KYRKJEBLAD - Kirken i Nord-Fron

Comments

Transcription

KYRKJEBLAD - Kirken i Nord-Fron
KYRKJEBLAD
for
NORD-FRON
Nr. 3 • HAUSTEN 2015 • Årgang 60
Kvam kyrkje
Kvikne kyrkje
Peer Gynt-messe med
sokneprest Ingibjørg
Skåbu kyrkje
For andre gong innbaud Kvam sokn til Peer Gynt-messe ved Rondablikk
sundag 9. august. Med Peer på reinsbukken i naturens mektige katedral,
var ramma perfekt. Ein eigen liturgi (utarbeidd av Jens Petter Ous) med
høvelege sitat frå Ibsens frodige drama, og ei preike metta med aktuelle
poeng, gjorde messa til ei tankevekkande oppleving.
For kyrkjelyden var det flott å møte for fyrste gong Nord-Frons
nye sokneprest Ingibjørg Johanndottir. Ho leia litugien med stødig og god
røyst, og foretta dåp av Sigurd Bakkum. Preika var ved Raufoss-presten
Johannes Fjellseth, som i fleire år heldt «Prestens tale»
i Peer Gynt-oppsettinga på Gålå.
Foto: Geir Bakkum
6
KYRKJE0
BLAD
NORDfor
-FRON
år
Sødorp kyrkje
www.nord-fron.kirken.no
TIL TENESTE
Nord-Fron kyrkjekontor
Tlf 612 16 290
Fax 612 16 291
Kyrkjeverje: Aud Haadem
Tlf 612 16 292
Sekretær. Grete Bakken
Tlf 612 16 290
KONTORTIDER:
Kl 09.00-12.00
og elles etter avtale
SOKNEPREST:
Ingibjørg Johannsdottir
Tlf kontor 612 16 294
Mobil 401 78 914
DIAKON OG TRUSOPPLÆRAR:
Anna Elisabet Gertsdottir
Tlf kontor 612 16 286
KANTORAR:
Lars A Mensonides
Tlf: 95 46 03 51
Cindy van der Leden
Tlf: 95 46 13 56
SØDORP SOKN
Soknerådsleiar:
Rune Støstad
Tlf 91 86 47 67
Kyrkjetenar/gravar:
Anders Stø
Tlf 612 90 974/909 60 650
Kyrkjetenar:
Frank Varpestuen
Tlf 456 06 026
Vikar: Ivar Kvande
KVAM SOKN
Soknerådsleiar:
Aud Brendstuen
Tlf 612 94 038/478 22 324
Kyrkjetenar:
Svein Fredrik Kjæstad
Tlf 908 45 584
KVIKNE SOKN
Soknerådsleiar:
Kristian Ekre
Tlf 612 95 832/911 31 563
Kyrkjetenar:
Jan Smikop
Tlf 951 22 470
SKÅBU SOKN
Soknerådsleiar:
Unni Bøyum Kluge
Tlf 932 92 209
Kyrkjetenar:
Jan Smikop
Tlf 951 22 470
FAMILIE-RÅDGJEVING
Kirkens Familierådgiving
Storgt 21, 2670 Otta
Tlf 612 30 536
Kl 09.00 – 14.00
Grafisk produksjon:
Dale-Gudbrands Trykkeri a.s,
www.dg-trykk.no
2
Kyrkjeblad for Nord-Fron
HEIM OG KYRKJE
Døypte
SØDORP
Oliver Stø
Tiril Venåsen
Ola Stakston
Olaf Horten Botten
KVAM
Marius Heggerusten Resset
Alice Byberg Brendemoen
Tora Emilie Nyhus Olsen,
døypt i Vågå kyrkje
Sigurd Bakkum
Døde
SØDORP
Emma Synnøve Ottesen
Ole Kristian Aasen
Odd Tarud
Margit Lien
Ola Sigstad
Jørn Gravningsmyhr
Kari Hage
Kjell Brenden
KVAM
Petra Bergum
Anfinn Klevstad
Odd Sigmund Brendemoen
SKÅBU
Solveig Berget
Johannes Baklien
Esther Kantrud
KVIKNE
Trygve Bekkesletten
Vigde
SØDORP
Live Sætersmoen og Kenneth Nordal Pedersen
Anne Mariluz Branstad Lien og Eivind Kvalen
Gro Iren Hage og Henning Tangen
SKÅBU
Ida Aasne Sande og Håvard Wangen
Sissel Blekastad og Bjørn Braastad
KVAM
Irene Milsteinhaugen og Arild Budsberg
Linda Lindset og Tore Bu
Kyrkjekontorets e-post-adresse: [email protected]
Kyrjebladets e-post-adresse: [email protected]
NESTE NUMMER
av «Kyrkjeblad for Nord-Fron» kjem ut i desember 2015.
Frist for stoff: 27.november.
KYRKJEBLAD FOR NORD-FRON
Redaktør: Kjartan Ruset tlf 416 25 803 E-post: [email protected]
Redaksjons-komité: Randi Brendløkken (Skåbu), Anders Hage (Kvikne),
Egil Myhre (Kvam), Per Ottesen (Sødorp), Jens Petter Ous
Kyrkjeblad for Nord-Fron – Nedregate 50 – 2640 Vinstra
Kontonummer: 2095.49.59776
60 år
– Ingibjørg –
Nord-Frons nye sokneprest
Ingibjørg Johannsdottir heiter vår nye sokneprest.
Ho er no på plass i Sundvegen 14 på Vinstra saman med sin familie. Mannen Arnaldur
­Bardarson er tilsett som sokneprest i Sel. Begge er godt i gjenge i sine nye stillingar.
Vi har bede Ingibjorg om å fortelje litt om seg sjølv.
Velkommen til oss, Ingibjørg!
Min oppgave - å være tjener
Jeg er født i 1967 på Akureyri en by på nord Island. Jeg
er oppvokst på et gårdsbruk innenfor Akureyri, Islands
neststørste kommune utenfor Reykjavik området.. Etter
barneskole og videregående så var jeg et år i USA. Jeg traff
min man Arnaldur Bardarson på Akureyri og giftet meg i
1990. Han har nå fått sokneprest stilling i Sel kommune.
Vi har 5 gutter i alder fra 12 til 25 år og 2 barnebarn
som også er gutter.
Min mann ble ordinert som prest i 1996 og jeg var
hjemmeværende prestefrue og så drev vi gårdsbruk i lag,
med sau og islandshester. Jeg tok utdanning på Island
som barnehagelærer og mastergrad i spesialpedagogikk.
Jeg jobbet som barnehagelærer og spesialpedagog noen år
på Island til hele familien flyttet til Norge i 2010. Jeg har
vært som frivillig i kirka lenge på Island. Etter jeg kom
til Norge så ble jeg trosopplærer på Kyrksæterøra hvor
Arnaldur var prest. Jeg fikk interessen for å ta teo­logiske
studier. Jeg har tatt teologisk utdanning både delvis på
Island og her i Norge. Jeg var trosopplærer i Hadsel i
Vesterålen ett år og nå har jeg vært siste året prestevikar
på Averøy før jeg kom til sokneprest-stillingen her i Nord
Fron. Jeg har igjen praktikums del i vinter og håper jeg
blir helt ferdig til våren og ser frem til ordinasjon
neste år.
Mine interesser handler om hus og hjem. Det er
familien, barn og barnebarn som kommer på førsteplass.
Jeg er heimekjær og trives svært godt med hagearbeid.
Jeg er glad i dyr, har hund og katt. Glad i naturen og glad
i mennesker.
Jeg kommer fra en åpen og raus folkekirke som har
rom for ulike mennesker og synspunkter. Dette bærer
jeg preg av. Jeg vil at kirka skal være åpen for alle og at
alle skulle føle kirken som et godt sted å komme til. Kirken skal være med både i glede og sorg. Hvor livet feires
ved dåp, konfirmasjon eller vigsel. Eller når vi tar avskjed
med våre kjære og sorgen rammer oss hardt. Jeg ser min
oppgave som prest i å være tjener. En prest er tjener som
både tjener Gud og folk i menigheten. Å forvalte ord og
sakrament heter det i tjenesteordningen for menighetsprester. Det er viktig for meg at alle blir sett og hørt og
60 år
Ingibjørg - slik vi skal sjå henne på preikestolen i våre kyrkjer.
godt tatt imot i kirken. Kirken er et hjem som skal være
åpent for alle på lik måte som de gamle bondegårdene
på Island ,og sikkert i Norge og så, var preget av gjestfrihet og raushet mot dem som kom langs veien. Det å ha
gode minner fra kirken og oppleve at en fikk noe der også
det er viktig mener jeg. Kirken skal gi oss påfyll på veien
gjennom livet.
I min oppvokst så hørte jeg en del om den vakre og
frodige Gudbrandsdalen. Islandske bønder hadde kommet hit for å se og studere. Dalen ble kjent i heimbygda
mi. Derfor opplevde jeg at jeg kom til ei kjent sted.
Et godt sted. Jeg gleder meg til å få være prest her. Jeg
har flyttet inn i presteboligen på Vinstra sammen med
min mann og de 2 yngste guttene som starter nå her på
skolen. Så langt har det vært veldig bra og jeg har blitt
veldig godt tatt imot.
Deres
Ingibjørg Johanndottir
Kyrkjeblad for Nord-Fron
3
Trusopplæring i NordFron hausten 2015
Nedanfor finn de datoar for ulike tiltak innan trusopplæringa i Nord-Fron
komande haust. Merk: Konfirmantane får eigen timeplan i posten i slutten
av august. For dei andre tiltaka kjem det invitasjon til kvart arrangement
for den aktuelle aldersgruppa.
Konfirmantpresentasjon:
6. september: Kvikne kyrkje kl 11.00. Kvam og Sødorp kyrkje kl 19.00.
13. september: Skåbu kyrkje kl 11.00.
Trusopplæring for 4-åringar:
Kvam i Kvam kyrkje tysdag 22.september kl 17.00.
Kvikne og Skåbu i Kvikne kyrkje torsdag 24.september kl 17.00.
Sødorp i Sødorp kapell 8.oktober kl 17.00.
Trusopplæring for 5-åringar:
Kvam med oppmøte Leine grendahus (gml Leine skule) måndag 21. september kl 17.30.
Kvikne og Skåbu med oppmøte ved Skåbu kyrkje onsdag 23. september kl 17.30.
Sødorp med oppmøte ved Sulheim onsdag 7. oktober kl 17.30.
For 4-og 5-åringar er det Hausttakkefest i kyrkene på følgjande datoer:
4. oktober:
Kvam kyrkje kl 11.00. Skåbu kyrkje kl 17.00.
11. oktober:
Kvikne kyrkje kl 11.00. Sødorp kapell kl 17.00.
Trusopplæring for 10-åringar – LYS VAKEN – m/overnatting
28.-29. november frå kl 18.00 på laurdagskvelden til etter gudstenesta på søndag morgon.
Stad for dette arrangementet kjem seinare i brev til dykk.
Trusopplæring for 7-åringar
Juleverkstad i kyrkjestugu ved Sødorp kyrkje for alle kyrkjelydane i Nord-Fron.
Torsdag 10.desember kl 18.00.
Tekst/ Foto: JPOus
5-åringar mél
mjøl på kvenna,
til baking av nattverd-brød («avletter», frå latin
«oblat»).
4-åringar prøver seg på orgelet i Skåbu kyrkje.
4
Kyrkjeblad for Nord-Fron
60 år
Konfirmanter i Kvikne kyrkje, 30. mai 2015
Frå venstre: Sokneprest Margrethe Lie Sperre, Simen Dalberg Aasmundstad, Knut Forr Løkken, Håvard Svendstad.
Foto: FoTobben as.
Konfirmanter i Skåbu kyrkje, 6. juni 2015
Frå venstre: Jonas Berglund, Simen Iverstuen Blekastad, Sondre Elserud og sokneprest Jens Petter Ous.
Foto: FoTobben as.
Takk til FOTOBBEN for konfirmantfoto i dette og førre nummer!
60 år
Kyrkjeblad for Nord-Fron
5
Sommarens samlingar i
­Bakkestugu i Skåbu
Tekst/ foto: JPOus
Også dette året har husmannsplassen Bakkestugu, som
kyrkjelyden i Skåbu eig, hatt sine samlingar. 28.juni var
det gudsteneste i Bakkestugu, slik det brukar, siste helga i
juni. Det byrja med kulturvandring frå Karistugu ned til
Bakkestugu. Etterpå var det gudsteneste med kyrkjekaffe. Skåbu musikkorps spela og Jens Petter Ous var prest
denne søndagen. Og som alltid hadde soknerådet ordna
det til med kyrkjekaffe og triveleg lag etter messa.
Kulturvandringa var det Unni Kluge som leia. Ho
hadde prata med folk frå nabolaget til vegen vi vandra, så
vi fekk god informasjon undervegs, om stader og namn og
til og med om den gamle hoppbakken nede ved Veslum.
Takk til dykk i soknerådet som også dette året ordna
til ein flott dag i Bakkestugu!
Seinare på sommaren; 19.juli, var det det Bakkestugus
venner som inviterte til triveleg lag i Bakkestugu. Denne
gongen var det Per Ottesen som kåserte om husmanns­
vesenet i Norge og i Nord-Fron og Skåbu spesielt. Mari
Midtli song folketonar for oss og venneforeninga i
­Bakkestugu stod for biteti og kaffe/ te/ saft. Mykje folk
møtte opp. Eg får gjera meg til talsmann for oss alle:
Dette var ei triveleg stund nede i Bakkestugu.
Arrangementet var ein del av ”Liv lågå” i Skåbu.
og fann namn på det vi såg, og vi fann ut korleis vi kunne
bruka klokka som kompass. Vi såg også korleis mauren
vanlegvis la tuva si på sørsida av trea. Og sjølvsagt såg vi
på husmannsplassen Bakkestugu og korleis folk levde i
tidlegare tider.
Denne vandringa var for elevane i 1-4.klasse.
Dei eldste elevane i barneskulen i Skåbu; 5-7.klasse,
gjekk pilegrimsleia frå Sygard Grytting og over til Sødorp.
Også på den vandringa snakka vi om pilegrimsvandring
før i tida og no. Og vi fann mellom anna begge vekstene
som har namn etter heilag-Olav; bregna Olavsskjegg og
blomen med namnet Olavsstake. Den siste – Olavsstake
– finn ein også i Skåbu, minnast eg frå kulturvandringa
for nokre år sidan, frå Nørdre Sæter og ned til Bakke­
stugu.
Desse pilegrimsvandringane gir innspel til mange av
faga i skulen; Historie, naturfag, KRL og sidan vi går,
så må vi vel også ta med gym-faget. Takk for vandringar
med trivelege elevar og lærarar frå Skåbu!
Pilgrimsvandring
Når vi er i Skåbu, må vi også nemna at i samarbeidet mellom skule og kyrkje, vart det laga til ei pilegrimsvandring
frå skulen og ned til Bakkestugu og oppatt. Undervegs på
vandringa snakka vi om det å vera pilegrim i gamal tid og
om naturen vi gjekk gjennom, blomar og trær studerte vi
Kvile for trøtte føter i Bakkestugu (1-4.kl).
Mari Midtli song.
6
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Per Ottesen kåserte.
Glade vandrarar på veg til Bakkestugu.
60 år
Sommermesse i Luseby
på Kvamsfjellet
Av JPOus
Kyrkjelydane i Nord-Fron har alle sine arrangement utandørs om sommaren. På Kvamsfjellet brukar vi å variere
stadene vi er på. Dette året var vi for fyrste gong i Luseby.
Det gav oss høve til å bruke båt på vatnet; vi pynta båtane
med bjørkelauv og flagg og hadde trivelege turar til gudstenestestaden. Nokre gjekk langs vatnet via Fryosen.
I Luseby hadde soknerådet fått ordna til med kross og
døypefont. Og bord til alt
godt som vart sett fram
til kyrkjekaffien. Vi var
vel femti med på messa
og opplevde kor godt
det er å feire gudsteneste
saman ute i Guds frie
natur. Ekstra triveleg var
det å feire dåp til Alice.
Fire generasjonar var
med frå hennar familie
denne dagen. Predikant
var vår ferievikar; Johanne
Gram-Nilsen, og både ho
og Jens Petter Ous leia
liturgien i messa.
Sommarvikar
Johanne Gram-Nilsen preika.
Foto: Jo Røssummoen.
Presten kom roande til messa! Foto: Jo Røssummoen.
Folk kosa seg med kaffi etter messa. Foto: Jo Røssummoen.
Alice får velsigninga etter dåpen. Foto: Jo Røssummoen.
60 år
Alice fekk æra av å sprette bløtkaka. Foto: J.P. Ous.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
7
Olsok-messe
Vikarprest Johannes Kvangarsnes frå Ålesund var liturg og
predikant. Lars Mensonides gledde seg over å ta i bruk det
nye transportable orgelet. Foto: Kj. Ruset.
Onsdag 29.juli feira Sødorp kyrkjelyd Olsokmesse på
Bygdatunet. Utandørsmessa var eit samarbeid mellom
soknet og Fron Historielag.
Eit fint stelt bygdetun utgjord ei vakker ramme for
gudstenesta som hadde eit interessant innhald. Vikarprest
Johannes Kvangarsnes problematiserte det å skulle heidre
og minnast St. Olav som kristna Noreg, med metodar
som ikkje alltid var prisverdige. Kvangarsnes la vekt på at
det var viktig å ikkje fokusere på Olav sitt nasjonale prosjekt, men heller det kyrkjelege prosjektet. Vidare såg han
Olav sitt prosjekt med kristning av Noreg i lys av onsdagens bibelvers der det ”å ta opp sitt kors” sto i fokus. Med
dette bibelverset oppfordra Kvangarsnes kyrkjelyden til å
finne sitt oppdrag i livet og følgje dette. Preika inneheldt
også framføring av ei vakker salme frå den nye Salme­
boka, Pilgrimssalme med tekst av Eivind Skeie og melodi
av Odd Johan Overøye. Denne og fire andre salmar vart
akkompagnert av organist Lars Mensonides.
Organisten innvigde eit nytt el-piano som er kjøpt
inn til trusopplæringa. Etter gudstenesta vart det servert
kyrkjekaffi i regi av Historielaget. Det var tolv frammøtte
til denne spesielle og fine gudstenesta.
Hildegunn Maria Haanes Ruset
Det er triveleg på Bygdatunet! Foto: H.M.Haanes Ruset.
Takk
Også denne sommaren er det mange å takke for hjelp
med gudstenester rundt ikring utanfor kyrkjene våre.
Nokre har opna sætrane sine for oss. Andre har ordna
til kyrkjekaffe. Atter andre har stilt opp med skyss;
bil og båt har vorte nytta. Sokneråda har vore til
rette-leggjarar til mykje av det som har skjedd. Peer
Gynt A/S har gitt oss høve til å ha messe ved Ronda­
blikk i forkant av den store sommarkonserten på
Kvamsfjellet. Korps har spela for oss, og mange har
gjort mykje…. og vi er veldig takksame til kvar og
ein av dykk!
Johanne, som var vikarprest i sommar, får vera den vi
tek med bilde av – Takk også til henne og ­Johannes
– som også var vikarprest hjå oss, og til Ola som
vikarierte som organist i sommar!
JPOus
Johanne, med Furusjøen som bakgrunn.
Foto: ÅMOus.
8
Kyrkjeblad for Nord-Fron
60 år
Ny diakon og trusopplærar i Nord-Fron
Nord-Frons nye diakon, Anna Elisabet Gestsdottir,
­hadde sin fyrste arbeidsdag fredag 14.august. Då rakk
Kyrkjebladet å få ein kort prat med henne før bladet
gjekk i trykken. Tilliks med den nye soknepresten kjem
ho frå Island. Ho fortel at dei to har gått i same klasse. Som tenåring budde Lisa - som ho kallar seg i det
daglege - eitt og eit halvt år i Sverige. Utdanna både
som diakon og lærar, arbeidde ho i 8 år som trusopplærar
i Island. Mannen hennar, Sigurdur Gretar Sigurdsson, er
prest, og søkjer stilling i Hamar bispedømme. Dei har
seks born og eitt barnebarn.
Den 22.febr. i år vart Anna Elisabet vigsla som diakon
heime i Island. Ho fortel elles at hennar spesielle interesse
er sjelesorg. I det faget har ho teke vidareutdanning.
Nord-Fron har fått ein kompetent diakon og trus­
opplærar!
Velkommen, Anna Elisabet!
KjR
Foto: Kj Ruset.
Rullator-festivalen 2015
Gratulérer, Sundheim, med eit flott arrangement!
Mange flotte hattar!
Trivsel i godt lag!
60 år
Gunnar Skar underheldt.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
9
Soknerådsval og Bispedømerådsval 2015:
15-åringar kan stemme !
I dette nummeret av Kyrkjeblad for Nord-Fron finn du
liste over kandidatane til val av nye sokneråd her i NordFron, og val av nytt bispedømeråd for Hamar bispedøme.
Ein ting vil eg nemna spesielt, av di dette er ei ny ordning
for dette valet: 15-åringar har lov til å stemme.
Difor, kjære konfirmantar frå i vår; dei av dykk som er
15 år innan utgangen av valåret (det er vel dei fleste av
dykk!), kan stemme ved valet. Så vi ser dykk gjerne i
vallokalet.
Kandidatar til Kvam sokneråd
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
12.
13.
MONA LIEN, 43 år, hjelpepleiar
ELI ANITA LILLEREITEN, 41 år, ekspeditør
EGIL MYHRE, 55år, fabrikkarbeidar
KAREN MARIE SVEINE, 66 år, pensjonist
KARI VALDERHAUG SOLBERG, 64 år, dagleg leiar
HILDEGUNN LIEN, 44 år, tilsett i barnehage
JAN PEDER ØSTLIE, 59 år, dagleg leiar
OVE ANDRÉ ØYBREKKEN, 34 år, ekspeditør
MARI STORMORKEN NILSEN, 56 år, skuleassistent
ASTRI MARTE BJØRGEN, 78 år, pensjonist
ELSE MARGRETHE SÆTREN, 51 år, tilsett i barnehage
ANN IREN HOLLØKKEN BRENDEMOEN, 45 år, frisør
ARNT BORGE SANDEN, 45 år, fabrikkarbeidar
Kandidatar til Sødorp sokneråd
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
12.
ASTRI SØBERG, 65 år, sjukepleiar
JON DAHLEN, 46 år, linjearbeidar
ÅSE BRIT KAPPELSLÅEN, 51 år, sekretær
EVA HILDE BAKKEN, 61 år, lærar
HANS OLAV GJERDINGEN, 42 år, seljar
KAREN BERGSETH RUSTHAGE, 59 år, rekneskapsførar
REIDUN BRØNMO, 65 år, pensjonist
LEIF ARNE GJERDINGEN, 44 år, innkjøpsansvarleg
INGRID SLETTMOEN, 48 år, ingeniør
AASE TOXE TVEIT, 71 år, pensjonist
GERD HESTNES, 69 år, lærar
RANDI BRENDEN, 70 år, pensjonist
10
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Kyrkjeval-lokala ligg nær vallokala for kommune- og
fylkestingsvala; i bygdahusa i Kvam og Skåbu og i
­Vinstrahallen.
Datoane er 13 og 14.september; på søndag
frå kl 15-18 og på måndag frå kl 11-18.
JPOus
Kandidatar til Kvikne sokneråd
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
12.
KRISTIAN EKRE, 55 år, gardbrukar
KAREN BIRGITTE ØVRENÆSS, 37 år, rådgjevar i Tine
PER ARNE VESTERAAS, 62 år, lege
METTE ELISABETH STENSENG, 31 år, ekspeditør
FRANTS STØ, 65år, pensjonist
ANNE ELISE GROSBERG, 50 år, hjelpepleiar
OLA OLSTAD, 53 år, anleggsarbeidar
RØNNAUG BERGET, 70 år, pensjonist
PER ARNE SYLTE, 37 år, gardbrukar
GJERMUND VATERLAND, 34 år, gardbrukar
ROLF JOSTEIN OVRUM, 59 år, snikkar
ANDERS HAGE, 67 år, snikkar
Kandidatar til Skåbu sokneråd
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
12.
13.
14.
15.
16.
UNNI ASBJØRG BØYUM KLUGE, 65 år, pensjonist
INGRID GRAUPHAUGEN, 65 år, hotellarbeidar
TOVE IREN ERIKSEN, 53 år, rekneskapsførar
ØYSTEIN KVÅLEN, 53 år, gardbrukar
INGEBJØRG ANITA BAKKEN, 49 år, sjukepleiar
OLA SLETTEN, 42 år, lærar
TOR ARNE VESLUM, 42 år, rørleggar
ODD RUNE BRENDLØKKEN, 51 år, vaktmeister
GUN JORUNN SKANSGÅRD, 50 år , ekspeditør
ELLEN RØNSHAUGEN, 28 år, ekspeditør
GUNVOR WIKER VESLUM, 47 år, hjelpepleiar
MÅLFRID MAURSTAD, 57 år, ekspeditør
JAN SANDBAKKEN, 64 år, næringskonsulent
AAGE RUNDHAUGEN, 53 år, vaktmeister
NILS HALGEIR HAGE, 62 år, gjetar
ANITA STEBERGLØKKEN, 57 år, turistvert/ ridelærar
60 år
Slik brukar du stemme-seddelen
Det skal veljast 6 medlemmer og 5 varamedlemmer. Nominasjonskomitéens kandidatar er sette opp i prioritert
rekkjefølgje. Du kan levere stemme-seddelen utan endringar. Alle kandidatane får då ei røyst kvar.
Vil du endre på stemme-seddelen kan du:
– Gje tilleggsrøyst til kandidatar på lista
Du kan gje ei tilleggsrøyst til inntil tre kandidatar. Det gjer du ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til
kandidaten. Kandidaten får då to røyster. Andre kandidatar får ei røyst kvar ved oppteljinga.
– Gje personrøyst til andre valføre personar i soknet
Du kan gje personrøyst til inntil tre andre valføre personar i soknet. Det gjer du ved å føre opp personnamnet i på
stemme-seddelen. Bruk store bokstavar. Kandidaten får då ei røyst.
Andre endringar vil ikkje telje med i valoppgjeret. Det er ikkje høve til å stryke kandidatar.
Bruk blå/svart penn eller blyant. Skriv tydeleg.
Har du tenkt å bidra?
Ta skrittene bortom kirkevalg-urna når du er i stemmelokalet 13. eller 14. september (i Skåbu, på Vinstra
eller i Kvam), og bidra til et mer bevisst valg av nye
sokneråd i Nord-Fron! Alle medlemmer i den norske
kirke kan stemme, nytt av året er at 15 åringene også
har muligheten!
Kanskje dette valget er et av de viktigste kirkevalgene
noen gang. Store endringer og valg ligger i hendene på
de vi velger, nå som båndene mellom stat og kirke er
blitt løsere. I løpet av de neste fire årene skal mye av
framtidas kirkestruktur belyses, utarbeides og avgjøres.
Og dette vil forme kirka vår for lang tid framover.
Debatten rundt valget er til nå dominert av noen få
tema, spesielt spørsmålet om kirka skal vigsle likekjønnede par eller ikke. Dette er et viktig tema som opptar
mange, men kirkevalget handler om så mye mer. Jeg
synes absolutt at kirka vår skal være en folkekirke som
inkluderer alle dem som ønsker det, at vi skal jobbe for
at kirka skal ’gjøre døren høy og porten vid’ og kanskje
også terskelen lav.
Det er mange andre og viktige saker som ikke har fått
det fokus det behøver, disse er vel så viktige for kirka
sin framtid.
– kirkemøtet overtar etter hvert alle bevilgninger fra
departementet. Hvordan skal det fordeles, hvor mye
skal brukes sentralt og hvor mye får lokalkirka?
60 år
– det skal lages ny kirkelov, hvordan skal den se ut?
– hvilken plass skal det lokale sokneråds - og fellesråd ha? Hvilken rolle skal soknet, prostiet og andre
kirkelige organer ha?
– prestene skal overføres fra staten til kirka. Hvor skal
disse plasseres administrativt og hvor skal de høre
hjemme?
– det er nå staten som er ansvarlig for kristendomsundervisninga, ved finansiering av trosopplæringa fra
0-18 år. Hvordan skal dette videreutvikles, vil staten
fortsatt finansiere dette i framtida?
Grunnmuren i vår kulturarv er for mange bygget på
den kristne tro og dens leveregler. Kirkene er stedet
hvor vi samler oss til fest og alvor, glede og sorg. I
generasjoner har kirka vært symbolet på stabilitet. Det
betyr ikke at den ikke kan endre seg, om folket vil. Det
vil heller ikke si at vi forkaster alt som har vært, verdier
som vi tidligere har trodd på.
Vi kan være med å vise vei for kirka vår, og si noe om
hvilke verdier vi vil ha stort fokus på. Si noe om hvem
vi vil ha med i soknerådene våre. Men da må folket si
hva de mener, og denne gangen er det folket i NordFron vi prater om. Med andre ord, DU må bruke
stemmeretten din! Godt valg!
Karen Birgitte Øvreness
Leder i Nord-Fron kirkelige fellesråd
Kyrkjeblad for Nord-Fron
11
Det skal veljast 7 representantar til bispedømerådet og Kyrkjemøtet.
Vel ei av dei godkjende vallistene. Vallistene er sette opp i prioritert rekkjefølgje.
Du kan levere røystesetelen utan endringar. Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar.
Vil du endre på røystesetelen kan du:
- Gje tilleggsrøyst til kandidatar på denne lista
Du kan gje ei tilleggsrøyst til inntil tre kandidatar. Det gjer du ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet
til kandidaten. Kandidaten får då to røyster. Andre kandidatar får ei røyst kvar ved oppteljinga.
- Gje personrøyst til kandidatar frå andre lister
Du kan gje personrøyst til inntil tre kandidatar frå andre godkjende vallister. Det gjer du ved å føre opp
­kandidatnamnet i feltet for kandidatar frå andre lister. Bruk store bokstavar. Kandidaten får då ei røyst.
Andre endringar vil ikkje telje med i valoppgjeret. Det er ikkje høve til å stryke kandidatar.
Bruk blå/svart penn eller blyant. Skriv tydeleg.
Lista til Mangfoldig folkekyrkje - nominasjonskomiteen
1. DAG LANDMARK, 67 år, JOHAN BOJERS VEG, GJØVIK, Pensjonist
2. TORUNN ELISE KVISBERG, 48 år, STABBURSVEGEN, LILLEHAMMER, Tingrettsdommer
3. REIDAR ÅSGÅRD, 72 år, GRANBERGVEIEN, ENGERDAL, Småbruker
4. ANNE-LISE BRENNA ORDING, 28 år, BRØDERUDVEGEN, KONGSVINGER, Student
5. INGER JOHANNE REIESTAD HANSEN, 62 år, BISPEGATA, HAMAR, Advokat
6. TORSTEIN LERHOL, 29 år, VENNISVEGEN, VANG I VALDRES, Leder
7. GUNNAR GJEVRE, 59 år, HØGBAKKEN VEST, ARNEBERG, Adjunkt med opprykk
8. BERIT ELISABETH MEININGEN, 64 år, STAVHEIMSGRENDE, LORA, Fysioterap./osteopat
9. ØYVIND HAGLUND SOGN, 33 år, SOGNSBAKKA, JEVNAKER, Daglig leder/gårdbr.
10. INGER LISE HOLLAND, 70 år, RINGSLIA, MOELV, Pensjonist
11. BJØRG ANTONSEN, 57 år, FURULIA, HUNNDALEN, Avdelingssjef
12. LARS LIEN, 55 år, SKOGBRYNET, HAMAR, Leder/professor
13. ARNFINN BJØRGEN, 66 år, PÅLVEGEN, STANGE, Misjonsk./bussjåfør
14. SOLVEIG VATN WEISSER, 21 år, TYINVEGEN, VANG I VALDRES, Stipendiat
15. ARNFINN UTHUS, 58 år, INSTITUTTVEGEN, HERNES, Enhetsleder
16. ELIN JOHANNE GRAVDAL ØVREBOTTEN, 58 år, HAUGSBAKKLIA, JAREN, Lærer
17. RAGNAR LØSNESLØKKEN, 42 år, KILGARDSVEGEN, FÅVANG, Sekr./musiker/bonde
Lista til Åpen folkekirke
1. GUNHILD TOMTER ALSTAD, 41 år, KVARTSVEGEN, RIDABU, Førsteamanuensis
2. MARIANNE KJØLLESDAL DYRUD, 42 år, EVENRUDGUTUA, KAPP, Adjunkt
3. FINN RAGNVALD HUSEBY, 66 år, GENERAL HELSETS VEG, ELVERUM, Pers.- og org.dir.
4. JOHN JACQUES WASHINGTON DELOURME, 25 år, GJERLUVEGEN, FURNES, Student
5. ANNE-LISE MARSTEIN, 53 år, OLAV AUKRUSTS VEG, LOM, Selvst. næringsdriv.
6. TROND EGIL GELLEIN LØKKEN, 41 år, TOLGA, Adjunkt
7. HENNING ANDERSEN, 38 år, RASKEBAKKIN, AURDAL, Gravferdskonsulent
8. SOLBJØRG BUKNOTTEN SKRUKLIEN, 54 år, HJORTEVEGEN, ØYER, Diakon/frivill.leder
9. ROALD BRAATHEN, 70 år, SKÅVEGEN, BRANDBU, Pensjonist
10. GRETHE LINGUM GJERTSEN, 58 år, NYGATA, KONGSVINGER, Spesialpedagog
11. SIDSEL LIED, 67 år, OTTAR LANDFALDS VEG, OTTESTAD, Professor
12. JOHN MAGNE PEDERSEN TANGEN, 23 år, GAMMALSRUDVEGEN, LØTEN, Student
13. OLE GUSTAV NARUD, 57 år, TINGSTADGUTUA, RENA, Finanspol.rådgiver
14. LIV MELBYE WECHSLER, 63 år, SNIKKERGATA, LENA, Adjunkt
15. OLE MIDTHUN, 20 år, GRØNLANDSGUTUA, ELVERUM, Student
16. STEINAR BARSTAD, 62 år, ØVERBYBAKKEN, FALL, Fagdirektør
17. INGVILD KESSEL, 20 år, SMERUDSTUGUVEGEN, FÅBERG, Student
18. LASSE GRAN, 68 år, MJØSVEGEN, KAPP, Pensjonist
12
Kyrkjeblad for Nord-Fron
60 år
Pål på Kirketeigen
Kirketeigen, Normisjons leirstad i Kvam, hadde Per i
nokre år. Han og Gerd Marie, og Liv Elen Bjølverud
Aas, heldt skuta flytande i ei vanskeleg tid for Kirketeigen, med god hjelp av mange friviljuge. Ikkje minst var
Kirketeigen viktig som evakueringsstad under flaumane
i 2011 og 2013. Så kom Pål. Han vart tilsett av Normisjon, region Oppland i november 2014, for å leie arbeidet
med nødvendig vedlikehald og oppussing av Kirketeigen,
og til å oppgradere og drive campingplassen. Pål har fått
utretta det utrulege dei månadane han har vore styrar.
Vonleg vert han der i mange år. Om det då kjem ein
­Espen etterpå, vil han finne eit Kirketeigen i topp stand !
Folket i bygda gleder seg over det dei ser, for Kirketeigen er viktig for Kvam. Misjonsfolket i Gudbrandsdalen
er takksame for at region Oppland av Normisjon vil
satse på Kirketeigen framleis. Regionstyret såg Pål som
den rette mann til å ta Kirketeigen vidare. Han kunne
ikkje titulere seg som misjonsmann, men han hadde den
praktiske kompetansen som Kirketeigen trong, både når
det galdt det bygningsmessige og det turist-relaterte. For
Kirketeigen er også ei lita turistbedrift. Den sida har heile
tida vore eit fundament under drifta. Pål er veldig godt
fornøgd med årets turistsesong. Allereie i juni kunne han
ta imot gjest nr 1000 for sesongen! Men korleis kan ein
mann som er utdanna rørleggar drive campingplass ?
– Familien har vore camping-turistar i femogtjue år, så
eg kjenner bransjen frå den sida. Og så dreiv eg ein stor
campingplass på Tjøme i eit år før eg kom hit, fortel Pål.
Kyrkjebladet møter han i eftassola ute på tunet. Pål
har nettopp avvikla eit minnesamver med over hundre
til bords. Ein kar kom bort og tok han i handa: «Eg har
budd i Kvam heile mitt liv, men har aldri sett Kirketeigen
i så flott stand som no!» var attesten han gav den stolte
styrar. Normisjon har tydeleg valt rett mann. Mange
leirstader vert selde, men Kirketeigen skal bestå, og Pål
har idéar og planar.
Men kven er denne dugande og arbeidsglade karen ?
– Eg er fødd på Lambertseter i Oslo, men har vakse
opp i Langesund. Som 19-åring med fagbrev frå Langesund verft, fekk eg jobb ved Horten verft. I Horten traff
eg Gunn. Vi gifta oss i 1985, og har fått fire barn og fem
barnebarn. Familien er det viktigaste for meg! Det eg
har fått gjort her på Kirketeigen, kunne eg ikkje greidd
utan familien. Dotter vår, Sara Mari, og sonen Ola, har
assistert meg gjennom sommarsesongen. Kona har sagt
opp sin sikre jobb og flytta etter. Ho har nettopp teke til i
ny jobb ved Sinclair.
Pål har lett for å prate. Han fortel om si mangslungne
yrkeserfaring.
– Eg var rørleggar på plattform i Nordsjøen i 12 år.
Heime i Horten vart eg engasjert i politisk arbeid. Eg har
alltid hatt mine eigne meiningar om det meste. Ein nabo
utfordra meg: «Du som har ei meining om alt, må gå inn
i politikken!» Dermed vart det to periodar som kommunepolitikar og formannskapsmedlem for Arbeidarpartiet
i Horten.
60 år
– Kva var det i politikken som interesserte deg mest ?
– Vedlikehald av kommunale bygg var eg sterkt
oppteken av, og ikkje minst barn og unges oppvekst. På
vedlikehaldssida var eg nok ei plage for Høgre-leiinga i
Horten, for eg gav meg ikkje før ting vart gjort!
– Så har vi barn med astma og allergi. Dermed møtte
eg opp i den lokale avdelinga for Astma- og allegi-forbundet. To damer verva meg som medlem, og bad meg krysse
av for eit verv eg kunne tenke meg å ta. Eg kryssa av for
«leiar»!
Den historia enda med at Pål etter få år vart vald som
leiar i landsstyret for Astma- og allergi- forbundet. Der og
engasjerte han seg sterkt i vedlikehaldsarbeid og inneklima, på forbundets barnesjukehus Geilomo, og barnesjukehuset på Gran Canaria.
Pål dreiv i mange år sitt eige vedlikehaldsfirma. Han
vart leigd inn til slikt arbeid på Tjøme Camping, og tok
like godt på seg å drive campingen ein sesong.
– Kva var det som fekk deg til Gudbrandsdalen og
Kirketeigen ?
– Eg fekk lyst til å ha ein hundre prosent fast jobb,
som eg ikkje hadde hatt på mange år. På «Finn» kom
eg over annonsen frå Kirketeigen. Eg har alltid likt nye
utfordringar, og denne jobben verka spennande. Eg vart
innkalla til intervju, og dermed var det gjort. Eg har stor
respekt for Normisjon som våga å tilsette ein som ikkje er
frå deira eigne rekker. Men dei ville ha meg, og eg ville ha
jobben.
Dei stilte dei nødvendige midlar til disposisjon, og
dermed var det berre å gå i gang!
Lista over det Pål har fått gjort på under eitt år, er
lang. Kirketeigen framstår innbydande som aldri før.
Mattilsyn og Brannvesen er fornøgde. Og aller mest
fornøgde er borna, anten dei kjem som turistar eller som
leirdeltakarar eller dei er bygdas eigne. Dei kan utfalde
seg med nye moderne uteleiker, og alle er like velkomne! Normisjon gjorde eit godt val då dei engasjerte Pål.
Med det gode arbeid som er gjort, ligg det til rette for ei
allsidig drift av Kirketeigen. Ikkje minst kan Normisjon
no utvikle vidare sitt leirarbeid for born og unge i Gudbrandsdalen, som Kirketeigen opphavleg vart bygd for.
Det siste nye på Kirketeigen: hoppe-puta ! Populær for store
og små, for leirdeltakarar og bygdefolk. Pål Juveth Johansen,
den nye styraren på Kirketeigen, er fornøgd! Foto: Kj. Ruset.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
13
Om Klimapilegrim 2015
Klimapilegrim 2015 er en nasjonal, tverrkirkelig mobilisering for klimarettferdighet. Vi vandrer på vei mot en
rettferdig internasjonal klimaavtale på klimatoppmøtet i
Paris.
Klimaendringene truer skaperverket og rammer de
fattige i verden hardest. Det er urettferdig. Derfor vil vi,
gjennom pilegrimsvandringer over hele landet, invitere
til refleksjon over vår relasjon til skaperverket, til Gud
og til hverandre. Samtidig vil vi mobilisere til vern av
skaperverket, ved å samle inn underskrifter med opprop
til beslutningstakere i Norge og globalt at vi trenger en
rettferdig internasjonal klimaavtale i Paris for å bremse
klimaendringene.
Klimapilegrim 2015 oppfordrer deg til å ta beina fatt
og gå en pilegrimsvandring for klimarettferdighet. Pilegrimsreisen går gjennom hele Norge. Den begynner på
Svalbard/Kirkenes/Selje 7. juni og beveger seg gjennom
Nord-Norge via Trondheim under Olavsfestdagene 27.
juli-1. august og når Oslo 15. august. Det vil også være
flere reiseruter som går langs kysten. Underveis vil det bli
ulike arrangementer for å løfte frem behovet for en rettferdig klimapolitikk. 22.august gir vi stafettpinnen videre
til kirkene i Sverige under en seremoni i Halden, hvor de
tar over vandringen videre mot Paris.
Hvorfor Klima?
Verdens ledere er enige om at den globale oppvarmingen
må holdes under 2 °C. Allerede har den globale gjennom-
snittstemperaturen økt med ca 0,9 °C. Klimaendringene
begynner å bli tydelige over hele kloden, og arter og
økosystem trues mer enn noen gang. For fattige mennesker kommer tørke, flom og ekstremvær på toppen av alle
de kriser de allerede må kjempe mot. De tvinges på flukt
for å berge livet.
Hvorfor Pilegrim?
Å være menneske er å være på vandring – på vandring
gjennom livet. En pilegrim vil gjøre et oppbrudd med det
vante, søke Gud som kilde til livsvisdom og ta modige og
gode veivalg. Som klimapilegrim ønsker vi å gjøre oppbrudd fra de forbruksmønstrene og politiske strukturene
som skader jorda. Vi vandrer i solidaritet med de som
rammes av klimaendringer og som tvinges på flukt, og vi
vandrer for å få våre ledere til å handle.
Internasjonalt
Klimapilegrim 2015 er en del av en global mobilisering
for en rettferdig klimaavtale i Paris – ACT Now for Climate Justice. Gjennom denne kampanjen samles kirker
og trossamfunn fra hele verden bak et felles krav til sine
land og verdens ledere samlet. Underskriftene som samles
inn under Klimapilegrim 2015 vil overleveres til norske
myndigheter i forkant av klimatoppmøtet i Paris, og inngå i den globale kampanjen. I Norge organiseres Klimapilegrim 2015 under det kirkelige samarbeidet Skaperverk
og Bærekraft.
Initiativtakere:
NASJONALT
PILEGRIMSSENTER
Klimapilegrim 2015 er en del av en internasjonal tverrkirkelig mobilisering for klimarettferdighet gjennom
ACT Alliance.
14
Kyrkjeblad for Nord-Fron
60 år
Klima-pilgrimane i Kvam
Tekst og foto: Kj. Ruset
Tysdag 4. august kom Klima-pilgrimane til Kvam. Dei
ville gjere seg kjent med flaumane i 2011 og 2013, som
truleg var resultat av m.a. klima-endringar. På vandringa
langs Veikleåa, med Aud Brendstuen som guide, fekk
dei orientering om flaumane. Plansjar med nokre av Jens
­Petter Ous sine fotos var oppstilt langs gangvegen ved
elva, og gav eit bilde av flaumens ufattelege omfang.
Samstundes kunne dei sjå det imponerande arbeidet
som er gjort for å sikre elva, og gjere elvebreidda på begge
sider til eit vakkert turområde.
Oppe ved bunnlastsperra fekk dei møte ordførar Olav
Røssum, som gav ei grundig orientering om dei dramatiske hendingane, og om arbeidet som er gjort, og vidare
planlagt, for å temme elva. Han kunne fortelje at bunnlastsperra i Veikleåa er den fyrste i sitt slag i landet, og at
ei mange gonger større skal byggjast lenger oppe i elva. På
sin veg frå Svalbard til Paris (sjå s 12) fekk stafett-flaska
påfyll av vatn frå Storåa.
Det blømer igjen langs Veikleåa! Ein liten del av Julie
Næprud sin blomsterhage.
Klima-pilgrimane Anne-Lise Ording (Hamar bispedømmeråd) og Kristin Eide (Kirkens Nødhjelp) saman med guide
Aud Brendstuen.
Ein tankevekkar ved elvebredden.
Ordførar Olav Røssum mottok stafett-flaska.
60 år
Vatn frå Veikleåa skal til klimakonferansen i Paris!
Kyrkjeblad for Nord-Fron
15
Helgemesse – Allehelgens dag
– Minnedag
Tekst/ foto: JPOus
Fyrste søndag i november er søndagen i kyrkjeåret som
vert kalla Helgemesse. Bokmålnamnet er kanskje vel så
kjent; ”Allehelgensdag”.
Ved revisjon av namn på søndagane i kyrkjeåret, for
nokre år sidan, fekk vi også inn eit anna namn på denne
søndagen: Minnedagen. Dette er nok ein konsekvens av
at Helgemesse hjå oss har vorte til ein minnedag for dei
av våre som døydde siste året.
Helgenane har vorte mest heilt borte i kyrkja vår, og
ei messe for helgenane er framand for dei fleste. I luthersk
tankegang har ein kalla dei som hjalp oss på trusvegen,
som ein helgen. Men i den katolske kyrkja er tanken om
helgenar levande, og kvar dag i året er ein minnedag for
helgenar.
Når vi er saman på fyrste søndag, er det framfor alt
ein dag der vi minnast våre døde. Dei vi har teke avskil
med siste året.
I 2015 er søndag 1.november vår Helgemesse, vår
16
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Minnedag. I år vil vi – som tidlegare år – ha gudsteneste
i alle kyrkjer i Nord-Fron, men vi vil gjera det på eit anna
vis enn før:
Vi kjem til å vera med alle prestane, diakonen og
organistane i desse gudstenestene. Saman vil vi minnast
dei vi har hatt gravferd for, og då vil det også vera slik at
familiane vil møta att den presten dei hadde ved gravferda av sine pårørande.
Vi har kalla gudstenestene for ei minne- og forbønsgudsteneste; vi vil minnast dei døde ved å lesa namna og
tenna lys, og vi vil be for alle som sørgjer, alle som stod
nær dei døde. Alle som stod som ansvarleg frå familien
i samband med gravferd siste året, får invitasjon pr brev.
Ein invitasjon som sjølvsagt gjeld heile avdøde sin familie.
Gudstenestene blir på følgjande tidspunkt:
Sødorp kapell kl 11.00; Kvam kyrkjekl 13.00; Skåbu
kyrkje kl 17.00; Kvikne kyrkje kl 19.00.
60 år
Bli kjent med gudstenesta 1
Av Kjartan Ruset
Frå Tabernaklet, Tempelet og synagogen til
den kristne forsamlinga
Som alt anna i kristendommen, har gudstenesta sine røter
i jødedommen, ikkje minst songen.
Når vi i vår gudsteneste syng «Jeg løfter mine øyne - »
(NoS 327), så syng vi det same som dei song i Salomos
tempel i Jerusalem for 3000 år sidan. Teksten er ei gjendikting av Salme 121 i Det gamle testamente.
Tekstene i dei gamaltestamentlege salmane er ikkje
meir avleggs enn at ei av vår tids største rockegrupper, U
2, har ein av dei på sitt konsert-repertoar, nemleg Salme
40. U2-låten heiter berre «40».
Songen i vår gudsteneste representerer såleis verdas
­eldste levande kultur-tradisjon.
Frå synagogen har vi henta skrift-lesinga. I synagogen
vart dette hovudsaka. Ein tekst skulle lesast og utleggast
for forsamlinga. Tekstene frå Skrifta (for jødane Toraen,
dei fem Mose-bøkene; for kyrkja Bibelen, GT og NT)
var Guds ord, den absolutte autoritét for lære og liv. (Les
i Lukas 4 om Jesu besøk og tale i synagogen i Nasareth).
Preika i vår gudsteneste skal vere eit utlegning og ei aktualiséring av søndagens tekst.
Grunnform frå Oldkyrkja - ord frå Bibelen
I Oldkyrkja fekk gudstenesta etter kvart ei grunnform
som framleis vert fylgt i dei fleste kyrkjesamfunn. Fleire
ledd frå Oldkyrkja ber framleis dei latinske namna: Kyrie,
Gloria, Credo, Sanctus.
Det er med gudstenesta som med fotball: vi må lære
oss kva dei ulike uttrykka står for! I fotball går det på
engelsk: corner, back, score, lobb, hands, goal osv.. Dei
gamle greske og latinske uttrykka seier oss mykje om
innhaldet i gudstenesta.
Kyrie: ordet er gresk og vert omsett med «Herre». I
oltidssamfunnet var det brukt om ein person som hadde
makt, og som fungerte som beskyttar av sin familie,
si ætt, sitt lokalsamfunn, sitt land. I Romarriket var
­Keisaren den øvste beskyttar. Dei kristne rekna Gud som
sin beskyttar. Jmr Luthers salme: «Vår Gud han er så
fast ei borg», etter Salme 46 i GT. «Kyrie eléison» syng vi.
Det tyder: «Herre, vis miskunn!» eller beint fram ­«Herre,
hjelp!». Det var dei ulukkelege menneske sitt rop til
Jesus., som vi møter fleire gonger i evangelia. Slik vart vår
liturgi skapt nedanfrå, av dei utstøytte, dei fornedra og
hjelpelause.
Gloria: frå latin, «ære». Dette leddet i vår gudsteneste
er beintfram englesongen frå Betlehemsmarkene. Presten
messar: «Ære vere Gud i det høgste!» Og kyrkjelyden held
fram: «Og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i».
Dette leddet i vår gudsteneste fekk vi altså frå himmelen!
60 år
Credo: frå latin, «eg trur» eller «vi trur». Det er altså
truvedkjenninga. Den vi brukar mest, er den såkalla
«Apostolske truvedkjenninga», som vart utforma i Oldkyrkja som ei samanfating av den kristne trua. Den vart
tidleg brukt ved dåpen.
Sanctus: også latin, «heilag». Dette leddet har vi og
på sett og vis frå den himmelske sfære. Profeten Jesaja
fekk ein visjon i tempelet i Jerusalem, der han ser englar for Guds trone som syng: «Heilag, heilag, heilag er
Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom». Dette
­Sanctus syng kyrkjelyden ved nattverden. Og så føyer vi
til hyllingsropet frå Jesu inntog i Jerusalem på Palmesundag: «Hosianna i det høgste! Velsigna vere han som kjem i
­Herrens namn!» Her har vi og eit ord frå hebraisk: hosianna, «frels!» eller «hjelp!».
Tek vi så med Fader vår, og innstiftingsorda
for nattverden, så ser vi at det meste av orda i vår
­gudsteneste kjem frå Bibelen.
(Neste gong tek vi for oss disposisjonen, hovuddelene,
i vår gudsteneste).
Frå 4 år og oppover:
Velkommen til
Laurdagsklubben!
Vi har samlingar i Kyrkjestugu, Vinstra, på laurdagar kl 1100-12.30. Bibelforteljing, song og
dans, leiker og hobby-arbeid.
Samlingar i haust:
19.sept, 17.okt, 31.okt, 28.nov, 12.des.
Spørsmål? Ring Jorunn på 917 37 583 eller
Kjartan 416 25 803.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
17
www.dg-trykk.no
SØDORP, TLF. 61 29 15 46
Tlf. 612 18 000 - Web adr: www.s1g.no
Avd: Vinstra, Nedreg. 63, 2640 Visntra
Avd: Fåvang, Stasjonsv. 1, 2634 Fåvang
Tlf 61 29 52 70
Statoil Vinstra.
Tlf 61 29 04 01
Lomoen - Vinstra
Tlf. 61 21 60 00
Fax 61 21 60 01
Bjørke
Tlf 915 750 74
Vi hjelper deg med blomster til
begravelse og andre anledninger.
Tlf. 47 68 22 27
HELSEKOST-BUTIKKEN
Nedregate 29. Tlf. 612 22 446
– Vi støtter barneprosjekt i Latvia
2642 Kvam - Tlf. 482 30 371 - e-post: [email protected]
Stiftelsen Fred og toleranse
Nedregt. 29, 2640 Vinstra
Tlf. 61 29 49 40 - www.rondablikk.no
Rondablikk har lokaler som dekker det fleste behov:
• Barnedåp • konfirmasjon
• bryllup.
Og om det er noen som runder år,
er dere velkomne til å feire dette sammen med oss.
Nyt middagen til med utsikten til fantastiske
Rondane.
Elvevegen 4 - Kvam. 906 39 181
Tlf. 905 94 187 Bjørn Einar
DIN
ANNONSE HER? TEIGEN – TANGEN
byggfirma
Elvevegen 5, 2642 Kvam. Tlf: 98 26 68 80
18
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Mob. 95 94 87 11 og 95 25 87 30
60 år
KIWI KVAM
TLF. 612 16 850
Tlf 61 29 54 50
Statoil Kvam
Tlf 61 29 44 30
STØTT VÅRE
­ NNONSØRER!
A
HVEM K AN SL Å
Anne Kari Haugalien?
M I DTDALEN S H U M O R D RO N N I N G
O G S E LV E R K L Æ R T M O S J O N I S T
FOR ALLE!
RENN
RITT
LØP
Aktive og mosjonister
Flere distanser
Ulike utfordringer
STØTT VÅRE
­ NNONSØRER!
A
NYE ANNONSØRAR
er velkomne frå og med neste nummer. Ta kontakt med Kyrkjekontoret, tlf. 612 16 290.
E-post: [email protected]
Heilag-Olav-blomar
På si vandring etter Pilgrimsleia frå Sygard Grytting
til Sødorp fann elevar frå Skåbu skule (sjå s 6) ­
­Olavsstake og Olavsskjegg.
(Illustrasjoner frå Wikipedia)
60 år
Kyrkjeblad for Nord-Fron
19
FULLDISTRIBUSJON
Gudstenester i Nord-Fron • september – desember 2015
SØDORP
15.s. i treeiningstida
6.september
Luk 10,38-42
19. Kyrkja. Ungdomsgudst.
Konfirmantpresentasjon.
Ingibjorg Johannsdottir
KVAM
19. Ungdomsgudst.
Konfirmantpresentasjon
Jens Petter Ous
KVIKNE
SKÅBU
11. Høgmesse
Konfirmantpresentasjon
16.s. i treeiningstida
13.september
Matt 5,10-12
11. Høgmesse
Konf.jubiléum. Konfpresentasjon. J.P.Ous
17.s. i treeiningstida
20.september
Luk 7,11-17
11 Kyrkja. Høgmesse.
Konfirmantjubileum
Jens Petter Ous
18.s. i treeiningstida
27.september
Matt 8,5-13
19.s. i treeiningstida
4.oktober
Joh 7,14-17
20.s. i treeiningstida
11.oktober
Mark 10,2-9
Torsdag
15.oktober
21.s. i treeiningstida
18.oktober
Luk 16,19-31
Bots- og bønedag
25.oktober
Luk 18,9-14
Helgemesse
1.november
Matt 5,13-16
17 Kapellet
Høgmesse. Dåp. Nattverd.
Kjartan Ruset
11 Høgmesse
Konfirmantjubileum
Ingibjørg Johannsdottir
19 Salmekveld
Organistane og
Jens Petter Ous
11 Tverrbygda grendahus.
Familiegudsteneste
Jens Petter Ous
11 Hausttakkefest.
Nattverd.4-årsbok/ 5-årsfasen. Jens Petter Ous
17 Kapellet Hausttakkefest
Nattverd. 4-årsbok/5-års-fasen.
I Johannsdottir
17 Hausttakkefest.
Nattverd.4-årsbok/ 5-årsfasen. Jens Petter Ous
11Hausttakkefest.
Nattverd.4-årsbok/ 5-årsfasen.IJohannsdottir
19 Salmekveld
Organistane og diakon
Gudstenestefri. Alle tilsette i kyrkja i Nord-Gudbrandsdal er på studietur
17 Kapellet
Høgmesse. Nattverd.
Jens Petter Ous
11 Kapellet
Minne- og forbønsgudsteneste.
11. Høgmesse
Nattverd.
Jens Petter Ous
13 Minne- og forbønsgudsteneste.
19 Minne- og forbønsgudsteneste.
17 Minne- og forbønsgudsteneste.
Ved alle gudstenestene over: AE Gertsdottir, JP Ous, I Johannsdottir, CvdLeden, L Mensonides
24.s. i treeiningstida
8.november
25.s. i treeiningstida
15.november
Matt 14,22-34
Kr.kongsdag/ Doms.
22.november
Matt 25,1-13
1.s. i adventstida
29.november
Matt 21,10-17
2.s. i adventstida
6.desember
Joh 16,21-24
3.s. i adventstida
13.desember
Joh 5,31-36
4.s. i adventstida
20.desember
Matt 1,18-25
19 Kapellet Salmekveld
Organistane og diakon
17 Eftasmesse
Nattverd
Ingibjørg Johannsdottir
10.30 Sundheim
Nattverd.
Jens Pette Ous
11 Kapellet. Familiegudsteneste. 10-årsfasen.
Lys Våken.
11 Høgmesse
Nattverd
Ingibjørg Johannsdottir
19 Kveldsmesse
Nattverd
Jens Petter Ous
17 Eftasmesse
Nattverd
Ingibjørg Johannsdottir
17 Ljosmesse
Konfirmantane og
Jens Petter Ous
19 Ljosmesse/Konsert
Konfirmant. i Kvikne og
Barhaug og JP Ous
19 Kapellet Ljosmesse
Konfirmantane og
Ingibjørg Johannsdottir
Kapellet 18
Vi syng jula inn
19 Ljosmesse
Konfirmantane og
Jens Petter Ous
18 Konsert med Skulekorpset og Musikkforeningen
11 Familiegudsteneste
Vi pyntar til jul i kyrja
Ingibjørg Johannsdottir
18 Konsert med kora i Skåbu
Det kan koma endringar. Alle gudstenester vert annonsert i GD på fredagar. Sjå ellers nettsida: www.nord-fron.kirken.no
815 33 300

Similar documents