Møteprotokoll sak 34-41 i møte 31.8.2015

Transcription

Møteprotokoll sak 34-41 i møte 31.8.2015
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
TITTELBLAD
MØTEBOK FOR LOM FJELLSTYRE
Møtedato: 31. august 2015
Møtestad: Grønbua i Veodalen
Desse var til stades på møtet:
Faste medlemer: Erik Frisvold, Ellen Olasveen, Bjørnar Brustuen og Magnar
Mundhjeld.
Varamedlemer: Harald Onsum Berg for Sigrun Garmo
Andre: sekretær Odd Repp
Møtet vara frå kl.14.00 – 17.00
Saker som vart behandla:
Sak nr./år: 34/2015 – 41/2015
Underskrifter:
Vi stadfestar med vår underskrift at det som er ført på sidene f.o.m. 63 t.o.m. 77 er i
samsvar med det som vart vedteke:
Utskrifter:
Hovudutskrift av protokoll går til:
 Lagt ut på Lom fjellstyre si heimeside www.lom-fjellstyre.no
63
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
34/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Magny Hilde
Møtedato: 31.08.2015
REFERAT OG MELDINGAR.
A.
B.
C.
D.
E.
F.
G.
H.
I.
J.
K.
L.
M.
N.
150716 Rapport gapahuk, eit samarbeid mellom Lom fjellstyre og 4H
Refusjon oppsyn 2014 frå Statskog
150519 Referat frå møte i Ottadalen Villreinutval
150611 Løyve frå Lom kommune til landing med helikopter ved
Sognefjellshytta 13.6. Transport av skiløparar.
Utskrift av sak nr.25-2015 i Breheimen nasjonalparkstyre. Løyve til
restaurering av bru over Høya ved innløpsosen til Høydalsvatnet - Lom
fjellstyre. Løyvd kr 50.000 til tiltaket.
Lom tildeling friluftsmidlar 2015
150616 Kopi av brev frå Statskog- Løyve til natursti ved Jotunheimen Fjellstue
150616 Kopi av brev frå Statskog til T.Husom- løyve til å setje opp
sperregjerde på Ytterdalen.
150617 Kommunereform og statsallmenningane - brev til kommunar med
statsallmenning
150617 E-post frå kulturarveininga påbygg Andberg seter i Solell 155/1/277
150701 Brev frå Kulturarveininga – positiv uttale til påbygg seterhus.
150804 Kopi av brev frå Statskog til Helge Torkveen -vedlikehald av gjerde
150804 Kopi av brev frå Statskog til Skamsdalen -vedlikehald av gjerde
150817 Kopi av e-post frå Statskog til O.J.Grindvold. Løyve til rydding av
oppsamla masse etter reinsking av elva Dumma.
150818 E-post frå NFS – Om eventuelle tiltak til reduksjon av småviltjakta
2015
Bøvertjønnen hytteforening. Innkalling årsmøte. Årsmelding og rekneskap.
64
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
35/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
335.2
Møtedato: 31.08.2015
Vårdalen statsallmenning.
Avgjerd om kvilebu på dyrkingsparsellen i Smørli som har tilhøyrd Brekka. Ny
behandling.
Sakspapir:
- Brev av 7.7.2015 frå Statskog SF.
- Brev av 31.7.2015 frå Sverre Ramen Brekka.
Saksutgreiing:
Ved frifall av dyrkingsparsellen til Brekka i Smørlia fekk eigaren av Brekka påbod om
å fjerne huset som stod der, alternativt at det vart semje med den nye brukaren av
parsellen om å overta huset. Brukaren som overtok dyrkingsparsellen, Reidar Vestad,
har seter og seterhus like ved, og har ikkje behov for noko kvilebu for bruken av
arealet. Eigaren av huset v/Odd Brekka tok kontakt med fjellstyret/Statskog og bad dei
på nytt å vurdere avgjerda om å fjerne huset. Med bakgrunn i dette vart det invitert til
ei synfaring for å sjå på huset den 10. juni d.å., der Odd Brekka, Trond Berger frå
Statskog, alle fjellstyremedlemene og fjelloppsyn Odd Repp deltok.
Statskog v/Berger skisserte under synfaringa, og seinare med brev dagsett den
7.7.2015, ei løysing som gjekk ut på at det med medhald i § 12 i fjellova vart oppretta
eit feste med avgift på landbruksbygg knytt til garden Brekka, og ikkje kan skiljast frå
dette utan samtykke frå Lom fjellstyre og Statskog. Som grunngjeving for dette skriv
dei "at vi i lignende saker andre steder har gjennomført dette, og at en ved befaringen
så at bygget ligger i et hjørne av dyrkingsparsellen, tett ved veg og at det er lite trolig
at en slik løsning vil kunne være til vesentlig skade for noen med bruksrett. Dersom
gårdsbruket Brekka på et senere tidspunkt skulle få behov for tileggsjord, vil en
eventuelt kunne henvise rettighetshaver til å bruke kvilebua om arealet utvises i
nærheten, og i så tilfelle vil vi kunne slette kravet om avgift."
Denne løysinga føreset at Lom kommune godtek frådelinga av tomta til
landbruksbygg.
Statskog ber i brevet om uttale frå fjellstyret i samsvar med § 12 i fjellova.
Sverre Ramen Brekka har i brev av 31.7.2015 til fjellstyret kome med nokre meiningsytringar om festet i Smørlia har hatt status som seter eller dyrkingsjord. Han meiner at
parsellen som huset ligg på, vart utvist og alltid har hatt status som seter. Dette
medfører at det er frifallsreglane som gjeld for seter, som må leggjast til grunn i
vurderinga om frifall for arealet og påståande hus. Han ber om at "fjellstyret vurderer
om dette er ei seter med tilliggende rettigheter. Alternativt er at Fjellstyret/Statskog
gir ett vederlagsfritt feste på seterhuset som for all fremtid skal følge Brekka."
Avslutningsvis skriv han at han håpar saka kan løysast slik Brekka kan behalde
seterhuset. Vedlagt brevet fylgde kopi av m.a. kjøpekontrakt mellom den fyrste
eigaren av parsellen, Ola Byre, og daverande eigar av Brekka, Anton K, Brekka, samt
andre dokument der festet er nemnt som seter.
65
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Opplysningar og merknader:
Løysinga som Statskog skisserer, vil ikkje vera i tråd med den praksis som Lom
fjellstyre utøvde i eit liknande tilfelle på Nåvårseter i 2001. Dette treng likevel ikkje
vera til hinder for at det eksisterande fjellstyret utøver eit anna skjønn enn fjellstyret
gjorde den gongen. Statskog viser til at det andre stader har vorte vald andre løysingar
enn å krevje hus fjerna.
Til det Sverre Ramen Brekka hevdar om at festet har hatt status som seter, er å seie at
parsellen opprinneleg vart utvist som seter til Ola Byre. Kva som står i kjøpekontrakta
mellom Ola Byre og Anton K.Øyen har likevel ingen konsekvens for kva som rettsleg
har vore det korrekte. Da fjellstyret i 1975 fekk oversendt denne kjøpekontrakta frå
Statskog til uttale, skreiv Statskog at "Det er opplyst at Anton K. Øyen skal bruke
parsellen som tilleggsjord til sin eigedom." Samstundes bad Statskog fjellstyret
opplyse om parsellen var utvist som seter eller dyrkingsjord.
Da fjellstyret behandla saka, sak nr. 34/1975, gjorde dei slik samrøystes vedtak:
"Fjellstyret er samde om å tilrå kontrakta mellom Anton K. Øien, Garmo og Ola Byre,
Garmo om kjøp av den inngjerda tilleggsjorda i Smørlia. Fjellstyret rår til at det vert
oppretta festeseddel på tilleggsjord."
Det har aldri eksistert nokon festekontrakt på seter mellom Statskog/fjellstyret og
Anton K. Øyen, og det har heller aldri vore drive seterbruk her. Fjellstyret og Statskog
vurderte og tok avgjerd om dette i 1975, og har sidan ikkje vore gjenstand for ny
vurdering. I brev av 25.11.1976 til Anton K. Øyen gav Statskog løyve til oppføring av
kvilebu på den aktuelle parsellen. At det i brev av 26.5.1977 frå Lom og Skjåk
sparebank til Anton Brekka står at det er innvilga lån til seterhus, har ingen relevans i
denne samanhengen.
Fjellstyret si tilråding:
Fjellstyret tilrår at det vert oppretta eit feste med avgift på landbruksbygg knytt til
garden Brekka, slik Statskog skisserer. Festet skal ikkje kunne skiljast frå garden utan
samtykke både frå Statskog og fjellstyret, og det bør setjast vilkår . Dersom garden
seinare får utvist tilleggsjord på nytt, som huset kan brukast som kvilebu til, fell
festeavgifta bort.
Når det gjeld den vurderinga Sverre Ramen Brekka ber fjellstyret gjera om parsellen
med påståande hus er seter eller ikkje, viser fjellstyret til det som er sagt i merknadene
til saka, og at det aldri har vore tvil om statusen til parsellen.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Statskog SF – berre som e-post
- Sverre Ramen Brekka, Ottadalsvegen 4596, 2685 Garmo
66
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
36/2015
Arkiv nr.: 352.2
Saksbehandlar: Odd Repp
Møtedato:
31.08.2015
Vårdalen statsallmenning.
Høyringssak. Detaljreguleringsplan for Bjønnskardet hytteområde i Vågå og
Lom kommunar.
Sakspapir:
 Følgjebrev datert 24.06.2015, med plandokument, for høyring og offentleg ettersyn
- detaljreguleringsplan for Bjønnskardet hytteområde - Vågå og Lom kommunar
 Fjellstyresak nr. 33/2002 med sakspapir
Saksutgreiing:
Forslag til reguleringsplan for området Bjønnskaret – Måne har tidligare vore starta
opp, men vore stoppa på grunn av funn av kulturminne i området. Konsulentfirmaet
AT Plan AS starta ny planprosess av hytteområdet i juli 2013, på vegne av
grunneigarane. Planområdet ligg i all hovudsak i Vågå, men ein del av tilkomstvegen
til hytteområdet ligg innafor Lom kommune.
Formålet med reguleringsplanarbeidet er å leggje til rette for tomter for fritidsbustader.
Kommunedelplan for Måne var vedteke i kommunestyre 14.10.2003, og området er
regulert til LNF1-område (Forbod mot spreidd utbygging utanom stadbunden næring).
Detaljreguleringsplanen for Bjønnskardet hytteområde har vore lagt ut til offentleg
ettersyn og høyring i Vågå og Lom kommunar med frist for uttale innan den 20. august
d.å. Etter førespurnad fekk fjellstyret utsett fristen til etter møtet fjellstyret hadde
tidfesta til den 31. august.
Opplysningar og merknader:
Fjellstyret har både i sak nr. 66/2001 og i sak nr. 33/2002 behandla søknad om løyve til
å framføre veg over statsallmenningen i ei strekning på 3-400 meter frå Bjønnskaret til
privat grunn i Vågå, i tilknyting til hyttefelt i området.
Fjellstyret/Statskog har ikkje hatt sterke innvendingar mot dette, men har påpeika at
både bruksrettshavarane til skogsvirke i området og fjellstyret/Statskog må sikrast rett
til å kunne nytte vegen ved behov. Viss det ved omdisponering av allmenningsarealet
til andre formål enn i dag vert behov for veg, må det takast atterhald om at
fjellstyret/Statskog også skal kunne sikrast rett til bruk av vegen til dette formålet.
Fjellstyret si tilråding i sak 33/2002 lydde slik:
”Fjellstyret har ikkje innvendingar mot at det på visse vilkår blir avsett veggrunn til
framføringa av vegen over allmenningsgrunn, slik det er søkt om.
Det må vera eit ufråvikeleg vilkår at vegen kan nyttast i tilknyting til eit eventuelt
hyttefelt på statsallmenningen i same området, og at vegen kan nyttast av
bruksrettshavarane ved uttak av skogvirke i området.”
Erik Frisvold erklærte seg inhabil til å delta i behandlinga av saka, som ein av
interessentane bak planen. Fjellstyret samtykte i dette, og erklærte han til å vera
inhabil.
67
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Fjellstyret si uttale:
Fjellstyret har ikkje innvendingar mot at det på visse vilkår blir avsett veggrunn til
framføringa av vegen over statsallmenningen.
Det må vera eit ufråvikeleg vilkår at vegen kan nyttast av bruksrettshavarane ved uttak
av skogvirke i området, av fjellstyret og Statskog ved behov, og i tilknyting til eit
eventuelt hyttefelt på statsallmenningen i same området.
Ut over dette har ikkje fjellstyret merknader til forslaget til reguleringsplan.
Samrøystes.
Utskrift av saka går til:
- Vågå kommune – berre som e-post
- Lom kommune – berre som e-post
- Statskog SF – berre som e-post
68
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
37/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
362.1
Møtedato: 31.08.2015
Vårdalen statsallmenning.
Søknad om løyve til oppføring av gjerde rundt fritidshytte i beitetida for storfe,
frå Per Haslerud.
Sakspapir:
- Kopi av søknad dagsett den 22.6.2015 frå Per Haslerud.
- E-post den 30.6.2015 frå Statskog SF.
Saksutgreiing:
Statskog SF har med e-post den 30.6.2015 oversendt kopi av søknad frå Per Haslerud,
eigar av fritidsfeste nr. 22 på Nåvårseter i Vårdalen statsallmenning, om løyve til å
oppføre eit gjerde rundt hytta si, som dei ber om fjellstyret si uttale til.
Han skriv i søknaden sin m.a.: Det er en god del beitedyr i området og dermed
problemer med mye kumøkk rundt hytteveggene. Vi vil derfor søke om vi kan sette opp
et midlertidig gjerde i perioden 1 .juli til 15. September. Gjerde vil bli helt fjernet
hvert år når beitesesongen er slutt. Gjerdet skal bare være rundt bilen og mot
inngangen på hytta, ellers et par meter fra hytteveggen. På to av sidene kan
hytteveggene fungere som"gjerde".
Opplysningar og merknader:
Det er ikkje tillate å oppføre gjerde rundt fritidshyttene i statsallmenningen, utan at det
har vore gjeve spesielt løyve til dette. Fjellstyret og Statskog har praktisert dette
strengt og det er berre unntaksvis det har vore dispensert frå denne regelen. Dei
aktuelle tilfella er i første rekkje i tilknyting til hytter som har vorte utviste i eller tett
inntil seterstular, der seterhus har vorte endra til fritidsfeste, eller der det har vorte
oppretta erklæring om avgiftsfrie feste på seterhus. Felles for dei alle er, eller har vore,
ei nær tilknyting til aktiv beitebruk av storfe, og gjernast etter eit ønskje både frå
beitebrukarane og hytte-/setereigarane.
Denne hytta ligg i nærområdet til Nåvårseter, som har eit ganske stort beitetrykk av
storfe. Det er derfor forståeleg at beitedyra til tider kan bli innpåslitne og forårsake
problem med møkk rundt veggene, til irritasjon for hytteeigarane. På ei anna side kan
seiast at beitedyra har den lengste og sterkaste tilhøyrigheita til området, og at dei som
ønskjer fritidsfeste inntil slike seterområde må akseptere beitebruken og dei ulempene
dette medfører for dei.
På synfaring i området den 31. august såg fjellstyret på forholda ved fritidshytta, og
drøfta problemstillinga.
Fjellstyret si tilråding:
Fjellstyret tilrår at søknaden om løyve til å oppføre gjerde rundt fritidshytta vert
avslegen.
Ulemper med beitedyr tidvis gåande inntil hytteveggene er gjengs for dei aller fleste av
fritidshyttene i allmenningen, og fjellstyret finn det vanskeleg å gje dispensasjon til ein
søkjar framfor mange andre som har same ynsket.
69
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
For å redusere og unngå problemet heilt ved inngangsdøra, vil ein liten platting med
rekkverk rundt truleg vera til hjelp, og fjellstyret stiller seg positive til eit slikt tiltak.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Statskog SF – berre som e-post
- Per Haslerud, Haslerudgutua 16, 2750 Gran
70
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
38/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
Møtedato: 31.08.2015
Høyringssak.
Uttale til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilhøyrande
verneområde.
Sakspapir:
- Høyringsdokumenta finn du på desse nettsidene:
http://www.nasjonalparkstyre.no/Breheimen/Nyhende/Hoyring
Saksutgreiing:
Framlegg til forvaltningsplan, versjon 09.04.2015 er lagt fram. Verneplan for
Breheimen vart vedteke den 7.august 2009.
Lom fjellstyre har sett på dei forholda som vedkjem bruksrettsinteressene i den delen
av
nasjonalparken og landskapsvernområdet som ligg i Lom.
Forvaltningsmåla som gjeld landbruk i området er:
-at verneområda skal nyttast som ressurs for jord- og skogbruket innanfor rammene av
verneformåla
-at dagens bruksform skal vidareførast og utviklast i tråd med utviklinga
-ønskje om at husdyrbeite skal halde fram i området
-at kulturlandskapet skal haldast ope ved beiting så langt som mogleg
I forslaget til forvaltningsplan er det gjort greie for retningsliner for beiting,
kultivering, gjerde, sanketrøer og bruk av saltsteinar. Beiting er tillate. Vernet skal som
hovudregel ikkje vere til hinder for vedlikehald av gjerde og sanketrøer. Det kan
gjevast løyve til ombygging og oppsetting av nye gjerde, sanketrøer og liknande.
Gjerde som ikkje er i bruk, skal fjernast. Forskriftene er ikkje til hinder for å setje ut
saltstein i dette området.
Reglane er ikkje til hinder for drift, rydding og vedlikehald av jordbruksareal ved Søre
Høydalen seter og Nordre Høydalen seter. I Høydalen landskapsvernområde kan det
etter søknad gjevast løyve til oppattaking av jordbruksdrift på nedlagde setervollar.
Kultivering av eksisterande kulturlandskap knytt til setrene er ønskjeleg, men
beitekultivering må det søkjast om. Nydyrking skal vurderast i høve naturverdiane i
kvart tilfelle.
Vernereglane er ikkje til hinder for vanleg vedlikehald av eksisterande bygningar og
anlegg.
Vedhogst kan skje utan søknad i Høydalen landskapsvernområde.
Vernereglane er ikkje til hinder for vedlikehald av eksisterande veg til Nordre
Høydalen. Når det gjeld anleggsvegen frå Nordre Høydalen til Bukkebotn står det at
forvaltningsmyndigheita kan gje løyve til opprusting og vedlikehald av i samsvar med
71
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
tiltak etter pkt. 1.2 eller pkt.1.3 i §3 i Forskrift for Høydalen landskapsvernområde. I
retningslinjene står det om denne vegen at løyve til vedlikehald kan gjevast " i
samband med tiltak på eksisterande energi- og kraftanlegg".
Opplysningar og merknader:
Vernet er i hovudsak ikkje til hinder for vanleg jordbruksinteresser i
landskapsvernområdet i Høydalen.
Det kan vere viktig for ettersyn av dyr og uttak av ved at vegen mot Bukkebotn blir
halde vedlike. Derfor kan det peikast på at også jordbruksinteresser bør vektleggast
ved vurdering av løyve til vedlikehald av denne vegen.
Fjellstyret si uttale:
Lom fjellstyre viser til "Framlegg til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark og
tilgrensande verneområde" pkt. 3.8.3 om vegar og parkering, "Retningslinjer for
forvaltning og bruk", om Høydalsvegen. Fjellstyret vil peike på at for vegen frå Nordre
Høydalen til Bukkebotn bør det kunne gjevast løyve til opprusting og vedlikehald også
av omsyn både til bruksutøvinga og forvaltninga av jakt og fiske i statsallmenningen.
Ut over dette har ikkje fjellstyret vesentlege merknader til framlegget, men meiner at
det i forvaltningsplanen er teke bra omsyn til dei interessene fjellstyret forvaltar og
skal ivareta.
Samrøystes.
Utskrift av saka går til:
- Breheimen nasjonalparkstyre v/nasjonalparkforvaltar Bjørn Dalen – som epost.
- Fylkesmannen i Oppland – som e-post.
72
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
39/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
335.2
31.08.2015
Leir- og Bøverdalen statsallmenning.
Søknad om ombygging av steinfjøs på Kjæstad si seter i Foss. Ny behandling.
Sakspapir:
- Fjellstyresak 23/2015 med sakspapir
- 150616 Kopi av brev frå Statskog til K.Kjæstad-ombygging av fjøs i Foss
- 150630 Brev frå Kulturarvenheten OFK. Kjæstad seter i Foss.
Saksutgreiing:
Anne Kjæstad Veggum og Kristen Kjæstad søkte med brev dagsett den 9.4.2015 om
løyve til å bygge om seterfjøset sitt i Foss. Dei driv med mjølkekyr og nyttar setra til
beite for avsina mjølkekyr og ungdyr i perioden frå ca. 1. juli til 1. september.
Lom fjellstyre handsama søknaden på møte den 15.06.15, sak 23/2015, og gjorde slikt
samrøystes vedtak:
"Fjellstyret stiller seg positive til søknaden og gjev med atterhald løyve til
ombygging/utviding og omdisponering av seterfjøset i Foss, slik det er søkt om.
Fjellstyret tek atterhald om at regional kulturminnestyresmakt og Statskog SF ikkje
har innvendingar til tiltaket. Det må vidare innhentast løyve til bygginga frå dei
lokale bygningsmyndigheitene."
I brev av 16.06.2015 skriv Statskog at dei ikkje har innvending til tiltaket, og vil kome
tilbake til ei avtale når uttale frå kulturminnestyresmakt føreligg, og byggeløyve frå
kommunen er gjeve.
I brev av 30.06.2015 frå regional kulturminnestyresmakt, blir det fråråda å gjeve løyve
til tiltaket. Fjellstyret tok i løyvet sitt atterhald om at dei ikkje hadde innvendingar til
tiltaket, og må såleis vurdere søknaden på nytt, i lys av det kulturminnestyremaktene
har uttala, som i uttala skriv:
"Kulturarvenheten mener den omsøkte ombyggingen av steinfjøset vil endre preget
som seterhus betydeleg, og vil derfor fraråde å tillate tiltaket. Kommunen, som lokal
kulturminnemyndighet, må vurdere den lokale verneverdien i å bevare dette steinfjøset
som en del av det tradisjonelle setermiljøet i området, og foreta en avveiing mellom
dette hensynet og hensynet til eigers ønske/behov.
Dersom det likevel tillates en ombygging av steinfjøset, bør denne bli helt marginal.
Ombyggingen bør skje innenfor eksisterende bygningskropp, volumet bør ikke endres.
Vindusåpninger bør begrenses i henhold til det som er kravet til rømningsveger og kan
innpasses i gavlveggene etter opprinnelig stil, slik som vist på vedlagte tegning.
Vindusåpninger i langsidene er ikke aktuelt siden bygningsvolumet ikke endres.
Døråpningen bør ha de opprinnelige dørene intakt, mens det for eksempel kan settes
inn en mer moderne dør innenfor. All demontering bør skje varsomt slik at verdifulle
spor, materialer og detaljer tas vare på og kan gjenbrukes. Det bør stilles vilkår både i
73
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
fjellstyrets vedtak etter seterforskriften og i en eventuell byggetillatelse som sikrer at
desse kravene følges opp.
I kopi av brev frå Statskog til Kristian Kjæstad den 16.6.2015 føreset Statskog at
fjellstyret har behandla søknaden etter § 24 i seterforskrifta, slik at det vil bli
festeavgift og oppretta ei særskild avtale om huset knytt til garden som ei rettigheit.
Dei tek atterhald om uttala frå fylkeskonservatoren og løyve frå kommunen, og vil
kome attende med eit forslag til avtale når dette eventuelt er i orden.
Opplysningar og merknader:
Det er vanskeleg for fjellstyret å tillate ei så omfattande ombygging av seterfjøset, som
eigaren har skissert og søkt om, når det er så klår ei uttale mot planane frå
kulturminne-styresmaktene. Dette vil truleg også gjelde for eit løyve frå kommunen si
side.
Vedtak:
Saka vert utsett.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Anne Veggum Kjæstad og Kristian Kjæstad, Ottadalsvegen 5521, 2686 Lom
- Statskog SF – berre som e-post
74
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
40/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
335.1
Møtedato: 31. aug. 2015
Vårdalen statsallmenning.
Søknad om løyve til tilbygg til kvilebu på dyrkingsparsell i Havyrju, 157/1/112 –
til Ekle, gnr. 9, bnr. 2.
Sakspapir:
- Søknad dagsett den 29.06.2015 og teikning.
- Skisse av kvilebu og tilbygg.
- E-post den 30.6.2015 frå Statskog.
Saksutgreiing:
Med søknad av 29.06 har Oda Evy Øyen , brukar av Ekle, gnr. 9, bnr. 2, søkt om løyve
til tilbygg på inntil 10 m2 til kvilebua på dyrkingsparsellen på Havyrju, Nordseter i
Vårdalen statsallmenning. Tilbygget skal dekkje behovet for kokeplass, bodplass til
ved og reiskap, og plass til sikker oppbevaring av gassbehaldar.
Søkjar opplyser at fordi sauen no beiter i området, er det auka bruk av kvilebua ved
tilsyn og stell av dyra, og ved slepp og sanking.
Søknad har vore sendt Statskog til uttale, som i e-post den 30.6.2015 skreiv at dei ikkje
hadde innvendingar til søknaden, men sette krav om at fjellstyret godkjente
teikningane.
Opplysningar og merknader:
Utviding av bygningar og anlegg for drift av utvist tilleggsjord er regulert av § 25,
1.ledd i seterforskriftene, der det heiter:
”Når det er nødvendig for drift av utvist tilleggsjord eller for utøving av anna
beitebruk enn setring, eller når det er gitt løyve til utnytting av andre ressursar
som krev bygningsmasse, kan brukaren få føre opp, endre eller utvide hus,
driftsbygningar og anlegg etter retningslinene i andre, tredje og fjerde ledd.
I departementet sin merknad til § 25 står det m.a. vidare: ”Fjellstyret kan setje vilkår
for godkjenninga, og eksempel på vilkår kan vere plasseringa av dei anlegga det er
søkt om, storleiken og tilpassinga i terrenget. Slike søknader skal bli lagt fram for
Statskog til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak.”
Eksisterande kvilebu er frå 1994, og er på 49 m2 inkludert sval på 9m2 . I 1995 vart det
gjeve løyve til ein førebels utedo i påvente av bygging av uthus. Både i søknaden og i
løyvet som vart gjeve, vart det sagt at utedoen ville bli bygt saman med eit nytt uthus,
når søknad om dette kom på eit seinare tidspunkt. Statskog gjorde samstundes med at
det vart gjeve løyve, søkjaren merksam på at for uthus galdt ein maksimal storleik på
10 m2, i brev av 13.7.1995.
Planlagt tilbygg er på 10,2 m2 i tillegg til gang mellom bygga på ca. 1 m2. I søknaden
er det sagt at tilbygget/uthuset skal dekkje behovet for "kokeplass, bodplass for
handredskap og fyringsved, og plass for sikker oppbevaring av propanbeholder." Det
er ikkje planlagt at det skal innehalde utedo, slik det tidlegare var sagt. Av teikninga
75
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
går det fram at delar av den opne svalgangen også er planlagt kledt inn, og bind saman
den eksisterande hytta og tilbygget.
Både planløysinga og funksjonane tilbygget skal ha, ber meir preg av ei utviding av
hytta enn ein funksjon som uthus. For å etterkome ynsket om å få propantanken ut av
opphaldsrommet i kvilebua, kan det eventuelt gjevast løyve til å kle inn delar av
svalgangen, slik at den kan plasserast der. Behovet for vedskåle og lagerplass bør
dekkjast med eit frittståande uthus, der utedoen også må innlemmast.
Vedtak:
Fjellstyret ser på det planlagde tilbygget som ei utviding av den eksisterande kvilebua,
og gjev ikkje løyve til bygginga slik det er søkt om. Fjellstyret meiner at behovet for
kvilebu vil vera dekt med den arealgrensa som er sett på 40 m2. Det kan likevel
tillatast at delar av svalgangen kan byggjast inn, for å etterkome behovet for å plassere
gassbehaldaren utanfor opphaldsrom.
Dersom det er ønske om å oppføre eit separat uthus, der også utedoen er innlemma, vil
fjellstyret stille seg positive til ein slik søknad.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Oda Evy Øyen, Eklevegen 43, 2685 Garmo
- Statskog SF – berre som e-post
76
Møteprotokoll – Lom fjellstyre
Sak nr.:
41/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
335.3
Møtedato: 31. aug. 2015
Leir- og Bøverdalen statsallmenning.
Søknad om løyve til utplassering av saltsteinar, frå Pål Ragnar Paulsen.
Sakspapir:
- Søknad dagsett den 31.7.2015 vedlagt kart.
- Skisse av installasjon for saltstein.
Saksutgreiing:
Pål Ragnar Paulsen ynskjer å utplassere nokre saltsteinar for sau på tre plassar i
området Bøvertjønnen-Breidseterdalen-Krossbu. Med brev dagsett den 31.7.2015 har
han sendt kartkopi der plasseringa av steinane er avmerka. Det er tenkt å gjerde inn
steinane slik at dei ikkje vert tilgjengelege for storfe. Ei enkel skisse for korleis dette
er tenkt gjort, vart levert på fjellstyrekontoret tidlegare. Tre stolpar er tenkt plassert
som ein trekant, med ein avstand på 3-4 meter mellom kvar stolpe, og med to kraftige
bord/slinder mellom kvar stolpe. Desse er tenkt festa såpass høgt at sauen går under
dei, men slik at dei skal halde storfeet unna.
Opplysningar og merknader:
Ein av saltsteinane er tenkt plassert ved austenden av Bøvertjønnen og vert innanfor
grensene for Høyrokampen naturreservat. Utlegging av saltsteinar i naturreservatet er
forbode etter vernereglane, så for dette må det eventuelt innhentast dispensasjon frå
nasjonalparkstyret for Breheimen.
Den saltsteinen som er tenkt lagt ut i Breidseterdalen, er avmerka omtrentleg på grensa
for nasjonalparken. Dersom den vert liggjande innanfor parken, må det eventuelt
innhentast løyve til oppføringa av gjerde rundt den, men vernereglane for
nasjonalparken har ikkje forbod mot utplassering av saltsteinar.
Det skal truleg eit kraftig gjerde til for å halde storfeet, som også beiter i området, unna
saltsteinane. Dersom dette ikkje lykkast, må det setjast vilkår om at gjerdet rundt
steinane kan krevjast fjerna att. Steinane med gjerdet rundt bør plasserast slik at dei i
mest mogleg grad er skjerma for innsyn frå vegen, dersom dette let seg gjera.
Saka har ikkje vore offentleg varsla, og det har ikkje vore innhenta synspunkt frå
beiterettshavarar med storfe i området.
Vedtak:
Saka vert utsett, da fjellstyret ynskjer synspunkt frå andre beitebrukarar i området, før
dei gjer vedtak i saka.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Pål Ragnar Paulsen, Kvålsvegen 44, 2686 Lom
- Bøvertun sausankelag v/leiar Per Kveen, Slåligrenda, 2687 Bøverdalen
- Syver Ole Marstein, Bakkebergsvegen 35, 2687 Bøverdalen
77