referat fra foreldremøte 14.9.15

Transcription

referat fra foreldremøte 14.9.15
Referat foreldremøte 14.9.2015
Lena Bøgwald, Kim Holmgren, Jorid Bjunes, Hildigunnur Geirsdottir, Jorid Tafjord, Helin Morel,
Solveig Marie Ådneram, Hilde Sinnes, Unni Bjørndal, Renate Albrigtsen, Olaug Ådneram, Marie
Tjørhom, Torunn Fossen, Wenche Svanes, Rita Tjørhom og Anders Tjørhom.
Sak 1. Diverse informasjon frå Wenche.
Wenche viser photostory med mange fine bilete frå kvardagen i barnehagen.
Årsplanen: Eit overordna dokument som seier det meste om verdigrunnlaget for personalet i
barnehagen.
Kompetanseheving: Personalet tar puljevis kurs i relasjonskompetanse.
Planleggingsdag: 25. september var planlagt planleggingsdag. Kommunedagen er avlyst og
planleggingsdagen er difor også avlyst.
Sak 2. Informasjon frå Hildigunnur og Måltrosten
Dei vaksne tykkjer det er godt å vera tilbake på Måltrosten. Lita gruppe med 6 femåringar og 4
fireåringar. Jorid og Rita leder 5-årsgruppa medan Hildigunnur leier 4-årsgruppa.
5-årsgruppa bruker eit opplegg som heiter «Fra barnehage til skole». Dette er eit opplegg som skal
førebu borna på korleis skulekvardagen kjem til å bli, mellom anna med tanke på finmotoriske
oppgåver. Opplegget kjem til å bli gjennomført på 20 torsdagar gjennom året. Fire gonger pr. tema
og 5 tema. Målet er at denne dagen skal vera ein dag som borna gleder seg til. I tillegg kjem ein til å
bruka eit opplegg om sosial kompetanse og Være sammen. Det kjem ikkje til å vera noko meir tema
for samlingar i femårsgruppa dette året.
4-årsgruppa kjem til å arbeide med «Meg sjølv og familien min» ved sida av det som skjer felles for
dei to gruppene.
Det er nye knaggar på veggen ute. Her kjem klede som er klare for vask til å bli hengt og foreldre tek
dette med heim for reingjering. Hugs også å rydde plassen til borna godt kvar fredag, slik at det vert
lettare for vaskepersonalet å gjera ein god jobb. Det er morgonsamling klokka 09.15 kvar dag.
Barnehagen oppfordrar foreldre til å levera før denne tida. Regler og songar som vert brukte skal i
utgangspunktet leggast ut på heimesida.
Borna skal ha ein tursekk i barnehagen med varme klede etter kvart som vinteren nærmar seg.
Hildigunnur kjem dessverre til å gå ut i sjukemelding igjen i oktober.
Sak 3. Informasjon frå Unni og Spurvelurven
Spurvelurven kjem til å ha ulike fargar som tema i løpet av året, basert på opplegg frå «Være
sammen».
Annankvar tysdag reiser det ein delegasjon frå Spurvelurven til biblioteket. Turdag på torsdagar.
Bading på fredagar.
Samling før mat klokka 11.00. Ulike songar og «Være sammen».
Sak 4.
Bemanning: Eli er tilsett, men sjukemeldt. Helin er inne i 40% for henne. Karine er inne på mandagar
og har ansvar for spesped i begge barnehagane i kommunen.
Sak 5.
Heimeside og passord. Eit ønske frå fleire av foreldra er at det ikkje er passord på sakar på heimesida.
Om nokre foreldre som ikkje er tilstades på møtet har motforestillingar mot dette må det gjevast
beskjed til Wenche.
Sak 6.
Trafikktryggleik. Bussane som blir brukt har frå no av 3-punktsbelte, noko som gjer turar frå
barnehagen tryggare en då det tidlegare var topunktsselar i nokre bussar.
Sak 7.
SMOK skal ha forestilling for dei små borna utpå våren ein gong. Hanne ønskjer at barnehagen kan
vera med på dette. Foreldra er positive til at barnehagen er med på SMOK-forestillingar og
julegrantenning.
Sak 8.
Sommaravvikling: Personalet har eit ønskje om å gå tilbake til stenging to veker om sumaren sidan
det har vore svært varierande bornetal nokre veker. Foreldregruppa ser behovet og er enige i at
dette kan vera lurt.
Sak 9.
Haustferie: Barnehagen ønskjer beskjed snarast om kven som kjem til å vera i barnehagen eller ha fri,
sidan det kjem til å skje mykje på denne tida. Det er fint å sleppe å ta inn vikarar om det ikkje trengs.
Sak 10.
Ein person frå PPT kjem til bornehagen ein gong i månaden. Bornehagen kjem til å bruke denne til å
vera med i gruppene for observasjon av personale med påfølgande kollegarettleiing. Om nokre har
innvendingar mot dette treng Wenche beskjed om dette. Han kjem fyrste gong torsdag 17.
september.
Referent: Anders Tjørhom