Referat frå årsmøte 2015 - Setesdal Austhei Villreinlag

Transcription

Referat frå årsmøte 2015 - Setesdal Austhei Villreinlag
ÅRSMØTE SAVL 2015
Valle Motell måndag 13.04.15 kl. 18.30
Årsmøtet startet med eit foredrag/kåseri av Kjell Bitustøyl: Tamrein i Setesdalsheiane
Tilstades:
SA 1 v/Ragnhild Bjåen, SA 5 v/Knut K. Vadder og John Utigard, SA 6 v/Hans Roar Moen,
SA 7 v/Einar Hovden, SA 8 v/Olav Døli, SA 9 v/Ånund Flateland, SA 10 v/Torleif Homme,
SA 12 v/Ånund Viki, SA 15 v/Olav Straume, SA 16 v/Sigurd Mjåland og Torjus Gahren, SA
17 v/Svein Ekre, SA 20 v/Øystein Romtveit og Tarjei R. Thorsen, SA 21A v/Aslak MomrakHaugan, SA 21C v/Stein Helge Lassemo, SA 24 v/Gunnar Øynes og Arvid Rønning, SA 26
v/Svein Helge Nomeland, SA 27 v/Arne Bjørgum
I tillegg møtte SA 2 v/Geir A. Breive og Alf Trygve Breive, SA 4 v/Tom Olav Trydal og SA
11 v/Mattis Tiedje som observartørar frå vald som ikkje er medlem av SAVL
Kurt Jerstad møtte under sak 8.
Det var ingen merknad til innkalling og saksliste.
Sak 1:
Val av to representanter til å skrive under protokollen
Vedtak:
SA 5 og SA 20
Samrøystes
Sak 2:
Årsmelding 2014
Styrets samansetning i 2014 har vore:
Formann
Svein Ekre (12-15)
Vara: Øystein Romtveit (12-15)
Sekretær
Torleif Homme (11-14)
Vara: Olav Straume (11-14)
Styremedlem Svein Helge Nomeland (12-15) Vara: Arne Bjørgum (12-15)
Styremedlem Lars Egil Libjå (11-14)
Vara: Hans Petter Franzen (11-14)
Styremedlem Gunnar Øynes (11-14)
Vara. Arvid Rønning (11-14)
Styremedlem Ragnhild Bjåen (11-14)
Vara: Sondov Bjaaen (11-14)
Styremedlem Ove Geir Nevestveit (12-15)
Vara: Knut K. Vadder (12-15)
Revisorar for året 2014 har vore SA 26 og SA 27
1
Vinje
Valle
Bygland
Fyresdal
Åmli
Bykle
Tokke
I 2014 har det vore tre styremøter. I tillegg har leiar og sekretær møtt på vår- og haustmøte til
Villreinnemnda. Leiar har og delteke på ei oppsyns-samling på på Bjåen før jakta.
Setesdal Austhei gjekk i 2014 inn i ein ny bestandsplanperiode. Styret utarbeidde i samarbeid
med Kurt Jerstad framlegg til ny bestandsplan for perioden 2014 – 2018, samt
avskjotingsplan for 2014. Begge desse planane vart godkjent på årsmøtet til SAVL.
På vårmøtet til villreinnemnda vedtok dei avskjotingsplanen for 2014, men ikkje den nye
bestandsplanen for 2014-2018. Avslaget var begrunna slik: «Villreinnemda legg vekt på bruk
av samjaktavtaler som verktøy for å betre fellingsresultata, og såleis koma nærare
måloppnåelse».
Styret har diskutert dette og meiner prinsippielt at slike ting ikkje høyrer med i ein
bestandsplan. Styret meiner også at Villreinlaget har gjort fleire tiltak som er med på å
imøtekome vedtaket/avslaget til villreinnmda.
1. Villreinlaget har invitert jaktvalda som står utanfor laget til dialog om samarbeid/
forvaltning/måloppnåelse.
2. Villreinlaget har sett igong ein prosess med interne drøftingar om auka samarbeid i dei
kommunane som ikkje har samjaktavtaler.
3. Villreinlaget har søkt om utvida jaktperiode for å auke avskytninga for å kome nærare
målsettinga til avskytning (Villreinnemnda ville ikkje godkjenne utvida jaktperiode i
2014)
I avskjotingsplanen for 2014 var det tildela 2390 kort. Ein hadde sett som fellingsmål 800 dyr,
men heilt slik vart det ikkje. 503 dyr vart felt, og det vil sei 62% måloppnåelse.
Fellingsprosenten ut frå kortmengde vart 21%.
Som eit av tiltaka for og koma nærare bestandsmål vart me samde i styre om å arbeide vidare
kommunevis med å sjå om moglegheiter for ein eller anna form for tidsavgrensa samjakt.
Styremedlem frå kommunar som ikkje har noko form for avtale jobbar vidare med prosessen.
Ein gjer merksam på at avtaler av ein slik karakter er privatrettsleg, og det er opp til
grunneigar om ein ynskjer slike avtaler.
Tokke/Vinje har ei slik avtale som vart reforhandla i 2004.
SAVL inviterte jaktvalda som står utanfor laget til årsmøte for og kome i dialog, og saman
kome fram til felles mål for ei god forvaltning av villreinstamma på Setesdal Austhei. Det
møtte to grunneigarar - det var positivt. Det vil i år også bli sendt invitasjon til dei laga som
står utanfor om å kome til årsmøte for eventuelt å kome i ein dialog om forvaltning og tiltak
for å kome nærare m.a. bestandsmål og ei betre avskjoting/måloppnåelse.
Kalveteljing vart gjennomført den 10. juni 2014. Det vart fotografera og talt opp 891 simler
og 468 kalv - til saman 1359 dyr. Resultatet gjev 52 kalv pr 100 simler. Dyra vart funne i dei
tradisjonelle kalvingsområde sør for RV45.
Årsmøtet i 2014 vart samde om i 2015 å prioritere ei vinterteljing utpå vinteren i 2015.
Bakgrunnen for det var at me hadde ei god kalveteljing i 2014, og ei god strukturteljing i
november 2013, samt at vinterteljinga i mars 2012 var ei solid god teljing. Det ville derfor
vere ynskjeleg med ei ny vinterteljing for å kvalitetsikre størrelsen på vinterbestanden.
2
Bakgrunnen er også at me får tilbakemeldingar frå mange jegerar/grunneigarar at før, under,
og etter jakta vert sett lite med dyr.
Den 4. mars 2015vart det gjennomført vinterteljing i godvêr og skyfri himmel med nysnø og
god sporsnø. Det vart lagt opp til flyging med jamne tette transektorar frå Haukeli i nord til
Fyresdal, Valle og ned mot Bygland i sør. Resultatet vart svært dårleg. Omlag 350 dyr vart
talt opp etter fotografering med ny telelinse, og registrera i 25 vegpunkt . På same tidspunkt i
2012 fant me 2100 dyr.
Konklusjonen må vera at dei står i skogen, mot delar av Tokke, ned mot Byggland og langt ut
i Fyresdal.
Det er ikkje registrera noko særleg trekk aust-vest i Setesdalen bortsett frå litt utveksling av
nokre bukk med eit par simler i Sæsvatn område.
Mannskap på teljinga var som før - SNO v/ Petter Hermansen og Reidar Johan Sandal og
villreinlaget v/Svein Ekre og Øystein Romtveit.
I 2014 vart det utarbeidd nye kontrollkort/fellingsløyve. Tilbakemeldingar har vore ulike nokon har vore positive mens andre synast dei har rettsleg vorte meir diffuse.
I år hadde me innsamling av kjevar frå kalv. Desse vert målt og sett opp i tabell. SAVL har no
ein god del informasjon om utviklingstrekk av desse data som er sett inn i tabell over fleire år
tilbake.
Framlegg til vedtak:
Årsmeldinga vert godkjent slik den ligg føre
Vedtak:
Årsmeldinga vart teke til orientering og godkjent med at fylgjande setning vert teke ut av
årsmeldinga:
«Konklusjonen må vera at dei står i skogen, mot delar av Tokke, ned mot Byggland og langt
ut i Fyresdal.»
Dette pga. at det ikkje er dokumentert kor dyra var under teljinga.
Samrøystes
Sak 3:
Rekneskap for 2014
Økonomien i laget har betra seg dei siste åra i takt med auka fellingskvoter. Pr. 31.12.14 er
det ei behaldning på kr. 640.819,86
Rekneskapet viser eit overskot på kr. 83361,90
Viser ellers til vedlagte rekneskap.
Framlegg til vedtak:
Rekneskap for 2014 vert godkjent slik den ligg føre
Vedtak:
Samrøystes
3
Sak 4:
Vederlag for tillitsverv:
Årsmøte skal fastsetje vederlag for tillitsverv.
Årsmøtet fastsette i 2013 gjeldande satser for godtgjersle til styret.
Ein gjer ikkje framlegg om å endre desse for 2015
Framlegg til vedtak:
Godtgjering til formann
kr. 15000,Godtgjering til sekretær
kr. 4000,- (fylgjer øvre beløpsgrense for skattefri godtgjering)
Godtgjering styremedlemer kr. 1500,For møter/arbeid m.m. på dagtid, vert det betalt for tapt arbeidsforteneste.
Det vert ikkje utbetalt møtegodtgjersle utover dette, men det skal betalast km. godtgjering i
samsvar med offentlege satsar (pr. d.d. kr. 4,05 pr. km)
Vedtak:
Samrøystes
Sak 5:
Budsjett for 2015
Utgifter
Møter, godtgjersle m.m
Kopiering/porto m.m
Årsmøte
Styrehonorar
Kontorutgifter
Reinsdyrteljing
Oppsyn
Konsulentutgifter
10000
3000
5000
26500
2500
90000
20000
20000
177000
Inntekter
Medlemskontingent
60000
Tilskot oppsyn (DN)
20000
Tilskot Fylkesmannen 60000
140000
Budsjettframlegget viser eit «underskot» på kr. 37000,-.
Bakgrunnen for dette framlegget er at det er god økonomi i Villreinlaget med ei
bankbehaldning på ca. kr. 640000,-. Etter innspel frå fleire jaktlag om å redusere
medlemskontingenten, har styret innstilt på å redusere kontingenten frå kr. 50,- til kr. 25,Andelen frå SAVL av oppsynsdelen som inngår i fellesbudsjettet for oppsynet vert sett lik
tilskotet frå DN.
Når det gjeld tilskotet frå Fylkesmannen, så er dette tilbakeføring av midlar frå viltfondet som
ein kan søkje om å få til gjennomføring av ”villreintiltak”.
Framlegg til vedtak:
Framlegg til budsjett for 2015 vert godkjent
4
Vedtak:
Framlegg til budsjett vart vedteke mot 5 stemmer som stemte for å behalde gjeldande
kontingent til kr. 50,- pr. tildelt jaktkort.
Sak 6:
Val
Det skal veljast nye styremedlem m/varamann frå kommunane Valle, Bykle, Åmli og
Fyresdal
Framlegg til kandidater vert lagt fram på årsmøtet
I tillegg skal det veljast revisorar for rekneskapsåret 2015
Framlegg til styremedlem m/varamedlem:
Valle: Torleif Homme (gjenvalg) og med Olav Straume som varamedlem (gjenvalg)
Bykle: Ragnhild Bjåen (gjenvalg) og med Sondov Bjåen som varamedlem (gjenvalg)
Åmli: Gunnar Øynes (gjenvalg) og med Tor Harald Lilleås som varamedlem (ny)
Fyresdal: Lars Egil Libjå (gjenvalg) og med Hans Petter Franzen som varamedlem (gjenvalg)
Framlegg til revisorar:
SA 9 og SA 12
Vedtak:
Samrøystes
(Styrerepresentanten frå Fyresdal er kontakta i etterkant av årsmøtet og sagt seg viljug til å
vere styrerepresentant i ein ny periode)
Sak 7:
Bestandsplan 2014 – 2018 – ny handsaming
Viser til årsmeldinga for 2014 der det er orientert om at Villreinnemda ikkje ville godkjenne
bestandsplanen for 2014 -2018 som ble godkjent/vedteke på årsmøtet i villreinlaget i fjor.
Som det også står i årsmeldinga, er styret prinsippielt ueinig med villreinnemda i
begrunnelsen til avslaget.
Styret meiner likevel at på tross av dette, må/bør ein få til eit opplegg slik at bestandsplanen
kan bli godkjent.
Villreinlaget har motteke eit brev frå Villreinnemda der det vert påpeika at med nokre små
justeringar vil planen bli godkjent. Dette er også diskutert direkte med leiar i nemda Margit
Smeland.
Med bakgrunn i dette vil styret gjere framlegg om å legge nokre av tiltaka som er nemnt i
årsmeldinga inn i bestandsplanen og med dette rekne med at villreinnemda vil godkjenne
planen:
Dette står i bestandsplanen slik den er:
Virkemidler og registreringer
For å tilpasse avskytingen til målsettingene vil det årlig bli utarbeidet en avskytingsplan for
Setesdal Austhei villreinområde.
Det vil bli forsøkt å gjennomføre en brukbar strukturtelling minst hvert annet år.
5
Forslag til ny tekst:
Virkemidler og registreringer
For å tilpasse avskytingen til målsettingene vil det årlig bli utarbeidet en avskytingsplan for
Setesdal Austhei villreinområde.
Det vil vere sterkt fokus på villreinteljingar. Villreinlaget vil utifrå behovet vurdere kor ofte
og kva for teljingar som skal gjennomførast - kalveteljing, strukturteljing,
totalteljing/vinterteljing
For å få så god måloppnåelse som mogeleg i forhold til bestandsplanen, kan fygjande tiltak
vere aktuelle:
 Invitera dei grunneigarar som står utanfor laget, til dialog om samarbeid
forvaltning/måloppnåelse.
 Stimulere til auka samarbeid mellom jaktvalda
 Utviding av jaktperioden for å auke fellingsprosenten
Framlegg til vedtak:
Årsmøtet godkjenner i samsvar med saksutgreiing forslag til ny tekst under avsnittet
«Virkemidler og registrering» i bestandsplanen for 2014 – 2018
Vedtak:
Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med fylgjande tillegg/kulepunkt som
virkemiddel:
- Vurdere differensiering av korttildeling
Sak 8:
Avskytningsplan 2015
Med bakgrunn i framlegg til bestandsplan 2014 – 2018 (sjølv om denne formellt sett ikkje
godkjent) og gjennomførte teljingar, har styret i samarbeid med Kurt Jerstad utarbeidd
framlegg til avskytningsplan for 2015.
Det er avskytningsplanen for 2014 (og også 2013) som danner grunnlaget for planen også i
2015.
Det vil bli nærare orientering av framlegg til avskytningsplan på årsmøtet.
Framlegg til vedtak:
Framlegg til avskytningsplan/fellingskvote for 2015:
-Fellingskvote på totalt 2390 dyr
-Forventa fellingsprosent i SA-nord på 40% (308 dyr) og 30% i SA-sør (486 dyr)
-Kortfordeling med 15% frie, 20% simler, 25% simle/ungdyr og 40% kalv
Vedtak:
Samrøystes
6
Sak 9:
1. Villreintiltak 2015
- Årsmøtet vedtok med bakgrunn i den mislykka vinterteljing at det skal gjenommførast
kalveteljing i juni 2015
- Innsamling av kjever frå kalv skal halde fram i 2015 også
2. Evt.
- Ulike former for meldetjenester var diskutert og det var semje om å opprette ei
facebook-gruppe – SAVL- der ein kan legge inn informasjon om m.a. opplysingar kor
det er sett dyr i jaktperioden.
Svein Ekre
Formann
Torleif Homme
Sekretær
Knut K. Vadder
SA 5
Øystein Romtveit
SA 20
7