Møte-Nytt 12.05.16. Feil frå Forsell

Comments

Transcription

Møte-Nytt 12.05.16. Feil frå Forsell
24 TORSDAG 12. MAI
2016 MØRE-NYTT
folkeliv
Feil frå Forsell
Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget er for tida i forhandlingar med
Staten om jordbruksoppgjeret. Da
skal ein vel halde seg heilt roleg og
avvente resultatet. Men historieforfalsking som Staten sin forhandlingsleiar Leif Forsell stod for når han
presenterte tilbodet frå staten, må
ein likevel få korrigere.
Norsk jordbruk er i ei veldig positiv
utvikling, påstår Forsell. Sanninga
her i Møre og Romsdal er at sidan
2000 har jordbruksarealet vorti redusert med 12%, storfekjøttproduksjonen er redusert med 30%,
mjølkeproduksjonen med 15% og
lammekjøtproduksjonen med 19%.
(Kjelde: Rapporten Vestlandsjordbruket – vinn eller forsvinn? Agri analyse
2/ 2016). For Sunnmøre sin del er utviklinga enno meir negativ, sidan internt i fylket har produksjon flytta seg
frå sør til nord i fylket. Regjeringa sin
politikk ikkje bare vidarefører, men
forsterkar utviklinga.
Forsell forsøker også å gjere Bondelaget til gissel for sin politikk som gjer
at vestlandslandbruket taper. For å
gjere det heilt klart; Dette er ikkje etter Bondelaget sitt ynskje. I 2014 vart
bondeorganisasjonane overkøyrde,
det vart brot, og staten dikterte ei
løysing som favoriserte større bruk,
riktig nok noko modifisert i stortingsbehandlinga. I 2015 inngjekk Bondelaget ei avtale som eit kompromiss
der vi fekk til ei inntektsauke men
som i hovudsak nok ein gong gjekk til
dei største bøndene. I 2016 har organisasjonane sagt at det er små og mellomstore bruk sin tur til å prioriterast.
Gunnhild M. Overvoll
nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag
Pass opp!
Det er på tide at alle bilførarane tek
hensyn til oss som rir eller leier hest.
preikeliste
ØRSTA KYRKJE
Kl. 18.00: Felleskyrkjeleg bønesamling 1. torsdag i månaden i Kyrkjestova
VARTDAL KYRKJE
15/05 kl 11.00: Gudsteneste
v/spr Sollie, og andre. Nattverd. Offer til Normisjon – Jordskjelv Ecuador. Årsmøte etter
gudstenesta.
17/05 kl 10.30: Festgudste neste v/spr Sollie,og andre. Offer til Redd Barna.
•
• Ver med i debatten:
[email protected]
•
Lag og organisasjonar er
velkomne til å kome med stoff
og informasjon.
Debattinnlegg og lagsstoff må
vere inne til kl. 10.00 dagen før
avisa kjem ut.
•
Korte innlegg vert mest lest.
Innlegg kan verte korta og redigert.
Ein utkant –
kva er det ?
Skummelt vert det når bilar køyrer
fort forbi eller når dei tutar.
Vis omsyn og senk farten!
Hesten og eg vart ein gong truffe av
ein bil og det kunne gått ille. Hestene
og vi som rir har refleks i motsetning
til mange fotgjengare. Bilar har og
køyrt over gangfelt når vi er i ferd
med å krysse vegen.
Fotovergang skulle det ha vore der
vi kryssar fylkesvei 655 på Mo for å
komme til ridehallen i Ørsta.
Frida Ørstavik
17. mai-kafé på
Ørsta bedehus
I 2015 var ikkje den tradisjonsrike bedehuskafeen open på 17. mai, dette
fordi vi pussa opp bedehuset vårt.
Mange sakna tilbodet i fjor, derfor er
vi glade for å invitere på bedehuskafe
i år. No er bedehuset ferdig opp-pussa og vi er stolte av å kunne vise det
fram.
Vi gjer det slik vi har gjort det siste
åra på nasjonaldagen: Vi har dekka
bord både oppe og nede – og kaker og
skiver, kaffi/brus, is og pølse blir
sjølvsagt å få kjøpt. Velkomne skal de
vere. Vi ynskjer alle ein fin nasjonaldag.
Ørsta Indremisjon
Marknad på
Åmdal
ungdomshus
Åmdal Ungdomslag har gjort det til
ein tradisjon å byde inn til marknad
på Ungdomshuset i Åmdalen. Hovudattraksjonen er heilgrilla gris med
deilig tilbehør, og eit bungnande ka-
ØRSTA FRIKYRKJE
Søndag 15.5. kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste. Tale v/ pastor
Kjersti G Petersen. Kyrkjekaffi
Tysdag 17.5. kl. 11.00 Festgudsteneste. Tale v/ pastor
Kjersti G Petersen. ØB Brass.
Festkyrkjekaffi.
Søndag 22.5. kl. 11.00
Gudsteneste. Tale v/ Ralph
Meyer. Søndagsskule. Kyrkjekaffi.
HJØRUNDFJORD KYRKJE
17/05 kl 11.00 Nasjonaldagsgudsteneste v/ diakon Knut
Stave. Offer til Amnesty International.
Marknad: Det vert marknad på Åmdal
ungdomshus.
kebord. Det vert arrangert tur rundt
Vatne-vatnet, med servering av sveler
og saft inn på Vatne-sanden. Dette er
veldig populært for barne-familiar,
då det er fullt mogleg å ta med ei lett
barnevogn på runda. På ungdomshuset vert det laga til ymse aktivitetar
for store og små. Det vert tombola og
lotteri med fine premiar. Vi har vore
veldig utskjemde med mykje folk som
har delteke desse helgane, og vonar
at monge vil ta turen fram til det flotte
huset vårt i år også. Vi har store
planar om å oppgradere uteplassen
vår, så inntektene av årets marknad,
vil verte brukt til spiker, plank og maling. Vi har alltid helde marknaden på
2 pinsedag, men sidan den kjem så
tett på 17.mai, så har vi valgt å utsetje
den til helga etter. Dette vil vi gjere
folk merksame på, les anonsa som
kjem nøye. Der ligg og ute ei hending
på facebook-sida vår, med meir utfyllande informasjon. ÅUL ynskjer store
og små velkomne til ein trivelig familiedag fram på Åmdale.
Eg bur i ein såkalla utkant, Vartdal.
Eg har budd her sidan 1960. Eg opplevde førre kommunesamanslåing i
1964, då vart Vartdal og Hjørundfjord
kommunar , med tvang, slått saman
med Ørsta kommune. Det var fælt då,
men i dag kan vi vel ikkje tenke oss at
Vartdal stranda skulle kunne greie
seg åleine i den rivande samfunnsutviklinga vi har opplevd dei siste 50
åra. Og slik ser eg det vidare og , at
Ørsta og Volda vil heilt naturleg gli
saman. Og det har allereie skjedd
gjennom fleire tiår; i felles arbeidsområde, i felles kommunale tenester,
i bedriftsliv, samferdsle, i utdanningsområde, i lags og organisasjonsliv, i samliv og bu område m.m. Artig
å sjå at mange sentrumsfolk både i
Ørsta og Volda er redde for samanslåinga. Kanskje får dei utkantskjensle
dei og, at no misser ein det og det, no
fer det og det til Volda, eller til Ørsta.
Og akkurat dette ordet å misse vert
mykje brukt. Sikkert er det at Volda
og Ørsta kan risikere å misse viktige
Seier ja: Brit Aanning Aarseth.
Styret i ÅUL
22/05 kl. 11.00: Høgmesse v/
sprs. Aarseth. Nattverd, offer
til Det teologiske Menighetsfakultet.
BJØRKE KYRKJE
17/05 kl 11.00 Nasjonaldagsgudsteneste v/spr Aarseth. Offer til Amnesty International.
22/05 kl 20.00 Høgmesse v/
spr. Aarseth. Nattverd, offer til
Storfjorden sokn- kyrkelydsarbeid.
VOLDA KYRKJE
15/05 Høgtidsgudsteneste kl.
11.00 v/Kristian Myklebust.
Dåp. Nattverd. Volda Motett-
kor tek del. Takkoffer: Norsk
Luthersk Misjonssamband
17/05 Festgudsteneste kl.
11.45 v/Kjell-Roger Isene. Volda
kyrkjekor tek del. Takkoffer:
Sjømannskyrkja. Norsk kyrkje i
utlandet
AUSTEFJORD KYRKJE
15/05 Høgtidsgudsteneste kl.
11.00 v/Kjell-Roger Isene. Dåp.
Nattverd. Takkoffer: Kirkens
Bymisjon
17/05 Festgudsteneste kl.
10.45 v/Kristian Myklebust
Takkoffer: Sjømannskyrkja.
Norsk kyrkje i utlandet
DALSFJORD KYRKJE
15/05 Høgtidsgudsteneste kl.
18.00 v/Kristian Myklebust.
Nattverd. Innsetjing av sokneprest Kristian Myklebust. Takkoffer: Sjømannskyrkja
17/05 Festgudsteneste kl.
11.00 v/Sindre Løvik. Takkoffer: Blå Kors
KILSFJORD KYRKJE
15/05 Høgtidsgudsteneste kl.
19.00 v/Kjell-Roger Isene. Nattverd Takkoffer: Møre i Misjon.
17/05 Festgudsteneste kl.
12.15 v/Kristian Myklebust.
Takkoffer: Amnesty International