Les meir.. - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Transcription

Les meir.. - Kyrkja i Sogndal og Leikanger
Nr. 2 I juni 2015 I 43. årgang
God sommar!
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm
Bankgiro: 3720 30 15063
Frå gudsteneste med konfirmantar i Stedje kyrkje. Foto: MUB
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune. Det
er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste blad kjem ut om lag
15. oktober.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 15. september.
LEIAR:
Gode råd
Eit vårsemester er på hell og
eit konfirmantår er omme. 84
ungdommar er blitt bedt for og
velsigna i kyrkjene i Sogndal kommune, 25 ungdommar i Leikanger.
Og konfirmantane var sjølve med på
å tenne lys og be for ein medkonfirmant. Ei sterk oppleving, også for
oss som sat i kyrkjebenkene. Me
ynskjer dei lukke til vidare i livet og
håpar at me som kyrkje kan lukkast
i å fortsatt involvere og inkludere
desse flotte ungdomane i kyrkjelydsfellesskapen.
20.juni er det ei storhending i Stedje
kyrkje. Då skal to prestar og ein diakon ordinerast og vigslast til teneste
for Gud. Dyktige og motiverte medarbeidarar som de kan lese intervju
med i dette nummeret av bladet.
Beredskapsteneste i Sogn:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74. Og til hausten er det kyrkjeval igjen!
Bladpengar: kr. 300,- pr. år, kr. 400,– for abonnentar.
Søndagsskuletur til Amlaholten 9.mai.
Foto: MU
Foto på framsida:
Konfirmantar i Fjærland. Foto: NS
Småtrolltrall123 i kapellet. Foto: MU
Babysong på Stedjetunet. Foto: MUB
2
nr. 2-15
Sogndalkyrkjelydsblad
14. september er datoen - samtidig
med kommune- og fylkestingsvalet. Gjennom deltaking der får
du vere med å påverke framtida
både til di lokale kyrkje og til kyrkja på nasjonalt plan. Dette fordi
du både kan røyste på ditt lokale
sokneråd og på bispedømerådet.
Alle bispedømeråd utgjer til saman
Kyrkjemøtet, som er det øvste organet i kyrkja – på folkemunne kalla
«kyrkja sitt Storting».
De vil finne meir informasjon om
valet i bladet og oversikt over
kandidatar som stiller til val i alle
sokne våre i Sogndal. Nominasjonskomiteane har gjort eit godt
arbeid med å finne gode kandidatar som skal styre den lokale kyrkja
dei kommande fire åra. Eit sitjande
bispedømerådsmedlem har skrive
ein god artikkel om kva soknerådet
er og kva bispedømerådet er.
Kom og gje kyrkja gode råd – godt
val!
Magny Ugulsvik Bukholm
Redaktør
Nytt frå fellesrådet
Det blir endringar i arbeidsstokken den nærmaste tida.
Diccon og Sandra Pearce har
bestemt seg for å flytte tilbake
til England.
Dei avsluttar difor ei årelang trufast
teneste som organist og kyrkjetenar her hjå oss. Dei har hatt hovudarbeidsstad i Leikanger kyrkje, men
Sandra har også vore kyrkjetenar
i Norum ei tid. I tillegg har vi vore
heldige å få nytte oss av deira gode
eigenskapar i nærmast alle sokna
i løpet av dei åra dei har vore her.
Diccon og Sandra har vore gode
bidrag inn i staben, og vi kjem til å
sakne dei veldig både som kollega,
som dyktige musikkutøvarar og
som gode medarbeidarar i kyrkja.
Vi vil ynskje dei lykke til med deira
nye liv i England, og takke så mykje
for alt dei har bidrege med i over 20
år her hjå oss!
Når Diccon og Sandra dreg kjem
Hallgeir og Cristina til oss. Hallgeir heiter Øgaard til etternamn og
startar som ny kantor (organist) i
august. Hovudarbeidsstaden hans
vil vere på Leikanger, men me får
truleg også nytte godt av musikaliteten hans i dei andre sokna
også etter kvart. Cristina heiter
Sandor til etternamn, og skal vere
kyrkjetenar både på Leikanger og i
Norum. Ho tek eigentleg til i jobben
i august, men vil jobbe nokre helgar
i sommar også. Vi gleder oss til å bli
betre kjende med dei, og vil ynskje
dei velkomne og lykke til i jobbane!
I tillegg vil to som har delt på
ungdomsprest-stillinga
avslutte
sine vikariat, og den som eigentleg
fekk stillinga ta til i den. Nils Einar
Berget og Andreas Hjelme har delt
ungdomsprest-stillinga
mellom
seg, der Nils Einar har hatt hovudansvar for dei over konfirmasjonsalder og Andreas har hatt hovudansvar for konfirmantkullet. Denne
ordninga har vart sidan hausten
2014, og det har fungert bra. Dei
takkar no for seg, men me håpar
me framleis vil treffe på dei i kyrkja
både som frivillige og som deltakarar. Tusen takk for innsatsen til
dykk begge to!
Andreas Danbolt fekk den utlyste
stillinga som ungdomsprest i fjor
sommar, og har brukt det siste
året til å fullføre praktikum og med
det prestestudiet. Han vil bli ordinert som prest 20. juni saman med
Kjell Olav Høstaker Nordheim som
sokneprest og Gitte Th. Torstad blir
vigsla som diakon. Andreas Danbolt
er opprinneleg frå Toten, men har
i nokre år arbeidd i Fjell utanfor
Bergen. Me gleder oss til å bli betre
kjent med han, og ynskjer han velkomen til oss og til Sogn!
De finn meir informasjon om ordinasjons- og vigslingsgudstenesta ein annan stad i bladet. Møt
gjerne fram og bli med på denne
storhendinga i Stedje kyrkje!
Foto: E. Askvik
Det er alltid trist når nokon me har
vore saman med ei tid skal slutte,
men det er også spennande å treffe nye. Det vert difor ein spennande
haust for oss på kyrkjekontoret, og
slik også for kyrkjelyden.
Med dette vil me ynskje dykk alle
ein retteleg fin sommar – og ein
spennande haust!
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje
Ill.foto: morguefile.com
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
3
PANGSTART 2015
– Leir for 11–13 åringar
Lyng
mo
10.–
13
augu .
st
Har du lyst til å vera med på noko kjekt før sommarferien
tek slutt? Du vil ikkje gå glipp av Pangstart 2015. Dette
er ein spennande og annleis leir for deg som er 11–13 år.
viktig at du gir beskjed om særlege
behov, slik at me kan leggje til rette
for at du skal få det kjekt på leir.
Me som skal vera leiarar gler oss til
fine og aktive sommardagar saman
med deg!
Monica Ugulsvik
Tekst
Foto: F. Duhrmann
Pangstart-leiren er eit samarbeid
mellom Lyngmo og trusopplæringa
i Luster og Sogndal/Leikanger. Den
er med hensikt lagt til veka før
skulestart, fordi me veit at mange
foreldre då er attende på jobb, medan borna framleis har skulefri. Då
kan det vera eit godt alternativ å
reise på leir, på Lyngmo. Me vil gje
deg nokre fine, aktive dagar, slik at
du er klar for ein ny og spennande
haust!
Tema for leiren er «Noko i lufta».
Det blir temasamlingar og kreative
verkstadgrupper. Det blir aktivitetar
både inne og ute; sykling, bading og
kanopadling. Du kan glede deg til
god mat, kveldssamlingar, gudsteneste og mykje meir!
4
nr. 2-15
Lurer du på kva du skal pakke med
deg? Sovepose, laken, toalettsaker,
Bibel, kle og sko til å vera både ute
og inne, badekle og sykkel dersom
du har det!
Leiren varer til torsdag 13. august
kl. 17, då inviterer me foreldre og
familie til PANGSLUTT, ein felles
avslutning av leiren.
Er du fødd i 2002- 2003 og 2004? Då
kan du melde deg på og bli med!
Leiren kostar 800 kr.
Påmeldinga er opna og det er
fint om du melder deg på før
sommarferien tek til; Send ein
e-post til [email protected]
eller ring 57 68 43 66. Då er det
Sogndalkyrkjelydsblad
- OG EG ER MED!
4-årssamling i Stedje kyrkje
DETTE SKJER I
AUGUST–SEPTEMBER–OKTOBER:
August
9.og 10.
Ungdomsleiar-leir på Lyngmo
10.–13.
Pangstart-leir for 11-13 åringar, saman m/ungdommar frå
ungdomsleiar-leiren, på Lyngmo
16.
Utdeling av 6-årsbok kl. 11 i Stedje
kyrkje
16.
Utdeling av 6-årsbok kl.18 i
Kaupanger kyrkje
September
16.
Babysong, nytt semester tek til på
Stedjetunet kl. 11
27.
Undringstime for 4-åringar
kl.10.15 i Norum kyrkje, gudsteneste m/bokutdeling kl. 11
27.
Stedje barnehage kl. 11 i Stedje
kyrkje
27.
Stedje kyrkje. Gudsteneste m/bokutdeling kl.11. Undringstime laurdag kl.16-17
27.
Undringstime for 4-åringar kl. 15 i
Kaupanger kyrkje, gudsteneste m/
bokutdeling kl. 16
Oktober
17.
Livets skattekiste-dag for 11- og
12-åringar i Fjærland frå kl.11.30
og Undringstime for 4-åringar
kl.16 i Fjærland kyrkje
18.
Gudsteneste m/bokutdeling til
4-åringar kl. 11 i Fjærland kyrkje
25.
Undringstime for 4-åringar laurdag
i Stedje kyrkje. Gudsteneste med
bokutdeling søndag kl.11.
25.
Hausttakkefest m/Stedje
barnehage kl. 11 i Stedje kyrkje
Babysongavslutning våren 2015
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
5
Konfirmantar 2015
Konfirmantar – Fjærland. Foto: Nils Skeie
Konfirmantar – Kaupanger. Fotograf Svigggum
Konfirmantar – Norum. Foto: Ørjan Talle
Konfirmantar – Stedje. Fotograf Svigggum
6
nr. 2-15
Sogndalkyrkjelydsblad
Konfirmantsamling
Kyrkjelydsoppsummering
Siste obligatoriske samling i konfirmantåret er fullført. Anledninga vart sett så stort på, at både slekt og konfirmantar møtte i
både bunad, dress og kjole. Kvifor så staseleg? Vi snakkar sjølvsagt om konfirmasjonsdagen.
Og den har sanneleg vore vel verdt
å feire. Gjennom nesten eit heilt
skuleår har konfirmantane vore
samla om det viktigaste i livet. Det
som gjev livet meining, og plasserer
mennesket i eit evigheitsperspektiv, der målet er evig kjærleik og
glede heime hjå Gud.
Vi leiarane meiner vi har oppdaga
noko som er så godt at vi vil bruke
både arbeidstid og fritid på å dele
det med andre. Då er det kjekt at
ungdomen er så opne og seriøse
som årets konfirmantar har vore.
Dei har lett for å snakke om tru og
tvil, og for dei av dykk som les her
no: Fortsett med det! Det å dele
sine djupe tankar kan vere styrkjande både for ein sjølv og andre.
Kanskje har nokon eit godt svar på
det du lurer på, eller kanskje ikkje.
I så fall snakkar du med ein som i
alle fall forstår deg.
Alle konfirmantane har sine
høgdepunkt frå året. Mine er dei
gongane eg har fått snakka ordentleg med dei. Då vi var på tur i Sogndalsdalen, i samtalegruppene, og
på leir. Nokre har sagt at gudstenestene har vore det beste, og det
er særs inspirerande å høyre. For
det er jo det alt fell ned på: Å Vere
saman med Gud, anten det er i kyrkja eller heime – og få kjenne på
gleda og velsigninga som følgjer
ved å høyre han til. Ta vare på det
de har lært! Jesus seier han er med
dykk alle dagar, så lenge verda står.
Det er sanneleg verdt å feire :)
Konfirmantsamling
Andreas Hjelme
Tekst
Monica Ugulsvik
Foto
Ill.foto: morguefile.com
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
7
VÅREN I FJÆRLAND
På soknemøte denne sundagen
vart det og vedteke små endringar
i gudstenesteliturgien. Kunngjeringane vert flytta til etter 3x3 klokkeslag. Det vert brukt Halleluja-vers i
samband med tekstlesingi, og etter
kvart, bruk av kalkar i samband
med nattverd i midtgangen.
Fjærland er og so heldige at ein
del glade songarar har starta eit
Kammerkor. Desse stiller opp og
syng når dei vert spurde til å medverka, i kyrkja og elles. Fredag
kveld 19.juni har dei konsert i kyrkja. Garantert flott å høyra.
Foto: Maryann G. Mundal
Den lange og snørike vinteren her i bygdi ser no ut til å
ha sleppt taket, når dette vert skrive litt før 10. mai.
Me var litt skeptiske til om all
snøen vart vekke til dugnaden
på kyrkjegarden. den 5. mai. Det
låg vel att litt taksnø på nordsida,
så dugnadsettermiddagen gjekk
greitt. Med stort og smått møtte 28
personar fram. Dette er ca 10% av
folketalet i Fjærland.
Damene jobba inne i kyrkja med
vasking, støvsuging og rydding. Og
so rigga dei til med mat til alle som
var der, i ein triveleg pause. Karane,
pluss nokre damer arbeidde ute
på kyrkjegarden. Denne dagen var
det særskilt grusgangane inn til,
og rundt kyrkja som vart utsett for
hakker og river. Det er slik at grusveger har lett for å gro att, om ikkje
dei vert ruska opp av og til. Litt torv
og stein ligg og att på kyrkjegarden
8
nr. 2-15
Som nemnt tidlegare var det konfirmasjon 1. pinsedag. To barn vart
og døypte denne dagen. Det er ikkje
så ofte det er barnedåp i Fjærland,
men desto gildare når det skjer.
Namna på dei to er: Johanna Juklestad Mundal og Jaran Mundal. Lukka til vidare til både konfirmantane
og dåpsbarna.
Nils Skeide
Tekst og foto
og måtte fjernast. Skal me få ein
jamn og fin kyrkjegard i Fjærland,
står det ein god del arbeid att.
Gjerde skulle og vore oppattpussa
og måla.
I vinter har me her i Fjærlandskyrkja hatt god hjelp av konfirmantane
våre. Dei to har vore trufaste og
hjelpt til på omtrent kvar einaste
gudsteneste. Tusen takk skal de
ha. No har Grete og Thomas, som
er namni deira, hatt samtale med
presten. Dei slapp fram, som dert
vart sagt i gamle dagar. Den dagen
vart dei feira med marsipankake og
pizza på kyrkjekaffien. No står konfirmasjonen for tur. Det er 24. mai.
I Fjærland er det vedteke at konfirmasjonsgudstenesta er lagt til 1.
pinsedag.
Sogndalkyrkjelydsblad
Frå gudsteneste med konfirmantane 26. april
Foto: BLS
Ordinasjons- og vigslingsgudsteneste i
Stedje kyrkje laurdag 20. juni kl. 14.00
Biskop Halvor Nordhaug kjem til
Stedje kyrkje laurdag 20. juni for å
ordinere Kjell Olav Høstaker Nordheim til sokneprest og Andreas
Danbolt til ungdomsprest. Og for å
vigsle Gitte Therkelsen Torstad til
diakon. Kjell Olav Høstaker Nordheim har fungert som sokneprest
i eit år medan han har fullført utdanninga som prest. Gitte Therkelsen Torstad har arbeidt som diakon
parallelt med at ho har gjort seg
ferdig med utdanninga. Andreas
Danbolt tek no til i stillinga som
prest for ungdom og studentar i
Sogndal og Sogn prosti. Om lag 20
% av hans stilling skal vere spesielt retta mot studentane. Vi gler oss
over at vi no får i gang ei studentprest-teneste i Sogndal.
Ordinasjon og diakonvigsling er
ein festdag for kyrkjelydane. Finn
fram finkleda, kom gjerne i bunad
og møt opp i Stedje kyrkje denne
laurdagen. Etter gudstenesta ber
sokneråda alle inn til eit måltid i
kantina på Høgskulen, og vi håpar
at så mange som mogeleg vert med
på det òg.
Vi oppmodar folk om å vere ute i god
tid. Parker gjerne ved høgskulen og
bruk beina fram til kyrkja.
Sogndalkyrkjelydsblad
Kjetil Netland
Prost
nr. 2-15
9
seks åra arbeid som diakon i Sogndal.
Ho fullførte masterutdanninga ved
Diakonhjemmet våren 2014.
mot korleis kyrkja i større grad kan
vere ein plass for ungdom etter
konfirmasjonsalder.
Kva oppdrag har ein diakon?
Kva er vårt ansvar for flyktningar og
arbeidsinnvandrarar?
Diakonen er leiar av kyrkja sitt
sosiale omsorgsarbeid, og skal bidra
til at evangeliet kjem ut i handling,
som kyrkja sine hender og føter.
Kva oppgåver er det viktig at kyrkja
tek tak i her i bygdene våre ?
Gitte
Gitte er oppvaksen på Søreide i
Fana, Bergen. Ho har budd i Sogndal sidan 1989. Gitte er utdanna
sosionom og diakon og har dei siste
Sokna er ulike og har forskjellige
utfordringar, det vil difor vere varierande behov for tiltak og tilbod frå
stad til stad. Likevel kan vi trekkje fram to oppgåver: byggje ulike
møteplassar i kyrkjeleg samanheng som gjer at alle kan finne sin
plass og kjenne tilhøyring til kyrkja.
Ei anna viktig oppgåve vil retta seg
Kva mål har du for tenesta di som
prest?
Kjell Olav
Kjell Olav Høstaker Nordheim er
fødd og oppvaksen her i Sogndal. Han har mellom anna arbeidd
som diakon, som seniorrådgjevar
i Difi, og sidan hausten 2009 som
prestevikar. Dei siste seks åra har
han studert teologi ved NLA Høgskolen i Bergen ved sida av arbeidet.
10
nr. 2-15
Eg ynskjer å vere ein vanleg prest
for vanlege folk. Vi bed alltid for
konfirmantane, om at dei må få ha
ein heim i Guds kyrkje på jorda. Eg
tenkjer det ikkje berre gjeld konfirmantane, men oss alle: Vi treng
ein stad å høyra til. Om eg ved å vere
prest kan følgje Jesus på ein slik
måte at folk vinn større klarheit og
tryggheit i høve til eiga tru, så er eg
glad for det. Først og fremst er eg
ein døypt som høyrer til i eit fellesskap av mange andre døypte. Slik
høyrer me saman, og slik har kvar
av oss noko å gje andre. Eller som
det heiter i trusopplæringa: Gud gir
– vi deler.
Kva vil du leggje vekt på dei fyrste åra som sokneprest i Stedje og
Kaupanger?
Sjølv om eg er herifrå, ynskjer eg
for det første å ha fokus på å bli
endå betre kjend med bygdene og
Sogndalkyrkjelydsblad
Som kyrkje er det vårt hovudansvar
å møte kvart menneske med respekt, uavhengig av tru og ståstad.
Kyrkja bidreg med å avhjelpe naud
både i Noreg og ute i verda. Som
kyrkje i Sogn vil vi ta imot menneske
som ynskje kontakt, og i møte med
flyktningar og arbeidsinnvandrarar
vil vi leggje vinn på å vere gjestfrie.
Eit viktig vers i Bibelen:
Joh. 13.15: "Det er eit føredøme eg
har gjeve dykk: Som eg har gjort
mot dykk, skal de òg gjera."
grendene, bedrifter, arbeidsplassar og organisasjonsliv, særleg det
første året. Eg er svært open for
invitasjonar! For det andre vil eg
legge vekt på å vere tilgjengeleg
og tilsnakkandes, og arbeida for
at det må vere låg terskel for å ta
kontakt om alt som måtte røre seg.
For det tredje vil eg svært gjerne
vere med å vidareutvikle barne- og
ungdomsarbeidet. Sist, men ikkje
minst - eg er oppteken av samanhengen mellom kyrkje og kulturliv.
Eit viktig vers i Bibelen:
Då tenker eg på Matteus 11, 28, der
Jesus snakkar om kvila han vil gje.
Desse orda står nederst på altertavla i Stedje. Eg tenker at sjølv om dei
er eldgamle, så har dei veldig mykje
å seie til oss, som lever i ei tid prega
av stress og tilkortkommenheit,
under presset av eit samfunn som
blir kalla både Perfeksjons-samfunnet og Prestasjons-samfunnet:
”Kom til meg, alle de som slit og har
tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!”
NLA i Bergen. Han har lang erfaring
frå barne og ungdomsarbeid i ulike
organisasjonar, mellom anna frå
speidaren, Det norske misjonsselskap. Han har òg erfaring frå Fjell
kyrkjelyd der han har vore tilsett
som ungdomsarbeidar. Han er
glad i ulike formar for friluftsliv,
og trivest godt med å jobbe med
ungdom.
Vi ser fram til å få Andreas som prest
for ungdom og studentar i Sogndal,
og lurar på kvifor ein austlending vil
slå seg ned og arbeide her?
Andreas
Andreas er oppvaksen på Toten.
Han har fagbrev som industrimekanikar og har studert teologi ved
Sogndal har mykje å by på, ikkje
minst gode moglegheiter for friluftsliv og mange trivelege folk. Når
eg såg at det var ei ledig stilling
som ungdomsprest her, så måtte
eg berre søke jobben.
BESLUTNING
Herre, jeg har tatt en stor beslutning:
Frå denne stund er jeg på din side!
Det er ingen følelsesladet beslutning,
for den slags ville jeg aldri tillate meg.
Nei, den kom både frå hjernen og fra hjertet
etter at jeg hadde tenkt over tingene.
Jeg lover troskap mot deg og troskap i tjenesten.
Det lyder flott, Herre, men du kjenner meg.
Jeg har ikkje mye å gi deg,
men du kan få livet mitt.
Jeg ønsker å investere det i din sak.
Noe i meg taler om det heltemodige i beslutningen,
– en slags Jeanne dArc-innsats,
men selvsagt tilpasset de åndelige dimensjonene mine.
Noe annet i meg skyver meg tilbake til virkeligheten
Ved å spørre:
«Hva akter du egentlig å foreta deg?»
Kva har kyrkja å gje til unge
menneske i 2015?
Kyrkja er ein fellesskap der alle er
velkomne. Her kan me vera saman
om tru og spørsmål rundt trua og
livet, og heilt andre ting. I kyrkja
kan unge få sjå livet sitt frå ein annan kant enn kva ein presterer eller korleis ein ser ut. Ikkje minst er
kyrkja ein fellesskap kor Gud sjølv
er saman med oss.
Eit viktig vers i Bibelen:
Johannes 3.16: ”For så elska Gud
verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt, men ha evig
liv.”
Jeg vet ikkje, Herre. Jeg vet simpelthen ikkje.
Jeg ber at du vil veilede meg.
Jeg stiller meg til din disposisjon
og vil gjøre det jeg kan for deg,
så vennligst legg tingene til rette for meg.
Finn en jobb der eg kan tjene deg, Herre,
ved å tjene min neste.
Jeg ber ikke om en plass i forreste rekke, Herre,
(selv om mitt «ego» løfter øyenbrynene og
hoster spørrende mens jeg sier dette).
Men jeg vil gjerne kjenne meg ønsket og nyttig.
Lønnen teller mindre,
skjønt jeg må ha til kost og losji
og litt annet også, forresten.
Bruk meg et eller annet sted, Herre…
Dette ber jeg om inntil videre
mens eg venter på at du viser meg hvor jeg skal ta fatt.
Flora Larsson
Henta frå diktsamlinga «Mellom deg og meg, Herre!»
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
11
Skal du stemme ved kyrkjevalet 2015 ?
Det er valår, og den
14. september er det
tid for kommune- og
fylkestingsval. Samstundes er det kyrkjeval, og det skal
veljast representantar
til både sokneråd og
bispedømeråd.
Kva er soknerådet?
Soknet er grunneininga i den
norske kyrkja. Frå gamalt av var
soknet rekna ut frå staden der det
var oppført ei kyrkje, og bestod av
dei som hadde ei kyrkje å sokne til.
Medlemane i soknet vel soknerådet.
Soknerådet skal etter kyrkjelova ha
si merksemd mot alt som kan nære
og styrkje det kristne livet i soknet,
slik som til dømes gudstenesteliv,
relasjonsbygging og arbeid blant
konfirmantar og unge.
Soknerådet skal mellom anna
leggje til rette for at kyrkjeleg
undervisning, kyrkjemusikk og
12
nr. 2-15
diakoni vert innarbeidd og utvikla
i soknet. Rådet har også rett til å
medverke ved utnemning og tilsetting i kyrkjelege stillingar, men er
ikkje arbeidsgjevar, og gjev høyringsfråsegner i ulike saker. I tillegg
til sokneprest består soknerådet i
Stedje av åtte personar, og av seks
personar i Fjærland, Kaupanger og
Norum.
Kva er bispedømerådet?
Bjørgvin bispedømeråd skal, på
same måte som sokneråda, ha si
merksemd mot alt som gjerast for
å vekkje og nære det kristne livet i
dei ulike sokna i bispedømet. Geografisk er Bjørgvin samanfallande
med Sogn og Fjordane og Hordaland fylke.
Bispedømerådet tilset prestar, og
fordeler mellom anna tilskot til kyrkjelege formål gjennom midlar frå
Opplysningsvesenets fond (OVF).
Medlemane i bispedømerådet er
også utsendingar til det årlege Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet er det øvste
demokratiske organet i Den norske
kyrkja, og har ein «lovgjevande»
Sogndalkyrkjelydsblad
funksjon for kyrkja som på mange
måtar kan samanliknast med Stortinget. Val av representantar til
Bispedømerådet er derfor viktig
dersom du ønskjer å påverke framtida til Den norske kyrkja på nasjonalt nivå. Av aktuelle saker som
er venta i perioden 2016 til 2019
kan nemnast ny organisering etter
skiljet med staten, mobilisering
for dåp, fleirkulturelt dialogarbeid,
rekruttering til kyrkjelege stillingar
og spørsmål om forbønn eller vigsel for likekjønna par.
I tillegg til biskopen og to kyrkjeleg
tilsette, består bispedømerådet
av sju leke medlemmer. I Bjørgvin
skal fire av desse veljast direkte 14.
september, medan dei tre siste vert
valt av sokneråda i november.
Har eg stemmerett?
For å ha stemmerett må du være
medlem av kyrkja. Forenkla sagt er
medlemmer alle som er døypt i kyrkja, og som ikkje seinare er utmeldt.
I kyrkja er myndigheitsalderen 15 år,
og du kan derfor stemme dersom du
fyller 15 år i løpet av 2015.
Kven er kandidatar til
bispedømerådet?
Bispedømet sin nominasjonskomité er valt av representantar frå
sokneråda. Komiteen si liste har
17 kandidatar i prioritert rekkjefølgje. Kyrkjevalet er eit personval.
Kandidatane er såleis ikkje representantar for grupperingar eller
parti, men lista speglar ei breidde
både i alder og ulike syn innanfor
kyrkja. Presentasjon av dei ulike
kandidatane finn ein ved å følgje
lenkja under. Kontakt gjerne også
kandidatane personleg dersom du
har spørsmål.
https://kirken.no/globalassets/
bispedommer/bjorgvin/dokumenter/kyrkjeval/leke-kandidater/
leke-kandidatar-eigenpresentasjon-pr-26-mars-2015.pdf
Åpen folkekirke er ein organiasjon
som har stilt alternative lister i 9
bispedøme, og som har fått mykje
merksemd i media. Organisasjo-
nen ønskjer mellom anna å arbeide
for at også likekjønna par kan gifte
seg i kyrkja. Åpen folkekirke stiller
ikkje liste i Bjørgvin, og nominasjonskomiteen si liste er derfor den
einaste i bispedømet.
Korleis stemmer eg?
Alle med stemmerett vil motta valkort i august. Valkortet vil
informere om dine rettar som veljar, og om kvar du kan stemme. Du
kan også førehandsrøyste ved kyrkjekontoret i perioden 1. august til
11. september. Kontakt gjerne kyrkjekontoret i god tid dersom du har
spørsmål.
to stemmer. Dette gjeld både for val
av sokneråd og bispedømeråd.
Det er ikkje mogleg å stryke
kandidatar frå listene, men ved val
av sokneråd kan du kan føre opp
inntil tre nye namn på stemmesetelen. Det er ikkje høve til å gje
desse tilleggstemmer.
Framleis litt forvirra? Alt dette og
meir informasjon finn du også på
nettadressa www.kyrkjevalet.no.
Godt val!
Arnt Erik Nordheim
Tekst
Valet til sokneråd og bispedømeråd
skjer ved to ulike lister. Dersom du
leverer stemmesetel utan korrigeringar vil ikkje stemma bli forkasta,
men alle kandidatane på den innleverte lista får då éi stemme kvar.
For å påverke prioriteringa på listene kan du gje éi tilleggsstemme
til inntil tre kandidatar, som då får
Kandidatlister til soknerådsvalet:
FJÆRLAND SOKNERÅD
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
NILS SKEIDE
BERIT CARLSEN ORHEIM
SVERRE TUFTE MUNDAL
MARIANNE SUPPHELLEN
HANS HAUGEN
MARITA KVITBERG
SIV JANE RAUBOTI
GERD TURID JUKLESTAD
HILDE SUPPHELLEN
ANDRÉ ØYGARD
KLARA HEIMLID BØYUM
6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND
6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND 6848 FJÆRLAND Pensjonist
Pensjonist
Entreprenør
Dagleg leiar/kyrkjet
Bonde
Førskulelærar
Lærar
Bonde
Bonde/Heimehjelp
Sjølvst. næringsdriv
Helsefagarbeidar
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
13
KAUPANGER SOKNERÅD
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
EINAR SKEIE
KARI ALME
KENNETH BJØRK
KIRSTEN ANNY AMLEDAL
KNUT KAI BERGET
KAREN HELENA DALAKER
CHRISTOFFER KNAGENHJELM
BRITT ELIN YTTRI
GEIR BØYUM
SVANHILD KARIN BREISNES
VEGARD HOVLAND
ANNE-HELENE LILLE-HOMB
KAUPANGSVEGEN 29, 6854 KAUPANGER HAUKÅSSVINGEN 10, 6854 KAUPANGER 6854 KAUPANGER 6854 KAUPANGER ROGNEVEGEN 1, 6854 KAUPANGER 6854 KAUPANGER KYRKJEGOTA 1, 6854 KAUPANGER HAUKÅSSVINGEN 1, 6854 KAUPANGER PORSMYRVEGEN 11, 6854 KAUPANGER BRÅTAVEGEN 8, 6854 KAUPANGER KAUPANGSVEGEN 1, 6854 KAUPANGER 6854 KAUPANGER Pensjonist
Spes.pedagog
Eigedomsmeklar
Pensjonist
Pensjonist
Pensjonist
Arkeolog/Sj.næringsd
Postbud
Rekneskapsførar
Pensjonist
Byggmester/fagl.leia
Pensjonist
NORUM SOKNERÅD
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
RØNNAUG DAHL
6859 SLINDE
AGNAR NORNES
6859 SLINDE EDIT FLATLAND
6859 SLINDE HEIDI FONDENES
6859 SLINDE PER MAGNE FIMREITE
6856 SOGNDAL ELLEN KRISTIN NJØS SLINDE
6859 SLINDE PER HENRIK HJELMESETER
6858 FARDAL ANNE MARIT VENES
6858 FARDAL SOLLAUG BOGE ØLMHEIM
6859 SLINDE GUNNBORG IRENE YLVISÅKER LYNGSET 6858 FARDAL GUNN KJERSTI BÅRDGARD
6858 FARDAL Pensjonist
Bonde
Pensjonist
Lærar
Bonde
Landskapsarkitekt
Sjølvst.næringsdriv.
Reinhaldar
Pensjonist
Bankfunksjonær
Førstesekretær
STEDJE SOKNERÅD
1 OVE BUKHOLM
STØLEN 5, 6856 SOGNDAL Byggmester
2 ASTRID HOVE
MARKAVEGEN 25, 6856 SOGNDAL Rådgjevar
3 JAN GUNNAR BØTHUN
6856 SOGNDAL Fagarbeidar
4 MÅLFRID MYRKASKOG HUSNES
STEDJEVEGEN 38, 6856 SOGNDAL Pensjonist
5 PER HILLEREN
6856 SOGNDAL Bonde
6 SISSEL AINA VATNAMOT ÅBERGE
6856 SOGNDAL Lærer
7 EDVIN ORRESTAD
6856 SOGNDAL Entreprenør
8 LISE ELVAGJENG
6856 SOGNDAL Fagrådgjevar
9 ODD SOLBERG
6856 SOGNDAL Lærar
10 INGRID MONSEN
PRESTAVEGEN 1, 6856 SOGNDAL Butikkmedarbeider
11 SIGNE MARIE FOSSE REFSDAL
KONGABERGVEGEN 19, 6856 SOGNDAL Sjukepleiar
12 ELDBJØRG REPPEN ØLNES
6856 SOGNDAL Pensjonist
13 ODDBJØRG BORGNY UGLUM
KONGABERGVEGEN 12, 6856 SOGNDAL Pensjonist
14 LEIF STEINAR ENGLAND
6856 SOGNDAL Innkjøpssjef
15 REIDUN BOSTEDT DRÆGNI
DALAVEGEN 2 E, 6856 SOGNDAL Pensjonist
16 JOFRID ROGNE
TJØDNALI 30, 6856 SOGNDAL Pensjonist
17 OTTAR HUSUM
6856 SOGNDAL Bonde
18 AASHILD VIKDAL
6856 SOGNDAL Pensjonist
19 OMAR EGGUM
6856 SOGNDAL Lærar
20 GRO LERUM BONDEVIK
ÅBERGEVEGEN 11, 6856 SOGNDAL Trade mark.konsulent
21 JORUNN HOLE
KONGABERGVEGEN 41, 6856 SOGNDAL Pensjonist
14
nr. 2-15
Sogndalkyrkjelydsblad
Kyrkjekaffi
Ein prestevikar takkar for seg
Historia begynte med at
telefonen ringte ein tidleg
aprilmorgon. Det var eit
ukjent namn som spurte
om eg ville ta til å jobbe
som prestevikar i Sogndal
etter lærarskulen. Eg sa ja
mest for å få han til å legge
på, og så måtte omstillinga
ta til.
kvifor ikkje? Vi trur at bøn blir høyrt,
og at det er eit kraftig verkemiddel.
Kanskje er bøna det viktigaste vi
gjer det møtet! At slikt skjer bak
lukka dører er både tillitskapande og trusstyrkjande. Presten står
ikkje berre og messar på søndagen
om forskjellig han har høyrt på skulen. Jobben er ikkje berre ein jobb
som må gjerast. Han deler eit liv og
ei lære som han sjølv har tru på og
oppmodar om å følgje, fordi han veit
kor stor betydning det kan ha for
den einskilde.
Kyrkja er ingen dårleg plass å
vere lærar. Ikkje berre har eg fått
undervist mykje, men eg har fått
undervist eine og åleine om det
viktigaste faget som finst: Frelsa og
livet ved trua på Jesus Kristus.
Som vikar har eg hatt stor glede av
å dele den glade bodskapen. Sidan
jobben min har vore hovudsakleg
konfirmantarbeid, har eg som regel
hatt forkynnaransvar på dei gudstenestane som konfirmantane samla
har vore med på. Då er det ein fryd å
bli gitt lyttande øyrer frå konfirmantane, men også alle foreldre og tilhøyrande som møter opp. Fleire av
desse er innom kyrkja berre når dei
har ei spesiell anledning. Då treng
dei ei nistepakke av Guds Ord som
dei kan ta med seg vidare, frå ei god
oppleving i kyrkja.
Det har eg ikkje gjort åleine, men
saman med eit kollegium som
verkeleg trur på det dei forkynner.
Sjølv om eg veit at dei er prestar og
diakonar vart eg likevel litt overraska over viljen til å avslutte elles «faglege» møter med bøn. Ja,
Det er mange tilsette på kyrkjekontoret på Stedje, med ulik alder,
bakgrunn, livsstil, arbeidsmåte og
mykje meir! Det har vore ein styrke når vi har hatt arrangement. Avslutningsvis vil eg trekke frem Gitte sin (Diakon) sans for detaljer og
forutsigbarheit, Kjell Olav si (fungerande Sokneprest) ro, og evne til å
finne kloke ord, og Kjetil sitt (Prost)
rike initiativ og erfaringsbase. Alle
dei nemnde jobbar tilsynelatande
døgeret rundt, og er store førebilete
på sine måtar. Dermed kan eg takka for i år, og sjå tilbake på kyrkja
som ein arbeidsplass det ikkje er
utenkjeleg at eg vender tilbake til.
Eg har stor tru på det arbeidet som
de gjer, og som Andreas Danbolt, ny
spesialprest for ungdom, går inn i.
Til lukke vidare. Må Gud signe
arbeidet dykkar!
Andreas Hjelme
Tekst
Monica Ugulsvik
Sogndalkyrkjelydsblad
Foto
nr. 2-15
15
Intervju med Kari Marie Navarsete
v/Ester Nordheim
1. Kva betyr kyrkja for deg? Når du
høyrer ordet ”kyrkje”, kva stemning/
følelse gjev det deg? Tenkjer du først
på bygningen eller på alle folka som
”er” kyrkja? Kvifor det, trur du?
Når eg høyrer ordet «kyrkje» kjem
det fram mange bilete hjå meg.
Sjølvsagt tenkjer eg på den flotte
bygningen med alle sine uttrykk.
Gjennom arbeidet mitt i barnehagen har eg ved fleire høve vore på
besøk i kyrkja saman med born. Å
følgje born si undring over det dei
ser og deira evne til å bli merksame
på detaljar er fascinerande, og det
har også hjelpt meg å sjå.
Likevel er det eigne opplevingar i
kyrkja som er med å skape kjensler
til kyrkjerommet og det me finn der.
Ord som kjem når eg tenkjer på dette er: tradisjon, glede, sorg, fellesskap, omsorg, haldepunkt, musikk,
tankar om tru, familie. Kyrkjerommet er for meg ein god stad å vera
på «gode og vonde» dagar.
Eg tenkjer også på samarbeid.
Som styrar i Stedje barnehage
gjennom mange år har eg hatt eit
godt samarbeid med kyrkja representert ved Bård Haukedal og Kjell
Olav Nordheim. Når barnehagen
samarbeider med kyrkja, utfordrar
det oss i høve at barnehagen har eit
mandat som legg føringar for kva
innhald og formidling borna skal
møta. Undring saman med borna,
her og no perspektiv, kunnskap og
respekt for mangfaldet vert stikkord. Mitt møte med kyrkja i dette
samarbeidet har vore svært givande
og kjekt. Eg trur me har gitt borna
gode opplevingar og kunnskap til å
forske på eiga tru.
2. Har du opplevingar du har lyst til
å trekke fram?
16
nr. 2-15
Det er mange. Då vel eg å trekke fram
alle dei flotte hausttakkefestane me
har delteke på med borna i Stedje
barnehage. Ei fullsett kyrkje med
forventingsfulle born og foreldre. Ei
kyrkje som evnar å forme gudstenesta slik at borna er «med», og der
det er «plass» til dei utan at det går
ut over forma til gudstenesta. Dette
har sett «spor» i meg.
Elles har eg hatt mange flotte musikkopplevingar i kyrkja. Å gå på
konsert i kyrkja forsterkar musikkopplevinga og gir for meg ei sterk
kjensle av fellesskap. Eg meiner det
er viktig at kyrkjerommet vert brukt
i eit mangfaldsperspektiv der kvar
einskild kan finna sin plass på sin
måte.
3. Når blei du sist overraska i kyrkja? Heilt ærleg !
For ei tid sidan var eg i gravferda til
tanta mi. Når presten song «What
a wonderful world” som ein del av
talen sin, vart eg overraska og veldig fokusert.
4. Kva tankar har du om kyrkja si
rolle i lokal-samfunnet? Har du tankar om korleis kyrkja kan bli endå
meir synleg i lokalsamfunnet? På
kva nye måtar trur du at lokalsamfunnet og kyrkja kan samvirka?
For meg er det viktig at kyrkja er
ei kyrkje for folket. Det er viktig at
det er plass til alle, der mangfald og
inkludering er stikkord. Då er det
viktig at bygdefolket deltek i råd og
organ der ein kan vera med å påverke korleis kyrkja skal utvikle seg
vidare. Det vert viktig at kyrkjekontoret er opne for innspel og aktive i dialogen med bygda. Her vert
gode møteplassar eit stikkord. Elles
Sogndalkyrkjelydsblad
handlar det om å byggje tryggheit
og tillit mellom kyrkja og folket.
5. Har du tankar om korleis me kan
inkludera endå fleire i gudstenestefellesskapet?
Gudstenestene er på mange måtar
det viktigaste kyrkja gjer, her får
kyrkja mellom anna sin identitet.
Frå din ståstad- kva trur du skal
til for at fleire skal oppleva seg inkludert i fellesskapet rundt gudstenestene?
Eg trur kyrkja i dag gjer mange
gode grep som kan utviklast vidare:
Viktige element er å møte born og
ungdom der dei er med arbeidsmåtar som treff dei. «Å våge å gå
utanfor ramma, men likevel behalde forma» Stikkord må vera «den
gode opplevinga» og at ein kjenner
at ein har ein «plass.». Deltaking vil
og vera eit stikkord. Eg trur det er
viktig at gudstenesta kan ha ulike
”ansikt”. Det er og viktig at kyrkja
kan variere tidspunkt for gudstenester. Men som sagt: Mi oppfatning er at kyrkja i Sogndal på mange
område er ny tenkjande og kreativ i
sin måte å møte kyrkjelyden på.
Foto: Privat
Takk og farvel
og nokre refleksjonar
Då var det slutt. Eg tek med meg familien min og vender nasen mot Sunnmøre. Me har no budd i Sogndal i 7
år. Og når sant skal seiast, har det blitt vår heimplass.
Men no opplever me at Gud vil ha oss på ein annan stad.
Og me gler oss til å finne ut kva me skal få vere med på
“der oppe”.
Eg har jobba med ulike ting i kyrkja
i eit par år no. Eg har vore litt kyrkjetenar, trusopplærar, ungdomsog studentprest, og til sist fengselsprest. Makan! Og skal eg vere
heilt ærleg, så har alt eigentleg
vore ganske kjekt. Det er difor med
vemod at eg avsluttar dette kapittelet. Her er nokre refleksjonar om
kyrkja og det som har vore.
Eg har, som sagt, trivest godt. Det
skyldast naturlegvis meiningsfulle
arbeidsoppgåver. Men staben skal
òg ha ein god porsjon av æra for
det. Dei har vore positive og imøtekommande mot meg heile tida.
Kudos! Men når det gjeld arbeidsoppgåvene, så har eg funne ut at ein
ikkje blir automatisk “from” av ein
slik jobb. Ein skulle jo tru at det var
lett å ha fokus på Guds rike når ein
jobba i kyrkja. Men slik har det ikkje
vore for meg. Arbeid blir fort “berre” arbeid. Det blir noko ein berre
gjer. For å halde motivasjonen oppe
har eg måtte stadig minna meg sjølv
om kva eg eigentleg driv med. Og
uansett kva eg kjem til å drive med
seinare, så har eg lært noko om å
løfte blikket - både i jobb og elles.
Uansett om ein jobbar i barnehage,
i kyrkja eller sel kvitevarer, så er
ein del av eit større fellesskap. Og
det kan det vere lurt å tenkje på av
og til.
Kyrkja har sine utfordringar. Eit interessant spørsmål er kva kyrkja
skal vere. Skal den først og fremst
vere ein kyrkjelyd for folk som ynskjer hjelp til å følgje Jesus, eller
skal den vere ei folkekyrkje der folk
kan kjenne seg heime sjølv om dei
ikkje er der så ofte. Ideelt sett skal
den klare begge deler. Og kanskje
er det fullt mogleg. Men for meg så
fortonar det seg iallefall som den
har lukkast best i det første. Mange
er innom i løpet av eit år, og mange
har positive opplevingar. Det er bra.
Men eg slit med å tenkje at det berre skal vere slik. Kyrkja er jo grunna
på Jesus Kristus. Og kyrkja kom ein
gong hit på grunn av at ei lang rekke
folk hadde prøvd å vere lydige mot
misjonsbefalinga. Jesus sa: gå ut i
verda og gjer alle folkeslag til mine
læresveinar. Og me har kanskje
fokusert på å få folk til å bekjenne
trua. Nokre vil sikkert seie at kyrkja
nettopp har makta det. Dei lærde
stridast (uten å skulle gå nærmere
inn på det her). Men å få folk kristne er berre halve misjonsbefalinga.
Resten handlar om å få folk til å
gjere det som Jesus sa at dei skulle
gjere. Ein skulle, med andre ord,
gjere det som måtte til for å skape
folk som likna på Jesus. Det er dette som er disippelgjering. Og dessverre er det slik at dei som har vore
mest ivrige på å lære, går til andre
typar menigheiter. Resultatet er mange plassar - at snittalderen på
dei faste går oppover. Med andre
ord: noko må gjerast. Ein kan ikkje
berre støtte seg til alt det gode som
skjer og vere fornøgd. Ein skal vere
positiv, men ein må ikkje la positiviteten stå i vegen for endring
- viss det er naudsynt. Men så trur
eg kyrkja jobbar med slike tankar
allereie - iallfall her lokalt. Utfordringa blir å ha to tankar i hovudet
samstundes - korleis ein på mest
mogleg effektiv måte kan skape
ivrige etterfølgjarar av Jesus utan å
støyte frå seg folk flest.
Nils Einar Berget
Tekst
Jostein Heggestad
Sogndalkyrkjelydsblad
Foto
nr. 2-15
17
Om namnet på kyrkja i Norum sokn
BAKGRUNN FOR SAKA:
KVA HAR VORE GJORT:
For om lag 15 år sidan vart det sett
opp skilt med påskrifta Norum +
kyrkjesymbol ved avkøyrsla frå
riksvegen opp til kyrkja. Det vart
etter dette mange avisinnlegg og
diskusjonar vedkommande namnet
på kyrkja. Mange meinte det var feil
at kyrkja heiter Norum kyrkje, og at
Ølmheim kyrkje skulle vere det rette namnet.
Saka var oppe i soknerådet i februar 2014, og underteikna påtok seg
arbeidet med å finne ut meir om det
formelle rundt namne-endringa.
Våren 2014 var eg i kontakt med
Riksarkivet i Oslo, Statsarkivet i
Bergen og Bjørgvin bispedømmekontor.
I protokollane vidare var Ølmheim
kyrkje nytta, med eitt og anna
unnatak ,- ein gong i 1951, ein gong
i 1962 og ein gong i 1964 der Norum
var nytta.
Frå siste halvdel av -80 talet er Norum brukt som namn på kyrkja.
På bakgrunn av at det var ein del
debatt om namnet på kyrkja i år
2000, vart saka teke opp i fellesrådet som gjorde fylgjande vedtak:
«Sogndal kyrkjelege fellesråd sender saka over til Norum sokneråd av
di namnesaker skal starte i sokna.
Fellesrådet vil ogso tilrå soknerådet å skipe til eit soknemøte på
saka før vedtak blir gjort. I namnesaker på kyrkjer skal saka starta i
soknet, gå vidare tenesteveg til Kyrkje- utdannings – og forskningsdepartementet for endeleg vedtak.
Når vedtak er gjort i departementet
er namnet gyldig.»
I protokollen til soknerådet finn
ein at saka var oppe på møte
24.02.2000. Det vart gjort vedtak om
å utsette saka.
Foto: Arild Slinde
I samband med kyrkjejubileet 2013
skreiv Anders Slinde eit stykkje
om dette i jubileumsheftet. Anders
Slinde var mellom anna med og
restaurerte kyrkja i 1963/64.
I januar 2014 mottok soknerådet
brev frå Anders Slinde der han ber
om at namnet på kyrkja blir teke
opp som sak, at «namnet skal vere
slik det har vore i alle år bakover
(fleire hundre år): Ølmheim kyrkje i
Norum sokn.»
Ingen av desse instansane kunne
finne at sak om namne-endring
hadde vore behandla.
Etter dette tok eg føre meg gamle
protokollar frå soknerådsmøte i
Norum sokn.
Desse går attende til 1922. Frå den
tida og fram til 1940 var det kun
brukt Ølmheim kyrkje, slik eg har
greid å finne ut.
I 1943 brukar presten Torvanger
namnet Norum kyrkje i eit brev til
kyrkjelyden vedkommande innsamling av midlar til nytt orgel.
18
nr. 2-15
Sogndalkyrkjelydsblad
Hausten 2000 var det val på nytt
sokneråd. Ut frå møteprotokollar
kan det synast som om saka ikkje
vart oversendt det nye soknerådet.
Ved gjennomgang av protokollen finn ein ikkje at saka har vore
behandla etter 24.02.2000.
DØME PÅ BRUKEN AV NAMNET
ØLMHEIM KYRKJE:
På tavla i våpenhuset i kyrkja står
ein oversikt over dei som var med
og bygde kyrkja i 1863. Namnet som
er nytta på denne tavla er Ølmem.
Dåpsmuggen i kyrkja har fylgjande
innskrift: «Gåve til Ylmheims kyrkja
frå ungdom i Øvstedalen 1933.»
I bygdabøkene til Wilhelm Flugeim
(1937) står det om Ylmheims kyrkja.
Da kyrkja vart vølt i 1964 var det
berre Ølmheim kyrkje som vart nytta i brev frå kommunen og i anna
korrespondanse.
I 1990 fann Berit og Arvid Slinde på
Ylvisåker ein kasse med kvitteringar i eit hus på garden sin. Desse
var frå byggjinga av kyrkja i 1863.
Det står Ølmeim kyrkje på alle dokument. Desse dokumenta vart
overlevert fylkesarkivet 27.11. 1990.
Eigar av garden deira på 1860 –talet hadde ansvar for byggjerekneskapen då kyrkja vart bygt.
I 1994 var det eit stort slekts-stemne for Ylvisåker – slekta. I den
samanheng er nytta Ølmheim kyrkje.
Underteikna har spurt gamle folk
i bygda om kva kyrkja heiter. Dei
meiner kyrkja heiter Ølmheim
kyrkje. Har òg snakka med ein del
yngre folk som meiner det same.
Andre blir usikre når dei får dette spørsmålet. Det er òg folk som
meiner at Norum kyrkje er det rette
namnet.
I haust tok eg ein telefon til ein person i Sogndal. Dette fordi han for ein
del år tilbake var med i sokneråd,
fellesråd og bladstyret for kyrkjelydsbladet i fleire periodar. Han
seier han hugsar godt at lokale personar på den tida var svært ivrige
på at det skulle heite Norum kyrkje.
Lokalhistorisk årshefte 2014, «so
han sa», har i siste nummer bilete
av kyrkja på framsida. Inne i bladet
er det Ølmheim kyrkje som blir omtala.
DØME PÅ BRUKEN AV NAMNET
NORUM KYRKJE:
Dei gongene eg har funne Norum
kyrkje brukt i soknerådsprotokollen før 1985 kan det sjå ut som det
først og fremst er prestar som har
nytta det. Kanskje dei syntes det var
greitt å ha same namnet på kyrkja
som på soknet? Personen eg snakka med på Statsarkivet i Bergen
sa han visste om andre stader der
det hadde vore forskjelllig namn
på kyrkja og soknet, og der det då
gradvis hadde utvikla seg til at kyrkja fekk same namnet som soknet.
Namnet Norum kyrkje var brukt
enkelte gonger mellom 1943 og
1970, også på eit bilete (teikning) av
kyrkja frå 1972. Frå 1987 vart Norum kyrkje nytta utanpå gravferdssalmar. Tidlegare sto ikkje namnet
på kyrkja på desse. På den nye kyrkjeklokka frå 1990 står det Norum
kirke.
Pr i dag er det Norum kyrkje som
blir brukt av kyrkjekontor og andre
offentlege instansar.
OPPSUMMERING:
Ut frå kvitteringar frå byggjerekneskap, gamle protokollar og
tavle i våpenhuset skal noverande
kyrkjebygning ha hatt namnet
Ølmheim (tidlegare skrivemåtar
Ølmem, Ølmeim, Ylmheim) kyrkje.
Ut frå dette kan ein seie at Ølmheim
kyrkje er det historiske namnet.
Seinare er namnet Norum kyrkje
teke i bruk.
Det har ikkje vore mogeleg å finne
vedtak på at denne namne-endringa er søkt om eller fatta vedtak
om hjå Riksarkivet i Oslo, Statsarkivet i Bergen eller hjå Bjørgvin
bispedømekontor.
Slinde, mai 2015
Rønnaug Dahl
Leiar i soknerådet
Norum sokneråd skal handsame
sak om namnet i soknerådsmøte i
september 2015. Saka vert så sendt
vidare til Bjørgvin bispedømmeråd
som fattar endeleg vedtak.
På førehand vil soknerådet kalle inn
til soknemøte om saka, sjå annonse
under.
Norum sokneråd
Innkalling til soknemøte for Norum sokn
Norum sokneråd vil med dette kalle inn til soknemøte
13.september 2015 etter gudstenesta kl.16.
Sak: Namnet på kyrkja
Soknerådet ynskjer å høyra soknet sitt syn på namnet på kyrkja.
Alternativ 1: Norum kyrkje
Alternativ 2: Ølmheim kyrkje
Norum sokneråd
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
19
Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i kyrkjelydane våre. Mykje godt arbeid vert drive, med
sikte på å gi barn og unge ein stad der dei kan høyre Guds ord forkynt og vekse i trua på Han. Samarbeidet mellom
organisasjonane og kyrkja er difor svært viktig for at ei systematisk trusopplæring kan skje i kyrkjelydane våre.
Kyrkjelydsbladet ynskjer å gje eit innblikk i dette arbeidet.
INNBLIKK I:
1-2-3 småtroll-trall
– Kor er du Krølle?
Det er tysdag ettermiddag og
ein etter ein kjem det «småtroll», barn mellom 1-3 år
saman med foreldre og søsken,
inn gjennom døra til kapellet
på Stedje. Det første dei spør
etter er «henne e krølle?» Dei
lurar fælt på kvar Krølle, det
vesle koselammet, har gøymt
seg denne gongen!
20
nr. 2-15
Då alle små og store har funne seg
ein plass på mattene, ynskjer Guri
og Siv Anita velkommen til samling.
Dei startar alltid med namnesang,
det er stas å høyre og synge sitt
eige namn med alle saman. Det er
ein aktiv og glad gjeng som syng og
dansar rundt i ringen. «Bomchikabom», «Spring etter vatn» og «Hvor
er du krølle?», der ein leitar etter
eit koselamb, er nokon av reglene
og songane som blir sunge både ein
og to gonger. Siv Anita fortel og vis
bilete frå ei barnebok og lærer alle
denne bøna, som kan vera fin å be
saman ved frukostbordet eller ved
sengekanten: Kjære Gud, ta handa
mi, slepp den aldri ut av di. Lei meg
på din veg i dag, gjer meg trygg og
god og glad!.
Sogndalkyrkjelydsblad
Etter ei fin samlingsstund smakar
det veldig godt med saft og kjeks
og kaffi. Det er veldig kjekt å blåsa
såpebobler med Guri og leike saman
ei lita stund, medan dei vaksne sit
og pratar. Det nærmar seg kvelds
og leggetid, dermed er det på tide
å takke for i dag. Småtroll-trallen
tek til att med fleire samlingar til
hausten, annakvar tysdag. Sjekk
nettsida vår www.sogndal.kyrkja.
no eller lik facebooksida Størst av
alt- og eg er med for informasjon
om desse samlingane, samt andre
samlingar i trusopplæringa vår!
Monica Ugulsvik
Tekst og foto
S ID E
Fargelegg
Prikk til prikk
Jesus er ljoset for
verda.
Teikne ein
strek frå 1 til
2 og så vidare.
Kva skjuler
seg her?
Teikningar: Asbjørn Tønnesen
Finn
5
feil
Dei to bileta er
nesten like. Finn
du dei fem feila på
biletet til høgre?
Abonnér på barnebladet
nr.9
nr.7
David og Goliat
nr.3
nr.12
nr.11
nr.13
nr.10
Gulliver: side
2
Det nye Jerusalem
Tårnagente
side 7–10 ne:
De første disiplene
Tårnagentene:
side 7–10
Gulliver:
side 2
Himmelrik
og de sm et
å
Gulliver:
side 2
David og Batseba
: side
Gulliver
ne:
ente
Tårnag 0
7–1
side
16 blader + DVD eller bok
(privatabonnement
= berre 365,heim i posten)
Gruppeabonnement berre 199,per barn
2
Gulliver:
side 2
Tårnagentene:
side 7–10
Gulliver:
side 2
pt
r døt er seg ved
s bliis
ustevis
jøen
Jesu gJes
o fr Tiberiass
Tårnagentene:
side 7–10
Supersetning
Tårnagentene:
side 7–10
Gulliver:
side 2
Salme 37,5
Legg din vei i Herrens
hånd!
Stol på ham, så griper
han inn.
Bibelteikneseriar
og gøyale aktivitetar!
setnin
Super
Salme 37,5
g
i Herrens hånd!
inn.
Legg din vei
så griper han
Stol på ham,
ditt
7
av hele kraft og
s 10,2
Gud
Luka
all din
selv.
en din
Herr sjel og av som deg
elske
din
neste
Du skal og av hele og din
e
and,
hjert
din forst
av all
Supe
rsetni
ng
31. august • 2014
Supersetning
Tårnagentene:
side 7–10
Johannes 3,16
2.
11.
4 mai
• 201
mars
• 2014
Supersetning
For så høyt har Gud
elsket verden at han
Sønn, den enbårne,
gav sin
for at
ham, ikke skal gå fortapt, hver den som tror på
men ha evig liv.
Johannes 14,6
Jesus sier: «Jeg er veien, sannheten og livet.
Supersetning
Ingen kommer til Far uten ved
meg.»
g
r
Christoffe
mfortellinger
20 tegnefil
liv.
fra Jesu
Fortelle
r:
rg
Harald Stoltenbe
Tegnere
Produsent
Merete
tning
2. november e
god
De n e r e n
et
s 10,14
gj
innlesin
ber • 2014
Den god
e
g je t ere n
ykking:
Dicentia
Tegnese
riemanu
s/produ
Runar Bang
sent:
eforbund
Søndagsskol
og © Norsk
0606 OSLO
Etterstad,
PB 6552
2011
Perfekt som
faddergåve!
av DVD:
Bestilling
ole.no
ondagssk
butikk@s
En
-DVD fra
ent på
Bli abonn
lad
s barneb hjem i posten.
sskolen
rett
o
Søndag DVD + bok
sskole.n
+
sondag
14 blader på barnas@
Bestill
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
Ting på [email protected] eller på telefon 22 08 71 00
16. novem
g:
Føyen Arnevåg
DVD-tr
:
,
Tønnesen
Asbjørn
Chris Murphy,
Vera Tataro, Jansen,
es,
Rikke Fjeld
Gaustadn
Raymond
Erik Ødegaard
Marku
Film
Animasjon:
Alve, CirkA
-DVD
En
Superse
La de små
• 2014
ikke! For barna komm
e til meg,
Guds rike
og
tilhører
slike som hindre dem
dem.
19. oktober • 2014
gode
De n e r e n
jet 14. september • 2014
Lukas 10,27
Du skal elske Herren din Gud av hele ditt
hjerte og av hele din sjel og av all din kraft og
av all din forstand, og din neste som deg selv.
En
-DVD
fra
NSSF
21
S0211
© 2011
Årsmøte og kyrkjelydsfest i
Kaupanger
Soknerådet i Kaupanger kalla oss inn til soknemøte, årsmøte og kyrkjelydsfest i bedehuset 29. april. Soknerådsleiar Kari ynskte oss velkomne og leia oss gjennom kvelden.
JUNI
13.–14. LYNGMO JUBILE 50år
19.–22. Leir 4-7kl.
28. juni–5. juli: Bibelsommar i vest
JULI 2015
28. juni–5. juli: Bibelsommar i Vest
12.–18. Familieleir Ungdom i oppdrag
Organist Lars Einar spelte til songane, og me fekk eit fint musikalsk
innslag av Kjell Olav. Kyrkjeverja vår, Jorunn Merete orienterte om,
og synte teikningar av, den nye gravplassen og nytt kyrkjegardshus
på Kaupanger. Også parkeringsareal var med i planen. Det er ei god
gjennomført planlegging, noko me trur dei fleste i bygda vil bli fornøgde med. Ei grei og gjennomarbeida årsmelding og rekneskap vart lagt
fram. Grunnordninga til gudsteneste i Kaupanger vart fastsett og vedteken. Og andakten var ved «gamlepresten» vår, Bård Haukedal. Mellom alt dette koste me oss med kaffi, nydelege kaker og ein god prat.
Tusen takk for ein fin og godt gjennomført kveld.
Tekst og foto: Kirsten Anny Amledal
AUGUST 2015
9.–13. Pangstartleir 11–13 år
27. Småbarnstreff
29. Bibelhelg
SEPTEMBER 2015
3. Knøttekor og torsdagsklubb
10. Småbarnstreff
17. Knøttekor og torsdagsklubb
18.–20. Leir 2.–4. kl
24. Småbarnstreff
25.–26. Loppemarked
OKTOBER 2015
Ny bok: Kyrkjefolk
1. Knøttekor og torsdagsklubb
2.–5. Leir for 4–7 klasse
8.–11. Leir for 7–10 klasse
15. Knøttekor og torsdagsklubb
16.–18. Internatmøte for kvinner
22.
Småbarnstreff
29. Knøttekor og torsdagsklubb
30. Haustbasar
Sokneprest Egon Askvik har siste året arbeidd med eit bokprosjektet
"Kyrkjefolk". Boka kjem ut i haust på Skald forlag og inneheld inervju
med hundre kyrkjemedlemer i Leikanger frå 0-101 år. Kvart alderstrinn
er representert. Born og vaksne, unge og gamle, kvinner og menn fortel
om sitt forhold til kyrkja og den kristne trua. Her er både ris og ros. Om
å høyra til og verta utestengd. Det vert boklansering i samband med
Fruktbare dagar i Leikanger torsdag 1.oktober. Alle inntekter av boksalet vil gå til kyrkjelydsarbeidet i Leikanger. For å sikra seg boka kan den
førehandstingast på www.sogndal.kyrkja.no
22
nr. 2-15
Sogndalkyrkjelydsblad
Kyrkjelydstur 15 august
Har du lyst å vere med på kyrkjelydstur til Sunnfjord?
Stardalen
Laurdag 15.august dreg vi frå Sogndal skysstasjon kl. 10.00. Vi er attende i
Sogndal ca. kl. 21.00. På turen skal vi stoppe blant anna på Fonn i Stardalen,
på Skei og på Vassenden kyrkjesenter, der vi skal ete middag. Når vi skal
heimover tek vi turen rundt Jølstravatnet mot Astruptunet, og før alle tunellane stansar vi i Fjærland og. Det kjem til å bli ein dagstur med godt variert
innhald! Det er særleg Ester og Leif Arne Nordheim som har teke på seg
oppdraget med å fortelje undervegs. Karstein Bergheim og Birgit K. Johnsen
saman med Gitte Th.Torstad er turkomite, medan Vidar Lægreid er sjåfør og
kjentmann.
Turen kostar kr. 250,- pr. person, som inkluderer reise, lunsj og middag. Sei
frå ved påmelding om du treng særkost, og sei ifrå om du treng å bli henta til
skysstasjonen i Sogndal.
Påmelding til kyrkjekontoret, tlf. 57 67 99 85, eller til [email protected]
Påmeldingsfrist er 3. august, men vi oppmodar om å melde seg på snarast då
det kan bli rift om dei 55 seteplassane!
Tekst: Gitte Therkelsen Torstad
Stedje sokn har både dåpsring
og kyrkjering
Kjelde: stardalen.no
Begge ringane med frivillige skal ha samlingane på Stedjetunet frå kl.18.00–
20.00. Forskjellen på dei to ringane, er kva dei vil ha fokus på i sitt frivillige
arbeid:
Kyrkjeringen i Stedje sokn vil vere open for menn og kvinner. På fire møter
i året vil dei leggje vekt på sosialt samvær, samtale om arbeidet i kyrkja,
samle inn pengar ved loddsal til ulikt formål; det vil seie utstyr, utsmykking
eller anna i kyrkja/kapellet.
På møta vert det mat og kaffi, andaktsord og tid for handarbeid for dei som
vil det. Dei som ynskjer det vert med på diverse førefallande arbeid ute og
inne. Alle får ei tekstmelding frå kyrkjekontoret når dette er aktuelt. Møtedatoar for hausten 2015 er torsdag 3. september og torsdag 15. oktober.
Dåpsringen i Stedje sokn vil samlast fire gonger pr. år. Dåpsringen består
av kvinner (opent for fleire) som ynskje å treffast på Stedjetunet til sosialt
samver, loddsal, mat og kaffi, handarbeid, andakt og song. Midlane som
vert samla inn skal gå til dåpsklutar som dåpsfamiliane i Stedje mottek
ved dåpen. Dåpsdukane er innkjøpt frå Madagaskar, frå eit misjonsprosjekt
som NMS driv for fattige kvinner. Dåpsringen vil i tillegg bidra med økonomiske midlar, i den grad dei kan, til innkjøp av dåpslys og dåpslysestakar.
Dåpsringen vil med si støtte vere til stor hjelp for soknerådet, som har kostnadene som er knytt til gåver gitt ved dåpen.
Samlingane er opne på ein slik måte at du ikkje treng vere med kvar gong,
du kjem når det passer for deg! Møtedatoar for hausten 2015 er torsdag 24.
september og torsdag 5. november.
50-årskonfirmantar 2014
Det vert sendt tekstmelding til dei som ynskjer å stå på liste.
Kontakt kyrkjekontoret og sei ifrå om du vil ha slike meldingar!
Tekst: Gitte Therkelsen Torstad
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
23
Støttespelerane våre:
Støttespelarane
våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848
6848 FJÆRLAND
FJÆRLAND
Telefon
03 08
08 67
67
Telefon 97
97 03
Tømrar
Jostein Øygard
www.skrivargarden.no
Ditt TRYKKERI i Sogn og Fjordane
nybygg
• tilbygg- EKSPRESSTRYKK
• rehab • flis • våtrom
WEBSHOP
- Liftutleige -
Parkveien 5, 6856 Sogndal • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen
Telefon 97 09 79 82
[email protected] // Tel. 57 66 23 60
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
AMFI Sogningen, Hovevegen 6, 6856 Sogndal
www.amfi.no/sogningen
E-post: [email protected]
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
Me
ME SJÅaST
SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
C5:C5 26.06.13 10.40 Side 1
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
20
24
3-13
nr. 2-15
4-14
nr.
SogNdalkyrkjelydsblad
Sogndalkyrkjelydsblad
Sogndalkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf.
57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf.
57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
68
14
77
Kjell Grønli
Kjell
AnneGrønli
Kristin Gunvordal
Tønjum,
Lærdal
Avdeling6887
Lærdal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Tlf.
574,666856
86 60
Tønjum,
6887
Lærdal
Fossetunet
Sogndal
Telefon
heile
døgnet:
Kjell
Grønli
| Siv Anita Loka Berget
| Ingar
Husum
| Hege Urnes
[email protected]
66Post86 60og besøksadresse:
Tlf. 57 Tlf.
68 57
14 77
57 Parkvegen
68 14 77 3, 6856 Sogndal
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Telefon heile døgnet:
57 68 14 77
Telefon: 57 67 18 85
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
Melbys skrifthugging AS
Navnetilføyelser og oppussing av
gravmonumenter.
Vi tar oppdrag med
•Navnetilføyelser
•Oppussingavgravsteiner
•Bolting/sikringavgravsteiner
Altarbeidblirutførtpåstedet.
Ingentilleggavfraktellerandre
omkostninger.
Ta gjerne kontakt med Kyrkjekontoret i
Sogndal, tel. 57 67 99 85 eller til firma
Melbys skrifthugging AS tel. 482 40 612.
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
Man: 18.00 – 20.00
Tys og ons: 08.00 – 11.00
Tor og fre: 09.00 – 12.00
Tlf: 57 67 55 55 / 976 75 555
Du kan skrive meldinger eller chatte fra www.kirkens-sos.no
Sogndalkyrkjelydsblad
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 4-14
nr. 2-15
21
25
Ætti i glede og sorg
DØYPTE
DØDE
KAUPANGER
NORUM
15.03.2015 Ruben Flugeim Grønsberg
Margit Venes
12.12.1916 – 24.02.2015
15.03.2015 Gard Flugeim Grønsberg
Unni Marit Nornes
08.04.1960 – 19.03.2015
15.03.2015 Selma Bøe Vikøren
05.04.2015 Sofia Handegård
FJÆRLAND
19.04.2015 Ellinor Alfei-Markhus
Valborg Horpedal
(Urnenedsetting 22.05.15)
STEDJE
Leif Birger Hellandsjø
01.03.2015 Tuva Bjelde
15.03.2015 Tideman Monsen
15.03.2015 Ida Haug
21.10.1927 – 07.11.2014
04.06.1929 – 08.03.2015
KAUPANGER
Daniel Olstad
07.02.1985 – 03.05.2015
22.03.2015 Isalina Othelia Tufte Førde
STEDJE
22.03.2015 Ina Lill Skaar Birkeland
Sanna Østrem Peersen
06.07.1919 – 25.11.2014
29.03.2015 Anna Sofie Austheim
Margit Johansen
12.08.1920 – 03.12.2014
29.03.2015 Lorentz Dybvik Fjellet
Døypt i Tanum kirke, Larvik
Guri Sitona Tveit
03.06.1929 – 16.12.2014
Marta Kristine Hansen
03.06.1923 – 19.12.2014
Jakob Dvergedal
30.03.1917 – 02.01.2015
Bjarne Kjell Foss
10.10.1948 – 05.01.2015
Malvin Tufte
07.02.1929 – 05.01.2015
Signe Bakken
18.07.1923 – 08.02.2015
FJÆRLAND
Olav Steindal
04.11 1930 – 14.02.2015
24.05.2015 Jaran Mundal
Lovisa Skarsbø
18.02.1921 – 22.02.2015
24.05.2015 Johanna Juklestad Mundal
Kåre O. Dyrdal
13.04.1925 – 24.02.2015
Borghild Navarsete
24.12 1925 – 01.03.2015
Per O. Loftesnes
25.10.1925 – 25.03.2015
Aslaug Flugheim
09.02.1923 – 17.04.2015
Sunneva Orrestad
19.10.1929 – 21.05.2015
12.04.2015 Julian Brenden-Thune
24.05.2015 Johanne Husabø Bjørseth
24.05.2015 Enni Hopperstad Kvammen
24.05.2015 Thea Sofie Yttri Lerum
Sjå sogndal.kyrkja.no for påmelding til dåp eller
ta kontakt med kyrkjekontoret om moglege datoar
for dåp og vigsel. Telefon 57 67 99 85
26
nr. 2-15
Sogndalkyrkjelydsblad
Velkomen til
gudsteneste
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
JUNI
20. juni 21. juni 28. juni
JULI
Stedje kl. 14.00: Ordinasjons- og vigslingsgudsteneste
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste
Fjærland kl.12.00: Blomstergudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste
5. juli
12. juli 19. juli 26. juli
29. juli
AUGUST
Fjærland kl.11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 19.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl.19.30: Kveldsgudsteneste
Fjærland kl.11.00: Gudsteneste
Kl 12.00: Friluftsgudsteneste Fimreite
Kaupanger kl. 19.30: Kveldsgudsteneste (olsok)
2. august
9. august
16. august
23. august
30. august
SEPTEMBER
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Anestølen kl. 14.30: Stølsgudsteneste. Felles for alle sokna
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste med utdeling av bok til 6-åringane
Skrikvatnet kl 12.00: Friluftsgudsteneste
Kaupanger kl. 18.00: Gudsteneste med utdeling av bok til 6-åringane
Leikanger kl. 18.00: Gudsteneste før skulestart
Fjærland kl.11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 19.30: Gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar
Jamneflaten, felles Norum/Leikanger kl. 12.00: Gudsteneste
6. september
13. september
20. september
27. september
OKTOBER
Fjærland kl. 11.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Norum kl. 16.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar
Leikanger kl. 16.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar (A)
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar (B)
Stedje kl. 16.00: Gudsteneste m/presentasjon av konfirmantar
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste med utdeling av bok til 4-åringane
Norum kl. 11.00: Gudsteneste med utdeling av bok til 4-åringane
Kaupanger kl. 16.00: Hausttakkefest/4-åringar
Leikanger kl. 16.00: Gudsteneste /4-åringar
4. oktober
11. oktober
18. oktober
25. oktober
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Gudsteneste
Leikanger kl. 19.00: Salmar og kaffi. Kveldsgudsteneste.
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Fam.gudsteneste med utdeling av bok til 4-åringane
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 19.30: Kveldsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Hausttakkefest
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 2-15
27
INFORMASJON
DEN HEILAGE ANDE
– FRÅ DIN DÅP OG DI TRU!
Av Kjell Sæter
Den Heilage Ande (DHA) kan lett
bli litt svevande for oss – og Han er
jo usynleg! Men på den andre sida
så er me jo ganske vande med å
forholda oss til ting som me ikkje
ser, men som er og verkar likevel:
Elektrisiteten for eksempel, som
ingen av oss har sett, men me kjenner varmen frå omnen – og opplever motoren snurre rundt. Vinden
ser me heller ikkje, men me legg
greitt merke til han når seglet blir
fylt av energi, eller greinene bøyer
seg. Kjærleiken mellom to ser me
heller ikkje, men jammen kan han
registrerast og merkast.
Dette var forresten ikkje så dumme eksempel: Den Heilage Ande er
skapande energi. Han er vind, ande,
pust – som andar liv inn i oss så me
trur. Og Anden let den som trur på
Jesus, bli inkludert inn i den evige
kjærleiksfellesskapen
mellom
Faderen og Sonen. Ja, Anden er
denne kjærleiken mellom Faderen
og Sonen. Derfor kan Paulus sei til
Galatarane: Men Andens frukt er
kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.
Den raude fargen me brukar i kyrkja, er Anden sin farge – blodet
og elden sin farge. Og den raude
eldtunga er også eit ofte brukt symbol på DHA – frå Apg. kap 2: Tunger, liksom av eld, viste seg for dei,
skilde seg og sette seg på kvar og
ein av dei.
Og frå elden kjem jo lyset – DHA
ynskjer å lyse opp Jesus, tydeleggjere Han – slik at Han som er lyset for verda, synest godt for oss –
skape tru på han. Slik me har lært
det i barnelærdommen: Eg trur at
eg ikkje av eige vit eller eiga kraft
kan tru på Jesus Kristus, min Herre, eller kome til han. Men Den
Heilage Ande har kalla meg ved
evangeliet, opplyst meg, helga meg
og halde meg fast i den sanne tru.
(Den vesle katekismen, forklaringa
til 3. art).
Det mest vanlege symbolet for DHA
er dua frå Jesu dåp i Jordan-elva:
Og sjå, himmelen opna seg, og han
såg Guds Ande koma dalande ned
over seg som ei due. DHA si due
ser me i nokre kyrkjer henge over
preikestolen – som bilde på at Anden er med i forkynninga, ja skaper
forkynninga.
I andre kyrkjer kan du sjå Anden si
due i botnen av dåpsfatet, nettopp
den staden der me opplever det
Paulus skriv til Titus i kap 3: Han
frelste oss ved det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage
ande, som han så rikeleg har aust
ut over oss ved Jesus Kristus, vår
frelsar.
Den Heilage Ande, som me så lett
plasserer i ei litt svevande, diffus
sfære, Han er jo nær og verkar jo
gjennom middel som eg kan sjå
og ta på og høyre og smake på: I
Guds ord som me finn i det skrivne
og forkynte bibelordet; i brødet og
vinen i nattverden og i vatnet i dåpen.
I og gjennom desse ytre tinga verkar den skapande energien – slik
det blir sagt i vår Lutherske vedkjenning, Den Augsburgske konfesjon: For med ordet og sakramenta
som middel vert den Heilage Ande
gjeven, han som verkar trua, når og
kvar Gud vil.
Foto: F. Duhrmann
“DHA ynskjer å lyse opp Jesus…