Kort resymé av handlinga i Les Miserables Musikalen er basert på

Transcription

Kort resymé av handlinga i Les Miserables Musikalen er basert på
Kort resymé av handlinga i Les Miserables
Musikalen er basert på romanen Les Misérables (Dei elendige) av Victor Hugo frå 1862.
Handlinga finn stad tidleg på 1800-talet i Frankrike og følgjer dei samanfletta historiene til ei
rekkje figurar som kjempar for eller imot forsoning og revolusjon. Personane er blant anna
ein lauslaten straffange ved namn Jean Valjean (Peter Smørdal) som ikkje greier å finne
arbeid som ærleg mann, bryt prøvelauslatinga si og skjuler identiteten sin; politiinspektør
Javert (Aleksander Raftevold) som blir besett av å finne Valjean; Fantine (Marte Rønnestad),
ei einsleg mor som vert tvinga til å bli prostituert for å skaffe mat til dotter si, Cosette;
Cosette (Sigrid Myklebust), som etter moras død blir Jean Valjean si adopterte dotter, og
som etterkvart vert forelska i den revolusjonære studenten Marius Pontmercy (Arnt Herman
Hagen); ekteparet Thénardier (Stian Hundeide og Hege Anita Vereide), dei samvitslause
krovertane som opprinneleg fostra Cosette, og som trivst med å jukse, lure og stele; Éponine
(Hanna Kvamme), den unge dottera deira som er håplaust forelska i Marius; Gavroche (Siri
Nikoline Leivdal), ein ung tiggargut i 10-12-årsalderen; og studentleiaren Enjolras (Fredrik
Rye Hansen) som planlegg å frigjere dei undertrykte klassane i Frankrike. I tillegg til
hovudfigurane er det eit ensemble av prostituerte, studentar, revolusjonære,
fabrikkarbeidarar og andre.
Innhald, innslag for innslag:
Prologen: Look down / Sjå ned
Året er 1815. Ein lenkegjeng i eit fengsel syng om korleis dei best overlever dag for dag.
Mange håpar at Gud snart vil la dei døy. Valjean, som har stole eit brød og har sona i nitten
år for dette, vert lauslaten på prøve av politiinspektør Javert. Valjean prøver å skaffe arbeid,
men ingen vil tilsetje han på ærlege vilkår. Han vert redda av biskopen, men i sorg og
fortviling stel han sølvtøyet hans og rømer, men vert teken tilbake. Då seier biskopen at han
har gjeve han sølvtøyet, som starten på eit nytt og betre liv. I møte med slik godhet angrar
Valjean bittert, og lurer på kva slags menneske han er vorten.
1. AKT
At the end of the day / Når dagen er slutt
Året er 1823. Vi er utanfor ein fabrikk. Valjean har skifta identitet og er blitt fabrikkeigar og
borgarmeister i byen med hjelp frå sølvet han fekk av biskopen. Eit kor av fattige
fabrikkarbeidarar syng om det daglege slitet; ein dag nærmare døden, men ein må forsørgje
seg sjølv og familien. Tre kvinner lagar intriger med arbeidsformannen og Fantine. Ho har
fått eit brev med beskjed om å sende meir pengar til eit par som tek seg av den vesle dottera
hennar. Kvinnene stel brevet og eggjar formannen til å seie henne opp, og sjølv om Fantine
forsvarar seg så vert ho sendt på gata.
I dreamed a dream / Eg hadde ein draum
Fantine syng om korleis ho hadde håpa livet skulle bli, så langt, så langt frå det det vart som
det kunne kome.
Lovley Ladies / På hamna
Vi er i hamna der sjømenn går i land og ser seg om etter kvinner, og dei prostituerte står klar
til å ta imot dei. Ned her er også Fantine komen, vandrande fortvila og desperat. Ei gamal
kvinne legg merke til henne, og vil kjøpe det vakre håret hennar. Då Fantine får høyre prisen
gjev ho etter, det kan berge dottera Cosette i lange tider. Tida går, og i løpet av songen har
Fantine forfalle stygt, og også ho er komen inn i prostitusjonen, og blitt sjuk. Ho avviser ein
potensiell kunde som er meir fråstøytande enn vanleg, og dermed forsøker han å få henne
fengsla. Om ho kjem i fengsel er ho redd Cosette vil døy. Valjean kjenner igjen Fantine, og
som borgarmeister bergar han henne.
Cart crash / Ulukka med kjerra
Ei kjerre er på ville vegar og skapar kaos før ho smadrar ein mann. Valjeans styrke får
mannen laus. Dette får Javert til å tenkje på Valjean, men han trur at det er ein annan mann
som er Valjean, og Valjean står overfor eit dilemma; skal han la ein annan mann ta skulda for
det han har gjort, eller skal han avsløre seg? Han innrømmer at han er Valjean, og dermed er
forkledninga hans avslørt.
Fantine’s death / Fantine døyr
Fantine er komen på sjukehus og er svært sjuk. Valjean kjem inn saman med to nonner.
Fantine er redd for korleis Cosette skal klare seg utan henne, og Valjean lovar å ta vare på
jenta. Då døyr Fantine. Men i det same kjem Javert inn for å arrestere Valjean. Valjean
prøver å appellere til Javert om at han har fått eit barn å ta vare på, men Javert trur ikkje på
han, og held fast ved ‘ein gong kriminell, alltid kriminell’. For å berge Cosette, stikk Valjean
av.
Vesle Cosette
Vesle Cosette jobbar som ein slave på vertshuset til ekteparet Thenardier. Ho syng om eit
draumeslott i skyene der ho får ha det bra med ei kvitkledd kvinne som elskar henne. Ho
vert avbroten av kjeft og sarkasmar av Madam Thenardier, som framhevar si eiga dotter som
ein sterk kontrast, og truar med å sende Cosette på dør.
Master of the house/ Vertshushaldarens song
Thenardier syng om livet sitt som vertshushaldar der han gjer alt han kan for å snyte og lure
gjestene til å betale mest muleg for minst muleg, og tykkjer han er svært til kar. Særleg er
skildringa av maten svært tvilsam, (lever frå ein katt, nyre frå ein hest, sel det som biff osb).
Og madam Thenardier stemmer i, dei to er av same ulla, men har like stor forakt for
kvarandre som dei har for resten av verda.
The Bargin / Avtalen
Valjean kjem og finn Cosette i skogen på leiting etter ved. Han tek henne med tilbake til
vertshuset, og fortel paret Thenardier at mor hennar er død, og at han vil ta Cosette med
seg. The Thenardiers vert redde for å miste slaven sin, men øynar sjansen for ein handel.
Valjean vil betale for henne, og Thenardierparet pressar på for å få mest muleg ut av han.
Han får henne med seg til eit nytt liv.
The beggars / Tiggarane
Året er 1832, og vi er i dei skitne gatene i Paris. Eit kor av fattige og tiggarar syng «look
down» - sjå ned, og vis oss nåde. Studentleiaren Enjolras kjem inn saman med den
revolusjonære Marius, dei agiterer til opprør. Den freidige tiggarguten Gavroche åtvarar mot
Thenardier som no ikkje lenger har vertshuset sitt, og familien hans, også dottera Eponine.
The robbery / Møtet på gata
Også paret Thenardier er ute på gatene og prøver å lure godtruande personar til å gje dei
noko. Studenten Marius ertar og pratar kameratsleg med Eponine, og innser ikkje at ho er
djupt forelska i han. Så støyter han på Cosette som no er blitt ei ung kvinne og kjem gåande
med fosterfar sin Valjean. Sjølv om møtet berre er ein augneblink vert dei merkbart tiltrekte
av kvarandre. Thenardier kjenner igjen Valjean, og prøver å avsløre han for Javert.
Stars
Javert ber ei bøn om å få finne Valjean. Gavroche høyrer på, men har ingen respekt for
Javert. Eponine har gjenkjent Cosette. Marius ber henne om å finne ut meir om Cosette,
noko ho ikkje er glad for, men gjer likevel fordi det er han som spør.
ABC-cafe
Studentane, leia av Enjolras, er samla for å diskutere revolusjon. Marius er sein og kjem inn
nyforelska med stjerner i augna. Dei andre ertar han, men Enjolras vert irritert over slikt tull
og stemninga snur seg når Gavroche kjem springande og seier at deira store idol og håp,
general Lamarque er død. Dei fokuserer no på revolusjon og blod frå sinte menn!
The people’s song / Kan du høyre folket syng?
Studentane tek revolusjonstanken ut til folket, og får fleire og fleire med seg: kan du høyre
folket syng?
Rue Plumet, heimen til Cosette
Cosette er i hagen heime med seg sjølv og er beskytta mot verda utanfor. Ho undrar seg over
livet sitt, fortida og framtida og den ho er blitt. Valjean trøstar og forklarar. Marius og
Eponine kjem.
«A heart full of love»
Marius og Cosette syng om den nyvunne kjærleiken sin. Eponine ventar sorgfull og fortvila
på gata utanfor.
Angrepet på Rue Plumet
Thenardier og ein gjeng kriminelle har tenkt å bryte seg inn hjå Valjean og Cosette. Dei vert
stoppa av dottera Eponine som skrik ut ei åtvaring til Marius, Cosette og Valjean.
One day more / Ein dag til
Valjean trur det er Javert som har funne han, og gir Cosette beskjed om at dei må kome seg
vekk. Ho vil ikkje reise frå Marius. Marius vert sliten mellom Cosette og studentkameratane,
men vel revolusjonen, Enjolras leiar folket sitt fram til å bygge barrikaden. Det er dagen før
revolusjonen.
2. AKT
Barrikaden/ «On my own»
Enjolras instruerer folket sitt. Javert har kledd seg ut som revolusjonær for å infiltrere
opprøret. Eponine har kledd seg som gut for å delta. Marius ertar henne. Så ber han henne
gå med eit brev til Cosette, noko ho gjer. Valjean tek i mot brevet, og les det for seg sjølv,
noko Eponine høyrer på. Valjean går for å gje brevet til Cosette, og Eponine går for seg sjølv
og syng ut om den håplause kjærleiken sin.
Javert på barrikaden
Javert prøver å lure folket på barrikaden, men vert avslørt av Gavroche og teken til fange.
Eponine kjem inn og vert møtt av Marius. Han oppdagar at ho er såra. Sjølv om han ikkje er
forelska i henne er han glad i henne og vert svært fortvila når ho sig blødande i hop i armane
hans og døyr etter kort tid. Dei andre svær på å hemne henne.
Det første angrepet
Angrepet startar. Valjean kjem inn og skyt ein av motstandarane før han ber om å få Javer,
og frigjev han. Javert skjønar ikkje at dette kan skje, og held fast ved «ein gong tjuv, alltid
tjuv», men tek likevel imot tilbodet om å sleppe fri.
Nattevake / Ta han heim
Kvinner kjem til barrikaden og tek seg av dei såra før dei går til ro for natta. Valjean er
bekymra for Marius som han ser på som den sonen han aldri fekk, og ber Gud verne han og
ta han heim.
Det andre angrepet
Det kjem til eit nytt slag neste dag. Gavroche er liten, rask og overmodig. Til tross for
protestar frå dei andre, hoppar han ned frå barrikaden for å samle ammunisjon til dei
kjempande, og vert skoten og drepen i forsøket.
Det endelege slaget
Alle dei revolusjonære vi har følgt døyr no i slaget med unntak av Valjean og ein sterkt såra
Marius. Valjean får med seg Marius og ber han på ryggen gjennom kloakken og greier på den
måten å berge han samtidig som Javert kjem tilbake på jakt etter Valjean.
I kloakken
Thenardier er i kloakken for å robbe lika for verdiar. Valjean kjem med Marius og kollapsar.
Thenardier går bort til Marius og stel ringen hans. Valjean kjem til seg sjølv igjen, og
Thenardier forsvinn. Valjean held fram med å berge Marius, og kjem seg endeleg ut av
kloakken der han heilt utmatta møter Javert.
Sjølvmordet til Javert
Valjean helsar Javert med å be om endå ein time for å få skaffa ein lege til Marius. Javert
nøler, men gjev etter. Så kjem han i store samvitskvaler; Valjean har berga livet hans, men
han kan ikkje stå i gjeld til ein tjuv, og vel dermed å ende sitt eige liv. Nokre kvinner kjem til
og fortvilar over atter eit blodbad, og likevel inga endring til det betre.
Cafe Song: Tomme stolar, tomme bord
Marius frisknar til fysisk, men sit ved eit kafébord aleine og fortvilar over alle dei tapte
kameratane som viser seg som spøkjelser for han.
Marius og Cosette
Cosette kjem inn. Ho fortel han at han vert sterkare for kvar dag. Marius seier at han kvar
dag lurer på kven som berga han frå barrikaden. Cosette ber han tenkje framover, og ikkje på
fortida. Dei forlovar seg med velsigning frå Valjean, og Marius ber Valjean flytte inn med dei.
Men då innrømmer Valjean kven han er, og ber Marius seie til Cosette at han har reist.
Marius vert sint og skuffa, men seier at for Cosette si skuld skal han gjere som han vil.
Bryllaupet
Under bryllaupsfesten kjem paret Thenardier forsøkt utkledd som baron og baronesse for å
få Marius i tale, for å få fleire pengar frå han, men vert straks avslørt. Thenardier fortel
Marius at Valjean var ein likrøvar i kloakken under barrikadeslaget, og viser han ringen som
han tok som bevis der. Marius gjenkjenner ringen, og innser at det var Valjean som berga
livet hans. Han slår til Thenardier i forakt, men det bit ikkje på, paret Thenardier kastar seg ut
i dansen, og nyt livet blant dei store..
Epiloge
Valjean er blitt sjuk og kjenner si livsgjerning gjort. Han sit aleine og sansar at Fantine er
komen til han, og han ynskjer å gå med henne. Men Cosette og Marius kjem og, og prøvar
desperat å halde han igjen. Han tek likevel farvel og lar seg drive av stad med Fantine og
Eponine, i det dei syng at å elske nokon er som å sjå ansiktet til Gud.
Kan du høyre folket syng, syng om ein betre morgondag?