møteboka.

Comments

Transcription

møteboka.
EID KOMMUNE
Teknisk-og samfunnsutval
HOVUDUTSKRIFT
Møtedato:
13.04.2016
Møtetid:
Kl. 10:00 – 12:20
Møtestad:
Hertugen, Operahuset
Saksnr.:
037/16 - 046/16
Forfall meldt frå følgjande medl.
Sigrunn Stokkenes
Grethe Dahl Sandven
Parti
Krf
V
Følgjande varamedl. møtte
Petter Bakke
Jon Martin Holmøy
Ugilde
Sak
Følgjande varamedl. møtte
Møteleiar:
Frå adm. møtte:
Utlevert i møtet:
Orientering:
Sp.mål/interpell.:
Synfaring:
Diverse:
Parti
Krf
V
Alf Reidar Myrstad
Kommunalsjef Elin Leikanger, plan- og utviklingssjef Kristine Dahl
Nikolai Åshamar var fråverande i sak 37 - 41.
Underskrifter:
Kirsti Orvik Olsen
Alf Reidar Myrstad
Torbjørn Leivdal
Sakliste
Sak nr.
Saktittel
037/16
Godkjenning av innkalling og saksliste
038/16
Godkjenning av møteprotokoll
039/16
Referatsaker
040/16
Orienteringssaker til teknisk- og samfunnsutvalet 2015-2019 13.04.2016
041/16
Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor Endring ved Nor bru - Vedtak
042/16
Endring - Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og næringsog miljøtiltak i skogbruket 2013-2016
043/16
Årsrapport 2015 Eid kommune
044/16
Namnsetjing på friluftsområde Nordøyrane
045/16
Finansiering kryss Fossevegen - Skulevegen
046/16
Endring i føresegner til reguleringsplan for Nordfjordeid sentrum Område F/K/B1
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
Saksnr
037/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Innkalling og sakliste 13.04.2016 vert godkjent.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-037/16 VEDTAK:
Som tilrådinga. Samrøystes.
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/843
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
Saksnr
038/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/844
GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Møteprotokollen frå møte 18.03.2016 vert godkjent.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-038/16 VEDTAK:
Møteprotokollen frå møte 18.03.2016 vert godkjent, med korrigering av møtestad til Valhall.
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
Saksnr
039/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/842
REFERATSAKER
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
Avsendar/Mottakar Tittel
1
16/3939
I
16.03.2016
Volda kommune
2
16/2860
U
02.03.2016
3
16/4289
I
31.03.2016
Sogn og Fjordane
Skogselskap
Stryn kommune
4
16/4723
U
11.04.2016
Teknisk- og
samfunnsutvalet
5
16/4354
U
08.04.2016
Direktoratet for
mineralforvaltning
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Volda - Samfunnsdelplan for
Offentleg ettersyn
Årsmelding for skogbruket i
Eid kommune 2015
Stryn kommune - Melding
om oppstart av kommunal
planstrategi 2016-2020
Oppfølging av vedtak i
teknisk- og samfunnsutvalet
2015-2019 - 13.04.2016
Uttale - Høyring av
søknadom driftskonsesjon Lund i Eid kommune
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-039/16 VEDTAK:
Som tilrådinga. Samrøystes.
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
Åslaug Krogsæter
Saksnr
040/16
Arkiv: 033
Objekt:
Saksansv.
ÅKR
Arkivsaknr
15/1867
Orienteringssaker til teknisk- og samfunnsutvalet 2015-2019 - 13.04.2016
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
…….
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
Det vart ikkje lagt fram orienteringssaker.
TSU-040/16 VEDTAK:
Det vart ikkje gjort vedtak i saka.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
28.04.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Asbjørn Tverberg
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
041/16
L12
Saksansv.
ATV
ATV
Arkivsaknr
14/1990
Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor Endring ved Nor bru - Vedtak
Prenta vedlegg:
1. Planomtale med føresegner
2. Plankart
3. Samandrag og vurdering/oppfølging av merknadar i planarbeidet
4. Uttaler til planforslaget:
a. NVE
b. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
c. Eid elveeigarlag
d. Grunneigarar og naboar
e. Statens vegvesen
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Plan- og bygningslova (pbl.)
Kva saka gjeld:
Vedtak av forslag til endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15
Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru.
Bakgrunn for saka:
Reguleringsplanen for gang- og sykkelveg langs rv15 Mogrenda – Nor skal sikre trygg ferdsel
for gåande og syklande i dette trafikkfarlege området. Gjennom vidare prosjektering etter at
reguleringsplanen var vedteken, synte det seg at fundamenteringsmåten som var føresett ville
vera usikker når det gjeld konstruksjonsstyrken, og det ville vera fare for at det gamle
brukaret måtte rivast for å kunne byggje gangbrua. Målet med endra trasé for gangbrua er
såleis å få ei sikrare fundamentering og å få betre avstand mellom ny gangbru og det gamle
verneverdige brukaret. Med bakgrunn i dette varsla Asplan Viak AS endring av
reguleringsplanen på vegne av Statens Vegvesen.
Planforslaget har vore ute til offentleg ettersyn i perioden 14. januar 2016 til 25. februar
2016, jf. teknisk- og samfunnsutvalet sitt vedtak i møtet 13. januar 2016, i TSU-sak 005/16.
Sjå samandrag av uttaler og vurdering av uttalene under saksutgreiinga.
Saksutgreiing:
Planområdet er utvida austover i høve til gjeldande plan. Dette for å få med naudsynt areal til
eventuell flytting av gytebekken som er omtala i planen. (Planomtalen er noko misvisande på
dette punktet, og omtalar berre ei lita utviding sør for fv 663) I kommuneplanen sin arealdel er
delar av området sett av til område der reguleringsplan skal gjelde før arealdelen, resten av
området er sett av til veg og LNF-område. Forslaget til endring omfattar veg med tilhøyrande
anlegg, og samsvarar såleis med vedteken overordna arealbruk for Eid kommune.
Detaljreguleringsplanen skal regulere bruk, vern og utforming av areal og fysiske
omgjevnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1 første ledd.
Forslag til endring av reguleringsplanen
Sjå vedlagt planomtale med føresegner og plankart for meir informasjon om planforslaget.
Detaljreguleringsplanen som har vore til offentleg ettersyn ser slik ut, jf. vedlagt plankart:
Innkomne uttaler ved offentleg ettersyn
I samband med offentleg ettersyn kom det inn fem uttaler til planforslaget. Uttalene ligg i sin
heilskap ved saksutgreiinga, og under er det gitt eit kort samandrag av relevante merknadar til
planforslaget og vurdering av planforslaget opp i mot uttalene.
1. NVE, 10.02.2016:
NVE ber om at konklusjonen, konkrete råd knytt til kotehøgd og føresetnadar for dette, frå
SWECO sin rapport vert innarbeidd i føresegnene til planen. Utover dette meiner NVE at
planforslaget i det alt vesentlege har følgt opp dei omsyna som NVE tidlegare har spelt inn.
Kommentar:
NVE sin merknad vert teken til følgje.
2. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 24.02.2016:
Fylkesmannen tilrår at SFE Nett sin kabel vert flytta til den nye brua. Fylkesmannen har ikkje
fått høve til å vurdere samfunnstryggleik og beredskap i samband med planforslaget. Utover
dette har fylkesmannen ingen avgjerande merknadar til planforslaget.
Kommentar:
Reguleringsplanen tek ikkje stilling til plassering av kabel og innspelet vert difor sendt vidare
til Statens vegvesen, som må vurdere dette i samband med gjennomføringa av
reguleringsplanen.
3. Eid elveeigarlag v/Per Ingvar Langeland, 23.02.2016:
Eid elveeigarlag ber om at all graving vert gjort på ei tid av året som gjev minst mogeleg
skade for fisk og gyteplassar og at SFE Nett sin kabel vert flytta til den nye brua
Kommentar:
Elveeigarlaget sin merknad vedk. tid for anlegg er allereie teken i vare, jf. A.2 i føresegnene.
4. Grunneigarar og naboar, 24.02.2016:
Dei har merknad til fleire punkt i planframlegget:
Gangbruplanane
Merknadar frå grunneigarane/naboar:
I merknaden vert det vist til planomtalen, der det står at søre landkaret til gangbrua skal
plasserast 8 m frå elvebreidda. Dei meinar at landkaret på flyttast sørover til
parkeringsplassen. Dette fordi dei meinar at det er mogleg å byggje eit flaumgjennomløp
gjennom riksvegfyllinga sør for kanalen til Meieri-åda, og ei ny bru nedstraums den
eksisterande ikkje må kome i vegen for ekstra opning og flaumføring.
Dei viser til at slik riksvegbrua er konstruert, med fyllingar fram mot eit bruspenn på 20 m, er
gjennomstrøymingsarealet sterkt redusert i høve til opphavleg – naturleg –
gjennomstrøymingsareal, og at dette fører til flaumproblem for busetnaden kring
Hornindalsvatnet, t.d. på Grodås i Hornindal kommune.
Dei ønskjer også at skadar på kanalen til Meieri-åda i samband med bruarbeid i 1963 må
rettast opp i samband med arbeid i/ved elva, og før ny gangbru gjer tilkomst problematisk.
Landkar og parkeringsplass må utførast i tørrmur eller forblendast med naturstein. Dette for å
harmonere med murane på riksvegbrua.
Kommentar til merknad til gangbruplanane:
Tryggleik mot flaum er ei problemstilling som er vorte veldig aktuell den siste tida. Tidlegare
tiders tiltak langs vassdrag rundt om i landet har medført at skadane ved flaum har vorte større
enn dersom oppfløyming hadde vore teke omsyn til ved planlegging og bygging. Det er difor
viktig at ein ved nye tiltak ikkje forsterkar eventuelle flaumproblem som eksisterande tiltak
måtte føre med seg. Dersom det er teknisk mogleg, bør ein også søkje å utbetre eksisterande
inngrep, slik at ein kan dempe skadeverknadane av flaum så godt som råd.
Så vidt Rådmannen kan sjå, kan etablering av eit flaumgjennomløp i riksvegfyllinga ikkje
gjennomførast utan inngrep i den verneverdige muren. Dette kan difor vanskeleg
gjennomførast. Det er likevel eit poeng at dersom Hornindalsvatnet skulle vekse såpass at
vatn strøymer over både bru og fylling, så bør ikkje vatnet møte endå ei hindring like
nedanfor. Planframlegget er nokså uklart m.o.t. utforminga av rasteplassen. Det går ikkje fram
av dokumenta om rasteplassen skal vere på nivå med parkeringsplassen, eller om den skal
leggast på eksisterande terreng. Dersom det siste er tilfelle, vil Rådmannen tilrå at brua vert
lagt på pilar der landkaret er foreslått plassert, og med eit nytt spenn inn til landkar i flukt med
parkeringsplassen, slik som grunneigarane foreslår.
Planframlegget viser ikkje plassering av brukar verken i elva eller på elvebreidda. Brukar kan
visast på plankart som juridisk punkt med RpJurPunkt = 1251 – Brukar. Dette medfører at
plassering av brukara er juridisk bindande, slik at ei eventuell flytting av brukar må
handsamast som endring av plan. Dette er nok årsaka til at brukar ikkje er vist i
planframlegget, men det medfører også at ein ved utbygging står friare m.o.t. plassering av
brukara. Rådmannen tilrår difor ikkje noko endring i planframlegget, men at signalet vert
sendt til vegvesenet om at dei søkjer ei så stor gjennomstrøymingsopning som råd under
Busslomma
Merknadar frå grunneigarane/naboar:
Dei meinar vidare at plasseringa av busslomma i svingen medfører fare for dei som står og
ventar på bussen. Dei viser til at erfarne sjåførar av tyngre køyrety meinar at dette vegstykket
er eit utsett område der tyngre køyrety kan kome ut av kontroll på veg austover. Dei meinar at
busslomma må plasserast annan stad, eventuelt i område vist på skisse vedlagd til brevet.
Kommentar til merknad til busslomma:
Den føreslegne løysinga til grunneigarane medfører at bussjåføren må svinge av riksvegen og
inn på busstoppet for i heile teke å sjå om der er folk som skal vere med bussen. Rådmannen
legg til grunn at vald løysing bygger på vegnormalen til Statens vegvesen og kan såleis
vanskelig tilrå noko endring på dette punktet. Rådmannen vil be vegvesenet om å sjå på om
dei kan få til ei betre løysing på busstoppet, og handsame dette som ei endring av planen ved
eit seinare høve.
Gardsvegane SKV3 og SKV4
Merknadar frå grunneigarane/naboar:
Dei ber om at gardsveg SKV3 får maks stigning 3 %. Dette medfører at vegen vert liggande
på fylling store delar av strekninga. Dei meiner også at vegen bør trekkast nærare eksisterande
veg der den passerar busslomma, og ved å fjerne busslomma kan gardsvegen knyttast til
eksisterande veg tidlegare.
Avkøyrsla til SKV4 meinar dei må dimensjonerast for store bilar, SP.
Kommentar til merknad til gardsvegane SKV3 og SKV4:
Rådmannen legg til grunn at SKV3 er lagt slik for å gi plass til fylling. Det vert difor ikkje
foreslått noko endring her.
Rådmannen finn ikkje noko dimensjonerande køyrety SP i Statens vegvesen si handbok N100
– Veg- og gateutforming.
Tilkomst til Eidselva
Merknadar frå grunneigarane/naboar:
Denne er ein gammal sedvanerett og einaste tilkomst til den stilleflytande delen av vassdraget
for ein del av grunneigarane, og er brukt både til sjøsetting og ilandhaling av båtar og anna
flytande. Dei meinar difor at den må oppretthaldast som køyrbar.
Kommentar til merknad til tilkomst til Eidselva
Ein reguleringsplan regulerer ikkje privatrettslege tilhøve, men arealbruk.
Ut frå trafikktryggleiksomsyn kan ein ikkje tilrå ei avkøyrsle slik grunneigarane ynskjer.
Grunneigarane må eventuelt gå i dialog med Statens vegvesen om å få etablert ein tilkomst til
Eidselva annan stad, som erstatning for den dei har hatt til no. Dette vert som nemnt
privatrettsleg og vert ikkje ein del av reguleringssaka.
Fartsskilting
Merknadar frå grunneigarane/naboar:
Meinar at det må takast omsyn til fartsskilting også frå vegkrysset og langs fv 663. Trafikken
har dei siste åra auka på denne vegen med etablering av betongfabrikk og elles auka
gjennomgangstrafikk av ukjende som brukar GPS-navigering.
Kommentar til merknad til fartsskilting:
Skilting er ikkje tema i reguleringsplan. Merknaden vert sendt til Statens vegvesen for
vurdering av fartsgrenser i området.
5. Statens vegvesen, 25.02.2016:
Statens vegvesen ber om at det i planarbeidet vert teke stilling til tiltaka som er fremja i TSrapporten dersom dette ikkje er gjort. Det bør vurderast krav om konkrete tiltak i føresegnene
§ 5.2.2. Vegvesenet syner til at gangtilkomst til Hornindalsvatnet ikkje treng å visast på
plankartet og at den bør vurderast nærare då den kan vere uheldig i forhold til
trafikktryggleik/kryssing av køyreveg. Siktforholda i avkøyrsler må i planen sikrast å vere i
samsvar med gjeldande krav. Tilfredsstillande rekkverk må omtalast og innarbeidast i
planforslaget. Også andre merknadar nemnt i TS-rapporten må følgjast opp dersom det ikkje
er gjort.
Kommentar:
Det er Statens vegvesen som fremjar planendringa. Dei må sjølve vurdere om planen tek nok
omsyn til TS-rapporten, og kome med konkrete framlegg til endringar dersom dei finn det
naudsynt.
Økonomiske konsekvensar:
Dette er Statens vegvesen sitt forslag til endring av reguleringsplan og vedtaket inneber difor
ikkje økonomiske konsekvensar for kommunen.
Vurdering:
Rådmannen meiner at Statens vegvesen sitt planforslag er utarbeidd i samsvar med overordna
plan, plan- og bygningslova og at naudsynte vurderingar er gjort.
Ved utarbeiding av reguleringsplanar vil mange og til dels motstridande interesser gjere seg
gjeldande. Reguleringsplanen legg til rette for gang- og sykkelveg for ålmenta og private
eigeninteresser må få av og til vike. Rådmannen kan ikkje sjå at det ligg føre avgjerande
moment for at reguleringsplanen ikkje kan godkjennast slik den ligg føre, men vil som nemnt
ta vidare innkomne innspel og argument til Statens vegvesen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gang- og
sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre
med følgjande endring:
1. Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere
minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.»
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-041/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gang- og
sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre
med følgjande endring:
1. Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere
minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.»
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
Stanislawa Voldsund
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
042/16
V72
Saksansv.
STV
Arkivsaknr
13/600
Endring - Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og næringsog miljøtiltak i skogbruket 2013-2016
Prenta vedlegg:
Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Eid
kommune 2013 – 2016
Overordna retningslinjer og rammeløyvingar NMSK-skogkultur og andre tilskotsordningar
2016
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Forskrift av 4. februar 2004 nr. 447 om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Retningsliner for revisjon av kommunal tiltaksstrategi
Kva saka gjeld:
Endring av maksimal prosentsats for nyplanting av skog i Eid kommune fastsett i
Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Eid
kommune 2013 – 2016
Bakgrunn for saka:
Tiltaksstrategien er fireårig, og siste revisjon av tiltaksstrategien vart vedteken i mars 2013.
Oppstart med revisjon av tiltaksstrategien er planlagt hausten 2016. Endring av
tilskotsprosenten for nyplanting av skog kan ikkje vente, og vert difor lagt fram som eiga sak.
I strategien har kommunen vedteke ein maks tilskotsprosenten for nyplanting skog på 75 %. I
ettertid har Fylkesmannen informert kommunane om at vi kan auke maks tilskotsprosenten til
planting til 80 %, med maks kostnad kr. 1500 per daa. Sak om endring av tilskotssats vert no
lagt fram for politisk handsaming.
Saksutgreiing:
I rammeløyvinga til kommunen for skogkultur i 2013, datert 5.mars 2013, peikar
Fylkesmannen på at aktiviteten i skogkulturen må aukast. Som virkemiddel tilrår
Fylkesmannen at tilskotsprosenten blir auka til inntil 80 % av maks kostnad kr. 1500 per daa.
Fylkesmannen både tildeler midlar og gjev overordna retningslinjer for prioritering og
behandling av søknader om tilskot til skogkultur. Det er eit mål at midlane først og fremst
skal brukast til å sikre tilfredstillande forynging. Det skal fokuserast på at avverka areal vert
forynga.
Økonomiske konsekvensar:
Kommunen får tildelt midlar frå fylkespotten som tildelast vidare.
Vurdering:
Skogkulturaktiviteten både i fylket og i Eid kommune har vore svak dei siste åra og før
orkanen Dagmar. Kommunane har eit ansvar for å sjå til at alt avverka areal vert tilplanta.
Auke av tilskotsprosent er seit motiverande virkemiddel for skogeigar.
Dei fleste kommunane i fylket vil innføre nye satsar i skogbruket etter tilrådinga frå
Fylkesmannen. Tømmerprisane til orkanvelta skog høge drifts- og transportkostnadar gjer
skogdrifta vanskeleg og til dels lønnsamt. Det er difor viktig med tiltak, for å nå målet med å
forynge avverka areal.
Dei aller fleste av dei store hogstflatene er likevel tilplanta i Eid kommune. Dei siste kursa i
skogfond som vart gjennomført i Eid kommune i 2015 viste at det er ikkje naudsynt med ein
stor tilskotsprosent til planting av dei mindre areala. Fylkesmannen tilrår difor ein tilskotssats
på 50 % etter hogst, medan tilskotet på 80 % berre skal nyttast til skogkultur etter naturskader,
slik som orkan, brann og tørke. Maksimalt kostnad per daa på kr. 1500,- per daa. Blir uendra.
Punkt 6.4 i gjeldande tiltaksstrategi gjev følgjande tilskotssatsar:
Rådmannen tilrår at tilskotssatsar NMSK i tiltakskategori – vert endra slik:
Tilskot til skogkultur etter hogst- 50 %
Tilskot til skogkultur etter naturskadar inntil 80 %
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Tiltaksstrategi for 2013 – 2016 for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak
i skogbruket Eid kommune vert godkjent med følgjande endringar i pkt. 6.4 om tilskotssatsar:
Tilskot til skogkultur etter hogst- 50 %
Tilskot til skogkultur etter naturskadar inntil 80 %
Maks. kostnad kr. 1500 per daa.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-042/16 VEDTAK:
Tiltaksstrategi for 2013 – 2016 for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak
i skogbruket Eid kommune vert godkjent med følgjande endringar i pkt. 6.4 om tilskotssatsar:
Tilskot til skogkultur etter hogst- 50 %
Tilskot til skogkultur etter naturskadar inntil 80 %
Maks. kostnad kr. 1500 per daa.
Maks. kostnad kr. 1500 per daa.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Eid ungdomsråd
Oppvekst- og kulturutvalet
Eid Eldreråd
Eid råd for funksjonshemma
Helse-og sosialutval
Teknisk-og samfunnsutval
Arbeidsmiljøutvalet
Finansutvalet
Formannskapet
Administrasjonsutvalet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
12.04.2016
12.04.2016
12.04.2016
13.04.2016
13.04.2016
13.04.2016
21.04.2016
21.04.2016
21.04.2016
21.04.2016
28.04.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
Årsrapport 2015 Eid kommune
Prenta vedlegg:
 Årsrapport 2015 – kommunal tenesteyting
 Årsrapport investeringsprosjekt pr 31.12.15
Saksnr
012/16
023/16
016/16
006/16
019/16
043/16
Arkiv: 004
Objekt:
Saksansv.
OST
OST
OST
OST
OST
OST
OST
OST
OST
OST
OST
Arkivsaknr
16/793
Saksutgreiing:
Rådmann viser til vedlagde årsrapportar for 2015.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande.
12.04.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET
OK-023/16 VEDTAK:
Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. Samrøystes vedteke.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
Utvalet merkar seg det auka sjukefråveret, og ber om at dette vert drøfta i relevante organ..
TSU-043/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Elin Paulsen
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
28.04.2016
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
044/16
Saksansv.
EPA
EPA
Arkivsaknr
16/827
Namnsetjing på friluftsområde Nordøyrane
Kva saka gjeld:
Namnsetjing på det nye friluftsområdet på Nordøyrane.
Bakgrunn for saka:
I samband med utfylling og opparbeiding av nytt friluftsområde på Nordøyrane har
namnenemda jobba fram og vurdert alternative namn for det nye området.
Namna er vurdert på bakgrunn av;
● Stadnamn, eigennamn, historie, eigenskapar/funksjon/innhald og sentrale og beskrivande
omgrep/ord.
● Funksjonelle kvalitetar:
Relevans, uttale, oppfatning (almen tyding), intellekt- og
sanseorientert oppfatning.
Saksutgreiing:
Nemnda har vurdert det nærliggjande å gje det nye området eit park-namn, då det nye arealet
vil inngå i ein heilheit med parkanlegga som allereie ligg på området i dag (Kyrkjeparken og
Klatreparken). Omgrepet Park tek vare på riktig og relevante assosiasjonar til bruken av
friluftsområdet.
Følgjande forslag til aktuelle park-namn vart diskutert og teke med vidare som grunnlag for
avgjersle;
Strandparken
Fjordparken
Sagaparken
Namnet beskriv plassering (ved sjøen) og eigenskapar; forventingar om
kva parken er/byr på. Namnet er relevant og «opplagd», men noko
generisk og lite eigenarta.
Namnet beskriv plassering (ved sjøen) og eigenskapar; forventingar om
kva parken er/byr på. Namnet er relevant og «opplagd», noko generisk
og lite eigenarta.
Namnet formidlar forventningar om eit utvida innhald og vil styrke eit
framtidig Sagastad og aktivitetar rundt dette. Er i tråd med namn som
allereie er etablert. Sagaparken Panorama eig domenet «sagaparken»
(Kjelde Wikipedia; Saga eller soge (norrønt saga) er ein litterær sjanger frå norrøn
tid som særleg er kjende frå Island. Ein eller ei saga er ei prosaforteljing om eit
historisk eller mytologisk emne, og handlar typisk
om ætter og heltar. Islendingesogene og kongesogene er kjende undertypar av
sagaene. Sagalitteraturen bygger i stor grad på munnleg overleverte forteljingar, og
blei skriven ned mellom 1120 og 1400-talet.
Flikmeldeparken
Flikmelde er ein trua plante som veks i strandsona på Eid. Førekomsten
i Eid er den nest nordlegaste i Noreg. Delar av Flikemeldebestanden er
flytta frå området på, og etablert på 6 nye plassar i strandsona på
Nordfjordeid, for å ivareta og utvikle førekomsten. Namnet Flikmelde
er eit relevant, men tungt og vanskeleg namn å uttale/hugse.
Andre namneforslag:
Strandstaden
Nordfjordeid har frå gammalt av vore ein strandstad. Strandstad er ein
tettstad med avgrensa størrelse med nær tilknyting til sjøen. Med det
nye friluftsområdet vil Eid igjen vende seg mot fjorden/sjøen og opne
for aktiv bruk av strandsona som leike- og opphaldsplass. Konklusjon;
namnet forsterkar vår historie og identitet som ein (fortsatt) vakker
strandstad. Enkelte vil assosiere namnet med ein tidlegare pub i
nærleiken. Nemnda meiner dette er underordna for evt val av namnet.
Fargarbukta
Eit namn basert på historie og stadnamn i området. Det nye
friluftsområdet ligg i munningen (bukta) ved Fargarelva på Myklebust.
Elva som historisk sett har fått namnet etter drift av garveri.
Konklusjon; assosiasjonar til drift av garveri og utslepp i elva har ikkje
eit positivt forteikn. Ordet bukt vert gjerne assosiert med ein tilbaketrekt
og koseleg stad, men også assosierast med ein stad der ting «samlar seg
opp».
Vurdering:
Nemnda meiner namnframlegget SAGAPARKEN er det best namnalternativet.
Namnet vil gje området eigenart og identitet, og styrke heilskapen kring historiefortelling og
Sagastad-prosjektet.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
Framlegg frå Per Tore Borgund, Frp:
Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Fargarparken
Framlegg frå Petter Bakke, Krf:
Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Strandparken
Det vart først røysta over dei tre framlegga.
Sagaparken fekk tre røyster
Fargarparken fekk tre røyster
Strandparken fekk tre røyster
Sagaparken var vedteke med leiaren si dobbelstemme.
TSU-044/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
21.04.2016
28.04.2016
Avgjerd av: Kommunetyret
Saksbehandler: Dag Petter Leite
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
045/16
Q14
Saksansv.
DPL
TNT
TNT
Arkivsaknr
16/809
Finansiering kryss Fossevegen - Skulevegen
Prenta vedlegg:
Vedtak KS-sak 191/15
Mandat
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kva saka gjeld:
Finansiering av permanente tiltak for ombygging av kryss Fossevegen/Skulevegen og
etablering av av-/påstigningslomme, samt nytt fortau ved Eid Eldretun. Saka var teke opp i
kommunestyret i KS-sak 191/15.
Bakgrunn for saka:
Det er trong for betring av trafikktryggleik for mjuke trafikkantar i samband med etablering
av ny fleirbrukshall, utviding av bustadfelt, samt utbygging av nytt omsorgssenter. I KS-sak
191/15 vart det vedteke å be administrasjonen å setje i verk hastetiltak, samt å planlegge og
finne finansiering for permanente tiltak. Hastetiltaka er utført.
Saksutgreiing:
Det er laga reguleringsplan som viser korleis krysset ved Eid sjukeheim skal omarbeidast for
å gjere det tryggare og meir oversiktleg for mjuke trafikkantar.
Ut i frå eksisterande infrastruktur og godkjende reguleringsplanar har ein fått laga
kostnadsoverslag. Til det planlagde arbeidet høyrer det også med å etablere ei av-/ påstigningslomme aust for Folkehøgskulen langs vestsida av Fossevegen.
Vidare er det også lagt inn kostnad med nytt fortau langs austside av Fossevegen forbi Eid
eldretun for å knyte saman fortau frå Holten/Hogaåsen med gangfelt nedanfor eldretunet. Det
er vurdert at kryssing av Fossevegen er tryggast nedanfor Eid eldretun framfor kryssing med
ny overgang i kryss Myklebuståsen/Holten.
I kostnadane er det inkludert utarbeiding av førebelse planar, utarbeiding av endelege planar
med planteikning, lengdeprofil, normalprofil, prinsippskisser for kantstein og natursteinmur
og utarbeiding av konkurransegrunnlag.
Økonomiske konsekvensar:
Det er ikkje sett av løyving i budsjett for 2016 for det planlagde arbeidet. Dette prosjektet må
finansierast ved låneopptak.
Samla kostnad for tiltaket er berekna til kr. 3.105.000,- inkl. mva.
Vurdering:
Både etablering av ny fleirbrukshall aust for Nordfjordeid skule og utbygging av Hogaåsen
bustadfelt vil generere auka trafikk gjennom krysset. Utbygging av nytt omsorgssenter vil i
liten grad føre til auka trafikk for området.
Administrasjonen vil tilrå å prioritere dette prosjektet med finansiering som beskrive i dette
saksdokumentet.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket
finansierast ved låneopptak.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-045/16 VEDTAK, SOM
INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket
finansierast ved låneopptak.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Avgjerd av:
Saksbehandler:
Asbjørn Tverberg
SAKSGANG
Møtedato
13.04.2016
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
046/16
L12
Saksansv.
ATV
Arkivsaknr
16/246
Endring i føresegner til reguleringsplan for Nordfjordeid sentrum Område F/K/B1
Prenta vedlegg:
1. Framlegg til endring i føresegnene til reguleringsplan for Nordfjordeid sentrum med
oppsummering av innkomne merknader og vurdering av konsekvensar av
planendringa
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
1. Plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71
Kva saka gjeld:
1. Søknad om å få heva maks gesimshøgd i F/K/B1 frå 6 m til 12,5 m, jf. punkt 2.4.1 i
føresegnene. Det vert ikkje søkt om heving av mønehøgda.
2. Søknad om å få få fjerna krav i punkt 2.4.2 i føresegnene om at bygg skal plasserast
inntil formålsgrense mot Eidsgata og mot offentleg trafikkområde i sør.
Bakgrunn for saka:
Eigar av gnr. 44 bnr. 99 planlegg å sette opp eit bygg på eigedomen. Av omsyn til økonomien
i prosjektet, ønskjer søkjar å bygge i 3 etasjar. Krav i TEK10 til isolasjon og takhøgde gjer at
søkjar ikkje får bygd tre etasjar med den avgrensinga som er gjort m.o.t. maksimal
gesimshøgde og mønehøgde.
Søkjar ønskjer også å sette opp nybygget slik at det fluktar med fasaden til Eidsgata 65
(Haavikbygget) mot Eidsgata.
Saksutgreiing:
Etter varsel om igangsetting av planarbeid, har søkjar fått inn tre merknader – frå
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, frå Liv Johanne Halsteinslid i Eidsgata 62, og frå Henning
A. Langeland i Eidsgata 64. Etter innspelsfrist kom det merknad frå Sogn og Fjordane
fylkeskommune – Plan- og samfunnsavdelinga. Denne er ikkje kommentert av arkitekten.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:
Ber om at det vert utgreidd kva konsekvensar det kan ha for bakanforliggande eigedomar og
nærliggande område at byggehøgda vert auka, og at dette vert vurdert med omsyn til både
nær- og fjernverknad.
Kommentar frå arkitekt:
Eigedomen har tidlegare ikkje vore bygd på. Eidsgata 62 og 64 vil i alle høve misse
fjordutsikt, sjølv med mønehøgd 9 m. I tillegg er det under oppføring stort kjøpesenter
langs Sjøgata som har fått godkjent høgde som ligg 3 m over det som det her vert søkt
om.
Liv Johanne Halsteinslid – Eidsgata 62:
Ser for seg ein høg fasade tett inn mot Eidsgata, og meiner at denne vil verte svær
dominerande og bryte med eksisterande byggesetnad. Meiner vidare at utsikta frå hennar
eigedom vil verte sterkt redusert. Ho er også usikker på kva det endring i krav til plassering
vil innebere m.o.t. noverande siktsoner.
Kommentar får arkitekt:
Utbyggar har ikkje planlagt 100 % utnytting av arealet, og ønskjer å plassere bygget
heilt inntil tomtegrensa mo Sjøgata, slik at bygget sin fasade mot Eidsgata fluktar med
nabo mot nord (Eidsgata 65). Dei fleste eigedomane på vestsida av Eidsgata har høgde
opp mot 12 m.
Henning A. Langeland – Eidsgata 64:
Meiner at å tillate bygg med flatt tak og gesimshøgd 12 m er ei vesentleg endring i negativ
retning, og er sterkt imot dette. Han meiner at det bør vere krav at nybygg i dette området og
andreområde med tilknyting til Eidsgata har saltak med minimum 40º fall. Han meiner vidare
at eit bygg med flatt tak og slik høgde vil skugge for og bryte med bygningane elles i
ormådet. Trehusbusetnaden i Eidsgata gir Nordfjordeid stadsidentitet og er eit kulturmiljø
som må ivaretakast. Eit bygg med flatt tak og høgd på 12 m vil bryte totalt med den
tradisjonelle arkitekturen som regjerer i sentrum.
Kommentar frå arkitekt:
Det vert søkt om gesimshøgde 12,5 m. Elles som for kommentar til merknad frå
Eidsgata 62.
Sogn og Fjordane fylkeskommune – Plan- og samfunnsavdelinga:
Planframlegget må gjere greie for kva konsekvensar ei auke i byggehøgd og endra plassering
har for kringliggande bygg og dei vurderingane som er gjort i sentrumsanalysen som vart
gjort i 2013.
Økonomiske konsekvensar:
Planframlegg og utbygging er privat. Det har difor ikkje økonomiske konsekvensar for
kommunen.
Vurdering:
I varselet som er sendt ut til naboar og offentlege organ, går det fram at «Formålet med
endring er å kunne auke byggehøgd med 3,0 m til 12 m, og også kunne endre plassering i
forhold til eksisterande formålsgrense.»
I plandokumenta som er sendt til kommunen går det fram at gesimshøgd er ønska sett til 12,5
m, og at krav i punkt 2.4.2 i føresegnene om at bygg skal plasserast inntil formålsgrense mot
Eidsgata og mot offentleg trafikkområde i sør vert teke ut av føresegnene, slik at nybygg kan
settast opp tilbaketrekt frå Eidsgata.
Søkjar har m.a.o. auka høgda noko i høve til det som er føresett i varslinga. Varslinga er også
noko upresis i høve til korleis utbyggjar tenkjer seg at tomten vert utnytta. Noko som
tilsynelatande har gjort at naboane har sett for seg større konsekvensar av auken i byggehøgd
enn det utbyggjar ønskjer å legge opp til. Det går ikkje fram av dokumenta kvifor foreslått
gesimshøgd vert auka frå 12 m til 12,5 m.
Dersom saka hadde vore tilstrekkeleg opplyst for naboar og offentlege organ allereie i
varslingsbrevet, kunne ein ha dempa konfliktnivået noko. Kommunen kunne også ha gjort eit
vedtak på dette grunnlaget. Etter rådmannen si vurdering, må naboar og offentlege organ få
høve til å vurdere planframlegget slik det no ligg føre. Planframlegget må difor leggast ut til
offentleg ettersyn før kommunen kan gjere eit vedtak i saka.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Med heimel i § 12-10 i plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71 vert framlegg til endring
i område F/K/B1 i reguleringsplanen for Nordfjordeid sentrum lagt ut til offentleg ettersyn.
13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
Alf Reidar Myrstad bad om å få eigen habilitet vurdert grunna kjennskap til søkjar. Utvalet
fann at Myrstad var habil.
Fellesframlegg frå utvalet:
Med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 vedtek teknisk – og samfunnsutvalet å ikkje
legge planframlegget ut til offentleg ettersyn. Dette fordi framlegget vil føre til store avvik frå
gjeldande reguleringsplan. Tiltakshavar vert oppmoda om å revidere planane, og redusere
byggjehøgda. Det er også ønskjeleg at det vert utarbeidd ei skisse som syner korleis bygget
skal sjå ut.
Fellesframlegget vart vedteke samrøystes.
TSU-046/16 VEDTAK:
Med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 vedtek teknisk – og samfunnsutvalet å ikkje
legge planframlegget ut til offentleg ettersyn. Dette fordi framlegget vil føre til store avvik frå
gjeldande reguleringsplan. Tiltakshavar vert oppmoda om å revidere planane, og redusere
byggjehøgda. Det er også ønskjeleg at det vert utarbeidd ei skisse som syner korleis bygget
skal sjå ut.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-

Similar documents