Øy-Blikk nr. 6/2016

Transcription

Øy-Blikk nr. 6/2016
Øy-Blikk
Torsdag 11. februar 2016
Spør oss om
BUSTADLÅN
Dei beste vilkåra får du gjennom
Møre Ung og Møre Verdi.
Karen S. Synnes
Aut. finansiell rådgivar
Tlf. 481 73 502
[email protected]
Nr. 6
Din lokale eiendomsmegler
Odd-Arild Sæther
Mob: 900 88 380
odd.arild.sather
@moremegling.no
|
31. årgang
|
www.oyblikk.no
|
Laussal kr 20,-
BOLIGSPESIALISTEN I GISKE
SELGE BOLIG?
Kontakt meg i dag for
en gratis verdivurdering
Audun Sjøholt
mob 906 03 774
[email protected]
www.notar.no
Magisk
UKM
Møteplass for alle
Med gardsbutikk,
kafé og alkoholfri
pub er Ingeløa på
Støbakkvik Gard blitt
eit samlingspunkt på
Godøya.
SIDE 8-9
Miss Aurora og faren Kenneth
Remme (bildet) sto bak eitt av
fleire magiske augeblikk og
tok også heim folkejuryprisen
under årets UKM. Mønstringa
i Giske var størst i fylket med
146 deltakarar.
SIDE 10-11
Folkerøysting på
vent
Formannskapet gjekk
inn for ei rådgjevande
folkerøysting, men i
kommunestyret vart
det fleirtal for å utsetje
spørsmålet til marsmøtet.
SIDE 4-5
Foto: Nora R. Hesseberg
ord for dagen:
11. februar 2016 Veke 6
Ubunden lokalavis for Giske
Ansvarleg redaktør:
Odd Egil Valderhaug
Utgjevar: Øy-Blikk AS
Sjå på dei gamle, så ser du
kva du sjølv skal bli
Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av
urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål.
PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO.
Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55
ODD EGIL VALDERHAUG
ANSVARLIG REDAKTØR
& DAGLEG LEIAR
[email protected]
924 23 398
KRISTOFFER OFTEDAL
REDAKSJONSSJEF
[email protected]
408 53 759
STINA HORMAZÁBAL
MARKNADSSJEF
[email protected]
70 18 63 80
ROLF HANSEN
JOURNALIST
[email protected]
924 78 303
Norsk ordtak
Storkommunen
Giske
Den nye storkommunen på Sunnmøre bør
heite Ålesund. Det hevdar min gode venn
og tidlegare arbeidskollega, Trine Klemetsen i ein artikkel i ei konkurrerande avis.
Det er heilt naturleg at den nye kommunen får namnet
Ålesund fordi dette er det mest kjende namnet både
her i landet og i utlandet, hevdar Trine. Men eg er
ikkje så sikker på det, trur nok namnet Giske er enda
meir kjend, i alle fall for dei som kjenner si historie.
Giske og Giskegodset var sentral i styringa av landet
vårt mange hundre år før Ålesund i det heile eksisterte.
Også det engelske kongehuset skal ha sin stamfar frå
Giske. No har 10 vise menn frå like mange kommunar
hatt møte om kommunereforma, og konklusjonen
der er at ei eventuell ny kommune skal ha namnet
Sunnmøre.
På møtet stilte vår joviale ordførar, Harry Valderhaug,
spørsmålet om kommune Sunnmøre burde ha ei tomflaske i kommunevåpenet. Som kjend blir det hevda
at tomflasker og Sunnmøringar finn ein over alt. Som
innbyggarar i kommunen går vi no ei spennande tid i
møte. Kva vil framtida bringe? Skal Giske halde fram
som eigen kommune eller skal vi bli ein del av den
nye storkommunen Sunnmøre?
Dei siste fire åra som formannskapsmedlem i Giske
var eg med å utallege møter og konferansar om
kommunereforma. Mi meining veksla veldig gjennom desse åra. Ei tid var eg svært positiv til å gå
inn i ei ny storkommune, medan tvilen melde seg
til andre tider. Vil Giske kommune kunne klare å
halde fram som eiga kommune? Mi meining veksla
heile tida og eg har framleis ikkje landa, eg slit med
«tvende sinn».
Men ein ting er eg nokså sikker på, innbyggarane vil
truleg merke lite til ein eventuell ny kommune. Eg er
trygg på at tenestene ei ny kommune vil gi, vil bli like
bra som det vi får i dag. Pr i dag har vår kommune 38
ulike avtalar med ein eller fleir kommunar som sikrar
gode tenester til innbyggarane vår. Vi kan nemne
brann, hamneservice, feiing, renovasjon, e-tenstar,
innkjøp, revisjon og mykje, mykje meir. Få tenker på
at dette er tenester som bli administrert utanfor vår
kommune. Og eg trur nok dei aller fleste er godt nøgde
med dei tenestene dei får.
Det eg fryktar mest i ei ny storkommune, er lokaldemokratiet. Korleis skal det takast vare på? Den
problemstillinga skal eg kome tilbake til
Odd Egil Valderhaug
Redaktør
MARCUS MURPHY
GRAFISK FORMGJEVAR
[email protected]
450 21 595
[email protected]
70 18 63 80
Øysenteret, 6050 Valderøy
Telefon: 70 18 63 80
Faks: 70 18 63 90
e-post: [email protected]
[email protected]
[email protected]
Forretningsannonsefrist: Måndag kl.12
Privatannonsefrist: Måndag kl.16
Trykk: Polaristrykk AS
Sats og montasje: Øy-Blikk
JOURNALIST FRILANS:
Nora R. Hesseberg
Birgitte Magelssen Godø
Anja Heimland Løkling
tips øy-blikk
70 18 63 80
2
Mikal Farstad
13. februar fyller storebroren
vår 6 år! Gratulerer så mykje
med den store dagen, kjære
Mikal. Dette har du gleda
deg til lenge! Vi er så stolte
av deg og gler oss til å feire
deg! Hurra! Klem frå Andrea,
Oskar, mamma og pappa.
Mikal Farstad
fyller 6 år 13.02.
Hipp, hipp, hurra for
den kjekke gutten som
er innskrevet i skolen på
Godøya. Vi er stolt av deg
og gleder oss til feiring!
Hilsen fra bestemor og
bestefar.
@jannicke_valderhaugstrand - 10.2.16
MARIT ØRSKOG
REDAKSJONSMEDARBEIDAR
Mariell Hovlid Bakken
Laurdag fyller denne
kjekke, tullete og sjarmerande jenta vår 2 år.
Gratulerer med dagen
gullet! Klem frå pappa,
mamma, Christoffer,
Martinus, bestemor,
bestefar, tante og familien.
En varm takk for
deltagelse, blomster og
omtanke ved min kjære
mann og vår far
Kåre E. Molnes
sin bortgang.
En spesiell takk
for god pleie
og omsorg ved Giske
Omsorgssenter.
Familien.
Oddmund Urkedal
blir 90 år 11. Februar
2016. Dagen skal feires
med åpent hus på
Rådhuset, Valderøya,
Lørdag 13.2.
fra kl. 14.00 til kl 18.00
Bilethelsingar
i Øy-Blikk
er GRATIS
– max. 30 ord –
Helsingar med kunngjering
av tid og stad for feiringa
kostar 110 kroner.
Vi oppfordrar alle til å bruke
fullt namn på den eller dei
som vert gratulert.
Helsingar kan sendast på
e-post til:
[email protected]
Legg ved frankert konvolutt
dersom du ønskjer biletet
sendt i retur. Siste frist for
innlevering av helsingar og
takkeannonser er tirsdag
klokka 12.00.
Torsdag 11. februar 2016
Øyriket Giske
Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya,
Giske og Godøya. Øyriket har til saman 8000 (juli 2015)
innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og
kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.
øyglimt
Takkar av etter 12 år som
hovudtillitsvald i Fagforbundet
det skjer
Gudsteneste
Familiegudsteneste ved Geir Sakseid.
Bibelutdeling.
Offer: Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.
søndag 14. februar kl. 11, Giske kyrkje
Etter over 30 år som tillitsvald, av dei 12
år som hovedstillitsvald i Fagforbundet
Giske, gjekk Anne Karin Engeseth av
med pensjon 1. februar.
Høgmesse ved Svend Klemmetsby.
Offer: Misjonsalliansen.
søndag 14. febrar kl. 11, Vigra kyrkje
INNSENDT
Ho har stått på både i arbeidstida og på fritida si
for å gjere det beste for medlemmane i Fagforbundet
(tidlegare Kommuneforb.)
Dei 2 siste åra har vi vore førebudd på at vi måtte
finne eit medlem til å ta over dette vervet, og det har
vore ei stor utfordring for oss. HTV er eit viktig bindeledd mellom medl. og arb.giver , så dette må vere på
plass.
Måndag 1 febr. løyste det seg heldigvis på beste vis.
Då stilte Solfrid Giskegjerde til val som ny HTV. Ho
blei då enstemmig valgt på vårt medlemsmøte.
Solfrid har også lang fartstid som tillitsvalgt i Fagforbundet og er såleis godt rusta til å stå i dette vervet.
Vi takker Anne Karin for den flott jobben ho har gjort
i tida som tillitsvald i Fagforbundet. Samtidig ønsker
vi Solfrid velkommen og lykke til som ny HTV.
Fastegudsteneste ved Leif Sæther.
onsdag 17. februar kl. 19, Johanneskapellet
Søndagsskule
Sang med barna, skattekista, andakt,
søndagsskulekoret, tegning, litt å bite i m.m. Eiga
gruppe for dei eldste.
søndag 14. februar, Valderøy kyrkje
Sveletreff
Valderøy sokneråd arrangerer sveletreff kvar
måndag i Valderøy kyrkje. Her blir det svele og
kaffi, god prat, kanskje litt song og opplesing.
Kom og gå når det passar deg. Alle velkomne.
måndag 15. februar, Valderøy kyrkje
Avtroppande HTV Anne Karin Engeseth til venstre og
påtroppande HTV Solfrid Giskegjerde til høgre. Foto: Privat
Babysang
Ny Kenya-kveld med Gunnar Hamnøy
Tysdagar i Valderøy kyrkjekjellar. Sang og leik, mat
og prat. Ta med matpakke.
tysdag 16. februar, Valderøy kyrkje
Søndag den 14. februar på Valderøy
bedehus.
Pensjonistkafé
INNSENDT
Pensjonistkafe på Husmortun kvar tysdag.
tysdag 16. februar, Husmortun
Gunnar Hamnøy, leder av NSP Aid som er engasjert
med flere hjelpeprogram for barn og unge i Etiopia og
Kenya ønsker å presentere noe av dette flotte arbeidet
vi er med på mellom barn og unge i Øst Afrika.
Solid lokal støtte mellom folk i Giske og rundt om
Sunnmøre gir vekst i arbeidet mellom foreldreløse
barn og unge i Kenya.
Gunnar Hamnøy fra NSP Aid reiser tilbake til Kenya
og følger opp prosjektene tirsdag den 16. februar. Det
nytter å hjelpe foreldreløse og svært sårbare barn og
unge med skolegang, mat og klær. Det er stort å kunne
fortelle at det virkelig nytter å hjelpe!
Vi håper mange finner veien til Valderøy bedehus
denne kvelden, avslutter Hamnøy.
Sjå også Kulturkalenderen på side 18
              
DATO
STAD
ARRANGEMENT
29.1
Parken Kulturhus
Elvis!
29.1
Terminalen/Byscena
Hanne Kolstø
30.1
Parken Kulturhus
Tenorane: Med ein horn i sida
4.2
Parken Kulturhus
Kalvø
Styret, Fagforbundet Giske
v/ Marry Ann Farstad, leiar
ARRANGØR
Momentium
Rikskonsertane
@lindahusyn - 29.1.16
@tryblinking - Marcus Murphy - 28.7.13
En familie fra slummen i Kibera som har fått hjelp.
Foto: Privat
Husk Morsdag
& Valentine
Ytterland,
6050 Valderøya
Åpningstider:
Man.-Fre. 10 - 17
Lørdag. 10 - 15
Tlf. 70 18 07 25
[email protected]
Torsdag 11. februar 2016
3
Folkerøystinga vart sett på
Formannskapet gjekk
inn for ei rådgjevande
folkerøysting, men i
kommunestyret vart
det fleirtal for å utsetje
spørsmålet til marsmøtet.
ROLF HANSEN
[email protected]
Eit samrøysta formannskap
gikk for innstillinga til kommunestyremøtet sist torsdag.
Difor kom det overraskande på
ein del av kommunestyresalen,
at Høgre snudde i saken ti dagar
etter møtet i formannskapet.
Frå talarstolen stilte Høgre
spørsmålet om kva politikarane skal bruke resultatet av
folkerøystinga til? Om ein skal
trosse røysta frå folket om politikarane like vell ser at eit anna
resultat vil vere det beste? Kva
vert igjen av demokratiet då,
vart inngangen på ein lengre
debatt som til slutt munna ut i
eit politisk kompromiss.
– Samla sett dannar desse
spørsmåla grunnlaget for at
vi ikkje støttar ei rådgjevande
folkerøysting i denne saka,
konkluderer Kenneth Langvatn
(H).
Forslaget fekk 12 mot 11
stemmar, der mellom anne
heile Høgre, Ap og store delar av KrF stemde for å opna
opp for folkerøysting og/eller
innbyggjarundersøking, til
behandling i neste møte.
Må vite spørsmåla
Giske Ap gav Høgre si støtte
i utsettinga, og langt på veg
skuldast det at ein førebels ikkje
veit kva ein skal spørje innbyggjarane om.
– Vi må vite kva som er
alternativa og konsekvensane
før vi spør folk til råds. Her går
det føre seg mange forskjellige
prosessar, der nokon landar til
påske og andre i juni. Personleg
trur eg mest på ei innbyggjarundersøking, og vi må lytte
til dei meiningane vi får frå ei
slik undersøking. Til sjuande
og sist må kommunestyret ta
si vurdering på om regjeringa
tørr å gjere alvar av å straffe
kommunar som vel å stå aleine.
Det seier Arbeiderpartiet nei til,
seier Roar Dyb Sandnes i Giske
Ap.
Til beste for demokratiet
Arbeidet med kommunereforma er i gong, og det første
forhandlingsmøtet mellom
dei ti kommunane var denne
veka i Ålesund. Førebels er det
svært lite som er klart, og store
delar av temaet på forhandlingsmøtet var demokrati og
kommunenamn.
Delegasjonane frå Giske,
Sula, Skodje, Ålesund, Haram,
Sandøy, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Hareid skal møtast att
på nytt til eit felles kommunestyremøte på Giske rådhus
29. februar. Innan den tid skal
Giske kommune ha sine informasjonsdagar og folkemøte
med både innbyggjarane og
næringslivet i kommunen.
Nettopp informasjonsflyt
var noko av bakgrunn for at
saken tok ei ny vending frå formannskap til kommunestyret.
– Folkerø ysting er i seg
sjølv ein god metode for demokratisk avgjersle. I saka om
ny kommunestruktur for vår
region, meiner vi derimot at
informasjonsmengda er for
stor til at vi kan kreve at kvar
innbyggjar skal sette seg inn i
alt dette på den korte tida vi
har att. Skal ei folkerøysting ha
verdi, må den ha god oppslutning, og veljarane må kjenne
ikkje berre alternativa, men óg
konsekvensane av alternativa,
seier Kenneth Langvatn i Giske
Høgre.
Uklart terreng
Attende til forhandlingsmøtet
på Waterfront hotell måndag,
der Giske st i lte me d ordførar Harry Valderhaug (KrF),
varaordførar Britt Giske Andersen (V) og rådmann Marit
Elisabeth Larsen. Det er det
første av ein rekkje møter, og
mykje av arbeidet med reforma
er lagt opp til at vegen vert til
medan ein går.
I formannskapsmøtet i Ålesund tysdag slo Øystein Tvedt
(H) fast, at kommunen vil ha
ein innbyggjarundersøking når
intensjonsavtalen er på plass.
Kirsti Dale (V) var klar på
at dei måtte ha ein folkeavrøysting. FrP sin Geir Stenseth
meinte sjølv politikarane viste
for lite om saken, og at ein
derfor ikkje kunne vente seg at
innbyggjarane heller kunne ta
eit standpunkt no.
Intensjonsavtalen skal vere
klar etter at kommunane har
tatt sitt endelege vegval på
kommunestyremøtet i juni. I
kor stor grad vil innbyggjarane
si meining bli høyrd?
– Folkerøystinga som var
innstilt frå formannskapet
skulle kun vere rådgjevande.
Kommunestyret står uansett
fritt til å gjere sitt vedtak på
tvers av resultat frå folkerøystinga. Brei dialog med innbyggjarane, samt ei oppdatert
innbyggjarundersøking vil gi
oss politikarane dei beste og
mest reflekterte innspela vi
treng for å treffe rett vedtak,
rundar Kenneth Langvatn i
Giske Høgre av.
FORHANDLINGSUTVAL: Måndag starta forhandlingane mellom dei
ti kommunane som kan verte den nye storkommunen. Giske stilte
med ordførar Harry Valderhaug, rådmann Marit Elisabeth Larsen og
varaordførar Britt Giske Andersen. Roar Dyb Sandnes var forhindra
frå å møte grunna reise. Foto: Rolf Hansen
Tida er knapp
For Giske er alternativa å helde
fram som ein suveren kommune etter 2020 eller å vere ein del
av ein større regionkommune.
Det siste alternativet vil truleg
vere saman med Ålesund og tre
eller fleire av kommunane som
no er med på forhandlingsmøta.
Det fremste argumentet mot
å utsetje avgjersla til kommunestyremøtet i mars, er at fleire
parti føler tida byrjar å bli svært
knapp. Ordførar Valderhaug
var ein av dei to i KrF som ikkje
ønskja å utsetje avgjerda om vi
skal ha ei rådgjevande folkerøysting i kommunestyremøtet
sist torsdag.
– Det finst gode argument
for ei utsetting, då informasjonen førebels ikkje er god nok
til at innbyggjarane kan få ei
fyldestgjerande oversikt over
dei to aktuelle alternativa. Når
vi no sette temaet litt på vent,
så får vi ikkje informert innbyggjarane like tidleg om det
vil bli mogleg for dei å få seie si
meining, og gi politikarane eit
råd gjennom ei folkerøysting,
sa Harry Valderhaug etter møtet i Ålesund måndag.
NY VENDING: Giske Høgre, her med Trude Fjærli Giskås på talarstolen,
gav saka om rådgjevande folkerøysting ei ny vending under
kommunestyremøtet torsdag. No er avgjersla sette på vent til møtet i
mars, der kommunestyret skal ta stilling til om det vert ei rådgjevande
folkerøysting og/eller innbyggjarundersøking. Forslaget frå Høgre fekk
støtte frå fleire av dei andre partia, og dermed vart formannskapet si
innstilling nedstemd. Foto: Rolf Hansen
4
Folket vert høyrd
Ordføraren er uansett klar på
at innbyggjarane si meining
er viktig.
– Til sjuande og sist vil det
vere kommunestyret som tar
den endelege avgjersla, men
samstun-des er det historisk
sett svært sjeldan nokon går
i mot folket si vilje. Difor er
både innbyggjarun-dersøking
og ei rådgjevande folkerøysting svært viktige innspel som
grunnlag for avgjerda kommunestyret skal ta i juni, runda
Harry Valderhaug av.
Han får langt på veg støtte
frå varaordførar Britt Giske
Andersen (V):
– Dette er den viktigaste
saka nokon sinne for Giske
kommune, og då bør innbyggjarane bli høyrd. Som
politikarar må vi ta stilling til
all informasjon vi sitt med,
og som kanskje ikkje innbyggjarane har tilgang til. Det er
uansett viktig at dette vert ein
del av ein demokratisk prosess,
seier Andersen.
Giske Venstre var for å vedta
ei rådgjevande folkerøysting,
men hamna i fåtalet.
– Alle synest vi har dårleg
tid her, men det får vi ikkje
gjort noko med. Difor meinte
vi det var svært viktig å vedta ei
Torsdag 11. februar 2016
vent
rådgjevande folkerøysting no.
Innbyggjarane følgjer med på
ein litt anna måte om ein veit
at ein skal få seie si meining
om dette, rundar Britt Giske
Andersen (V) av.
Overraska
Både TLG og Giske-FrP vart
overraska over den uventa
vendinga saka tok i kommunestyremøtet torsdag.
– Med dårleg tid som bakteppe, meiner eg dette i beste
fall er eit svært uheldig signal
å sende til innbyggjarane.
Å førebu folkerøysting er ei
krevjande øving som tek tid.
Eg fryktar også for å kunne få
til ei digital røysting med tanke
på tidsperspektivet, seier gruppeleiar Ina Giske (FrP).
Olav Sindre Roald i Tverrpolitisk liste for Giske (TLG) er
langt på veg samd:
– Vi er heilt klare på at vi vil
høyre innbyggjarane gjennom
folkerøysting, gjerne også innbyggjarundersøking om dette
er praktisk mogeleg. Utsettinga
vil gjere førebuingane til ei
avstemming vanskelegare. Vi
trur at svært mange av innbyggjarane er opptekne av Giske
sitt høve til ei stor regionkommune, seier Olav Sindre Roald
(TLG).
Torsdag 11. februar 2016
FOLKEMØTE 16. FEBRUAR:
Giske kommune inviterer til folkemøte på
Valderøy barneskule etter «Open Space»metoden: Dette betyr at det meste av tida vert
nytta til å drøf te dei tema og problemstillingane
som deltakarane på møtet kjem med, forklarar
kommunen i ei pressemelding. Med samtalar i
mindre grupper er håpet at alle får betre innsikt
i kva folk er opptatt av, og at innbyggjarane får
drøf ta tankar og synspunkt om idear og innhald
i endringsprosessen.
«Open Space»-metoden er ei ope konferanse-
form som gjev alle høve til å delta aktivt i
arbeidet og diskusjonane. Då får alle også
stor påverknad både på innhald og resultat av
møtet. Ein får også høve til å ta ansvar for dei
problemstillingane som ein meiner er viktige,
skriv kommunen.
OVERRASKA: Tverrpolitisk
liste for Giske og Olav Sindre
Roald vart overraska over
den nye vendinga saka om
rådgjevande folkerøysting tok
på vegen frå formannskapet til
kommunestyret sist torsdag.
Både TLG og FrP meiner
utsettinga er uheldig i høve
det er kort med tid fram til ein
intensjonsavtale skal på plass i
juni. Foto: Rolf Hansen
FAKTA
• Ti kommunar har no starta
forhandlingane om det som
skal bli ein ny storkommune
etter 2020. Giske er ein av
disse ti.
• Formannskapet innstilte
i møte 25. januar til
kommunestyret på å
gjennomføre ei rådgjevande
folkerøysting i høve dei to
alternative Giske kommune
jobbar med.
• Spørsmålet er om Giske
kommune skal helde fram
som suveren kommune, eller
slå seg saman med Ålesund
og fleire av dei åtte andre
kommunane som er med i
forhandlingane.
• Dei ti er Giske, Sula, Skodje,
Ålesund, Haram, Sandøy,
Ørskog, Stordal, Sykkylven og
Hareid.
• Kommunestyret vedtok med
12 mot 11 røyster å utsetje
avgjersla til møtet 12. mars.
5
Giske FrP ønskjer politiattest i omsorgstenesta
FrP-kvinnene frå Giske
talte borna og dei eldre
si sak under årsmøtet til
fylkeslaget.
INNSENDT AV GISKE FRP
Møre og Romsdal FrP gjennomførte sitt fylkesårsmøte i Fosnavåg i helga. Vegard Løvik, Ina
Giske, Svein Sjåholm og Silje
Kristin Sjåholm representerte
Giske FrP.
Ungdomspolitikar i Giske og
nestleiar for FrP sin ungdom i
Møre og Romsdal, Silje Kristin
Sjåholm, fremja på vegne av
ungdomsorganisasjonen eit
krav om politiattest for å jobbe
med eldreomsorg i Møre og
Romsdal.
– Det er i dag k rav om
politiattest for å arbeide med
bor n- og unge samt f unksjonshemma, men ikkje for å
jobbe med eldre menneske,
forklarer Sjåholm. Ho legg til
at regjeringa allereie har sett
i gong eit arbeid for å sjå om
kommunane bør innføre dette.
Politiattesten skal innehalde
det same som ein barneomsorgsattest. Regjeringa har
lagt opp til at ei slik ordning
skal være frivillig å innføre,
men ho håper at flest mogeleg
innfører dette.
Skal seie ja
17-åringen la fram eit resolusjonsforslag.
– Vi meiner det er viktig at
kommunane i Møre og Romsdal skal være kommunar som
LOKALLAG PÅ FYLKESMØTE:
Giske FrP markerte seg under
fylkesårsmøtet i Fosnavåg i helga.
F.v: Svein Sjåholm, Ina Giske,
Landbruksminister Jon Georg Dale,
Silje Kristin Sjåholm og Vegard
Løvik. Foto: Privat
seier ja til ei slik ordning. Vi
veit at særleg demente menneske er i ein sårbar situasjon,
som kan bli utsett for vald og
overgrep utan i verste fall å
kunne seie ifrå. Folk som har
utført vold eller overgrep, bør
ikkje få jobbe med eldre, slo
Sjåholm fast og fekk årsmøtet
si tilslutning til dette.
Oppmodar kollegaer
Gruppeleiar Ina Giske i Giske
FrP oppmoda sine partikollegaer i samtlege av fylket sine
kommunar om å opne dørene
inn til barnevernet.
– Vi opplever ofte at dørene
inn til barnevernet ikkje berre
er lukka, men dei er ofte også
låst med sju segl. Mi oppmoding til mine partikollegaer
var at vi må tørre å opne desse
dørene og stille dei ubehagelege spørsmåla, forklarer
Giske.
Ho understrekar at dei tilsette i barnevernet gjer stort
sett en veldig god jobb, men at
det har vore alt for mange tilfelle der barnevernet ikkje har
fungert slik det skulle.
– Diverre har vi sett mange
Frå årsmøtet
i Valderøy
Pensjonistlag
Valderøya, quo vadis?
Som tilskuer på siste kommunest y remøte den 4. febr ua r,
fikk jeg med meg et interessant
sideblik k på kommunen vår.
Noen ungdommer presenterte
en omfattende gruppeoppgave
som ga oss en del spenstige fremtidsvyer sett med ungdommen
sine øyne. Ikke bare fra de som hadde
utarbeidd prosjektet, men også basert
på intervjuer av ungdomsskoleelever i
kommunen. Ordskiftet i etterkant ga
nærmest et uttrykk for at dette var en
ny reguleringsplan, men det er ikke
det dette dreier seg om.
Prosjektet handlet om alt fra sentrumsplassering, infrastruktur, bebyggelse, sosiale møteplasser samt
tilgang til fjell, fjøre og sjø. I det hele
tatt, forslag som var ment å gjøre
kommunen vår til et bedre sted å bu i.
Jeg deltok også på folkemøte på rådhuset den 18.02. der mange synspunkt
i samme gate ble fremmet av møtedeltagerne.
Vi må ta innover oss at utbyggingen
av Valderøya i løpet av de 2-3 siste tiår
har vært preget av elendig planlegging
og mangel på helhetlig tenkning. Derfor var dette et kjærkomment bidrag
til å få en balanse i regnskapet. Det ble
påpekt at vi hadde en fantastisk flott
natur her ute, og at vi måtte legge til
rette for at den ble mer tilgjengelig
for oss alle. Derfor er på høy tid å ta
en timeout og tenke over hvordan vi
ivaretar de store naturressursene vi
har her ute. Ressurser som er i ferd
med å bli et knapphetsgode. På dette
området har vi etter min mening slett
ikke forvaltet vår arv godt nok.
Flest mulig boenheter på færrest
mulig kvadratmeter er ikke noe mål
på god livskvalitet. Vi trenger også
tilgang og tilrettelegging for en aktiv bruk av naturen vår for at øyene
fortsatt skal være attraktive for innbyggerne. Utenom dugnadsarbeid,
kan jeg ikke på stående fot komme
på et eneste eksempel der kommunen
de siste årene har brukt nevneverdige
ressurser på dette området.
døme på at barnevernet gjer
fatale feil, som kan øydeleggje familiar og ikkje minst
borna. Det kan vere svært
øydeleggjande når barnevernet brukar makt og går inn i
familiar på feil grunnlag, men
det er like ille når barnevernet
lèt vere å gripe inn i tilfelle
der dei absolutt burde ha vore
tilstades.
Et mye brukt uttrykk av de folkevalgte, og som har festet seg hos meg, er:
”Vi må legge til rette for de som vil
busette seg i kommunen vår”. Javisst
skal vi det, men det er fortsatt legitimt
å stille krav til innflytterne, både med
hensyn til byggeskikk og plassering.
Det er nemlig vi som legger listen for
hvordan vi skal ha det, både nå og i
fremtiden. Fremtiden hører som kjent
ungdommen til, og derfor håper jeg at
forsamlingen lyttet nøye til det som
ble sagt under denne flotte presentasjonen og setter dette på agendaen
under videre planlegging.
Onsdag 3. februar heldt Valderøy Pensjonistlag årsmøte
på Aalesund Airport Hotel, Ytterland. Brit Aanning Aarseth
frå Vartdal deltok med kåseri
om «Miss Boyd og ishavsskuta
Vesle-Kari».
Årsmeldinga viser eit aktivt
år i laget, og både den og rekneskapen vart vedtatt utan
merknadar.
Nest leia r Joha n D yb og
kasserar gjennom mange år,
Irene Skjong, hadde sagt nei til
attval, og styret for 2016 er då
samansett slik:
Leiar Anne Lise Hessen Følsvik, nestleiar Leif Ervik , kasserar Unni Klokk, skrivar Lasse
Nilsson og styremedlem Erling
Hovden. Varamedlemar: Jenny
Valderhaug og Irene Skjong
Alle vala var samrøystes,
skriv laget i ei pressemelding.
Svein Roger Skjong
Valderøya
Anne Lise Hessen Følsvik.
6
Torsdag 11. februar 2016
Spørsmål
til Ina
Giske
Øyblik k hadde inter vju
med Ina Giske, ho sa om
kommunereforma:
”Ho trur det blir høg valdeltaking om ein kjem ut
med god nok informasjon
og kunnskap til innbyggjarane i kommunen.
– Undersøkingar viser at vi har
skeptiske innbyggjarar, men
det trur eg handlar mykje om
at mange ikkje veit.”
Ina Giske meiner folk er skeptiske til kommunereforma fordi
dei ik kje har kunnskap om
reforma. At mange ikkje veit er
eg einig i,men då må du som er
ei av dei som veit, kome med
din kunnskap slik at fleire veit.
Ina Giske sa også at overføringane frå sentralt hold til Giske
kommune vil reduserast. Kor
mykje,og meiner du det er rett
at Giske kommune i at Giske
kommune skal få mindre overføringer?
Det vert sagt at med ei stor kommune vil ein få ei meir robust
kommune, kva no det må bety,
vi vil få færre administrativt
tilsette i kommunane. Ein vil
få stordriftfordeler, vert det
også sagt. Dette sa ekspertane i
Danmark også, men resultatet
etter kommunereforma der har
blitt lang fleire administrativt
tilsette i kommunane.
Eg spør kva blir betre i Giske kom mu ne om ei n slå r
seg saman med ei eller fleire
kommuner,og blir det noko som
vert dårlegare? Eg vil ha konkrete eksempler på forbetringar,
ikkje synsing. Forbetringar på
alle primærområda som Giske
Frp i programmet sitt seier dei
vil prioritere. Du må sjølvsagt
kome eksempler på forbetringar
på alle øyane?
Alt skal bli betre med ei større
kommune, vert det sagt,så kor
mykje større blir løyvingane til
kultur, idrett, vegar, osv. Blir dei
tilsatte eller dei fleste tilsette på
rådhuset flytta frå Giske kommune, vil Nav forsvinne, vil
helsestasjonen forsvinne, vil
kommunetannlegen forsvinne,
vil legekontoret forsvinne,er
det andre tilsette som kan bli
f ly t ta f rå Giske kom mu ne?
Dette er svært viktige tjenester og arbeidsplasser i Giske
kommune,kan du garantere at
desse framleis blir verande i
Giske kommune?
Alt dette og meir til har innbyggjarane i Giske kommune krav
på å få eit klart svar på.
Ivar B.Roald
Vigra
Torsdag 11. februar 2016
BRATT FOTBALL-ÅR I VENTE: Berre eit fåtal klubbar av dei kring 50 hadde møtt fram då Sunnmøre Fotballkrets orienterte kring det nye
seriesystemet som er venta å slå inn frå 2017-sesongen. Då vert sesongen som starta om nokre veker ein rein kvalifisering der mange lag
vil rykke ned, og ingen vil rykke opp frå krinsseriane. Giske var godt representert på møtet, der både Godøy, Valder og Giske var til stade.
Foto: Rolf Hansen
Massivt nedrykk
– ingen opprykk
Truleg vert fotballsesongen
2016 svært spesiell for alle dei
fire Giske-klubbane og fotballen på heile Sunnmøre.
ROLF HANSEN
[email protected]
Sunnmøre Fotballkrets (SFK) inviterte
alle dei kring 50 fotballklubbane i krinsen til eit informasjonsmøte tysdag
kveld på Color Line Stadion. Berre 1213 klubbar hadde funne tid til å kome,
men til gjengjeld skapte fåtalet eit stort
engasjement kring det krinsleiar Leon
Aurdal og dagleg leiar Bjørn Oscar Haukeberg hadde å fortelje.
På fotballtinget 28. februar ligg det
inne eit forslag om endring av seriestrukturen frå og med fotballsesongen
2017.
Det vert truleg fleirtal for dette forslaget,
og då vert fotballsesongen som startar
om knappe seks veker ein rein kvalifisering inn mot 2017.
Frå gamal til ung
Forslaget som ligg inne går i korte trekk
ut på å redusere fire avdelingar i 2. divisjon til to. Det betyr nedrykk for dei
sju svakaste i kvar avdeling. Vidare å
redusere talet på avdelingar i 3. divisjon
frå 12 til 6.
Her vil dei fire eller fem beste berge
plassen, men ingen rykker opp i den
nye 2. divisjonen. Noko av essensen i
forslaget er å styrke norske klubblag og
landslag ute i Europa, samt å betre spe-
larutviklinga. I tillegg er det eit ønskje
å få ned snittalderen på kring 30 år i
OBOS-ligaen.
Herd kunne på si side fortelje at dei
hadde ein snittalder på kring 20 år som
toppklubb i 3. divisjon. Det overraska
ikkje Godøy-leiar Kåre Sindre Nyvoll.
– Eg har inga tru på at dette forslaget
får ned snittalderen i OBOS. Det seier
seg sjølv at ein 30-åring vel å spele løna
fotball i OBOS, framføre å måtte betale
for å spele fotball i 3. divisjon, når det
tek like mykje tid til trening og kamp
begge stadar. Eg trur vi ikkje får folk til
å trappe ned for å sleppe 18-åringane til
av den grunn, seier Nyvoll.
Spissar breidda
4. divisjon vil frå og med 2017 innehalde klubbar frå heile fylket. Det som er
heilt sikkert er at ingen vil rykke opp til
3. divisjon i 2016, men dei beste laga vil
helde fram med å spele i fylkesserien 4.
divisjon. Dei laga frå Møre og Romsdal
som ikkje reddar plassen i 3. divisjon i
år, vil få plass i 4. divisjon neste år.
Resten av plassane vert delt mellom
Sunnmøre og Romsdal/Nordmøre. Det
betyr truleg at ein må hamne blant dei
fire beste i år for å klare ein av dei plassane.
Godøy-leiar Nyvoll var ein av fleire
som stilte seg skeptiske til det som kan
vere den nye kvardagen for breiddefotballen:
– Eg forstår ikkje kvifor 4. divisjon
ikkje kan få vere den flotte krinsserien
det er. I Godøy treng vi alle frå 15 til 40
år, og har ikkje råd til å miste ein einaste
mann. Om vi skal få inn lag frå Nord-
møre, vil vi ikkje få med familiefolk til
Surnadal til dømes på ein fredag. Ein
annan ting er at eg synest forslaget står
fram som svært lite konsekvensretta,
seier Nyvoll.
Lite engasjement
Saman med Geir Olav Kristiansen frå
Valder og Giske sin Steinar Lillebø var
fotballkommunen Giske godt representert på informasjonsmøtet. Både Valder
og Giske var skeptiske til lovforslaget
som truleg vert ein realitet.
– Det går mot at dei fem beste laga
står, medan resten rykker ned. For oss
som nyopprykka lag ville ein sjette plass
vore bra, men her ryk ein ned på det.
Dette vert sjølvsagt tøft, seier Steinar
Lillebø i Giske IL.
Truleg vel dei fleste breiddeklubbane
på Sunnmøre å helde seg heime når
saken skal voterast om på fotballtinget
om to veker.
– Fotballtinget er det øvste lovorganet, og soleis er det sjølvsagt dumt at
så mange klubbar held seg borte, seier
krinsleiar Leon Aurdal.
Det bratte året
Fotballåret 2016 vert truleg året der alt
vart bratt, og det gjeld også for Giske og
Vigra i 5. divisjon. Der vil ingen rykke
opp i 2016, og ein må vere inne på øvre
halvdel for å sikre seg plass i 5. divisjon
neste sesong. Her vil også majoriteten
rykke ned i 6. divisjon, som held fram
med å vere kjellaren i divisjonssystemet
på Sunnmøre.
Frå den kjellaren er det ingen som
rykker opp i år.
7
Ein glad gjeng samla rundt
langbordet i kafeen til Inge-Løa.
Elever, ansatte og eigar koser seg
ilag denne onsdagen. På Høgre
side av bordet sit Linda Austnes
(53), eig og driv Støbakkvik Gard
med kafe, pub og butikk; Kristine
Stokke (9), Hermann Valen (14),
Iris Kiplesund (28). På venstre
side: Leo Aleksander Søreide With
(10), Emil Leite Aasen (10), Silje
Giske (40). Dei kjem frå alle øyane
i Giske kommune, unnteke Vigra.
– Ynskjer å lokke folk
Har du høyrt om Støbakkvik
Gard? Garden på Godøya, der
dyreglade barn i alle aldre kan
finne alt frå esel, silkehøner,
hest og kanin til gris, sau,
ender, hund og katt. I tillegg
driv bonde Linda Austnes
butikk, kafè og alkoholfri pub.
Odelsgut Karl Arne har også
60 okser og ungdyr på garden.
Både pedagogar, besøkande, odelsgut
og elevar har samla seg i arbeidskroken.
Odelsgut Karl Arne Austnes midt på
biletet, ilag med to av dei besøkande.
Her er det plass til fleire!
TEKST/FOTO: NORA R. HESSEBERG
[email protected]
Alder inga hindring
– Her har vi hatt om lag 35 barn og
unge sidan oppstart for 17 år sidan, seier
Austnes. Også vaksne i arbeidstrening
nytter seg av tilbodet som er lagt opp
rundt ei pedagogisk ramme:
– Dette er inndanning, vel so viktig
som utdanning! Vi legg vekt på grensesetting, og gjensidig respekt.
Med på alt frå botnen av
Slik lærer elevane mykje utan å tenke
at dette er skule. Onsdag er butikk og
kafé opne på dagtid. Her lager elevane
mat, baker og steiker vafler, og får vere
med på alt frå botnen av. Overgangen
mellom skule og det praktiske liv blir
dermed nesten umerkeleg.
Loggskriving kvar dag
– Det kjekkaste er å få vere attmed dyra
og kose med dei, seier Emil (10). Han sit
i sofaen under pausen og skriv logg over
kva dei har gjort denne dagen; fòra dyra,
rydda og kost litt med dyra.
– Eg har gjort reint og fòra dyra, seier
Hermann (14).
– Det kjekkaste er å halde på med
dyra. Hundane Tinka og Stella liker eg
aller best.
Barna sit roleg i sofagruppa, djupt
konsentrert med sine dagsoppgåver etter
at lunsj er fortært.
Møteplass for alle
Litt besøk kjem også innom kafeen og
butikken i fyrste etasje:
– Det er mykje koselegare enn å sete
åleine heime og drikke kaffe. Dette er
ein møteplass for alle, seier Bente Dyb.
Og elevane er sjølsagt veldig spente på
om det kjem gjester. Interiøret oppe i
Inge-løa gir eit innbydande preg – eit
rustikt, antikt miljø, med historisk sus
– og gamle, men gode møbler å sete i.
Norgesglas, med lys i, heng nedetter
gamle kjerrehjul, og to vegger er delvis
kledd med bøker frå nedlagd filial på
Godøya:
– Folk kan låne bøker om dei vil det,
seier Austnes. Eller sete attmed peisen
og kose seg i staden.
Å senke skuldrane og gjere det
ein vil
Tysdag i førre veke baud Austnes inn til
spøte- og skravlekveld. For fyrste gang.
Og kor mange kom? Jau, 35 spøte- og
skravleglade fann vegen til den koselege
Inge-løa:
8
Torsdag 11. februar 2016
Grisane grynta, løfta seg opp og ville
ha merksemd. Og elevane let ikkje
vente på seg. Her er det Hermann
Valen som trer til. Herman trur han
blir på garden inntil vidare, i alle fall
ut dette året.
– Her kan ein byrje å senke skuldrene, gjere det ein vil og ikkje det andre
vil, seier Austnes. Å ta ein liten trall, ha
allsang, lese eit dikt; alt er tenkt å bidra
til fellesskapet utan at det følast som ei
plikt:
– Eg vil lokke folk litt utav komfortsona.
Dette er også litt av visjonen med den
alkoholfrie puben: ”Endeleg fredag” ein
gong i månaden.
Fem T-ar
Ilag med dottera, Iris, tok bonden
Linda høgskulestudiet om ”Gard som
pedagogisk ressurs og lærearena”. På
dette grunnlaget utarbeidde dei ei plattform dei kallar ”5T”: Trivsel. Tid. Tillit.
Tryggleik. Tilknyting. Garden blir også
driven etter det landsomfattande konseptet ”Inn på tunet”. I butikken, opna
i november, i fjor sel Linda barneklede,
jakker, muntre ord skrivne på fine kort,
luer og fleire fine gjenstandar.
FAKTA:
• Løa vart bygd i 1934.
• Austnes fekk løa med Inge Fjelltun for
fem år sidan og kjøpte jorda.
• Søkte kommunen om løyve til å
renovere og bruke til drift. Fekk
godkjenning etter eit halvt år.
• Snikkarar med tru på prosjektet skifta
bordkledning og vindauge, kjøkken og
handicaptoalett kom på plass.
• Også langbrua opp til andre etasje er
tilpassa rullestolbrukarar.
• Innovasjon Norge hadde trua på
prosjektet, støtta, ga tilskot og
lånetilbod.
– Utan Innovasjon Norge hadde eg ikkje
turt å satse, seier Linda Austnes.
• Ho har også gitt ut to
bøker, og vart landskjent for
underskriftsauksjonen”Nok er nok”
mot avkristninga i Noreg i 2005.
@oyblikk - 4.2.16
litt ut av komfortsona
Sjå kor fine kaninungar vi har! To kvite og ein svart
får klem av Kristine Stokke, Leon Aleksander Søreide
With og Emil Leite Aasen. Bak står Hermann Valen.
I båsen ved sida av stod eselet, ein minigris, og
sauen.
Plass til fleire produkt i bås
Butikken har eit eldgamalt solid preg,
med oppussa båsar, og slik dyra opphavleg stod lenka. For å bevare historia
og gjere ho lettare å forstå for elevane:
– Vi kan tilby ein bås til dei som har
laga fine gjenstandar, og ynskjer å ha dei
her, og selje mot litt provisjon, avsluttar
den kreative og omtenksame bonden.
Saka er tidlegare publisert på
www.oyblikk.no
Torsdag 11. februar 2016
9
– Det er fint å sleppe presset med å vere med i ei te
Største UKM med 146 påm
5 fine frøkner: Gruppa Foreven Five har dansa lenge ilag. Andrea Austnes, Emma
Ord, Linnea Nordstrand, Olivia Drøppping Sæther, Rebecca Wanjiru. Eitt av mange,
fargerike og sprelske danseframføringer.
Heftige rytmar, rolege
balladar og hiphop-dans
sette sitt preg på årets UKM
Giske på søndag. Valderøy
barneskule var fullsett med
cirka 400 gjestar, der Giske
kommune var hovudarrangør.
I vrimlearealet til kafeen var
teikningar, foto, maleri og
trearbeid utstilt.
TEKST/FOTO: NORA R. HESSEBERG
[email protected]
Nytt av året var ”Green-room.” Eit lokale
der dei unge deltakarane kunne slappe av,
prate litt, og samstundes sjå på storskjerm
alt det som skjedde framme på scena.
– Dette er eit bra arrangement. Det
er fint å kunne få vise seg fram, utan at
ein må vere best, og kunne sleppe det
presset det er å vere med ei tevling, seier
Lene Valderhaug (15).
Vakre utforma treknivar
– Vi har hatt litt flaks i år, seier arrangøransvarleg Frode Synes. Av heile 146
deltakerar stilte tre skuleklasser med
vakkert utforma treknivar; alle med
kvart sitt individuelle preg. Aldersmessig låg deltakerane i gruppa 9 – 11 år: - Vi
slit litt med å få med oss dei ifrå 16 og
oppover, men dei som har stilt er jamnt
over veldig flinke, seier Synes.
Den store draumen
– Vi synest dette er veldig gøy. Dei to
eldste deltakarane, Sophia Nordstrand
og Kristian Kleppe, spelte ilag for aller
fyrste gang. Sophia søkte ein gitarist, og
dermed stilte Kristian opp. Flott gjort.
Solisten er med for sjette året på rad:
– Å bli artist er den store draumen
min, seier ho.
Magisk innslag
Eit magisk innslag følgde også med blant
Ordfører Harry Valderhaug opnar UKM Giske.
”Jenni & Fride” med låta ”Ten More Days.” Jenni Elena Giske
Andersen og Fride Stokke Dyb.
Baar
b
10
Torsdag 11. februar 2016
evling
EIN MAGISK AUGNEBINK: Miss Aurora med illusjonist og magiker
Kenneth Remme (far), Valderøya. Her svever ho i ”lause lufta.”
meldte
sceneinnlsaga. Ei etterkvart svevande
Aurora kunne nesten sett publikum i
ein transetilstand då Kenneth Remme
(far) viste fram sine illusjonistiske eigenskapar. Magi i høgste klasse, som også
førte til folkejuryprisen.
Mange med i kulissane
Ordførar Harry Valderhaug opna årets
UKM. Fagjury med to unge ilag med
fem vaksne, fi re programleiarar, nettredaksjon og Lyd & Lys Giske stod for
gjennomføringa. Vigra skulemusikk og
Valderøy skulekorps var medarrangør,
og gjorde ein kjempejobb i forkant av
UKM med førebuingar som starta allereide i november i fjor.
Film, sang, dans og
soloinstrument
Innimellom dei fjorten sceneinnslaga
før pause stod også film på lerretet. Etter pausen stod elleve nye innslag for
tur, hovudsakleg med varierte song- og
danseframføringar. ”2 trumpets,” med
låta ”Zero to Hero”, og Isak Røssevold
Christensen på gitar med ”Classical
Gas”, stilte som instrumentsolistar.
Aurora Godø Sæther Dyb framførte
låta ”The Lazy Song,” og dansegruppa
”The Black Sheep” dansa seg til jubel
frå publikum med låta ”Love Myself”.
– Dette er unge som bruker UKM for
å vise seg fram, og er ein kulturaktivitet
i mange ulike former, seier Frode Synnes
tilslutt.
Sophia Nordstrand og Kristian Kleppe.
Kristian går musikklinja på Ålesund
vidaregåande skule. Sophia øver i sanggruppe
fleire ganger i veka ved Ålesund vidaregåande
skule, tidlegare Latinskulen.
FAKTA:
Folkejuryprisen gjekk til:
Baard Blindheim,
foto: ”Under the sky so blue.”
Aurora Remme:
”Miss Aurora,” og MAGISK MORO
Prisen som vart utdelt er laga av
”Pust Glasværksted,” Ebeltoft
(Danmark), spesielt for UKM Giske.
Arrangøransvarleg Frode Synnes, Julie Johanne Farstad Dahl, Maria Grimstad, Solveig
Eline Ervik, teknisk ansvarleg Asbjørn Rørvik og deltakeransvarleg Marita Kalsnes.
Lene Valderhaug
ved sida av dei
tre fotografia ho
stilte ut etter tips
frå lærer, og ei
skuleoppgave.
”Mary & Saya” med låta ”Stay.” Mari Gullhav og Saya Gajendran.
rd Blindheim, Valderøya viser fram
biletet som ga han folkejuryprisen.
Torsdag 11. februar 2016
11
Stort løft med High School Musical
I desse dagar er det til
dels hektisk jobbing
blant dei omtrent 80
ungdomane som skal
vere med musikalen på
Valderøy ungdomsskule.
Her skal det øvast inn
replikkar, dans og song.
Laging av sceneskifte,
koreografi og sying av
kostymer gir ungdomane nok av utfordringar
og litt av kvart å henge
fingrane i.
TEKST/FOTO:
NORA R. HESSEBERG
[email protected]
Stor aktivitet i mange
rom
Eit tjukt manus med namnet
”Lukas” ligg lett henslengt
på ein pult. Inne i eitt av undervisningsromma instruerer
Eleanor Nedregaard korleis dei
rette dansetrinna skal utførast,
og i gymsalen får jentene opplæring i cheerleading.
Sprudlande musikal
Her øver heiagjeng-gruppa (cheerleading) på sine nummer. Draktene er kvite og raude og kjegler fylt med
raude og kvite strimler skal vere med og sette sitt preg på deira show.
– Her blir det masse glede, song
og dans. Heile musikalen er ein
gledesspreiar, seier Mathilde
Austnes. Ho har hovudrolla
som Gabrielle ilag med Emma
Kristine Hellevik. Båe gler seg
masse til neste veke då fire
framsyningar står klar for publikum:
– Dette er ein sprudlande
musikal. Det du blir glad av!
seier dei to.
Utvalt etter prøveframføring med song
Blir ein ikkje i godt humør av dette so blir ein aldri i godt humør. Her øver jenter og guter inn ulike
dansenummer. Pulter og stoler er rydda bort, og den mangeårige tradisjonen, sidan år 2000, blir halden i
hevd. Elevane får oppleve å ”bryte opp” litt før den alvorlege eksamenstida, samstundes som det svarer til
litt av målet i læreplanen.
Sying av kostymer er vel so viktig. Her kjem volangskjørt og baskettrøyer til verda med hjelp av lærarar,
assistent og elevar.; Randi Kleivan (lærer); Chatrin Valderhaug (lærer); Nelly Skjong Nordstrand (assistent);
Kristina Emilie Paulsen Hildre, Lone Irene Valderhaug, Lene Kristine Nordstrand, Malin Wahl, Mumul-kher
Tayeb Maalim.
12
Lukas Sy versen og Samuel
Skjong deler på hovudrolla
som Troy. Dei er med i musikal
for fyrste gang, og er skiftande
skeptiske og undrande på sine
nye roller.
– Alle hovudrolleinnehavarane har blitt valt ut etter
prøvesynging, og gjer ein god
innsats, seier Arild Nedregotten, som er sjefslærer for musikalen.
Mathilde og Emma seier
vidare:
– Dette er ei fin historie, om
kjærleik, med mange fine låter.
Aller mest handler det om at du
kan vere deg sjølv.
Bestemte seg tidleg
Allereie i niande klasse bestemte ungdomane seg for
ak kurat denne musikalen.
Cirka femten av dei deltek med
ulike rolleframsyningar, og nærare tretti er med i skodespelet.
High School Musikal består av
tre ulike deler, frå ulike årstal.
Ungdomane har helt valt del 1,
innspelt i 2007.
Eit stort løft
– Det er eit stort løft, seier Nedregotten:
– Det ser kaotisk ut undervegs, men eg trur det blir
minst like bra resultat, som
alltid, med nitti siders manus.
Det blir mykje pugging, men
elevane er villige til å prøve.
Dette er modige og positive
ungdomar som er villige til
å by på seg sjølv. I desember
hadde dei ein minioppsetnad
på Putti Putti Plott, både for
ungdoms- og barneskulen, og
var ein vellykka generalprøve
for noverande tiandeklassingar og den store, spennande
framføringa av High School
Musical.
– Hadde ikkje turt å
hoppe over musikalen
Onsdag og torsdag i veke 7
kan folk gle seg. Oppsetnad
på skulen for elevane går på
dagtid, og for familie onsdag
kveld. Torsdag blir det open
framsyning for alle som har
lyst til å komme og vere med
på filmsuksessen som i si tid
selde 1,2 millionar eksemplar
på dei seks fyrste dagane den
var tilgjengeleg.
– Eg hadde ikkje turt å hoppe
over musikalen, for dette er
noko av den naturlege forventninga til elevane, difor køyrer
vi no intenst over tre veker,
seier Nedregotten før han må
haste vidare til andre oppgåver.
High School Musikal kjem
under kategorien romantisk
komedie-drama.
Jentene i midten er Emma Kristine Hellevik og Mathilde Austnes,
som deler på hovudrolla til Gabrielle. Flankert av dei to mannlege
hovudrolleinnehavarane Samuel Skjong (v) og Lukas Syversen (h), med
rolla som Troy. Sjefslærar Arild Nedregotten bak.
Torsdag 11. februar 2016
Anne Lovise Ytterland lokkar med rimelege prisar når
svømmebassenget på Vigra skule no opnar dørene for alle som
har lyst på ein dukkert. Her har FAU-leiaren med seg sønene
Edvin (4) og førsteklassingen John (6). Foto: Kristoffer Oftedal
Opnar symjebassenget for alle
Symjebassenget på
Vigra har fått vatn igjen
for sesongen, og denne
gongen kjem det heile
kommunen til gode.
Måndag blei dørene
opna for offentleg bading: to familieøkter og
ei for ungdom/vaksne,
kvar måndag mellom
klokka 17 og 20.
KRISTOFFER OFTEDAL
[email protected]
Initiativet til det heile kjem frå
Foreldrerådet (FAU) ved Vigra
skule, i samarbeid med frivillige foreldre. FAU-leiar Anne
Lovise Ytterland reklamerer
med ”heilt andre prisar enn
på Moa” når bassenget no blir
ope for alle.
Måndagssymjing
– Det kostar 100 kroner for
ein familie, 30 for barn og 50
for vaksne. Det er eit tilbod
som gjer det mogleg å ta med
familien hit ganske ofte, meiner ho.
Ein måndag i veka kan
høyrest lite ut, men tilbodet
utgjer sjølvsagt eit hav av
forskjell frå ingenting. Det er
kapasitetsårsaker som gjer at
det førebels berre er snakk om
ein dag i veka fram til midten
av april:
– Det er jo ikkje heilt enkelt
å få foreldre til å stille frivillig,
men no skal bassenget ifølgje
rektor vere ope fram til sommaren. Når det nærmar seg
vår og lyset kjem, dabbar det
jo gjerne av.
Frivillig innsats
og kurs for badevakter
Utan vatn i bassenga på Giske
og Godøya er det truleg også
eit kjærkoment lokalt tilbod
medan ein ventar på svømmehall på Valderøya ein gong
i framtida.
Ei av årsakene til at Vigra
framleis har eit basseng i drift
er den innsatsen som vaktmeisteren på Vigra skule har
lagt ned i drift og vedlikehald
dei siste åra, fortel Ytterland.
– Nils Ødegård gjekk av
med pensjon i fjor, men han
er så grei at han stiller gratis
som frivillig vaktmeister på
offentleg bading.
Kursing av badevakter
Badevaktene er det Foreldrerådet (FAU) som fi nn, og
dekker livreddingskurs for
dei slik at desse kan rullere i
badevaktrolla, held Ytterland
fram.
– Vi har fem fantastiske,
frivillige foreldre og tre ambulansesjåførar som også kan
fungere som badevakter.
FAU håpar på godt oppmøte framover når folk er
gjort kjent med tilbodet. Inntektene går tilbake til FAU for
å dekke inn kurskostnader og
eventuelle andre prosjekt i
rådet sin regi.
– Vi må nok opp i eit minimum for å gå i pluss, avsluttar
Anne Lovise Ytterland. Så får
tida vise om badelystne øyfolk
kjenner besøkstida si og tilbodet blir så populært at ein kan
oppretthalde det utover dei
komande mandagane.
Valderøya
Skaret 7
/edesigninterior
Tlf. 70183586
Gåvene til morsdag
og Valentine’s Day
FAKTA:
• Den offentlege badinga er eit samarbeid
mellom Giske kommune, som eigar av
bygget/bassenget, og FAU ved Vigra skule.
Kommunen har investert i nytt renseanlegg, så
vasskvaliteten er god.
• Bassenget er i år (2016) ope fram til juni.
3. og 5. trinn på alle barneskulane i kommunen
Torsdag 11. februar 2016
får symjeopplæring. Også elevar i 6. og 7.
trinn, samt elevar på ungdomsskulen, som
ikkje har nådd kompetansemåla får tilbod om
symjeopplæring.
• Bassenget er ope kvar mandag t.o.m 11. april
(stengt i vinterferien og påskeferien).
Mykje nytt i butikken!
TIPS OSS på telefon 70 18 63 80
13
Får fleire strengar å spele på
Med ukulele og
undervisningsopplegg
inspirert av dataspel lærer dei
små elevane av dei større ved
Valderøy barneskule.
KRISTOFFER OFTEDAL
[email protected]
– Kjempebra! No synest eg vi skal klappe
for oss sjølv!
Runa Godø Sæther er musikklærar
ved Valderøy barneskule og har innført
ukulele-speling på 5. og 6. trinnet. Når
elevane no applauderer seg sjølve, har
dei akkurat fått øvd både lese- og engelsk-kunnskapar, songferdigheiter og
auge-hand-koordinasjon på ein gong.
Elevstyrt speleundervisning
Elevane deltek i eit opplegg som har
fått namnet FUN Music og er utvikla
av den kanadiske musikklæraren Denise
Blaney. Eitt av elementa er at såkalla
elevstyrt speleundervisning. Då ØyBlikk var innom musikkundervisninga
førre fredag hadde sjetteklassingane fått
selskap av andreklassingane. Sistnemnde var for høvet utkledd for karneval, så
det var ei fargerik forsamling som gjorde
sitt beste for å hengje med på notane.
– Vi skal lære andreklassingane korleis dei spelar ukulele sånn at dei kan
lære dei neste, forklarer Marius Jacobsen
Synnes (11).
Læraren utdjupar:
– Dei skal lære vidare eit grep på
ukulelen, slik at dei yngste greier å spele til ein av songane dei har øvd inn i
engelsktimane. Elevane på 2. og 3. trinn
EIN GONG TIL FRÅ TOPPEN:
– Vi syng alt i C. Viss nokon treng å synge
litt lysare er det heilt greitt!
Musikklærar Runa Godø Sæther styrer
undervisninga med eit “Singstar”-liknande
program på storskjerm.
Foto: Kristoffer Oftedal
har øvd inn sju tradisjonelle engelske
barnesongar, medan elevane på 5. og 6
.trinn har øvd inn dei same songane på
ukulele i musikktimane sine.
Også ”The LAVA song” frå fi lmen
”Innsiden ut” står på repertoaret når i
alt 11 klasser møtest til songtreff denne
veka.
Inspirert av dataspel
– Ulike typar åtferdsproblematikk i skulen blir stadig meir vanlig. Mange stader
er musikk derfor eit svært krevjande fag,
seier Runa Godø Sæther.
– Eg måtte leite lenge før eg greidde
å finne eit undervisningsopplegg som
kunne fenge både dei faglig sterke og
svake elevane. Løysinga vart dette
videobaserte undervisningsopplegget
som gir assosiasjonar til dataspel som
Singstar og andre sing along-spel.
Ein ”ball” sprett over orda på storskjermen, medan instrumenta på si side
er utstyrt med farga klistremerke for
dei ulike akkordane. Desse fargekodane
følgjer elevane i lag med tekst og illustrasjonar på skjermen. Musikklæraren
har stor tru på opplegget:
– Ved å unngå den tradisjonelle måten å undervise i musikk på, med eit
stykke papir med besifring og tekst på,
har vi greidd å få elevane til å henge
med i musikkfaget. No kan så å seie
alle elevane på 5. og 6. trinnet, i alt 119
elevar, spele tre akkordar på ukulele og
opplever musikkglede og meistring ved
å greie å spele og synge enkle songar
saman med andre, seier ho entusiastisk.
Ukulele som springbrett
FAU ved skulen vedtok sist veke å kjøpe
inn 50 nye ukulelar til skulen, slik at
elevane kan låne med seg instrument
til heime-øving.
– FAU si satsing på musikkfaget gjer
at vi kan gje dei eldste elevane heimelekser i musikk, noko som vil gjere innlæringsprosessen mykje lettare, meiner
Runa Godø Sæther.
Med eit så stort arsenal av ukulelar
blir det også lettare å samle store grupper til slike treff. Men kvifor akkurat
ukulele, denne ”minigitaren” med fire
strengar?
– Ukulele er eit lettspelt instrument,
som kan brukast både melodisk og som
akkompagnementsinstrument, forklarar Runa Godø Sæther, som vil bruke
ukulelen som verktøy til å lære elevane
å lese notar, skrive eigne songar og som
ein introduksjon til bandinstrument
som bass og gitar.
Grunnlaget for framtidige prestasjonar i UKM og nye popstjerner frå
Giske kan med andre ord bli lagt på ein
ukulele nær deg.
Andreas Tomren Strandman har fått sving på fingrane og underheld medelevane med
ein melodi frå filmen “Star Wars”. Foto: Kristoffer Oftedal
Andreas Berget-Fauske (11) Amanda Blindheimsvik Nilsen (11) og Marius Jacobsen Synnes
førebur seg på storkonsert i lag med sjette- og andretrinnet. Dei to gutane har allereie
erfaring med høvesvis gitar/bass og trommer, medan Amanda har lyst til å spele piano
etter kvart. Andreas har fått oppdraget med å feste den komande songtreffet på film.
Foto: Kristoffer Oftedal
Sjette- og andreklassingar (for høvet i karnevalskostyme) øver inn akkordar og song i lag. Foto: Kristoffer Oftedal
14
Torsdag 11. februar 2016
Fleire voksne kledde seg ut: Nate Bremer i badedrakt, Elena R. Sæther, Ester Stokke, Moses
Bremer og Gunnhild Bremer.
Tuva Nikoline R. Sæter, Martine G. Valderhaug og Elena R. Sæter.
Utkledd i kyrkja
Søndag var det
karnevalsgudsteneste
for tredje gang i
Valderøy kyrkje.
INNSENDT
Litt rart, synest du kanskje,
men karneval er ein del av
barnekulturen i Noreg og det
passer godt med fest, glede
og godter i før den kr ist ne
fastetida startar askeonsdag.
I gudstenesta var det utdeling
av biblar til 5. klassingane på
Valderøya. Familiekoret og Kor-
Tøft deltok med song og det var
det fokus på Kirkens nødhjelp
sin fasteaksjon « I kriser er vatn
kritisk». Fastetida gir oss høve
til å skifte fokus vekk frå oss
sjølv og ut mot andre medmenneske. Vi kan få augene opp for
kva som er viktig i livet. Og om
du ser barn som panter flasker
og putter pengane i ei lilla fastebøsse så ser du ein superhelt.
Ein som er på oppdrag for å
gjere noko godt for andre.
Anne-Helen Roaldsnes
kyrkjelydspedagog
Fride R. Sæther og Vilde Roaldsnes.
Teodor og Leonhard Godø Sæther Dyb.
BRUK VÅRT LOKALE NÆRINGSLIV
HELSE | TRIM | KROPP | VELVÆRE
Timebestilling: 70 18 54 50
Man,ons,fre: 10-17
Tir,tor:10-19 Lør:10-15
BLI 299
MEDLEM
ÅPENT
05:00 - 23:00
FAST
LAVPRIS
/mnd med binding
BREDT
TRENINGSTILBUD
PERSONLIG
NØKKELKORT
,-
[email protected]
Giskesenteret,
6040 Vigra
SPREK365.NO
tlf. 97 96 37 89
365 DAGER
I ÅRET
GRATIS
PARKERING
Foto: Lise Istad Slotsvik
Torsdag 11. februar 2016
KNUT J. SKJONG –
VALDERØYAS SISTE KRIGSHELT
Søndag 31. januar sovna
Knut J. Skjong stille inn
på Giske omsorgssenter
med si næraste familie
rundt seg. Han vart vel
96 år gamal. Med Knut
sin bortgang er alle frå
Valderøya som deltok
aktivt i den andre
verdskrigen borte.
ODD EGIL VALDERHAUG
Etter okkupasjon av Norge 9.
april var det vanskelegast for
dei som ikkje hadde tent verneplikta si å gjere noko aktiv
innsats for å verje landet. Det
var derfor mange diskusjonar
nettopp mellom dei y ngre
årsklassene, om kva måte ein
kunne hjelpe til så Norge kunne verte fritt og sjølvstyrt igjen.
– Beste venen min og eg vart einige om at England var senteret
for dei som var i trening og for
å driva tyskarane ut av landet
vårt. I oktober 1940 vart vi
samde om å reise over så snart
vi kunne kome i samband med
andre av same meining, fortalde Knut J. Skjong til Edvard
Andestad etter krigen, og han
held fram:
– Kjell Valderhaug frå Ålesund
bad oss om å kome til byen
8. oktober 1940 for å fylgje
ein fiskebåt over til Shetland.
Tidleg på ettermiddagen same
dag kunne han fortelje at ein
del av motoren var fjerna og
av den grunn måtte båten bli
liggande og reisa vart stoppa.
Men Valderhaug bad meg ta
kontakt med Karsten Devold
og Rolf Eriksen i Ålesund. Det
gjorde eg same dagen. Vi var
då fire som skulle til England
snarast mogeleg, men vi stod
der utan båt. Vi reiste då tilbake
til Valderøya og snakka med
fleire pålitelege fiskarar om dei
hadde interesse av å reise til
Shetland, men det kom ikkje
noko ut av det. Vi hadde då gått
så langt med saka, og hadde
snakka med så mange at noko
måtte gjerast snart. Far hadde
ein 31 fot open båt med ein
16 hestekrefters motor, og den
vart vi einige om å ta. Vi fylte
olje og gjorde klar 15. oktober
1940, fortalde Knut J. Skjong.
Venen svikta i siste liten
Med eit kompass og mat i ryggsekken møtte han venen sin
nede ved sjøen der båten låg.
Men uventa ting hadde kome
i vegen for han, og han måtte
med sorg fortelje at han ikkje
kunne bli med.
– Dagen før hadde vi blitt einige om å forlate Norge utan
å seie noko til foreldra våre.
Eg skreiv brev til far som han
skulle få dagen etter av vi var
reist. Venen min var den mest
16
sjøvande av oss. Men no vart
eg aleine, saman med dei to
gutane frå Ålesund som sat om
bord i ”Fri” og venta. Men reisa
kunne ikkje utsettast slik stoda
var. Eg tok då kontakt med ein
kjend fiskar på øya for å få nøyaktig kurs for Shetland og han
gav meg gode råd om bruk av
kompasset som eg hadde i ryggsekken. Rett kurs fekk eg, men
eg måtte til Ålesund for å skaffe
meg eit nytt kompass før eg
reiste. Dei to ålesundarane sov
i ei sjøbud natta før vi reiste.
Knut J Skjong i sine unge dagar.
– Avtalen var at vi skulle starte
kl 07.00 neste morgon. Eg sov
heime, og utpå morgonkvisten
lista eg meg ut utan sko på
føtene. Foreldra mine måtte
ikkje høyre meg gå, i tilfelle dei
hadde mistanke om reisa. Det
var 16. oktober 1940. Eg kom
med nytt kompass, innpakka
i ei avis, saman med han som
skulle korrigere kompasset. Då
møtte eg Kåre Grøntvedt, som
også var interessert i å reise.
Han stod i arbeidsklede. Han
hadde eige radioverkstad. Men
etter å ha tenkt seg om nokre
minutt, så gjekk han tilbake til
verkstaden med lyklane sine
og steig ombord i båten til oss.
Tyskarane hadde på den tida
okkupert Ålesund, men eg
hadde løyve til å gå utfor kysten for å fiske. Klokka 11.00 på
føremiddagen var kompasset
korrigert og han som hadde
gjort det gjekk i land. Han forsikra at kompasset var rett og
ønske oss lukke til på turen. Og
sjølv om vi ikkje hadde fortalt
kvar vi skulle, så hadde han
noe in mistanke, og med eit
smil ønska han oss på nytt til
lukke. Då vi forlet Ålesund var
vi fire mann om bord, Karsten
Devold, Rolf Eriksen og Kåre
Grøntvedt frå Ålesund og eg
frå Valderøya. På vegen utover
gjekk vi innom Valderøya og
forsynte oss med nokre fiskeflakar frå ein føringsbåt. Desse
skulle vi bruke til å dekke over
den opne båten i tilfelle vi fekk
dårleg ver under overfata til
Shetland.
– Då norskekysten var ute
av syne vart det lagt ned eit
provisorisk dekk i båten. Vi
rekna då med at den 31 fot
lange ”Fri” skulle kunne tole
ein sørvestkuling. Det var fint
ver dei to første døgna, og vi
såg verken tyske vaktbåtar eller fly, men der var drivande
miner i Nordsjøen, og vi held
utkikk etter dei. Og andre natta
passerte ei hornmine-båt, to
famnar frå oss. Etter 48 timar
fekk vi ein sørvestkuling, og
først no vart vi einige om at
”Fri” kanskje var litt for liten
til å reise over Nordsjøen med
i oktober månad.
– Ingen av oss om bord var
sjøfolk og sjøsjuka plaga oss
hardt, og det einaste brødet
som var igjen om bord, vart
ikkje ete av oss. Vi hadde kurs
for Shetland, men i storm og
kraftige regnbyger kunne vi
ikkje sjå så langt framfor båten. Dette førte til at stormen
førte oss ut i Atlanteren etter tre
døgn med hauststormar. Dei
siste 48 timane hadde eg ikkje
sove, men sidan eg var den
einaste som kjende båten og
motoren måtte eg stå ved roret
og manøvrere oss fram i uveret.
Fjerde natta kunne eg av og til
skimte eit grønt lys i mørknet,
og eg meinte det ikkje var så
langt borte. Eg bløyta då ei fille
med olje og surra den må ei
jernstong før eg sette fyr på den
og brukte den som naudbluss.
Det var ein trålar som gjekk
framfor oss, og etter kvart så
oppdaga han naudblusset vårt
og kom oss til hjelp.
– Vi arbeidde ein time før vi
kom oss om bord i trålaren. Det
vart sett slepar på ”Fri” og både
vi og båten kom oss velberga
til Færøyane. Konsulen på
Færøyane tok oss i eit grundig
forhøyre før vi fekk dra vidare
til London for å gjere teneste i
dei allierte styrkane.
– Den 29. oktober 1940 var vi
alle fire på veg til Litle Norway
i Canada. Der skulle vi få den
nødvendig opplæringa og treninga i flyvåpenet før vi kunne
settast inn i aktiv teneste.
Knut Skjong utdanna seg til elektrikar og kom inn i flyvåpenet.
Seinare utdanna han seg vidare
til flyelektrikar i Toronto. Han
gjorde teneste i marinens flyvåpen
i Akureyri på Island frå våren
1941 og kom seinare til Solum Vou
på Shetland og var der til freden
kom. Kjelde for denne artikkelen
er Knut J. Skjong si forteljing til
lærar Edvard etter krigen.
Slik såg "Fri" ut då Knut J. Skjong og tre andre reiste over Nordsjøen med den i oktober 1940.
I dag er båten i Valderøy Kystlag sitt eige.Foto: frå Valderøy Kystlag sitt arkiv
Torsdag 11. februar 2016
Månadens foto frå Giske Fotoklubb: Januar
Fritt tema
Sjursen blei ’årets fotograf’ igjen
1. plass (øvst):
‘Tree’.
Foto: Torgeir Sjursen
Nok ein gong blei Torgeir Sjursen stemt fram
som årets fotograf på
Giske Fotoklubb sitt
årsmøte.
2. plass (til venstre):
‘Bølgen’.
Foto: Terje Molnes
KRISTOFFER OFTEDAL
[email protected]
3. plass (til høgre):
‘Osram’.
Foto: Asbjørn Røsås
Tema neste månad: ‘Is’
GJENGANGAR: Torgeir Sjursen (t.v.) tok heim pokalen igjen. Her med
leiar Odd Helge Rabbevåg i Giske Fotoklubb. Foto: Privat
Giske Fotoklubb avheldt kombinert årsmøte og medlemsmøte
på Frivilligsentralen 2. februar.
Der blei det klart, slik dei som
har følgd med på ’Månadens
foto’ det siste året kunne tenke
seg, at Torgeir Sjursen var den
som hadde plukka flest poeng
i 2015. Rett nok knepent foran
Per Oddvin Stornes på andreplass. Tredjeplassen gjekk til
Terje Molnes.
Nytt styre
På fotoklubben sitt årsmøte
blei også nytt styre vald. Leiar
Odd Helge Rabbevåg held fram
som før, og får med seg Torgeir
Sjursen og Johnny Blindheim
vidare. Nye i styret er Torgeir
Molnes og Ronald Giskegjerde,
som avløyser Morten Kristiansen og Per Oddvin Stornes.
OBS! FULL DISTRIBUSJON!
25. februar går Øy-Blikk ut til
alle husstandar i Giske kommune
Ønsker ditt firma annonser i denne utgåva
så ta kontakt med Stina i annonseavdelinga:
telefon: 70 18 63 80 | e-post: [email protected]
Torsdag 11. februar 2016
17
              
DATO
11-13.2
12.2
13.2
18.2
18.-27.2
18.2
20.2
24.2
25.2
4.3
4.3
4.3
5.3
7.3
11.3
13.3
31.3
8.4
21.5
26.5
10.6
30.6
2.7
21.8
STAD
Parken Kulturhus
Valderøy Kyrkja
Terminalen/Byscena
Terminalen/Byscena
Arbeideren Kulturhus
Parken Kulturhus
Terminalen/Byscena
Parken Kulturhus
Parken Kulturhus
Terminalen/Byscena
Parken Kulturhus
Scandic Ålesund
Terminalen/Byscena
Parken Kulturhus
Terminalen/Byscena
Giske komm. Idrettshall
Terminalen/Byscene
Terminalen/Byscena
Terminalen/Byscena
Terminalen/Byscena
St. Olavs Plass, Ålesund
Color Line Stadion
Øygardshamna, Giske
Color Line Stadium
ARRANGEMENT
Spring Awakening med Musikk, Dans, Drama
SKRUK a cappella
Marte Eberson
Staffenfestival
Othello
Heine Totland´s Sensational Rock and Roll Circus
Karpe Diem
Sunde og Bjørnov
Riksteatret: Bukkene Bruse på Badeland
Hellbillies
Det ble en GUT
Faulty Towers: The Dining Experience
Susanne Sundfør
Riksteatret: En midtsommernatts drøm
Minor Majority
Kulturlivets Dag i Giske
Violet Road
OSLO ESS
Dag Sørås – Ekkokammer
Ole Paus
Ålesund Live
ELTON JOHN @ Color Line Stadion
Sommerfest
Jugendfest
ARRANGØR
Fagerlia vgs
SKRUK
Momentium
Stafsethneset skole
Teatret Vårt Ung
Momentium
Backstage AS
Momentium
Herreteateret
Momentium
Fjerdeklasses produksjoner
Momentium
Giske kommune/Kulturlivet
Momentium
Momentium
Momentium
Momentium
Momentium
Momentium
Momentium
Momentium
Oppføring i Kulturkalenderen er gratis for kulturlivet. Send di oppføring til: [email protected]
Kulturkalenderen viser kulturarrangement inntil 6 månader fram i tid. | Kalenderen skal fortelje kort om arrangementet og skal vise tid og stad, men ikkje klokkeslett.
GISKE KOMMUNE
HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA
70 18 63 80 – TIPS OSS
LYD OG LYS PARTNER
ANNONSERE – 70 18 63 80
Karneval i Daggry barnehage 4. februar.
Foto: Marcus Murphy
18
Torsdag 11. februar 2016
ALFA
BEGRAVELSESBYRÅ AS
Årsmøte
i Godøy IL
Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå
AS
Tidlegare
SISenteret
begravelsesbyrå
Tidlegare SISenteret
AS
begravelsesbyrå AS
Døgnvakt: 70 17 86 60
Døgnvakt:
70 17 86 60Døgnvakt: 70 17 86 60
Vi står alltid til tjeneste
ved dødsfall og begravelse.
VI ER DER
NÅR
DU TRENGNÅR
OSS
VI
ER
DER
DU TRENG
VI ER OSS
DER NÅR DU TRENG OSS
Vi kankan
avtale møte
i heimen, avdeling
Øysenteret
eller
Vi
avtale
møte
i heimen,
Vi kan
avdeling
avtale
Øysenteret
møte i heimen,
eller
avdeling Øysenteret eller
kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik
kontoret
kontoret i Spjelkavik
E-post:
[email protected]
E-post: [email protected]
E-post:
[email protected]
www.bbsunnmore.no
www.sisenteret.no
www
.sisenteret.no
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Lokal kunnskap, med
landsdekkende erfaring.
Lokal kunnskap, med
landsdekkende
erfaring.
Lokal kunnskap,
med
landsdekkende erfaring.
Vi utfører alle elektro oppdrag for bolig og næring.
Vi utfører alle elektro oppfor bolig
og næring.
Vi utfører drag
elektro
opp•alleSkift
til LED:
spar penger
drag for bolig
og
næring.
• Styr varmen: spar strøm
• Skift til LED: spar penger
• El. kontroll: lavere forStyr
varmen:
spar strøm
• Skift til•LED:
spar
penger
sikring
• El. kontroll:
lavere for• Styr varmen:
spar strøm
sikring
• El. kontroll:
lavere
forKjetil
Løvold
sikring
Ring
7095
11 67
14 05
Mob 46
99
eller 70 11 14 05
Ring
Ring 70 11 14 05
sykkylvsbladet-høy.indd 1
5/13/2014 9:24:52 AM
sykkylvsbladet-høy.indd 1
5/13/2014 9:24:52 AM
et-høy.indd 1
5/13/2014 9:24:52 AM
FURENE, 6100 VOLDA
Tips
Øy-Blikk
på
Har du tips
til oss?
Send oss gjerne
ei melding i
innboksen på
Facebook-sida vår!
NB!:
Køyrerute kvar
onsdag til Ålesund, Sula,
Giske, Skodje, Haram,
Ørskog. Sykkylven (tirsdag)
og Hareid (torsdag)
FRAKTFRITT
LAVPRIS-MATERIAL
- PRISAR INKL. MVA
Tirsdag 17.02.2016
kl. 19.00 på Myrtun
E-post: [email protected]
www.sisenteret.no
Personlig oppfølging fra
våre konsulenter.
DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20
(Avd. Ytterland og Gåseid)
Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no
Vanlige årsmøtesaker
Saker til behandling av årsmøtet bes
komme hovedstyret i hende innen
10. februar.
kontakt Leder Jan Ove Skodje: 90138435
10. trinnet på Valderøya Ungdomsskole inviterer til
GISKE KOMMUNE
GISKE – NY KOMMUNE ETTER 2020?
Vi inviterar til ope folkemøte om ny kommune: Skal vi bli
del av ei ny storkommune, eller halde fram på eiga hand?
TYSDAG 16. FEBRUAR KL. 18.00 - 20.30,
VALDERØY BARNESKULE
Vi vil nytte tida til å drøfte dei tema og problemstillingane
som deltakarane på møtet kjem med.
Med samtalar i mindre grupper håper vi at alle får
betre innsikt i kva folk er opptatt av, og at innbyggjarane
får drøfta tankar og synspunkt om idear og innhald i
endringsprosessen.
Vi vil også ta med oss dei innspela som kjem, i dei vidare
forhandlingane om ny kommunestruktur.
Møteleiar: Hege Steinsland
Rådmannen
Onsdag 17. feb, kl 18.00
Torsdag 18. feb, kl 18.00
Barn kr 30,- | Voksne kr 50,- | Familie kr 100,-
NB! Alle bestillingar for KØYRERUTA må vere innkomne innan onsdag
36x68 just . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 12,50
48x98 just . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 20,45
19x148 dobbelfals, 1. sort gr. kvit . . . . . pr m 2 kr 146,70
15x70 prof. golv/dør kvit . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 35,60
21x70 prof. tak kvit . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 42,50
12 mm std. spon 122x2390 . . . . . . . . . . . . . . . . pr pl kr 162,Bever tak skygge MDF 11x128x2390 eggk. pr m2 kr 172,Bygg1 Kari dør 70-100-200-210 kvit karm. pr stk kr 1200,70 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . . .pr m 2 kr 34,95
100 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 47,90
150 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 70,10
200 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 93,35
MDF perle, skygge, fas
11 x 620 x 2390 mm
Eggkvit, Cafelatte, Lys Toscana, Skagen
Kostmalt kr
134,- pr plate. Fritt levert
Vi har Glava, Decra, ståltak, takstein, H-vindu, dører
Be oss om tilbod! Telefon 70 04 59 90 Fax 70 06 87 70.
@oyblikk #øyblikk
KENYA
KVELD
VALDERØY BEDEHUS
SØNDAG DEN 14.2, KL.19
Masse flotte bilder
fra Kenya
Gunnar Hamnøy deltar
med andakt og ferske
glimt fra arbeidet
mellom barn og unge i
Kenya
Presentasjon av
adopsjonsprogrammet
til NSP Aid.
Gave til barna i slummen:
Konto 1503 25 02366
Velkommen til
en spesiell kveld.
a cappella
#øyblikk
Finn oss på
1770+
Likes!
Takk!
VALDERØY
KYRKJE
fredag 12/2 kl 20.00
VOLDA
KYRKJE
søndag 14/2 kl 16.00
Billettsal ved inngangen
kr 300 (v.) 100 (stud.) 700 (fam.)
Born under 12 år gratis.
Mer info
www.nsp-aid.com
Arr. Nsp aid
OPE MANDAG – FREDAG 8 – 17. LAURDAG 9 – 14
HYTTER – SJØLVBYGGARGARASJER – ALT I TRELAST
www.koppenind.no – [email protected]
LEILIGHET TIL
LEIE NAUST
PÅ SKJONG
TIL
1 Soverom,
SALS egen2
inngang ca. 45 m
Delvis møblert,
Naust
til sals på
fi
ber, kjøleskap
ogGodøya
komfyr.
Ledig
905 40etter
865
nærmere avtale
eller
Mob.:
977 10 240
924 22 265
Torsdag 11. februar 2016
Herlege Sheltievalpar
tilLEILIGHET
sals. LeveringsTIL
klare
januar.
LEIEtidleg
PÅ ROALD,
Tlf. 922VIGRA
63 557
3 soverom,
nær butikk.
Ledig fra 1. april.
Pris etter
nærmere avtale.
nils@efish.no
Mob.: 924 80 702
Klar for et spennende år på folkehøgskole i Oslo?
Velkommen til Rønningen folkehøgskole.
ANONSERE HER
GRATIS FOR
PRIVAT
Våre linjer:
Band/studio/scene
Dans
FotoVideo
Kunst og arkitektur
Norwegian
Tur–retur verden
Vokal
SE:OSLO
Idrett/ball
Elite-/toppidrett
Toppfotball
Et år med faglig utvikling og opplevelser for livet
www.ronningen.fhs.no
Ten Sing Norway
Illustrasjon og design
Digital design
Lys/lyd/scene
RØNNINGEN
Folkehøgskole
FOR
NÆRINGSLIVET
KUN 195,2 INNRYKK
19
Siste sida
       
Moro i vinterferien
Uansett korleis veret blir
er det ingen grunn til å
sitte inne i vinterferien.
Friluftsrådet inviterer
både barn og ungdom
til aktiv moro utandørs
på Overøye i Stordal.
FRILUFTSRÅDET FOR ÅLESUND
OG OMEGN
Ungdommane får lære korleis
dei kan boltre seg trygt utanfor
oppkøyrte løyper, barna får
prøve både isfiske, truger, skileik og mykje anna vintermoro.
Tilbodet til ungdom i alderen 16 til 18 år går over to
dagar, måndag og tysdag i
vinterferieveka, og er gratis
for deltakarane takka vere det
gode samarbeidet friluftsrådet
har med Arena Overøye Stordal alpinsenter. Det blir to aktive dagar utanfor preparerte
løyper med fokus på skikompismønsteret: Korleis ferdast
trygt og ta vare på kvarandre
i bratte frikøyringsområde.
Topp ekspertise
Instruktørane er mellom dei
fremste ekspertane i landet
på skred og trygg ferdsel i vinterfjellet. Både aktivitetsleiar
Christer Lundberg Nes i friluftsrådet og Sverre Hjelmeland
er godkjente tindevegleiarar
( IF MG A mountain guide).
Lundberg Nes er også forfattaren av boka Skikompis, som
kurset bygger på.
Arena Overøye Stordal alpinsenter stiller med varmestove til kursstart og gratis
heiskort til dei som treng det.
Dette skisenteret har eit av dei
beste snø- og frikøyringsområda her i landet. Talet på deltakarar blir avgrensa til 8-12
personar for at alle skal få god
rettleiing. Dei blir delt inn i to
grupper med 4-6 personar pr.
instruktør. Her gjeld det å vere
rask å melde seg på!
Nytt tilbod
For første gong i år inviterer
Lesetips til helga
”Villheks”-serien
av Lene Kaaberbøl
Samlaget 2013-2015
TRINE NAADLAND, GISKE FOLKEBIBLIOTEK
Clara Ask veit ikkje at ho er ei
villheks før ho er 12 1/2 år og blir
overfallen av ein diger svart katt
som klorar henne i andletet, slikkar
blodet hennar, og gjev henne ein
skikkeleg febersjukdom. Slik startar
fyrste bandet i serien om Clara og
hennar utvikling frå å vere ei alminneleg jente som er glad i dyr og
natur, til å bli ei skikkeleg villheks
av det GODE slaget.
Hjå tante Isa, som lever i pakt
med naturen langt ute i villmarka,
lærer ho litt om å gjere gode heksekunster saman med tante Isa sin
lærling Kahla. Ho blir ikkje veldig
fl ink, einaste hekseordet: Forsvinn
når ho vil mane vekk vonde krefter
fungerer for Clara. Alle ”villhekser”
har ein villven, eit dyr som forsvarer sin menneskeven, og den store
svarte katten blir Claras villven.
Som i all fantasy, er dette kampen mellom dei gode og dei vonde
kreftene. Me fylgjer Clara gjennom
6 bøker, der ho blir sett på mange
prøver og lærer noko om kor viktig
det er å vere ærleg mot dei ein skal
samarbeide med - og om kor motig
ho kan vere. Når det verkeleg røyner
på og ho må forsvare venene sine,
gløymer ho oftast si eiga redsle. Då
kan ho bli ein furie mot dei vonde
maktene som vil overta liva til både
hennar, familien hennar, og alle
dyra i skogen.
Serien har 6 bøker og startar med
Eldprøva der Clara blir ei villheks, og
endar i Atterkomaren der ho utkjempar sin største kamp mot sin vonde
rival. Nå kan me tru at ho og familien
og dyra går mot ei fredelegare tid.
Bøkene er spennande og høver
godt for 10–13-åringar.
Kvar fjortande dag gir Giske folkebibliotek deg eit nytt lesetips til helga.
Håvard Bjørnelv og Trine Naadland, ved biblioteket, er det som gir deg tipsa.
Friluftsrådet for Ålesund og
omland til vinterfriluftsskule
med kjekke aktivitetar som
isfi ske, snøforming, trugetur,
spor og sporteikn, skitur og
mykje meir. Tilbodet er for barn
i alderen 11 til 13 år og vil gå
føre seg i området Øyna på
Langsætrane.
Friluftsskulen går over fem
dagar, og er eit samarbeid
med Øvre Stordal. Basen blir
ved gapahuken og bålplassen
på Øyna, med oppmøte første
dagen på parkeringsplassen til
Arena Overøye Stordal alpinsenter.
For alle
Både Skikompis- og skredkurset for ungdom og vinterfriluftsskulen for barn er ope for
deltakarar frå alle medlemskommunane til friluftsrådet.
Og det er lurt å ikkje vente med
påmelding til fristen går ut 15.
februar!
Sjå Friluftsrådet si heimeside for
meir info.