Politisk program (prinsipprogram) 2015-2019

Transcription

Politisk program (prinsipprogram) 2015-2019
Tverrpolitisk Samlingsliste
Bygdaliste for Os
PRINSIPPROGRAM
2015–2019
– OMSORG FOR BYGDO!
10 gode grunnar til å stemma
Tverrpolitisk Samlingsliste:
• Meir pengar inn i skule – der framtida vert bygd
• Sikra eit ope, inkluderande og levande lokaldemokrati
• Vi vil ha betre styring og auka kontroll over utbygging i
kommunen
• Vi ønskjer eit levande bygdesamfunn som er i pakt med
framtida, bygd på identiteten til bygda og innbyggjarane
• Bevar FJELLHEIM – ta vare på signalbygga våre
• Skrinleggja E-39 over Bjørnafjorden. Indre trasè over Fusa er
alternativet
• Sterkt fokus på Næringsutvikling og Innovasjon, Os treng
arbeidsplassar
• NEI til eigedomskatt
• Styrkja ernæringstenesta i kommunen for barn, vaksne og eldre
• La menneske med trong for pleie og omsorg få bu heime lengst
mogeleg
Du kan lesa meir om kandidatane og programmet vårt på vår nettside:
www.os-tvs.no
2
GODT VAL!
Nytt kommuneval står for døra. 35 kommunestyremedlemmer skal veljast til å styra Os kommunen dei
neste fire åra. Kommunen og lokalpolitikken er til for
innbyggjarane, noko som må vera styrande for politisk
arbeid i lokalsamfunnet. TvS meiner at nokre av dei
viktigaste oppgåvene i lokalpolitikken er:
•
Sikra eit ope og levande lokaldemokrati, der kvar
einskild har reell medverknad og kan å ytra seg
•
Sørgja for gode kommunale tenester til ein
overkomeleg kostnad. Vi er uroa over veksten i lånegjelda
•
Kommunen skal vera ein god arbeidsgjevar som sikrar sine tilsette trygge
arbeidsplassar og godt arbeidsmiljø. Tilsette skal ha full ytringsrett innafor
ramma av lovpålagd teieplikt
1. Terje Sperrevik
Os Aust
Tverrpolitisk Samlingsliste er ei godt forankra bygdeliste i politikken i Os
kommune. Bygdelista har røter tilbake til 1971. Samlingslista og Tverrpolitisk
parti vart slått saman til Tverrpolitisk Samlingsliste i 2002. Dei siste valperiodane
har me vore den tredje og fjerde største grupperinga i kommunestyret.
Samlingslista hadde ordførarposisjonen i fleire periodar
Vi ønskjer vera eit godt, men annleis alternativ, for deg i lokalpolitikken.
Kommunevalet meiner vi skal pregast av lokale saker og avgjerast ut frå lokale
føresetnader. Personvalet er viktigare enn rikspolitiske skiljeliner.
TvS har samla 34 kandidatar, som er uredde, flinke og samfunnsengasjerte
personar i ditt nærmiljø. Alle vil vi arbeida for at:
•
Os kommune skal utvikla seg som eit moderne blomstrande
bygdesamfunn. Identiteten til bygda og innbyggjarane skal vera
berebjelken
Lykke til med ditt val.
Terje Sperrevik
Ordførarkandidat for Tverrpolitisk Samlingsliste
www.os-tvs.no
3
Skule og oppvekst
• Vi vil arbeida for å sikra dei pedagogiske ressursane i barnehagen
• Vi vil arbeida for to årlege opptak i barnehagane
• Vi ønskjer at alle som jobbar med barn frå 1-10 år skal få kurs i DUÅ, ( Dei
utrulege åra). Dette vil skje i perioden 2015-2019. Dette for at barna skal få dei
nødvendige verktøy til å takla kvardagen dei lever i.
• Vi vil laga arena og rom for foreldrerettleiing innafor DUÅ (Dei utrulege åra)
• Sikra tilstrekkeleg investeringsmiddel til å få alle skular i Os opp på rett
kvalitets- og kapasitetsnivå
• Gi lærarane og skuleleiarane større moglegheit til fagleg utvikling i form av
kurs, etter- og vidare utdanning
• Krinsskulane skal vidareutviklast til gode læringsarenaer i lokalmiljøet. Vi ser
på krinskulane som ein styrke for nærmiljøet og kommunen som heilskap
• Vi har tru på større fokus på eit godt miljø for samhandling. Det vil skapa ein
skulekvardag med fokus på gode relasjonar og eit trygt og godt læringsmiljø
• Meir ressursar til drift av skulane. Vi ønskjer best mogleg undervisning i
klasserommet, fleire lærarar/vaksne og gode læremiddel. Det er innhaldet i
skulekvardagen vi vil forsterka
• Vi ønskjer å leggja til rette for meir satsing på sosial og emosjonell
kompetanse i skulen og barnehagen. Læringsprosessar innan samarbeid,
ansvar, sjølvkontroll, empati og sjølvhevding ser vi som viktige verktøy for
trivsel, tryggleik og læring
• Tidleg innsats og tilpassa opplæring til alle. Kvar elev skal bli «sett».
Utfordring for den einskilde elev på ulike nivå
• Lærarane må få handlingsrom til å vera den gode lærar for alle elevane
• Leksehjelp til dei som ønskjer på barneskulen
4
www.os-tvs.no
• Tilstrekkeleg ressursar til førebygging av mobbing, og auka den faglege
kompetanse for tema
• Sørgja for at Os Gymnas og Os Vidaregåande skule har gode vilkår for
vidareutvikling og vekst
• Auka ressursar til barnevernet. Eit barn som lir, er eit for mykje
• Lovpålagte fristar i PPT skal haldast
• Sikra tilstrekkeleg investeringsmiddel til å få alle skular i Os opp på rett
kvalitets- og kapasitetsnivå
• Arbeida for breibandstilbod i alle krinsar. Dette vil letta innlevering av
skuleoppgåver for elevane frå heimen
• Gang- og sykkelvegar må byggast ut, slik at flest mogeleg kan sykla eller gå
til skulen
• Den kommunale Kulturskulen må vidareutviklast
• Støtta arbeidet for ei utdanningsmesse i regionen
• Arbeida for fleire lærlingplassar og arbeidsplassar for ungdom
• Satsa på ungdommen sin kreativitet, og med økonomiske prosjektmidlar
• Støtta rusførebyggjande arbeid
• Setja i gang prosjekt med mål
om å auka ungdommen si
deltaking i lokaldemokratiet
• Arbeida for fleire
lærlingeplassar og
arbeidsplassar for ungdom
www.os-tvs.no
5
Bustadbygging og arealforvaltning
• Arealplanen skal vera styringsreidskap saman med område- og
reguleringsplanar
• Få slutt på rasering av natur og nærmiljø som følgje av planlaus
og respektlaus fortetting. Innbyggjarane skal kjenna tryggleik for
framtida rundt sine bustader og eigedomar
• Snarast oppretta eit eige byggjeskikkutval. Gjennomføra
retningslinjer for god byggeskikk og estetikk snarast. I samband
med kravet om fortetting av bustadområde i Os sentrum, vert
eit slikt utval særs nødvendig for å utvikla Osøyro
• Hovudmåla ved utarbeiding av utbyggingsplanar skal vera å
utvikla gode bumiljø og sikra fornuftig balanse mellom krinsar
og sentrum
• Ved ei eventuell fortetting skal ein ta særleg omsyn til det
eksisterande bustadmiljøet
• Innskjerpa oppfølging og kontroll slik at bustadområde får dei
kvalitetar som planverk og innbyggjarane forventar
• Vi vil tidleg involvera innbyggjarane når viktige område- eller
reguleringsplanar skal opp til handsaming. Stemmene til alle skal
verta høyrte. Vi meiner at alle har viktige bidrag i det offentlege
ordskifte. Spesielt viktig er at involveringa kjem i ein tidleg
fase og før premissane i saka er laga
• Vi vil satsa på utvikling av attraktive nærmiljø rundt krinskulane,
gjennom utarbeiding av områdeplanar i nært samarbeid med
innbyggjarane, grunneigarar og næringsliv
• Tilrettelegging av rimelige bustader til unge og vanskelegstilte
6
www.os-tvs.no
• Utbygging av planlagde bustader på Kuventræ må reduserast
kraftig. Bygga skal ikkje skilja seg vesentleg frå eksisterande
bustadmiljø i nærområdet. I tillegg må det takast omsyn til
sentralidrettsanlegget og vegtilførsel til området
• Større variasjon i bustadtypane våre, t.d. seniorbustader,
bustader for ungdom og bustader for åleinebuande
• Utbyggjar skal ha eit stort fokus på dei «grøne» og mjuke
verdiane i bustadområdet. Her skal dei mjuke trafikantane takast
mest omsyn til
• Plan- og bygningsutvalet skal ha sterkt fokus på reglane for
universell utforming, både i nye og gamle bygg.
• Setja i gang arbeidet med å planleggja områdeplanen frå
Landboden til Borgen
www.os-tvs.no
7
Nærmiljø
• Vi ønskjer eit levande bygdesamfunn som er i pakt med
framtida, bygd på identiteten til innbyggjarane
• Vi vil ha levande krinsar i heile kommunen. Satsing på
krinskulane ser vi som nødvendig for å oppnå dette
• Vedlikehalda og utvikla nærmiljøanlegg, med vekt på leikeareal
for barn og ungdom
• Arbeida for alternative rusfrie fritidstilbod for unge, og driva
førebyggjande arbeid
• Støtta arbeid mot rus og vald
• Støtta natteravnane sitt arbeid
• Ha ei prioritert og dermed forutsigbar liste for etablering av
gang- og sykkelvegar
• Veglys og tryggare skuleveg for alle
• Setja vilkår om trygge vegar i alle nye reguleringsplanar
• Støtta eit aktivt nærmiljø som dreg generasjonane saman i eit
godt lokalsamfunn
8
www.os-tvs.no
Natur og miljø
• Vi skal visa respekt for vår historie og verna om vår
kulturhistoriske identitet. Denne verdien frå fortida må vi ta med
oss inn i framtida. Fjord, fjell, naturlandskap, dialekt, Oselvar,
rosemåling, bunadsaum og signalbygg er døme på slike verdiar
• Ta vare på og utvikla strandbeltet, kystlinja, fjell og
villmarksområde, og sikra allmenn tilgang. Naturen i kommunen
er til glede og oppleving. Vi skal bruka desse rikdomane med
varsemd, så dei ikkje vert øydelagde
• Rydda og utvikla turstiar. Sikra parkeringsplassar knytt til
turområda. Dette i nært samarbeid med grunneigarar og
friviljuge organisasjonar
• Os kommune skal vera ein grøn energikommune. Driva aktiv
energisparing og vera ein pådrivar for å redusera CO2- utslepp.
Kommunen skal ta i bruk el-bilar/hybridbilar
• Støtta opp om det fleirkulturelle mangfaldet i bygda
• Ta vare på og rusta opp natur- og vassvegen «Krabbedalselva»
frå Osøyro til og med Banktjørna. Opna vassvegen for vandrande
fisk, rydda terreng og sikra folk tilgang til elvebredder og tjørn
med godt tilrettelagde stiar, fiske- og rasteplasser. Sikra den
viktige natur- og kulturverdien for framtidsretta god estetikk og
utvikling
• I reelle konfliktar mellom naturvern og næringsinteresser,
må næringsinteressene bevise at tiltaket ikkje er til skade for
mangfaldet
• Arbeida for gode bussruter i heile kommunen
• Sikra vidareutvikling av jakt- og sportsfiske
www.os-tvs.no
9
Kultur og idrett
•
Støtta aktivt opp om det gode arbeidet lag og organisasjonar i
Os gjer
•
Vi ønskjer oss fleire kulturløyper. I denne planperioden ser vi
for oss ei løype frå Oselvarverkstaden, Oselvarnaustet og tunet
på Lyngheim. Lyssettja gangvegen frå tunet på Lyngheim til
Solstrand
•
•
•
•
•
•
•
Utvikla vidare sentralidrettsanlegget på Kuventræ
10
Etablera rundløype med lys rundt Ulvenvatnet
Starta bygging av idrettsanlegg/aktivitetssenter på Søfteland
Framleis støtte til Oselvarverkstaden
Ivareta den lokale kulturarven i Os. Bevar Fjellheim
Ferdigstilla kulturminneplan for Os kommune
Vi vil støtta dei mange lag og organisasjonar som skapar eit rikt
kulturliv i kommunen. Organisasjonslivet er ein av dei viktigaste
berebjelkane i samfunnet i Os. Det bind innbyggjarane saman
og skapar aktivitetar på tvers av alder og grupper
www.os-tvs.no
Kommunesamanslåing
• Os kommune med sterk vekst og på veg mot 20.000
innbyggjarar, på eit lite geografisk areal, er ein grei kommune
der vi kan yta gode og effektive kommunale tenester til
innbyggjarane. Vi ønskjer derfor primært å stå aleine som eigen
kommune
• Alternativt kan samarbeidsstrukturar med kommunane rundt
Bjørnefjorden utgreiast
• Samanslåing med Bergen kommune er IKKJE aktuelt
www.os-tvs.no
11
Reiseliv og turisme
• Utvikla og marknadsføra bygda som turiststad og leggja til rette
for eit reiseliv basert på gode naturopplevingar
• Vi treng turistinformasjon i Os. Gjerne i samarbeid med
nabokommunar i Bjørnefjorden eller privat offentleg samarbeid.
• Utvikla ein god nettportal til hjelp for turistar som planlegg å
vitja Os eller er komen her
• God skilting med informasjon om kulturminne og turvegar i Os
kommune
• Vidareutvikla Lyngheim som tur- og rekreasjonsområde
• Campingplass i Os
• Os bør satsa på kystturisme. Dette kan utviklas med såkalt
«enkel» overnatting. BOF (Bergen og omegn friluftsråd) er
naturleg partnar. Til dømes kan det nye sjøsportsenteret for
personar med nedsett funksjonsevne på Ramsholmen, utviklast
vidare for dette
• Når E-39 til Bergen er ferdig, bør det etablerast ein «Truck Stop»
som tilbyr servicefasiliteter til trafikantane. Kanskje kan det
kombinerast med ein bubilcamp
12
www.os-tvs.no
Kommunikasjonar
•
Skrinleggja E-39 over Bjørnafjorden. Indre trasè over
Samnanger og Fusa er alternativet vårt
•
atvikvegen må byggjast ut før ein eventuelt startar
H
med utbygging på Bjåneshalvøya. Rekkjefølgjekravet må
oppretthaldast
•
i vil arbeida aktivt for at fylkesvegen gjennom
V
Lyseklosterdalen blir utvida frå eitt til to kjørefelt slik at to bilar
kan passera
•
Riks- og fylkesvegar må prioriterast i ein god prosess i
kommunen. Deretter må ein følgja dette opp mot fylke og stat
•
•
Innbyggjarane og næringslivet treng god infrastruktur
•
•
Arbeida for å sikra Rødsliane mot ras
•
•
Etablera ein ringveg vest Hildershamn–Drange
•
Ferdigstilla gang- og sykkelveg frå «Lidl-lageret» til
Irgenskrysset i perioden 2015-2019
•
Arbeida for å ferdigstilla gang- og sykkelveg frå Sperrevik til
Sørstraumen i Lysefjorden
•
Sikra hurtigbåt til nabokommunane
Ein treng ei god trafikkløysing for avvikling av trafikken i Os
sentrum. Ved utvikling av området omkring Landboden, må ein
finna ei tunnelløysing under skuleområdet til Giskavollen. Dette
for å sikra gode grøne lunger og dei mjuke trafikantane
Sikra god standard på kommunale- og fylkeskommunale vegar
i kommunen
Ferdigstilla gang- og sykkelveg frå krysset Hatvikvegen/
Hegglandsdalsvegen til Valla bru i perioden 2015-2019
www.os-tvs.no
13
Helse og sosial
• Byggja eldrebustader og bufellesskap i tråd med behovet,
gjerne knytt til Sjukeheimen og Luranetunet (omsorgs- og
seniorbustader)
• Fysioterapitilbodet i Os kommune må aukast, ikkje minst med
fleire private driftsavtalar i kommunen
• Oppretthalda det gode samarbeidet med lag og organisasjonar.
Dette for å ha eit meiningsfullt tilbod på Luranetunet og
Sjukeheimen
• Arbeida for å få på plass ein avtale mellom Os kommune og
Haraldsplass Diakonale Sjukehus (HDS) om mobil røntgenbuss til
sjukeheim og helsestasjon
• Vekk med «plastmaten» på sjukeheimen. Vi ønskjer å inngå
avtale med storkjøkken i Helse Bergen, Kysthospitalet i Hagavik
eller opna nytt storkjøkken for bebuarar på Luranetunet og
Sjukeheimen
• Styrkja ernæringstenesta i kommunen for barn, vaksne og eldre
• Avlastningsplassar for at eldre må aukast
14
www.os-tvs.no
• Vi vil leggja til rette for at eldre og uføre kan bu heime
så lenge dei ønskjer og er i stand til det. Oppretthalda
tryggleiksjukepleiar tenesta
• Vi ønskjer å finna areal til, og få kunnskap om korleis det kan
etablerast ein demenslandsby i kommunen. Vi vil jobba for å få
til eit godt kommunalt tilbod, evt. eit interkommunalt samarbeid
på dette området
• Vi skal vera aktive talspersonar for interessene til eldrerådet og
rådet for funksjonshemma. Begge råda må trekkjast meir med i
den kommunale styringa
• Oppretthalda tidleg innsats i rusomsorga. Tverrfagleg
innsats nødvendig både på individ nivå og på generelt
førebyggingsarbeid
• Sjå til at vi har tilstrekkeleg fastlegar. Vurdera auke i talet på
driftsavtalar med legar i kommunen
• Vi vil leggja til rette for at eldre og uføre kan bu heime så lenge
dei ønskjer og er i stand til det
• Oppretthalda tryggleiksjukepleiar tenesta
www.os-tvs.no
15
Næringsliv
•
Os kommune skal vera ein næringsvenleg kommune. Vi vil
gjera det enklare å skapa nye arbeidsplassar i kommunen
•
Ein må ta nedgangen i talet på bedrifter og arbeidsplassar i Os
kommune langt meir på alvor. Tiltak må setjast inn, slik som;
•
L okalt selskap for næringsutvikling må etablerast. Selskapet
må ha fagleg tyngde og autonom organisering og drift til å
utgjera nødvendig kapasitet og tyngde for god og langsiktig
næringsutvikling i kommunen. Interkommunalt samarbeid er
aktuelt
•
Ny Strategisk Næringsplan for Os og felles Næringspolitisk plan
for Bjørnafjordsregionen må på plass. Ressursar og økonomi for
god gjennomføring av planverket må sikrast.
•
Utvikla Osøyro til eit moderne og attraktivt regionsentrum
for Bjørnafjordsområdet. Herunder aktivt utvikla betre
kommunikasjon og infrastruktur til nabokommunane. Dette er
ein føresetnad for Osøyro som godt regionsenter
•
•
•
•
Vi ønskjer å leggja godt til rette for gründerverksemd
•
•
Leggja til rette for Høgskuledrift i Endelausemarka
•
NEI til søndagsopne butikkar
16
Leggja til rette for alternative driftsformer i jordbruket.
Arbeida for breibandsdekning i heile kommunen
Dei nye næringsområda i Endalausmarka må særleg leggjast til
rette for å tiltrekkja seg kompetansebedrifter
Vi vil auka fokuset på næringsutvikling i Os kommune, ikkje
berre i Endalausmarka, men i heile kommunen. Ein må sjå på
korleis ein er organisert. Business Region Bergen er ikkje rette
fora aleine, men godt samarbeid er eit mål
www.os-tvs.no
Kommunal verksemd
• Kontroll med den kommunale pengebruken. Visa varsemd ved
opptak av nye lån. Lånegjelda aukar urovekkjande
• Os kommune skal fortsatt vera ein god arbeidsgjevar og
tenesteytar. Med ein god personalpolitikk der kompetanse,
service og arbeidsglede er sentrale omgrep i eit stimulerande
miljø
• NEI til innføring av eigedomskatt
• Vi vil involvera innbyggjarane når viktige saker skal opp til
handsaming. Stemmene til alle skal verta høyrte, både igjennom
folkemøte og media. Vi meiner at alle har viktige bidrag i det
offentlege ordskifte. Spesielt viktig er at involveringa kjem i ein
tidleg fase og før premissane i saka er laga
• Vi vil arbeida for eit godt og tillitsfullt forhold mellom
kommunen og innbyggarane
• Kommunen skal vera særs god på informasjon. All informasjon
frå kommunen skal vera lettlest og forståeleg
• Auka støtta til Frivilligsentralen
• Ta i bruk offentleg – privat samarbeid der det er tenleg
• Vi meiner at «outsourcing» av kommunale oppgåver er uheldig
• Kommunen skal vera pådrivar for å utvikla Osøyro til eit
berekraftig regionsenter for heile Bjørnafjordområdet
• Redusera pengebruken på eksterne konsulentar til eit minimum
• Kommunen skal utarbeida framlegg til rullering av overordna
arealplan kvart 4. år og utvikla gode kommunedelplaner for alle
utbyggingsområder
• Oppdatera eldre og uklåre reguleringsplaner
www.os-tvs.no
17
• Vera tru mot dei planar som blir utarbeidd
• Kommunen skal vera ein effektiv organisasjon og heile tida
arbeida for å verta meir effektiv
• Sal av kommunal eigedom, skal først skje etter grundige
vurderingar, kor det mellom anna skal endeleg avklarast
kommunen sitt behov og mogelegheiter for eigedomane, som
t.d. Fjellheim, «Gamle brannstasjonen» og «Os Barnehagen»
i Stegen
Beredskap
• Sikra god beredskap i kommunen på tvers av naudetatane.
Tett dialog og med fokus på god samhandling mellom brann
og redning, helse og lensmannsdistriktet i kommunen
• Setja i gang eit SLT- prøveprosjekt etter modell frå
Kriminalitetsførebyggjande råd. SLT (Samordna lokale tiltak) kan
vera eit verkemiddel i det førebyggjande sporet
• Evaluera politirådfunksjonen i kommunen. Viktig med god og
tett dialog med det lokale lensmannsdistriktet, særleg viktig i
samband med nærpolitireforma
Kyrkja – andre tru-og livsynsretningar
• Kyrkja er ein viktig kulturberar i Os kommune. Vi er merksam
på at kyrkja vart gjort meir sjølvstendig i 2006, men lova legg
framleis det økonomiske ansvaret for drifta til kommunane. Vi
ønskjer å ha eit rett nivå på tildelingar av økonomiske midlar til
kyrkja og andre tru- og livssynsretningar
• Arbeida for ei 50% diakonstilling til kyrkja i Os. Vi ser kyrkja
som ein viktig medspelar i eit inkluderande fellesskap, kor det
førebyggjande arbeidet er viktig både for kommunen, men og
for den einskilde som vert råka
18
www.os-tvs.no
• Støtta ein eventuell søknad om kommunal garanti til nytt
kyrkjelydsbygg, etappe 3
• Vi ønskjer ei kort orientering i kommunestyret om
kyrkjelydsarbeidet. Gjerne i samband med årsmeldinga frå
kyrkjelyden. Årsmeldinga må formidlast til alle medlemmar
av kommunestyret
• Kyrkja kan vera ein leverandør av gode idéar og innspel
i samband med areal- og reguleringsplanar
• Arbeida for eit livsnøytralt seremonirom i Os
Eksterne verksemder
• Sjå til at Kysthospitalet i Hagavik har gode vilkår
for vidareutvikling
• Støtta opp om Forsvaret sine aktivitetar på Ulven
og i Bjørnefjorden
• Samarbeid med nabokommunar om ny hamn
i Bjørnafjordsregionen
Integrering
• Integreringsplan må evaluerast og justerast. Innflytting kan
i periodar skapa ulike utfordringar for kommunen, til dømes
egna bustader og nok arbeidsplasser. Vi har tru på eit privat
offentleg samarbeid på dette området
• Flyktningar som kjem til Os, skal føla seg velkomne. Vi ønskjer
styrkja innvandrarane sine mogelegheiter for deltaking
og integrering i Os samfunnet. Ikkje minst utvikla sine
kvalifikasjonar til beste for lokalsamfunnet og eigen familie
www.os-tvs.no
19
Kandidatar Tverrpolitisk Samlingsliste Os
2. Torunn Øvredal
Hegglandsdalen
3. Ole Vidar Moberg
Os Vest
4. Astrid Leikvoll
Os Nord
5. Rune Fimreite
Os Vest
6. Olaug Tvedt Keys
Hagavik
7. Øyvind Skorpen
Søfteland
8. Inger Berit Bøyum
Os sentrum
9. Jan Helge Corneliussen
Os Nord
10. Ole Johan Samdal
Lysefjorden
11. Kinga Berg
Os Aust
12. Edel Marie Hagen
Rotnes, Os sentrum
13. Asbjørn Mjånes
Os Aust
20
www.os-tvs.no
14. Bjørn Andre Michelsen,
Os Vest
15. Karin Bøyum
Nore Neset
16. Asbjørn Langeland
Søfteland
17. Solfrid Norunn
Skorpen, Os Aust
18. Helge Laastad
Lysefjorden
19. Ellen Merethe Lyssand,
Os Nord
20. Kjell Rosvold
Os Vest
21. Johannes Taule
Hagavik
22. Einar Øvreberg
Søfteland
23. Eva Saltskår Jentoft
Os Vest
24. Tor Helge Eiken
Os Vest
25. Annfrid Sperrevik
Os Aust
26. Ingeleif Sørstrønen
Strøno
27. Terese Foss
Os Aust
28. Leonard C.
Corneliussen, Os Nord
29. Lilliand Lyssand
Honningsvåg, Os Aust
30. Henrik Johan Lassen
Os Vest
31. Monika Dworak
Lysefjorden
32. Øystein Nordvik
Lysefjorden
33. Sigrid Tvedt
Os Aust
22
34. Eirik Neverdal
Os Aust
www.os-tvs.no
Tverrpolitisk Samlingsliste kjenner dei politiske og administrative systema
i kommunen. Vi ønskjer å stå ved roret for å arbeida for alle innbyggjarane sine interesser på tvers av politiske skiljeliner.
Dette partiprogrammet vil vi bruka som kompass i vårt arbeid.
I tida som har gått, har vi vore eit tydeleg opposisjonsparti til det sitjande
regimet, særleg i arealsaker, saker som gjeld utbygging og nærmiljø, samt
skule- og oppvekstsaker.
Vi ønskjer eit levande demokrati kor innbyggjarane har reell påverknad.
Vi er førebudde på å lage gode kompromiss med andre politiske lister og
parti om vi kjem i posisjon.
Lukke til med ditt val.
www.os-tvs.no
23
Du kan lesa meir om kandidatane og programmet vårt på vår nettside: www.os-tvs.no