Bioforsk_FOKUS_10

Transcription

Bioforsk_FOKUS_10
F5
Bioforsk-konferansen 2015 / Bioforsk FOKUS 10(2)
Produksjon i eit endra klima - tunneldyrking
av søtkirsebær
Mekjell Meland & Frank Maas
Bioforsk
[email protected]
Norsk fruktdyrking er lokalisert til det nordlegaste
fruktområdet i verden og har klimatiske avgrensingar
som ein kortare og kjølegare vekstsesong enn
lengre sør. Søtkirsebærdyrkinga i Noreg skil seg ut
frå andre fruktslag med at det vert dyrka dei same
sortane som andre stader i verda. Dyrkingsteknikken
og utfordringane er dei same. Men med eit vêrlag
som Noreg har, er det særleg regn under modninga
og innhaustinga som er utfordringa. Sprekking
av søtkirsebær på grunn av regn på fruktene
gjev redusert salbar avling og dermed økonomi.
Ulike praktiske tiltak som hindrar opptak av vatn
til fruktene er utprøvde og tilgjengelege. Desse
tiltaka varierer frå å halda vatn borte frå overflata
til fruktene under modningstida og haustinga, til
å redusera det osmotiske potensialet gjennom
fruktskinnet ved nedbør eller å dekka fruktene med
ein elastisk hydrofobisk film som vert sprøytt ut på
fruktene.
Fysisk ekskludering av regnvatnet kan også gjerast
ved å dekka over trea med plasttak. Ulike løysingar
er tilgjengelege på marknaden frå det heilt enkle
til det mest avanserte som er å dyrka søtkirsebær i
veksthus. I Noreg er det for tida tre system som vert
nytta: Tre-strengs system utvikla av Bioforsk i si tid
som dei fleste norske dyrkarane nyttar, Voen – eit tysk
konsept som toler vind betre er på veg inn i dyrkinga
og dessutan tunneldyrking. Bygningsprinsippet for
tunnelane er galvaniserte stålkonstruksjonar med ulik
legghøgde opp til plastikkduken. Dei leverer opp til
8,5 m breie tunnelar og det kan nyttast vanleg traktor
inne i tunnelane. Innan søtkirsebærdyrkinga er det
hovudsakleg Haygrove tunnelar som vert nytta. For
å gje eit stabilt skjelett, må fleire tunnelar koplast
saman. Over bøylane vert det trekt polyetylen duk i
vekstsesongen frå like føre blomstring og til avlinga
vert hausta. Deretter vert duken teken av og lagra
langsetter stålbøylane om vinteren.
Bioforsk Ullensvang har sidan våren 2005 gjennomført
feltforsøk med søtkirsebær i Haygrove-tunnelar.
Det vart planta to rekkjer i kvar tunnel med eit år
gamle Sweetheart tre som var poda på grunnstamma
Colt og med ei planteavstand på 2 x 4 m. Det
vart gjennomført klimamålingar, pomologiske
registreringar og fruktanalysar.
Avlinga var stor; 1,1 tonn per daa i fjerde
vektsesongen og 2,4 tonn femte vekstsesongen.
Innhaustinga var andre halvdel av august. Fruktene
var store, 69 % større enn 30 mm i diameter fjerde
vekstsesongen og 51 % større enn 30 mm året etter
då avlinga var sers stor. Fruktkvaliteten var god.
Modningstidspunktet kan utsetjast ei veke ved hjelp
av sprøyting med bioregulatoren gibberellin når
fruktene er strågule.
Vassbalansen i jorda er viktig for optimal tilvekst
og at fruktene ikkje sprekk. For tida vert det
gjennomført forsøk med ulik vass- og næringstilførsel
til desse søtkirsebæra gjennom vekstsesongen.
Næringsinnhaldet i jord og blad vert fylgt og relatert
til tilvekst, avlinga og fruktkvaliteten.
Referansar
Lang, 2014. Growing sweet cherries under plastic covers and
tunnels: physiological aspects and practical considerations.
Acta Hort. 1020: 303-312.
Meland, M. & Kaiser, C. 2013. High tunnel production
systems improve yields and fruit size of sweet cherry. Proc.
7th Cherry International Symposium, June 23-27, 2013. P.63.
Meland, M., Kaiser, C. & Christensen, J.M. 2014. Physical and
Chemical Methods to Avoid Fruit Cracking in Cherry. AgroLife
Scientic Journal 3(1):177-183.
69