Informasjon om leiarsituasjonen ved Austevoll

Comments

Transcription

Informasjon om leiarsituasjonen ved Austevoll
Austevoll kommune
Til foreldre/føresette og elevane
ved Austevoll ungdomsskule
Vår ref.
Arkivkode
15/796- 2015006524/55
15/796
Dykkar ref.
Dato
26.05.2015
Informasjon om leiarsituasjonen ved Austevoll ungdomsskule
Det vert med dette informert om at Tor Grini fråtrer stillinga som rektor ved Austevoll
ungdomsskule f.o.m. 1. august 2015. Etter avtale med Austevoll kommune som arbeidsgjevar
står han til rådvelde for andre oppgåver fram til han går av med pensjon f.o.m. 01.04.2017.
Rektorstillinga ved Austevoll ungdomsskule vert utlyst med det første.
Så er situasjonen den at Tor Grini er i permisjon resten av skuleåret, og han kjem sannsynlegvis
ikkje attende i rektorjobben.
Jane Stangeland er derfor f.o.m. i dag konstituert i stillinga fram til ny rektor er tilsett. Ho har i
samarbeid med kommunalsjefen, hovudtillitsvalde og plasstillitsvalde blitt einige om at to av
lærarane, Sissel Arnesen og Jennie De Vreede, går inn som ”inspektørar ” så lenge ho er
konstituert som rektor. Dei har og sagt seg villige til å jobbe ut i skuleferien om det er naudsynt.
Hovudfokus er å sikre dagleg drift, gjennomføring av eksamen, og starte planlegginga for neste
skuleår. PPT og pedagogisk konsulent Brit Trellevik vil vere tett på i dette arbeidet.
Vi er viss på at fungerande rektor Jane Stangeland og hennar medarbeidarar sørgjer for at skulen
går sin gang til beste for elevane og dei føresette, og ønskjer ho lukke til i arbeidet fram til ny
rektor er på plass.
Oppvekst - Helse
Per Olav Sørås
Kommunalsjef
Arve E. Sunde
Spesialrådgjevar/personal
Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng difor ikkje underskrift.
Postadresse
5392 Storebø
Telefon
55 08 10 00
Telefaks
55 08 10 01
Bankgiro
6518.05.00949
E post: [email protected]
Foretaksreg. NO 941 139 787 MVA
Austevoll kommune
Side 2 av 2
Arkivsak: 2015000796-1