnet til kandidaten.
- Kandidaten får då to røyster.
- Andre kandidatar får ei røyst kvar.
- Andre endringar vil ikkje telje med.
- Det er ikkje høve til å stryka kandidatar.
KYRKJEVALET – SKAPAR FRAMTIDAS KYRKJE
dragefjellet.no
VIK 24.MAI
Framme frå venstre:
Lena Mykkeltvedt
Ramberg, Janne Tryti, sokneprest Jostein
Skutlaberg, Anita
Kollsete, Tone Orvedal.
Andre rekkje frå v.:
Anne Marit Seljestø,
Nina Rinde Fosse, Erling Olai Hønsi Aafedt,
Sindre Espeland Aase,
Sunniva Bø.
Tredje rekke frå v.:
Helga Brudevoll og Frida Larsen Fjellheim.
Bak frå v.: Marius Årestrup Larsen, Håvard
Lundeland, Olav Andreas Bøthun, Jonas
Nilsen Systad og Brage
Fjærestad Hønsi.
(foto: kjh)
ARNAFJORD
31.MAI
Frå venstre: Eirik
Halset, Margit
Kristina Fjærestad
Holmberg (Vik),
Mari Starheim
Nese.
(foto: JS)
15
GULLKONFIRMANTANE 2015
Gullkonfirmantar – konfirmerte Vik kyrkje 2.mai 1965
Jubilantane hadde festsamling med middag og kaffi på Kyrkjestova
laurdag 6. juni.
Søndag 7. juni vart jubilantane presenterte i gudstenesta.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi ope for alle.
Biletet nedanfor syner Gullkonfirmantane i Vik Kyrkje.
Takk til alle som kom til jubileet!
16
På gudstenesta var det
også dåp. Stor takk til Mari
og Helene som song så
fint «Da lykkeliten kom til
verden» etter at Mathea og
Eirik var døypte!
Biletet viser inngangsprosesjonen i gudstenesta.
Tekst og foto: KJH
Konfirmantjubileum i Arnafjord 21. juni - konfirmerte i 1962, 1964 og
1966.
17
Konfirmantjubileum i Feios 14. juni - konfirmerte i 1964 og 1965.
Visitor
Vik Røde Kors tilbyr besøk og
samtalar med innsette under
soning i Vik fengsel. Besøka skjer
i ein tidsavgrensa periode og all
kontakt mellom innsett og visitor
sluttar når den innsette slepp ut av
fengselet.
Formålet med denne tenesta er at
den innsette skal ved besøk av ein
nøytral og upartisk visitor, få eit
avbrekk i ein kvardag der isolasjon,
utstøyting og einsemd ofte er ei
kjensgjerning.
Besøk til varetektsinnsette
På bakgrunn av vårt nøytrale
mandat, er Røde Kors einaste
humanitære organisasjon i Noreg
som får besøke innsette i varetekt.
Sikkerheit
Gjeldande retningsliner for denne
tenesta er utarbeidd i samarbeid
mellom Kriminalomsorgen og Røde
Kors.
Ynskjer DU å bli visitor?
Du må vere over 25 år, kunne
syne til plettfri vandel og delta på
obligatorisk opplæring. Kontakt Vik
Røde Kors for meir informasjon.
Spør etter kontaktperson for Røde
Kors visitorteneste i fengselet eller
kontakt Vik Røde ved Marit Aafedt
Fjærestad, mob: 90509481, epost:
[email protected]
KABB har gratis lydbibliotektjeneste:
til trosopplæring - menighetsliv personlig trosliv
Blant KABBs (Kristent Arbeid Blant Blinde
og svaksynte) mange gode tilbud, finnes
lydbibliotektjenesten. Lydbiblioteket ble opprettet
allerede på 1960-tallet. Slik har KABB lest inn store
deler av den kristne litteraturen i Norge, og det skal vi fortsette med –
i mange år fremover. Og det beste av alt, den er helt gratis.
18
Tekst: Anna Berit Føyen, KABB
Kvalitet – aktualitet – bredde
I dag inneholder lydbiblioteket
nærmere 2.000 titler i
ulike sjangre: Barnebøker,
ungdomsbøker, skjønnlitterære
bøker, biografier, historiske
romaner, misjonslitteratur, lyrikk,
teologi, lydbibler for barn og unge
og oppbyggelige bøker.
Ein samtale for livet skal koste lite
Kirkens SOS har fått nytt
telefonnummer. Frå og med 3.
mars er det nye nummeret 22
40 00 40. Denne endringa har vi
gjort for at dei som treng Kirkens
SOS skal sleppe å tenke på
telefonkostnadene. Med det nye
nummeret vert samtaleprisen
det ein samtale til ein vanleg
fasttelefon kostar. For mange betyr
det at samtalen vert gratis, medan
andre må betale litt. Prisen er
avhengig av telefonabonnementet
til den enkelte. Det kan koste ein
del å ringe, - men det skal ikkje
koste mykje i kroner og øre.
Kvifor?
Jo, fordi denne samtalen kan vere
ein samtale for livet.
Kvart år svarar Kirkens SOS på
meir enn 177.000 telefonsamtalar
og til saman ca 14.000 chat
og sos-meldingar (anonymisert
e-post). Med ca 900 frivillige og
over 30 ansatte, gjer Kirkens SOS
med sine 12 lokale senter denne
tenesta tilgjengeleg for menneske
som opplever å vere i krise. Mange
kjenner at livet er i ferd med å gå
i svart. I fjor handla ca 50% av
alle chat-samtalane og 30% av
SOS-meldingane om sjølvmord.
På telefonen fortalte ca 15% av dei
som ringte at dei hadde tankar om
ikkje å ville leve lenger. Det er over
500 menneske som tek livet sitt i
Noreg kvart år. Om lag 10 gonger
så mange forsøker og enda mange
fleire tenker på å gjere det. Dette er
høge tal og temaet er vanskeleg å
snakke om.
Kirkens SOS vil vere et
samtaletilbod for alle som opplever
at livet er utfordrande, og særleg
for dei som har sjølvmordstankar.
Telefonen skal vere ei open linje
der det er lov å snakke om alt.
Der dei som tek imot samtalane
toler å høyre om kvardagen slik
den eigentlig er for den som tek
kontakt. På Kirkens SOS er det
rom for å snakke om alle sider ved
livet. Også når ein gjer seg tankar
om å avslutte det.
Kirkens SOS er eit nasjonalt
nettverk av frivillige som 24/7
tilbyr eit lyttande øre og eit
bankande hjarte. Vi vil lytte og vere
tilstades, og samstundes leite fram
livsmot og håp. Kvart år er vi med
på å redde liv. Difor skal det nye
Kirkens SOS-nummeret finnast
overalt. Det skal vere lett finne
fram til og koste lite å ringe. For
det kan handle om ein samtale for
livet.
Kirkens SOS i Norge har også fått
ny generalsekretær! Leif Jarle
Theis hadde sin første arbeidsdag
måndag 2. mars. Han kjem frå
stillinga som dagleg leiar i Kirkens
Bymisjon i Bergen.
For meir informasjon:
Greta Gramstad, dagleg leiar,
Kirkens SOS i Bjørgvin,
tlf 55 32 58 45 / 905 32 320
Leif Jarle Theis, generalsekretær,
Kirkens SOS i Norge,
tlf 917 13 217
Du kan skrive meldinger eller chatte fra www.kirkens-sos.no
19
Ein fin gjeng
store og små
trossa kaldt
og ruske ver,
og stilte opp
på dugnaden
på Feios
kyrkjegard
11.mai for
å pynte til
konfirmasjonen 14.mai.
DUGNAD PÅ KYRKJEGARDANE
Det har heldigvis vorte ein
tradisjon å arrangere dugnad på
gravplassane våre.
I Feios er dei veldig flinke å
dokumentere aktiviteten, så vi har
20
Etter mykje
arbeid, var
det godt å
kunne søkja ly
i våpenhuset
for ein
kaffikopp og ei
kake.
Takk til alle
som møtte
opp!
også i år fått bilete frå dugnaden
der – 4 bilete med tekst frå leiaren i
soknerådet.
Feios sokneråd
Meldingar:
OLE AGNAR HELLAND PREST I VIK
Som tidlegare kunngjort har Audun
Systad slutta som sokneprest i Balestrand/Feios/Fresvik.
Frå 1.aug. gjer Ole Agnar Helland
teneste som prest i Vik. Han kom til
Vik som vikarprest i januar
2007, siste åra har han vore sokneprest i Hyllestad.
Han skal ha 40 % prestestilling og har
preste-ansvar dei vekene Skutlaberg
har fri.
Vidare skal han ev. ha litt teneste i
veka før og etter.
Første gudstenesta Ole Agnar Helland har, er i Vik kyrkje 16. aug.
kl.11.00.
Då kjem prost Kjetil Netland og set
han inn i tenesta.
I gudstenesta blir det også dåp og nattverd. Vi håper mange finn vegen til
Vik kyrkje denne dagen!
Velkomen til teneste i Vik .
kjh
VIKAFJELLSTEMNA
blir også i år på
Målset–hytta søndag 23.aug.
kl.12.00
Gudstenesta i
år er det vi i Vik
v/ sokneprest J.
Skutlaberg som
har ansvar for.
Ta med mat og kaffi. Håper mange
finn vegen til den koselege hytta.
NB! Veret KAN vere finare på fjellet
enn nede i bygdaJ . Det blir tid for
sosialt samvær og ein liten
tur for dei som ynskjer det.
Helga etter, 30.aug. kl.11.00 byrjar
SVEASTEMNE, Fresvik. Då skal det
vere konfirmant-presentasjon
for Fresvik.
Velkomne til stemne!
Døypte:
Vik:
05.04.15 Lars Kristian Finden,
Florvåg
05.04.15 Tilda Andersen, Bergen
19.04.15 Adara Madeleine Johnston,
Trondheim
07.06.15. Mathea Hove Dalhaug,
Bergen
07.06.15. Eirik Evensen Hove,
Vangsnes
05.07.15. Idar Seim-Navarsete, Oslo
Hove steinkyrkje:
12.07.15. Elida Bøthun Tistel,
Bergen
Arnafjord:
05.07.15. Thea Dale, Sogndal
Feios:
05.04.15 Ella Hopperstad Berdal
05.04.15 Jenny Elise Vangsnes
Døde:
VIK:
23.03.15 26.03.15
15.04.15
18.04.15
10.06.15
16.06.15
24.06.15
09.07.15
Johannes Fjærestad
f. 1931
Ragnhild Halrynjo
f. 1940
Anna A. Orvedal
f. 1921
Ragnvald Viktun
f. 1917
Arne Hopperstad
f. 1926
Alert Endestad
f. 1978
Arnfinn Fosse
f. 1926
Gunnvor Myrkaskog
f. 1921
Vangsnes:
20.04.15 Gerd Ella Utmo
f. 1924
Arnafjord:
01.04.15 Lovise Olea Dale
f. 1917
Feios:
13.05.15 Oddvar Rinde
f. 1931
21
NAMN OG NUMMER
VIK KYRKJEKONTOR: 415 91 913
KYRKJELEG TILSETTE:TELEFONARKONTORTID
Kyrkjeverje
Ingvar Vangsnes
kontor 415 91 913
tysdag - fredag
epost: [email protected]
bustad 57 69 75 36
kl. 10.00 – 15.00 mobil 901 11 530
Sokneprest
Jostein Skutlaberg
epost: [email protected]
kontor 977 72 681
mobil 404 66 937
Seniorprest Ole Agnar Helland mobil 984 16 333
Kyrkjelydspedagog
Rut Solveig Netland
epost: [email protected]
kontor 57 69 82 91
mobil 906 32 698
Kyrkjelydssekretær
Kirsti Jelle Hopperstad
mobil 911 01 653
epost: [email protected]
Hovudkyrkjetenar i alle kyrkjene
Nils Kvamme
mobil 957 30 615
Kyrkjetenar i Vik og Vangsnes
Jonathan Nahayo
Ragnar Hove
mobil 941 71 504
mobil 404 17 088
onsdag og torsdag
kl. 10.00 – 15.00
Kyrkjetenar i Arnafjord
Kyrkjetenar i Feios
Britt Inger Rinde Eikeland
mobil 908 39 156
Kyrkjetenar i Fresvik
Henk van Nierop
mobil 918 70 581
Organistar
Lars Einar Bakketeig
epost: [email protected]
Inger Marit Hove
epost: [email protected]
mobil 995 34 138
bustad 57 67 83 34
mobil 915 27 569
bustad 57 69 59 59
Når alle er ute i oppdrag, kan resepsjonen på Kommunehuset formidla kontakt
22
ANDRE TELEFONAR
Vik: Reidunn Bolstad
Arnafjord:
Camilla Zweidorff Hove
Vangsnes:
Oddveig Fimreite
Feios:
Gyda Tveit Lunde
Fresvik:
Aud Hønsi
tlf.
tlf.
tlf.
tlf.
tlf.
VIK KYRKJELEGE FELLESRÅD:
Leiar: Ola Engum
tlf. 957 34 827
905
957
971
478
482
33
39
98
29
50
581
867
740
198
638
Nummedal Gravferdsbyrå v/Arnfinn Nummedal tlf. 918 85 770
Prestane sin beredskapstelefon 954 83 374 (utanom kvardagar kl.08-17)
VELKOMEN TIL KYRKJE
2.aug., 10 s. i treeining
kl.11.00
Matt 18,21-35
9.aug., 11 s. i treeining
kl.15.00
Mark 2,23-28
16.aug., 12 s.i treeining
kl.11.00
Luk 8,1-3
Vangsnes kyrkje
Gudsteneste v/ Lars Torjus
Ljosland
Offer: Fengselsarbeidet i Vik
Friluftsgudsteneste Feios
skule
v/ Lars Torjus Ljosland Nattverd
Vik kyrkje
Gudsteneste v O. A. Helland
Innsetting av prest Ole Agnar
Helland v/prost K. Netland
Dåp Offer: Blå Kors
Nattverd
23.aug., 13.s.i treeining
kl.12.00
Luk 12,41-48
Vikafjellsstemna – Målsete
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Nattverd
30.aug., 14 s. i treeining
kl.11.00
Luk 17,7-10
Sveastemne, Fresvik.
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Presentasjon av konfirmantane
06.sept., 15 s. i treeining
kl.11.00
Luk 10,38-42
Vik kyrkje
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Offer
Presentasjon av konfirmantar
kl.16.00
13.sept., 16.s.i treeining
kl.11.00
Matt 5,10 -12
20.sept., 17 s. i treeining
kl.11.00
Luk 7, 11- 17
27.sept. , 18 s. i treeining
kl.11.00
Matt 8, 5-13 Arnafjord kyrkje
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Offer
Presentasjon av konfirmantar
Vangsnes kyrkje
Gudsteneste v/ Ole Agnar
Helland
Offer Nattverd Presentasjon
av konfirmantar
Feios kyrkje
Hausttakkefest v/ J. Skutlaberg. Offer
Utdeling av 4- og 6-årsbok
Presentasjon av konfirmantar
Vik kyrkje
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Offer Nattverd
Haustmøte Normisjon
23
INFORMASJON
UTGJEVAR :
TRYKK :
BLADSTYRER :
KASSERAR :
BLADPENGAR :
BANKGIRONR :
Sokneråda i Arnafjord, Feios, Fresvik, Vangsnes og Vik
Ingvald Husabø Prenteverk a.s, 6863 Leikanger
Kirsti Jelle Hopperstad
Sylvi Nummedal
Kr. 150,– pr. år. Utanbygds kr. 200.38003011558
VELKOMEN TIL KYRKJE
4.okt., 19.s.i treeining
kl.11.00
Joh 7, 14-17
Arnafjord kyrkje
Hausttakkefest v/ J. Skutlaberg Offer Nattverd
Utdeling av 4- og 6-års bok
kl.16.00
Vik kyrkje
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Offer Nattverd
11.okt., 20 s. i treeining
kl.11.00
Mark 10,2-9
Fresvik kyrkje
Hausttakkefest
v/ O. A. Helland
Utdeling av 4- og 6-årsbok
18.okt., 21 s. i treeining
kl.11.00
Luk 16,19-31
Vik kyrkje
Familiegudsteneste
v/ J. Skutlaberg
Utdeling av 4-årsbok. Offer
Kl.16.00
Vangsnes kyrkje
Familiegudsteneste
v/ J. Skutlaberg
Utdeling av 4- og 6-års bok
Offer
Kvardagsskulen tek del
24
25.okt., Bots- og bededag
kl.11.00
Feios kyrkje
Luk 18,9-31
Gudsteneste v/ J. Skutlaberg
Nattverd
Takk til avtroppande og presentasjon av nytt sokneråd.
Heimesida: www.vik.kyrkja.no
KYRKJESKYSS:
VIK: Ring 482 27 500 seinast ein time før gudstenesta
eller Vik kyrkjekontor 57 69 82 90 (innan fredag)
VANGSNES: Ring 917 13 596, Leif Audun Sætre - dagen før gudstenesta.
FEIOS: Ring 402 90 941, Linda Nedberge Sagerøy - dagen før gudstenesta.
ARNAFJORD: Ring 957 34 827, Ola Engum - dagen før gudstenesta.
FRESVIK: Ring 997 59 706, Jardar Bøtun - dagen før gudstenesta.