Kyrkjekontakten Nr.4 2014
Transcription
Kyrkjekontakten Nr.4 2014
Kyrkjebladet for Alversund, Lygra og Seim Nr. 4 – Desember 2014 Oppvekst Open kyrkje Innviing og fest Vi er i mål – www.knarvikkyrkje.no – Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Alversund kyrkjekontor Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund tlf. 56 35 73 70 fax. 56 35 73 71 [email protected] Opningstider: tysd. torsd. fredag kl.11.00-15.00 Stab Prost i Nordhordland: Geir Sørebø 957 29 172 [email protected] Sokneprest i Alversund: Åge Palmesen 56 35 73 76 [email protected] Diakon: Gudveig Kartveit Kana [email protected] Kateket: Bjørn D. Nygård 412 59 586 [email protected] Kantor: Odd Leif Mjøs 56 35 73 74 [email protected] Sekretær: Mariann Grindheim Nepstad [email protected] Kyrkjekontakten Redaksjon: Monika B. Aarland 414 16 422 [email protected] Lars Inge Kjemphol 992 59 699 [email protected] Silje Marie Bauge 902 43 838 [email protected] Weronica Løland 915 19 390 [email protected] Layout/setting: ID fix design 93 006 007 Framsidefoto: Erlend Spurkeland Trykk: Trykk-Service A/S Url: www.knarvikkyrkje.no Frist for innlevering av stoff til neste nummer er 1. februar 2015 Sokneråd Alversund sokneråd Øystein Aamli Seim sokneråd Rannveig Furelid Lygra sokneråd Lillian Berentsen Kontonummer 993 21 642 400 17 918 980 86 687 3632.53.60741 Lindås Kyrkjelege fellesråd Lonsvegen 1 56 37 59 20 www.lindas.kirken.no Fredsfyrste Juleandakt av prost Geir Sørebø F or eit barn er oss fødd… Han har fått namnet… Fredsfyrste. (Jesaja 9,6) Kvar gong det kjem ei ny regjering, så lurer folk på kor mange ministrar og departement det vert. Kva med ein fredsminister? Å skape fred kan vere ei usedvanleg krevjande utfordring anten det er i heimen, i lokalsamfunnet, i kyrkja eller i den store verda. Det overraskande i Jes 9 er at fredsministeren skal vere eit barn. Ikkje eit barn som skal vekse opp og etter lange studiar gjere seg kvalifisert til å verte valt til fredsminister. Nei, han skal vere fredsminister frå fødselen av. Som ein arveprins er berar av det kongelege frå fødselen av, er fredsministeren frå opphavet av berar av freden. Fredsarbeid er ikkje noko han kvalifiserer seg til. Han er eitt med freden i heile sitt vesen «Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda», song englane på Betlehemsmarkene. Dette var ei melding om at freden alt var komen til jorda. Freden kom med barnet. For ein del år sidan snakka eg med ein gamal mann som var ille til mote. «Når eg tenkjer attende på livet», sa han, «så er det så mangt som eg angrar på. Det er så vanskeleg å finne fred». Eg kunne seie til han at det er ikkje umogleg for noko menneske å finne fred. Jesus er komen med fred. Han er fredsministeren som har fred som sitt program. Men han er ingen diktator som tvingar folk til fred med makt. Han kom som eit barn. Freden vert teken i mot som ei gåve. Ei gåve som kan gjevast av eit barn. «For eit barn er oss fødd. …Han har fått namnet…Fredsfyrste» Det er vanskeleg å vinne freden med våpen, og fredsdiplomati gjennom forhandlingar er serdeles krevjande. Rettssaker skaper ofte ikkje ro, men gjerne meir strid. Gudsbarnet som vart fødd til jord, kom med ein alternativ veg til fred. Ein veg gjennom det å oppgje sin eigen kamp, ta imot Guds gåve og gjennom det å gje medmenneske ei utstrakt og forsonande hand. Jesus sa sjølv: «Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det.» (Joh 14,27), og «Sæle er dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born» (Matt 5,9). Kva er julefred? Er det nysnø og juleferie, varme frå peisen og duft av granbar og pinnekjøt i huset? Den kristne julefreden går djupare. Fredsministeren viser oss ein veg til fred med Gud og til fred med dei medmenneska som vi vore i strid med. Med ynskje om ei god og fredfull julehøgtid. s.2 Min Salme «Jeg synger julekvad» av Lillian Berentsen Ein julesalme eg er særskilt glad i er «Jeg synger julekvad» Kvar gong eg syng salmar tenkjer eg litt tilbake til tida då eg gjekk p å b a r ne skulen. Vi hadde alltid salmeboka i ein pose som hang på sida av pulten, då hadde vi den alltid klar. Det var ein del av den daglege rutina at vi song salmar på skulen. Like naturleg var det for oss at vi bad Fadervår kvar dag, song «Å du som metter» før maten og «For helse glede dagleg brød» etter maten. Før me gjekk heim las me velsigninga. Mange salmar lærte me utanboks. På denne måten lærte me mange salmar. Det var nok ikkje alle klassar som lærte så mange salmar som vi gjorde, vi hadde ei eldre lærarinne som såg verdien av å lære oss dette. Når vi nytta salmeboka så ofte, lærte me at her var det salmenummer som talde og ikkje sidetal som i dei andre skulebøkene. Vi vart vane med korleis ein skulle synge dei versa som stod innimellom notelinjene. Når det er jul er det ekstra fint at vi har songar og salmar som vi berre syng på denne tida av året. Då kjenner vi ekstra på den gode julestemninga når vi syng og vi høyrer dei kjende tonane. Denne salmen inneheld og nokre ord som vi sjeldan nyttar i daglegtalen, eg synest at det gjer det ekstra høgtid å syngje desse orda. Det er sjeldan vi nytter ord som kveder, kvad, moder og allesinne. Denne salmen er skriven på ein slik måte at den skaper bilete inni oss, vi kan lett sjå Tekst: Magnus.B. Landstad (fra Latin) Jeg synger julekvad Jeg er så glad så glad Min hjertens Jesus hviler i stall og krybbe trang Som solen klare smiler han på sin moders fang. Han er frelser min Han er frelser min. … Hvor er vel glede slik Som høyt i himmerik Hvor alle engler kveder En ny og liflig sang Og fram for tronen treder Til Guds basuners klang! Eia var vi der Eia var vi der for oss korleis Jesusbarnet kviler på mors fang og englane syng. Eg vil med denne salmen ynskje alle ei god og fredfull julehøgtid! Håper mange finn tid og høve til å ta ein tur i kyrkja ein av dagane i høgtida. God jul! Redaktørens hjørne Det har vore ei spanande tid, med kyrkjebygging og greier. No er vigslingsgudstenesta unnagjort, og me har ei flott folkekyrkje i fullt arbeid. Me oppmodar folk til å bruke Knarvik kyrkje, men heller ikkje «gløyme» dei andre kyrkjene våre. I Alversund, Lygra og Seim er det flotte kyrkjer, som framleis treng ein aktiv kyr- s.3 kjelyd. Ein «aktiv» kyrkjelyd trengs i forhold til bladet vårt også: Det kostar pengar å lage blad, og Kyrkjekontakten har hatt ekstra sider i dei siste utgåvene. Det betyr at me går på nødbluss, økonomisk sett. Difor har me lagt ved ein giro som kan nyttast til ei lita «julegåve». Ha ei velsigna jul! NMS Døveskole i Kamerun og leirliv i Norge Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Totalrenovert kjøkken Fjon fjellkyrkje hadde seks svært hektiske veker i mai, juni og juli. Då vart kjøkkenet totalrenovert frå «inst til ytst.» av John Henanger L æring og leik: Barn ved døveskolen i Kamerun Menigheten vår støtter prosjektet Det Norske Misjonsselskap har sammen med den evangelisk-lutherske kirken i Kamerun om å gi hørselshemmede muligheter til skole og utdanning. Vi har også mye lokalt arbeid her hjemme. av Helle L. Kartveit Døve og hørselshemmede har lav status i Kamerun og får ikke delta på lik linje med andre i skole og samfunn. Derfor støtter NMS oppbygging av døveklasser i kirkens skoler, slik at de blir mer inkludert i utdanning og får bedre fremtidsutsikter. Hørselshemmede får undervisning i tegnspråk, lese- skrive- og matteundervisning, i tillegg til trosopplæring. Dette endrer livene deres. De blir tatt på alvor i menighetene, og får mulighet til å ta grunnskoleeksamen på linje med andre barn. Å utdanne tegnspråkkyndige lærere er også en viktig del av prosjektet. Takk til alle som er med å støtter prosjektet! Lokalt arbeid Det Norske Misjonsselskap har også mye lokalt arbeid. Denne vinteren har NMS U to leirer på Alværa Leirsted i Lavik, Sogn: Musikkleir for 4.-7. klasse 13.-15. februar 2015 Liker du å synge, spille instrumenter eller danse? Då har vi en super helg for deg! På Musikkleir har vi gode instruktører, dirigenter og danse- s.4 ledere med, klare til å gi deg en herlig weekend med bra lyd. Leirkoret kommer til å løfte taket på Alværa! Mer informasjon om leirene kommer på nettsidene våre. Vinterleir for 2.-6. klasse 20.- 22. februar 2015 Vi brukar Alværa og området rundt til å lage en aktiv og kjekk helg. Historier fra Bibelen står sentralt. Vi brukar bålpanna til grilling, klatrer på bruskasser, skyter med pil og bue og prøver ut det nye luftgeværet. Leking blir det mye av, inne og ute. For mange er Misjonstivoli leirens høgdepunkt, det hører med! Påmelding og informasjon er på netttsidene våre: www.nmsu.no/bjorgvin Alt frå veggar til golv vart rive ned, for så å bli bygd opp heilt på nytt. Me bytta også vindauge og la varmekablar osv. Heilt ny innreiing og ny oppvaskmaskin, kombidamper, kokeplater, avtrekkshetter og kjøleskap. Me hadde ei kostnadsramme på ca 450 000,- inkl. mva og det klaffa ganske godt. Me tok oss også råd til ein serveringsdisk med skap under. Den er montert på utsida av kjøkkenet. No har det f lunkande nye kjøkkenet alt vore brukt nokre månader. Litt uvant for nokon, men alt i alt var nok dette ei kjærkomen oppgradering. Dette vart eit stort økonomisk løft for Fjellkyrkja, det største sidan ho vart bygd, og det hadde ikkje vore mogeleg utan veldig god økonomisk støtte frå: Sokneråda, private firma, Sparebanken Vest, BKK, Masfjorden kommune og mange privatpersonar. Tusen takk til alle dykk! Musikk i Knarvik kyrkje Flygelet er på plass – og er kome til oss frå EikangerBjørsvik Musikklag, som i si tid fekk dette i gåve frå ekteparet Ektvedt. av Tor Kristiansen Vi er særs takksame for at EBML ville gje dette flott instrumentet vidare til oss, og gler oss stort til å ta flygelet i bruk. Orgelet kjem nok ikkje til å vera på plass før til somma- ren, så flygelet er ei kjærkomen gåve. Veke for veke er det noko nytt å oppdage i Knarvik kyrkje. No er altså flygelet kome på plass. Det same er kunstverket på veggen bak alteret. Og i skrivande stund er også stolane sette inn i kyrkjerommet. Tida inn mot vigslinga er travel, men og givande for alle dei involverte – og stadig meir vert klart til den store dagen. Det store, trekvite kyrkjerommet står fram som eit mektig s.5 rom. Alle som kjem inn, vert ståande i undring. Her er mykje å gle seg til 1. sundag i advent. Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim En oppvekst varer livet ut Jan Elverum, generalsekretær i Blå Kors. Det er lett å anta at et barn ville blitt fanget opp av andre dersom det var grunn til bekymring. Det viser seg ofte ikke å være tilfelle. Barn som lever i sårbare hjem er ofte flinke til å gå inn i roller, tilpasse seg omgivelsene og å skjule hvordan det står til hjemme. «Sårbare barn er som andre barn – forskjellige» Illustrasjonsfoto Ett av ti barn lider under at foreldrene drikker, ruser seg eller har psykiske problemer. For disse barna er det avgjørende å bli sett av trygge voksne. Dette er et aktuelt tema, ikke bare nå rundt juletider, men året rundt. Blå Kors har utviklet en enkel veileder som forteller deg hva du kan gjøre ved bekymring for et barn. Tallet kommer frem i en rapport fra Folkehelseinstituttet fra 2011. Sannsynligheten for at du kjenner til ett eller flere av disse barna er stor. Mange tror det er lett synlig om et barn har det vanskelig, men det kan være vanskelig å vite hvordan et barn har det hjemme basert på adferd eller utseende. Sårbare barn vokser opp i alle samfunnslag og typer familier. Derfor bør man ikke la symptomene alene styre om man gjør noe for et barn. Er du bekymret for et barn, bør du gjøre noe uansett! Vi har lett for å dele vår bekymring for et barn med naboen, ektefellen eller en venn. Det vi må huske er å vise omsorg direkte til barnet, i barnehøyde. Det er da vi gjør en forskjell for barnet selv. Fra forskning vet vi at det er av stor betydning for et barns framtid å bli sett av en voksen. Å bli sett er menneskets mest grunnleggende følelsesmessige behov. Å bli sett er en viktig beskyttelsesfaktor i et sårbart barns liv. «Kan du snakke med meg, ikke bare om meg.» – Gjennom en enkel femtrinns veileder vil vi gi voksne mulighet til å være den som bryr seg, når magefølelsen sier at man bør, sier s.6 Barn trenger at man våger og handler. Det er vi voksne som må øve oss på å bære ubehaget ved å være den som stiller spørsmål, blander oss, bryr oss. Barna bør ikke bære smerten og ubehaget alene. Du ser det ikke før du tror det! Se veilederen i sin helhet på jegser.no eller bestill en brosjyre på e-post:[email protected] tlf:900 75 732 Hva kan du gjøre? Fem gode råd: (dette er kortversjon av veilederen. Fullversjonen finnes på jegser.no med konkrete tips til hva du kan si og gjøre) 1. Ta magefølelsen din på alvor Hvis du er bekymret for et barn, er det viktig at du gjør noe med det. Det er lett å tenke at barnet ville vært fanget opp av andre dersom det var grunn til bekymring. Det er ofte ikke tilfelle. La ikke frykten for å ta feil stoppe deg. 2. Vis at du ser barnet – gjennom ord og nærvær Å bli sett og anerkjent av en voksen betyr mye for alle barn – og spesielt for et barn som får lite oppmerksomhet hjemme. Det skal ikke mye til for å føle seg sett og positivt lagt merke til: et smil, at du lærer navnet på barnet og bruker det. Still åpne og interesserte spørsmål om hverdagslige ting når du møter barnet. 3. Vis at du ser barnet – gjennom handling Tilby barnet å sitte på hjem fra skolen, til treningen e.l. Spør barnet om det skal på arrangementer i nærmiljøet, inviter bar- net med hvis det nøler. Tilby leksehjelp, middag eller boller etter skolen. Inviter han eller henne med på aktiviteter som kino, teater eller søndagstur. 4. Hvis magefølelsen din forsterkes – søk hjelp Hvis magefølelsen din forsterkes, bør du formidle til barnet at det er trygt å snakke med deg. Vær en god lytter og vis at du tåler å høre det barnet forteller. Vis respekt, lytt med medfølelse. Hvis du er usikker på hva som er tikig å gjøre og trenger hjelp til å vurdere situasjonen, kan det være lurt å rådføre deg med en lærer, helsesøster og/eller barnevernet. 5. Vit at du gjør en forskjell Det aller beste du kan oppleve er at barnet du var bekymret for viser seg å ha det bra. Eller kanskje du aldri får bekreftet eller avkreftet hvordan det står til med barnet. Det kan bety at barnet har det «godt nok». Kanskje måtte du gripe inn å gå videre med din bekymring. Uansett er det viktig at barnet selv opplever bekymringen din som en omsorgshandling ved at du forholder deg direkte til barnet. Sannsynligvis betyr du mer enn du forstår. «Selv om jeg skjuler det som er vanskelig, ønsker jeg å bli sett.» Open kyrkje kvar onsdag Kvar onsdag ettermiddag frå desember vert det servert kaffi og vaflar i Knarvik kyrkje. Tanken er at folk skal få sjå kyrkja og koma innom for å slå av ein prat. av Tor Kristiansen – Det skal vera like lett å stikke innom den nye kyrkja som der er å vitja ei sjømannskyrkje i utlandet. Her skal alle kjenne seg heime, seier Harald Osland Øvretveit. Han er ein av initiativtakarane til tiltaket som vert kalla «Kom innom». Saman med seg har han ein dugnadsgjeng som skal byte på å koke kaffi og steike vaflar i kyrkja. Både vaflane og kaffien vert selt særs rimeleg. – Den nye kyrkja er eit mektig bygg. Det er jo fantastisk berre å sjå bygget og vere her, seier Arild Stangeland, ein av dei andre vaffelsteikarane. Så snart kyrkja vert vigsla 1. sundag i advent, 3o. november, er han og dei andre på plass i kyrkja s.7 Dugnadsgjengen: frå venstre Venke Fyllingsnes, Lars Inge Kjemphol, Sissel Fyllingsnes, Jan Fyllingsnes, Harald Osland Øvretveit, Arild Stangeland, Jannicke Krüger og Kirsten Tangen er mellom dei som vil ordne med kaffi og vaflar. mellom klokka 17.30 og 19.30 kvar onsdag. Det vert ikkje nokon andakt eller program desse dagane. Her skal folk få stikke innom og slå av ein prat. Kyrkja skal rett og slett vere ein sosial møteplass i Knarvik. Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Byggjekomiteen i mål! Dei har vore med på eit historisk møte. For første gong har byggjekomiteen for Knarvik kyrkje vore samla i Tårnrommet i den nye kyrkja. Dette er og komiteen sitt siste møte. Den er i mål. av Tor Kristiansen – Det er surrealistisk! seier Helge Tangen. Som leiar for byggjekomiteen har han nærast følgt arbeidet både dag og natt dei siste åra. No kan han opne dørene og syne folk rundt. 30. november skal kyrkja fyllast med folk og vigslast. – Dette er grådig flott, seier kyrkjeverge Torgeir Paulsen. – Det er kjekt å sjå at vi er kome i mål på ein god måte, seier Jostein Hellestveit, Lindås kommune sin representant i komiteen. Historisk Kåre Leivestad, leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd, er særs nøgd. Han stiller med heimelaga pizza til dette historiske møtet. Og tårnrommet er unikt. Nokre små vindauge og 10-15 meter opp til taket. – For oss som har følgt arbeidet med å reise ei kyrkje i Knarvik frå «tidenes morgon», er dette spanande og rart. Eg var mange gonger usikker på om det vart nokon kyrkje. No står ho her, seier Ivar Eidsheim. Han var leiar for plan- og prosjektkomiteen for den nye kyrkja i Knarvik dei første åra og opplevde både oppturar og nedturar. Leif Fiske sukkar over at det var mykje fram og tilbake dei første åra og gler seg dess meir over at dei no er i mål. Kontroll – Det er ikkje kvar dag vi er med på å byggje ei kyrkje. Dette har vore kjekt, seier Hans-Kristian Jacobsen i Rambøll. Rambøll har vore byggherre og byggjenemnda sin faglege råd- s.8 gjevar og bindeledd inn mot alle eksterne, både arkitekt og entreprenørar. Hans-Kristian var med på å leggje til rette for arkitektkonkurransen, var ute av prosjektet ei tid og kom inn att fjor haust. Han hugsar godt sjokket dei fekk då Walde, hovudentreprenøren, gjekk konkurs. – Akkurat då såg det mørkt ut. Men vi har hatt dei økonomiske rammene med oss heile tida. Utfordringa har vore å halde kostnadene under kontroll. Heile tida hadde vi alle papira i orden. Entreprenøren hadde gjeve økonomisk garanti og visste at dei sjølv ville blø om dei ikkje ordna opp då konkursen kom, seier Hans-Kristian Jacobsen. Advokatane fann ei løysing. 7Fjell Entreprenør fekk jobben med å fullføre bygginga av kyrkja. Kan smile Byggjeleiar Ørjan Mongstad Myhr i Rambøl får ros for ein framifrå jobb. Kyrkja er reist utan å gå ut over rammene frå Lindås kommune. Heile komiteen tek ein runde i kyrkja for å sjå kor fin ho no ser ut. Meir og meir er kome på plass dei siste dagane. Dei er nøgde med det dei ser. Framleis er det ting å diskutere. Noko må gjerast her og noko der. Men for ei kyrkje! Medlemene av byggjekomiteen kan smile og pakke saman. Takka for innsatsen Ufatteleg mange dugnadstimar er gått med. Nå kan endeleg kyrkja vigslast. Laurdag 22. november vart dei frivillige takka for innsatsen. av Tor Kristiansen – Du har utgjort ein forskjell! Utan deg hadde vi ikkje fått det til. Nå står kyrkja her. Lommeboka er tom! sa Helge Tangen. Han er sjølv ein av dei som har gjort mest for å få til ei kyrkje i Knarvik. Som leiar av byggjekomiteen har han stått på kvar einaste dag. Lindås kommune har løyvd pengane som er brukt til å reise kyrkja. Men utan gåver og frivillig innsats hadde det ikkje lukkast å innreie og få til denne kyrkja. – Kyrkja vil gje meining til born, unge og vaksne. Det er nå arbeidet tek til. Saman er det vår oppgåve å fylle kyrkja med liv. Vi vil! Vi kan! Vi skal! sa Helge Tangen. berre ein kommentar: Fantastisk! 1000 små detaljar er på plass. I mai kjem orgelet og skal installerast i løpet av sommaren. Verdas flottaste – Da eg flytta til Knarvik er 1969 var det berre åtte hus her. Sjå kva vi har fått til! Dette er stort, seier Harald Sjøvold, ein av dei mange frivillige. Sjølv var han formann soknerådet i fire år ved inngangen til det nye tusenåret. Nå går han tur forbi kyrkja kvar dag og ser på ho med stor glede. – Kjære sambygdingar! Vi har fått verdas flottaste kyrkje, ei kyrkje vi skal bli så glad i og be så Imponert – Eg slutter aldri å verte imponert over Helge Tangen. Han slutta i ei lønna stilling for å jobbe dugnad for kyrkja. Har du nokon gong talt timer, Helge? Spurte Øystein Aamli, leiar for soknerådet i Alversund. Han meiner det om ikkje lenge vil gå gjetord om Knarvik-katedralen. Her er eit praktbygg heile Nordhordland kan vere stolt over. Alle som får sjå det, har s.9 I framtida: Saman er det vår oppgåve å fylle kyrkja med liv, sa Helge Tangen. mange bøner i. Gud, gjer døra til denne kyrkja vid nok til å ta imot alle! sa Ole D. Hagesæther, ein av dei aktive i dugnadsgjengen. Takk: Harald Sjøvold, fremst, og dei andre frivillige vart takka med kake. Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Jubelgudsteneste Gratulerer med dagen! 30. november 2014, på den første dag i det nye kyrkjeåret, vart den nye kyrkja i Knarvik vigsla. Fungerande biskop Jan Otto Myrseth var full av lovord. av Tor Kristiansen Prosesjon: Kamilla Kjemphol bar krossen då Knarvik kyrkje vart innvigd. Vigslinga av Knarvik kyrkje 1. søndag i advent var ei mektig – Dette er nærmast som juleoppleving. Kyrkja vart fylt av folk. Mange måtte stå. Alle kvelden og 17. mai på same tid. Kyrkja stråler. Folk stråler. Vi kjende glede over å vere med på noko stort. av Tor Kristiansen – Dette er den første kyrkjeopning eg har vore med på. Det er ei stor oppleving. Kyrkja inviterer til fornying og for oss men- neske, seier prost Geir Sørebø. Sørebø var ein av dei mange prestane som tok del i gudstenesta denne spesielle dagen. Vigsling: Mange prestar tok del i gudstenesta. Heilt til høgre Kåre Mestad. har saman bygd ei framtid for bygda. Her skal vi hente gode impulsar, seier Øystein Aamli, formann i Alversund sokneråd. Middag til alle: Middag i Nordhordlandshallen. Her var vertar ved kvart bord og nok mat til alle. – De har fått ei kyrkje som alt er vorte eit landemerke. Tålmodige har de vore uthaldande i innsatsen. Gratulerer med dagen! sa Jan Otto Myrseth. Han helsa frå Halvor Nordhaug og fortalte at vigslinga av Knarvik kyrkja var ei av dei oppgåvene han minst ville gi frå seg. – Her i kyrkja skal generasjonar finna ein heim i det fellesskapet som sprengjer alle grenser. Kyrkja skal vere som ein rasteplass for menneske på vandring, sa Jan Otto Myrseth. Han las evangeliet for dagen frå Lukas 4 vers 16 til 22a. «Han har sendt meg for å rope ut at fangar skal få fridom og blinde få synet att, for å setje undertrykte fri og rope ut eit nådens år frå Herren». – Tenk om vi kunne våge å tru at det forkynte ord har slik kraft i seg her og i alle andre kyrkjer i Noreg. Kvar preike i Knarvik kyrkje skal vere eit vitnemål om Kristus. Grip nåden i dag – her og nå! Mi von er at Knarvik kyrkje skal vere eit teikn for åra som kjem. Kristus er midt iblant oss, sa Jan Otto Myrseth. Letta og nøgd Kyrkjevergen i Lindås, Torgeir Paulsen, er særs godt nøgd med vigslingsgudstenesta. Alt det tekniske virka som det skulle. Gudstenesta var ei flott oppleving. av Tor Kristiansen – På førehand sa vi at vi skal få ei kyrkje der det er godt å sitje, godt å høyre og godt å vere. Alle fekk ikkje ein stol å sitje på. Men alle høyrde godt og kjende glede over å vere i kyrkja, seier Torgeir Paulsen. Han trekker fram ein rutinert kyrkjetenar Bjørn Furukawa og takkar han for jobben. Mange Glede: Torgeir Paulsen smilte då gudstenesta var over. s.10 Vigsling: Fungerande biskop Jan Otto Myrseth vona Knarvik kyrkje kan vere ein rasteplass for menneske på vandring. s.11 var spente på om høgtalaranlegget ville fungera. Først fredag kom det på plass. Det fungerte heilt utmerka. Folk fekk med seg det som vart sagt frå lesepulten og ved alteret. Når det er få menneske i kyrkja, må ein gjere noko med akustikken. Nå vonar Torgeir Paulsen at folk vil fylla kyrkja kveld etter kveld. – Eg kjenner ei djup glede over at alt gjekk godt, seier Paulsen. Julefestar Vollom bedehus Julefest laurdag 20. desember kl 1800 Julesong ved Hatikva Myksvoll bedehus Julefest laurdag 27. desember kl 1600 JULEORATORIET Fosse Bedehus J. S. Bach Julefest søndag 28. desember kl 1600 Andakt ved Miriam Monstad Gang om juletreet Servering og kollekt Konsert i Knarvik kyrkje Søndag 21.desember 2014 kl 1930 Alversund kammerkor & orkester Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Frå kyrkjeboka Døypte Alversund: 05.10.14 Malene Haatuft-Ask Ingeborg Gjerstad Cainan Storm Thunestvedt Nigar Jaden Concha-Lyngstad 19.10.14 Emine Sandvik-Risnes Iris Svanlaug Tangerås 02.11.14 Kian Phillip Skurtveit Døypt i Meland krk 09.11.14 Henrik August Golten Fyllingsnes Leah Gausvik-Jacobsen Johan Jakobsen Sellevold 16.11.14 Matteus Aasgard Døypt i Knarvik Misjonshus Seim: 28.09.14: Althea Hopland Lie Eikefjord Viljan Vabø Ones 12.10.14 Mia Johansen-Grenasberg Aria Haugen 23.11.14 Matheo Teige Kolås Oskar Haukås Lie Andreas Nottveit Vabø Sivert Simmenes Konglevoll Lygra: 25.10.14 Lydia Alise Gotaas Holko Avlidne Alversund: 19.09.14 Solveig Isdal f. 1930 Knøttekoret Billett kr 300,- Born under 16 år gratis Dei som vil kjøpa billettar kan kontakta kormedlemene eller med epost til Helge Øgaard; startar opp 7. januar 2015 for barn 3-6 år, i Knarvik kyrkje. [email protected] Øving onsdagar 1730 - 1815 Overskot går til Knarvik kyrkje Vi vil synge masse, bevege oss, spele på rytmeinstrument, møte skilpadda Shelly og lese ei forteljing frå Bibelen. Julekonsert Kontaktperson: ved Seim Songkor Gerd Marit Osland Øvretveit; tlf: 908 78 872 i Seim Kyrkje. Tysdag 23. desember kl 2200 s.12 Seim: 22.10.14 Bente Margareth Bjørnestad 16.11.14 Borghild Olsen f. 1959 f. 1938 f. 1929 f. 1935 f. 1950 f. 1934 Lygra: 01.11.14 Bernhard Jonsen Myksvoll f. 1922 Hjarteleg velkommen! dirigent Odd Leif Mjøs Kjersti Wiik, sopran – Mari Askvik, alt Tore Kloster, tenor – Thomas Røshol, bass 28.09.14 Rita Fauskanger 04.10.14 Audun Oddvar Vabø 12.10.14 Jakob Ragnar Tjore 31.10.14 Dennis Instebø Aakvaag 15.11.14 Per Leif Nepstad g erfari ng i å Vi er mennesker med lan når oss døgnet lytte til og støtte andre. Du trenger ikke rundt på 815 33 300, og du re å skrive bed presentere deg. Passer det kirkens-sos.no. en melding, gjør du det på . Alltid. Vi skriver tilbake. Vi er her s.13 Annonsesider Ynskjer du å annonsere i Kyrkjekontakten kan du kontakte kyrkjekontoret på tlf. 56 35 73 70 «Med fokus på fag og kunden» Knarvik. tlf. 56 35 17 65 www.hageland.no «Stolaksjonen» 3632.50.10635 v. Alversund sokneråd www.nordh-bb.no Blomster til alle anledninger – Din kristne bokhandel – Åsane Senter! Fargehuset Bibler Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver tlf 55 19 82 00 www.fargehuset.no Kiwi Ikenberget Tlf. 56 35 86 10 Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80 Isopor - netting - plastfolie Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp, støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk, merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringstoler/lister. 56 35 79 90 s.14 Alt i Hey`di produkter. 56 35 79 91 s.15 5911 Alversund tlf. 56 35 00 05 mob. 901 18 290 [email protected] Gudstenester 21. desember V. Vassbygd Knarvik kl 1100 Hitland kl 1930 Juleoratoriet av Bach Julegudstenester – 2014 1. Juledag 2. Juledag Knarvik Alversund Lygra Seim Knarvik Seim kl 1430 kl 1600 kl 1400 kl 1600 kl 1200 kl 1100 Palmesen Hitland Bjørndal Palmesen Palmesen Bjørndal Knarvik skulekorps Alv. Skulemusikklag Kammerkoret, Dåp Dåp 2015 04. januar 11. januar 18. januar 25. januar 01. februar 08. februar 15. februar 18. februar 22. februar 01. mars 08. mars 15. mars Knarvik Knarvik Seim Knarvik Knarvik Alversund Knarvik Knarvik Lygra Knarvik Knarvik Knarvik Seim Knarvik Alversund Alversund Knarvik Seim Knarvik Knarvik Knarvik kl 1100 Hitland kl 1100 Palmesen kl 1700 Hitland (sjå plakat*)Korforbundet Konsert kl 1700 Bjørndal kl 1100 Palmesen Dåp kl 1100 Palmesen (sjå plakat*) Te Deum Konsert kl 1100 Hitland kl 1700 Sørebø kl 1100 Geir Øy Innsetj. av ny sokneprest kl 1100 Geir Øy kl 1700 Palmesen kl 1930 Bergen Domkor Konsert kl 1900 Bjørndal kl 1100 Geir Øy kl 1700 Geir Øy kl 1700 Palmesen Konsert kl 1100 Bjørndal kl 1100 M.S. Skauge kl 1100 Geir Øy (sjå plakat*) Knarvik Gospel Konsert *Det kan verte endringar i den oppsette lista, følg med på kunngjeringar i avisene og på plakatar. Julaftan