Filippinane: Oppløysing av ekteskap (19. januar 2016)

Comments

Transcription

Filippinane: Oppløysing av ekteskap (19. januar 2016)
Respons
Filippinane: Oppløysing av ekteskap
•
Korleis kan ein få eit ekteskap oppløyst eller annullert i Filippinane?
•
Er utruskap straffbart?
Innleiing
Om lag 80 prosent av den filippinske befolkninga, det vil seie kring 80 millionar menneske,
definerer seg som romersk-katolske. Ytterlegare 10 prosent høyrer til andre kristne
kyrkjesamfunn. Religionen står sterkt og pregar òg politikken i landet, kanskje særleg på
familie- og ekteskapsfronten. Mellom anna var prevensjon vanskeleg tilgjengeleg fram til
2014, då filippinsk Høgsterett – til store protestar frå den katolske kyrka – vedtok ein lov som
påla helseklinikkar å dele ut p-pillar og kondom gratis (BBC 2014).
Filippinane og Vatikanstaten er dei to einaste landa i verda der skilsmisse fortsatt er ulovleg
(med unntak for filippinske muslimar, som kan få skilsmisse i eigne shariadomstolar). Dette
gjeld for ekteskap mellom to filippinske borgarar. Om den eine parten derimot er utanlandsk
statsborgar, stiller det seg annleis. Viss skilsmisse vert teken ut av den utanlandske ektefellen
i hans/hennar heimland, kan ho verte godkjend i Filippinane. Dette skuldast at om ei
utanlandsk skilsmisse set den utanlandske parten fri til å gifte seg på nytt, så skal den
filippinske parten ha same rett under filippinsk lov (Familielova § 26). Det lova opnar for, er
altså at ein filippinsk domstol kan «adopt the effects» av ei utanlandsk skilsmisse, men heller
ikkje noko meir. Filippinske domstolar kan ikkje vurdere dei faktiske tilhøva i saka (try the
case on the merits) fordi det ville vere det same som om dei skulle prøve ei skilsmissesak
(som altså er forbode) (Fujiki vs. Marinay 2013).
To filippinske borgarar som er gifte i Filippinane, kan altså ikkje få skilsmisse. Derimot er det
mogleg å få separasjon, eller ein kan få ekteskapet annullert eller erklært ugyldig frå byrjinga,
avhengig av individuelle omstende. Denne responsen omhandlar desse ulike moglegheitene
for ekteskapsoppløysing, samt straffa for ekteskapeleg utruskap.
Separasjon
Del I (Title II) i den filippinske familielova av 1987 omhandlar separasjon, såkalla legal
separation. Ein separasjon oppløyser ikkje sjølve ekteskapet, men opnar for at partane kan bu
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
1
kvar for seg og fordele eventuelle barn mellom seg, om naudsynt ved rettsleg avgjersle.
Partane kan likevel ikkje gifte seg med nokon andre, ettersom ekteskapet juridisk sett fortsatt
varar ved.
Moglege grunnar for å søkje om separasjon er (§ 55):
1. Gjentekne tilfelle av fysisk vald eller grov mishandling mot søkjaren, eit felles barn
eller eit barn av søkjaren;
2. Forsøk på å endre søkjaren si religiøse eller politiske overtyding gjennom fysisk vald
eller moralsk press;
3. Forsøk på, eller samtykke til forsøk på, å lure eller lokke søkjaren, eit felles barn eller
eit barn av søkjaren inn i prostitusjon;
4. Rettskraftig dom mot den andre parten på meir enn seks år, også om benåda;
5. Narkotikaavhengigheit eller alkoholisme hjå den andre parten;
6. Om den andre parten er lesbisk eller homofil;
7. Om den andre parten inngår eit påfølgjande ekteskap som inneber bigami, i
Filippinane eller utlandet;
8. Seksuell utruskap eller perversjon;
9. Om den andre parten gjer seg skyldig i drapsforsøk på søkjaren; eller
10. Om den andre parten forlét søkjaren utan rettmessig grunn for meir enn eitt år.
Ein søknad om separasjon skal verte avslått om den fornærma parten har tilgjeve eller
samtykkja til den relevante, utløysande handlinga, om begge partar har gjort noko som kan
gje grunn til separasjon eller om dei har samarbeidd om han (there is collusion between the
parties) (Familielova § 56).
Ein kan altså ikkje få separasjon om partane er einige om å gå frå kvarandre (Acosta 2015b) 1.
Det må vere den eine parten som søkjer om separasjon frå den andre på grunnlag av noko
sistnemnde har gjort, og som vert famna av dei ovannemnde grunnane for separasjon. I § 60
av Familielova vert det slått fast at «the Court shall order the prosecuting attorney […] to take
steps to prevent collusion between the parties and to take care that the evidence is not
fabricated or suppressed.»
I ein Rule on Legal Separation (Section 6) som filippinsk høgsterett vedtok i 2003, står det at:
(a) […] the public prosecutor shall submit a report to the court on whether the parties
are in collusion […].
(b) If the public prosecutor finds that collusion exists, he shall state the basis thereof
in his report. The parties shall file their respective comments on the finding of
collusion within ten days from receipt of copy of the report. The court shall set the
report for hearing and if convinced that parties are in collusion, it shall dismiss the
petition.
1
Perida Acosta er leder (chief) for Public Attorney’s Office i Manila, som Landinfo for øvrig besøkte i 2014.
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
2
Samarbeid og/eller semje om separasjon er altså avslagsgrunn. Søkjaren (the petitioner) i ei
separasjonssak må i tillegg bevise skuldingane mot den andre parten: «The petitioner in a
legal separation […] is […] required to prove the allegations contained in the petition»
(Pamaos 2007).
Filippinsk lov skil mellom barn fødde innanfor og utanfor ekteskap (høvesvis legitime og
illegitime barn): Familielova sin § 165 slår fast at «barn unnfanga og fødde utanfor eit gyldig
(valid) ekteskap er illegitime med mindre noko anna er presisert i denne lova». Barn fødde i
ekteskap som seinare har enda i separasjon, er fortsatt legitime.
Kor lang tid tek det å få separasjon?
For å få separasjon, må ein søkje om dette hjå ein familiedomstol (Acosta 2015a). I
familielova sin § 58 står det at ein søknad om separasjon ikkje skal prøvast før seks månader
har gått etter at søknaden vart levert (the filing of the petition).
Desse seks månadene skal gje partane ein moglegheit til å forsonast. JLP Law Offices 2
(Pamaos 2007) kallar dette for den obligatoriske «nedkjølingsperioden». § 59 i Familielova
slår fast at separasjon heller ikkje skal verte innvilga før domstolen har freista å forsone
partane og før han er heilt overtydd om at forsoning, trass i desse forsøka, er svært
usannsynleg. Ein må søkje om separasjon innan fem år etter at hendinga eller hendingane ein
baserer søknaden på inntrefte.
Ekteskap som var ugyldige frå byrjinga (void) eller som er oppløyselege (voidable)
Einaste moglegheit til å få eit ekteskap oppløyst i Filippinane, er å få det erklært ugyldig frå
byrjinga eller å få det annullert 3. Familielova sin del I, kapittel 3 omhandlar «Void and
Voidable Marriages».
Eit ekteskap som i utgangspunktet er gyldig, kan verte annullert viss det føreligg visse
omstende. Eit slikt ekteskap er voidable. Andre ekteskap er ugyldige frå byrjinga (void from
the beginning), oftast grunna at ekteskapet vart inngått på ein måte som ikkje var gyldig eller
på premiss som ikkje var korrekte eller lovlege. Ekteskapet kan såleis seiast å aldri ha
eksistert. Meir om denne skilnaden nedanfor.
Om/når ein har fått eit ekteskap annullert eller kjend ugyldig frå byrjinga, kan ein gifte seg på
nytt. Det er òg mogleg å gifte seg på nytt utan å ha fått eit føregåande ekteskap annullert,
dersom ektefellen har vore forsvunne i fire år eller meir, og det er grunn til å tru at han/ho er
daud (§ 41).
Som med separasjon, er samarbeid (collusion) om annullering avslagsgrunn. Om det vert
påvist samarbeid mellom partane, eller at dei har fabrikkert bevis, så skal dei ikkje få
ekteskapet annullert. I alle sakar om annullering eller erklæring av ugyldigheit frå byrjinga er
det påbode (§ 48) med ei offentleg undersøking for å sikre at så ikkje har skjedd.
I annulleringssaker som i separasjonssaker må den parten som ber om annullering bevise
skuldingane mot den andre parten (Pamaos 2007).
2
Jaromay Laurente Pamaos Law Offices er eit filippinsk advokatfirma som i mange år har tilbode juridisk
rådgjeving over bloggen sin, som her sitert. Utover dette, kjenner ikkje Landinfo nærare til firmaet.
3
Andre reglar gjeld for personar som er muslimsk gifte.
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
3
Barn fødde i eit oppløyseleg ekteskap (grunna i familielova sin § 45) som seinare har vorte
annullert, vert sette som legitime. For ugyldige ekteskap er hovudregelen at barna vert
illegitime. Unnataket er for ekteskap som er ugyldige frå byrjinga etter § 36 (sjå neste side).
Etter § 54 er barn unnfanga eller fødde i eit slikt ekteskap før det er dømd annullert eller
ugyldig, legitime.
Ugyldig frå byrjinga (void from the beginning)
Eit ekteskap er ugyldig frå byrjinga om det er inngått mellom umyndige personar, personar i
nær slekt eller der ein eller begge partar allereie var gift frå før (eller tidlegare ekteskap ikkje
var annullert etter forskrifta), eller om ekteskapet er forretta av ein ikkje autorisert person
(§§ 35, 37, 38). Ugyldige er også ekteskap inngått medan (ein av) partane var mentalt ute av
stand til å innordne seg dei grunnleggjande pliktene som ekteskap medfører (§ 36), eller
ekteskap inngått medan ein av partane allereie var gift (§ 41).
Oppløyselege (voidable)
Eit ekteskap kan verte annullert (er voidable) viss, på det tidspunktet då ekteskapet vart
inngått (§45):
1. parten som ynskjer annullering var over 18 år, men under 21 år, og ekteskapet vart
inngått utan foreldras samtykke;
2. ein av partane var psykisk sjuk (was of unsound mind);
3. samtykke frå ein av partane vart framskaffa ved tvang eller bedrag, eller
4. ein eller begge partar er impotent(e) eller har ein ulækjeleg seksuelt overførbar
sjukdom.
Eit viktig unnatak for alle desse fire klausulane, er om partane, etter å ha blitt myndig(e)
og/eller klar over situasjonen frivillig fortsette å leve saman. Då bortfell annulleringsgrunnen.
I dei fleste tilfelle må søknad om annullering leverast innan fem år etter at det aktuelle
forholdet vart oppdaga (§ 47).
Kor lang tid tar det å få eit ekteskap annullert eller erklært ugyldig frå byrjinga?
JLP Law Offices (Pamaos 2007) påpeiker at den seks månaders «nedkjølingsperioden» som
krevst i separasjonssaker ikkje er påkravd for annulleringar eller ugyldigerklæringar. Men
saka må takast opp i ein familiedomstol (som er den kompetente parten til å annullere eller
erklære ekteskap for ugyldige) og partane må òg vente på ei eventuell undersøking om
samarbeid. BBC (McGeown 2011) skriv at det har hendt at saker har sete fast i rettssystemet i
fleire år, men at det òg kan gå i orden på seks månader.
BBC (McGeown 2011) og JLP Law Offices (Pamaos 2006) påpeiker at det er dyrt å skaffe ei
annullering, og at dette dermed ikkje er ein moglegheit for alle – med kostnadar opp mot USD
5000 er dette uråd for dei fleste filippinarar.
Straff for utruskap
Utruskap er straffbart, og kan straffast med fengsel i opp til seks år. Den reviderte straffelova
(Revised Penal Code 1980) slår fast følgjande:
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
4
Art. 333. Who are guilty of adultery. — Adultery is committed by any married woman
who shall have sexual intercourse with a man not her husband and by the man who
has carnal knowledge of her knowing her to be married, even if the marriage be
subsequently declared void.
Adultery shall be punished by prision correccional in its medium and maximum
periods.
If the person guilty of adultery committed this offense while being abandoned without
justification by the offended spouse, the penalty next lower in degree than that
provided in the next preceding (sic!) paragraph shall be imposed.
Art. 334. Concubinage. — Any husband who shall keep a mistress in the conjugal
dwelling, or shall have sexual intercourse, under scandalous circumstances, with a
woman who is not his wife, or shall cohabit with her in any other place, shall be
punished by prision correccional in its minimum and medium periods.
The concubine shall suffer the penalty of destierro.
Straffene som vert nemnd i desse paragrafane, er definert i § 27 av same lov. «Prison
correctional in its minimum/medium/maximum periods» utgjør mellom seks månader og éin
dag (minimum i kategorien «prison correctional») og seks år (maksimum i kategorien).
Destierro defineres i lova sin paragraf 87:
«Any person sentenced to destierro shall not be permitted to enter the place or places
designated in the sentence, nor within the radius therein specified, which shall be not
more than 250 and not less than 25 kilometers from the place designated».
Destierro har òg ei varigheit på mellom seks månader og seks år (§ 27), og er altså ikkje ei
fengselsstraff.
For at rettssak og eventuell domfelling for utruskap skal finne stad, må den fornærma parten
reise sak mot ektefellen. § 344 fastslår at «The crime(s) of adultery and concubinage shall not
be prosecuted except upon complaint filed by the offended spouse.»
Desse paragrafane har i den seinare tida vore omdiskutert i Filippinane, mellom anna på
grunn av kvinnediskrimineringa som mange ser i dei (kvinner vert hardare straffa enn menn).
Førebels står likevel lova ved lag. Den filippinske kongressen skreiv i 2014 at utruskap blant
ektefolk vert ståande som ulovleg, men at ordlyden i lova bør verte endra slik at ho ikkje skil
mellom utruskap begått av ei kvinne og ein mann (Tubianosa 2014).
Ei sovande lov?
Det har ikkje vore mogleg å finne døme på om lova faktisk vert anvend, og om filippinske
borgarar dermed vert fengsla for utruskap i dag. The Straits Times (Chew 2015) i Singapore
skriv at lova sjeldan vert implementert. Likevel er det rimeleg å tru at det kan skje, gitt at
domstolane er forplikta gjennom lova til å ta utruskapssaker reist av forsmådde ektefeller og
gitt at kongressen så nylig som i 2014 tok seg bryet med å gjennomgå dei aktuelle paragrafane
sin ordlyd og fremje forslag til likestillingsfremjande endringar i dei (House of
Representatives 2014).
Eit anna relevant aspekt er at straffelova føreskriv svært formilda straff for ein person som i
affekt drep sin utru ektefelle:
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
5
Art. 247. Any legally married person who, having surprised his spouse in the act of
committing sexual intercourse with another person, shall kill any of them or both of
them in the act or immediately thereafter, or shall inflict upon them any serious
physical injury, shall suffer the penalty of destierro.
If he shall inflict upon them physical injuries of any other kind, he shall be exempt
from punishment.
Drap – eller dobbeltdrap – vil i ein slik situasjon altså ikkje gje fengselsstraff, men maksimalt
verte straffa med 6 års bortvising frå eit visst område, og lekamsfornærming er ikkje straffbart
i det heile. Straffridomen gjeld likevel berre der og da eller «rett etter» at ein person har gripe
den utru ektefellen in flagrante delicto, altså «i akta» (Pamaos 2009).
Utlendingsforvaltninga si eining for landinformasjon (Landinfo) skal som fagleg uavhengig eining hente inn og
analysere informasjon om samfunnstilhøve og menneskerettar i land som Utlendingsdirektoratet (UDI),
Utlendingsnemnda (UNE) og Justis- og beredskapsdepartementet kan trenge kunnskap om. Landinfo sine
rapportar og temanotat er baserte på opplysningar frå både åpne og anonyme kjelder. Opplysningane er
innsamla og handsama etter kjeldekritiske standardar.
Responsar frå Landinfo er svar på konkrete spørsmål som Landinfo har fått frå saksbehandlarar i
utlendingsforvaltninga. Slike responsar er ikkje meint å vere utfyllande utgreiingar av eit tema, og
kjeldegrunnlaget er ikkje alltid like breitt som i temanotata våre. Responsar er utarbeidde med knappe fristar og
inneheld gjerne lite bakgrunnsinformasjon.
Opplysningane som blir lagde fram i responsane, kan ikkje takast til inntekt for eit visst syn på korleis
utlendingsforvaltninga bør handsame søknader. Responsane er heller ikkje uttrykk for norske styresmakters syn
på dei tilhøva og landa som omtalast.
Referansar
Skriftlege kjelder
•
Acosta, P. (2015a, 15. november). Factual separation. The Manila Times Tilgjengeleg frå
http://www.manilatimes.net/factual-separation/229231/ [lasta ned 11. januar 2016]
•
Acosta, P. (2015b, 8. februar). Collusion probe necessary in petition to nullify marriage. The Manila
Times. Tilgjengeleg frå http://www.pressreader.com/philippines/manilatimes/20150208/281573764118396/TextView [lasta ned 11. januar 2016]
•
BBC (2014, 8. april) Philippine top court defies church to back birth control. BBC. Tilgjengeleg frå
http://www.bbc.com/news/world-asia-26938667 [lasta ned 11. januar 2016]
•
Chew, H.M. (2015, 27. februar ). Extramarital affairs no longer illegal in South Korea: Other places
where adultery is still a crime. The Straits Times. Tilgjengeleg frå
http://www.straitstimes.com/singapore/extramarital-affairs-no-longer-illegal-in-south-korea-otherplaces-where-adultery-is-still [lasta ned 11. januar 2016]
•
[Familielova] (1987, 6. juli). The Family Code of the Philippines. Tilgjengeleg frå Chan Robles Virtual
Law Library http://www.chanrobles.com/executiveorderno209.htm#.VIGE3mdmg70 [lasta ned 11.
januar 2016]
•
[Fujiki vs. Marinay] (2013, 26. juni). Minoru Fujiki, Petitioner vs. Maria Paz Galela Marinay, Shinichi
Maekara, Local Civil Registrar of Quezon City, and the Administrator and Civil Registrar General of
the National Statistics Office, Respondents. Manila: Supreme Court. Tilgjengeleg frå The LawPhil
Project http://www.lawphil.net/judjuris/juri2013/jun2013/gr_196049_2013.html [lasta ned 11. januar
2016]
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
6
•
McGeown, K. (2011, 11. juni). How to split when divorce is banned. BBC. Tilgjengeleg frå
http://news.bbc.co.uk/2/hi/programmes/from_our_own_correspondent/9509519.stm [lasta ned 11.
januar 2016]
•
Pamaos, F.B. (2006, 30. september). Steps and Procedure in Annulment and Declaration of Nullity of
Marriage. Quezon City: JLP Law Offices. Tilgjengeleg frå http://jlp-law.com/blog/steps-procedure-inannulment-declaration-nullity-of-marriage/ [lasta ned 11. januar 2016]
•
Pamaos, F.B. (2007, 11. januar). Annulment, Divorce and Legal Separation in the Philippines:
Questions and Answers. Quezon City: JLP Law Offices. Tilgjengeleg frå http://jlplaw.com/blog/annulment-divorce-legal-separation-in-the-philippines-questions-and-answers/ [lasta ned
11. januar 2016]
•
Pamaos, F.B. (2009, 23. november) A brief discussion on Infidelity, Concubinage, Adultery and
Bigamy. Quezon City: JLP Law Offices. Tilgjengeleg frå http://jlp-law.com/blog/a-brief-discussion-oninfidelity-concubinage-adultery-and-bigamy/ [lasta ned 11. januar 2016]
•
[Revised Penal Code] (1930, 8. desember/ revidert 1980, 11. november). An Act Revising The Penal
Code and Other Penal Laws. Tilgjengeleg frå Chan Robles Virtual Law Library
http://www.chanrobles.com/revisedpenalcodeofthephilippinesbook1.htm#.VmhNsMuFOUn [lasta ned
11. januar 2016]
•
Rule on Legal Separation (2003, 15. mars). Tilgjengeleg frå Chan Robles Virtual Law Library
http://www.chanrobles.com/amno021111sc.html#.VnP3FzTIYRo [lasta ned 11. januar 2016]
•
Tubianosa, D. (2014, 24. mars). Equality in crime and punishment, a must. Manila: House of
Representatives. Tilgjengeleg frå http://congress.gov.ph/press/details.php?pressid=7739 [lasta ned 11.
januar 2016]
© Landinfo 2016
Materialet i denne publikasjonen er omfatta av åndsverklova. Utan særskild avtale med Landinfo er
eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate når det er heimla i lov.
Respons Filippinane: Oppløysing av ekteskap
LANDINFO – WWW.LANDINFO.NO – E-POST: [email protected]
19. JANUAR 2016
7