EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Comments

Transcription

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT
EID KOMMUNE
Formannskapet
HOVUDUTSKRIFT
Møtedato:
16.06.2016
Møtetid:
Kl. 14:00 –
Møtestad:
Kommunestyresalen
Saksnr.:
065/16 - 090/16
Forfall meldt frå følgjande medl.
Ståle Sandal
Parti
Sp
Følgjande varamedl. møtte
Hans Petter Gilleshammer
Ugilde
Sak
Følgjande varamedl. møtte
Møteleiar:
Frå adm. møtte:
Utlevert i møtet:
Orientering:
Alfred Bjørlo
Åslaug Krogsæter, Elin Leikanger, Kari Krogh, Torfinn Myklebust,
Kristine Dahl
Orientering om Energikompetansesenteret v/Svein Lillestøl.
Sp.mål/interpell.:
Synfaring:
Diverse:
Underskrifter:
Alfred Bjørlo
Parti
Ap
Eli Førde Aarskog
Sigurd Reksnes
Sakliste
Sak nr.
Saktittel
065/16
Godkjenning av innkalling og saksliste
066/16
Godkjenning av møteprotokoll
067/16
Referatsaker
068/16
Orienteringssaker frå ordførar til formannskapet 2016 - 16.06.2016
069/16
Orienteringssaker frå rådmann til formannskapet 2016 - 16.06.2016
070/16
Økonomireglement for Eid kommune - revidering
071/16
Rapport over kommunens finansforvaltning pr 30.04.2016
072/16
Økonomirapportering pr 30.04.2016
073/16
Kommunereforma 2014 - 2016
074/16
Digitaliseringsstrategi for Nordfjordkommunane 2016 - 2020
075/16
Klimasatsing - prioritering av tiltak
076/16
Kommunedelplan for veg og trafikktrygging - utlegging til offentleg
ettersyn
077/16
Godkjenning av Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-2020 for Eid
kommune.
078/16
Flora kommune - samarbeidsavtale med Eid kommune om krisesenter
079/16
Endring av namn for Rådet for funksjonshemma
080/16
Bustadar 2017 - VP -vedtak om oppstart
081/16
Krav om innløysing av areal - godkjenning av avtale
082/16
Voldsfjordkryssing AS
083/16
Sagastad - avklaringar kring arealdisponering og intensjonsavtale
084/16
Eid næringspark - utvida ramme
085/16
EPC - Energisparekontrakt i kommunale bygg
086/16
Felles landbruksteneste - kommunane Eid og Gloppen
087/16
Bidrag til TV-aksjonen 2016
088/16
Budsjettendring juni 2016
089/16
Årsbudsjett 2017 - Økonomiplan 2017-2020 - Grunnlag for
budsjettarbeidet hausten 2016
090/16
Eid Eldretun - Varme og ventilasjonsanlegg - tilleggsfinansiering
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
Saksnr
065/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1281
GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Innkalling og sakliste 16.06.2016 vert godkjent.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
Ordførar Alfred Bjørlo kom med framlegg om å utsetje sak 83/16 til eit ekstraordinært
formannskapsmøte 22. juni. Utsetjingsframlegget vart samrøystes vedteke.
F-065/16 VEDTAK:
Innkalling og sakliste 16.06.2016 vert godkjent.
Sak 83/16 vert utsett og skal handsamast i ekstraordinært formannskapsmøte 22.06.2016.
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
Saksnr
066/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Møteprotokollen frå møte 18.05.2016 vert godkjent.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-066/16 VEDTAK:
Møteprotokollen frå møte 18.05.2016 vert godkjent.
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1282
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
Saksnr
067/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1280
REFERATSAKER
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
Avsendar/Mottakar Tittel
1
16/6282
I
12.05.2016
Kulturdepartementet
2
16/6623
I
25.05.2016
3
16/6715
I
26.05.2016
4
16/6719
I
25.05.2016
5
6
16/6722
16/6773
I
I
25.05.2016
27.05.2016
7
16/6775
I
27.05.2016
8
16/6839
U
30.05.2016
9
16/6960
I
01.06.2016
Høyring om endring i
forskrift om stadnamn
Barne-og
Høringsbrev angående
likstillingsdeparteme forskrift om krav til fysisk
ntet
sikring av lokale i
krisesentertilbudet
AS Norsk
Innkalling generalforsamling
Fjordhestsenter
AS Norsk Fjordhestsenter.
Helse og
Høring - Endringer i EØSomsorgsdepartemente forskriften om godkjenning
t
av helsepersonell
Noregs Mållag
Fråsegner frå Noregs Mållag
Nordfjord Vekst
Innkalling til
v/Randi Humborstad generalforsamling i
Nordfjord Vekst 10. juni
Statens vegvesen
16/78285-2 - Høring –
Vegdirektoratet
Veileder for graving i
kommunale veger med
hjemmel i Forskrift om
saksbehandling og ansvar
ved legging og flytting av
ledninger over, under og
langs offentlig veg (FOR2013-10-08-1212)
Sogn og Fjordane
Regional transportplan for
fylkeskommune
Sogn og Fjordane 2018 2027 - innspel frå Eid
kommune
Kommunaldeparteme Høringsnotat om nye
ntet
10
16/6990
I
01.06.2016
Sogn og Fjordane
Energi AS
11
16/6777
I
25.05.2016
Skatteetaten
12
16/7016
I
01.06.2016
Direktoratet for
mineralforvaltning
13
16/7090
I
02.06.2016
Kommunal- og
moderniseringsdepart
ementet
14
16/7231
U
06.06.2016
Formannskapet
15
16/7290
U
07.06.2016
16
16/7346
U
08.06.2016
Finansutvalet/Forman
nskapet
Helse-og
omsorgsdepartemente
t
17
16/7352
U
08.06.2016
18
16/7354
U
06.06.2016
19
16/7356
U
06.06.2016
20
16/7370
U
07.06.2016
Helse-og
omsorgsdepartemente
t
Helse-og
omsorgsdepartemente
t
Justis-og
beredskapsdeparteme
ntet
Justisdepartementet
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
oppgaver til større
kommuner
Sogn og Fjordane Energi AS
- innkalling og
saksdokument for
generalforsamling 16. juni
2016 kl. 11.00
Utredning av ny
kontorstruktur for
Skatteetaten
Høyring av søknad frå Per
Røyrhus AS om
driftskonsesjon for massetak
Ytre Skårhaug i Eid
kommune
Høringsnotat om nye
oppgaver til større
kommuner - korrigert
versjon
Oppfølging av vedtak i
formannskapet 2016 16.06.2016
Aktiv Forvaltning pr
31.05.2016
Høringsnotat om oppfølging
av forslag i
Primærhelsetjenestemeldinge
n og Oppgavemeldingen mv.
Høring forslag til forskrift
om prmærhelsetenesta
Høring forslag til forskrift
om legemiddelgjennomgang
i sykehjem
Sammenslåing av Sogn
tingrett og Fjordane tingrett Høring
Erfaringer med
forvaltningsloven
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-067/16 VEDTAK:
Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksbehandler:
Alfred Bjørlo
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
Saksnr
068/16
Arkiv: 080
Objekt:
Saksansv.
ABJ
Arkivsaknr
16/154
Orienteringssaker frå ordførar til formannskapet 2016 - 16.06.2016
1.
2.
3.
4.
Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018 - 2027 - innspel frå Eid kommune
Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet
Energikompetansesenteret v/ Svein Lillestøl
SeaWalk Nordfjordeid
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Orienteringa vert teken til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
Orientering om Energikompetansesenteret v/Svein Lillestøl.
F-068/16 VEDTAK:
Orienteringa vert teken til vitande.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksbehandler:
Åslaug Krogsæter
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
Saksnr
069/16
Arkiv: 080
Objekt:
Saksansv.
ÅKR
Arkivsaknr
16/155
Orienteringssaker frå rådmann til formannskapet 2016 - 16.06.2016
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Orienteringa vert teken til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-069/16 VEDTAK:
Inga orientering.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekst- og kulturutvalet
Helse-og sosialutval
Teknisk-og samfunnsutval
Finansutvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
09.06.2016
09.06.2016
16.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Saksnr
032/16
029/16
060/16
018/16
070/16
Arkiv: 200
Objekt:
Saksansv.
OST
OST
OST
OST
OST
OST
Arkivsaknr
16/1148
Økonomireglement for Eid kommune - revidering
Prenta vedlegg:
 Økonomireglement for Eid kommune – versjon juni 2016
 Reglement for finansforvaltning for Eid kommune – versjon januar 2015
 Reglar for styring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg – versjon januar 2015
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Forskrift om kommunale og fylkeskommunale årsbudsjett – jf. kommunelova § 46 nr 8
 Forskrift om kommunale og fylkeskommunale årsrekneskap og årsberetning, jf.
kommunelova §48 nr 6
 Forskrift om rapportering frå kommunar og fylkeskommunar – jf. kommunelova § 49 nr 2
 Forskrift om kommunale og fylkeskommunale garantiar – jf. kommunelova § 51 nr 3

Forskrift om kommunar og fylkeskommunar sin finansforvaltning – jf. kommunelova § 52
nr 2
Bakgrunn for saka:
I samband ettertid av kvart kommunestyreval er kommunane tilrådd å legge fram kommunen
sitt økonomireglement for kommunestyret. Dette vil også omfatte reglementet for kommunen
sin finansforvaltning og reglar for styring av investeringsprosjekt.
Saksutgreiing:
Økonomireglementet inneheld åtte kapittel:
1. Generelt om økonomireglementet
2. Budsjett og økonomiplan
3. Økonomimodellen, økonomisystemet og kontoplanen
4. Kjøp og sal av varer og tenester
5. Årsavslutning og rekneskapsprinsipp
6. Rapportering
7. Diverse bestemmingar i rekneskapen
8. Reglement for investeringsprosjekt og spesielle driftsprosjekt
Heile økonomireglementet er gjennomgått og er oppdatert etter dagens organisering og
dagens regelverk. Det er vesentleg for politikarane å merke seg heile kapittel 2, og gjerne
spesielt frå kapittel 2.3 til og med kapittel 2.3.5, herunder dei økonomiske fullmaktsrammene
under kapittel 2.3.1, 2.3.3 og 2.3.4.
Reglement for finansforvaltning og reglar for styring av investeringsprosjekt inneheld ikkje
forslag om endringar i forhold til sist disse blei revidert og vedtekne i januar 2015.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Økonomireglement for Eid kommune, versjon juni 2016, vert vedteke slik det ligg føre
2. Reglement for finansforvaltning for Eid kommune, versjon januar 2015, vert vedteke slik
det ligg føre
3. Reglar for styring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg, versjon januar 2015, vert
vedtekne slik dei ligg føre
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-060/16 VEDTAK:
1. Økonomireglement for Eid kommune, versjon juni 2016, vert vedteke slik det ligg føre
2. Reglement for finansforvaltning for Eid kommune, versjon januar 2015, vert vedteke slik
det ligg føre
3. Reglar for styring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg, versjon januar 2015, vert
vedtekne slik dei ligg føre
09.06.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL
HSO-029/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
1. Økonomireglement for Eid kommune, versjon juni 2016, vert vedteke slik det ligg føre
2. Reglement for finansforvaltning for Eid kommune, versjon januar 2015, vert vedteke slik
det ligg føre
3. Reglar for styring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg, versjon januar 2015, vert
vedtekne slik dei ligg føre
09.06.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET
OK-032/16 VEDTAK:
1. Økonomireglement for Eid kommune, versjon juni 2016, vert vedteke slik det ligg føre
2. Reglement for finansforvaltning for Eid kommune, versjon januar 2015, vert vedteke slik
det ligg føre
3. Reglar for styring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg, versjon januar 2015, vert
vedtekne slik dei ligg føre
Samrsøystes
16.06.2016 FINANSUTVALET
FSU-018/16 VEDTAK:
Økonomireglement for Eid kommune, versjon juni 2016, vert teke til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-070/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Økonomireglement for Eid kommune, versjon juni 2016, vert vedteke slik det ligg føre
2. Reglement for finansforvaltning for Eid kommune, versjon januar 2015, vert vedteke
slik det ligg føre
3. Reglar for styring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg, versjon januar 2015,
vert vedtekne slik dei ligg føre
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Finansutvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Saksnr
019/16
071/16
Arkiv: 250
Objekt:
Saksansv.
OST
OST
OST
Arkivsaknr
16/1071
Rapport over kommunens finansforvaltning pr 30.04.2016
Prenta vedlegg:
 Rapport over kommunens finansforvaltning pr. 30.04.2016
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Kommunelova §52
 Forskrift om kommuners finansforvaltning
 Kommunens finansreglement, sist vedteke 29.01.2015
Saksutgreiing:
Kommunelova §§ 50 og 52, og forskrift om kommuners finansforvaltning stiller krav til
kommunane både vedkomande finansforvaltninga og rapportering av dette til kommunestyret.
Kommunens finansreglement, sist vedteke 29.01.2015 K-sak 014/15, stiller krav til
rapportering i kapitla 6.5, 7.7 og 8.9: ”Rådmannen skal ved tertialrapporteringar pr. 30. april
og 31. august leggje fram rapport for kommunestyret som syner status for finansforvaltninga.
I tillegg skal rådmannen så snart råd etter årets utgang leggje fram ein rapport for
kommunestyret som syner utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året”.
Rapporten som følgjer denne saka er utarbeidd etter forskrift og etter kommunens eige
reglement.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret i Eid tek rapporten om kommunens finansforvaltning pr 30.04.2016 til
vitande.
16.06.2016 FINANSUTVALET
FSU-019/16 VEDTAK:
Rapport om kommunens finansforvaltning pr 30.04.2016 vert teke til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-071/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET::
Rapporten om kommunens finansforvaltning pr 30.04.2016 vert teken til vitande.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekst- og kulturutvalet
Helse-og sosialutval
Teknisk-og samfunnsutval
Finansutvalet
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
09.06.2016
09.06.2016
16.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
Saksnr
033/16
030/16
061/16
020/16
072/16
Arkiv: 212
Objekt:
Saksansv.
OST
OST
OST
OST
OST
OST
Arkivsaknr
16/1149
Økonomirapportering pr 30.04.2016
Prenta vedlegg:
Økonomirapportering drift pr 30.04.2016
Økonomirapportering investering pr 30.04.2016
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kommunens økonomireglement kap 6.1
Saksutgreiing:
Eid kommune sitt økonomireglement set krav til at det skal utarbeidast økonomiske rapportar
til politisk handsaming pr 30.04 og 31.08 kvart år.
Vedlagt følgjer slik rapport over den kommunale drifta og over dei kommunale
investeringane. Dei kommunale føretaka inngår også i rapporteringa.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Vedlagte økonomirapportar til kommunestyret, om den kommunale drifta og kommunale
investeringar pr. 30.04.2016, vert teke til vitande.
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-061/16 VEDTAK:
Vedlagte økonomirapportar til kommunestyret, om den kommunale drifta og kommunale
investeringar pr. 30.04.2016, vert teke til vitande.
09.06.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL
HSO-030/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
Vedlagte økonomirapportar til kommunestyret, om den kommunale drifta og kommunale
investeringar pr. 30.04.2016, vert teke til vitande.
09.06.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET
OK-033/16 VEDTAK:
Vedlagte økonomirapportar til kommunestyret, om den kommunale drifta og kommunale
investeringar pr. 30.04.2016, vert teke til vitande.
Samrøystes.
16.06.2016 FINANSUTVALET
FSU-020/16 VEDTAK:
Vedlagte økonomirapportar til kommunestyret, om den kommunale drifta og kommunale
investeringar pr. 30.04.2016, vert teke til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-072/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET::
Vedlagte økonomirapportar til kommunestyret, om den kommunale drifta og kommunale
investeringar pr. 30.04.2016, vert teke til vitande.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunereformutvalet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Åslaug Krogsæter
Saksnr
073/16
005/16
Arkiv: 024
Objekt:
Saksansv.
ÅKR
ÅKR
ÅKR
Arkivsaknr
14/997
Kommunereforma 2014 - 2016
Prenta vedlegg:
Tidlegare politiske vedtak i saka
Oppsummering av innspel på folkemøta
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Kommunelova
 Inndelingslova
 Stortingsvedtak om kommunereform
Kva saka gjeld:
Vurdering av ny kommunestruktur
Bakgrunn for saka:
Ved behandling av kommuneøkonomiproposisjonen 2015 vedtok Stortinget 18. juni 2014 å
slutte seg til regjeringa sitt forslag om å gjennomføre ei kommunereform. Kommunane har
fått oppgåva med å vurdere om kommunesamanslåing er aktuelt for den einskilde kommune.
Kommunane er bedne om å gjere sine vedtak innan utgangen av juni 2016. Stortinget skal
behandle ei samla sak om kommunestruktur i juni 2017, etter at Fylkesmannen har kome med
sin tilråding om ny struktur, og nye kommunar er tenkt å vere etablerte seinast frå 2020.
Måla for reforma er:
 Gode og likeverdige tenester
 Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
 Økonomisk robuste kommunar
 Styrka lokaldemokrati
Kommunane skal fylle fire roller:
 Tenesteyting
 Myndigheitsutøvar
 Samfunnsutviklar
 Demokratisk arena
Saksutgreiing:
Oppstart av prosess
Eid kommune har gjennomført ein utgreiingsprosess i tråd med vedtaket i kommunestyret i
sak 124/14 28.10.2014.Arbeidet vart vedtatt prosjektorganisert. Kommunestyret godkjende i
saka eit mandat og ein førebels prosjektplan for arbeidet med kommunereforma.
Styringsgruppe har vore medlemmer i formannskapet, leiarar for parti som ikkje er
representert i formannskapet, to tillitsvalde og representant for ungdomsrådet. Prosjek-tgruppa
har bestått av rådmann, ein kommunalsjef, personalsjef, informasjonsmedarbeidar og
ordføraren.
Seinhausten 2014 vart det starta opp eit arbeid i regi av Nordfjordrådet om eit felles mandat
for utgreiing av kommunestrukturen i Nordfjord. Kommunestyret godkjende dette mandatet
29.01.15, og la til eit punkt i vedtaket som lyder slik: «Dersom det ikkje blir semje om ei
felles utgreiing i regi av Nordfjordrådet, ynskjer Eid kommune å samarbeide med
nabokommunar om å utgreie ulike samanslåingsalternativ. Eitt av alternativa kommunestyret i
Eid då vil ha vurdert, er samanslåing Eid/Gloppen.
Utgreiingsarbeid
Det vart ikkje semje om ei felles utgreiing i regi av Nordfjordrådet då to av kommunane ikkje
ønskte å utgreie eit alternativ med ein felles kommune i Nordfjord. Det vart då etablert to
ulike utgreiingsprosjekt. Eitt for kommunane Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, og eitt for
kommunane Eid, Vågsøy og Selje. Det vart etablert styrings- og prosjektgrupper og vedteke
prosjektdirektiv. Vi fekk midlar frå Fylkesmannen til begge prosjekta, og det vart engasjert
prosjektleiarar til utgreiingsarbeidet.
Kartlegging og informasjon
I august 2015 vart det gjennomført ei innbyggjarkartlegging i alle Nordfjordkommunane
inkludert Bremanger. Vi engasjerte Sentio Research til dette arbeidet. Målet var å få
informasjon om innbyggjarane sine preferansar når det gjaldt spørsmål om
kommunesamanslåing. Det vart stilt fem spørsmål om syn på kommunereforma, om framtidig
kommunestruktur for eigen kommune, om synspunkt på kva kommunar som var mest aktuelle
om det skulle skje, og synspunkt på samanslåing av alle kommunane i Nordfjord til ein
kommune. Kartlegginga viste at 45% var positive til reforma, og 37% var mot. 56% var for
samanslåing med ein eller fleire av nabokommunane og 39 % ønskte å vere eigen kommune
som i dag. Gloppen var mest interessant, medan Vågsøy og Stryn kom likt ut som alternativ.
Det var lite interesse for Bremanger, Selje og Hornindal. 46% var positive til ein kommune i
Nordfjord som eit alternativ. 47% var negative. Kartlegginga viste at det var mindre interesse
i dei andre kommunane for dette alternativet. 34% positive i Gloppen, 29% i Vågsøy og Selje,
18% i Hornindal, 15% i Stryn og 14% i Bremanger.
Det vart også laga ei informasjonsbrosjyre om kommunereforma som vart delt ut til alle
husstandar i Eid kommune.
Forhandlingar om intensjonsavtalar
Vi sette oss som mål å få på plass eventuelle intensjonsavtalar innan utgangen av januar 2016.
Det vart hausten 2015 nedsett politiske forhandlingsutval i alle kommunane som fekk ansvar
for å forhandle fram avtalar. Vanylven kommune vart invitert til drøftingar med Eid, Selje og
Vågsøy. Bremanger hadde også ein open invitasjon, men dei ønskte ikkje å utgreie eit ytre
alternativ. Eid kommune sitt forhandlingsutval kom ikkje til semje med Vågsøy, Selje og
Vanylven om ein intensjonsavtale. Det var heller ikkje mogleg å kome til semje om ein avtale
for dei fire kommunane i indre og midtre Nordfjord. Alternativet som var att var å utarbeide
ein intensjonsavtale mellom Eid og Gloppen. Denne prosessen vart enklare å gjennomføre då
Gloppen avslutta drøftingane med kommunar i Sunnfjord.
Det vart parallelt arbeidd med ein intensjonsavtale og eit utgreiingsdokument. Dokumentet
«Eid og Gloppen éin kommune? Utfordringar og utgreiingsprogram» vart laga av rådmennene
i Eid og Gloppen, og det hadde som sitt grunnlag utgreiingsdokumentet som dei fire
kommunane hadde arbeidd fram før den samla prosessen stranda. Intensjonsavtalen og
utgreiingsdokumentet vart presentert i felles kommunestyremøte for dei to kommunane
22.02.2016. Dokumenta vart samstundes publisert på nettstaden til Eid kommune.
Utgreiingsdokumentet inneheld følgjande tema:
1. Om reformbehovet
2. Mål og rammer for reforma
3. Kriterium for kommunane
4. Framtidsbilete
5. Faktainformasjon
6. Areal, arealbehov og status for kommuneplanane
7. Kommunale teneter
8. Sysselsetting og næringssamansetting
9. Økonomisk status
10. Interkommunalt samarbeid
11. Organisering
12. Teknologi
13. Avstandar og samferdsle
14. Ein ny kommune av Eid og Gloppen
15. Arbeidsgjevarpolitikk og arbeidsrettslege problemstillingar
16. Om formalitetar knytt til kommunesamanslåing
17. Oppsummering og konklusjon
Intensjonsavtalen inneheld følgjande tema:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
Mål – kva skal vi oppnå?
Nye oppgåver til ei ny kommune
Gode tenester – organisering og lokalisering
Prinsipp for politisk styring
Kommunenamn og kommunevåpen
Interkommunale selskap/samarbeid
Samordning av planverk
8. Arbeidsgjevarpolitikk
9. Samfunns- og næringsutvikling
Innbyggjarinvolvering
Kommunestyret vedtok i sak 024/16 den 10.03.2016 å leggje avtalen fram for ei rådgjevande
folkerøysting 30.05. Alle som fyller 16 år i 2016 skulle ha høve til å stemme. I tillegg vart det
gjort vedtak om å gjennomføre ei innbyggjarhøyring som skulle publiserast samstundes med
resultatet av den rådgjevande folkerøystinga. I dette tidsrommet vart det laga ein
informasjonsbrosjyre som m.a. inneheldt den framforhandla intensjonsavtalen, informasjon
om korleis innbyggjarane kunne få meir informasjon og korleis dei kunne vere med å påverke
prosessen fram til endeleg vedtak i kommunestyret 22.06. Ungdomsrådet hadde eige møte
med informasjon om reforma og felles møte med ungdomsrådet i Gloppen. Dei ønskte å lage
kortfatta informasjon som dei kunne dele ut til ungdommar. Det vart også halde felles
formannskapsmøte i april.
Det vart halde fem folkemøte på ulike stadar i kommunen. Det vart gitt informasjon om
bakkgrunnen for reforma og om innhaldet i intensjonsavtalen. Det vart også gjort vurderingar
av kva vi kunne oppnå sett i lys av måla for reforma, og korleis vi kunne klare å løyse
oppgåvene våre dersom vi heldt fram som eigen kommune. Deltakarane vart oppmoda om å
kome fram med synspunkt på kva dei såg av fordelar og ulemper ved å slå saman Eid og
Gloppen. Oppsummering av momenta som kom fram følgjer som vedlegg i saka. Det vart gitt
informasjon til 10. trinn og elevane på vidaregåande skule. Det vart halde møte for
næringslivet i Eid og felles møte med næringslivet i Gloppen. Det vart også gitt tilbod om
informasjon til lag og organisasjonar. Pensjonistlaget nytta seg av det.
Resultat av rådgjevande folkerøysting
Tema: Støttar du samanslåing av Eid og Gloppen?
Deltaking: 49,3% - 58,6% av 16. og 17. åringane
Ja:
56,2%
Nei:
38,9%
Veit ikkje:
4,9%
Resultat av innbyggjarhøyringa (gjennomført av Sentio medio mai)
Spørsmål: Bør Eid og Gloppen slå seg saman til ein ny kommune?
Ja:
57%
Nei:
27%
Veit ikkje:
16%
Status for arbeidet
Eid kommune har ikkje laga ei eiga utgreiing om konsekvensar av å stå aleine. I
kommunetyrevedtak frå 29.01.2015 vart det bestemt: «Dei ulike alternativa skal også målast
opp mot fordeler/ulemper ved å halde fram som eigen kommune». Dette har vore
problematisert på alle folkemøta der rådmannen har vurdert kommunen sine fire roller i lys av
kva vi kan oppnå med å slå oss saman, og kva som skjer om vi held fram som eigen
kommune. Dette vil også bli drøfta i rådmannen si samla vurdering i denne saka. Vi har prøvd
å gi informasjon om økonomiske konsekvensar av ei samanslåing, og kva alternativet vil bli
ved å stå aleine. Dette har vore vanskeleg sidan avklaringane kring nytt inntektssystem først
kom i starten av mai månad.
Utgreiingsdokumentet og intensjonsavtalen er viktig informasjon for Fylkesmannen sitt
vidare arbeid og må følgje i oversending når kommunestyret har gjort sitt endelege vedtak.
Det er her vi svarer på korleis vi vurderer situasjonen vår i dag og dei utfordringane vi ser i
dei komande åra. I tillegg går det klart fram av intensjonsavtalen kva ambisjonar vi har for
tenestene våre, den politiske styringa, arbeidsgjevarpolitikk og samfunns- og
næringsutvikling.
Vurdering:
Lokal prosess
Kommunestyret i Eid har både i denne valperioden og den førre vore positive til å utgreie
samanslåingsalternativ. Det har etter rådmannen si oppfatning vore eit ønskje om å styrke
Nordfjord som region, og det har difor også vore interesse for å utgreie alternativet med ein
felles kommune i Nordfjord. Når dette ikkje lot seg gjere, så har strategiane vore å sjå på kva
som då er mogleg å gjere for å styrke Eid og Nordfjord sine vilkår for utvikling og vekst.
Rådmannen vurderer det slik at grunnen til at det ikkje var mogleg å få til intensjonsavtalar
med andre enn Gloppen, var dette ønsket om å styrke regionen. Dersom kommunesenter og
tyngdepunkt vart lagt enten til kysten eller inst i fjorden, så var det vanskeleg å sjå at dette
ville styrke den samla regionsutviklinga. Det har heile tida vore stor interesse både blant
politikarane og i befolkninga for å vurdere ein felles kommune med Gloppen. Det er
rådmannen si vurdering at dette var det mest realistiske alternativet, og det har vore ein god
prosess fram mot intensjonsavtale og rådgjevande folkerøysting.
På folkemøta var vi opptekne av å gi god informasjon og få fram innbyggjarane sine
synspunkt. Dei som møtte opp var engasjerte og gav uttrykk for sine synspunkt i
gruppedrøftingar og i plenum. Alle innspela har vi samla opp slik at medlemmene i
kommunestyret skal vere kjende med kva innbyggjarane er opptekne av når dei skal gjere sine
vurderingar i denne saka. Uansett utfall av saka, så er det rådmannen si vurdering at det er
viktig for både politikarane og administrasjonen å lytte til innbyggjarane sine tankar om kva
som må til for at Eid kommune skal vere ein god kommune å leve liva sine i.
Vi er no i ein situasjon der ca 50% av dei røysteføre har gitt kommunestyret sitt råd. Ca 56%
rår til at Eid slår seg saman med Gloppen. Ca 39% ber politikarane om å seie nei.
Innbyggjarhøyringa gav omtrent same resultat, men fleire var usikre. Vi veit at i Gloppen var
deltakinga på 67%, og der sa 50,8% nei. Vi veit ikkje kva kommunestyret i Gloppen kjem til å
stemme den 17.06, men dette vil vi vite når kommunestyret i Eid skal ta si avgjerd den 22.06.
Mål med reforma
I utgreiinga «Eid og Gloppen som éin kommune?» er dei fire overordna måla med reforma
omtalt slik:
1. Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
Større kommunar med betre kapasitet og kompetanse vil legge til rette for gode og likeverdige
tenester over heile landet. Større fagmiljø vil gje meir stabile arbeidsmiljø, bredde i
kompetanse og ei breiare tiltaksportefølje, særleg i små og spesialiserte tenester.
2. Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
Kommunesektoren skal bli betre i stand til å løyse nasjonale utfordringar. Reforma skal betre
føresetnadane for ei styrka og samordna lokal og regional utvikling i alle deler av landet både
når det gjeld arealbruk, samfunnssikkerheit- og beredskap, transport, næring, miljø og klima,
og også den sosiale utviklinga i kommunen. Det er ønskeleg at kommunegrensene i større
grad er tilpassa naturlege bo- og arbeidsmarknadsregionar.
3. Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar
Større kommunar vil ha større ressursgrunnlag og kan også ha ei meir variert befolknings- og
næringssamansetting. Det gjer kommunane meir robuste overfor uføresette hendingar og
utviklingstrekk. Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar vil legge til rette for ein meir
effektiv ressursbruk innanfor avgrensa økonomiske rammer.
4. Styrke lokaldemokratiet og gje større kommunar fleire oppgåver
Større og meir robuste kommunar kan få fleire oppgåver. Dette vil gje auka makt og mynde til
kommunane, og dermed auka lokalt sjølvstyre. Større kommunar vil også redusere behovet
for interkommunale løysingar. Færre og større kommunar som gjennomfører ein
velferdspolitikk i høve til nasjonale mål, vil redusere behovet for statleg detaljstyring.
Kommunane vil slik få større fridom til å prioritere og til å tilpasse velferdstilbodet til
innbyggjarane sine behov.
Regjeringa sitt hovudmål er m.a. at kommunane skal slå seg saman til større, robuste einingar
som samsvarar med dei naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionane som har utvikla seg over
tid. Alle kommunane skal kunne løyse sine lovpålagde oppgåver sjølve og levere gode
likeverdige tenester. Det skal bli mindre behov for interkommunale løysingar og statleg
detaljstyring.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sette 3. januar 2014 ned eit ekspertutval som på
fritt fagleg grunnlag skulle foreslå kriterier som har noko å seie for oppgåveløysinga i
kommunane. Utvalet leverte 31. mars 2014 delrapporten «Kriterier for en god
kommunestruktur».
«Ekspertutvalet» tilrådde at for at kommunane skal kunne løyse dagens oppgåver bør dei ha
minst 15-20.000 innbyggjarar. Utvalet peikar på at kommunar av ein slik storleik vil kunne
ivareta rolla som samfunnsutviklar, ved at kommunen si evne til å handtere samfunnsmessige
og arealmessige utfordringar blir vesentleg betre. Utvalet seier også at kommunar på 1520.000 innbyggjarar kan leggje grunnlag for fagmiljø som ivaretek kommunen si rolle som
demokratisk arena. Samla sett er utvalet si oppfatning at ein kommunestruktur med
minstestorleik på 15-20.000 innbyggjarar vil gi kommunar som løyser dagens oppgåver på ein
god måte for sine innbyggjarar, samfunnet og næringslivet.
I rettleiinga frå departementet heiter det:
«Kommunereformen er en velferdsreform. Det handler om bedre velferdstjenester der
folk bor, nå og i fremtiden, gode skoler, pleie og omsorg når vi blir eldre, trygge
barnehager for barna våre. Det handler også om hva som skal til for å ta vare på de
innbyggerne som trenger det aller mest; barn som trenger barnevernet, rusavhengige,
mennesker med psykiske helseutfordringer og de som faller utenfor.
Kommunereformen handler også om en bedre organisering i områder der både
innbyggere og næringsliv daglig krysser flere kommunegrenser, og der større
kommunar vil kunne gi en mer helhetlig og god planlegging til beste for
innbyggerne».
Så langt regjeringa sine vurderingar og bakgrunnen for desse.
Rammevilkår for oppgåveløysing
Under paraplyen «kommunereform» er det fleire vesentlege forhold som gjeld kommunane
sine rammevilkår som skal utgreiast i åra framover til og med 2017. Dette gjeld
kommunestrukturen, oppgåvene til kommunane og finansiering av kommunane. I tillegg er
det varsla ei regionreform som også skal finne si form i løpet av 2017. Alt dette vil påverke
vilkåra for oppgåveløysing, og det er vanskeleg å vurdere konsekvensane av dette for Eid
kommune på dette tidspunktet.
Rådmannen vurderer det likevel slik at ein felles kommune for Eid og Gloppen ville gjort oss
betre rusta til å løyse dagens oppgåver fordi vi kunne styrka oss fagleg både med kapasitet og
kompetanse. Mange av fagmiljøa er i dag små og sårbare. Med ein storleik på ca 12.000 ville
vi også kunne ta på oss nye oppgåver i tillegg til dei meir enn 180 som i dag er lovpålagde. Vi
ville ha betre føresetnader for å samle oss om heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, og
vi ville få ein meir mangfaldig næringsstruktur. I nasjonal målestokk ville vi framleis vere ein
liten kommune, men i fylkesmålestokk ein større kommune. Vi ville framleis vere avhengig
av tett samhandling med dei andre Nordfjordkommunane for å løyse fleire av oppgåvene våre,
og ikkje minst vil vi vere avhengig av faglege nettverk. Vi må sjølvsagt vurdere kva som er
formålstenlege interkommunale samarbeid, men det er heilt klart at det er
samfunnsøkonomisk lønnsamt å ha ein del interkommunale samarbeid slik som vår region er
folkesett. Det vi må sikre er vilkår for god politisk og administrativ leiing og kontroll.
Den nye kommunen sin økonomi
Kommuneøkonomien set grenser for kva oppgåver kommunane kan ta på seg og korleis
oppgåvene blir løyste. Det er i dag ikkje råd å seie noko sikkert om økonomien til ein
kommune slått saman av Eid og Gloppen. Det vi veit er:
Nytt inntektssystem frå 2017
 Den 16. des 2015 sendte Kommunal- og regionaldepartementet (KMD) ut på høyring
forslag til nytt inntektssystem frå 2017, med høyringsfrist 1. mars 2016
 KMD presenterte sitt endelege forslag i kommuneproposisjonen for 2017 som blei
offentleggjort den 11. mai 2016
Hovudendringar
 Pkt 1: Nye kostnadsnøklar som gjev endring i utgiftsutjamninga
Alle kommunar mottek utgiftsutjamning ut frå 26 forskjellige kriterium. Desse vil få noko
endra vekting og endra samansetning frå 2017. Dette er ei endring/revidering som skjer om
lag kvart 4. år. Denne endringa vil samla sett slå om lag likt ut for Eid og Gloppen,
uavhengig av om ein er slått saman til ein kommune eller står kvar for seg.
 Pkt 2: Nytt strukturkriterium som gjev endring i basistilskotet
Alle kommunar mottek eit basistilskot som i 2016 utgjer kr 13,2 mill (likt pr kommune).
Dette er foreslått endra. Det vert rekna ut eit nytt strukturkriterium ut frå kor lang
gjennomsnittleg reiseavstand det er for ein innbyggjar i ein kommune for å nå 5000 personar.
Gjennomsnittet for alle kommunen sine innbyggjarar blir kommunen sin verdi. Eid kommune
sin verdi er 8,9 km og Gloppen sin verdi er 13,7 km. KMD har sett 25,4 km eller høgare som
avstandskriterium for å behalde fullt basistilskot. Har ein kortare avstand til 5000
innbyggjarar enn det fastsette avstandskriteriet, vil ein få tilsvarande %-vis trekk i
basistilskotet. Trekket som kommunane får, vil bli trekt av rammetilskotet og fordelt til alle
kommunane med eit likt beløp per innbyggjar.
Utslag for Eid og Gloppen ved å stå åleine frå 2017, utan vedtak om samanslåing
Kommunenes sentralforbund (KS) har i sin prognosemodell rekna ut at desse to kommunane
vil få følgjande trekk i rammetilskotet i 2017 som eit resultat av innføring av strukturkriteriet
som reduserar basistilskotet:
Kommune
Eid
Gloppen
Sum
Trekk i rammetilskotet frå 2017
kr -3 062 000
kr -1 768 000
kr -4 830 000
Utslag for ein ny kommune Eid+Gloppen med vedtak før 01.07.2016
Dersom Eid og Gloppen gjer vedtak før 01.07.2016 om å slå seg saman frå 2020, vil den nye
kommunen miste dei to basistilskota som kommunane har kvar for seg, og få 1 stk basistilskot
ut frå strukturkriteriet (avstand til 5000 innbyggjarar) for den nye kommunen. Vi har lite
opplysningar om rammestilskot og basistilskot for ei samanslått kommune frå 2020. KS har
prøvd å berekne kva trekket i rammetilskotet til den nye kommunen gjennom strukturkriteriet
vil bli frå 2020:
Kommune
Eid+Gloppen
Trekk i rammetilskotet frå
2020
kr -3 300 000
Som vi ser av disse to tabellane, så vil den nye kommunen få om lag kr 1,5 mill mindre i trekk
i rammetilskotet samanlikna med summen av trekket når kommunane står kvar for seg.
Med vedtak før 01.07.2016 om samanslåing vil kommunane sleppe trekket i ramme-tilskotet i
åra 2017-2019. Men som vist ovanfor, så vil det i staden kome inn eit trekk for den nye
kommunen frå 2020 og utover.
Inndelingstilskot og eingongstilskot
Ved vedtak innan 01.07.2016 om kommunesamanslåing frå 2020, vil den nye kommunen få
eit inndelingstilskot tilsvarande 1 stk basistilskot etter dagens inntektssystem (kr 13,2 mill)
som kompensasjon for at ein mistar eine basistilskotet. Dette inndelingstilskotet får
kommunen årleg i 15 år. Deretter blir det trappa ned til null med 1/5 dei neste 5 åra.
Dersom vedtak om samanslåing kjem etter 01.07.2016, vert inndelingstilskotet redusert til 1
stk basistilskot tilsvarande inntektssystemet frå 2017.
I tillegg til inndelingstilskotet vil den nye kommunen motta eit eingongstilskot på kr 25,0 mill
som reformstønad og til dekning av utgifter ved samanslåinga. Også dette tilskotet krev
vedtak før 01.07.2016 om samanslåing.
Regiontilskot
Kommunar som gjer vedtak om å slå seg saman, blir meir enn 10000 innbyggjarar og blir eit
nytt tyngdepunkt i regionen, vil kunne søke om å få tildelt eit ekstra tilskot for dette. Det skal
setjast av kr 200 mill årleg i statsbudsjettet til dette. Kva dette ville bli for Eid+Gloppen, er
vanskeleg å fastslå.
Eksempel:
Dersom 50 nye kommunar kjem under denne ordninga, og får midlane fordelt likt pr
kommune, så vert det kr 4 mill til den enkelte nye kommune.
Prosjektmidlar til bru Lote-Anda
Dersom Eid og Gloppen gjer vedtak innan 01.07.2016 om samanslåing, så vil ein få tildelt kr
5,0 mill som eingongstilskot til utviklingsprosjekt for bru Lote – Anda.
Innsparingspotensiale ved ei samanslåing?
Sidan det er vurdert som meir kostnadseffektivt å drive ein stor kommune enn ein liten
kommune vil inntektene gå ned frå år 15 etter samanslåing.
Det vil vere fleire faktorar som avgjer kva og kor mykje effektiviseringsgevinstar det er
mogeleg å ta ut ved ei kommunesamanslåing. Dei vala kommunane tek med omsyn til
organisering av administrative funksjonar vil mellom anna vere viktige.
Ei kommunesamanslåing kan gje grunnlag for å hente ut stordriftsfordelar ved meir effektiv
administrasjon og tenesteproduksjon. Erfaringane frå tidlegare kommunesamanslåingar viser
at det er størst effektiviseringspotensiale for ein administrativ og politisk organisasjon, og at
ein unngår doble funksjonar, oppgåver, rutinar og system på ulik område.
Dei minste kommunane har klart høgare utgifter per innbyggjar, noko som gjer at det er størst
effektiviseringspotensiale i det å slå saman små kommunar. Når ein nærmar seg
kommunestorleikar på 15-20 000 tusen innbyggjarar, viser det seg at stordriftsfordelane knytt
til administrasjon i stor grad er realisert. (Telemarksforsking).
I tillegg til innsparing i administrasjon vil ein samanslått kommune også kunne hente ut
innsparingsgevinstar på tenesteområda gjennom realisering av stordriftsfordelar og
harmonisering av utgiftsnivået. Ein skal ikkje undervurdere innsparingspotensialet innan
tenesteområda, men erfaringar tilseier at det er vanskeleg å hente ut direkte økonomiske
effektiviseringsgevinstar for førstelinjetenester, spesielt for tenester der nærleik til
innbyggjarane er viktig.
Korleis skal vi løyse oppgåvene om vi held fram som eigen kommune?
Det har vore eit mål for rådmannen gjennom denne prosessen å syte for at vi styrkar vilkåra
våre for å utvikle Eid og Nordfjord som region uavhengig av kva resultatet av
kommunestrukturdrøftingane blir. Vi har i dag eit omfattande og svært strukturert fagleg
samarbeid mellom kommunane på dei fleste av tenesteområda våre. I tillegg har vi mange
interkommunale samarbeid som er organiserte på ulike måtar (sjå utgreiingsdokumentet
kap.10). Desse vil vi i liten grad kunne avvikle sjølv om Eid og Gloppen skulle slå seg saman.
Både dei formaliserte samarbeida og dei faglege nettverka er svært sårbare om nokon vel å
melde seg ut. Det er etter rådmannen si vurdering svært viktig at desse held fram. Dersom
endringar i kommunestrukturar skulle føre til at kommunar endrar si regiontilknyting, så vil
fleire tenesteområde bli skadelidande. Ikkje minst gjeld dette grunnlag for legevaktsamarbeid
og helsetenester lokaliserte til Nordfjord sjukehus.
Eid kommune leverer i dag gode tenester til innbyggjarane på dei fleste område. Vi har ein del
utfordringar, men desse meiner vi at vi skal kunne løyse slik situasjonen er i dag.
Kommunebarometeret måler kommunane på 124 faktorar innanfor 12 sektorar. Eid kommune
fekk 11. plass i 2015. Dette barometeret viser også at vi er av dei dårlegast finansierte
kommunane i landet (399. plass), og vi er svært kostnadseffektive. Dette betyr at vi leverer
gode tenester for lite pengar. Dette betyr også at det er svært krevjande å finne innsparingar
som monnar i drifta. Dersom vi ikkje lukkast med positive vedtak om samanslåing med
Gloppen, så vil vi risikere å få reduserte overføringar på ca 3 mill frå 2017. Eid kommune har
eit ønskje om å bli større, men er avhengig av å bli samde med Gloppen om dette. Det vil
difor opplevast som svært urimeleg å få reduserte overføringar dersom vi ikkje lukkast med ei
samanslåing.
Vi vil bli sett under eit økonomisk press om vi blir ståande aleine. Vi vil måtte møte auka
trong for tenester med mindre menneskelege og økonomiske ressursar. Dette vil setje
strukturar under press. Det er framleis eit inntektspotensiale i å auke eigedomsskatten, men
prisen for dette er det sjølvsagt innbyggjarane som må betale. Eid kommune har på mange
måtar naturlege kommunegrenser når vi tenkjer på korleis folk bur og korleis tenester og
tilbod er organisert. Kvardagskommunen for folk flest er innanfor kommunegrensa. Når det
gjeld arbeidsplassar så er det både ut- og innpendling i heile regionen (omtale i
utgreiingsdokumentet).
Vi klarer ikkje å oppfylle godt nok alle måla for kommunereforma ved å bli ståande aleine.
Ein veg å gå er å auke det interkommunale samarbeidet og styrke strukturane for dei faglege
nettverka. Nordfjordrådet sin strategi- og handlingsplan har som eitt av sine satsingsområde å
bidra til regionsutvikling gjennom satsing på ein fleirkjernestruktur. Dersom det skulle vise
seg å ikkje bli dei store endringane i kommunestrukturen i Nordfjord, så er det rådmannen si
vurdering at det er tid for å satse målretta. Det er då også viktig at det blir kontinuitet i
koordineringa av både det politiske og faglege arbeidet i regionen. Vi må som før nemnt
sjølvsagt vurdere nøye kost/nytte. Vi må kunne styre og ikkje berre «halde styr på».
På bakgrunn av denne saksutgreiinga og vurderingane, så meiner rådmannen at
kommunestyret bør godkjenne intensjonsavtalen datert 22.02.16 og seie ja til samanslåing
med Gloppen kommune.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret i Eid godkjenner intensjonsavtalen mellom Eid og Gloppen slik den
ligg føre og seier ja til samanslåing av kommunane frå 01.01.2020.
2. Kommunestyret ønskjer at Nordfjordrådet styrkar samarbeidet i regionen gjennom å
satse på regionsutvikling basert på ein fleirkjernestruktur. Det må etablerast
forpliktande avtalar og kontinuitet i drifta av regionrådet slik at det også er mogleg å
koordinere det faglege samarbeidet betre enn i dag.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
Fellesframlegg til vedtak frå Venstre, Ap, Høgre, Krf og Frp:
1. Kommunestyret i Eid godkjenner intensjonsavtalen mellom Eid og Gloppen slik den ligg
re, og eier a til a an l ing a ko
nane r
. .
.
2. Kommunestyret i Eid syner til det stadig meir omfattande interkommunale samarbeidet i
Nordfjord. Kommunestyret meiner analysearbeidet i kommunereform-prosessen syner at
større kommuner er ønskjeleg for å sikre gode tenester, sterke fagmiljø og god
kommuneøkonomi i framtida - samt å utvikle Nordfjord vidare som felles bu- og
arbeidsmarknadsregion. Kommunestyret i Eid meiner ut frå dette at kommunesamanslåing i
Nordfjord til ein eller fleire nye kommunar er ønskjeleg for å nå måla med
kommunereformen. Den beste løysinga dersom det ikkje blir vedtak om
kommunesamanslåing Eid/Gloppen vil vere at Nordfjord blir samla til ein kommune.
3. Kommunestyret er positive til at Eid deltek i vidare sonderingar med nabokommunane ut
frå konklusjonane i pkt 2 dersom ikkje Gloppen seier ja til intensjonsavtalen med Eid.
Dersom det skulle bli aktuelt med nye forhandlingar med nabokommunar, skal det først
leggast føre formannskapet i Eid for avgjerd om evt oppstart av forhandlingar.
4. I påvente av evt. ny kommunestruktur i Nordfjord ønskjer kommunestyret at
Nordfjordrådet styrkar samarbeidet i regionen gjennom å satse på regionsutvikling basert på
ein fleirkjernestruktur, og meir forpliktande samarbeid enn i dag. Det må etablerast
forpliktande avtalar og kontinuitet i drifta av regionrådet slik at det også er mogleg å
koordinere det faglege samarbeidet betre enn i dag. 5. Kommunestyret ser det som uakseptabelt at Eid kommune kan bli trekt i rammetilskot i
2017 etter å ha fatta eit positivt vedtak om kommun a an l ing innan ri ten . ni
6.
Det vil ha konsekvensar for tenestene i Eid som er stikk motsette av det som er målet med
kommunereformen. Eid ber Fylkesmann, Regjering og Storting sikre at kommuner som fattar
positive vedtak om kommunesamanslåing ikk e lir tra a i et n e inntekt
te et.
Det vart røysta alternativt over rådmannen si tilråding og pkt 1-4 i det alternative
fellesframlegget. Pkt 1-4 vart vedteke med 7 røyster.
Det vart røysta over pkt 5 i fellesframlegget som vart samrøystes vedteke.
F-073/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Kommunestyret i Eid godkjenner intensjonsavtalen mellom Eid og Gloppen slik den ligg
re, og eier a til a an l ing a ko
nane r
. .
.
2. Kommunestyret i Eid syner til det stadig meir omfattande interkommunale samarbeidet i
Nordfjord. Kommunestyret meiner analysearbeidet i kommunereform-prosessen syner at
større kommuner er ønskjeleg for å sikre gode tenester, sterke fagmiljø og god
kommuneøkonomi i framtida - samt å utvikle Nordfjord vidare som felles bu- og
arbeidsmarknadsregion. Kommunestyret i Eid meiner ut frå dette at kommunesamanslåing
i Nordfjord til ein eller fleire nye kommunar er ønskjeleg for å nå måla med
kommunereformen. Den beste løysinga dersom det ikkje blir vedtak om
kommunesamanslåing Eid/Gloppen vil vere at Nordfjord blir samla til ein kommune.
3. Kommunestyret er positive til at Eid deltek i vidare sonderingar med nabokommunane ut
frå konklusjonane i pkt 2 dersom ikkje Gloppen seier ja til intensjonsavtalen med Eid.
Dersom det skulle bli aktuelt med nye forhandlingar med nabokommunar, skal det først
leggast føre formannskapet i Eid for avgjerd om evt oppstart av forhandlingar.
4. I påvente av evt. ny kommunestruktur i Nordfjord ønskjer kommunestyret at
Nordfjordrådet styrkar samarbeidet i regionen gjennom å satse på regionsutvikling basert
på ein fleirkjernestruktur, og meir forpliktande samarbeid enn i dag. Det må etablerast
forpliktande avtalar og kontinuitet i drifta av regionrådet slik at det også er mogleg å
koordinere det faglege samarbeidet betre enn i dag. 5. Kommunestyret ser det som uakseptabelt at Eid kommune kan bli trekt i rammetilskot i
7 etter a atta eit po iti t e tak o ko
n a an l ing innan ri ten . ni
6. Det vil ha konsekvensar for tenestene i Eid som er stikk motsette av det so er
målet med kommunereformen. Eid ber Fylkesmann, Regjering og Storting sikre at
kommuner som fattar positive vedtak om kommunesamanslåing ikkje blir straffa i det nye
inntekt
te et.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
22.06.2016
Saksnr
074/16
Arkiv: 060
Objekt:
Saksansv.
OST
OST
Arkivsaknr
16/1016
Digitaliseringsstrategi for Nordfjordkommunane 2016 - 2020
Prenta vedlegg:
 Digitaliseringsstrategi for Nordfjordkommunane 2016 – 2020
 IKT-strategi for Nordfjordkommunane 2016 – 2020
 IKT-strategi for Nordfjordkommunane 2016 – 2020, adm. vedtak Eid kommune
Bakgrunn for saka:
Nordfjordkommunane har samarbeidd tett om digitalisering dei siste 15-20 åra. Strategien for
dette arbeidet har vore politisk forankra i alle kommunane. Det er no utarbeidd ein revidert
strategi for 2016-2020 som med dette vert lagt fram til politisk behandling i dei sju
Nordfjordkommunane.
Saksutgreiing:
Digitaliseringsstrategien er ei skildring av kommunane sine mål og strategiar på korleis
tenester og informasjon skal vere tilgjengeleg digitalt for både innbyggjarar og tilsette i
kommunane. Denne er basert på godkjente kommuneplanar og andre føringar frå
kommunane, myndigheiter og andre offentlege instansar.
Basert på Digitaliseringsstrategien er det utarbeida ein IKT-strategi med alle teknologiske
tilhøve knytt til IKT. IKT-strategien er strukturert med skildringar av dei teknologiske områda
med tilhøyrande konkretisering av mål og strategiske aktivitetar for gjeldande strategiperiode.
Digitaliseringsstrategien er det overordna og politiske styringsdokumentet, medan IKTstrategien skal vere det operative styringsdokumentet, og IKT-handlingsplanane skal dekke
dei operative tiltaka. IKT-strategien og IKT-handlingsplanar vert vedtekne og rullert
administrativt av rådmann. For å sikre samanheng gjennom dei ulike nivåa i
strategidokumenta er det sett referansar i IKT-strategien til Digitaliseringsstrategien, og i
IKT-handlingsplanane til IKT-strategien.
Basert på IKT-strategien skal det utarbeidast IKT-handlingsplanar for gjennomføring av
definerte prosjekt, og andre ikkje-prosjektrelaterte tiltak.
Tiltak i IKT-handlingsplanane for IKT-relaterte prosjekt skal nytte Direktoratet for
forvaltning og IKT sin anbefalte prosjektmodell for gjennomføring av digitaliserings prosjekt.
Tiltak i IKT-handlingsplanane for ikkje-prosjekt skal definerast og gjennomførast etter nærare
avtale mellom eigar og ansvarleg for aktiviteten.
Digitaliseringsstrategi kontra IKT-strategi
Det er viktig å skilje mellom Digitaliseringsstrategi og IKT-strategi. Ein digitaliseringsstrategi
har fokus på korleis IKT kan gjere tilgangen til tenester og informasjon lettare - og slik bidra
til at vi arbeider smartare - medan ein IKT-strategi legg vekt på teknologiske føringar og
kompetansebehov innanfor IKT området.
Forankring
Digitaliseringsstrategien for 2016-2020 baserer seg på "Digitaliseringsprogram for
Nordfjordkommunane 2014 – 2017" og erstattar attverande gyldigheitstid for denne, samt ei
utviding til år 2020. Strategien skal bygge på dei gjeldande kommuneplanane og andre
føringar og behov som er kome fram gjennom strategiarbeidet. I tillegg gjeld alle relevante
lover, reglar og forskrifter relatert til datahandsaming. Digitaliseringsstrategien dannar
grunnlaget for vidare utvikling av IKT-strategien og IKT-handlingsplanar.
Digitaliseringsstrategien innrettar seg også etter behovet for eit meir samlande grep om IKTutviklinga i kommunesektoren. Ein viktig faktor her er å kunne legge til rette for betre
samordning ovanfor staten og mellom kommunane. Ei rekkje sentrale dokument peikar på
dette: Regjeringa sitt digitaliseringsprogram lagt fram i april 2012, i NOU 2013:2 "Hindre for
digital verdiskaping", Stortingsmelding 23: "Digital agenda for Norge" og KS sine vedtak
knytt til oppretting av Program for IKT-samordning i kommunesektoren (KommIT)
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Det er ikkje knytt utgifter til sjølve vedtaket om felles digitalseringsstrategi for
Nordfjordkommunane. Men skal vi følgje opp dei sentrale føringane for digitalisering av det
offentlege, må det settast av ressursar til dette i åra framover, både på mannskapssida og når
det gjeld løyvingar. Det same gjeld for oppfølginga av IKT-strategien. Desse løyvingane må
avklarast i dei årlege budsjetta.
Rådmannen si vurdering:
Kommune-Noreg står overfor store oppgåver når det gjeld digitalisering av dei kommunale
tenestene. Digitaliseringsstrategien som no blir lagt fram til godkjenning, er etter rådmannen
si vurdering eit godt utgangspunkt for arbeidet som vi er i gang med, men som det framleis
står mykje att av.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret i Eid godkjenner «Digitaliseringsstrategi for Nordfjordkommunane 2016 –
2020» slik den ligg føre.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-074/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET::
Kommunestyret i Eid godkjenner «Digitaliseringsstrategi for Nordfjordkommunane 2016 –
2020» slik den ligg føre.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Elin Leikanger
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
057/16
075/16
K21
Saksansv.
ELE
ELE
ELE
Arkivsaknr
16/1116
Klimasatsing - prioritering av tiltak
Prenta vedlegg:
Utlysing av tilskotsmidlar - Miljødirektoratet
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kva saka gjeld:
Saka gjeld prioritering og finansiering av aktuelle prosjekt for søknad om støtte frå
«Klimasats» og deltaking i Statens Vegvesen si sykkelsatsing.
Bakgrunn for saka:
Miljødirektoratet har lyst ut 100 millioner til klimatiltak i 2016. Formålet med ordninga er å
støtte klimatiltak i norske kommunar. Midlane skal gå til klimagassreduksjon og omstilling til
lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak. Delar av midlane kan gå til
planlegging og utgreiing av tiltak, og til nettverk og erfaringsdeling.
Nokre tiltak kan vere aktuelle for støtte frå andre statlege ordningar, til dømes frå Statens
vegvesen. Saka vil difor også omhandle tiltak og tilskotsordningar som inngår i vegvesenet si
sykkelsatsing.
Miljødirektoratet si klimasatsordning
Følgjande tiltak kan få støtte frå Klimasats:
Maks støttesum og maks andel
av totalkostnaden
Minste
søknadssum
Klimavenleg areal- og
transportplanlegging
1 million kroner, 50% for
klimarelatert tiltak/kompetanse
150 000,-
Klimavenleg transport gjennomføring av tiltak
7, 5 millioner kroner,
50% av totalkostnaden eller
75% av meirkostnad ved
innkjøp
150 000,-.
Klimagassreduserande tiltak i andre
sektorar - gjennomføring
7, 5 millioner kroner,
50% av totalkostnaden eller
75% av meirkostnad ved
innkjøp
150 000,-
Forprosjekt for klimagassredusande
tiltak - kome fra ord til handling
250 000,-,
60 % av totalkostnadene
25 000,-
Interkommunale nettverk for
kompetanseheving og erfaringsdeling
25 000,- per kommune
Minst 4
kommunar
saman
Klimavenleg areal- og transportplanlegging
Klimavennlig areal- og transportplanlegging reduserer transportbehovet, og legg til rette for at
ein auka del av reisene kan takast til fots, på sykkel eller med kollektivtransport. Økonomisk
støtte til klimavennlig areal- og transportplanlegging skal bidra til framtidsretta, klimavennlig
arealbruk gjennom gode arealplaner med ekstra klimafokus.
Eksempel:
 Innhente kompetanse til å utarbeide konkrete framlegg til gode klimaløysingar i
arealplanar
 Innhente kompetanse til å konkretisere særleg klimavennlege
mulighetsstudier/planvisjonar eller konkrete løysingar for byområde eller tettstadar
 Kartlegging av potensiale for klimagassreduksjon gjennom areal- og
transportplanlegging i eit område
 Utgreiing av konkrete plangrep for å redusere klimagassutslepp frå transport i eit
planområde
 Leige inn klimafagleg plankompetanse, eller dekke løn til ekstra kommunal eller
regional prosjektmedarbeidar som arbeider spesielt med klima i arealplanar
 Utgreiing av klimagrepa sine verknader på andre miljøområde
Klimavenleg transport - gjennomføring av tiltak
Støtte til klimavenleg transport skal bidra til redusert biltrafikk gjennom tilrettelegging for
auka kollektivtransport, sykkel og gange, og bidra til fossilfri kollektivtransport,
drosjetjenester, varelevering og biltransport i område der det ikkje er reelle alternativ til bil.
Tiltaket kan også omfatte haldningsarbeid, bilrestriktive tiltak og tiltak for å redusere
transportbehovet. Det er ein fordel om tiltaket er del av ein gjennomtenkt pakke, for eksempel
ein kombinasjon av bilrestriktive tiltak og tiltak som fremjer sykkel, gange og
kollektivtransport.
Eksempel:
 Tiltak som gir auka framkomst for kollektivtransport i konkurranse med
personbiltransport eller som på anna måte gjer det meir attraktivt å velge kollektivt
framfor bil
 Tiltak som gjer det meir attraktivt å nytte gang- og sykkelvegar som erstatning for
personbilreiser
 Gjennomføring av bilrestriktive tiltak som vil gjere kollektivtransport, gange og
sykkel relativt meir attraktiv
 Ladepunkt eller anna infrastruktur for fossilfrie driftsbiler, taxier, bussar,
vareleveringer og anleggsmaskiner
 Ladepunkt eller annen infrastruktur som stimulerer kommunetilsette og innbyggjarar
til fossilfri transport i område der kollektiv, sykkel og gange ikkje er gode alternativ.
 Etablering av energistasjoner.
 Etablering av plassar for bildeling.
 Bidrag til å dekke meirkostnad ved innkjøp av lav-/nullutsleppskjøretøy i kommunal
verksemd og innanfor kollektivtransport.
 Bidrag til å dekke meirkostnad når fylkeskommunar krev el, biogass eller hydrogen i
kollektivutlysing
Klimagassreduserande tiltak i andre sektorar – gjennomføring
Støtte skal bidra til reduserte klimagassutslepp i kommunal drift, tenesteyting eller
samfunnsutvikling, på områder som ikkje kjem inn under dei andre ordningane.
Eksempel:
 Klimatiltak i avfallssektoren
 Bidrag til å dekke meirkostnad ved klimavenlege innkjøp.
 Bidrag til å dekke meirkostnad for klimavenlege anleggsmaskiner i eigen eller innleid
maskinpark.
 Tiltak for å auke andel klimavenlege bygg i kommunen, for eksempel auka bruk av
materiale med lågt klimagassfotavtrykk.
 Tiltak innan jordbruk og skogbruk, for eksempel opplæringstiltak knytt til
gjødselhandtering.
 Utvikling av klimavenlege menyar i kommunal matservering.
Forprosjekt for klimagassredusande tiltak - kome fra ord til handling
Støtte til forprosjekt skal gå til å konkretisere og detaljplanlegge eitt eller fleire
klimagassreduserande tiltak i kommunen sin klima og energiplan, eller tiltak som på anna
måte peikar seg ut for klimagassreduksjon.
Tiltaket som skal prosjekterast bør vere realistisk å gjennomføre innan fem til sju år. Juridiske
avklaringer kan vere del av tiltaket. Kartlegging av klimakuttpotensialet i kommunen kan
også støttast.
Interkommunale nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling
Kommunane kan søkje tilskot til interkommunale nettverk for kompetanseheving,
erfaringsdeling og samarbeid om konkrete tiltak for klimagassreduksjon og omlegging til
lågutsleppssamfunnet. Midlane kan gå til å styrke eksisterande nettverk, eller bidra til nye
nettverk der det ikkje er eksisterande nettverk å bygge på. Både politikarar og administrasjon i
(fylkes)kommunar kan vere målgrupper. Nettverket kan ha aktivitetar for ei breiare rekke
interessentar, for eksempel næringsliv eller innbyggarar.
Statens vegvesen si sykkelsatsing
Statens vegvesen disponerer fleire aktuelle verkemiddel med sikte på auka sykkelbruk og
meir klimavenleg transport:
Tilskotsordning for auka sykling
Formålet med ordninga er å bidra til raskare gjennomføring av tiltak som aukar tilgjenge for
gåande og syklande. Til dømes kan ein søkje om løyving til gang- og sykkelvegar,
sykkelparkering, skilting og oppmerking frå denne ordninga.
Følgjande kriteria vert prioritert ved tildeling:
 Kommunar med sykkebyavtale
 Kommunar med vedteken plan for samanhengande gang- og sykkelvegnett
 Prosjekt nær skular
Sykkelbynettverket
Sykkelbynettverket er Statens vegvesen sitt faglege nettverk for kommunar og
fylkeskommunar som ønskjer å satse på sykkel. Både medlemskapen og dei fleste
arrangementa er gratis. Sykkelbynettverket tilbyr:



Nettverkssamlingar
Kurs i sykkelplanlegging
Studietur til utlandet
Sykkelbyavtale
Dette er avtalar der kommunar inngår eit trepartssamarbeid med fylkeskommunen og Statens
vegvesen om i ei definert periode å satse ekstra på tilrettelegging for auka sykkeltrafikk. Det
varierer frå kontrakt til kontrakt kva som skal gjerast. Men for å få ein sykkelbyavtale må
kommunen ha ein vedteken plan for eit hovudvegnett for sykkel.
Økonomiske konsekvensar:
Søknad om støtte vil utløyse krav om kommunal medfinansiering.
Vurdering:
Verkemidla frå Miljødirektoratet og Staten vegvesen opnar for eitt vidt spekter av satsingar.
Administrasjonen har ved si vurdering lagt vekt på å finne fram til prosjekt som kan vere med
å løyse kommunale utfordringar. Verkemidla frå Miljødirektoratet har klimagassreduksjon
som målsetjing, men tiltaka kan ha positiv effekt for mellom anna trafikktryggleik og
folkehelse.
Administrasjonen ønskjer å utarbeide to søknader om støtte frå klimasats:
 Klimavenleg areal- og transportplanlegging – utarbeiding av kommunal sykkelstrategi
 Tiltak for å auke andel klimavenlege bygg i kommunen – klimavenlege
omsorgsbustader
Søknader vil verte utarbeidde parallelt med politisk handsaming av denne saka, dette fordi
søknadsfrist til Klimasats er 23.06.2016.
Kommunal sykkelstrategi
Det vert no utarbeidd ein revidert kommunedelplan for veg og trafikktrygging, tilrettelegging
for auka bruk av sykkel i kvardagen og på fritida vert trekt fram som eit eige satsingsområde.
Medfinansiering frå Klimasats opnar for at det kan vere mogeleg å utarbeide ein samla
plan/strategi, som kan ligge til grunn for kommunen sine framtidige prioriteringar kring
klimavenleg transport. Aktuelle tema i ein slik plan kan vere:
-
-
-
Kompetanseutvikling
o Medlemsskap i sykkelbynettverket
Planlegging av hovudnett for sykkel
o Utarbeide temakart for turvegar og lokalnett
o Kartlegge behov for reguleringsplan
Trafikkregulerande tiltak
o Skuleområda
o Andre aktuelle område
Kartlegge behov for sykkelparkering
Haldingsskapande arbeid
o Kultur for bilkøyring, korleis endre haldningar
Kartlegge potensiell klimaeffekt ved dei ulike tiltaka
Det vert stilt krav om 50 % eigenfinansiering til denne typen tiltak. Administrasjonen gjer
framlegg om ei økonomisk ramme for prosjektet på kr 500.000. Eigendelen på kr 250.000 kan
finansierast med eige arbeid kr 100.000, rest kr 150.000 truleg må løyvast frå
disposisjonsfondet. Det er ikkje naudsynt å finansiere dette tiltaket før eventuell tilsegn om
støtte ligg føre.
Klimavenleg omsorgsbustader
Administrasjonen førebur i eiga sak oppstart av bygging av omsorgsbustader på Myroldhaug.
I denne saka vert det gjort greie for at Eid kommune no har høve til å etablere eit byggverk
som kan vere eit fyrtårn med omsyn til energibruk og lave utslepp av klimagassar. Dette kan
kommunen oppnå ved td å bygge i massivtre. Dette vil medføre auka kostnader, men
samtidig vil det vere mogleg å søkje støtte frå «Klimasats» der det kan vere mogleg å oppnå
inntil 75% av meirkostnaden desse tiltaka medfører. Administrasjonen har rekna
meirkostnaden ved ulike klima- og energitiltak til kr 4.000.000,- eks mva. Dette kan gje eit
tilskot på inntil kr 3.000.000,-. Konkrete klimatiltak i dette prosjektet vert å kome attende til
som del av arbeidet med utarbeiding av rom- og funksjonsprogram
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Eid kommune melder seg inn i Statens vegvesen sitt sykkelbynettverk
2. Det vert søkt om tilskot frå Klimasats til følgjande tiltak:
a. Kommunal sykkelstrategi
b. Klimavenlege omsorgsbustader
3. Finansiering av kommunen sin eigendel i prosjekta vert å kome attende til dersom tilskot
vert innvilga.
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-057/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
1. Eid kommune melder seg inn i Statens vegvesen sitt sykkelbynettverk
2. Det vert søkt om tilskot frå Klimasats til følgjande tiltak:
a. Kommunal sykkelstrategi
b. Klimavenlege omsorgsbustader
3. Finansiering av kommunen sin eigendel i prosjekta vert å kome attende til dersom tilskot
vert innvilga.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-075/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET::
1. Eid kommune melder seg inn i Statens vegvesen sitt sykkelbynettverk
2. Det vert søkt om tilskot frå Klimasats til følgjande tiltak:
a. Kommunal sykkelstrategi
b. Klimavenlege omsorgsbustader
3. Finansiering av kommunen sin eigendel i prosjekta vert å kome attende til dersom
tilskot vert innvilga.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Formannskapet
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
16.06.2016
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandler: Elin Leikanger
Saksnr
063/16
076/16
Arkiv: 141
Objekt:
Saksansv.
TNT
TNT
Arkivsaknr
15/932
Kommunedelplan for veg og trafikktrygging - utlegging til offentleg
ettersyn
Prenta vedlegg:
Framlegg til kommunedelplan for veg og trafikktrygging 2017-2029
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Plan- og bygningslova (pbl.)
Kva saka gjeld:
Offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for veg og trafikktrygging 2017-2029.
Bakgrunn for saka:
Formannskapet sitt vedtak om oppstart (F-sak 111/15) og vedtak av planprogrammet (F-sak
143/15) ligg til grunn for arbeidet med kommunedelplanen
Saksutgreiing:
Kommunedelplan for veg og trafikktrygging er utarbeidd meg grunnlag i same plan for
perioden 2012-2015. Den gongen vart planen vedteken for berre 4 år. Framlegg til ny plan vil
gjelde for 12 år, med ein handlingsdel som omfattar dei 4 første åra i planperioden. Det er
berre gjort mindre endringar i tekstdelen, medan handlingsdelen er omarbeidd.
Prioriterte tiltak i handlingsdelen er tilpassa kommunen sine ressursar, med løyvingar på nivå
med det som har vore vanleg dei siste åra. Handlingsdelen skal reviderast årleg i samband
med politisk handsaming av kommuneplanen sin handlingsdel, årsbudsjett og økonomiplan.
Økonomiske konsekvensar:
Prioriteringar i handlingsdelen vil gje økonomiske konsekvensar. Prioriteringar av
investeringstiltak på vegnettet vil verte gjort i samsvar med handlingsdelen.
Vurdering:
Rådmannen tilrår at planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14, vert framlegg til kommunedelplan for veg og
trafikktrygging 2017-2029, lagt ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre.
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-063/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14, vert framlegg til kommunedelplan for veg og
trafikktrygging 2017-2029, lagt ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-076/16 VEDTAK:
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14, vert framlegg til kommunedelplan for veg og
trafikktrygging 2017-2029, lagt ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Eid ungdomsråd
Eid råd for funksjonshemma
Eid Eldreråd
Helse-og sosialutval
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Linda Gotteberg
SAKSGANG
Møtedato
07.06.2016
08.06.2016
08.06.2016
09.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
021/16
012/16
022/16
025/16
077/16
F60
Saksansv.
KKR
KKR
KKR
LGO
KKR
KKR
Arkivsaknr
16/713
Godkjenning av Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-2020 for Eid
kommune.
Prenta vedlegg:
Framlegg til Rusmiddelpolitisk handlingsplan, 2016-2020.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Lov av 02.06.89, nr 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v sist endra 01.01.16
 Lov av 24.06.11, om kommunale helse og omsorgstenester m.m
 Lov av 34.06.11, om folkehelsearbeid
 Veileder for rusmiddelpolitisk handlingsplan, IS-1362
 Håndbok i alkoholloven m.v.-Rundskriv IS-5/2008
Kva saka gjeld:
Godkjenning av Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020
Bakgrunn for saka:
I samsvar med krav i alkohollova er kommunen pålagd å utarbeide ein alkoholpolitisk
handlingsplan. Denne skal rullerast kvar kommunestyreperiode.
Saksutgreiing:
Planprosess; 31.03.16 inviterte kommunen alle aktuelle aktørar i næringslivet og i offentlege
tenester inn til eit innspelsmøte.
Framlegg til revidert plan vart lagt ut på kommunen sine heimesider 09.05.16 og annonse i
Fjordabladet 12.05.16, med høyringsfrist 31.05.2016.
Planframlegget vart sendt ut til følgjande høyringsinstansar etter liste, sjå vedlegg
Høyringsfråsegner:
1. følgjande innspel er komne inn før planen vart lagt ut på høyring
 Frivilligsentralen; Det er viktig å gje ut ryddig og lettlest informasjon, bruke
enkle søknadsskjema for å søkje om ambulerande skjenkeløyve, kommunen
må ha enkle rutinar og ikkje for korte fristar. Frivilligsentralen vil fortsette å
drive førebyggande arbeid, nattevandringsordninga vil halde fram.
 Rema 1000 ynskjer lengre salstider for alkoholhaldig drikk i butikk.
 Fleire skjenkestader ynskjer lengre skjenketid i helgane. Jfr søknader om
fornya skjeneløyver
2. Følgjande fråsegner er komne inn i høyringsperioden
 Politi og Nav har ingen merknader til den nye planen.
 Eit innspel ifht om sterkøl bør nemnast spesielt.
Vedlagde framlegg er i tråd med førre Rusmiddelpolitiske handlingsplan
Rusmiddelpolitisk del er redigert på bakgrunn av statistikk og forsking.
I Løyvepolitisk del er det ikkje gjort endringar. Alkohollova regulerer den løyvepolitiske
delen av planen. I framlegg til ny plan vert eksisterande opningstider for sal og skjenking av
alkoholhaldig drikk vidareførte.
Trender for Eid kommune: sal av alkohol jfr statistikk s. 12. i rusplanen.
Alkoholomsetninga i Eid har gått ned dei siste åra. Skjenkestadane har hatt nedgang i
omsetning av både øl og brennevin, men vinskjenking har vore stabil\aukande, målt i tal
vareliter.
Økonomiske konsekvensar:
Det er ingen endringar i gebyr i høve til den førre planen, Alkohollova regulerer storleiken på
gebyra.
Vurdering:
Hovudmålet for planen er å oppnå ein størst mogleg reduksjon i sosiale- og helsemessige
skader av rusmiddelbruk i Eid kommune. Administrasjonen tilrår å vidareføre same
retningslinene for sal og skjenking som i førre plan, med bakgrunn i den i positive utviklinga
og trendane vi ser i Eid kommune.
Studiar av informasjons- og haldningsskapande tiltak som kampanjar i media og skulebaserte
tiltak viser i hovudsak ingen effekt på alkoholbruk eller relaterte problem.
Men å regulere pris og tilgjenge til alkohol har vist seg å ha god effekt på så vel alkoholsalet
som på alkoholrelaterte problem og skadar. Jfr SIRUS-Rapport nr 5/2010.
Alkohollova angir normaltider og maksimaltider for sal og skjenking av alkohol, den enkelte
kommune kan vedta sals og skjenketider som er meir begrensa eller utvida i forhold til
normaltidene, så lenge dei er innanfor maksimaltidene. Internasjonal forsking viser at utvida
skjenketider gir ein auke i problem knytte til vald, trafikkulukker og alkoholforgifting.
Redusert omsetning på skjenkestadene er i helsepolitisk perspektiv ei positiv utvikling, men
skjenkestadene meiner sjølve at dette skapar problem for dei som næringsverksemder.
Næringslivet ynskjer å utvide salstidene for øl i butikk til kl 18.00 på laurdagar og til kl 20.00
på kvardagar.
 Nytt av året er framlegg om at løyveperioden og dermed planperioden vert endra frå
oppstart 01.07 til 01.10 i året etter val på nytt kommunestyre. Dette med tilvising til
lovendringar som seier at løyve kan gjevast for 4 år av gongen med opphøyr seinast
30.09 året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Lova opnar i tillegg for at løyve ikkje
lengre er tidsavgrensa, men kommunen må i tilfelle sette inn kontrolltiltak tilsvarande
dei som gjeld ved sakshandsaming for ny løyveperiode.
 Etter endring i alkohollova vert forbodet mot sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 på
stemmedagane for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemming
fjerna. Vinmonopolet som framleis har forbod om sal på julafta.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Framlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016 til 2020 vert vedteken slik den ligg
føre.
07.06.2016 EID UNGDOMSRÅD
EUR-021/16 VEDTAK:
Eid ungdomsråd har følgjande innspel til Framlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan for
2016 til 2020:
1. Ungdomsrådet tykkjer at rådet skal verte involvert tidlegare i planprosessen.
2. Ungdomsrådet tykkjer det er mangelfull informasjon om følgjande:
a) rusposten (kva slags innverknad har institusjonen på russituasjonen i Eid?)
b) fleire type rus (t.d. anabole steroida)
c) rusmisbruk og utfordringar i trafikken
d) meir generelt om russituasjonen i Eid
3. Ungdomsrådet set spørjeteikn ved uttala i saksvurderinga, «Studiar av informasjonsog haldningsskapande tiltak som kampanjar i media og skulebaserte tiltak viser i
hovudsak ingen effekt på alkoholbruk eller relaterte problem». Dette er mykje brukte
tiltak blant ungdom. Samstundes legg planen stor vekt på å avgrense tilgang på
rusmiddel. Tilgangen i kommunen har vore uendra dei siste 10 åra. Statistikken vist i
planen syner at ungdom sitt bruk er kraftig redusert. Ungdomsrådet tykkjer nemnde
tiltak (fokus) ikkje står i samsvar med utviklinga og korleis ein har jobba hittil i
kommunen.
4. Ungdomsrådet tykkjer at planen skal ha større fokus på å nytte sosiale media innan
førebygging.
08.06.2016 EID ELDRERÅD
EER-022/16 VEDTAK:
Eldrerådet meiner at funna med omsyn til eldre og auka bruk av alkohol er urovekkande, er
dette tilfelle på Eid, kva kan eventuelt årsaka vere? Dette bør verte følgt opp av kommunen.
08.06.2016 EID RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA
ERF-012/16 VEDTAK:
Eid råd for funksjonshemma saknar meir informasjon om korleis rusutfordringane er blant
menneske med nedsett funksjonsevne. Universell utforming skal vere ein del av kriteria for at
ein skjenkestad skal få skjenkeløyve. Rådet etterlyser også meir informasjon om andre type
rusmidlar (t.d. anabole steroid).
09.06.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL
Framlegg frå Rolf Lefdal, Eid Sp: Pkt 6.3.2 i Ruspolitisk handlingsplan. Salstid for øl skal
vere til kl 20 på kvardagar, og til kl 18 på laurdagar.
Framlegget vart vedteke mot 3 røyster
Framlegg frå Berner Midthjell om endring i pkt 5: Stryke 5-talet i ambulerande skjenkeløyve.
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Det vart til slutt røysta over samla plan, med vedtekne endringar. Vedtaket var samrøystes.
HSO-025/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Framlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016 til 2020 vert vedteken slik den ligg
føre, med følgjande endringar:
 Pkt 6.3.2 i Ruspolitisk handlingsplan. Salstid for øl skal vere til kl 20 på kvardagar, og
til kl 18 på laurdagar.
 endring i pkt 5: Stryke 5-talet i ambulerande skjenkeløyve.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
Framlegg frå Sissel Ommedal (Krf):
Framlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016 til 2020 vert vedteken slik den ligg
føre.
Det vart røysta alternativt over innstillinga frå helse- og sosialutvalet og framlegget frå Sissel
Ommedal. Framlegget frå Sissel Ommedal fekk 7 røyster og vart vedteke.
Endringsframlegg frå Siri Sandvik (Ap).
Endring i pkt 5: Stryke 5-talet i ambulerande skjenkeløyve.
Det vart røysta over endringsframlegget frå Arbeiderpartiet som fekk 4 røyster og fall.
F-077/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Framlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016 til 2020 vert vedteken slik den ligg
føre.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Helse-og sosialutval
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Kari Krogh
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
027/16
078/16
F15
Saksansv.
KKR
KKR
KKR
Arkivsaknr
16/1137
Flora kommune - samarbeidsavtale med Eid kommune om krisesenter
Prenta vedlegg:
 Evalueringsrapport av samarbeidsavtale. Krisesenteret i Sogn og Fjordane 2015
 Vedtak i KS sitt fylkesstyre 23.06.15 om evalueringsrapporten og vidare
vertskommuneavtale
 Framlegg til revidert avtale mellom kvar kommune og Flora kommune om
interkommunalt krisesentertilbod
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Lov om kommunalt krisesentertilbod av 19.06.2009, § 1 - § 10
Kva saka gjeld:
Godkjenning av revidert samarbeidsavtale med Flora kommune om interkommunalt
krisesentertilbod.
Bakgrunn for saka:
Kommunane i Sogn og Fjordane vedtok i 2011 at dei skulle inngå eit samarbeid med Flora
kommune om krisesentertilbod (K-sak 144/11 i Eid kommune). Det er denne avtalen som no
skal reviderast. Saka skulle vore handsama hausten 2015, men av ulike årsaker
(administrative) vert den ikkje handsama før i juni 2016.
Saksutgreiing:
Krisesenterrørsla starta opp sitt arbeid på grunnlag av engasjement og initiativ, og hadde i
mange år ein lite føreseieleg økonomi. Drifta var avhengig av omfattande innsamlingar av
midlar, tilskot frå fylkeskommunen og Helse Vest, og av statstilskot som vart utløyst av eit
visst kommunalt tilskot.
Behovet for å kunne tilby eit skjerma bu- og oppfølgingstilbod til personar som er utsette for
vald i nære relasjonar auka, og det vart behov for ein tryggare økonomi.
Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane etablerte sitt første butilbod i Florø i 1985. I 2011
flytta dei inn i nytt hus, bygd for dette spesielle føremålet.
Med ny krisesenterlov gjeldande frå 01.01.10, er alle kommunar pålagde å ha eit
krisesentertilbod. Målet er å sikre eit heilskapleg tilbod til kvinner, menn og barn som er
utsette for vald, eller trugslar om vald i nære relasjonar. Kommunane kan løyse oppgåva
åleine eller gjennom interkommunalt samarbeid.
Alle kommunane i Sogn og Fjordane har etter kvart slutta seg til ei interkommunal løysing
med Flora som vertskommune. Flora valde å kjøpe tenesta frå stiftinga Krisesenteret i Sogn
og Fjordane. Gjeldande avtale går fram til 31.12.15.
Samarbeidsutvalet for krisesenteret har representantar frå Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og
HAFS, i tillegg til ein representant frå vertskommunen Flora. I tillegg har dagleg leiar ved
krisesenteret møte- og uttalerett. Samarbeidsutvalet har evaluert gjeldande samarbeidsavtale
og kjem med framlegg til mindre justeringar i teksten, jfr vedlagde rapport og framlegg til
avtale.
Evalueringa syner at samarbeidsutvalet er nøgd med tenestene som krisesenteret leverer, og at
informasjonen som dagleg leiar jamleg gjev er utfyllande og presis. Drifta av senteret
fungerer etter føresetnadene, og samarbeidet med vertskommunen er godt. Flora kommune
samarbeider med senterleiinga om utarbeiding av årleg budsjett og økonomiplan, der
samarbeidsutvalet sine synspunkt og innspel er med. Styret for stiftinga vedtek endeleg
budsjett.
Eitt tema har vore om det ville vere meir føremålstenleg at vertskommunen drifta
krisesenteret i kommunal regi. Vertskommunen vurderer det slik at det er lite å spare på
kommunal drift framfor å kjøpe tenester frå krisesenteret.
Samarbeidsutvalet sin konklusjon om at det ikkje er mogleg korkje å oppløyse eller overdrage
verksemda Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane med sikte på vidare kommunal drift,
vert støtta av fylkesstyret i KS.
Som det går fram av vedlegg, tilrår fylkesstyret at samarbeidskonstellasjonen som er etablert
mellom Krisesenteret og kommunane v/Flora kommune som vertskommune, vert vidareført.
Fylkesstyret oppmodar vidare om at kommunane takkar ja til ein representant i styret for den
ideelle stiftinga.
Økonomiske konsekvensar:
Av vedlagde framlegg til avtale går det fram at:
 Budsjettet tek utgangspunkt i ei totalramme på 7,2 mill. kr i 2011, oppjustert med
årleg deflator i budsjettet
 Om det oppstår særskilte situasjonar er det opning for å endre ramma, noko som
vertskommunen må drøfte i samarbeidsutvalet, t.d. endringar som følgje av ei
lovendring
 Ramme for tenestekjøpet vert avklart av vertskommunen og sendt til samarbeidande
kommunar innan 31.07. kvart år
 Kostnadsdelinga mellom kommunane skjer ved ei fordeling av totalbudsjettet etter den
einskilde kommune sin indeks for rammetilskot frå staten (dvs. folketal).
Vertskommunen føretek fordelinga mellom kommunane
 Evt. behov for økonomisk sosialhjelp under opphald på krisesenteret er
heimkommunen sitt ansvar.
 Når det er semje om at det er uaktuelt for brukar å busetje seg i heimkommunen, skal
denne dekkje visse kostnader knytte til busetting i vertskommunen.
 Heimkommunen er ansvarleg for evt. transportskostnader knytte til opphald på
krisesenteret
Oppseiingstida for avtalen er eitt år og følgjer budsjettåret.
Kostnadene som ligg i budsjettet 2016 for Eid kommune er på kr 448 000,(ansvar 1110, teneste 23320, art 23320) , av eit bruttobudsjett på 8,4 mill. kr.
På grunn av anonymitetskrav vert det ikkje levert ut opplysningar om kor mange brukarar frå
kvar kommune som nyttar seg av tilbodet, men det vert lagt fram regionstatistikk, der tala frå
2015 viser følgjande:
 63 bebuarar frå Nordfjord av totalt 328, dvs. 19,2%
 Tala varierer frå år til år. Det er også store variasjonar i lengda på opphaldet
Vurdering:
Eid kommune vil ikkje kunne greie å innfri krava i krisesenterlova utan å delta i eit
interkommunalt samarbeid, jfr. kostnader, kontinuitet, variasjon i behova i eigen kommune
m.m.
Alternativ til Krisesenteret i Flora er vanskeleg å sjå.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Eid kommune sluttar seg til den nye samarbeidsavtalen med Flora kommune som er
vertskommune for Krisesenteret i Sogn og Fjordane.
2. Eid kommune forpliktar seg som deltakar i ordninga til å svare for den økonomiske
kostnaden som følgjer fordelinga mellom kommunane.
3. Eid kommune tek evalueringa av samarbeidsavtalen til vitande.
09.06.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL
HSO-027/16 VEDTAK:
1. Eid kommune sluttar seg til den nye samarbeidsavtalen med Flora kommune som er
vertskommune for Krisesenteret i Sogn og Fjordane.
2. Eid kommune forpliktar seg som deltakar i ordninga til å svare for den økonomiske
kostnaden som følgjer fordelinga mellom kommunane.
3. Eid kommune tek evalueringa av samarbeidsavtalen til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-078/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Eid kommune sluttar seg til den nye samarbeidsavtalen med Flora kommune som er
vertskommune for Krisesenteret i Sogn og Fjordane.
2. Eid kommune forpliktar seg som deltakar i ordninga til å svare for den økonomiske
kostnaden som følgjer fordelinga mellom kommunane.
3. Eid kommune tek evalueringa av samarbeidsavtalen til vitande.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Eid råd for funksjonshemma
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
08.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Kristina Kostopoulos
Saksnr
011/16
079/16
Arkiv: 033
Objekt:
Saksansv.
KKO
KKO
KKO
Arkivsaknr
16/1141
Endring av namn for Rådet for funksjonshemma
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Lov av 17.06.2005 nr. 58 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og
fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.
Kva saka gjeld:
Endring av namn for Rådet for funksjonshemma
Bakgrunn for saka:
Ei ko
ne n ttar ne ninga ”R
or nk on e
a” or et lo p lag e organet o
skal skipast i alle kommunar i h.h.t. lov av 17.06.2005 nr. 58 om råd eller anna
representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett
funksjonsevne m.m.
I 2007 vart denne lova endra, mellom anna ved at det lovbestemde rådet vart gitt ny nemning,
”r
or menneske med nedsett funksjon e ne”, og etter k art ar ei le te ko
nar n tta
det nye namnet på rådet. Eid råd for funksjonshemma ber no om at også Eid kommunestyre
endrar rådsnamnet til Eid Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, i samsvar med
gjeldande lov.
Saksutgreiing:
Lov om råd eller annen representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for
menneskjer med nedsett funksjonsevne trådde i kraft 10. september 2007. Etter § 2 skal
kommunane opprette råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett
funksjonsevne. Namnet på dagens råd samsvarer ikkje med lovteksten i den nye lova og er
heller ikkje dekkande for rådet sin funksjon og føremål slik det er beskrive i § 1 og i
førearbeida til lova.
I lova sin § 1 skal kommunane og fylkeskommunane syte for at menneskjer med nedsett
funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er
særleg viktige for menneskjer med nedsett funksjonsevne. Det er viktig at partane diskuterer
omgrepa som vert nytta, slik at ein er einige om kva rådet skal medverke til.
O grepet ”nedsett funksjonsevne” er orklart lik i Ot.prp. nr. 87 (
merknad til § 1:
4-2005), kap 14,
«Nedsett funksjonsevne vil seie tap av - eller skade på ein kroppsdel eller ein av
kroppsfunksjonane. Det kan for eksempel være nedsett rørsle-, syns- eller hørselsfunksjon,
nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonstap på grunn av allergi, hjertesjukdom,
lungesjukdom, nevrologiske tilstandar eller psykiske lidingar. (Jf. St.meld. nr. 40 (2002–2003)
«Nedbygging av funksjonshemmendes barrierer»). Nedsett funksjonsevne treng ikkje resultere
i avgrensing når det gjeld samfunnsmessig deltaking dersom tilkomst til barnehagar,
utdanning, arbeid, transport, bygningar, miljø, uteområde, informasjon, kommunikasjon,
kultur- fritidstilbod, ferie, hjelpemidlar, helse- og sosialtenester etc. er gode nok.
Vurdering:
Det ert an e alt at ”R
ne ett nk on e ne”.
or
nk on e
a” en ra na n til ”R
or
enne ke
e
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret i Eid vedtek at ”R
or
menneske e ne ett nk on e ne”.
nk on e
a” en rar na n til ”R
or
a” en rar na n til ”R
or
08.06.2016 EID RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA
ERF-011/16 VEDTAK:
Ko
ne t ret i Ei e tek at ”R
or
menneske med nedsett funksjon e ne”.
nk on e
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-079/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Ko
ne t ret i Ei e tek at ”R
or
enne ke e ne ett nk on e ne”.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
nk on e
a” en rar na n til ”R
or
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Eid ungdomsråd
Eid råd for funksjonshemma
Eid Eldreråd
Helse-og sosialutval
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
Torfinn Myklebust
SAKSGANG
Møtedato
07.06.2016
08.06.2016
08.06.2016
09.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Saksnr
022/16
013/16
023/16
026/16
080/16
Arkiv: 614
Objekt:
Saksansv.
TMY
TMY
TMY
TMY
TMY
TMY
Arkivsaknr
16/1156
Bustadar 2017 - VP -vedtak om oppstart
Prenta vedlegg:
K-sak 064/07 Omsorgsplan for Eid kommune 2007-2010(16). Trinn 1 investeringsdel.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
Lov om arbeidsmiljø
Husbanken sin rettleiar til investeringstilskot for omsorgsbustader
Kva saka gjeld:
Oppstart av arbeid med rom-funksjonsprogram og skisseprosjekt for bustader innan
vernepleietenesta med meir.
Bakgrunn for saka:
Eid kommunestyre handsama i sak 064/07 investeringar til trinn 1 i Omsorgsplan for Eid
kommune.
I kommunestyret sitt vedtak i pkt 2 i saka står det:
Administrasjonen får mandat til å utarbeide skisse og byggeplaner for eit bufellesskap
for fire unge funksjonshemma tenestemottakarar i vernepleietenesta, som har behov
for heildøgnsteneste, og ei avlastningsleilighet for barn og unge i tilknytning til
bufellesskapet. Arbeidet skal gjerast i 2007.
Dette arbeidet er ikkje gjennomført, prosjektet er heller ikkje finansiert.
Kommunen yter i dag teneste til fleire mottakarar som har trong for heildøgns omsorg.
Bustadane er plassert ulike stadar på Nordfjordeid. Eid kommune kan yte betre tenester for
desse brukarane dersom dei i større grad vert samlokalisert. Ved gjennomgang av oversikter
over unge funksjonshemma ser administrasjonen at det i framtida vil bli trong for fleire
bustadar til personar med trong for heildøgns omsorg. At Eid også er vertskommune for
tenester innan psykiatri og rus medfører også at trongen for bustadar aukar.
Saksutgreiing:
I 2007 var det skissert ei bygging av 4 bustadar i bufellesskap og ei avlastningsleilighet, i alt 5
stk. Sidan trongen for bustadar vil stige framover vil administrasjonen rå til at det vert bygt 10
bustadar.
Bustadane bør byggast som heilt sjølvstendige bustadar som er knytt saman med ein
personalbase. Bustadane bør mellom anna ha eigne avgrensa uteområde.
Husbanken uttaler at det er viktig å unngå konsentrasjon av for mange kommunalt disponerte
boliger for personer som trenger omsorgsteneste. FFO(Funksjonshemmedes
Fellesorganisasjon) /NFU(Norsk Foreining for Utviklingsforskning) anbefaler ikkje meir enn
fem samlokaliserte bustadar.
10 bustadar er innanfor dei normene som Husbanken kan akseptere.
Ved å samle 10 bustadar på eitt område vil kommunen mellom anna oppnå følgjande:
 Betre og tryggare tenester til brukarane
 Meir stabile forhold for brukarane
 Tryggare forhold for brukarane
 Samle kompetansen til dei ansatte
 Styrke fagkunnskapen til dei ansatte
 Redusere sjukefravær
 Fordele belastninger på ulike vakter
 Meir oversiktleg turnus
 Redusere vaktbehov
 Betre fysisk arbeidsmiljø
Rombehov vil kome fram gjennom den vidare prosessen, men vi kan nemne at følgjande må
vurderast:
Husvære:
 Komplett bustad 60-80 m2
 Boder til hjelpemiddel
 Evt garasje til bilar
 Må takast omsyn til velferdsteknologi/hjelpemiddel
 Robuste veggar og vindauge
 Adskilte inngangar
 Skjerma uteområde for kvart husvære
Personalbase:
 Opphold-/Pauserom
 Kontor
 Medisinrom
 Garderober
 Kjøkkendel
 Rom for sovande vakt
 Lager
Lokalisering:
Eid kommune ervervar areal på Myroldhaug. Arealet er regulert til offentleg formål og høver
godt til bustadane som det her er snakk om. Administrasjonen vil difor rå til at bustadane vert
etablert på areal aust for det nye omsorgssenteret på Myroldhaug. Detaljplassering kan
avgjerast i planleggingsprosessen.
Miljø og energi:
Eid kommune har no høve til å etablere eit byggverk som kan vere eit fyrtårn med omsyn til
energibruk og lave utslepp av klimagassar. Dette kan kommunen oppnå ved td å bygge i
massivtre. Dette vil medføre auka kostnader, men samtidig vil det vere mogleg å søkje støtte
frå «Klimasats» der det kan vere mogleg å oppnå inntil 75% av meirkostnaden desse tiltaka
medfører. Administrasjonen har rekna meirkostnaden ved ulike klima- og energitiltak til kr
4.000.000,- eks mva. Dette kan gje eit tilskot på inntil kr 3.000.000,Prosessen framover:
Det vert nedsett ei prosjektgruppe i tråd med kommunen sine reglar om investeringsprosjekt.
Prosjektgruppa vert oppnemnt av prosjektansvarleg/prosjektleiar. I fasen for rom og
funksjonsprogram vert det etablert ei brukargruppe med mellom anna verneombod og
tillitsvald. Gruppa vert supplert med ein representant frå kommunen sitt råd for
funksjonshemma utpeika av utvalet.
Eid råd for funksjonshemma vert referansegruppe.
Økonomiske konsekvensar:
Bygging av 8 omsorgsbustadar med fellesareal kan reknast til kr 40.000.000,- ink mva.
Dette kan gje følgjande inntekter:
 Momsrefusjon kr 8.000.000, Tilskot «Klimasats» kr 3.000.000, Tilskot 8 omsorgsbustadar à kr 1.377.000,- = kr 13.770.000,Nettoutgift for 8 bustadar vil bli kr 15.230.000,- Noko som vil med 3% rente gje ein
kapitalkostnad på kr 639.700,- pr år. Dette tilsvarer kr 5.330 pr husvære pr mnd.
Byggherren sine drift- og vedlikehaldskostnadar vert rekna til kr 340.000,- pr år.
Samla kapital- og FDV kostnader vert då kr 8.164,- pr mnd pr husvære.
Ved å samle fleire bustadar ilag kan kommunen redusere kostnader til ansatt. Fleire av
brukarane har 2-3 ansatte med seg nesten til ei kvar tid. Kan ein redusere vaktene med ei
stilling for 5 brukarar vil ein redusere lønskostnadane med om lag kr 2,5 mill kroner pr år.
Sidan kommunen får 80 % refusjon av desse kostnadane vert den reelle innsparinga i
lønskostnader ca kr 500.000,- pr år. Med 10 brukarar vil innsparinga auke.Den
samfunnsøkonomiske innsparinga er langt større enn det kommunen vil spare.
Vurdering:
For å kunne gje betre teneste til brukarane er det formålstenleg at Eid kommune byggjer nye
omsorgsbustadar til yngre personar med trong for heildøgns omsorg. Ei ny etablering av
bustadar vil gje monaleg betre forhold for dei ansatte, tiltaket vil og betre den kommunale
økonomien.
Skal bustadane byggast i 2017 må det snarast gjevast klarsignal til oppstart av prosjektering.
Rom- og funksjonsprogram mv kan då leggast fram til politisk vedtak ultimo 2016.
Tiltaket er førebels ikkje finansiert, det kan sjåast som eit eige sjølvfinansierande tiltak. Men
det kan og sjåast i samanheng med tiltak etter bustadsosial handlingsplan der det er avsett kr
14.000.000,- i lån i 2017 jfr økonomiplanen for 2016-2019. Endeleg avklaring på dette kan
gjerast i budsjetthandsaminga for 2017. For å starte prosjektet no kan det nyttast ubrukte
midler frå bustadsosial handlingsplan.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Planlegging av 10 nye omsorgsbustadar for heildøgns omsorg vert starta opp i tråd
med saksutgreiinga.
2. Bustadane vert lokalisert til Myroldhaug
3. Ei r
or nk on e
a in repre entant……… ert e le a
r kargr ppa.…….
07.06.2016 EID UNGDOMSRÅD
EUR-022/16 VEDTAK:
Eid ungdomsråd ønskjer at rådet skal vere representert med eit medlem i brukargruppa.
08.06.2016 EID ELDRERÅD
EER-023/16 VEDTAK:
Eldrerådet seier seg samd i rådmannen sin tilråding.
08.06.2016 EID RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA
ERF-013/16 VEDTAK:
Råd for funksjonshemma stillar seg undrande at ein ikkje har verte rådspurt/involvert tidligare
tidspunkt. Rådet har tidligare ved fleire høve gitt innspel til arbeidet med Boligsosial
handlingsplan 2013-2023. Ved handsaming av planen hadde råde innspel om at plassering av
bustadar for ungdom bør ligge i sentrum. Samlokalisering med omsyn til institusjonane er
formålstenleg for kommunen jamfør saksutgreiing. Rådet meinar det ikkje er teke nok omsyn
til kva som vil vere det beste for brukarane. Til dømes maks fem samlokaliserte bustadar og at
plassering er med på å auke institusjonsopplevinga for brukarane.
Rådet ønskjer at Janne Bjørhovde vert representant frå Rådet for funksjonshemma.
09.06.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL
Framlegg frå Lars Svein Drabløs, Frp:
Pkt 2 i rådmannen si tilråding går ut.
Dette punktet vart samrøystes vedteke
Det vart deretter røysta over rådmannen sitt framlegg, med unntak frå pkt 2.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke, med unntak av pkt 2.
HSO-026/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
1. Planlegging av 10 nye omsorgsbustadar for heildøgns omsorg vert starta opp i tråd
med saksutgreiinga.
2. Eid råd for funksjonshemma sin representant, Janne Bjørhovde, vert medlem av
brukargruppa.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-080/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TI LKOMMUNESTYRET:
1. Planlegging av 10 nye omsorgsbustadar for heildøgns omsorg vert starta opp i tråd
med saksutgreiinga.
2. Eid råd for funksjonshemma sin representant, Janne Bjørhovde, vert medlem av
brukargruppa.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
22.06.2016
Elin Leikanger
Saksnr
081/16
Arkiv:
Objekt: 44/187
Saksansv.
ELE
ELE
Arkivsaknr
16/704
Krav om innløysing av areal - godkjenning av avtale
Prenta vedlegg:
1. Krav om innløysing av areal, frå John Myklebust
2. Grunnkjøpsavtale
3. Utsnitt frå reguleringsplanen for Nordfjordeid sentrum
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Plan og bygningslova § 15.2
Kva saka gjeld:
Saka gjeld krav om innløysing av areal regulert til friområde.
Bakgrunn for saka:
Reguleringsplanen for Nordfjordeid sentrum vart endra ved vedtak i KS-sak 30/13. Mellom
anna vart då reguleringsføremålet for John Myklebust sin eigedom endra frå Byggeområde –
Allmennyttig føremål, til Park. John Myklebust har med denne bakgrunnen kravd at
kommunen løyser ut eigedommen.
Saksutgreiing:
Innløysingskravet er heimla i plan- og bygningslova § 15- 2 Grunneierens rett til å kreve
innløsning ved reguleringsplan
«Medfører en reguleringsplan at kommunen, eller annet rettssubjekt med samtykke av
kommunen, etter § 16-2 har rett til å ekspropriere en ubebygd eiendom i dens helhet, kan
grunneieren eller festeren kreve at ekspropriasjon straks blir foretatt når vedtaket gjelder
grunn som i planen er angitt til offentlige trafikkområder, offentlige friområder,
fellesområder, fornyelsesområder samt til statens, fylkets og kommunens bygninger og gravog urnelunder.
Det samme gjelder når retten til ekspropriasjon omfatter ubebygd del av en eiendom, dersom
ekspropriasjonen vil føre til at eiendommen ikke lenger kan anses skikket til å nyttes på en,
etter hele eiendommens størrelse, beliggenhet eller etter øvrige forhold regningssvarende
måte.
Krav etter første ledd må være satt fram senest tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort
etter § 12-12 fjerde og femte ledd, eller vedtak er gjort kjent etter § 12-12 siste ledd. Er
grunnen bebygd, har eieren eller festeren det samme krav når bebyggelsen er fjernet. Kravet
må i så fall være satt fram senest tre år etter dette tidspunkt.»
Krav om innløysing er levert innan fristen på 3 år. Det vert kravd ei erstatning på kr 600 pr
m2. Totalt areal utgjer ca 407 m2. Kjøpesum vert etter dette ca kr 250.000,-. I tillegg til dette
kjem kostnader til oppmåling, tinglysing og dokumentavgift, til saman ca kr 20.000,-.
Økonomiske konsekvensar:
Kostnader knytt til ervervet kan dekkjast frå ubunde investeringsfond. Dette fondet skriv seg
frå inntekter frå sal av grunn. Saldo på fondet er ca 2,3 mill kr.
Vurdering:
Innløysingskravet frå John Myklebust er motteke i rett tid, og reguleringsføremålet inneber at
kommunen pliktar å løyse inn arealet. Pris kan i prinsippet fastsetjast ved frivillig avtale, eller
ved skjønn.
Ved eit eventuelt skjønn vil verdsetjing av eigedommen verte gjort på grunnlag av salsverdi
eller bruksverdi. Dersom eigedommen har ein høgare bruksverdi for eigaren enn salsverdien,
skal bruksverdien leggjast til grunn.
Sal er ien ert a t ett p gr nnlag a et ein kan ente at ein ” anleg k par” ille a etalt
for eigedommen ved eit frivillig sal. Bruksverdien vert fastsett på grunnlag av avkastninga av
eigedommen ved pårekneleg utnytting som det er grunnlag for på staden.
Administrasjonen finn det tvillaust at skjønnsretten ville ha fastsett ein lågare verdi på
eigedommen enn det som avtalen legg opp til. Samstundes knyter det seg høge kostnader til
eit skjønn, som ein unngår å betale ved ein frivillig avtale. Dette er bakgrunnen for at
administrasjonen rår kommunestyret til å aksepåtere tilbodet frå John Myklebust.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Grunnkjøpsavtale mellom John Helén Myklebust og Eid kommune om kjøp av del av gnr
44 bnr 187 vert godkjend slik den ligg føre.
2. Kostnad kr 270.000 vert finansiert frå ubunde investeringsfond 2.5340.001.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-081/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Grunnkjøpsavtale mellom John Helén Myklebust og Eid kommune om kjøp av del av gnr
44 bnr 187 vert godkjend slik den ligg føre.
2. Kostnad kr 270.000 vert finansiert frå ubunde investeringsfond 2.5340.001.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
22.06.2016
Elin Leikanger
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
082/16
Q31
Saksansv.
ELE
ELE
Arkivsaknr
16/896
Voldsfjordkryssing AS
Prenta vedlegg:
1. Invitasjon til å delta i emisjon i Voldsfjordkryssing AS
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kva saka gjeld:
Saka gjeld akseteikning i Voldsfjordkryssing AS
Bakgrunn for saka:
Ekstraordinær generalforsamling i Voldsfjordkryssing AS vedtok 29.03.2016 følgjande:
a) Aksjekapitalen I Voldsfjordkryssing AS vert utvida ved nyteikningar av aksjar med
minimum kr 500.000,b) Kvar aksje skal vere pålydande kr 1.000,c) Kvar aksje skal betalast med kr 1.000, d) Aksjar kan teiknast av kommuner, fylkeskommuner organisasjonar, næeringsliv og
privatpersonar
e) Aksjar teiknast på eige teikningsdokument frå dagens dato og innan 1. juli 2016
f) Aksjar skal teiknast med rett og plikt til å gjere innskot kun med pengar
g) Aksjekapitalen skal vere fullt innbetalt i kontantar seinast 1. juli 2016 til konto 3991.08.
69721.
h) Selskapet kan disponere aksjeinnskotet når minimumskapitalen er nådd, og før
kapitalauken er registrert.
i) Dei nye aksjane gir vanlege rettar i selskapet i samsvar med vedtektene.
j) Styret skal godkjenne alle nye aksjonærar
Saksutgreiing:
Kommunestyret i Volda har tidlegare gjort vedtak om å nytte kr 300.000 til etablering av
selsaket Voldsfjordkryssing AS. Bakgrunn for denne etableringa var ei fråsegn til NTP 20182027 der det vart signalisert at Volda kommune hadde som intensjon å ta initiativ til stifting
av eit selskap som vil få som hovudoppgåve å etablere bru over Voldsfjorden, så sant ny
ordning for ferjeavløysing opna for det.
I tilråding frå samferdselsdepartementet 20.11.15 om endringar i statsbudsjettet for 2015
(Prop. 19 S), går det fram følgjande om alternativ bruk at ferjetilskot:
”Gjeldande rammer for den statlege ordninga med alternativ bruk av ferjetilskott følgjer av
St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. Ordninga legg til rette for at
innsparte drifts- og kapitalkostnader ved nedlegging/nedkorting av eit ferjesamband kan
nyttast til å delfinansiere eit fastlandssamband som avløyser, eventuelt kortar inn
ferjesambandet.
Regjeringa ønskjer å gjere einskilde endringar i rammene for ordninga. Det blir foreslått å
utvide perioden det blir rekna innsparing for frå 30 år i dag til maksimalt 40 år. Vidare blir
det foreslått å setje utbetalingsperioden vesentleg lågare enn perioden det blir
rekna innsparing for, og maksimalt tilsvarande lengda på bompengeperioden. Ein forkorta
utbetalingsperiode vil gjere ordninga enklare å administrere, og ein unngår at
bompengeselskapet har eit restlån når bompengeinnkrevjinga blir avslutta. Regjeringa vil
komme tilbake til Stortinget med ei konkretisering av forslag til endringar i rammene for
ordninga.”
Økonomiske konsekvensar:
Ei eventuell løyving til aksjekapital kan takast frå ubunde invfond 2.5340.001. Saldo pr
07.06.2016 er ca kr 2.300.000,-.
Vurdering:
Ei bru over Voldsfjorden vil redusere reisetida mellom Nordfjordeid og Volda til ca 35 min,
ei halvering av reisetida via Kvivsvegen. Betre kommunikasjonar opnar for ein større bu- og
arbeidsmarknadsregion i Nordfjord og på Søre Sunnmøre, og gir nye muligheiter for
innbyggjarar og næringsliv.
Eid kommune har tidlegare gått inn med kr 100.000 i aksjekapital i selskapet
Nordfjordkryssing AS. I ettertid overtok kommunen også EUF sine aksjar. Administrasjonen
finn at kommunal støtte til eit slikt selskap skal vere reell, og ikkje berre symbolsk. Det vert
difor tilrådd at Eid kommune går inn som aksjeeigar med ein kapital på kr 50.000,-. Skal slike
selskap lukkast i arbeidet sitt er det viktig at både kommunar og næringsliv er involverte og
engasjerte.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret godkjenner at Eid kommune går inn som aksjeeigar i selskapet
Voldsfjordkryssing AS.
2. Eid kommune sin aksjekapital, kr 50.000, vert finansiert frå ubunde investeringsfond
2.5340.001.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-082/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Kommunestyret godkjenner at Eid kommune går inn som aksjeeigar i selskapet
Voldsfjordkryssing AS.
2. Eid kommune sin aksjekapital, kr 50.000, vert finansiert frå ubunde investeringsfond
2.5340.001.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Elin Leikanger
Saksnr
062/16
083/16
Arkiv: 144 D14
Objekt:
Saksansv.
ELE
ELE
ELE
Arkivsaknr
10/2140
Sagastad - avklaringar kring arealdisponering og intensjonsavtale
Prenta vedlegg:
1. Forprosjekt Nordøyrane
2. KS-62/14 Intensjonsavtale Sagastad
3. Forprosjekt Sagastad
Uprenta vedlegg:
F-13/13 Opparbeiding av Nordøyrane friområde (Godkjenning av forprosjekt)
KS-92/13 Opparbeiding av Nordøyrane friområde (Avgrensing av prosjektet)
KS-142/14 Opparbeiding av Nordøyrane friområde (Vedtak om oppstart)
Kva saka gjeld:
Saka gjeld oppheving av intensjonsavtale mellom Eid kommune og Stiftinga Sagastad SUS,
og avklaringar kring opparbeiding og drift av tomt omtala i intensjonsavtalen.
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret godkjende 27.03.2014, KS-62/14 ein intensjonsavtale med Stiftinga Sagastad
SUS. Avtalen innebar mellom anna at Eid kommune skulle overdra utfylt tomt på Nordøyrane
vest for Sjøgata til Stiftinga Sagastad SUS. Denne tomta skulle vere Eid kommune sin del av
total finansiering, saman med 1 mill kr i aksjekapital i eigedomsselskapet.
I samband med godkjenning av økonomiplan 2016-2019 for Eid Industrihus KF, vart det gjort
vedtak om eit låneopptak på kr 27 mill i 2018 til bygging av eit utleigebygg for Sagastad. Det
er stilt følgjande vilkår i pkt 6 i vedtak KS-179/15: « Kommunestyret føreset at nødvendig
privat finansiering kjem på plass før bygging av Sagastad starta opp, og at byggekostnaden
kjem innanfor ramma på 27 mill kr».
Forprosjekt Sagastad ligg no føre. Det vert planlagt eitt sirkulært bygg på ca 1000 m2.
Inkludert i forprosjektet er utomhusarbeid, avgrensa til båtslipp, belysning og
hellelegging/kantstein i inngangspartiet til bygget.
Kommunal opparbeiding av Sagaparken var i utgangspunktet avgrensa til regulert friområde
og parkering, dette fordi det var meininga at Sagastad skulle overta tomt jf intensjonsavtalen.
Saksutgreiing:
Etter vedtak i sak KS-179/15 vart føresetnadene kring eigedomsforhold og opparbeiding av
det aktuelle området endra, og føresetnadene for intensjonsavtalen gjeld ikkje lenger.
Eid Industrihus KF sitt oppdrag er å etablere eitt utleigebygg, der Sagastad vert leigetakar. Eid
kommune og Eid Industrihus KF er same juridiske eining, og det har lite føre seg å dele frå
Sagastadtomta til ein separat eigedom.
Administrasjonen har hatt møte med Sagastad og Eid Industrihus KF for å avklare korleis
restareala på «Sagastadtomten» skal opparbeidast og disponerast. Sagastad ønskjer ikkje å
inngå nokon leigeavtale på utandørs areal. Eid Industrihus KF sitt mandat er avgrensa til
etablering av eit utleigebygg. Dette inneber at det vert opp til kommunen å avgjere kva som
skal gjerast med restareala.
Vedlagd forprosjekt Sagastad illustrerer utnyttinga av tomta, og gjev eit kortfatta oversyn over
dei ulike elementa i bygget. WC er plassert ved hovudinngangen, slik at det er tilgjenge frå
utsida av bygget. Nærleik til park og badeplass gjer at dette toalettet vil verte nytta som
offentleg toalett. Eid kommune bør inngå ein driftsavtale, som sikrar at toalettet er
tilgjengeleg for ålmenta. Alternativt vil kommunen på sikt ha behov for eit eige toalettbygg.
Det er lagt inn ein gangveg langs sørsida av tomta, som endar i ein pir. Denne piren er ikkje
finansiert, og inngår ikkje i Eid Industrihus sitt oppdrag. Ved den planlagde piren kjem Eid
fjordvarme KF til å bygge nytt vekslarhus. Dette vert tilpassa Sagastadbygget, med same
materialbruk.
Tilkomst og parkering er synt i samsvar med forprosjekt Nordøyrane. Bussar er tenkt å skulle
stoppe på eksisterande busstopp ved Kyrkjetunet. Det vert peika på at det må etablerast
sikkert gangfelt over Sjøgata, men dette er ikkje planlagt eller finansiert. Administrasjonen
har stilt spørsmål ved om parkering og bussoppstilling er dimensjonert med tanke på
planlagde besøkstal. Her har Sagastad innhenta erfaringstal frå andre besøkssenter, og på
denne bakgrunn konkludert med at parkeringskapasiteten er god nok. Om ønskjeleg kan
parkeringsplassen utvidast på arealet mellom parkeringsplassen og Sagastadbygget.
Varetransport er tenkt via privat veg på eigedommen mot sør. Den kommunale avkøyringa frå
Sjøgata vert endra noko, slik at denne også kan nyttast av naboeigedommen (Moengården).
Det vert føresett at Eid Industrihus KF, som huseigar, inngår avtale om bruk av privat
tilkomstveg.
Økonomiske konsekvensar:
Opparbeiding av «restareal» på Sagastadtomten må finansierast, det er for tidleg å seie kva
dette vil koste.
Vurdering:
Kommunen ferdigstiller i nær framtid friområde, parkering og sjøfront/gangveg i samsvar
med godkjend reguleringsplan og forprosjekt. Sagastad startar bygginga av Myklebustskipet
ca 1. september 2016. Byggearbeidet vil føregå i ein rubbhall som vert plassert inntil
parkeringsplassen. Byggearbeid på «Sagastadbygget» startar truleg i 2017. Desse planlagde
arbeida gjer at det er lite aktuelt å ferdigstille opparbeiding av «Sagastadtomta» no. Det er
fornuftig å samordne dette arbeidet med bygginga av Sagastad.
Med tanke på at kommunen også i framtida skal vere eigar av friareal og «Sagastadtomt», ser
ikkje administrasjonen noko alternativ til at vi også står for opparbeidinga. Dette vil truleg
innebere ei enkel opparbeiding, oppfylling av matjord og tilsåing/utrulling av plen. Om
parkeringsarealet skal utvidast, vil dette utgjere ein større kostnad.
Sagastadprosjektet er enno i ein tidleg fase, og det vil vere viktig for partane å halde ein tett
dialog kring detaljplanlegginga slik at dei ulike partane er best mogeleg samordna.
Finansiering av kommunal opparbeiding må vi kome attende til når detaljplanar ligg føre.
Nye opplysningar i saka, 12.06.2016
Etter møtet i teknisk styre 09.06.2016 har administrasjonen motteke følgjande presisering frå styret
i Stiftinga Sagastad v/styremedlem Roger Bergset:
«Slik saka er framstilt ser det ut til at Eid kommune vil få ekstrakostnader i forbindelse med
opparbeiding av uteareal rundt Sagastad bygget.
Dette er ei mistyding.
I kalkyla for Sagastad bygget revidert pr. 19.04.2016 ligg det inne eit budsjett på
opparbeiding av uteareal på total NOK 2.145.000,-. Dette er inkludert i ramma på NOK 27
mill. Husleiga Sagastad skal betale skal såleis også dekke kostnaden til opparbeiding av
arealet som er nær bygget.»
Denne presiseringa inneber at pkt 4 i rådmannen si tilråding ikkje lenger er aktuell.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Vedtak i sak KS-62/14 Intensjonsavtale Sagastad vert oppheva.
2. Eid Industrihus KF får i oppgåve å inngå avtalar om vegrett for vareleveranse til
Sagastad.
3. Toalett skal vere tilgjengeleg for ålmenta i Sagastad. Det skal utarbeidast eigen avtale
med kommunen om drift av toalettet.
4. Eid kommune opparbeider restareala kring Sagastadbygget til standard tilsvarande
«Sagaparken». Finansiering vert å kome attende til når detaljplanar bygg og
utomhusareal ligg føre.
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
Oddvin Hansen stilte spørsmål ved eigen habilitet, då han er investor i Sagastad. Utvalet fann
at han var habil.
TSU-062/16 VEDTAK
1. Vedtak i sak KS-62/14 Intensjonsavtale Sagastad vert oppheva.
2. Eid Industrihus KF får i oppgåve å inngå avtalar om vegrett for vareleveranse til
Sagastad.
3. Toalett skal vere tilgjengeleg for ålmenta i Sagastad. Det skal utarbeidast eigen avtale
med kommunen om drift av toalettet.
4. Eid kommune opparbeider restareala kring Sagastadbygget til standard tilsvarande
«Sagaparken». Finansiering vert å kome attende til når detaljplanar bygg og
utomhusareal ligg føre.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-083/16 VEDTAK:
Saka vert utsett til ekstraordinært formannskapsmøte 22. juni.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID INDUSTRIHUS KF
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Eid Industrihus KF
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
13.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av:
Kommunestyret
Saksbehandler: Svein Otto Melheim
Saksnr
021/16
084/16
Arkiv: 610 U50
Objekt:
Saksansv.
SOM
SOM
SOM
Arkivsaknr
16/12
Eid næringspark - utvida ramme
Prenta vedlegg:
Prosjekt 1002 Eid næringspark – sluttrekneskap
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kommunelova – lov av 25.09.1992 nr. 107, spesielt kap. 11
Forskrift om særbudsjett, særregnskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale
foretak, av 24.08.2006
Kva saka gjeld:
Dagleg leiar i Eid Industrihus KF viser til tidlegare prosjekt- og økonomirapportar, der
registrerte avvik med utgiftskonsekvens har vorte varsla. Dei registrerte økonomiske avvika
medfører auke i den økonomiske ramma i prosjektet.
Saksutgreiing:
Totalt i prosjektet er det vedteke lån på kr 13 millionar (lån overtatt frå kommunen) og lån til
infrastruktur på kr 10 millionar. Det er registrert budsjettavvik, på investering i infrastruktur,
som går ut over den vetekne ramma på 10 millionar. Avvika er så store at utgiftsramma i
prosjektet må aukast.
Årsakene til avvik er som følgjer:
1.
Grunnarbeid for eksisterande infrastruktur som ikkje har vorte gjort kjend i
planleggingsfasen. Årsaka til at dette ikkje har vorte gjort kjend, er at det er
manglande dokumentasjon og registrering på tidlegare utført arbeid.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
Eksisterande leidningsnett hadde for liten dimensjon og kapasitet og er erstatta med
nytt leidningsnett med større kapasitet. Det var også leidningsnett som var i dårlig
forfatning og måtte erstattast med nytt leidningsnett.
Sluttutbetaling til grunneigarar for grunnkjøp inkl. påløpte renteutgifter.
Planløysing på tilkomstveg til oppsittar er endra, p.g.a. at løysinga var lite
formålstenleg. Ein konsekvens av dette er at vi har vore nøydd til å sanere ein garasje
og sette opp ny garasje til oppsittar.
Etablering av ny nettstasjon til SFE-straumforsyning til næringsområdet. Denne
avtalen er utanom hovudkontrakt. Leveranse og utføring er mellom SFE og Eid
Industrihus KF.
Veglys: Det er lagt opp til belysning av tilkomstveg og gangveg i næringsområdet.
Fjordvarme: Det er etablert knutepunkt for tilkopling av fjordvarme i næringsområdet.
Kommunal fiber-tilknyting av ny kloakkpumpestasjon, samt tilknyting og utviding av
ny gjennomgåande kommunal fiber i området.
Som følgje av pkt. 1-8; Auka prosjektering og administrasjonskostnad.
Totalutgift prosjekt infrastruktur 2013-2016
kr 14.492.059,Vedteke ramme i prosjektet
kr 10.000.000,Økonomiske avvik, jf. punkt 1-9 / Behov for auka utgiftsramme kr 4.492.059,-
Finansiering av auka utgiftsramme:
Inntekter frå sal av næringsareal i prosjektområdet
Inntekt frå sal av masse
Refusjonar frå sal av næringsareal
Unytta lån (frå prosjekt1100)
kr 4.080.000,kr
50.000,kr
71.685,kr
290.374,-
Vurdering:
Prisen pr. m2 ved sal av næringsarealet vert auka for å få inndekning for auka utgifter i
prosjektet. Det vert lagt opp til at framtidige inntekter frå sal av næringsarealet, vert brukt til
ekstraordinær nedbetaling av lån. Attståande næringsareal for sal er 30da.
DAGLEG LEIAR SI TILRÅDING:
Utvida utgiftsramme, og finansiering av denne, vert vedteke i samsvar med saksutgreiinga.
13.06.2016 EID INDUSTRIHUS KF
EIKF-021/16 VEDTAK:
1. Sluttrekneskapen for prosjekt 1002 Eid Næringspark vert godkjend.
2. Auka ikkje finansiert kostnadsramme kr 4 492 059,-vert finansier som følgjer:
Inntekter frå sal av næringsareal i prosjektområdet kr 4.080.000,Inntekt frå sal av masse kr 50.000,Refusjonar frå sal av næringsareal kr 71.685,Unytta lån (frå prosjekt1100) kr 290.374,-
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-084/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Sluttrekneskapen for prosjekt 1002 Eid Næringspark vert godkjend.
2. Auka ikkje finansiert kostnadsramme kr 4 492 059,-vert finansier som følgjer:
Inntekter frå sal av næringsareal i prosjektområdet kr 4.080.000,Inntekt frå sal av masse kr 50.000,Refusjonar frå sal av næringsareal kr 71.685,Unytta lån (frå prosjekt1100) kr 290.374,-
Svein Otto Melheim
Dagleg leiar
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Formannskapet
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
16.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Tore Nyhammer-Taklo
Saksnr
059/16
085/16
Arkiv: 614
Objekt:
Saksansv.
TNT
TNT
TNT
TNT
Arkivsaknr
16/1144
EPC - Energisparekontrakt i kommunale bygg
Prenta vedlegg:
Fra ord til handling - veileder for kommnual gjennomføring av energi- og klimatiltak
Infoskriv om EPC (Energispareprosjekter) fra KS (siste del av veilederen)
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
PBL
Klima og Energiplan, Eid kommune
Enøkplan Eid kommune
NS6430
Kva saka gjeld:
Vurdere om EPC –Energisparekontrakter er noko som Eid kommune skal investere i for å
realisere unytta potensiale for større reduksjon i energibruk for kommunale bygg og anlegg.
Bakgrunn for saka:
Budsjett 2016 og verbalframlegg Pkt 10.F :
Kommunestyret ber om å få utgreidd om innføring av EPC( Energy Performance
Contracting) kan vere eit tenleg verkemiddel for å redusere energibruk i kommunale bygg og
anlegg i Eid, jmf røynslene i andre kommuner (Volda kommune m fl). Det skal leggast frå
politisk sak i løpet av fyrste halvår 2016.
Saksutgreiing:
Eid kommune utarbeidde klima og energiplan i 2009. Energibruk er eitt av fire
satsingsområde:
Eid kommune har sett seg mål om å redusere stasjonær og mobil energibruk i kommunen
generelt og auke bruken av fornybare energikjelder.
Planen set mål følgjande knytt til kommunale bygg:

Eid kommune skal redusere energibruk pr m² i eigne bygg med minst 15%.

Ei ko
ne kal a ke ”energi lek i elt areal” i eigne bygg med minst 20%.
Erfaringar både frå mange kommunar viser at utfordringa ikkje er å setje seg reduksjonsmål i
planane, men å faktisk gjennomføre dei lønsame energitiltaka. Dette erkjente også KS i 2010.
Dei fekk utarbeidd malar for EPC-prosjekt (Energispareprosjekt) som var tilpassa
kommunane. Desse malane vart også nytta som bakgrunn når Standard Norge laga ein Norsk
Standard for EPC-prosjekt våren 2014. Erfaringane etter brik av desse malane er svært gode. I
gjennomsnitt er garantert energireduksjon i EPC-prosjekta om lag 30 % med innteningstid på
8-10 år
(5 % kalkulasjonsrente). Dersom ein oppnår Enova-støtte vil innteningstida oftast gå ned
med 1-2 år..
Kva er EPC
EPC eller energisparekontrakter, som det og kan kallast, er eit verkty for å finne og evaluere
potensial i energisparing, gjennomføring av tiltak og til slutt ein oppfølgings- og
garantiperiode mellom byggeigar og valt leverandør. Vedlagte veileder laga av Energirådet
Innlandet gir ein god beskriving av eit komplett forløp av ein EPC kontrakt.
Arbeidet med eit slikt prosjekt avheng av eigeninnsats til oppdragsgivar og evne til å finne og
prioritere dei bygga som kan gi størst energireduksjon utifrå allereie erfarte tall på bygga. Dei
erfaringane er frå normtall på for eksempel straumforbruk til å drifte eit bygg. Her kan mange
faktorar spele inn:
 alder påbygg,
 byggemåte,
 isolasjon og tetthet i bygget,
 tekniske anlegg og alder
 ombyggingar/oppgraderinger
 tilbygg
 styring av dei teknisk anlegg
 energi styring og oppfølging(driftskontroll)
 type energibærar (straum, olje, ga …)
I figur under er EPC vist skjematisk. og faser for gjennomføring er skildra.
Før Fase 1,2 og 3 er Fase 0 som er konkuransegrunnlaget som skal på anbod i Doffin.
Fase 0 – Kommunen lyser ut ei konkurranse på Doffin (konkurranse med forhandling) med
ein definert bygningsmasse, og ber om tilbod på garantert energireduksjon på lønsam
tiltakspakke med inntjeningstid på f.eks. 10 år. Tildelingskriteria er kor stor energireduksjon
entreprenøren garanterer, samt kostnader til energianalyser og oppfølging av tiltak i heile
tinntjeningstida til pakka. Kommunen har ein einsidig opsjon på å gjennomføre energitiltaka
(alle eller delar) når analysane er ferdige.
Fase 1 – Entreprenøren gjennomfører energianalyse av dei bygga kommunen har teke med i
konkurransen. Alle tiltak (lønsame og ulønsame) skal vurderast og dokumenterast etter
bestemte krav. Entreprenøren garanterer både investeringane, driftsutgiftene og redusert
energibruk på tiltakspakka. Kvart tiltak er beskrive detaljert, og investeringskostnader i
analysane er bindande i tilbodet. Fase 1 tek om 5-6 mnd.
Når analysane er presentert og godkjent, så vel kommunen kva tiltak som skal vere med i
gjennomføringspakka. I ytterste konsekvens kan kommunen avslutte heile samarbeidet med
entreprenøren. Blir dette gjort skal det berre betalast for dei analysene entreprenøren har
utført.
Fase 2 – Dette er gjennomføringsfasen i prosjektet. Entreprenøren gjennomfører dei tiltaka
kommunen har bestemt seg for. Kommunestyret får presentert investeringspakken i eiga sak.
Erfaringar frå kommunar som har brukt denne modellen er at samtlege fortsett inn i
gjennomføringsfase, og det blir ofte teke med tiltak med stort innslag av vedlikehald (skifte av
vindauge, dører ). Dette er ofte tiltak der redusert energibruk ofte ikkje gir bra nok
inntjeningstid, men gjennomføring kan vere nødvendig også av andre grunnar som inneklima,
råte og trekk. Det er også ofte vanskeleg å finne rom for investeringar i sike tiltak innafor
ordinære budsjettrammer. Gjennomføring av alle tiltak i slike prosjekt tek 1-2 år.
Lengd på garantikontrakten (oftast innteningstid på pakken) blir sett slik at kommunen i sum
av energikostnader, renter, avdrag og drift av tiltak ikkje betaler meir enn totalt energibudsjett
pr. i dag. Kommunen tek framleis risikoen for energiprisen og klimasvingningar.
Entreprenøren tek risiko med redusert energi og effektbruk.
Energimerkinga/remerking blir gjennomført som del av fase 2, og det blir oppnådd svært
rimelege prisar både på analyse og energimerking når det blir lagt inn som del av prosjektet.
For Eid kommune vil dette vere re-merking då alle bygg over 1000 kvadratmeter er
energimerka tidlegare gjennom prosjekt 4508 Energisertifisering av kommunale bygg.
Fase 3 – Når alle tiltak er gjennomførte startar fase 3, som er garantiperioden. Entreprenøren
har etablert eit energioppfølgingssystem der forbruket i alle bygg blir følgd opp, ofte på
vekebasis, og det blir sett inn ekstra tiltak dersom forbruksutviklinga ikkje er som garantert. I
garantiperioden på 8-10 år vil det oftast vere halvårlege kurs/oppfølgingsmøter med
driftspersonell og andre ressurspersonar. I tillegg kan kommunen bestemme at andre
opplæringsaktivitetar skal leggjast inn i kontrakta ( til f.eks kommunalområde, innbyggjarane
ellers, skuleverket eller politikarane.
Etter eitt år ut i garantiperioden blir det gjennomført ei evaluering. Faktisk forbruk blir justert
for utetemperaturen for gjeldande år, endra bruk av lokaler, endra areal osv. Den justerte
energireduksjonen blir så sett opp mot den garanterte. Dersom reduksjonen er innanfor 90-110
% av berekna så er kontrakten oppfylt. Dersom reduksjonen er under 90 % av berekna så
betaler entreprenøren opp til 90 % av berekna reduksjon med aktuell energipris. Dersom
reduksjonen blir over 110 % så deler entreprenør og kommune det overskytande. Denne
mekanismen er viktig for kommunen. Moglegheit for bonus over 110 % gjer at entreprenøren
fylgjer opp tett, og prøver å hjelpe til med drift av anlegg i heile garantiperioden. Etter år 2-34-5 6-7-8 evt osv skjer det same. Når garantiperioden er over er anlegga nedbetalt.
Økonomiske konsekvensar:
For Eid kommune vil økonomi avhenge av fleire faktorer:
 Skal ein gjennomføre ein komplett EPC kontrakt inkludert alle faser,
 eller vel ein å kartlegge og «plukke» tiltak som ein ser mest energieffekt av?
Veileder har oppgitt nøkkeltall frå 7 av 32 kommune prosjekt frå 2010 som har gjennomført
fase 1, 2 og 3.
Ein arealoversikt i Eid kommune er vist under tatt frå KOSTRA rapportering:
Oppvarma areal lista opp over er 28685kvm. Dette er ikkje medreikna bustader i opplistinga
over.
Dette vil i størrelsesorden koste for Fase 1(analysefasen) kr 6kr/kvm x 28685kvm = 172110kr
+ mva.
Vurdering:
EPC energisparekontrakt, er ein måte å få analysert og skaffe seg oversikt på energi- og
effektbesparing tiltak for dei kommunale bygga som erfaringsmessig har størst potensiale.
Ved å gjere opp status etter fase 1 (analysefasen) kan ein ta val om kva tiltak som skal
iverksettast utifra dei tilgjengelege investeringsmidlane ein har tilgjenge.
Eid kommune har i dag ein bygningsmasse som har gjennomgått ein stor del
energivurderingar og tilpassingar mot eit redusert energi- og effektbehov. Det kan nemnast
tilpassing til varmepumpe, Fjordvarme, sentral driftskontroll (SD), opplæring av
driftspersonell i energioppfølgingssystemet (EOS), LED belysning, utfasing av fossile
energibærarar, blant anna.
Eid kommune har gjennom prosjekt 4508 Energisertifisering av kommunale bygg
gjennomført datainnsamling og kartlegging av alle større bygg over 1000 kvadratmeter. Dette
er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid, men krav ei re-merking som del av eit evt
gjennomført EPC prosjekt.
Dei bygg som er anbefala til eit EPC prosjekt er bygg med potensial sett frå administrasjonen
si side alle større bygg vist i oversikta over. Det er bygg frå barnehager til intuisjonar, men at
ein vel bort dei bygg ein med sikkerhet veit har lavt spesifikt forbruk (kWh/m2), som er nye
bygg eller nyleg renoverte større bygg.
Ein har i veiledaren oppgitt at ein kan ha kostnadsredusksjon på 20% og oppover, og i nokre
tiltak større. Oppgitt snitt på ca 30% er antatt noko høgt for Eid kommune, men kostnaden
kan nyttast som eit utg.pkt for investeringssum som er behov for.
Antatt areal til å gjennomføre tiltak på 21000 m2. (75% av total areal)
Kostnad på m2 321 kr/m2
Investeringssum blir då 6 741 000 kr eks mva og støtteordninger.
Det finnast støtteordninger som Enova og enøkfond som vil kunne redusere
investeringssummen og dermed inntjeningstid for dei forskjellige tiltaka.
Ei EPC-kontrakt er i o
trekk ei a tale e ein ”Totalentrepren r-energi” o
gjennomføring av energisparetiltak i bygningsmassen, der entreprenøren garanterer energi- og
effektbesparelsen målt i kWh/kW (ikkje garanti for energipris- eller klimautvikling). Dersom
avtalt energisparing målt i kWh ikkje blir oppnådd, må entreprenøren dekkje differansen
mellom faktisk forbruk og garantert forbruk. Besparelsen skal brukast til å finansiere
kostnadane ved energitiltaka. Målet med ei EPC-kontrakt er at den både skal føre til eit lavere
energiforbruk og betre bygningsmessig tilstand.
Evaluering av gjennomførte EPC-prosessar i norske kommunar viser at:
o Hovudkonklusjonen er svært positiv
o Sparegaranti og rasjonell gjennomføring er det viktigaste elementet
o Det er viktig å følgje opp entreprenøren på ein aktiv og profesjonell måte
o Gjennomføring gir meir kunnskap om energi og drift av bygg blant driftspersonell og andre.
o Underentreprisene blir i stor grad gjennomført av lokale entreprenørar
Det siste punktet kan vere verd å merke seg. Administrasjonen har i dialog med lokalt næringsliv
fått signal om at det ikkje fins lokale totalentreprenørar i denne marknaden. Erfaring frå andre
kommunar er at kontraktene likevel gjev lokal sysselsetjing.
Administrasjonen set tema EPC på dagsorden i møte med EKS 20. juni. Vi vonar at denne
drøftinga kan gje auka kunnskap om temaet, og at vi kan få klarlagt kva rolle lokale bedrifter kan
ta på seg i eit slikt prosjekt.
Konklusjon:
EPC gjer det mogeleg for kommunen på ein svært rasjonell måte å realisere sparetiltak som elles
ikkje ville blitt gjennomført. Ein ekstern aktør- ein energientrepenør – står for planlegging og
gjennomføring av avtalte energitiltak. Reduksjon i energikostnader dekkjer normalt nedbetaling
av investeringa. Kontraktslengde blir dimensjonert slik at summen av kapitalkostnader,
energikostnader og drift av tiltak etter gjennomføring av tiltak ikkje blir høgare enn dagens
energikostnad.
Rådmannen er positiv til vidare arbeid med EPC-kontrakter. Det må i første omgang avsetjast ei
løyving til fase 1 (jf utgreiinga ovanfor). Dette vert å kome tilbake til ved budsjetthandsaminga til
hausten.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret tek saksutgreiinga til vitande.
2. Oppstart av arbeid med EPC-kontrakt (Energy Performance Contracting) vert å kome
attende til i samband med komande budsjett og økonomiplan.
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-059/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
1. Kommunestyret tek saksutgreiinga til vitande.
2. Oppstart av arbeid med EPC-kontrakt (Energy Performance Contracting) vert å kome
attende til i samband med komande budsjett og økonomiplan.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
Fellesframlegg til endring i pkt 2:
Oppstart av arbeid med EPC-kontrakt (Energy Performance Contracting) vert å kome attende
til snarast råd.
Det vart røysta over fellesframlegget som vart samrøystes vedteke.
F-085/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. Kommunestyret tek saksutgreiinga til vitande.
2. Oppstart av arbeid med EPC-kontrakt (Energy Performance Contracting) vert å kome
attende til snarast råd.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Teknisk-og samfunnsutval
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
09.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Kristine Dahl
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
055/16
086/16
V
Saksansv.
KDA
KDA
KDA
Arkivsaknr
16/230
Felles landbruksteneste - kommunane Eid og Gloppen
Prenta vedlegg:
1. Avtale om administrativt vertskommunesamarbeid mellom Eid og Gloppen
kommunar.
2. Innspel frå landbruksorganisasjonane i Eid.
3. Innspel frå Landbrukstenester Nordfjord.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kommunelova.
Kva saka gjeld:
Godkjenning av avtale om administrativt vertskommunesamarbeid på landbruksområdet
mellom Eid og Gloppen kommunar.
Bakgrunn for saka:
Eid kommunestyre vedtok i møte 17.12.15, sak KS-181/15, følgjande verbalframlegg om
framtidig organisering av landbrukstenesta i Eid kommune:
«Kommunestyret ber om å få utgreidd felles landbruksteneste med til dømes Gloppen,
Hornindal og Stryn som alternativ til å styrke eigen organisasjon på landbruksområdet».
På bakgrunn av ovannemnde vedtak vart det i brev av 21. januar 2016 retta ein formell
førespurnad til Gloppen kommune om det var interesse for å delta i ei utgreiing om felles
landbruksteneste for kommunane Eid og Gloppen. Gloppen gav positiv respons på dette og
utgreiingsarbeidet starta opp i mars 2016.
Landbrukskontora i kommunane Vågsøy, Hornindal og Stryn er orientert om pågåande
prosess mellom Eid og Gloppen kommunar, og har fått høve til å melde frå om ei eventuell
interesse i å delta i samarbeidet. Ingen av kommunane ser dette som ynskjeleg på noverande
tidspunkt, men det kan vere interessant for Vågsøy kommune å kjøpe landbrukstenester av det
nye landbrukskontoret.
Saksutgreiing:
Saka om felles landbrukskontor er no utgreidd og eit utkast til avtale om administrativt
vertskommunesamarbeid på landbruksområdet er klart. Det er tenkt at kommunane skal få eit
felles landbrukskontor med tenester innan jord- og skogbruk, viltforvalting og miljø.
Administrativt vertskommunesamarbeid
Samarbeidet på landbruksområdet vil bli eit såkalla administrativt vertskommune-samarbeid.
I vedlagt avtale er Gloppen kommune vertskommune og Eid kommune er
samarbeidskommune.
Vertskommunesamarbeidet er regulert i kommunelova. Landbrukskontoret vert ikkje eit eige
rettssubjekt, men organisatorisk ein del av vertskommunen. Sjølv om landbrukskontoret
organisatorisk høyrer til under Gloppen kommune, så kan Eid kommune berre delegere
mynde til å handsame saker som ikkje er av prinsipiell karakter. Dette inneber at saker av ein
viss økonomisk storleik, plan- og strategisaker og klagesaker som ikkje han handsamast
administrativt vil bli handsama politisk i Eid kommune. Vidare vil Eid kommune framleis ha
instruksjonsmynde for dei sakene som vedkjem Eid kommune. Det er ein føresetnad for
samarbeidet at Eid kommune tek ein aktiv rolle i plan- og strategiarbeidet på
landbruksområdet.
Avtalen mellom Eid og Gloppen kommunar er heimla i kommunelova § 28-1b om
administrativt vertskommunesamarbeid, som gjev følgjande reglar for samarbeidet:
«1. En kommune (samarbeidskommune) kan avtale med en annen kommune (vertskommune)
at vertskommunen skal utføre oppgaver og treffe avgjørelser etter delegert myndighet fra
samarbeidskommunen i enkeltsaker eller typer av saker som ikke er av prinsipiell betydning.
2. Bestemmelsen i nr. 1 gjelder tilsvarende for vertskommunesamarbeid mellom
fylkeskommuner.
3. Delegasjon av myndighet som nevnt i nr. 1 skjer ved at kommunestyret eller fylkestinget
selv gir instruks til egen administrasjonssjef om delegasjon til administrasjonssjefen i
vertskommunen.
4. Folkevalgte organer i vertskommunen har ikke instruksjons- eller omgjøringsmyndighet
der delegasjon er skjedd i samsvar med nr. 3.
5. En samarbeidskommune kan gi vertskommunen instruks om utøvelsen av den delegerte
myndighet i saker som alene gjelder samarbeidskommunen eller berørte innbyggere.
6. For vedtak vertskommunen treffer etter delegasjon fra en samarbeidskommune, har
samarbeidskommunen samme omgjøringsmyndighet som etter forvaltningsloven § 35 første
ledd.»
Namnet på samarbeidet er Landbrukskontoret for Eid og Gloppen.
Føremålet er å skape eit sterkt landbruksfagleg miljø, og eit framtidsretta næringskontor til
beste for landbruket og samfunnet.
Landbrukskontoret for Eid og Gloppen skal vere lokalisert på heradshuset i Gloppen, og
landbrukskontoret skal ha inntil to faste kontordagar i veka på rådhuset på Eid. Elles vert det
kontordagar etter behov i Eid.
På avtaletidspunktet bidreg Eid kommune med 1,5 årsverk, medan Gloppen kommune bidreg
med 3,8 årsverk inn i vertskommunesamarbeidet. Landbrukssjefen i Gloppen skal ha det
administrative og faglege ansvaret for landbrukskontoret. Plan- og utviklings-sjefen i Eid skal
framleis ha strategisk ansvar for landbruksområdet i Eid kommune. Ved nytilsetting skal
stillinga leggast til Gloppen kommune.
Landbrukskontoret skal utføre oppgåver og treffe avgjersler i dei sakene som inngår i avtalen.
Saker av prinsipiell karakter må behandlast i den kommunen saka gjeld.
Oppgåver som ligg til landbrukskontoret er rådgjeving, rettleiing og informasjon til
brukarane, delta i planprosessar, gje uttale, behandle og ta avgjerd i saker innanfor
landbrukskontoret sitt ansvars- og arbeidsområde.
Regelverksforvaltning innan følgjande lover med forskrifter er lagt til landbrukskontoret:
konsesjonslova, jordlova, skogbrukslova, viltlova, hundelova, forureiningslova, motorferdselslova, naturmangfaldslova, lov om forpakting og lov om ymse beitespørsmål. Samt
saker som gjeld landbruksfaglege spørsmål etter vassressurslova, plan- og bygningslova,
lakse- og innlandsfiskelova og odelslova.
Landbrukskontoret skal behandle dei til ei kvar tid gjeldande sentrale og lokale tilskotsordningane for landbruket. I dag gjeld dette produksjonstilskot, regionalt miljøprogram,
velferdsordningar i jordbruket, tilskotsordningar i landbruket frå Innovasjon Noreg, spesielle
miljøtiltak i landbruket, nærings- og miljøtiltak i skogbruket, organisert beitebruk,
viltfondsmidlar, utviklingsfondet (Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal) og andre
tilskotsordningar.
Det skal årleg utarbeidast eit budsjett for landbruksforvaltninga som skal leggast fram til
godkjenning etter vanlege budsjettprosedyrar i begge kommunane. Fordelingsnøkkelen for
felleskostnader: Eid 40 %, Gloppen 60 %. Det skal gjerast ei evaluering av
fordelingsnøkkelen etter eitt år.
Administrative og politiske vedtak som gjeld kvar einskild samarbeidskommune skal
handsamast og arkiverast i den kommunen saka gjeld. Vedtak, annan informasjon,
førespurnader skal sendast kontaktpersonen i deltakarkommunane. Rådmannen, eller den
rådmannen peikar ut, er kontaktperson i kommunen.
Når det gjeld post og arkivrutinar, så skal innkomen post registrerast i den einskilde
kommune. Saksbehandlar skal ha til gang til og nytte nødvendig saksbehandlingsverkty for
begge kommunane.
Oppseiingsfristen mellom partane er eitt år og samarbeidsordninga skal evaluerast årleg på
møte ved utgongen av året. Vertskommunen har ansvar for at slike møter vert arrangert.
Om avtaleprosessen og høyringsrunden
Avtalen er drøfta med fagorganisasjonen NITO og med tilsette på plan- og
utviklingsavdelinga i kommunen. NITO meiner at det bør kome klart fram av avtalen at
tilsette i Eid kommune på landbruksområdet framleis skal ha kontorstad på Eid rådhus. Vidare
ber dei om at ein vurderer behovet for ein administrasjonsbil innanfor landbruksområdet.
Avtalen er også lagt fram for administrasjonsutvalet i Eid kommune i møte den 21. april
2014, som tok avtalen til vitande.
Avtalen er elles sendt landbruksorganisasjonane i Eid kommune og kunngjort på Eid
kommune si heimeside og Facebookside.
Eid bondelag, Henden bondelag, Kjølsdalen bondelag og Eid produsentlag har gjeve ein
fellesuttale til avtaleutkastet. Dei skriv at landbruksnæringa som utgangspunkt er positiv til
samarbeidet, men har tre merknader til avtalen:
1. Organisasjonane ber om at setninga «ved nytilsetting skal stillinga leggast til Gloppen
kommune» vert teken vekk.
2. Det er viktig at der er faste opningsdagar i Eid kommune og at dei tilsette er
tilgjengeleg utan at ein må ha ein avtale på førehand.
3. Det er avgjerande for bruk av tenestene at næringa har tilgang på dyktige fagfolk.
Landbrukstenester i Nordfjord har også sendt uttale i saka, og skriv mellom anna følgjande:
«Vi er kritiske til at vi som ein stor aktør i landbruket i Eid ikkje har fått saka direkte frå Eid
Kommune.
Landbrukstenester Nordfjord sluttar seg til uttalen frå Bondelaga og produsentlaget i Eid.
Utover dette har vi ein del synspunkt som vedkjem vårt arbeidsområde:
Søknadane til ordningane som vi administrerer, går via kommunen. Spesielt når det gjeld
sjukdomsavløysing er bøndene ofte i krise eller ein vanskeleg situasjon. Det er difor svært
viktig at kommunen møter dei med personell som har god kunnskap om ordningane. Vi i LTN
er fyrstelinja som møter bøndene i ei krise, og er avhengige av eit godt samarbeid med
kommunen.
LTN har i større grad enn den einskilde bonde trong for jamnleg og hyppig kontakt med
kommunen. Vi ynskjer difor to faste kontordagar på Rådhuset i Eid, og ber om at
formuleringa «inntil to» i avtalen, vert endra».
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
I avtalen er det skissert ei fordeling av kostnader mellom Eid og Gloppen med 40:60.
Eid kommune skal bidra med 1,5 årsverk og Gloppen 3,8. Totalt vil Landbrukskontoret for
Eid og Gloppen ha 5,3 årsverk. Eid kommune skal dekkje 40 % av kostnadane som utgjer eit
bidrag op 2,12 årsverk. Det betyr i praksis at Eid kommune må auke opp med om lag ei 70 %
stilling. I tillegg bør det setjast av midlar drift, slik som IT-utstyr og reiseutgifter. Om lag kr.
15 000.
Ressursbehovet må elles evaluerast etter ei tid. Dersom det nye landbrukskontoret til dømes
skal selje tenester til andre kommunar, kan det bli behov for å tilsette ein ekstra rådgjevar på
landbruk. Dette spørsmålet på avklarast på eit seinare tidspunkt.
Rådmannen si vurdering:
Vedtaket til å starte ei utgreiing om felles landbruksteneste kom i frå kommunestyret som eit
verbalframlegg og det er såleis ikkje gjort tidlegare vurderingar av fordelar og ulemper med
eit slik samarbeid.
Fram til sommaren 2014 hadde Eid kommune eigen landbruksrådgjevar som var plassert
under plan- og utviklingsavdelinga. Landbruksrådgjevaren gjekk denne sommaren over i
stillinga som landbrukssjef i Gloppen kommune og stillinga vart omdisponert til ei
planleggarstilling under plan- og utviklingsavdelinga. Stillinga vart omdisponert for at planog utviklingsavdelinga kunne løyse vedtekne planoppgåver i tida framover. Plan- og
utviklingssjefen overtok då i hovudsak landbruksrådgjevaren sine arbeidsoppgåver.
Landbruk og landbruksbasert verksemd er viktig for sysselsetting og verdiskaping i
Eid kommune. Eid kommune er den sjette største kommunen på verdiskaping i Sogn og
Fjordane og kommunen skal året gjennom yte tenester innanfor fleire landbruksrelaterte
fagområde. Aktiviteten i landbruksnæringa er høg og det er klart at Eid kommune treng meir
ressursar på landbruksområdet. Eit stort tal av dei norske kommunane har i dag eit samarbeid
på landbruksområdet, og samarbeidsordningar som no vert lagt fram er såleis ikkje noko
nyskapande på dette området.
Rådmannen ser klare fordelar med det administrative samarbeidet. Eit felles landbrukskontor
vil gje eit større fagmiljø, der det kan vere høve til meir spesialisering enn i dag og auka
kompetanse på området. Eit større fagmiljø vil vidare auke attraktiviteten til landbrukstenesta
som arbeidsstad for landbruksutdanna og eit større kontor vil gjere kommunane mindre
sårbare ved sjukdom og permisjonar. Ulempa ved eit felles landbrukskontor vil først og
fremst vere at Eid kommune ikkje får moglegheit til å disponere ein landbruksrådgjevar som
fullt ut er tilsett i kommunen.
Landbruksorganisasjonane ber om at setninga «ved nytilsetting skal stillinga leggast til
Gloppen kommune» vert teken vekk frå avtaleutkastet. Rådmannen kan forstå kravet frå
organisasjonane, men finn ikkje grunnlag for å endre framlegget til avtale. Bakgrunnen til at
ein har føreslege at nytilsette skal tilsettast i Gloppen kommune er å leggje til rette for at dei
tilsette skal ha ein felles arbeidsgjevar med personal- og fagansvar og dermed forenkle denne
delen av det administrative vertskommunesamarbeidet. Med kontordagar i Eid rådhus og kort
avstand til Sandane, så vonar rådmannen at framtidige stillingar vil vere like attraktive for
innbyggjarane i Eid kommune så vel som i Gloppen kommune.
Landbruksorganisasjonane meiner det er viktig at der er faste opningsdagar i Eid kommune og
at dei tilsette er tilgjengeleg utan at ein må ha ein avtale på førehand. Landbrukstenester
Nordfjord ynskjer på si side at det vert to faste kontordagar på rådhuset i Eid og at
formuleringa «inntil to» i avtalen, vert endra.
Rådmannen er einig i at det er viktig å ha minst ein fast opningsdag for landbrukskontoret på
rådhuset i Eid og vil ta innspelet med vidare i organiseringsprosessen med Gloppen, dersom
det no vert eit felles landbrukskontor.
Føremålet med å ha krav om inntil to kontordagar på rådhuset i Eid for landbrukskontoret, har
vore å legge til rette for fleksibilitet for dei tilsette og unngå at det vert «avtalebrot» i den grad
kurs, synfaringar, ferieavvikling og liknande ikkje gjer det mogleg å ha to kontordagar på Eid
rådhus enkelte veker året gjennom.
Det er elles ikkje slik at det ikkje vil vere tilgjengeleg ressursar på rådhuset dei andre
vekedagane. Eid kommune skal framleis ha tilsette med stillingsprosent på landbruk med fast
kontorstad på rådhuset. Plan- og utviklingssjefen, tilsette på kart og oppmåling, rådgjevar på
skog og miljø og organisasjonsavdelinga ved arkiv- og mottaksfunksjonane vil vere
tilgjengeleg for utdeling av diverse skjema og kart, ein vil kunne ta i mot søknader og ein vil
kunne setje den enkelte i kontakt med riktig sakshandsamar på landbrukskontoret. Der
behovet tilseier det, til dømes i periodane rundt søknadstidspunktet for dei større
søknadsordningane, er det elles naturleg at ein tilpassar kontordagane ut frå behovet.
Landbrukskontoret sine tilsette skal elles heile veka vere tilgjengeleg på telefon og e-post for
brukarane i både Eid og Gloppen, og det må leggast til rette for digital dialog mellom dei to
kontora.
Avsluttande kommentarar
Alternativet til å inngå ein avtale om felles landbrukskontor, vil vere å tilsetje ein rådgjevar på
landbruk i Eid kommune. Det kan gjerne vere mest nærliggande å velje dette alternativet,
sidan valresultatet i Gloppen kommune tyder på at det no ikkje vert kommunesamanslåing
mellom Eid og Gloppen kommunar. Dette strategiske valet vert først og fremst ei politisk
avgjersle. Rådmannen meiner at eit felles landbrukskontor vil legge til rette for eit større
fagmiljø på landbruksområdet, noko som vi igjen håpar skal gje eit framtidsretta og fagleg
godt saksbehandlings- og næringskontor for landbruket.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Eid kommunestyre godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale om
administrativt vertskommunesamarbeid på landbruksområdet mellom Eid og Gloppen
kommunar.
Eid kommunestyre ber om at nødvendig delegasjon til administrasjonssjefen i
vertskommunen vert gjennomført, jf. kommunelova § 28-1b nr. 3.
09.06.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-055/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET:
Eid kommunestyre godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale om
administrativt vertskommunesamarbeid på landbruksområdet mellom Eid og Gloppen
kommunar.
Eid kommunestyre ber om at nødvendig delegasjon til administrasjonssjefen i
vertskommunen vert gjennomført, jf. kommunelova § 28-1b nr. 3.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-086/16 VEDTAK:
Eid kommunestyre godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale om
administrativt vertskommunesamarbeid på landbruksområdet mellom Eid og Gloppen
kommunar.
Eid kommunestyre ber om at nødvendig delegasjon til administrasjonssjefen i
vertskommunen vert gjennomført, jf. kommunelova § 28-1b nr. 3.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
Janne Endal Andersson
Saksnr
087/16
Arkiv: 223
Objekt:
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1272
Bidrag til TV-aksjonen 2016
Kva saka gjeld:
TV-aksjonen NRK 2016 går til Røde Kors som skal gje livsviktig hjelp til sivile ofre for krig
og konflikt. Gjennom TV-aksjonen skal fleire menneske i krig og konfliktområde få
livsviktige medisinar, helsehjelp, reint vatn og mat. Røde Kors er mange stader den einaste
hjelpeorganisasjonen som slepp til med humanitær bistand, og har gjennom lokale frivillige
tilgang til dei som elles ikkje får hjelp. Behovet er enormt, og kvart bidrag er med på å redde
liv.
Eid kommune har i alle år løyvd pengar til TV aksjonen.
Eid kommune gav i 2015 kr 3 pr innbyggjar til aksjonen .
Vedtak om bidrag til aksjonen kan innarbeidast i budsjettsaka.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Saka vert lagt fram utan tilråding frå Rådmann.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
…….
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-087/16 VEDTAK:
Eid kommune løyver kr 3 pr innbyggjar til TV-aksjonen 2016. Løyvinga vert å innarbeide i
budsjettendringa.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
SAKSGANG
Møtedato
22.02.2016
16.06.2016
16.06.2016
Styre, utval, komite m.m.
Kommunestyret
Finansutvalet
Formannskapet
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
Saksnr
Saksansv.
OST
OST
OST
021/16
088/16
Arkiv: 153
Objekt:
Arkivsaknr
16/1221
Budsjettendring juni 2016
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Kommunelova §§ 45 – 47
 Forskrift om kommunale årsbudsjett
 Eid kommune sitt økonomireglement kap 2.3
Saksutgreiing:
Kommunestyret i Eid vedtok budsjettet for 2016 den 17.12.2015.
Etter kommunelova er kommunen pålagt å gjere budsjettendring når det er postar som vil få
vesentleg avvik i forhold til eksisterande budsjett. Administrasjonen har gått gjennom
rekneskap og budsjett pr. 30.04.16, og teke tak i dei postane som bør justerast.
Dei tilrådde endringane går fram av tabellen nedanfor, med forklaringar i tekstdelen etter
tabellen.
Nr Art nr.
Art tekst
Avd
Teneste
Føremål
1
14700 Tilskot
1010
10010
TV-aksjonen
2
3
10110 Fastløn
10110 Fastløn
1130
1130
12092
12030
Servicekontor
Løn/personal
4
14710 Driftstilskot
2500
37500
Tilskot museum
Vedteke
budsjett
Auka utg.
Red. innt.
Auka innt.
Red. utg.
Revidert
budsjett
-
18 000
18 000
2 683 000
2 560 000
324 000
100 000
3 007 000
2 660 000
125 000
16 000
141 000
5
6
7
14710 Driftstilskot
14700 Vidarebet innt.
16310 Utleigeinnt.
2500
2500
2500
37700
38540
38610
Tilskot Opera
Kulturhus
Kulturhus utleig
8
9
10
11
12
13
14
15
10110
10110
11910
13710
10110
17020
13520
Alle
3000
3110
3110
3110
3110
3110
3200
3200
12010
25411
25411
25411
25440
25440
24112
Alle
Reversert kutt
Heimetenesta
Heimetenesta
Heimetenesta
Psykiatri
Psykiatri
Legevakt
Helseavd
16 13710 Kjøp teneste
4100
32910
Landbruksforv
17
18
19
20
8000
8000
8000
8000
12010
12010
87000
32000
Fellespostar
Fellespostar
Fellespostar
Fellespostar
10110
10911
19050
14800
Fastløn
Fastløn
Husleige
Vikarbyrå
Fastløn
Refusjon
Interkommunal
Totalvurdering
Lønsauke
Premieavvik
Utbyte
Driftstilskot
455 000
2 191 000
-644 000
36 000
400 000
200 000
491 000
2 591 000
-444 000
-575 000
14 984 000
900 000
11 593 000
-4 608 000
2 459 000
13 712 000
575 000
500 000
81 000
200 000
2 500 000
15 484 000
81 000
1 100 000
14 093 000
-6 608 000
2 852 000
13 393 000
-
150 000
5 770 000
-1 906 000
-650 000
650 000
-2 000 000
393 000
-319 000
150 000
-500 000
-2 674 000
150 000
-150 000
5 643 000
5 270 000
-4 580 000
-500 000
500 000
-5 643 000
Kommentarar til tabellen:
Nr 1 TV-aksjonen
Gjeld løyving til den årlege TV-aksjonen. Løyvinga er sett opp med same beløp som i 2015.
Nr 2 Lønsutgifter organisasjonsavdeling - servicekontor
Frå 1.1.16 vart personalavdelinga og serviceavdelinga slått saman og samlokalisert i 2. etasje
på rådhuset, bortsett frå publikumsmottaket i 1. etasje. For at publikumsmottaket skal kunne
gi betre tenester til publikum er all postregistrering flytta til eit felles dokumentsenter i 2.
etasje. Målet er at dokumentsenteret framover skal handtere meir av den innkomande posten i
kommunen og mellom anna skanne til fleire ulike fagsystem. Denne omorganiseringa har ført
til eit behov for å auke bemanninga med ei 60%-stilling som vert plassert i
publikumsmottaket.
Auka behov for informasjonstenester, støtte til rådmann, ordførar, politiske utval og innføring
av ny versjon for sak-/arkvisystem for kommunen, har også ført til behov for å auke
bemanninga med ytterlegare 20%.
Nr 3 Ny stilling i organisasjonsavdelinga - personalrådgjevar
For å styrke arbeidet med arbeidsgjevarpolitikk , internkontroll og leiarstøtte, er det behov for
å opprette ei ny stilling som personalrådgjevar i kommunen. Denne vil bli lagt til
organisasjonsavdelinga under personalsjef. Rådgjevaren skal arbeide tett mot avdelingane,
medverke til å følgje opp og avklare tilsette i langvarig sjukmelding, arbeide med
brukarundersøkingar og kartleggingar og styrke internkontrollen i kommunen. Det vil bli lagt
fram eiga sak på dette i administrasjonsutvalet sitt møte den 16. juni 2016.
Nr 4 Driftstilskot til musea i Sogn og Fjordane
I sak 053/16 gjorde kommunestyret følgjande vedtak: «Tilskot til musea i fylket blir utbetalt
som omsøkt». Søknaden var på kr 141.000,-, medan det er sett av kr 125.000,- i kommunen
sitt opprinnelege budsjett for 2016. Det trengs dermed ei ekstra løyving på kr 16.000,-.
Nr 5 Driftstilskot til Opera Nordfjord
I statsbudsjettet for 2016 blei det løyvd kr 4.586.000,- direkte til Opera Nordfjord. Dette skal
i følgje tildelingsbrevet utgjere 70% av det samla tilskotet. Dei resterande 30% skal dekkast
av regionen, med 7,5% frå Eid kommune og 22,5% frå fylkeskommunen.
I den interne budsjettprosessen blei tilskotet frå Eid kommune vidareført i 2016 med same
beløp som i 2015. Etter at storleiken på tilskotet frå staten no er kjent, må kommunen sitt
tilskot justerast opp med kr 36.000,-. Då har Eid kommune oppfylt sin del av avtalen.
Fylkeskommunen har løyvd kr 1.436.000,- til Opera Nordfjord for 2016. Etter avtalen på
22,5% skulle denne løyvinga vore kr 1.474.000,-. Dvs at det er ein manko på kr 38.000,- i
fylkeskommunen sin løyving.
Nr 6 Netto inntekt billettinntekter i Operahuset
Ein god del av billettinntektene til Operahuset skal vidarebetalast som oppgjer til artistane
som har hatt arrangementet. Nettoinntekta som Operahuset set igjen med har heilt sidan start
vore budsjettert for høg, med eit årleg snitt på om lag kr 400.000,-. Det er posten for
vidarebetaling som må justerast opp.
Nr 7 Utleige av Operahuset
Utleige av Operahuset til eksterne arrangement har gått frå omlag kr 594.000,- som toppår i
2012 til kr 378.000,- i 2015. Budsjettet i 2016 er på kr 644.000,-. Slik det ser ut pr i dag må
budsjettet reduserast med om lag kr 200.000,-.
Nr 8 Reversert budsjettkutt
I budsjettvedtaket for 2016 blei det lagt inn ei innsparing på kr 575.000,- i lønsutgifter ved
samlokalisering av 3-4 einskildtiltak innafor vernepleie. Det blei også lagt inn kommentar om
at dette kanskje ikkje får effekt før i 2017. Vi ser no at kommunen ikkje har bygningsmasse
til slik samlokalisering. Det vil bli lagt fram eiga sak til kommunestyret om oppstart på
bygging av slike bueiningar. Disse vil vere sjølvfinansierande ved tilskot og brukarbetaling.
Innsparinga på kr 575.000,- må difor reverserast i 2016. Dersom det blir vedteke å byggje
nye bueiningar, vil ein på den daglege drifta kunne oppnå ei betydeleg innsparing når disse
vert tekne i bruk.
Nr 9-11 Justeringar innafor heimetenesta
 På grunn av endra brukargrunnlag har heimetenestene sidan tidleg i april, hatt behov for å
ha ekstra bemanning på kveldsvakter. For 2016 vil dette medføre at lønsbudsjettet må
aukast med om lag kr 500.000,-.
 I samband med ei tilsetjing har heimetenesta måtte inngå avtale om dekning av husleige
for å kunne rekruttere. Samla vil dette utgjer om lag kr 81.000,- for 2016.
 Til eit enkelttiltak innafor heimetenesta, der tenesta er kjøpt i frå eit eksternt vikarbyrå, er
det budsjettert med om lag kr 100.000,- for lite i 2016
 Heimetenesta har vanskar med å rekruttere sjukepleiarar, og det vert naudsynt å leige inn
sommarvikarar frå byrå. Dette vil utgjere om lag kr 100.000.
Nr 12-13 Psykiatri
Eit enkelttiltak innafor psykiatri er styrka med ekstra bemanning. Tiltak gjev kommunen rett
til refusjon frå staten på 80% av lønsutgifta. Netto utgiftsauke i budsjettet blir kr 500.000,-.
Nr 14 Interkommunal legevakt
Med verknad frå 01.01.16 får legane rett til pensjonsopptening av beredskapsgodtgjersle og
timeløn for legevaktarbeid. For Eid kommune utgjer denne kostnaden i 2016 kr 393 000,-.
Nr 15 Helseavdeling
Frå 01.01.2016 blei det ved omorganisering oppretta ei avdeling 3200 Helse i Eid kommune
sin organisasjon. Denne omfattar legetenesta, fysioterapi, helsesøstertenesta og anna
førebyggjande helsearbeid. Ved overtakinga av Eid legekontor frå 01.01.2016 var ikkje
budsjettet til legekontoret endeleg utarbeidd i den ordinære budsjettarbeidet for 2016. Ein har
no hatt ein fullstendig gjennomgang av dette, og finn å kunne redusere den samla
budsjettramma til Helse med om lag kr 319.000,-.
Nr 16 Felles landbrukskontor for Eid og Gloppen
Kommunestyret vil den 22. juni få lagt fram eiga sak om vedtak av avtale knytt til felles
landbrukskontor for Eid og Gloppen. I avtalen er det skissert ei fordeling av kostnader
mellom Eid og Gloppen med 40:60. Eid kommune skal bidra med 1,5 årsverk og Gloppen
3,8. Totalt vil Landbrukskontoret for Eid og Gloppen ha 5,3 årsverk. Eid kommune skal
dekkje 40 % av kostnadane som utgjer eit bidrag på 2,12 årsverk. Det betyr i praksis at Eid
kommune må auke opp med om lag ei 70 %stilling. I tillegg bør det setjast av midlar drift,
slik som IT-utstyr og reiseutgifter. Om lag kr.15 000.
Dersom avtalen vert vedteken, må Eid kommune sitt budsjett aukast med om lag kr 150.000,for 2016. Årseffekt vil bli ein auke på om lag kr 400.000,-.
Nr 17 Lønsauke 2016
I budsjettet for 2016 er det sett av kr 5.770.000,- til lønsauke inkl pensjon og
arbeidsgjevaravgift. Dette tilsvarar ein lønsauke på 2,9 % gjeldande frå 1. mai 2016.
Det sentrale lønsoppgjeret for kommunalt tilsette vart forhandla fram til ein årslønsvekst på
2,4 % gjeldande frå 1.mai 2016. Ut frå foreløpige utrekningar meiner rådmann å kunne
redusere budsjettposten med om lag kr 500.000,-.
Nr 18 Pensjonsutgifter 2016
Kommunane har i april fått ny prognose frå KLP for pensjonspremie, premieavvik,
pensjonsutgift og bruk av premiefond. Premieavvik er differansen på fakturert premie frå
KLP og den berekna pensjonsutgifta kommunen skal føre i rekneskapen. Foreløpige
utrekningar syner at kommunen vil kunne få opp mot kr 3,0 mill i mindre pensjonsutgift enn
det som ligg i budsjettet for 2016. Dette har m.a. samanheng med at budsjett for 2015 også
var for høgt, og at dette har blitt vidareført i 2016. Lågare lønsauke i 2016 fører også til lågare
reguleringspremie i 2016.
Pkt 19 – 20 Tilskot til Eid Industrihus KF
Eid Industrihus KF har teke opp lån til kjøp og opparbeiding av næringsareal på
Stokkenes/Myklebust. I påvente av sal og utleige, må selskapet betale rente og avdrag på låna.
Dette kjem som driftsutgift utan inntektspost til å dekke utgifta. Det var budsjettert med ei
utbetaling frå Eid kommune på kr 650.000,- for 2016, finansiert via tilsvarande utbyte frå Eid
Industrihus AS til Eid kommune. Etter ein gjennomgang av økonomisk status hittil i år i
selskapet, har styret gjort ei intern budsjettendring der tilskotet er teke ned til kr 500.000,-.
Utbyte frå Eid Industrihus AS vert redusert tilsvarande.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret vedtek endringar i Eid kommune sitt budsjett for 2016 i samsvar med
tabellen som inngår i saksutgreiinga med nummererte punkt frå 1 til 20.
16.06.2016 FINANSUTVALET
FSU-021/16 VEDTAK:
Budsjettendring juni 2016 vert teken til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-088/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TI L KOMMUNESTYRET:
Endringar i Eid kommune sitt budsjett for 2016 vert vedteke i samsvar med tabellen som
inngår i saksutgreiinga med nummererte punkt frå 1 til 20.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Finansutvalet
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
16.06.2016
22.06.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
Saksnr
022/16
089/16
Arkiv: 151
Objekt:
Saksansv.
OST
OST
OST
Arkivsaknr
16/1224
Årsbudsjett 2017 - Økonomiplan 2017-2020 - Grunnlag for
budsjettarbeidet hausten 2016
Prenta vedlegg:
Brev frå fylkesmannen om revidert nasjonalbudsjett 2016 og kommuneproposisjonen 2017
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kommunelova §§ 44-46
Forskrift om kommuners årsbudsjett
Saksutgreiing:
Kommuneproposisjonen for 2017 blei offentleggjort den 11. mai 2016. Denne inneheld
informasjon om kva frie inntekter kommunane kan vente å få i 2017, og kva føringar staten
legg til grunn for bruken av midlane. Rådmann vil med dette synleggjere korleis
kommuneproposisjonen for 2017 vil slå ut for Eid kommune for økonomiplanperioden 2017 –
2020. I denne saksutgreiing vil vi så langt det lar seg gjere få fram oppstillingar for komande
økonomiplanperiode, der rådmann også synleggjer utfordringane med å balansere
økonomiplanen for komande 4-årsperiode.
Budsjetthandsaming hausten 2016:
Tidsplanen for arbeidet med årsbudsjett og økonomiplan vert i hovudsak som følgjer:
Økonomiplan 2017 – 2020 til politiske utval
Juni
Budsjettrundskriv til avdelingane
Administrativ handsaming i avdelingane
Konsekvensjustert budsjett presentert til
finansutvalet/formannskapet
Saldert budsjett frå rådmann til
finansutvalet/formannskapet
Saldert budsjett til oppvekst og kulturutvalet, helse og
sosialutvalet, teknisk og samfunnsutvalet
Frå finansutvalet/formannskapet til kommunestyret
Kommunestyrevedtak
Månadsskifte juni/juli
August – september
20. oktober
17. november
24. november
1. desember
15. desember
Nokre hovudpunkt frå kommuneproposisjonen 2017:
Frå revidert nasjonalbudsjett 2016 blir det lagt opp til ein realvekst i kommunesektoren sine
samla inntekter i 2017 på mellom 3 ¼ og 4 mrd. kroner. Av dette vil mellom 3,45 og 3,7 mrd.
kroner vere frie inntekter til kommunane, og 0,3 mrd. kroner til fylkeskommunane.
 300 mill. kroner av veksten er grunngjeven med ytterlegare satsing på rustiltak.
 Inntektsveksten må sjåast i samanheng med at utgiftene aukar som følgje av folketalsvekst
og demografisk utvikling. Utrekningar frå Teknisk berekningsutval (TBU) tyder på at
kommunesektoren kan få meirutgifter i 2017 på om lag 2,5 mrd. kroner, og at om lag 2,1
mrd. kroner må finansierast innanfor dei frie midlane.
 Anslag frå departementet tilseier og at pensjonskostnadene vil auke med 850 mill. kroner,
grunna reduksjon i avkastning på pensjonsmidlane og auka amortiseringskostnader. Dette
skal og dekkast innanfor dei frie midlane.
 Basisramma for skjønnsmidlar vert sett til 1 191 mill. kroner, ein reduksjon med 100 mill.
kroner frå 2016. Vi veit ikkje enno korleis dette vil slå ut for Sogn og Fjordane.
Reduksjonen i basisramma til kommunane vert overført til innbyggjartilskotet.
Fylkesmannen skal vidare halde tilbake 5 prosent av basisramma til naturskade og andre
uføresette hendingar i kommunane, til slutten av året. Basert på dagens ramme utgjer dette
om lag 3,7 millionar kr.
 Veksttilskotet vert tildelt kommunar som har hatt ein gjennomsnittleg årleg folketalsvekst
over 1,5 prosent i 2016. Sidan folketalsveksten har vore lågare dei siste åra vert
vekstgrensa no sett til 1,4 prosent, slik at ein opprettheld tilskotet på dagens nivå.
 Innføring av ny modell for selskapsskatt frå 2017 vert utsett. Regjeringa vil komme
tilbake til dette i kommuneproposisjonen for 2018.
 Ansvaret for frivilligsentralar skal frå 2017 overtakast av kommunane, og vil bli lagt inn i
rammetilskotet.
Endringar i kostnadsnøklane.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjennomgått alle delkostnadsnøklane i
inntektssystemet for kommunane. Dagens kostnadsnøklar er oppdaterte etter nye
datagrunnlag. Eid kommune vil få ein auke i utgiftsutjamning på om lag kr 500.000,gjennom denne justeringa.
Nytt inntektssystem for kommunane.
Regjeringa la fram eit nytt inntektssystem for kommunane på slutten av 2015. Det nye
inntektssystemet vert sett i samanheng med kommunereforma, og skal vedtakast av Stortinget
i handsaminga av kommuneproposisjonen for 2017.
I det nye inntektssystemet er det innført eit strukturkriterie, med ein indeks ut frå avstanden
for å nå 5000 innbyggjarar i ei kommune. For å behalde fullt basistilskot, kr 13,2 mill i 2016,
må denne avstanden vere over 25,4 km.
Eid kommune kjem ut med ein avstand på 8,9 km, og vil få eit rekk i basistilskotet
(rammetilskotet) på kr 3.062.000,- frå 2017.
TABELL 1
Alle beløp i tusen
Nr. Versjon 6. juni 2016
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11a
11b
12
13
14
Budsjett
2017
Budsjett
2018
Budsjett
2019
Budsjett
2020
Frie inntekter
Rammetilskot
Inntektsutjamning
Skatteinntekter
Sum generelle frie inntekter
Kompensasjonar investeringar grunnskule
Komp.tilskot omsorgsbustader
Tilskot flyktningar
Premieavvik og Amortisert prremieavvik
-157 512
-18 604
-139 693
-315 809
-1 020
-730
-26 000
-4 330
-156 934
-19 550
-139 157
-315 641
-970
-700
-26 000
-3 129
-158 434
-19 550
-139 157
-317 141
-920
-670
-26 000
-2 400
-159 934
-19 550
-139 157
-318 641
-870
-640
-26 000
-2 000
-160 934
-19 550
-139 157
-319 641
-820
-610
-26 000
-1 600
Sum frie inntekter
-347 889
-346 440
-347 131
-348 151
-348 671
-200
-5 300
-10 606
0
-1 500
11 400
19 265
13 059
-200
-4 000
-10 800
0
-1 000
13 196
21 562
18 758
-200
-4 000
-11 000
0
-500
14 350
22 593
21 243
-200
-4 000
-11 200
0
-300
14 670
22 718
21 688
-200
-4 000
-11 400
0
-300
14 800
23 125
22 025
Utbyte + konsesjonskraftinntekt
Avkastning frå aktiv forvaltning
Eigedomsskatt bustad og fritidseigedom
Eigedomsskatt verk/bruk/anna næring
Renteinntekter bankinnskot
Renteutgifter lån
Avdrag på lån
Sum finanspostar
Til fordeling drift
15
16
17
18
19
20
21
22
23
Budsjett
2016
Sentraladministrasjonen inkl. politisk styring
Oppvekst og kultur
Helse og sosial
Teknisk og samfunn
Lønsauke 2016: 2,4 % frå 1. mai
Tilskot Eid Fjordvarme KF
Tilskot Eid Industrihus KF (utbyte frå AS-et)
Utbyte frå Eid Industrihus AS
Tilskot Eid kyrkjelege fellesråd
24
-334 830
-327 682
-325 888
-326 463
-326 646
28 181
140 088
103 490
54 205
5 270
-70
500
-500
4 697
28 639
140 088
103 490
53 205
7 905
0
709
-709
4 697
28 639
140 088
102 915
52 205
7 905
0
653
-653
4 697
28 639
140 088
102 915
51 205
7 905
0
0
0
4 697
28 639
140 088
102 915
51 205
7 905
0
0
0
4 697
335 861
338 024
336 449
335 449
335 449
25a
Resultat (minus er lik overskot):
1 031
10 342
10 561
8 986
8 803
25b
25c
25d
Bruk av disposisjonsfond:
Avsetning til disposisjonsfond
Resultat (minus er lik overskot):
-1 031
0
0
10 342
10 561
8 986
8 803
1,83 %
689 517
1,85 %
722 735
2,00 %
727 422
2,00 %
740 218
2,10 %
740 218
26 Rente på innlån, %
27 Lånegjeld pr 31.12
Pkt 1-4 Frie inntekter
 Det er lagt inn frie inntekter i tabell 1 i samsvar med prognosemodell frå KS som er
oppdatert etter framlegginga av kommuneproposisjonen for 2017. Rammetilskotet er lagt
inn ut frå folketal pr. 01.07.2015, medan skatteinntekter og inntektsutjamning er lagt inn
etter prognose på folketalet for 01.01.2017. Rammetilskotet for 2017 skal fordelast på nytt
ut frå folketalet pr 01.07.2016. Frå 01.07.2015 til 31.03.2016 har Eid kommune hatt ein
auke i folketalet på 0,30 %, medan landet har hatt ein auke i folketalet på 0,65 % for same
periode. Folketalet i Eid er 6025 pr 31.03.2016. Folketal pr. 01.07.2016 med fordeling i
kvart enkelt kriterie (aldersgrupper, avstandskriteria, osv) er ikkje kjent før seinare i haust.

Difor får vi ikkje opplysningar om endeleg rammetilskot før statsbudsjettet vert presentert
6. oktober.
Dei siste 10 åra har kommunane hatt ein gjennomsnittleg reell vekst i dei frie inntektene
på i overkant av 1,0 %. Det er venta at denne veksten må halde fram når ein ser på
utfordringane kommunane set med. Rådmann har difor lagt inn ein vekst i rammetilskotet
på kr 1,5 mill pr år for åra 2017-2020, som tilsvarar om lag 0,5 % i realvekst.
Pkt 5-9 Andre fellespostar
Disse er vidareført frå økonomiplan 2016-2019, vedteke i kommunestyret i desember 2015.
Pkt 10 Avkastning aktiv forvaltning
Denne posten er redusert frå kr 5,3 mill i 2016 til kr 4,0 mill i 2017 og ut planperioden. Det
er venta låg rente i heile planperioden, noko som vil påvirke den samla avkastninga. For å
redusere risikoen for at avkastninga skal bli lågare enn budsjett, meiner rådmann at denne må
justerast ned.
Pkt 11a Eigedomsskatt bustad og fritidshus
Eigedomsskatt blei innført frå 2014 på bustadhus og fritidshus. Satsen blei sett til 3,0
promille for 2016. Dette gir ei inntekt på om lag kr 10,6 mill i 2016. Skattesats på 3,0
promille er vidareført i heile økonomiplanperioden. Det vil likevel bli ein liten årleg vekst i
inntekta på grunn av årleg justering av formuesgrunnlaget frå skatteetaten og nye einingar
som kjem til.
Pkt 11b Eigedomsskatt verk/bruk/anna næring
Det er ikkje lagt inn eigedomsskatt på verk og bruk og anna næring for den komande
økonomiplanperioden.
Pkt 12 Renteinntekter
Etter kvart som dei store investeringsprosjekta vert ferdigstilt, vil ubrukte lånemidlar plassert
på bankkonto gå ned. Dette vil føre til reduserte renteinntekter i åra framover.
Pkt 13 og 26 Renteutgifter
Renteutgift for kommunen sine lån er lagt inn med 1,85 % for 2017 og 2,0 % for 2018-2019.
Renteutgifta for 2017 er ganske sikker pga høg del av kort fastrente. Etter kvart som denne
vert rullert, må vi vente at det vert noko stigning i renteutgifta.
Pkt 14 og 27 Avdrag/Lånegjeld
 Investeringsplan for 2016-2019, vedteken i des 2015, er lagt til grunn for lånegjeld pr.
31.12. det enkelte år.
 Det er lagt til grunn betaling av avdrag etter "minste lovlege avdrag" i samsvar med
kommunelova. Det vil seie at lån til investeringar skal nedbetalast med like årlege avdrag
over same tid som forskriftsmessig bestemt avskrivingstid på det enkelte
investeringsobjekt.
 Rådmann vil i løpet av hausten oppdatere økonomiplan for investeringar. Det vil då bli
vurdert om det ligg inne riktige beløp det enkelte år på lånegjeld, renteutgift og
avdragsutgift. Det er uansett viktig at «innsparinga» ved lågt rentenivå dei komande åra i
mest muleg grad må nyttast til å halde oppe storleiken på betalte avdrag. Det er
sannsynleg at rentenivået vil stige om nokre år, og då må det gjerast mest muleg i åra som
kjem for å begrense veksten i lånegjelda.
Pkt 15-18 Rammer
 Det er lagt inn rammer for 2017 – 2020 vidareført frå budsjettendringssak i juni 2016

Ramme til teknisk er justert noko ned pga inntekt frå utleigebustader og kalkulatorisk
kostnader frå VAR i åra 2017-2020, til dekning av finanspostar frå disse investeringane
Pkt 19 Lønsauke 2016
Dette vert fordelt på rammene når det lokale lønsoppgjeret er kjent seinare i haust. Det er lagt
inn heilårseffekt for 2017.
Pkt 21 Driftstilskot Eid Fjordvarme KF
Selskapet sitt lån til gassområdet blei nedbetalt i 2015. Dette gjer at det ikkje er venta behov
for tilskot til selskapet frå Eid kommune.
Pkt 22 Driftstilskot Eid Industrihus KF
Det er lagt inn driftstilskot til Eid Industrihus KF i samsvar med siste vedteken økonomiplan.
Tilskotet frå Eid kommune vil bli finansiert med utbyte frå Eid Industrihus AS. Dette
selskapet har pr. 31.12.2015 om lag kr 6,0 mill i eigenkapital som kan betalast ut som
framtidig utbyte.
Pkt 23 Driftstilskot til Eid kyrkjelege fellesråd
Dette er vidareført med same beløp som i 2016.
Tiltak frå handlingsdelen i kommunedelplanen
Siste vedteken handlingsdel i kommunedelplanen vil bli gjennomgått i løpet av
budsjettarbeidet utover hausten, for å gjere vurdering på kva tiltak som bør inn i
økonomiplanen og når tid.
Innsparingstiltak frå avdelingane
I budsjettrundskrivet som blir sendt ut til avdelingane i månadsskifte juni/juli, vil rådmann be
om synleggjering av innsparingstiltak på 5 % av netto ramme for kvar avdeling. Dette vil bli
gjennomgått i budsjettprosessen for å finne aktuelle tiltak til innsparingar.
Det er vanskeleg å auke inntektene og/eller redusere andre driftsutgifter enn løn innafor
rammeområda. Reduksjonar i ramma vil difor bety færre årsverk. Eitt årsverk kan reknast
gjennomsnittleg til kr 585.000,-.
Økonomiske handlingsreglar i budsjett og økonomiplan
Eid kommune er inne i ein periode med sterk vekst i den kommunale lånegjelda. Dette på
grunn av fleire store investeringsprosjekt som er vedtekne siste åra. For å ha kontroll med at
kommunen er i stand til å betale renter og avdrag på den kommunale lånegjelda, og samtidig
ha eit budsjett i balanse, har rådmann tidlegare varsla at det behov for økonomiske
handlingsreglar.
I møte den 28.04.2016 gjorde kommunestyret følgjande vedtak i sak 047/16:
3. Eid kommunestyre har merka seg rådmannen si uro knytt til framtidig rentenivå på lån
og avkastning på fondsplasseringar, jfr. årsrapport for Eid kommune 2015. Eid
kommunestyre ber rådmannen greie ut trongen for å ha handlingsreglar for seg sjølv,
slik at svingningar i rentenivå og avkastning på fondsplasseringar råkar
tenesteproduksjonen minst mogeleg.
Parallelt med budsjettarbeidet utover hausten 2016, vil rådmann arbeide fram nokre
økonomiske handlingsreglar som vil bli presentert til finansutvalet den 20. oktober, saman
med konsekvensjustert årsbudsjett for 2017 og økonomiplan 2017-2020.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret ber rådmann legge føresetnadane gjennomgått i saksutgreiinga til grunn for
det vidare budsjettarbeidet.
16.06.2016 FINANSUTVALET
FSU-022/16 VEDTAK:
Saka vert teken til vitande.
16.06.2016 FORMANNSKAPET
F-089/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Kommunestyret ber rådmann legge føresetnadane gjennomgått i saksutgreiinga til grunn for
det vidare budsjettarbeidet.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
16.06.2016
22.06.2016
Torfinn Myklebust
Saksnr
090/16
Arkiv:
Objekt: 44/29
Saksansv.
TMY
TMY
Arkivsaknr
13/1616
Eid Eldretun - Varme og ventilasjonsanlegg - tilleggsfinansiering
Prenta vedlegg:
Utskrift K-sak 061/15
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
 Lov om arbeidsmiljø
 Pålegg frå arbeidstilsynet om inneklima ved Eid eldretun
Kva saka gjeld:
Varme- og ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun – tilleggsfinansiering.
Bakgrunn for saka:
Eid kommunestyre har vedteke bygging av nytt ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun. Dette
vart i K-sak 061/15 godkjent med ei ramme på kr 5.000.000 eks mva.
Ved innhenting av tilbod syner det seg at ramma ikkje held, det er difor naudsynt med ei
tilleggsløyving på kr 1.200.000 eks mva.
Saksutgreiing:
Arbeid med nytt ventilasjonsanlegg har vore utlyst på anbod. Samanstilling av dei innkomne
tilboda og andre kostnader som vil gå med gjev følgjande totale kostnader:
Kostnader
Prosjektering
kr 374
000,00
Tilknytning fjordvarme
kr
50
000,00
Solskjerming utført 2013
kr
92
800,00
Solskjerming fasade sør
kr 600
(overslag)
000,00
Ventilasjon (tilbod)
Rørlegger(tilbod)
Bygg/hjelpearbeid(tilbod)
Elektro (overslag)
SD-anlegg (tilbod)
Uforutsett 5%
Eige arbeid
Sum eks mva
kr 1 858
200,00
kr 725
460,00
kr 1 448
086,00
kr 500
000,00
kr
70
000,00
kr 285
927,30
kr 195
000,00
kr 6 199
473,30
At kostnadane er høgare enn budsjettert skuldast mellom anna for optimistisk
kostnadsoverslag på ventilasjonsanlegg og at bygningsmessig hjelpearbeid vert meir
omfattande enn forutsett.
Skal arbeidet gjennomførast av det omfang som er planlagt vil det vere naudsynt med ei
tilleggsløyving på kr 1.200.000,- eks mva.
Økonomiske konsekvensar:
Ein ekstra kostnad på kr 1.200.000,- vil med 3% rente og 20 års nedbetalingstid medføre ein
årleg kapitalkostand på kr 78.300,Vurdering:
Ventilasjonsforholda ved Eid eldretun må utbetrast. Skal arbeidet gjennomførast med det
omfang som er planlagt vil det vere naudsynt med ei tilleggsløyving.
Det vil ikkje vere råd å redusere kostnadane utan å kutte funksjonar i anlegget som td kjøling.
På bakgrunn av dette vil rådmannen til at det vert gjeve ei tilleggsløyving på kr 1.200.000,eks mva til prosjektet.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Ramma for investering til nytt ventilasjonsanlegg mv ved Eid eldretun vert auka til kr
6.200.000,- eks mva.
2. A ka ko tna p kr .
.
ert inan iert e r k a l n…….
16.06.2016 FORMANNSKAPET
Fellesframlegg frå Høgre, Venstre og Krf, fremja av Tore Hjelle:
1. Ein avventar investering av ventilasjonsanlegg til ein ser resultatet av kartlegging av
bruksområde for Eid Eldretun. Ein føreset at den nye vurderinga kjem tidlegast råd til
hausten 2016.
2. Som eit strakstiltak vert det gjennomført solavskjerming på fasade sør. Dette vert utført
innanfor ei ramme på kr 600.000 jfr. saksutgreiinga.
Fellesframlegget frå Høgre, Venstre og Krf vart vedteke med 5 røyster.
F-090/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Fellesframlegg frå Høgre, Venstre og Krf, fremja av Tore Hjelle:
1. Ein avventar investering av ventilasjonsannlegg til ein ser resultatet av kartlegging av
bruksområde for Eid Eldretun. Ein føreset at den nye vurderinga kjem tidlegast råd til
hausten 2016.
2. Som eit strakstiltak vert det gjennomført solavskjerming på fasade sør. Dette vert utført
innanfor ei ramme på kr 600.000 jfr. saksutgreiinga.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-

Similar documents