og velferdsdirektoratet

Transcription

og velferdsdirektoratet
Saksbehandlar, innvalstelefon
Tor G. Turøy, 55 57 22 22
Vår dato
03.12.2015
Vår referanse
2015/15646 721.9
Dykkar referanse
Stine Glosli
Arbeids- og velferdsdirektoratet
[email protected]
Spørsmål om korleis ein skal forstå forskrift om sosiale tenester for personar
utan fast bopel i Noreg, med utgangspunkt i ei konkret sosialklagesak
Fylkesmannen i Hordaland viser til samtale med Arbeids- og velferdsdirektoratet på Statens
hus i Bergen den 4. november 2015 om ei konkret sosialklagesak og om korleis ein skal forstå
forskrift om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg. Vidare viser vi til vårt
nettoppslag 23. november og til artiklar i Bergens Tidende 1. desember og 3. desember.
Sosialklagesaka
Den konkrete sosialklagesaka gjeld ein rumensk familie som søkte om sosialhjelp på Nav
Bergenhus. Familien er på to vaksne og fire born i skulealder. Søknaden var todelt:
 Hjelp i ein naudsituasjon til livsopphald og bustad
 Hjelp i ein naudsituasjon til heimreise til Romania
Familien kom til Noreg med eigen bil den 29. august 2015. Dei fortalte at dei var lova arbeid,
men har ikkje fått det. Under opphaldet i Noreg har dei tigga. På søknadstidspunktet var dei
utan pengar. Dei har budd privat i Bergen, men måtte flytte ut 2. november. Barna har ikkje
gått på skule i Noreg. Klagar har ein gong tidlegare fått sosialstønad frå Nav Bergenhus, i mars
2014 fekk han stønad til mat og togreise til Oslo.
Nav Bergenhus vurderte at familien var i ein naudsituasjon. Difor hadde han avgrensa rett til
sosialhjelp. Nav-kontoret innvilga i vedtak av 29. oktober 2015 sosialstønad med 1000 kroner
til bensinutgifter frå Bergen til Oslo og 800 kroner til mat. Nav avslo å gje hjelp til bustad.
Nav-kontoret grunngav vedtaket sitt med mellom anna:
«Dersom en person befinner seg i en nødsituasjon og ikke kan sørge for sitt livsopphold, har
vedkommende likevel rett til hjelp. Personens ambassade vil kunne være behjelpelig med å
opprette kontakt med kilder i hjemlandet hvis vedkommende ikke klarer dette selv. Etter at
personen har fått slik bistand, har vedkommende ikke lenger krav på økonomisk stønad." Du
fyller derfor ikke krav på sosialhjelp fram til dere er kommet til Romania, bare fram til
landets ambassade i Oslo.»
Klagar fortel at familien ikkje kan få bistand frå «kilder i hjemlandet», og at ambassaden ikkje
hjelper dei med heimreise. Familien bad difor om tilstrekkeleg hjelp til å kome attende til
Romania. Om dette, skriv Nav-kontoret:
Statens hus
Kaigaten 9, 5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
Telefaks: 55 57 28 51
Helse- og sosialavdelinga
Postboks 7310
5020 Bergen
Org.nr: 974760665
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/hordaland
«Sosialtjenesten er klar over at den rumenske ambassaden ikke betaler for hjemreise for
strandede borgere.» … «Det faktum at den rumenske ambassaden ikke betaler for hjemreise
for sine borgere, kan ikke i seg selv utløse en plikt for sosialtjenesten til å dekke familiens
reiseutgifter til Romania.»
Fylkesmannen var samd med Nav i at familien ikkje har full rett til sosialhjelp, men berre rett
til avgrensa hjelp i ein naudssituasjon. Fylkesmannen var derimot ikkje samd i at sosialstønad
til å kome til Oslo, der Romania har ambassade, var tilstrekkeleg til å avhjelpe naudssituasjonen. Når det er klarlagt at familien ikkje vil få hjelp frå ambassaden og det ikkje er
haldepunkt for at dei kan få bistand frå kjelder i heimlandet, må Nav dekkje nødvendige
utgifter til heile heimreisa. Difor oppheva vi Nav-kontoret sitt vedtak.
Kva form for sosialhjelp har EØS-borgarar i ein naudsituasjon rett til?
Forskrifta om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg seier at EØS-borgarar som
søkjer etter arbeid kan opphalde seg i Noreg i seks månader, men har då i utgangspunktet
ikkje krav på anna sosialhjelp enn opplysning, råd og rettleiing. Etter forskrifta er det gjort
unntak for personar som er i ein naudsituasjon:
«Hvis en person som nevnt i første ledd ikke kan sørge for sitt livsopphold, har vedkommende
rett til økonomisk stønad og hjelp til å finne midlertidig botilbud i henhold til loven. Hjelp gis
inntil vedkommende kan forventes å få bistand fra kilder i hjemlandet.»
Arbeids- og velferdsdirektoratet har presisert dette nærare i rundskriv 35 til sosialtenestelova:
«Hvis en person befinner seg i en nødssituasjon og ikke kan sørge for sitt livsopphold, har
vedkommende likevel rett til hjelp. Vedkommende kan ha rett til økonomisk stønad og midlertidig botilbud til det kan forventes at det vil være mulig å få bistand fra kilder i hjemlandet.
Dette vil i hovedsak dreie seg om bistand fra familie, venner, gjennom bankforbindelser eller
lignende for å kunne fortsette det lovlige oppholdet i Norge eller for å kunne dra fra landet.
Personens ambassade vil kunne være behjelpelig med å opprette kontakt med kilder i hjemlandet hvis vedkommende ikke klarer dette selv. Etter at det må kunne forventes at personen
har fått slik bistand, har vedkommende ikke lenger krav på økonomisk stønad og midlertidig
botilbud.»
Det rundskrivet ikkje svarar på er rettssituasjonen i dei høgst aktuelle og praktiske tilfella der
det ikkje kan leggast til grunn at vedkomande vil kunne få bistand frå kjelder i heimlandet
eller få hjelp til heimreise frå landets ambassade. Vi ber om at Arbeids- og velferdsdirektoratet
presiserer nærare kva form for sosialhjelp EØS-borgarar har rett til i ein slik naudsituasjon og
om det eventuelt fins avgrensingar i den naudrettsforpliktinga som er eit grunnleggjande
prinsipp i sosial- og helselovgivinga vår.
Når det står i forskrifta at «Hjelp gis inntil vedkommende kan forventes å få bistand fra kilder i
hjemlandet», opphøyrer då retten til sosialhjelp når vedkomande har fått hjelp til å kome i kontakt med kjelder i heimlandet? Eller kan vedkomande ha rett på sosialhjelp fram til ho eller han
får pengar eller anna hjelp, slik at dei faktisk ikkje lenger er i ein naudsituasjon?
Dersom eit Nav-kontor innvilger sosialstønad til reiseutgifter i ein naudsituasjon, er det då nok
å innvilge stønad til kome seg til Oslo der landet har ambassade?
2
Vi ber om ei grundig vurdering av dei lovtolkingsspørsmåla denne saka gir opphavet til. Vi
ber om ei raskt svar, då det er viktig for kommunane å få ei avklaring av desse spørsmåla.
Med helsing
Rune Fjeld
assisterande fylkesmann
Øystein Jacobsen
seksjonsleiar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrifter.
Kopi til Bergen kommune v/Byrådsavdeling for sosial, bolig og inkludering
3