lese brosjyra.

Transcription

lese brosjyra.
Kulturkommunen
Informasjon nr. 1 - Mai 2015
Eit levande Ål for Alle!
17. mai program
2|
Stolt åling
Eg vil gjerne få takke alle dei frivillige som gjer
det så spennande og gjevande å bu i Ål! Vi er
ein arrangementskommune, her gjennomførast
store og krevjande sportsarrangement og festivalar. Det kan ikkje gjerast utan eit stort korps av
frivillige som stiller opp og bidreg på ulike vis.
•
Bendit alpint, 800 unge alpinistar i Ål
skisenter
•
Bendit skiskyting, 1 150 unge skiskyttarar
konkurrerer i anlegget på Liatoppen
•
Hallingspretten, 1 500 skientusiastar gjekk
frå Geilo til Ål
•
Ål-cup handball, 700 unge spelarar samlast
i idrettshallen
•
Ål-cup fotball, 1200 unge fotballspelarar
deltek med 93 lag på Bråta
•
Hillbilly Huckfest, eit spennande terrengsyklingsarrangement for våghalsar
•
Folkemusikkveka, folkemusikk og dans på
eit svært høgt nivå, stort liv i sentrum!
•
Skjergårds Vinter festival, eit spennande
koserttilbod til våre unge
Samla sett er dette framifrå god marknadsføring
av Ål og det gir gode ringverknader til vårt lokale
næringsliv. Frivilligsentralen har kartlagt tidsbruken i alt frivillig arbeid i Ål => 83 500 timar i
året = 43,5 årsverk til ein verdi av 16,7 millionar!
Takk til alle de som bidreg og nyttar fritida for at
vi i fellesskap skal få gode opplevingar!
Så må vi stadig sette pris på alle dei gode
fritidstilboda vi har tilgang til her i Ål. Barn og
unge har ein svært god kulturskule, innan
idretten kan ein velja mellom gode tilbod innan
dei fleste disiplinar. Så har vi ein flott natur for
eit aktivt friluftsliv. Eg vil minne om alle merka
løyper gjennom Ål 52 og oppfordrar mange til å
få med seg utfordringa med våre 10 toppturar. Vi
har mange krus å dele ut til dei som får stempla
kortet sitt.
Kommunebarometeret:
Dette er ei måling som rangerer kommunane på
ei rekkje ulike tenesteområde. Her kjem Ål svært
godt ut, vi blir rangert som kommune nr 13 i
landet og som den beste i Buskerud. Det viser at
vi leverer gode tenester innan oppvekst, helse,
teknisk og kultur. Vårt kulturtilbod blir rangert
som nr 4 i landet, best i fylket!
Ål helsetun:
Veidekke AS er no valt som utbyggar av Ål
helsetun og vi er i samspelfasa der kommunen
saman med utbyggar legg dei endelege planane
for utbygging og kostnader. Etter ein lang planprosess er vi endeleg snart klare for byggestart
og reknar med å kome i gang til sommaren. Eg
vil tru at mange ålingar vil fylgje godt med
etterkvart som nybygget reiser seg i sentrum.
Ål kulturhus:
Utbygging av kulturhuset med ein landsdelscene
for dans, er enno ikkje avklart. Vi har sendt
søknad til kulturdepartementet på statsmidlar.
Denne får vi svar på gjennom statsbudsjettet for
2016.
Eg takkar alle i Ål som bidreg til å skape vårt
gode lokalsamfunn, næringsdrivande,
kommunalt tilsette, politikarar og sjølvsagt alle
de som legg ned frivillig innsats!
God sommar!
Tone Tveito Eidnes
rådmann
Årsmelding 2014
Ål kommune
Kulturkommunen
Open Modig Grundig
Eit levande Ål for
alle!
Årsmelding 2014
1
Årsmeldinga for Ål kommune finn du på heimesida www.aal.kommune.no eller du kan gå på
servicetorget eller biblioteket og lesa den.
I redaksjonen:
Sissel Skrindo, Grete S. Lundekvam, Inger Lervåg,
Reidun Aaker, Hilde L. Bjørnsvik og Turid Hilde
Gåsbakk
Neste brosjyre kjem ut: nov/des 2015
Foto framsida: Hilde L. Bjørnsvik
Administrasjon og fellesteneste | 3
Fellestenester
Servicetorget
Tlf.: Faks:
Epost: 32 08 50 00
32 08 50 99
[email protected]
Opningstider
Vanlege opningstider kl. 9.00-15.30
1. juli – 15. august:
kl. 9.00-15.00
Kommunestyre- og
fylkestingsvalet 2015
Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet
i 2015 er i statsråd fastsett til måndag
14. september 2015.
Kommunestyret i Ål har vedteke at det i Ål også
skal haldast ope for val sundag 13. september.
Røystelokalet i valkrinsen Nedre-Ål blir helde
ope for røystegjeving både sundag 13. og
måndag 14. september, mens røystelokala i
valkrinsane Leveld og Torpo blir helde ope for
røystegjeving berre på valdagen måndag
14. september.
Opningstid i røystelokala er:
sundag kl 15.00 – 19.00
måndag kl.10.00 – 20.00
Førehandsrøysting
Du kan førehandsrøyste frå og med 10. august
til og med 11. september på servicetorget på
Tingstugu.
Opningstid:
Måndag – fredag:
kl. 09.00-15.00
Laurdag 5. september
kl. 10.00-14.00
Ein dag like før valdagen vil det også vere høve
til å førehandsrøyste på Ål vidaregåande skole,
Ål bu- og behandlingssenter og på Hallingdal
Sjukestugu. Desse dagane blir annonserte
seinare.
Ambulerande førehandsrøysting
Frist for å søkje ambulerande førehandsrøysting
for sjuke og uføre er tysdag 8. september.
Bustøtte
Du kan no søkje elektronisk viss:
•
du har elektronisk ID
•
du bur aleine eller med born under 18 år
•
alle i bustaden er folkeregistrert på adressa
Fordelar med å søkje bustøtte elektonisk
•
Du slepp å fylle inn opplysningar vi hentar
inn frå andre register.
•
Du får berre spørsmål som er aktuelle for
deg og din situasjon.
•
Du får rettleiing når du søkjer og kva du må
dokumentere.
•
Du kan sjå statur på søknaden din etter at
du har sendt inn.
Andre må søkje på papir. Informasjon finn du på
www.husbanken.no.
Ta gjerne kontakt med servicetorget
tlf. 32 08 50 00.
Søknadsfrist er 14. kvar månad.
4 | Drift og utvikling
Drift/Utvikling
servicetorget på Tingstugu.
Det vart gjort vedtak i kommunestyret 19.3.15
at Ål kommune ynskjer å vera ei «Friluftslivets
år kommune». Alle landets kommuner som gjer
dette vedtaket, vert automatisk nominert til å
kunne bli «Årets friluftslivskommune». Meir informasjon er å finne på www.friluftslivetsår.no
Sjå plakatar som fortel om kva for arrangement
som skjer i samband med det, eller les om det
på www.al.no under menypunktet aktivitetar
2015 er «Friluftslivets år»! Det er sett i gang av
Klima- og miljødepartementet.
Ål kommune har oppmoda frivillige lag og
organisasjonar i Ål kommune til å ha ekstra
fokus på friluftsliv for alle. Målet er å få fleire ut
på tur og at dette gjev varige resultat i høve til
auka deltaking i friluftsliv i alle delar av
befolkninga. Annankvar torsdag presenterer ei
av kommunene i Hallingdal vekas tur i Hallingdølen. Dette for å gje inspirasjon til å komma
seg på tur i nye trakter.
Ål kommune er vorte ei «Friluftslivets år 2015
kommune». Det er Norsk Friluftsliv (tidlegare
FRIFO) og Friluftsrådenes Landsforbund som
har tildelt Ål kommune denne tittelen og oversendt diplom på dette. Diplomet heng på
Variert tilbod av tomter for bustadbygging.
Ål kommune tilbyr eit variert utval av byggeklare
tomter for bustad (einebustad, tomannsbustad
og fleirmannsbustad) i ulike prisklassar.
Du finn kart, oversikt over kva tomter som er
ledige og opplysningar om pris på våre heimesider. Du kan og ta kontakt med servicetorget for
nærare informasjon.
Kolbotn bustadfelt, byggesteg 2
10 av 30 nye tomter er allereie solgt
I feltet er det opparbeidd ein felles leikeplass
med balløkke og det er opparbeidd gangveg
som bind feltet saman med feltet i Prestlie og
Drift og utvikling | 5
med sentrum. I sumarhalvåret er det sol i
området til seint på kveld.
Prisen på tomtene varierer frå kr 293 000 –
500 000 + oppmåling, tilkopling vatn/avlaup,
tinglysing og dokumentavgift.
Gunnarhaugen bustadfelt i Leveld
Nye attraktive og solrike tomter med kort
gangavstand til skule, barnehage, lysløype og
turområde er byggeklare (2 av 16 nye tomter er
solgt).
Tomtepris kr 300 000 + oppmåling, tilkopling
vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift
Vats småbrukstomter
5 mål store einebustadtomter for den som vil ha
god plass og høve til å ha husdyr . Byggeklare.
(2 ledige tomter av i alt 5)
Tomtepris kr 300 000 + oppmåling, tilkopling
vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift.
Votndalen bustadfelt
Flate tomter med skisenter som nærmaste nabo.
(4 tomter ledige).
Tomtepris kr 170 000 + oppmåling, tilkopling
vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift.
På heimesida vår eller ved å ta kontakt med
servicetorget kan du og få info om private tomter
som er til sals.
Nye byggereglar frå 01.07.2015
Dette kan du bygge utan å nabovarsle og
utan søknad:
•
Tilbygg mindre enn 15 m2. Tilbygget kan
ikkje innehalda opphaldsrom, men kan
innehalda bod, gang eller takoverbygd
inngang eller terrasse. Avstand til nabogrensa må vera minst 4 meter. Tilbygget
kan ikkje overstiga arealrammene i reguleringsplan eller kommuneplan, og må
ikkje vera i strid med byggegrenser mot
veg.
•
Frittliggjande uthus/garasje mindre enn 50
m2. Bygget kan ikkje innehalda opphaldsrom. Det er ikkje avstandskrav til
eigen bustad, men plassering må vera
minst 1 meter frå nabogrensa. Bygget kan
•
ikkje ha loft eller kjeller. Maks. mønehøgde
er 4 meter. Det kan ikkje vera takoppløft.
Bygget kan ikkje overstige arealrammene
i reguleringsplan eller kommuneplan, og
må ikkje vera i strid med byggegrenser mot
veg.
Kompostkurs
Måndag 25. mai kl. 19.30 kommunestyresalen, Tingstugu.
Obligatorisk, gratis kurs for huslyder som vil
kompostere sitt matavfall og få 25% rabatt på
renovasjonsavgifta.
Påmelding til servicetorget innan 20. mai.
Landbruksinformasjon
Rovdyr
Ulv, gaupe, jerv og bjørn er freda rovdyr. I vinter
har me opplevd uvanleg mange observasjonar
av fyrstnemnde. For å få dokumentert kor dyra
ferdast, er det svært viktig at alle som ser rovdyr,
eller spor etter dei, melder ifrå straks!
Ring SNO ved
Hans Vidar Nestegard
Harry Granli
Espen Marker Kåre Peder
Rasmushaugen
tlf. 901 88 138
tlf. 907 67 334
tlf. 975 70 975
tlf. 414 20 819
6 | Drift og utvikling/Kultur
Kultur
Rundballplast
Snøen har smelta og alskens rask kjem for
dagen. Rundballplast på avvegar er ein av dei
tinga som dessverre har vorte eit vanleg syn.
Forsøpling er ulovleg. Det kan vere svært skjemmande for nærmiljøet og ei kjelde til forureining.
Difor er det viktig at kvar og ein ryddar opp etter
seg. For å unngå same sjauen kvart år, er det
fornuftig å leggje til rette for gode ordningar for
oppbevaring av rundballplast komande vinter.
Ny leiar på Ål kulturhus
Anita Borrmann Skoglund, f. 1974.
Gjødsellager
Ål kommune har auka fokus på gjødsellager.
Det gjer me fordi me har hatt ein del tilfelle av
gjødselutslepp, og fordi det har vorte meir fokus
på reint vatn gjennom det sokalla Vassdirektivet.
I Gjødselforskrifta § 20 heiter det: «Foretaket
skal jevnlig kontrollere at anlegget (lager for husdyrgjødsel) fungerer som forutsatt og er tett mot
lekkasje». Me vil minne kvar og ein om å følgje
opp dette. Dersom kjellaren eller porten lek, må
eigaren straks setje i gang tiltak.
Me vil òg minne om at lagringskapasiteten skal
vera minimum 8 månaders produksjon. Det gjeld
kjellarar so vel som andre typar gjødsellager.
Bålforbod
Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at
det kan føre til brann.
Det er eit generellt bålforbod i Norge i perioden
15.04 - 15.09. I denne perioden er det ikkje tillatt
å tenne bål i skog og mark utan løyve frå den
lokale brannsjefen. Forbodet gjeld og bråtebrenning.
Hugs bandtvang
1. april - 31. oktober
Det er ordinær bandtvang etter Hundelova frå
1. april til og med 20. august. Ål har i tillegg
utvida bandtvang etter lokal forskrift frå
21. august til og med 31. oktober
Anita B. Skoglund kom frå stilling som dagelg
leiar i Visit Hallingdal. Ho tok til i stillinga
allereide 16. februar 2015.
Me ynskjer ho velkomen til Ål kommune og lukke
til i arbeidet!
Ungdom i Ål
Lokalsamfunn med MOT
MOT set ungdom sine liv i sentrum
MOT hjelper ungdom til å ta eigne val og
syne mot MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT
til å seia nei
Kultur | 7
Elevar frå 9.trinn har i løpet av skuleåret
vorte skolert som Ungdom med MOT:
Opningstider i sommar:
(f.o.m. 22. juni t.o.m. 16. august)
Tysdag 10 – 15
Onsdag 10 – 15
Torsdag 13 – 18
Fredag 10 – 15
Bok til alle
Er du glad i å lesa? Vil du gjera noko for andre?
Me treng fleire frivillige som vil ha lesestunder
med eldre eller andre som har vanskeleg for å
lesa sjølve. Ta kontakt med biblioteket eller Ål
frivilligsentral for meir informasjon.
Sommarbok 2015
Frå venstre: Ida Brenna, Henriette Mosti,
Selma Li, Malin Hovdegard Gullhagen, ThorØyvind Faldahl og Vilde Buseth Fluto
Alle ungar i grunnskulealder i Ål blir inviterte
med på leseaksjonen «Sommarbok 2015». I år
går startskotet 1. juni! Etter sommarferien blir
det avsluttingsfest og premiar til alle som har
delteke.
Ål bibliotek
Tlf.:
32 08 51 20
E-post: [email protected]
www.aalbibliotek.no
facebook.com/aalbibliotek
Vanlege opningstider:
Måndag 10 – 19
Tysdag 10 – 19
Onsdag 10 – 19
Torsdag 13 – 19
Fredag 10 – 15
Laurdag 11 – 14
Bokmessa 2015
Hallingdalsbiblioteka og Norli Ål inviterer til
litterært gilde i Ål kulturhus laurdag
21. november.
8 | Kultur
Ål bygdearkiv
Tlf. 32 08 50 91
E-post: [email protected]
Opningstider:
torsdag 10-17, laurdag 10-13
Ål bygdearkiv held ope heile sommaren.
De finn oss på internett: www.aalbygdearkiv.no
Fotoutstilling på Ål stasjon
I venterommet på stasjonen har Ål bygdearkiv ei
fotoutstilling med bilete frå Ål og Torpo sentrum.
Utstillinga vil bli bytta ut om lag ein gong i året.
Bileta vil då bli til sals, og interesserte kan ta
kontakt med arkivet.
Aal bygdesoge bind 2 og 4 - gratis
Ål-kontoret av Sparebank1 Hallingdal Valdres
må rydde lageret sitt og vil kvitte seg med det
dei har att av Aal bygdesoge bind 2 (1955) og
bind 4 (1969). Dei som er interesserte i desse
bøkene kan få dei gratis ved å hente dei i
banken på Ålingen.
Gamle Aal
Bygdearkivet har fått eit triveleg tilskot. Gamle
Aal ved Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard
har flutt inn i bygdearkivet sitt lokale.
Dei vil stort sett vere å treffe:
onsdagar og fredagar frå kl. 11.00 – 14.00.
Oppvekst | 9
Ål kulturskule
Med våren fylgjer nye planar for
hausten, med nye spennande prosjekt.
Vil du vere med på eventyr?
Hugs søknadsfristen 1. juni
for skuleåret 2015/2016.
Link til vår søkjarportal finn du frå
15. mai på vår og kommunen si
heimeside.
No er det verkeleg vår! Me har starta den lysare
tida med fleire konsertar i april. 17. mai og
Folkemusikkveka blir også i år ein del av kulturskulen sin aktivitet.
Gutedansen har brukt april på filminnspeling
saman med regissør David Alræk frå SJAU
produksjonar.
Torsdag 11. juni må alle merke seg. Då blir det
stor sommarfest for alle elevar med føresette på
Ål kulturhus.
Meir informasjon om oss:
www.aalkulturskule.no
Velkomen til ein leiken og kreativ
kvardag hjå oss!
10 | Oppvekst
Skuleåret 2015/2016
Skuleåret 2015/2016 startar 19. august.
Informasjon om tidspunkt for oppstarten
ved kvar einskild skule vert annonsert i
Hallingdølen og på heimesida til Ål
kommune ei veke før.
Vedteke skulerute for 2015/2016:
Månad
Antal Feriar og
dagar fridagar
August 9
Første skuledag onsdag 19/08
September 19
Haustferie 28/09 – 04/10 (veke 40)
Oktober 20
Haustferie 28/09 – 04/10 (veke 40)
November 20
Elevfri dag 09/11.
Regional kursdag
Desember 16
Siste skuledag
tysdag 22/12
Januar
20
Første skuledag måndag 04/01
Februar
20
Vinterferie 29/02 – 06/03 (veke 9)
Mars
12
Vinterferie 29/02 - 06/03 (veke 9)
Påskeferie 21/03 – 29/03
April
21
Mai
18
Fri torsdag 05/05, fredag 06/05, måndag 16/05 og tysdag 17/05
Juni
15
Siste skuledag tysdag 21/06
Sum
190
skuledagar
Merknadar til skuleruta:
•
•
Etter vedtektene for barnehagane i Ål
startar barnehageåret samtidig med
skuleåret.
Foreldre/føresette bør ikkje be elevane
fri utanom oppsette ferie og
planleggingsdagar.
•
•
Etter Opplæringslova § 2-11 kan det
maksimalt gjevast permisjon for elevar
inntil 10 dagar.
Siste skuledag før jule- og sommarferien
følgjer timeplanen når det gjeld lengde på
dagen.
Tilstandsrapport 2014
Kvart år utarbeider oppvekstsektoren ein tilstandsrapport. Denne er no vedteken av
Kommunestyret og er lagt ut på
www.aal.kommune.no
Overgangsplan for oppvekstsektoren
Prosjektet Felles løft for tidleg innsats i
Hallingdal hadde 2013-2014 fokus på
overgangen frå barnehage til skule. Eit resultat
av dette er utarbeidinga av ein felles Overgangsplan for oppvekstsektoren i Ål kommune.
Denne vart vedteke i SUKO 17.februar 2015.
Målet med planen er å sikre samanheng i
læringsløpet for barn og unge og at føresette
skal føle seg trygg på at alle vert møtt av ein
barnehage og skule som kjenner dei og legg til
rette for tidleg innsats og ein god start.
Det er utarbeidd eit informasjonshefte som er å
finne på www.aal.kommune.no
Helse og sosial | 11
Ål legekontor
Legetenestene sommaren 2015
Veke 30 og 31 (20.07.-02.08.15) har ikkje Ål
legekontor ordinær drift, men tek i mot pasientar
ved daglegevakta. Dette gjeld pasientar som har
behov for øyeblikkeleg hjelp og henvendelsar
som ikkje kan vente.
Sørg for at du via legekontoret har fornya
reseptar på alle nødvendige medisinar slik
at du har desse tilgjengeleg når legekontoret
er stengt. Bestill time i god tid hos fastlegen
din dersom du har kronisk sjukdom som treng
oppfølging, treng jamnleg sårstell, må ta sting
eller liknande.
Vi minner om telefonnummera:
•
•
•
Kontakt Hallingdal legevaktsentral
tlf. 32 08 24 88 ved behov for øyeblikkeleg hjelp uansett når dette er på døgnet.
Bruk telefonnummeret til Ål legekontor
tlf. 32 08 53 50 i vanleg kontortid ved
behov for kontakt med fastlegen, timebestilling, prøvesvar eller ved andre spørsmål.
Er situasjonen livstrugande:
ring 113
Om legekontor og legevakt
Legevakt kveld/helg/natt:
tlf: 32 08 24 88
Ved sjukdom som oppstår når fastlegekontoret er stengt, skal legevakt berre nyttast
i tilfelle som ikkje kan vente til fastlegen er
tilbake på jobb. Legevakt gjev berre akutt,
nødvendig helsehjelp.
I utgangspunktet blir det tilrådd at ein ringer
legevakta og gjer ei avtale, sjølv om det vil
vera personell tilstades heile døgnet. Ved at
ein får ein konkret timeavtale, vil ein unngå
unødig ventetid. Ein kan også få hjelp til å organisere transport til legevakta, eller få gode
råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er
nyttige inntil ein kjem fram til legen.
Daglegevakta
Daglegevakta er ein del av Ål legekontor. Dersom du treng akutt legetilsyn på vanleg dagtid,
skal du ta kontakt med daglegevakta. Telefonnummeret er det same for akutte hendvendelsar
gjennom heile døgnet; tlf: 32 08 24 88.
Ein vil sterkt oppmode til å bruke Ål legekontor
og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast
har best føresetnad for å gi deg rett helsehjelp.
Laboratorietenester ved
Ål legekontor
Ål legekontor presiserer at vårt laboratorium skal
betjene våre fastlegar og deira samarbeidspartnarar.
Dei seinare åra har vi opplevd aukande grad
av henvendelsar frå pasientar som ynskjer å ta
ulike prøver bestilt av private legar og helseinstitusjonar i inn- og utland. Dette er ofte prøver
som krev utstyr vi ikkje har tilgjengeleg, som
inneber tidkrevjande prøvetakingsprosedyrer og
sendingar, og det er prøver våre fastlegar ikkje
er bedne om å følgje opp.
Vi må difor avvise denne type spørsmål, og be
pasienten ta slike prøver der desse prøvene er
rekvirerte.
12 | Helse og sosial
Fastlegar i Ål
Vi har 6 fastlegar i Ål;
•
Marianne Lerberg
•
Johannes H. Poulsen
•
Robert Tunestveit
•
Toril Bøyum
•
Anne K. Tunestveit
•
Paschal O. Nyangoto
HALLINGDAL
FRISKLIVSLØPET
Rusle, jogge eller løpe –
Du knuser ALLE som ligger på sofa`n!
Anne Tunestveit og Toril Bøyum har permisjon i 2015.Vikar på Anne si liste er Keitumetse
Linda Motaung. På Toril si liste har vi vikar frå
vikarbyrå.
Alle legane har opne lister innimellom. Dersom du ikkje er fornøgd med fastlegen din
eller ventetid på time hos fastlege, oppfordrar
vi deg til å bytte fastlege.
Dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp,
vil du nokre gonger få time hjå ein annan lege
enn fastlegen din. Dette fordi vi av praktiske
årsaker har flytta øyeblikkeleg hjelpsfunksjonen ut frå legekontoret. Dei ulike fastlegane
jobbar ø-hjelp (daglegevakt) på omgang.
___________________________________
Bli med på årets begivenhet. Ta med familien, venninna,
kompisen, besteforeldre, barnebarn eller kollegaer.
Ny deltakerrekord i år også?
I fjor deltok hele 126 personer i alle aldre på Nes, en økning på
56 deltagere fra det første løpet på Gol i 2013!
Hvor: Hemsedal idrettsbane ved Hugnadheim
LØRDAG 13. JUNI 2015
Startskuddet går kl.11.00
Felles oppvarming kl.10.30
Velg mellom løype på 2 eller 4 km, med eller uten tidtaking.
Flott løype på skogssti og grusvei.
Fine trekkepremier!
ANSVARLIGE
Frisklivssentralene i Hallingdal
PÅMELDING:
Per epost: [email protected]
Per tlf/sms: 959 86 404
GRATIS DELTAGELSE
DAGEN FOR ALLE!
tt
FRISKLIVSSENTRALENE I HALLINGDAL
Flå, Nes, Hemsedal, Gol, Ål og Hol.
Frisklivsresept
Er bakkane blitt brattare og trappa tyngre?
Ynskjer du å drive regelmessig fysisk aktivitet, men opplever at det er vanskelig å få til i kvardagen?
Har det skjedd endringar i den fysiske formen din som gjer at du treng hjelp til å kome i gang?
Ynskjer du å betre kosthaldet?
Ynskjer du å slutte å røyke?
Treng du eit venleg dytt og hjelp til endring?
Då kan frisklivsresepten vere noko for deg.
Frisklivsresepten er for dei som ynskjer endring: å kome i gang med fysisk aktivitet, betre kosthaldet
eller slutte å røyke.
Med frisklivsresept får du oppfølging og rettleiing, samtalar, kondisjonstestar og høve til å delta på
gruppetrening med lågterskel-fysisk-aktivitet. Bra mat-kurs og røykesluttkurs vert arrangert jamnleg.
Lege, fysioterapeut, kiropraktor, psykisk helse, NAV kan skrive ut frisklivsresept til deg, eller du kan
kontakte oss direkte.
Gruppetrening har sommarpause i juli og første del av august, og startar opp ved skulestart.
For meir informasjon:
kontakt frisklivsansvarleg Live Berg folkehelsekoordinator Hilde Nysæther Frantzen
tlf. 32 08 52 03 / 95 98 04 95
tlf. 90 17 52 05
Ål Frivilligsentral | 13
Seniordans
Nytt tilbod på sentralen! Kvar måndag kl 12.30
– 15.00. No er me ca 15 damer, men ynskjer
seg fleire! Både damer og menn! Her kan du bli
med uansett form, erfaring og alder! Me har det
veldig kjekt!
Leseombod/minneven
Me har ein fin gjeng med både leseombod og
minnevener. Dei gjer ein fantastisk innsats for
andre. Minnevenene arbeider opp mot demente,
og skapar seg ein relasjon over tid. Leseombod
er inne og les for enkeltpersonar eller grupper av
menneske som slit med å lesa sjølv.
Flyktningeguidar
Til hausten skal Ål kommune busetje fleire
flyktningar. Me har lyst til å få til flyktningeguidar
som kan hjelpe dei inn i lokalmiljøet. Det kan
vera enkeltpersonar, eller familiar som tek på
seg ei slik rolle. Her kan du bli kjent med ein ny
kultur, og samtidig lette overgangen for dei som
skal busetje seg på Ål.
Andre oppdrag
Me har fast handling for dei som ikkje klarar å
handle sjølv tysdagar og fredagar. Me har
leksehjelp og kvinnetreff på onsdagar. I høve
alle desse aktivitetane har me alltid bruk for
fleire å dele dette på. I tillegg er det av og til
spørsmål etter personar som kan gjera
enkeltoppdrag som plenklypping og anna
forfallande.
Kurs
Det vert med jamne mellomrom arrangert ulike
kurs på sentralen. Stakkekurs, og avardeldkurs
har me fullført i år. Frå hausten av vert det heilt
sikkert nye kurs. Følg med på facebooksida og
på oppslag rundt om på Sundre.
Opningstider
måndag: stengt
tysdag og fredag kl 9.00 – 14.00
Onsdag og torsdag kl 11.00 – 16.00
Feriestengt i juli. Handlinga går etter oppsett
skjema heile sommaren.
Frivillig?
Om du kan tenkje deg å vera med på noko
av dette, så ta kontakt. Me er glad for alle som
ynskjer å bidra. Du treng ikkje binde deg til noko
som helst. Eit oppdrag i halvåret er flott. Om ein
vil vera minneven, leseombod eller flykntningeguide, så må ein rekne med litt meir tid, men det
er endå meir givande.
Kontakt oss på:
tlf. 90 77 74 95 eller mail:
[email protected]
Lik oss på facebook, og få informasjon
om alt som skjer
14 | Kårfolkturar/rusleturar
Kårfolkturar sumaren 2015
Rusleturar sumaren 2015
Turane startar onsdag 3. juni og går annankvar
onsdag fram til 23. september. Avreise frå
Sundrehallplassen kl 10.00
Turane startar 27. mai annankvar onsdag. Me
møtast på Sundrehallplassen kl. 10.00. Turane
er ca 4-5 km lange.
03.06
17.06
01.07
15.07
29.07
12.08
26.08
27.05
Grøvovegen - Hovda
10.06Mjælsnatten
24.06
Sirestølen (Vats)
08.07
Torpoåsen Øknin
22.07Fagerdalen
05.08
Kråkhamar - Fristølfjellet
19.08Sangefjell
02.09Fjellstølen
16.09
Trettestølen mot Grytingen
30.09Haugsnatten
09.09
23.09
Hol sentrum – øvrevegen
Torsbu - Mjåvasstølen/evt. Galden
Holtetjørne - Buhovda
Bergsjøstølen - Hestehovstølen
Kråkhamarvegen – Hengsen
Veståsen: Nyset – Storehøgdi
Holsåsen: Nysetfjellet –
Brenthovd
Bosset–Svarthamarnatten –
Fjellheim
Breiset – mot Grytingen
Kontaktpersonar:
Halle Perstølen tlf. 32 08 13 69
Tordis Bretun tlf. 95 25 12 10
Mons Georg Rud tlf. 92 85 23 32
Kontaktpersonar:
Guri Espegard tlf. 32 08 42 98
Sigrun Solheim tlf. 92 88 38 89
Foto: Heidi M. Oskam
Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 15
Ål52 og vandreprogrammet - “10 turfavorittar i Ål”
Kjøp deg klyppekort så du kan samle turar og bli eigar av Ål-52 kruset. Også
trekkpremiar blant alle som skriv seg inn i turbøkene, med eller utan klyppekort.
På Instagram kan du vere med i fotokonkurranse. #ål52 då du er på
dei 10 turfavorittane. Konkurransereglar: du må følgje instagramkontoen til alturistinfo og ha open profil.
Sommaren 2015 er dette dei 10 turfavorittane med postkasse og klyppekort:
•
Vats: Nedre Hesthovda
•
Vats: Vardehovda
•
Leveld: Steinstugu til Eivind Fredlaus
•
Votndalen: Sehlsbergi
•
Votndalen: Såta
•
Torpo: Rikansrudkamben
•
Sundre: Kulufossen
•
Øvre-Ål: Buhovda
•
Veståsen: Dyna
•
Sangefjell: Sangenuten
Sjå den nye brosjyra for Ål52, og gå inn på www.aal52.no for meir
informasjon, detaljerte kart, turskildringar og høgdeprofilar.
Ved spørsmål kontakt Ål Turistinformasjon, tlf. 32 08 10 60 /
[email protected]
16 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon
Litt av det som skjer
i Ål komande halvår
18 Hallingskarvet Triathlon hallingtri.no
23- 26
Hillbilly Huckfest www.hokkfest.no
25
Ål-dagen - marknadsdag med stands, aktivitetar,vassgraut og auksjon
www.al.no
26
VAMP i ferieparken www.feriepark.no
MAI
23 - 31 Folkemusikkveka
www.folkemusikkveka.no
Konsertar, dans, springarkurs, tevlin-
gar, ynskjekonsert, kyrkjekonsert m.m.
Nokre av høgdepunkta:
29.5. Odd Nordstoga, Sundre Jetset og Toradertrioen
30.5. Moro i Myren m/ hallingdans
tevling. Stein Torleif Bjella. Festkveld med KVARTS m.fl.
31
Konsert med Jerusalem – Sundrehall
AUGUST
v 31-33: Kulturvandring - opplev kulturskattane i Ål sentrum. www.al.no
1
Stølsdag på Gaurhovd
8
Konsert med Hellbillies i ferieparken www.feriepark.no
9
Auksjon på Kortgarden
15
Leikskeid i Iungdsdalen
14 -16 Ål Cup Fotball. www.aalcup.no
JUNI
3
Konsert m/ Kari Bremnes med band www.aal.kulturhus.no
17
Musikal; Eivind Fredlaus v/ 7. trinn Nedre Ål-skule, www.aal.kulturhus.no
18-21
Nye Hallingtreffet Trekkspelfestival i ferieparken. www.hallingtreffet.no
JULI
Kvar Kulturvandring - opplev kulturskattane
veke i Ål sentrum. www.al.no
3-5
Fiskehelg og villfiskfestival www.al.no
Fleire detaljar og siste nytt om alle arrangement
i Ål finn du på arrangementskalenderen
www.al.no. Der finn du og info om turane til
Ål Turlag og Ni på Tøpp på Torpo. Sjå også
www.aal.kulturhus.no.
Oversikt over alle arrangement i heile Hallingdal
finn du på http://kvaskjer.hallingdal.no
Følg og med på:
Ål i Hallingdal
Ål Turistinformasjon
Velkommen til ny folkefest i Myren under
Folkemusikkveka i Ål, torsdag 28.,
fredag 29. og laurdag 30. mai.
Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 17
Attraksjonar og
sommaraktivitetar i Ål
Sjå www.al.no for informasjon om:
Aktivitetar
vandring/ Ål52/”10 turfavorittar i Ål” – sykling
– fiske – riding – klatring/buldring - opne stølar
–kulturvandring – båt/kano/kajakk – Ål skulepark
- badeplassar m.m.
Attraksjonar
Torpo Stavkyrkje - Nesch-museet – Hallingrosa
– Ål Bygdamuseum – Ål Stavkyrkjemuseum
– div. kulturminne – Witteveen Keramikkverksted
m.m.
Hallingdal Feriepark
•
•
•
•
•
Klatreparken Høyt & Lavt Hallingdal
Ørnestup og zip-line
Hurramegrundt Kjempe Lekeland
Hallingkastet lekepark oppetter veggen
Hallingdal 4H-gård
og mykje anna!
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Ål Turistinformasjon
Opningstider 22.06 – 16.08
Måndag - Fredag 08.30 - 18.00
Laurdag
10.00 - 15.00
Sundag
Stengt
Opningstider resten av året:
Måndag – fredag 08.30 – 16.00.
Aktuelle brosjyrer
Ål-52 brosjyre (ny)
Bergsjøområdet sommarbrosjyre
Sportsfiske i Ål
Kulturhusprogram
Kulturbeite - Ål sine kulturskattar
Flyer om kulturvandring i Ål (ny)
Ål heilårsbrosjyre
Aktuelle kart
Sentrumskart - Reineskarvkartet –
Kart for Veståsen - Sykkelkart Ål/Gol/
Hemsedal
Aktuelle nettstader
www.al.no – www.aal.kulturhus.no ––
www.feriepark.no
18 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon
Sjå kulturskattane i Ål
Gjennom heile året er det høve til å vera med
på ei kulturvandring med kunnskapsrike, lokale
kjentfolk i Ål sentrum. Slik kan du bli betre kjent
med noko av kulturbeitet i Ål. Nesch-museet,
Hallingrosa og Ål Stavkyrkjemuseum er blant
kunst- og kulturskattane vandringa går innom.
I tida 1.7. - 15.8. er det kulturvandring to gonger
i veka.
Onsdagar kl. 16.00
Laurdagar kl. 13.00
Pris kr. 100,-.
Frammøte ved Ål Turistinformasjon i
kulturhuset.
Grupper kan bestille vanleg guida kulturvandring
eller eit skreddarsydd opplegg med hovudfokus
på spesielle tema og evt. innkl. servering og
kulturinnslag. Ideelt både for bedrifter, lag/ organisasjonar eller andre som ynskjer å oppleve
noko spesielt i saman.
Meir informasjon finn du på www.al.no, i brosjyra
kulturbeite og i ny flyer som fortel spesielt om
kulturvandringa.
Hallingdal satsar saman på
terrengsykling og langrenn
Hallingdal ynskjer både å bli Noregs beste
region for terrengsykling, og å synleggjere og
utvikle Hallingdal som ein av landets beste
langrennsdestinasjonar.
Interessa for langrenn er aukande, og terrengsykling er i kraftig vekst både i inn- og utland.
Her i Hallingdal har me stor føresetnad for å
gjera terrengsykling til ein hovudattraksjon i
sommar-sesongen, og med noko tå det beste
skiløypenettet i landet har me stort utviklingspotensial på tvers av regionen.
Alle dei 6 destinasjonane i Hallingdal og Regionrådet for Hallingdal jobbar no i 2015 saman
om både eit langrennsprosjekt og eit terrengsykkelprosjekt.
For meir informasjon om terrengsykkelprosjektet
sjå www.trakknroll.no og for informasjon om
langrennsprosjektet kontakt Ål Utvikling AS som
er prosjektansvarleg.
Kontakt/ bestilling: Ål Turistinformasjon
Foto: Heidi M.Oskam
Foto: Vegard Breie
17. mai i
Ål 2015
Sundre:
07.15 Hornmusikk på Sundre, Ål musikkorps.
07.50 Lurblåsing frå Sundreberget og Vestlia ved Embrik Kløkk.
08.00 Flaggheising i Kulturtorget ved Speidarane i Ål, og
kransnedlegging på stavkyrkjetomta.
08.30 Samling i Bakkestugu, Ål bygdamuseum, program v/ Ål Spel- og dansar-
lag. Servering.
09.15 Flaggborga går frå Leksvol til Sundre/Ål kyrkje.
09.45 Minnestund v/bautaen v/Ål kyrkje. Tale v/Anne Kjersti Frøyen, korsong.
10.00 Folkemusikkgudsteneste v/prost Vigdis Moen Storhaug.
10.45 Flaggborg frå Ål kyrkje til Ål kulturhus.
11.15 Oppstilling til barnetog/folketog nedanfor Ål kulturhus.
11.30 Stort barnetog/folketog: frå Ål kulturhus-Ål helsetun-Sundrehall-Sundre-
Solhov-Hallingdal Feriepark (framme kl. 12.15).
12.15 Salg av småmat og kaffimat i Hallingdal Feriepark
13.00 Festprogram frå scena i Hallingdal Feriepark: Tale v/Tone Tveito Eidnes, Ål musikkorps, korps i skulen, elevar v/Ål kulturskule, kveding
v/Torill Kalvågnes og Vårin Stave, m.fl.
14.00 Leik og moro i Hallingdal Feriepark v/FAU Nedre-Ål skule.
18.00 Fest på Kårstugu, mat/underhaldning/dans
18.00 Gratis kino på Ål kulturhus, Sauen Shaun - Alle
19.00 Gratis kino på Ål kulturhus, The Duff - 11 år
Foto: Hilde L. Bjørnsvik
Nordbygdane:
11.30 Barnetoget startar på Sundre
12.30 Gudsteneste i Leveld kyrkje v/Frank Vorhaug
13.30 Salg småmat, kaker mm på Leveldtun
Prisar: Vaksne kr. 200 - småmat/kakebord, kr. 100 - kakebord m/drikke
Born: kr. 70 - småmat, pølser, is, brus
Familiepris: maks kr. 600
15.30Festprogram
16.00Gråtasstog
19.30 Fest på Vats bedehus
Breie:
13.00 17. mai-fest på Breie grendehus.
Torpo:
10.00
10.45
11.00
12.00
12.30
13.00
Barnetoget stiller opp på skuleplassen. Torpo drilltropp drillar.
Diktlesing v/elevar frå Torpo skule.
Kranspålegging ved bautaen. Tale av elevar i 7. klasse
Festgudsteneste i Torpo kyrkje v/ Frank Vorhaug
Barnetoget går attende til Torpo skule
Lite show v/Torpo Drilltropp på skuleplassen
Ein gratis is til borna
Sal av småmat og kaffimat, pølser og is
Leik og moro på skuleplassen
Opheim:
13.00 Fest på Opheim grendahus. Sal av småmat og kaffimat.
Sando:
14.30
16.30
Gratis utdeling av pølser, brus og is til alle born tom 10. klasse
Matsalg, Småmat, kaffi og kaker
Aktivitetar for born og vaksne.
Sandostafett, premieutdeling, underhaldning
Riv ut og ta med på 17. mai