2016 HK-info korseminar 1-3.april

Comments

Transcription

2016 HK-info korseminar 1-3.april
1
Hardangerkorinfo 29/2-2016. HK samarbeider med Haugetun Folkehøgskule om kurset.
Hei til Hardangerkoret. Takk for sist korhelg.
Velkomne til korhelg og konserthelg 1.3.april i Norheimsund
Fredag
kl.17.45-20.45: Seminar. Seminarstaden for helga er i lobbyen på Norheimsund barneskule.
Laurdag kl.10.15-13.00 & kl.14-18.10: Seminar / kl.13.00: Varm lunsj på hotellet. / ca. kl.20.00: Middag på Sandven hotel
Søndag ca.kl.10.15-13.00 & kl.14.30-18.30: Seminar/ kl.19.00: Konsert i Norheimsund kyrkje// kl.13.00: Varm lunsj på hotellet.
NB!! Innan 15.mars melder alle frå pr. e-post til Anne Karin ([email protected])
og med kopi til Gunnar ([email protected] ) med følgjande tekst;
NAMN kjem/ kjem ikkje + Betaler kursavgift/ middag fredag 1 el. 2rettars/ lunsj laurdag/ middag
laurdag/ lunsj søndag/ overnatting enkeltrom/ overnatting dobbeltrom (deler rom m NAMN)
(NB! Stryk det som ikkje passar & NB! Takk for at de alle held meldefristen. Eg har ikkje tid til å
purre dykk, og treng å få kunne finne all info samla dagen etter fristen)
Gled dykk ☺ ! Denne helga er det konserthelg med Vocal Divas frå Cuba. Førebels
repertoarliste og passord til Dropbox finn de på ”For medlemmer”, under Notearkiv.
Notar og stemmefiler finn de på Dropbox. Linken til Dropbox vert lagt på medlemsida.
Takk til deg som vil bake skuffekake eller hjelpe til med kaffekoking og enkel
pauseservering. Flott om du melder frå til Andi Hydle på [email protected] eller på
SMS til 90994822, dersom du kan hjelpe til med baking eller servering. Hugs å merke
meldinga med namn☺
Til kurshelga: Ta gjerne med eigen kopp☺. Alle hjelper til med å rydde i fellesrom.
NB! Ta på svart konsertantrekk søndag, til konsert og eventuelt bilete.
Viss nokon enno ikkje har hatt prøvesong, minner de oss om dette, og så finn vi høve til det under samlinga.
Flott om du aktivt inviterer publikum til konsertane våre. 3.april vert det konsert i
Norheimsund kyrkje med Vocal Divas frå Cuba og Hardangerkoret. Plakaten vert lagt
facebook og på www.hardangerkoret.no når all info er klar. Takk for at de aktivt deler
slik info vidare.
For aprilhelga tilbyr vi overnatting på Sandven hotell. NB! Bestilling til Sandven
hotel skjer via oss. Dei som ønskjer anna overnatting, ordnar dette sjølve.
Vi tilbyr også fleire måltid på Sandven. Sjå prisar neste side.
Alle medlemmene betaler kr.200,- i kursavgift- for konsert, adm., kaker & kaffe m.m
Hugs å signere meldingar med namn.
Vedlagt på neste side finn de faktura. Takk for at de i tillegg til å sende skriftleg
melding (sjå ovanfor), også betaler vedlagte faktura innan 15.mars.
www.hardangerkoret.no
2
Hardangerkorinfo 29/2-2016. HK samarbeider med Haugetun Folkehøgskule om kurset.
Har du spørsmål? Skriv e-post til [email protected] Skriv namnet og
telefonnummeret ditt i emnefeltet.
Velkomne. Helsing styret, ved Anne Karin
SAMLEFAKTURA
Betalingsfrist: innan 15.03.2016,
NB! Merk betaling med Namn+ fakturanr.
Betalt av:
…………………………………………………………..
kr.200,- +
Kursavgift
Eventuelle måltid;
Middag fredagkveld
Lunsj laurdag
Middag laurdagskveld
Lunsj søndag
Betalt til:
HARDANGERKORET,
v/Gunnar Dalseth, 5628 Herand
kontonr: 3450.37.17354
kr 175,- (1rett) eller
kr.245,- (2 rettar)
kr.175,kr.245,- (2 rettar)
kr.175,-
(Full måltidspakke kjem på
kr.840,-)
Eventuell overnatting:
Enkeltrom kr. 1590,- eller dobbelrom
kr.995,-
+
www.hardangerkoret.no