Les meir. - Gol kommune

Comments

Transcription

Les meir. - Gol kommune
Samarbeidsmøte mellom frivilligheita og kommunale tenester i helse og
omsorg
Deltakande frå kommunen er ordførar, leiar i utval for kultur og levekår, rådmann,
kommunalsjef for helse og omsorg.
Inviterte frå kommunen er kommunalsjef for oppvekst og kultur, leiar i råd for eldre og
menneske med nedsett funksjon samt leiar i Gol Ungdomsråd.
Inviterte frå frivilligheita er Frivillighetssentralen, Pårørendeforeininga, Gol Helselag, Gol
Lions, Gol Lions Frøya, Gol og Hemsedal Røde kors besøkstenesta, Frelsesarmeen, Gol
Pensjonistlag, Gol NHF, NFU Gol, og representant frå «Småjobben».
DATO: 01.09.16
TID: 18.00 – 20.00
STAD: Kommunestyresalen på Gol kommunehus
AGENDA FOR MØTET:

Korleis er det frivillige tilbodet til eldre og funksjonshemma i dag?
Det er ynskjeleg at laga og organisasjonane forbereder seg og får 5 min kvar til å
presentere sine tilbod til eldre og funksjonshemma.

Litt om lovpålagte kommunale tenester og økonomiske rammer.
Det er ynskjeleg at kommunalsjef for helse og omsorg forbereder seg og får 20 min til
å leggje fram.

Velferdsteknologiprosjektet for Hallingdal. Det er ynskjeleg at ordføraren fortel om
pågåande velferdsteknologiprosjekt for Hallingdal i regi av Hallingdal Kraftnett.

Korleis kan det frivillige tilbodet og dei kommunale helse og omsorgstenestene
vidareutviklast med meir samarbeid enn i dag?
Det er ynskjeleg med gruppearbeid i blanda grupper med kommunale representantar
og frivillige representantar.
Oppsummering i plenum og vidare arbeid med gode idear.

Hjarteleg velkomne til eit konstruktivt møte!
SAMARBEID FORMAR FRAMTIDA!
Heidi Granli
Ordførar