Ein grunn til å smile

Transcription

Ein grunn til å smile
Varmepumper
Ring 700 23990
6143 Fiskåbygd
NR 12 ÅRGANG 40
TORSDAG 19 MARS 2009
DENNE VEKA
Ungt teater
Iselin Garshoel Berge (biletet) gir
liv til den krevjande hovudrollen
som Maria i Kulturskulen si teateroppsetjing "Jeg vet hvorfor", instruert av Marianne Løseth.
Elleve unge frå Vanylven gjer ein
flott innsats på scena.
Dei som ikkje fekk med seg premieren i Syvde i går kveld, får ein ny
sjanse på Fiskå i kveld.
SIDE 12
(UGS
"YGGAVISAVkR
KJEMAPRIL
www.synste.no
Lat oss teste
synet ditt!
Tinging av time: 70 07 70 19
4LF(ALKJELSGATE6OLDA
FOTO: Kjell Brenne
Ein grunn til å smile
Ordførar Jan Helgøy fekk så absolutt
sjansen til å prøvekøyre kommunen
sitt nye slagord då det fredag blei
klart at Stad skipstunnel låg inne med
200 millionar i Nasjonal Transportplan. Saman med Selje-kollega Gunn
Helgesen og stortingsrepresentant for
Sp i Sogn og Fjordane, Erling Sande,
vart den gledelege bodskapen feira
med symbolsk anleggsstart i Kjødepollen.
Kjøttpølser
Gilde, 900, gr.
Epler
29
90
Pr. kg. 33,22
raude, gule og grøne
14
90
Godt vi har kvarandre
Og pengane har så absolutt fått optimismen mellom tunnelforkjemparane
til å stige mange hakk.
Men såpass mange gonger har denne
bjørnen reist seg etter at skinnhandelen på det næraste var avgjort, at det
ikkje er grunnlag for å tru at den endelege sigeren med dette er vunnen,
skriv vår kommentator.
SIDE 6, 7 og 12
PERIODISK
KØYRETYKONTROLL
Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45
SYNSTE MØRE
FØDDE
2
TORSDAG 19. MARS 2009
HELSINGAR
Volda sjukehus 11.mars:
Ein gut, Ann Cecilie Flo og
Odd Erik Ulvestad. Lauvstad.
INNSAMLING
Gåver til Ferdtun
Sidan vi sist kvitterte i avisa,
er fleire beløp innbetalt på
liste på ”Coopen”, melder
styret i Fredtun i Syvde og
legg fram følgjand liste:
Ingrid Vik Myklebust kr.
1000. Nikolai Herskedal kr.
500. Arne Bentsen kr. 500.
Jorid og Åge Strand kr. 500.
Ruth Løseth kr. 500. Marie
Skår kr. 500. Klara Nygård
kr. 500. Dessutan er det innkome direkte til Fredtun sin
bankkonto nr. 3972 20 11
779: Kvinnegruppa kr. 4000.
Arne P. Wik kr. 2000. Elsa Engen kr. 500. Takk til alle!
Sondre Ødegård
Vi gratulerer så mykje med 5
årsdagen din 23. mars! Håper
du får ein kjempefin bursdag.
Vi gler oss til å kome til Kulen
i selskap! Helsing bestemor og
bestefar på Åheim.
Sofie Ystebakk.
Den 28. mars fyller vår kjære oldemor på Syvdetun 93 år. Alltid
positiv og i godt humør. Tenk
hadde alle vore som deg! Same
dag fyller oldemors si stolthet
Jenny Myrvold frå Hjørungavåg
3 år. Vi gratulerer begge med
dagane. Varm helsing frå alle
oss i familien
Sunniva
Stakkestad Koppernes
Gratulerer så masse til solstrålen vår. Sunniva som var fem år
igår 18. mars. Hipp, hipp hurra!
Koseleg å feire dagen ilag med
deg i Bergen. Stor klem frå
tante Marita og onkel Anders,
bestemor og ”møbest”
Imorgon fredag 20. mars fyller
Anne Stine Sætre 13 år. Gratulerer så mykje med dagen. Tenk
no er du tenåring. Helsing bestemor og bestefar. Sender også
helsing til Åge som hadde bursdag 17. mars og til Trude som
har laurdag 20. mars.
Vi vil gratulere god jenta vår
Mathilde Kristin Kvalsvik so
masse med overstått 7 års dag
den 11.03. Vi er utrulig glade i
dej.
Stor klem fra Daniel, Julie
Mari, mamma og pappa
Hipp hurra for May Kristin Krøvel som vart 32 år i går. Håpar
du hadde ein super dag! God
klemmar frå små og store i Solsikka barnehage
Hedda Endal Giil
Vi vil gratulere solstrålen vår
med 3-års dagen, den 20 mars!:)
Vi er alle kjempe glade i deg!:)
Klem frå mamma og pappa,
mormor og morfar. Resten av
familien helsar også.
HJARTELEG TAKK
Takk
til alle for gåver, blomar, smil
og gode handtrykk. Og for at
de kom å gjorde 70 års dagen
min til ein fest.
Helge Norhagen
Tusen takk
for helsingar, blomar og gåver
i høve 80 års dagen min.
Mathias Skorge
Hjarteleg takk
til alle som hugsa meg
med gåver, blomar, telefonar
og meldingar på 75-års
dagen min.
Solaug Bondhus
Hjarteleg takk
for all vennleg deltaking i høve
Palma Voldsund si gravferd.
Familien
KYRKJA
Søndag 22. mars
Syvde kl. 11.00: Høgmesse.
Dåp. Vikarprest Rolf Dyrhol.
Offer til Samemisjonen sitt
Kola-arbeid. Kyrkjekaffi og
årsmøte etter gudstenesta.
Åram kl. 16.00: Høgmesse. Vikarprest Rolf Dyrhol. Offer til
søndagsskulane i Åram sokn.
Kyrkjekaffi og årsmøte etter
gudstenesta.
Selje kl 19.00: Teaterframsyning: "Jesus, guten min".
Kveldsbøn etterpå ved Eline
Sandnes.
Søndagsskule
Fiskå, skulen kl. 10.30
Hipp hurra for lillesøster Ingeborg Andreassen som fyller 6
år i dag den 19. mars. Håper du
får ein fin dag! Ingeborg og Ane
helser også til onkel Tore som
hadde bursdag i går ;) Helsing
frå Ane, mamma og pappa. Bestemor og bestefar i Lia helser
også!
Arvid Slagnes
Vi gratulerer den spreke 60
åringen vår med dagen 24.
mars. Du har alltid likt å gå i
fjell og fjøre, og tek deg gjerne
ein tur uansett vêr. Du har ofte
ein god kommentar, og sprer
masse glede rundt deg. Vi er
veldig glad i deg. Dagen din feirer vi i Slagnes Forsamlingshus
laurdag 21. mars frå kl. 17 med
åpe hus.
Helsing born, svigerborn, barnebarn og din frue
Aslaug Bakkebø
Besta fyller år !! ;) Eg vil gratulere den spreke og kjekke
Besta mi med dagen, 20. mars
;) “nå gjør du som du vil.. !! “ ;)
Håper du får ein kjempe fin dag
:) Bursdagsklem frå Ida =)
Heidi Fagerhol Sandvik
Hipp hurra for Heidi som fyller
17 år i dag! Mange klemmar frå
mamma og pappa, Agnethe,
Øystein og Fredrik. Mats Erlend, som ikkje får vere heime
og feire, sender ein ekstra stor
klem
Helsingar til spalten til høgre må vi
ha hos oss måndag innan kl. 16, den
veka den skal på trykk.
Det kostar ikkje noko, men hugs å ta
med fullt namn på den eller dei det
vert helsa til.
Storslått gåve til Fiskå Frilynde ungdomslag
På ungdomslaget sitt årsmøte
no i mars, ba Arnt Myklebust
om ordet då ein var komen til
kaffipausa. Og han var ikkje
smålåten. På vegne av Norsk
Folkehjelp Fiskåbygd lag, som
no har vorte historie, hadde
han med ein gåvesjekk. Den
avgådde leiinga i laget, har no
realisert aktiva, og av kontante
pengar som vart gitt som gåver,
fekk ungdomslaget kr. 20.000,Styret i Folkehjelpa tenkte at
desse pengane skulle gå til ungdomslagsaktivitetar, og ikkje
beinvegs til drift av huset eller
kinoen.
Den nye lagleiaren Monica Seljeseth takka for gåva. Ho lova
at ungdomslagsstyret seinare
skulle ta stilling til korleis gåva
skal brukast på best måte.
Ove Bøstrand
GJEVAR OG MOTTAKAR
- Arnt Myklebust som representerte det nedlagde Norsk
Folkehjelp og leiar i FFUL
Monica Seljeseth med sjekken som kjem godt med.
SYNSTE MØRE
3
TORSDAG 19. MARS 2009
Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta
kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt
av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål.
Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo . Telefon 22 41 56 80 Telefax:
22 41 19 80
Kjem ut på Fiskå
kvar torsdag.
KINO
Syv liv
Ubunden lokalavis for
Vanylven og dei næraste bygdene.
Redaktør og dagleg leiar:
Vidar Parr
AKTUELT
Vindmøller i vindvanskar
I filmen spelar Will Smith rollen
som Ben Thomas, ein IRS-agent
(som krev inn pengar fro staten)
som ber på ein tragisk løyndom. Han gir seg ut på ei svært
spesiell reise der han prøvde å
gjere opp for seg ved å for alltid
forandre liva til sju framande
menneske for all framtid. Desse
sju har tre ting felles: Dei er alle
gjeldslavar, dei slit med alvorlege personlege vanskar eller
sjukdom og – ikkje minst – dei
er genuint gode menneske.
Søndag la ein lekter
med spesielle konstruksjonar om bord
seg til i Haugsfjorden
mellom Storholmen
og Hakallestranda.
OLE MAGNE KVALSVIK
VARE FOR VIND: Denne lekteren med tre fundament for
offshore-vindmøller, måtte vente i Haugsfjorden i tre dagar før slepet kunne gå vidare rundt Stad og sørover.
Det viste seg å vere tre fundament for botnfaste vindmøller
til havs, som var på veg frå
Aker Verdal til Nederland. Vidar Hestenes ved Taubåtkompaniet i Trondheim, som har
slepeoppdraget, fortel at det
er ganske strenge reglar for
vindstyrke og bølgjehøgde for
eit slikt slep.
Det er ikkje vanskeleg å skjøne når ein ser konstruksjonane, som Hestenes meiner er
mellom 50 og 60 meter høge.
Slepet måtte dermed vente til
onsdag morgon før ein fekk
runda Stadt.
Med ei planlagd seglingshøgde på rundt 40 meter, ville og
Stadtunnelen ha kome til kort
for eit slikt slep og ein kan i det
heile tenkje seg det er utsett
for vind og bølgjer og vil ta si
tid å få fram dit det skal. Men
det syner i alle fall med all tydelegheit at Stadlandet er ein
"bøyg" i transportsamanheng.
INNLEGG
Trane på Fiskå søndag - mellom dei første i landet i år
Søndag var det mange
fugleinteresserte som
ringde oss. Saman
med tre gjæser og ei
and gjekk dei trane og
spankulerte på marka
ovanfor Fiskåeleva.
VIDAR PARR.
For dei som hugsar godt, så
hadde vi bilete og observasjon av eit tranepar i fjor også
– i same området. Den gongen
sa fugleeksperten vi kontakta,
Alv Ottar Folkestad, at dette
ville ha vore ein sensasjon for
nokre år sidan, men at tranebestanden har utvida seg mellom anna som følgje av freding.
Hekking er det likevel ikkje på
Sunnmøre, og det vart nemnt at
tranepar ofte er ute på ”rekognosering” før dei bestemmer
seg for reirplass. Vi spekulerte
i om det var bulystprosjektet
som var årsaka til besøket.
Trane igjen
No er altså trana her igjen. Denne gongen åleine – saman med
ender og gjæser. Og dessutan
– og det er kanskje det mest
oppsiktsvekkjande – halvannan
månad før enn vi observerte
henne i fjor.
– Det er tidleg for å vere i Noreg.
Faktisk av dei tidlegaste som er
observerte i heile landet i år. Vi
har ein observasjon frå Vestfold og ein frå Agder på same
dag som den vi no har fått på
Fiskå, Trana kom til sør-Sverige
no i veka som var.
– Korleis forklarar du den tidlegare observasjonen?
– Tranebestanden aukar. Det
aukar også sjansen for at fuglar kjem bort frå hovudtrekket. Truleg er det ein slik fugl
som no er på Fiskå. At trana er
åleine treng ikkje bety så mykje. Det kan til dømes vere ein
ung fugl som ikkje har gått i par
enno.
– Trana er svært sky, les vi. Men
ho verka ikkje spesielt sky då vi
fotograferte henne søndag.
– Trana var svært sky og hekka
berre på bortgøymde stader
langt frå folk. Men parallelt med
auken i bestanden har denne
fuglen også endra seg til å bli
langt meir fortruleg med folk
og den støyen som følgjer med,
seier Av Ottar Folkestad.
TRANA - fotografert søndag
med banken i bakgrunnen
(t.h) - og oppforstørra nærast.
Til ungdom mellom 15 og 25 år:
Lokalavisa di bryr seg i alle fall mykje om
deg! Dersom du bryr deg litt om oss, og litt
om lokalsamfunnet ditt, burde vi møtast
– på nettet. Akkurat no jaktar nemleg lokalavisene på ungdom frå 15 til 25 år som vil
delta i ei spørjeundersøking om personlege
interesser og lokalt engasjement. Vi leitar
også etter ungdomar til eit lesarpanel, kor
du over ein lengre periode kan få meina
noko om lokalavisa di og om aktuelle
lokale saker.
deg?
Br yr d u
ttsider
sine ne
a
is
v
la
a
k
i dag.
Sjekk lo
w.lla.no
w
w
r
e
ell
Høyres dette interessant ut? Sjå etter spørjeundersøkinga vår på lokalavisa di sine
nettsider. Dersom du ikkje finn den der, kan
du gå til www.lla.no for å bli med.
Uansett om du svarer på spørsmåla våre
her eller der, er du med i trekninga av
berbar Mac datamaskin, iPhone og iPod!
Du må ha svart før påska er over.
Vennleg helsing lokalavisa di og
Landslaget for Lokalaviser (LLA)
SYNSTE MØRE
Namneendring i skogeigarlaget
Vanylven skogeigarlag er historie. Det nye namnet
er Søre Sunnmøre Skogeigarlag. Det er klart etter
vedtak i årsmøtet i Vanylven skogeigarlag på Eidsåtun 10. mars.
Ein god del av andelshavarane i skogeigarlaget sitt
lokallag av Allskog var møtt fram. Årmøtet handsama
4
TORSDAG 19. MARS 2009
dei vanlege årsmøtesakane og namneendringa blei
vedteke. Det nye offisielle namnet er Søre Sunnmøre Skogeigarlag, skogeigarlag for Vanylven, Sande,
Herøy, Ulstein og Hareid kommunar.
Møte i andelslaget Allskog blei også gjennomført for
lokallaget, der skogbruksleiar Håkon Eliassen frå All-
skog orienterte.
Som utsending til årsmøtet i Allskog vart Sigurd Rovde valt. Styret er no : Leiar Sigurd Rovde, nestleiar
Geir Nordal, styremedlemer Åge Rusten og Guttorm
Oksavik og sekretær Terje Kolstad.
Kommunen på jobbmesse
Hentar
arbeidskraft
frå Island
Kommunalsjef Arnhild
Nordaune og leiar i
Vanylven Vekst, Bernt
Westad, var for nokre
veker sidan på jobbmesse på Island, eit
besøk som har gitt positive resultat.
OLE MAGNE KVALSVIK
Vanylven var som ei av få kommunar representerte på messa
ved sida av storkommunar som
Oslo, Stavanger, Sola og nokre
kommunar i Telemark som hadde gått i lag om å sende representantar. Messa vekte ein del
merksemd i media og vart dekka
både i fjernsyn og aviser, og gav
god utteljing for Vanylven sin
del.
– Vi enda med over tretti namn
på blokka og eg får framleis inn
CV-ar frå personar som ikkje
var på messa, men ha høyrt om
det i etterkant, fortel Bernt Westad.
Mykje besøk
Flest interesserte har ein fått til
jobbar hos Hofseth AS, som var
ei av verksemdene ein hadde
fått bestilling på å skulle prøve
å rekruttere folk til. Også til ein
avløysar-ring i landbruket har
ein fått fleire aktuelle personar
og ein utlyst jobb som ingeniør
i kommunen gav sju-åtte kvalifiserte søkjarar. Nordaune og
Westad meiner dei fekk mykje
interesse ut i frå korleis dei
hadde valt å presentere kommunen.
– Vi hadde veldig godt besøk
og var kanskje den best besøkte standen på messa. Det
trur eg kom av at vi ikkje berre
tok med arbeidsplassane, men
viste ein heilskap, der vi fokuserte på levekår, fritidsmu-
GODT BESØKT: Vanylven sin stand under jobbmessa på Island fekk mykje besøk og mange sa seg interesserte i arbeid
i kommunen. Her diskuterer Bernt Westad og Arnhild Nordaune med Tove Gustad frå NAV, som var med å arrangere
messa. (FOTO: Privat)
legheiter, naturen, korleis det
ser ut her og dei kommunale
tenestene. Islendingane likte
det dei såg, og vi fekk høyre ein
del kommentarar om at dei ik-
kje ville til gater og blokk i Oslo,
men heller til Vanylven, fortel
Nordaune og Westad.
heller ikkje skjul på at det ligg
mykje arbeid bak for å få dette
til.
–Men når vi fekk heile tolv som
søkte, er det slik at dei andre
kommunane rundt oss spør
kva vi har gjort for å få det til.
Då brukar eg å svare at det må
vere fordi vi hadde sånt pent
bilde frå Vanylven i utlysingane,
ler Nordaune.
ENDRAR MODELL: Kommunalsjef Arnhild Nordaune
(i midten) orienterte fungerande ordførar Magne
Løvoll, rådmann Einar Vik
Arset, Gisle Rolandsen, Aina
Ersvåg Wefring og resten av
formannskapet om kva ein
såkalla 0-modell vil seie og
kva det kan bety for å lette
rekruttering og meir stabil
legedekning.
God legesøknad
Endra modell for drift
Søkjarar frå Island
I formannskapet tysdag vart
er og mellom kandidet og lagt fram sak om å endatane til dei utlyste
dre organiseringa av bruken
legestillingane i Vanyl- av legesenteret. I staden for at
legane til no har betalt leige til
ven. Det ha vore god
kommunen for senteret og fått
søknad til stillingane,
tilskot, vil ein no legge om til ei
men ein vel og å omor- ordning der kommunen betalar
og driv senteret og også beheld
ganisere ordninga for
tilskota, ein såkalla 0-modell.
å lettare skaffe gode
– Dette kjem i stand etter forhandlingar med legane i samarfagfolk.
OLE MAGNE KVALSVIK
Tolv søkjarar har meldt seg til
dei fire utlyste stillingane ved
legekontoret i Vanylven. Dette
er og resultat av eit intenst arbeid i rekrutteringsmarknaden.
Mellom anna var ein i kontakt
med kandidatar med lokal
bakgrunn, utan at dei fann det
aktuelt i denne omgang. Besøket på Island førde til søkjarar,
sjølv om ein ikkje kunne etterspørje det på messa, men ein
har og namn frå Norge og dei
andre nordiske landa. Arnhild
Nordaune fortel at ein no er i
sluttforhandlingar med fire av
søkjarane, der det er meininga
den første skal ta til i april.
beidsutvalet. Det er også noko
dei som vi er i kontakt med om
dei ledige jobbane ønskjer i
sine tilsetjingar, seier kommunalsjef Arnhild Nordaune. Ordninga vil i seg sjølv koste om
lag 200 000 kroner meir per år.
– Det vil vere ei enklare ordning både for legane og kommunen, men litt dyrare for oss.
Skal ein drive legetenester i
utkantkommunar, er det slik
at det kostar. I alle fall om vi vil
ha dyktige fagfolk, seier Nordaune.
Mykje arbeid bak
Nordaune seier seg svært glad
for den gode søknaden.
– Vi konkurrerer med jobbar
med andre rammevilkår, så vi
er svært glade for at det ser
ut som vi no har fått tak i fire
kandidatar som kan yte gode
tenester til innbyggarane i Vanylven. Med så mange søkjarar,
har vi ved sida av fagleg dyktighet, kunna lagt ein del vekt
på språkmeistring og evne til
kommunikasjon i kriteria vi har
lagt til grunn, fortel ho. Ho legg
SYNSTE MØRE
5
TORSDAG 19. MARS 2009
Fleire vil bli rektorar
Søknadsfristen for rektorstillingane ved Fiskåbygd og
Åram skular er no ute og det har meldt seg høvesvis
fire og to søkjarar til stillingane. Ein av søkjarane på
Fiskå ønskjer ikkje namnet sitt gjort kjent.
Til rektorstillinga på Fiskå har desse søkt: Marit Myklebust, Geir Sandnes og Ranveig Velle Vedeld,
pluss altså ein person til.
Til rektorstillinga ved Åram skule har det meldt seg
to søkjarar: Ole Per Kragset og Berit Brunvoll. Åram
skule vil frå hausten bli rein barneskule då ungdomssteget vil bli flytta til Myklebust skule.
Kommunalsjef Gunvor Strand seier til Synste Møre
at ho vonar tilsettingar kan skje snøgt og helst i løpet
av komande veke.
– Det er viktig å få avklara dette før vi går laus på
utlysing av lærarstillingane, seier Strand.
Klare for nybygg
Byggefelt,
bru og masse
Under eventuelt i formannskapet tysdag etterlyste Aina
Ersvåg Wefring (FrP) statusen
for byggjefelt i Syvde. Rådmannen vil sende ut informasjon til formannskapet.
Ho etterlyste og brua på
gangvegen på Fiskå, der rådmannen opplyste at saka er
prioritert og ein håpar det ikkje vil ta for lang tid før ein er
klare å komme i gang. Wefring
spurde og kvar ein bør melde
frå om mørklagde gatelys og
fekk til svar at ein bør vende
seg til driftsavdelinga.
Magne Løvoll (Sp) tok opp
sak om masse ved Kløvning
hamn og bad om at administrasjonen ser nærare på
saka.
Møter Sande
25. mars vert det fellesmøte
mellom formannskapa i Sande og Vanylven, og i etterkant
av møtet tysdag drøfta ein
aktuelle saker som vil verte
tekne opp her, m.a. tunnel Årvik – Gursken/Skogevatnet.
Laurdag samla dei seg, nordstrandingane, og
reiv det gamle skulebygget ned på muren. I
dag er dei truleg i full gang med å reise nytt.
VIDAR PARR
Fredag plukka dei ned taksteinen. 10-12 mann var på plass i
firetida og klokka sju var stei-
nen av. Laurdags morgonen
var det så huset sin tur. Veret
var som bestilt og i løpet av
nokre hektiske formiddagstimar var alt nede.
Så var det ”byggestopp” nokre
dagar først i denne veka på
grunn av veret, men frå i dag
er det full køyr. Målet er klart:
Nybygget skal vere tett før
påske! Og vi tvilar ikkje eit sekund på at dei greier det også!
FUTT OG FART: No er det eit
liv og eit tidsfordriv, hurra
meg rundt! skreiv Anders
Hovden og snakka om sildefisket. Men sanneleg var det
og futt og fart på Nordstranda laurdag føremiddag. Og
resultatet ser ein kanskje
best av dei to små bileta - eit
før og eitt etter.
Skal sponsortavla stå?
Sponsortavla som styret for Solsikkedagane
har sett opp i sentrum
på Fiskå må flyttast,
meiner kommunen.
–Prinsipprytteri, meiner styret.
OLE MAGNE KVALSVIK
Solsikkestyret har to gonger
fått pålegg om å fjerne eller
flytte sponsortavla dei har
sett opp i gamle sentrum på
Fiskå, sist med forlenga frist
frå Driftsutvalet til 16. mai. Dei
levere no ein anke på vedtaket,
der dei bed om at tavla får stå.
Idealistar
– Vi som sit i styret er ein gjeng
idealistar som ønskjer å skape
liv og røre i sentrum på Fiskå
ein gong i året og samtidig
setje Vanylven på kartet. Vi
legg ned hundrevis av timar
på planlegging og organisering
av dagane. Når vi då dessverre
gløymde nokre byråkratiske
paragrafar og skjema under
innspurten av arrangementet
i fjor, noko vi også har beklaga,
hadde vi nesten rekna med at
kommunen ville vere vår støttespelar og medhjelpar for å få
desse tinga på plass. I staden
vert det heile ein farse med søknader, skjema og nabovarsel, og
ikkje minst ein faktura for handsaming, sendt i lag med beskjed
om at ein held oppe vedtaket
om riving, heiter det i eit langt
brev til formannskapet.
Uforståande
I brevet står det og at ein stiller seg uforståande til bakgrunnen for vedtaket, utanom at ein
erkjenner at ein burde søkt på
førehand.
– Det er veldig travelt og mykje
som skjer under dagane og det
var viktig for oss å få tavlene på
plass før dagane i fjor, fortel leiar av styret, Chriss-Ole Fiskaa.
– I eit oppsummeringsmøte
med kommunen etter dagane,
vart det og sagt at om vi leverte
ein søknad, ville det sikkert
ordne seg, fortel han. Nestleiar i
styret, som var sponsoransvarleg, har også trekt seg frå styret
på grunn av saka.
Kommunen har løyvt 34
500 kroner av SMIL-midlar,
eller særskilte miljøtiltak i
landbruket til opprusting
av gamlevegen i Vik, som vi
skreiv om sist. Turvegen frå
Sandvikdalen til SørBrandal
får ei løyving på 146 395 til
første byggesteget.
Bekymra
for Åheimtun
– Når ein brukar masse energi
og idealisme på å få til slikt
som dette, vert det nedslåande
å oppleve at det vert sett kjeppar i hjula på denne måten. Ein
del av verksemdene har og reagert på at tavla dei står på har
fått negativ fokus, fortel Fiskaa,
som understrekar at styret
stiller seg bak den sponsoransvarlege og helst såg han ville
halde fram.
Usamd med nabo
Styret tilbakeviser påstandar
frå ein av naboane om at tavla
er trafikkfarleg og tilbyr seg
også å endre utsjånad på tavla,
då det vert sagt frå same nabo
at ho ikkje passar inn i trehusmiljøet i sentrum. Ei foreslått
flytting til andre sida av vegen,
er ein og lite lysten på, då det
er lagt ned pengar og arbeid i
straumtilførsel og oppsetjing
der ho står no.
– Utanom påstandane i den
eine merknaden, som vi er
sterkt usamde i, opplever vi
positiv støtte frå folk generelt.
Vi føler at det har gått prinsipp
SMIL-midlar
TAVLA striden står om.
i saka frå kommunen si side,
men om ein står steilt på ei
sak som dette, vil det verte
vanskeleg å skaffe folk til å stå
for dagane i framtida, meiner
Fiskaa.
Brevet vart referert på siste
formannskapsmøte. Dei hadde seg og ein tur for å sjå på
tavla. Saka stod ikkje på saklista og brevet vert sendt over
til Driftsutvalet for ny handsaming der. Det skjer 2. april.
I eit brev til ordføraren, uttrykkjer Åheim Helselag bekymring med tanke på framtida for Åheimtun.
– Behovet for hjelp til eldre
ikkje vil verte mindre med
åra. Vi er svært opptekne av
at Åheimtun skal bestå, og vi
ynskjer at det framleis skal
vere mogleg å behalde institusjonsplassar på Åheim, og
ikkje berre omsorgsbustadar, heiter det i brevet. Laget
bed difor om at det vert sett
på om det er råd å byggje på
Åheimtun, samstundes som
ein oppfordrar nemnda som
skal planlegge den nye sjukeheimen, om å ta godt nok i
når det gjeld talet på rom.
– Det er viktig at det vert
nok plass til alle når den nye
sjukeheimen står klar, skriv
laget, men ser det og viktig
at det er plass nok til at dei
som soknar til Åheimtun får
bu der til dei vert pleietrengande.
– Vi har i dag rekna oss fram
til meir enn 100 personar
med adresse Åheim, som er
eldre enn 70 år, og då reknar
vi ikkje lenger enn til og med
Slagnes, heiter det i brevet.
SYNSTE MØRE
6
TORSDAG 19. MARS 2009
Første stikk for Stad skipst
200 mill kroner til Stad
skipstunnel i Nasjonal
Transportplan vart
laurdag feira med dei
første spadestikka i
tunneljorda i Kjøde
av seljeordførar Gunn
R.V. Helgesen. Med på
markeringa var vanylvsordførar Jan Helgøy
og Sp-politikaren Erling Sande.
KJELL BRENNE
Ikkje minst hadde Helgøy grunn
til å smile.
– Førsteklasses jord, fastslo
vanylvsordføraren, som med
sitt granskande gartnarblikk
plukka ein sprellande meitemakk ut av torva. Han ser millionane i NTP som ein etappesiger i ein 25 års lang kamp for
skipstunnelen. Gratulasjonane
har strøymt tett på, inkludert
fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. Mobilen har vore meir
eller mindre ”limd” på øyret frå
innhaldet i NTP vart gjort kjent
fredag
Den symbolske starten på anleggdrift i Kjøde vart utført
med reiskapar ein nytta til vegbygging lenge før krigen. Det
vil nok gå fleire år før moderne
anleggmaskinar kan gyve laust
på fjellet for fullt. Anleggsstart
ligg ikkje inne på planen før etter 2013. Dei to ordførarane var
heller ikkje skodde for ei lengre
skitsam arbeidsykt. Men tross
støvlettar og bestesko, vart det
laga ei god hole på få minutt før
det barst ned på hardare grunn.
Tunnelmillionane i NTP har tydelegvis utløyst ekstra energi
både i Selje og Vanylven.
– Gjennombrot
– Eit gjennombrot for skipstunnelen, meinte stortingsrepresentant Erling Sande, Sp, Han
hadde ingen ting imot at det
var ein samferdselsminister frå
hans eige parti som hekta dei
første bindande millionane til
sjøtunnelen gjennom Mannseidet.
– Eg er rimeleg sikker på at med
desse millionane inne i NTP, blir
Stad skipstunnel ein realitet.
Sjølv om kvalitetsikringa KS1
ikkje er ferdig og det ikkje er
gjort eit endeleg tunnelvedtak,
er her så sterke samfunnsmessige føringar for tunnelen at
han no ikkje let seg stogge. Skal
det setjast bom for prosjektet,
må ein aktivt fjerne pengane
frå NTP. Eg vil sjå kva for eit
politisk parti som vil ta den belastninga, påpeikar Sande som
vonar tunnelen kan få ein tidlegare byggestart enn 2014.
Under eit valkampmøte i Måløy
for fire år sidan hadde Per Steinar Osmundsnes lova at om ikkje Stad skipstunnel vart starta
opp i inneverande periode,
skulle han personleg få med
seg Jan Helgøy og setje i gong,
– Eit arbeidslag eg lova å vere
med på, gliste Sande som svar
på kvifor han stod der med anlegghjelmen på hovudet.
– Regjeringa har spelt opp dei
første millionane for skipstunnelen.No gjeld det at NTP og
Stad skipstunnel blir losa igjennom i Stortinget utan forkludringar. Stad skipstunnel er eit
nasjonalt prosjekt som ikkje
skal vere i konkurranse med
andre saker i NTP. At vi no har
fått gjennomslag for dette kystprosjektet, er svært gledeleg
ettersom det ligg langt frå Oslo
og mediamakta i Akersgata,
meinte stortingsrepresentant
Erling Sande frå Davik.
– Ein nøkkel
– Vi skal gle oss over tunnelgjennombrotet i NTP, men her
er det ingen grunn til legge seg
på sofaen og slappe av. Vi har
fått ein nøkkel som vi skal bruke for å kome vidare med tunnelen. Målet er at vi kan få oppstart på tunnelen så tidleg som
råd er i andre halvdel av planperioden, sa Gunn R.V. Helgesen. For her er mangt som skal
på plass før alle formalitetar er
i orden. Ein skipstunnel i større
format vil m.a. utløyse ein ny
omgang med reguleringsplan i
Kjøde.
Seljeordføraren meiner millionane i NTP er ein ”tennsats” for
å stå hardt på vidare. Her er
fleire hinder som skal forserast
fram til ein anleggsstart og som
vil ta si tid.
– Kvalitetsikringsarbeidet er
ikkje ferdig enno. Eg er samd
med samferdselsministeren i
at lønsemdfaktoren i prosjektet
ikkje skal vere noko fasittsvar
på om tunnelen skal byggast
eller ikkje. For om så var at eit
tiltak skal gå i pluss frå første
dag, hadde det ikkje vore bygt
infrastrukturtiltak her i landet
opp gjennom åra, anten det no
galdt vegar, kraftliner, jernbane
eller hamner, påpeikar Helgesen som ser dei samfunnsmesige plussfaktorane i prosjektet
i eit vidare og meir langsiktig
perspektiv.
Hardt arbeid
Sjølv om det vil ligge føre ei
grundig utgreiing og teknologien er kjend, vil dette prosjektet ikkje kome fossande fram
av seg sjølv. Med mange års
fartstid i politikken veit ho at
politikk handlar om pengar og
prioriteringar. Det vil gjelde for
Stad skipstunnel også, same
kor mykje ”nasjonalprosjekt”
tunnelen er.
– Her er ingen automatikk i
framdrifta vidare. Her trengst
hardt arbeid, understrekar seljeordførar Gunn R.V. Helgesen.
– Presset på regjeringa vart for stort
Åge Starheim meiner
presset på regjeringa
frå ein samla opposisjon på Stortinget
har bidrege sterkt til
at det er avsett pengar til Stad skipstunnel i Nasjonal Transportplan.
KJELL BRENNE
-Liv Signe Navarsete hadde
ikkje anna val, hevdar FrP-representanten frå Selje.
-Det er særdeles gledeleg at
skipstunnelen endeleg har
fått sine første byggekroner.
Det var sanneleg på tide. År
etter år og valkamp etter valkamp har det vore rikt med
svære festtalar med positive
forteikn for skipstunnelen frå
alle hald, men gong på gong har
det svunne inn til ingenting, påpeikar Starheim.
-Her vert det snakka om at
alle steinar skal snuast. Etter
mitt syn er alle steinar snudde
opptil fleire gonger. Prosjektet
er overutgreidd på kryss og
tverrs. Det som har skorta, er
mangel på politiske grep og
handlekraft. For er det noko
vi her i landet er flinke på, så
er det å bygge tunnelar. Teknologien er godt kjend, meiner
Starheim.
Han er ikkje overraska over
at samferdselsministeren har
valt å legge inn ei startløyving
til skipstunnelen.
-Faktum er at Liv Signe i realiteten hadde berre to alternativ.
Anten å setje av pengar til prosjektet eller å la vere. Å velje
det siste ville for hennar eigen
del ha vore katastrofalt i forhold
til det Senterpartiet har signalisert. Ho torde rett og slett ikkje
ta sjansen på å overlate til ei
ny regjering etter valet å framskaffe pengar til skipstunnelen,
konkluderer Starheim.
Dynamitt – ikkje rapportar
Starheim er mest misnøgd med
er at det i regjeringsframlegget
er lagt opp til tunnelstart først
i andre halvdel av perioden og
kravet om at den samfunnsmessige nytte/kostnadsanalysen skal vere udelt positiv.
-Heilt ubegripeleg for meg. Ikkje
minst i forhold til det faktum at
staten har søylt bort 600 milliardar på aksjespekulasjonar,
pengar som i staden burde
ha gått til å bygge landet med
investeringar i infrastruktur i
SYNSTE MØRE
unnel
– Regjeringa
har levert
7
TORSDAG 19. MARS 2009
Bulystkoordinatoren har hastverk:
–Vi må tenkje
tunnelalder allereide no
Svein Gjelseth er
glad for millionane
til Stad Skipstunnel i NTP.
-Regjeringa har
levert! jublar Ap
sin 2. kandidat på
stortingsvallista.
KJELL BRENNE
START: Dei rettar ryggen etter dei
første spadestikka for skipstunnelen. Ingen ting å utsetje på arbeidslysta til ordførar Gunn R.V.
Helgesen, stortingsrepresentant
Erling Sande og vanylvsordførar
Jan Helgøy.
Gjelseth som er samferdselsrådgjevar i Vanylven
og med Kystvegen og
Stad skipstunnel som sine
frontsaker, er glad for at
det no går vegen for skipstunnelen.
-Vi er der vi skal vere.
Tunnelen er i siget. Det
går berre ein veg! trur
Gjelseth som ikkje er så
nervøs for kva konklusjon
kvalitetsikringsrapporten
for skipstunnelen skal
kome ut med.
- Med den tette dialogen som no er mellom
Kystverket og Fiskeridepartementet i å få fram
dei ikkje prisfastsette verdiane dette prosjektet vil
ha, så trur eg dette skal gå
meir enn bra. Eg er overtydd om at prosjektet vil
kome ut med eit svært
akseptabelt reknestykke
samfunnsmessig. Eg er
rett og slett stor optimist
med tanke på å få tunnelen realisert, seier Gjelseth.
OPS-prosjekt?
distrikta. No må det bli slutt på
alt dette maset om lønsemd,
haugevis av nye rapportar og
utgreiingsdokument. Same kva
analysetala vil munne ut med,
handlar Stad skipstunnel kun
om politisk vilje.
-Spander ikkje fleire kroner på
dyre konsulentrapportar. Bruk
heller pengane på dynamitt så
båtane kan få mulegheit til å gå
gjennom tunnelen, seier Starheim. Han vil kjempe for at Stad
skipstunnel skal få ein tidlegare
anleggsstart enn det som ligg i
framlegget til NTP.
- Regjeringa er altfor defensiv.
Vi har lågkonjunktur med stigande arbeidsløyse. Det hastar
å kome i gang med skipstunnelen så vi møter nedgongstid
med positivt oppsving, meiner
Starheim, tidlegare ordførar i
Selje og tidlegare styreleiar i LL
Stad skipstunnel.
Tunnelstart om 4-5 år
kan sjå lenge ut, men all
røynsle viser at i slike samanhengar går tida fort.
Her er mykje som skal på
plass før anleggmaskinar
kan ta fatt. Ikkje minst
vil dette omfatte reguleringsplanar og anbodsdokument. Like fullt må
det vere eit sterkt ynskje
å få framskunda prosjektet. Her kan ein merke seg
at fiskeriminister Helga
Pedersen er open for alternative finansieringsmodellar. Etter mitt skjøn
kan ein OPS-modell i ei eller annan form vere eit alternativ og som kan opne
for ein raskare byggestart,
påpeikar Gjelseth.
– Vi veit Stad skipstunnel vil vere ein
realitet om nokre
få år. Alt no må vi
starte planlegginga
for maksimal tunneleffekt, seier Espen
Wingaard.
KJELL BRENNE
Landet sin einaste bulystkoordinator ser eit stort potensiale i verda sin einaste
skipstunnel.
–Vi må allereide no ta grep
og rette blikket inn i det
som kan gi Vanylven ei ny
tidsrekning.Vi veit at skipstunnelen kjem og at det her
ligg store mulegheiter om
vi skikkar oss klokt og alt
no kjem i gang med planlegging for ei tid med auka båttrafikk og reiseliv, påpeikar
Wingaard.
Internasjonal
Skipstunnelen vil få eit internasjonalt fokus, ein attraksjon som vil tiltrekkje folk,
anten det no gjeld personar
i yrkesoppdrag, hurtigbåtreisande, småbåtturistar eller for den slags skuld folk
som kjem her landevegen
og berre vil studere dette
spennande båtholet i fjellet,
seier Wingaard.
Tilby vår eigen meny
Som næraste granne på
nordsida av skipstunnelen
har Vanylven eit glimrande
utgangspunkt med tanke
på å fange opp sin del av
tunneltrafikken.. Serleg har
Åheim ei fordelaktig plas-
sering.
-Etter mitt syn sit olivinbygda med sine krystallklare
periodotar på sterke kvalitetar,
attraksjonar som trengst å bli
framtona og tilpassa eit samla
konsept for staden i ei ny tid. Eg
tenkjer på slike ting som miljøet
kring St. Jetmund-kyrkja med
sin mellomalderdimensjon, det
idylliske elvedeltaet med sin
rike fauna, sportsfisket og at
det her i dalane ligg heilt eineståande forekomstar av eklogitt. Alt dette må få sin plass i
ein samla pakke av opplevingar
som spring ut av det vi kan tilby
av vår eigenart og våre livskvalitetar, seier ein iderik bulystkoordinator.
– Dette handlar ikkje om ei
oppussing av Åheim, men om
ei omstilling inn mot ei framtid som både Åheim og resten
av kommunen kan drage store
vekslar på om vi grip sjansen.
Åheim vil med sitt maritime
miljø for småbåttrafikk kunne
fungere som ein mottaksmagnet og servicebase, framhevar
Wingaard.
Vert vi passivt sitjande med
hendene i fanget og tru tunnelen i seg sjølv vil gi Åheim og dei
andre bygdene her det løftet
mange vonar, er Wingaard redd
for at det blir lite å hente.
TUNNELTID. Espen Wingaard meiner Vanylven
alt no må rette blikket
framover mot ei framtid
med skipstunnel. Serleg
bør Åheim med si plassering ha eit stort potensiale, men då må ein
vere i forkant og starte
planlegginga for den nye
”tunnelalderen” alt no.
trengst grundig drøftast.
Kommunen må spele på lag
med bygdefolket, med grunneigarar og andre interessentar og legge til rette for både
private og kommunale initiativ. At ein også samarbeider
med grannekommunane om
kva regionen her kan tilby
”tunnelfolket”, vil også vere
fornuftig.
– Det viktige er at vi er i forkant på det vi veit kjem og
legg planar for ei slik framtid. Då slepp vi kaos med
provisoriske løysingar når
behova dukkar opp og utolmodige interessentar og investorar krev handling.
Med 200 mill kroner inne
på NTP, er loddet kasta for
skipstunnelen, fastslår kreative Espen Wingaard.
– Tida går fort og vi må
straks kome i gang med planI forkant
– Så snart reguleringsplanen arbeidet for den nye tunnelfor Fiskå er ferdig, må det vere alderen!
Åheim sin tur. I den nye og reviderte arealplanen ein då legg
opp til, må det takast høgde for
den komande skipstunnelen
og dei mulegheiter han kan gi.
Kva med overnattings- og serveringsplassar? Korleis får vi
båtfolket til å stoppe og trivast?
Dette er problemstillingar som
SYNSTE MØRE
8
TORSDAG 19. MARS 2009
Det nære Afrika
For ikkje langt attende var Afrika, Kina og Australia stader
som låg langt borte og der dei færraste hadde vore, utanom
Annie Skau. I dag er det ikkje lenger uvanleg at ein tar seg
ein tur til Kina, Amerika, Australia, eller Afrika. Mange unge
reiser også på studieopphald eller arbeid for kortare og len-
gre tid på desse stadane og vi veit foreldre som siste året
har nytta høvet til å vitje born som har tilhald både i Kina,
USA og Afrika. Sist månad reiste såleis tre ulike grupper frå
Vanylven på besøk til Kenya og Tanzania.
Tanzania
For familien Warberg på
Slagnes gjekk turen til Tanzania i tre veker, både som
ferie og slektsbesøk.
OLE MAGNE KVALSVIK
I lag med tre andre har Monica, dotter
til Anita og Robert Warberg, dei siste
åra stått bak eit prosjekt med å få bygd
ein helsestasjon, ein snikkarverkstad,
og tanken var også ein barneheim, i
landsbyen Kisongo, nord i landet. No er
snikkarverkstaden og helsestasjonen
i sving. Turen gjekk difor hit for å sjå
resultatet, det vart sjølvsagt safari, ni
av dagane vart brukte i kystbyen Zanzibar, og sidan Monica har gifta seg med
Marco frå Tanzania, vart det vitjing hos
familien hans.
Helsestasjon
To av dei tre prosjekta er altså i sving.
Snikkarverkstaden har ti tilsette, medan
helsestasjonen med personell 12. mars
vart overteken av bydelsadministrasjonen i Kisongo og skal tene eit område
med 8 000 menneske i Arusha-regionen.
Begge desse prosjekta har komme i
stand gjennom midlar frå Norge og særleg har ein del pinsemenigheiter vore
flittige givarar, fortel Robert Warberg.
Men Robert kunne og til dømes legge
seg på ein behandlingsbenk der mange
vanylvingar har lege før han, den tida
benken stod på legekontoret på Fiskå.
SLEKTSBESØK: Hos Marco sin familie i Elerai ser vi Monica Warberg Matinda i raudt, med broren Dan-Robert bak.
Vidare frå venstre ei svigerinne av Marco, eit søskenborn av han med Neema på armen, mor hans Susan, Anita Warberg og Lillian Warberg, iførde flotte halskjede som var ei gåve frå familien.
Vanskeleg tid
Robert fortel at den økonomisk krisa
gjer ting vanskeleg i heile landet.
– Om det vert mykje arbeidsløyse, kan
ein frykte ei oppblomstring av kriminalitet, noko som regjeringa er redde for
skal gå ut over turistindustrien, som
er viktigaste næringa ved sida av landbruk, fortel han. Robert håpar difor på
vidare støtte til prosjekta i Arusha, slik
at desse kan klare seg, sjølv om to av
dei som stod bak no har måtta reise
heim.
– Ved sida av pengestøtte, er det framleis ein del ein kan ønskje seg av utstyr,
særleg på helsestasjonen, seier han.
Slektsbesøk
Monica og Marco Matinda har no flytta
til Ørsta med dottera Neema, men 7.
mars tok dei turen attende til Tanzania
i lag med Anita, Robert og Monica sine
søsken, Lillian og Dan-Robert. Der gjekk
turen også til Elerai, der Marco kjem i
frå, for å helse på mor hans og andre
i familien. Som det ville vore i Norge,
vart dei godt mottekne av slekta, som
driv dyrehald og grønsakdyrking, fortel
Robert.
– Det var tungvint. Dei måtte hente vatn
eit stykke unna og føre dyra dit, men
grønsakene stod frodige. Det var og eit
skikkeleg vakkert område, som eg godt
kan tenkje meg å reise attende til, fortel
han.
Sterke inntrykk
Familien var og ni dagar i kystbyen Zanzibar, der det vart mykje bading og dykking, men og høve til å sjå stader, som
mellom anna der Livingstone sitt hjarte
er begrave og minna etter ein omfattande slavehandel.
– Det gjorde eit sterkt inntrykk å sjå
stadane der dei vart haldne som fangar
og viste fram for auksjon. Ikkje minst utstillingane dei hadde laga og som viste
korleis det føregjekk, fortel Robert. Turen gjekk og til Ngorongoro-krateret og
til nasjonalparken Lake Manyara, der
ein kom på nærhald av både giraffar,
elefantar og anna dyreliv. Eit av sterkaste minna har likevel Robert frå turen
MANGE INNTRYKK: Over til venstre ser vi Marco, Dan-Robert og Anita på
besøk i snikkarverkstaden, der både stolane, bordet og kjøkeninnreiinga i
bakgrunnen er laga. Vi ser og ei anna av dei som står bak prosjektet, Lene
Elisabeth, med vesle Eirin.
Vidare Marco som leverer ein PC frå Fiskå skule til Julius, leiaren for eit
studieprosjekt for jenter hos masaiane.
Under ser vi Dan-Robert ved ei utstilling som viser korleis slavane hadde
det, den gongen Zanzibar var senter for slavehandel.
Det fjerde biletet viser at enkelte av elefantane faktisk kom på vel nært
hald, medan vi heilt til venstre ser storesøster til Eirin, Milka Katrin, som
prøver vekta som ein har fått frå Vanylven.
til byen Moshi, på høgsletta i nord, mot
grensa til Kenya.
– På veg mot byen brøler dei i baksetet: ”Sjå, Kilimanjaro!” Eg bøyer meg
fram mot frontruta og kikar, men ser in-
genting. ”Du må sjå opp”, ropar dei. Eg
bøyer meg fram og vrir hovudet så det
knakar i nakken, og der, over skyane,
stig ein kvit topp majestetisk opp, fortel
Robert Warberg.
SYNSTE MØRE
9
TORSDAG 19. MARS 2009
Voi, Propoi og Mombasa
Marit og Magne
Nordal, i lag med dottera, Janne, tok i siste
del av januar turen til
Kenya.
OLE MAGNE KVALSVIK
I haust skreiv vi om Elisabeth Lillestøl
Thue og Arne Nordal som skulle arbeide
eit år i Voi kommune i Kenya. Dette er
eit prosjekt gjennom Fredskorpset, der
Elisabeth driv sosialt arbeid knytta til
barneheimen, medan Arne som hovudprosjekt er med å utvikle eit system for
handtering av søppel.
Misjonsbesøk
Marit og Magne landa 15. januar i Nairobi. Der i frå reiste dei først til Pokot, nord
for Nairobi. Eit høgdepunkt for Marit var
turen til Propoi, ein time unna, der Kjellrun, søster til Marit og mannen Skulí kom
som misjonærar i 1978 og bygde opp ein
misjonsstasjon med hus, kyrkje og jenteskule. Dei var med på gudsteneste og
besøkte ein venn av Kjellrun og Skuli.
– Vi har av og til tenkt tanken at det kunne ha vore artig å sjå staden der Kjellrun
heldt til og no baud høvet seg, seier Marit og fortel mellom anna at misjonsstasjonen no er sjølvdreven og dei held på
og bygg internat og matsal.
Populære vaflar
Seinare bar det attende til Nairobi og til
Voi, der Elisabeth og Arne held til og som
ligg om lag seks timar sør for Nairobi.
– Det mest spesielle var kanskje viltområdet, Tsavo East nasjonalpark, som låg
like inntil, slik at vi kunne sjå elefantar på
den andre sida av gjerdet, mindre enn
hundre meter frå eit basseng der vi var
og bada om dagane, fortel Marit. Dei var
og på besøk, mellom anna hos Consulata,
som Elisabeth og Arne lærer swahili hos,
ei førskulelærarinne med åtte born. Og
Marit kan fortelje at eit populært innslag
var når det kom vaflar på bordet, som
Elisabeth og Arne av og til laga.
– Det slår visst inn der også, smiler ho.
Plast eit problem
Søppelhandteringsprosjektet som Arne
arbeider med er også tenkt som pilotprosjekt for resten av Kenya og noko som i
høgste grad er påkrevd, fortel Magne.
– Medan folk er velstelte og har det reint
og fint i husa, er dei vane å berre kaste
søppel utføre og særleg plast er eit pro-
UTSIKT: Frå venstre: Elisabeth,
Arne, Marit og Magne undervegs til
Propoi, som ligg 1800 meter over
havet.
blem, sidan den ikkje rotnar. Det hang
difor utruleg mykje plast rundt i trea og
å få til eit system for å ta seg av dette og
arbeide inn ein mentalitet for å levere,
må absolutt til, seier han.
Gjestfridom og hjartelag
Det vart og ein tur ut til kystbyen Mombasa i nokre dagar, med litt bading og
omvising. Dette er ein by med sterkt
indisk preg, og det kunne vere ganske
folksamt enkelte stader, fortel Marit og
Magne. Hovudinntrykket dei sit att med
frå landet er likevel gjestfridomen og
hjartelaget dei møtte overalt.
– Og så at alt føregjekk utandørs eller
i enkle skur, frå sal av frukt og grønsaker til handverk. Det var utruleg mange
flinke handverkarar som med enkle reiskapar laga dei flottaste møblar. Sengar
med treskjering, bord og stolar. Vi vart
mektig imponerte, seier Arne.
Ei skiftande oppleving
I etterkant av Marit og Magne Nordal si vitjing, vart det
meir besøk for Elisabeth og
Arne
Denne gongen var det mor til Elisabeth,
Oddrun og Elisabeth si søster, MonaSiw som gleda med å komme på besøk
dei siste fjorten dagane av februar.
– Det var kjekt å komme ned og sjå landet og sjå korleis dei hadde det, sjølv
om det vart ein del reising og besøk og
det var skikkeleg varmt, med opp i mot
40º midt på dagen, fortel Oddrun.
Kontrastar
Det vart difor ikkje så mykje soling og
bading, sjølv om også dei var tre dagar i
kystbyen Mombasa.
– Det eg var minst førebudd på, var
kanskje kontrastane. Dei som budde
der, levde under enkle kår og hadde
sjølvsagt lite å leve av i forhold til oss.
Det vart ein stor kontrast til hotella og
turistanlegga med høg standard og luksus, seier Oddrun.
Ho fortel også at dei vart bedne på mottaking i rådhuset, der ordføraren tok i
mot og dei skreiv seg i gjesteprotokollen.
– Det var underleg å bli sett sånn opp
til berre fordi ein var kvit. Det var og
vanskeleg å venje seg til at dei heile tida
venta å få ting i frå oss fordi vi var kvite
og alle kvite vart sett på som rike, fortel
ho.
HOS CONSULATA: Her er Mona Siw
(t.v), Oddrun og Elisabeth på besøk
heime hos Consulata, som lærer Elisabeth og Arne swahili.
PÅ BARNEHEIMEN: Mona Siw og Elisabeth med tre av ungane på barneheimen der Elisabeth arbeider.
Heilt nede til høgre Mona Siw med
krokodillebaby i håret.
Gjorde inntrykk
Ho og Mona-Siw fekk elles sett seg om i
området og vite litt meir om kva Elisabeth og Arne arbeider med, og dei fekk
eit lite innblikk i fleire lagnader som
gjorde inntrykk.
– Likevel sit eg att med opplevinga av
blide og nøgde menneske utan stresset og klaginga vi ofte finn her hos oss,
seier ho. Sjølvsagt vart det også safari,
og medan det vart nok av elefantar, som
dei altså i tillegg kunne sjå frå huset der
Elisabeth og Arne budde, vart det eitt
vonbrot på turen.
– Eg hadde sett fram til å sjå løver på
ekte, men dei viste seg ikkje, smiler
Oddrun.
SYNSTE MØRE
10 TORSDAG 19. MARS 2009
Sydlansk stemning
på munter korkafé
– Ein skulle igrunnen ha reist seg opp og takka,
sa ein kar til oss på veg ut frå korkafeen på
Åram søndag. Og betre skussmål kan vel ein arrangør knapt ønskje seg.
VIDAR PARR
Det manglar både kjøken og lyd-
anlegg på Åram skule for tida, ei
pågåande ombyggjing og altså
Har du spørsmål
om demens?
Er du pårørende, eller bekymret
for din egen hukommelse?
Vi hjelper deg!
FLORI d'ORAMA: Det internasjonalt kjende balletensemblet
Flori d'Orama hadde lagt ein av sine ekslusive Europa-turneframføringar til Åram denne søndag ettermiddagen. Og som
vi ser, var esemblet i storform og hausta - naturlegvis - stormande applaus!
FELLESNUMMER: Mannskoret Frendar og Åram damekor, pluss nokre røyster frå
Sande kantori, i eitt av fleire
fellesnummer. Denne avdelinga dirigert av Rolf Aasevik
Dyb.
KANTORI: Dei var ikkje alle, men sanneleg greidde dei seg
godt, dei som kom! Mange flotte stemmer i Sande kantori
- under leiing av Andrea Syré.
noko som vitnar at noko endå
betre er i vente. Men trass i
mangel på desse nokså vesentlege hjelpemidla, trylla Åram
damekor fram dei same flotte
smørbrødfata og kakene som vi
etter kvart har blitt vane med
– og beklaga stort at vi måtte
ete på papptallerkar. Berre ta
det med ro – med slike kaker et
vi om det skulle vere på steinheller!
Og når det så galdt lyden – så
var det visst ikkje noko som
vanta der heller!
kome også den mest farefulle
vegen - med ferja, som programleiar Astrid Brandal sa det.
Litt amputerte var kantoriet
kva galdt tal på songarar, men
vel klang det uansett!
Det gjorde også mannskoret
Frendar som hyggjeleg nok byrjar å nærme seg gammal styrke
i talet på songarar etter å ha
vore nede i ein liten bølgjedal
i så måte. To avdelingar med
høgst variert program frå karane, frå mannskorklassikarar
som "Sang til flagget" via "Ola
Glomstulen" til "The great pretender".
Og vertane sjølve slo til med to
Gjester
Sande kantori var dei lengst farande gjestene. Og dei hadde
avdelingar – både seriøst og litt
meir laussloppe. Og vi la også
merke til at det eksotiske ballettemsemblet Fiori d’Orama også
var det fleire med mistenkjeleg
likskap til kvinnene i Åram damekor.
Så var det mat, fellesnummer og
småflørtande avslutning som
det nesten ikkje er til å unngå
når mannskor og damekor set
kvarandre stemne: Rosa på ball
og Good night ladies!
Jau, han var sanneleg inne på
noko, karen vi hadde følgje
med ut døra. Her skulle det
vore takka!
SYNSTE MØRE
11 TORSDAG 19. MARS 2009
Variert meny på korpskafe
Etterveksten er god
både i kor- og korpsmiljøet. Det fekk vi
stadfest på Fiskå ungdomshus søndag.
VIDAR PARR
Det er tett mellom song- og musikk-kafeen no på ettervinteren. Søndag var det Fiskåbygd
skulekorps som baud inn til
musikkkafé på ungdomshuset.
Mykje folk og tett med deltakarar.
Korpset sjølv opna ballet som
seg hør og bør. Det svingar godt
av dei, for tida! Vi fekk både Ole
Ivars, Abba og Maria Craig i første avdeling – foutan den gamle
”Bislet Spesial” – Lilly the Pink.
Aspirantar
Og som alt nemnt. Det gror også
godt! Aspirantgruppa som vart
presentert har ikkje vore større
på mange år. Så no gjeld det
berre at dei held ut i åra som
kjem. Søndag fekk dei vise kva
dei hadde lært det knappe halvåret dei har hatt instrument.
Og det var meir ungdommeleg underhaldning på tapetet:
Knøttekoret sjarmerte og song
med stor innleving under leiing
av Bente Sundnes.
Beatles og trekkspel
Og i rekkja vår av unge underhaldarar kan vi godt ta med
både blandakoret og Vanylvsdragarane. Sistnemnde har alltid hatt ein fin balanse mellom
eldre som har vore med nokre
år og unge som kjem til frå musikkskulemiljøet. Slik også denne gongen.
Og Vanylven blandakor har
også makta å ta opp stadig nye
songarar, også mellom dei unge.
Koret emnar på ei større oppsetting av Betales-melodiar og
på musikkafeen fekk vi tjuvlytte
på i alle fall to av melodiane.
Den tredje som dei hadde tenkt
å framføre, måtte gå ut fordi ein
ikkje hadde fått tak i nok casouar – desse plastikdingsane ein
syng inn i og ”lagar” musikk. I
staden avslutta koret med den
eldgamle og vidunderleg vakre
”Å ljuva natt”.
Og vi må naturlegvis ikkje gløyme å nemne maten og kaffien
– som naturlegvis er ein viktig
ingrediens på slike tilstellingar.
ØVST ser vi vertskapet for musikk-kafeen - Fiskåbygd skulekorps under stø leiing av Aina Wefring.
I MIDTREKKJA har Knøttekoret fått plass til venstre - oppstilte i profesjonell kortrapp. Det var i seg sjølv så spanande at
det måtte litt prøvehopping til - men du verda kor dei syng ut!
Bente Sundnes leiar den sjarmerande gjengen og spelar til
på trekkspel. Til høgre i same rekkja Vanylven blandakor under leiing av Sølvi Myklebust.
ASPIRANTANE vi ser i nedste rekkja til høgre er fleire i talet
enn på mange, mange år. Det er Heidi Fagerhol Sandvik (ståander til høgre) som har hatt ansvaret for instruksjon av dei
som spelar blåseinstrument, medan Yngve Lillebø (på vårt
biletet har han blitt skjult bak) har teke seg av trommeopplæringa.
KONKURRENTAR: Ei avis kan ikkje lenger rekne med å ha
monopol - heller ikkje på lokalstoff. Her har vi fanga inn to
konkurrentar Kaja Nygård Thunem (t.v) og Anne Lene Rusten som fotograferer.
SYNSTE MØRE
12 TORSDAG 19. MARS 2009
Tre dagar - tre forestillingar
I går spela dei i Syvde,
i kveld er dei på Fiskå
og i morgon står dei
på scenen i Molde.
VIDAR PARR
Dessverre skjer premieren på
kulturskulen si teateroppsetting, ”Jeg vet hvorfor”, etter
at vi har gått i trykken onsdag
kveld. Men tysdagskvelden
fekk vi vere med på ei generalprøve i Syvde samfunnshus. Og
det er ikkje småtteri dei elleve
ungdomane har gitt seg i kast
med! Forestillinga tek opp eit
alvorleg tema – og gjennom eit
sett av ulike verkemidlar vart vi
involverte i dei alvorlege problema som hovudpersonane
Maria og Mattias slit med, med
ei mor som har store psykiske
vanskar.
Til Molde
Teatergruppa skal, etter framsyningane i Vanylven, alt fredag
til Molde for å spele saman med
andre DUS(Den Unge Scene)grupper. Den store gulrota er at
ei gruppe frå kvart distrikt blir
invitert til å spele på Det Norske teateret i Oslo!
– Men Jugendteateret i Ålesund
set også opp dette stykket av
Haddy Jatoun N’Jie. Så vi må
sanneleg skjerpe oss, seier instruktør Marianne Løseth.
INTENST: Iselin Garshoel
Berge, Ane Lillebø og Lars
Andreas Myklebust i intenst
Nytt sjansen
Vi var som sagt på general- samspel.
prøven tysdag. Dei som ikkje la vere. Lokale ungdomar levesåg stykket onsdag, har ein ny rer til svært bra prestasjonar og
sjanse på Fiskå ungdomshus i emnet er noko vi all gjerne kan
kveld. Det er ingen grunn til å vite litt meir om.
PÅ TRÅDEN
Rydd opp etter hunden!
Kjell Arne Rusten seier at hundeeigarane som går tur etter
vegen, må syte for å ha medseg posar for å rydde opp etter
hundane sine.
– Det er heilt fint og greit med
hundar. Men det er ikkje så
kjekt for oss andre å trakke i
hundebæsj når vi går tur etter
at det har blitt skymt og vi ik-
kje ser så godt alt som ligg der.
Så oppfordringa er: Gå tur med
hunden - men ta med pose så
de kan rydde opp, seier Rusten.
KOMMENTAR
Ein taktisk genistrek eller…?
Stad skipstunnel har endeleg
fått sine første millionar. Rett
nok som fjerne kroner i plansamanheng, men likevel. 200 millionar kroner i ein transportplaner eit sterkt signal.
Tunnelkjempa Jan Helgøy jublar. Som leiar i Regionrådet
vart det nok vanskeleg å halde
seg til saklista på møtet sist
fredag då meldinga om dei glitrande tunnelpengane var på
plass. Gratulasjonane hagla inn
frå fjern og nær. Vanylvsordføraren hadde grunn til verkeleg
å smile. Og når denne storeslemmen for hans hjartebarn
i så mange år no endeleg kan
sopast inn, nett då vart middagen med torsk, dregen i båten
straks utanfor Kjødepollen, det
beste kona Karin kunne varte
opp med seinare på dag. Ikkje visste den sprellferske torsken det Helgøy ser føre seg at
denne sjøen sin skapning med
sine delikatesser av haud, rogn
og lever, rissa opp leia for den
digre hurtigruta som vil følgje
på om nokre år. Ikkje rart ordføraren sleit meir tåa enn hælen
på skoen denne fredagen den
13, ein dag som frå gammalt er
merka med ulukke.
Ryktast gjorde det at tunnelgeneralen i timane etter Liv Signe
si rause gåve vart kjend, vart
observert med ei så spenstig
gange at kroppen knapt rakk i
golvet. Men om Helgøy sin jubel er nok til å hjelpe denne 13.
til å kvitte seg med sitt ulukkesstempel, er ei anna sak. Neppe.
Overtrua stikk som kjent djupare enn som så i folkesjela.
Her må fleire tunnelsigrar til!
Når det politisk blir sparka
opp, let vanlegvis kommentarane frå ulikt hald raskt melde
seg. Så også med Stad skipstunnel. I kjent stil med Jens og Siv
som førebilete, finn våre lokale
tungvektarar på tunnelen, samferdselsrådgjevar for Vanylven,
Svein Gjelseth og tidlegare styreleiar i LL Stad skisptunnel,Åge
Starheim raskt fram boksehanskane. Ap-Svein som vi denne
gongen mistenkjer for å prøvekøyre stortingsdressen for å
finne ut om storleiken passar,
strekkjer armane raskt i veret
alt før dommarsirena læt. Han
ropar straks på poengsiger og
det på kommentar om at den
Ap-dominerte regjeringa ”har
levert varene.”
FrP-Åge derimot
fnyser av slikt
prat. Han har ikkje
høyrt gongongen
og veit at fleire
r u n d a r v e n t a r.
Som ein røynd tippeligatrenar gjer
til tv-kommentatorane, framstår han
som godt nøgd
med kampen.
Knallhardt press
på motstandaren
har gitt resultat!
nelen. Då var det nok eit taktisk sterkt trekk å hefte nokre
tunnelmillionar godt synleg på
veggen og dermed ta brodden
av opposisjonen sin massive
kritikk av at kvalitetssikringsarbeidet (KS1)
ikkje vert ferdig i denne perioden, slik opposisjonen har kravd
og slik regjeringa har
lova. Liv Signe har gått
klar edet Åge kallar eit
politisk sjølvmord.
Kjell Brenne har
følgt saka om
Stad skipstunnel
for Synste Møre
sidan midt på
80-talet og skrive
tallause artiklar
om dei opp- og
nedturar prosjektet har vore igjennom.
For Liv Signe var
nok fullstendig klar
over at det måtte
kome noko i NTP
om skipstunnelen
om ho som ansvarleg statsråd i komande valkamp ikkje skulle misse sitt
truverde. Mykje står på spel for
henne som også er leiar for eit
Sp som har programfesta tun-
Kor sterkt forpliktar så
desse 200 millionane?
Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen
er klar på at det er
KS1-rapporten og den
samfunnsmessige lønsemda i skipstunnelen
som vil styre eit ja eller
nei til prosjektet. Førebels kjenner nok berre
dei som sit næraste
dei som skal kvalitetsikre kva veg vektskåla
tippar. Dei vel nok å
halde korta tett til brystet. Heile 2009 vil gå med til å snu steinane Gjelseth snakkar om, dei
same som i følgje Starheim har
vore endevendt mange gonger.
Så spørs det kva KS1-fasitten til
slutt vil vise.
Dagen eit storting seier eit endeleg ja til å bygge skipstunnelen vil verte ein langt større
jubeldag for tunnelforkjemparane enn fredag 13. mars 2009.
Seljeordførar Gunn R.V. Helgesen har påpeika at tida er
inne for hardt arbeid. Nett no
har ikkje skipstunnelen bruk
for sofaslitarar. Heilt korrekt.
Gunn. Men politisk støy er nok
ein del av kvardagen. Svein har
påpeika at no har Ap sett seg
i førarsetet og teke styringa.
Åge trur derimot på eit heilt
anna lag på bana om kampen
skal vinnast. Men kva lag vil så
selje-FrP-aren ta ut: Ein ellevar
etter Bondevik 1-2 modell kan
neppe lukkast. Dei var heilt ute
av form sist dei var på bana.
Og den alltid støyande Venstreleiaren vil neppe utskrive Siv
regjeringslisens. Det blir for risikabelt, ikkje minst for Lars og
Dagfinn på ”midtbana.”
Når det viser seg så at det flø-
SYNSTE MØRE
Informasjonsmøte for
høyrselshemma
Neste fredag, 27. mars, blir
det bode inn til informasjonsmøte for hørselshemma på kommunestyresalen
på Fiskå. Elling Lindset frå
Ytre Summøre lag for hørselshemma vil vere til stades for å orientere.
Det var Anni Øvrelid som
tok kontakt og såleis på ein
måte initiativet til møtet.
Ho fortel at ho før jul mista
høyreapparatet sitt og dette
gjorde at ho kom i kontakt
med foreininga. Det synste
seg at det var lokallag i Ørsta/Volda og i Vågsøy. Det
viste seg og at det var lag
for kommuane Sande, Herøy, Hareid og Ulstein – Ytre
Sunnmøre lag. Ho har teke
kontakt med Lindset som
altså har sagt seg interessert
i å kome for å informere.
– Foreininga er open for
alle, også dei med normal
høyrsel kan vere med som
støttemedlemer. Vi driv
med informasjon og mykje
såkalla likemannsarbeid. I
det ligg at folk kan assistere
andre hørselshemma når
det til dømes gjeld problem
med høyreapparat. Vi har
og folk som er kursa for å
støtte dei som slit med øyresus – tinitus, fortel Lindset.
– Det er 600.000 menneske
som i større eller mindre
grad er hørselshemma i Noreg i dag og det er eit aukande problem, seier Lindset.
På møtet på Fiskå neste fredag vil det bli informasjon
om foreininga sitt arbeid.
kjer seg med å bruke parti-skillelinene, kan det vere fornuftig
å tenkje på å stable på beina
geografiske lag. På eit kystlag
frå vest kan vi ha fordelen av at
Svein og Åge vil spele i angrep
på same lag. Dessutan har vi
dagens trio frå skipstunnelen
sitt heimfylke: Reidar Sandal
som leiar i finanskomiteen, Liv
Signe Navarsete som samferdselsminister og Vidar Ulriksen
som statssekretær i Fiskeri og
kystdepartementet, alle i nøkkelroller Med det for augo bør
det ikkje vere nokon grunn til
at ikkje dei 200 millionane til
Stad skipstunnel blir losa trygt
igjennom når Stortinget vedtek NTP.
Så får vi berre tole at det
oppstår litt partifriksjon kring
skipstunnelen. Det er slik det
skal vere i eit oppegåande demokrati.
– Mot normalt! skøya revykongen Leif Juster i si tid.
– Som normalt! legg vi til.
Kjell Brenne
13 TORSDAG 19. MARS 2009
Årar og anna basarutstyr
– Vi brukar dette gamle apparatet. Folk vil
høyre lyden!
VIDAR PARR
Om lag slik starta Astrid Lillerovde trekkjinga på ein fest på
Rovde nyleg. Ho er ein driven
”ristar” som held seg til gamlesorten av trekkjeapparat – dei
som lagar lyd. Kulene skal ristast godt før dei hamnar i kvar
sin bås og lesast som eitt tal
med opptil fleire siffer. Og så
skal vinnarnummeret ropast
ut. Du skal ha god røyst så det
høyrest. Du skal helst kjenne
folket så du kan flette inn nokre kommentarar og slik gjere
trekninga til noko meir enn
berre turre tal.
Dei fleste av oss har gjennomlevd det kvardagsdramaet
slike trekningar kan vere, ikkje
minst medan ein er ung av år
og har avgrensa med nedturar å sjå tilbake på. Spaninga,
vonbrotet, gleda. Sentrale ingrediensar i drama på alle plan
– også på basarplanet.
Som de har forstått, trekkjeapparatet og årane og basarutstyret er dagsens kulturminne.
Tombola er eit nymotens ord. I
mange annonsar i Synste Møre
står framleis ”åresal” som eigen programpost. Det gjer det
sjølv om årane dei fleste stader
etter kvart har blitt til papirstrimlar, pappårar og lappar.
Men vi finn også dei som framleis og standhaftig satsar på
treårane. Kanskje av tradisjon
og ein smule nostalgi. Kanskje
også av reine miljøomsyn?.
På Rovde til dømes, som vi
nemnde innleiingsvis, er det
treårar – men no berre med
åreblad. Andre stader nyttar
ein ”årar” kjøpt på apoteket
– av den typen lækjaren nyttar
når halsen skal undersøkjast.
Både i Sundalen og Almklovdalen har dei slike – påskrivne for
hand.
Og anten de trur det eller ei treårar er framleis å få kjøpt:
– Det er ein viss eingongskostnad. Men så har ein dei då
i mange år og kan også kjøpe
supplement om ei år går sund,
seier Odd Stuve Rommetveit
ved Podlen verkstad i Leirvik
på Stord. Verksemda, som mellom anna sysselset yrkehemma, er den einaste på vi finn på
nettet som framleis tilbyr ”basarårar”. Rommetveit kan stolt
melde om både Frelsesarmeen
og Odd Fellow mellom kundane. Rett nok har moderne basarårar ein litt meir stilisert fasong enn dei gamle årane – av
produksjonsteniske grunnar.
Finst det då ikkje årar av gamlesorten i bruk lenger? Jau, så
menn gjer det så. Og vi treng
ikkje fare så langt heller. Til
Sørebrandal held lenge.
Åse Skingen kan fortelje oss
at nokre av årane er så gamle
at dei er laga av bestefar henner , Eilert Olsen, som budde
RISTAR: Astrid Lillerovde
står føre trekkjing på Rovdetun. Ho er ei av dei som kan
denne kunsten!
i Krabbestigen! Her nyttar dei
også ”trekkebytte” med lappar.
For sjølv om risteapparatet no
fortonar seg som gamalt, er det
ei oppfinning av etter måten
ny dato og noko som langt frå
fanst over alt for ein mannsalder eller to sidan.
Så kan sjølvsagt filosofere over
kvifor ein valde å forme desse
trestykka ut som årar. Vi har
ikkje greidd å finne noko vitskapeleg forklaring på det. Av
teoriar vi har prøvd ut på folk
som vi meiner har evne til både
å tenkje praktisk og ein smule
historisk, ser den ut til å stå
seg best at det var sjølve forma
gav namnet. Altså at ein forma
eit trestykke med ei flate som
ein kunne skrive tala på og eit
skaft til å halde i. Og når ein så
skulle kalle dette eitkvart, såg
ein at det i form likna på åra ein
kjende frå båten.
Tidlegare førsteamanuensis
ved Høgskulen i Volda, Jon
Tvinnereim, er ein av dei som
stør oss i den teorien sjølv om
han må vedgå at dette har han
ikkje tenkt på før.
Tvinnereim seier og at han
aldri har vore frami at åresal
har blitt oppfatta som tvilsamt
i noko miljø. Noko ein kanskje
skulle tru. For det er vel eit element av hasardspel i dette – og
det tok mange fråstand frå,
minst like strekt som mot til
dømes kortspel og dans. Men
åresalet ser ut til ha trivest like
godt både på ungdomshus og
bedehus.
– Eg kan ikkje seie å ha møtt
negative haldningar til dette
nokon stad. Og forklaringa ligg
nok i at dei pengane som kom
inn på åresal og andre former
for lotteri vi her snakkar om,
gjekk til eit godt føremål. Det
var ikkje snakk om å lure nokon
eller utnytte vinsten til personleg vinning. Ein hadde på
førehand sett av kor mykje ein
ville gje, og at dette då blei gjort
på denne måten, var det ingen
som tok noko form for anstøt
av. Eg minnest ei artig episode
frå barndomen som kan illustrere det eg seier. Heime var
det ”auksjonar” på bygdesam-
komer og ein gong hadde eg
fått med pengar for å vere med.
Eg var liten og auksjonarius såg
meg ikkje, så eg fekk først tilslaget på det som stod att til slutt
– ei spann med mjølk. Ein kan
sjølvsagt skjøne at det ikkje var
heilt bra å kome heim att til foreldre som var bønder og mjølkeprodusentar med det, men
eg fekk ikkje skjenn for handelen min. Nettopp fordi pengane
gjekk til eit godt føremål, fortel
Jon Tvinnereim.
Vi seier ikkje noko om korleis
sjølve trekkinga går føre seg.
Kort og godt fordi variasjonane
og lokale tradisjonar er så ulike
- og det er vel noko av sjarmen.
GAMMAL: Nokre av årane
som er i bruk i Brandal
er det bestefar til Aase
Skingen som har laga. Her
i bygda nyttar dei i tilleg
til gammaldagse årar også
"trekkebytte" med nummerlappar. Aase har nettopp
laga nye lappar. Bytta er
også - som vi ser - av ny
dato.
SYNSTE MØRE
FOTBALL
Åheim
slo Stadlandet
I ein treningskamp i fotball
laurdag på ei flott kunstgrasbane på Stadlandet
slo Åheim heimelaget 32 etter ein jamn kamp.
Åheim stilte med eit svært
ungt mannskap på dei
fleste plassane og trenar
Henning Hansen var godt
fornøgd med det dei viste.
– Stadlandet har eit fysisk sterkt lag og desse
granneoppgjera brukar
tradisjonelt å vere tettare
enn vanleg. Våre teknisk
unge greidde likevel å stå
imot. Dei jobba godt defensivt og var også med
framover på bana. Åheim
gjekk opp til 1-0 alt etter
to minutt ved Nils Svein
Hansen og Åheim hadde
bra tak på banespelet utover i omgangen. Stadlandet kom etter kvart meir
inn i kampen og utlikna til
1-1, noko som vart pauseresultatet. Stadlandet la
på til 2-1 før Per Kenneth
Hovdevik utlikna på straffespark.
Innbytar Borge Berget
har fleire gonger vist sin
målteft. Målfanten frå Sylte var fastsette sluttresultatet til 3-2 for Åheim.
Åheim stilte dette laget:
Adrian Lyngvær, Christian
Thue, Ole Johnny Westerås, Martin Stahl, Runar
Aahjem Løvold, Pål Hellebust, Per Kenneth Hovdevik, Tore Høybakk, Nils
Svein Hansen, Torgeir Halsen. Innbyte: Magne Brobakke, Sondre Hasund og
Borge Berget.
ÅVK i rute
Åram/vanKam har til no
spelt tre treningskampar
i vinter og verkar å vere i
god rute før sesongen. Sist
veke var det først kamp
mot Loen, som spelar i 5.
divisjon Sogn og Fjordane. På Eid kunstgras vann
ÅVK greitt 6-1 etter mål
av Andre Pedersen, Sigve
Støylen, Ole Per Kragset,
Erlend Larsen (2) og Martin Ekremsæter.
Fredag møtte ÅVK så
Sakvøypoll, som i fjor
rykte ned frå 3. divisjon
i Sogn og Fjordane. Ole
Theodor Hovden og Ole
per Kragset scora kvar
sitt mål i andre omgang,
slik at ÅVK vann 2-1. På
nettsida karakteriserer
spelande trenar Ole Theodor Hovden kampen som
ein av dei beste til ÅVK på
lang tid. Han trekk særleg
fram laget sin arbeidsinnsats og kampmoral mot
ein god motstandar.
I ein kamp mot Kvamsøy
sitt A-lag laurdag vann
ÅVK sitt juniorlag 5-1.
14 TORSDAG 19. MARS 2009
Og kanskje kommer … ?
1. mai er det klart for
1. mailøp nummer 50 i
rekkja på Åheim.
OLE MAGNE KVALSVIK
Ei gruppe har siste åra stått på
med dugnad og i fleire etappar
bygd eit reiskapshus på grusbana der starten føregår. Det
har undervegs vore diskutert
om ein skulle byggje ein veranda framme på huset, men i
samband med jubileet vart ein
einige om at det måtte til.
– Klart det. Om kongen skulle
kome, må ein ha kongetribune,
meinte dugnadsleiarane. Og i
desse dagar står ho ferdig, samstundes som ein har innreidd
romet på loftet til sekretariat
og anna bruk.
Så no gjenstår det berre å sjå,
– kjem han?
SNART KLART: Sist måndag
kunne leiar i Åheim IL, Randulf Lilllebø (t.v) konstatere
at dugnadsleiarane Jan Brobakke og Ove Karlsen (t.h) er
godt i rute med kongetribuna
til 1. mailøpet sitt femtiårsjubileum.
Fullt i sekken for Stadlandet
Stadlandet sine jenter 14 år avslutta handballsesongen søndag. Mot dei sterke laga Sogndal og Bjørn vart det mange
mål i mot for Stadjentene og
det enda med 5-13 mot Sogndal og 6-22 mot Bjørn. Dei to
gjestelaga viste seg jamt over
sterkare, meir bevegelege og
skotsterke. Litt gjorde det
også for sluttsifra at Stadlandet mangla sin faste keeper,
Malene Friberg. Jentene har
likevel hatt fin utvikling gjennom året, så no er det berre
å håpe dei vil satse fram mot
ein ny sesong.
OLE MAGNE KVALSVIK
FULLTREFFAR: Å setje sjansane betre er ein av tinga det må trenast på til neste år for Stadlandet sine handballjenter. Her scorar Tina Hoddevik på eit rushangrep mot Bjørn, medan
Kristine Leikanger følgjer med, men fleire slike sjansar vart redda av Bjørn sin gode keeper,
eller gjekk utanfor.
Tidleg feltstart
Søndag var det klart for start
på utandørssesongen i skyting
med fleire feltstemne rundt
om. I Hjørungavågfelten deltok
det 52 skyttarar, noko leiar i arrangørlaget, Odd Melhus, seier seg svært nøgd med. Vi kan
legge til at heile seksten av dei
var frå skyttarlag i Vanylven, i
tillegg til Bjørnar Osnes, som
skyt for Volda.
I ein grovfelt som ikkje vert
karakterisert som av dei mest
vanskelege, skaut Osnes likevel 30 treff og vann knepe
framfor Lennart Henden, med
eit innertreff meir. Imponerande skyting var det og av
einaste aspiranten som deltok.
Med eit lettkaliber 22 gevær
skaut Tormod Ekremsæter frå
Åheim, som skyt for Syvde, 27
treff i merkbar vind.
Resultatliste
Kl. 5
1. Anita Lystad, Hovdebygda/Ørsta
27/14
Kl. 4
1. Bjørnar Osnes, Volda 30/17
Kl. V55
1. Erling Sylte
2. Lennart Henden, Syvde 30/16
Kl. V65
3. Arnold Myrvoll, Syvde 30/20
, Fiskå 26/11
2. Anton Jon Aarskog
21/13
, Sundnes
4. Magne Aarskog, Sundnes 26/11
6. Inger Johanne Sætre, Syvde 25/3
IMPONERTE: Tormod
Ekremsæter leverte 27 treff
på felten med kaliber 22 i
Hjørungavåg.
8. Odd Arne Sætre, Syvde 22/2
10. Stig Morten Løseth, Syvde 21/7
11. Kristan Aarskog, Sundnes 21/5
Kl. 3
1. Ove Ekremsæter, Syvde 29/14
Kl. V73
1. Sverre Lundestad, Hovdebygda/
Ørsta 30/16
3. Tor Ekremsæter, Syvde 28/9
Junior
1. Thor Inge Grebstad, Hovdebygda/
Ørsta 30/18
4. Jan Tore Aarskog, Sundnes 30/11
7. Kjell Arne Myrvoll, Syvde
21/10
8. Vegar Bakken, Hjørungavåg19/4
Kl. 1
1. Randulf Lillebø, Fiskå 16/4
Eldre rekrutt
1. Marius Helland Bøstrand, Volda
30/21
2. Henning Olai Sætre, Syvde 30/15
SYNSTE MØRE
15 TORSDAG 19. MARS 2009
INNLEGG
Vindmøller rundt Hovda?
Smak på orda: Fornybar energi.
Utan forureining utnyttar vindmøllene krafta i vinden som
støtt bles innover landet vårt
frå vest. Vindkrafta lagar straum
til dei tusen heimar, heiter det.
Vindmøllene står lagleg til på
høgdedraga, der berre sauer og
geiter utnyttar graset og havørnene seglar fram utan å ense faren. Propellen sviv sakte rundt,
ein høyrer berre sjo-inga av den
når ytterspissen går rundt med
ein fart tilsvarande 200 kilometer i timen. Og ut av kassa bak
propellen kjem det ut elektrisk
straum, ein generator syter for
det. Nokre kilowatt vert det ut
av det, med ein energipris 35 gonger høgare enn det som
kjem frå ei anna fornybar energikjelde som vi totalt har rikeleg av: Vasskrafta.
Verda og Noreg treng elektrisk
energi. Det har ikkje minst
vorte gjort kjend gjennom diskusjonen om monsterlinja frå
Fardal i Sogn til Ørskog. Enorme straummengder tidlegare
utnytta i aluminiumsproduksjon i Øvre Årdal har vorte til
overs, no er det Nordvestlandet med sine industrianlegg og
aluminiumproduksjon som skal
få glede av straumen – og av
monsterlinja gjennom nokre av
dei vakraste og mest turist-tiltrekkande landskap i Noreg. Eit
gasskraftverk på Kjellbergodden kunne overflødiggjere heile
monsterlinja!
I Europa, der få land har slike
naturskapte fordelar som Noreg, har ein satsa på kolkraftfyrte kraftverk, oljefyrte kraftverk,
gasskraftverk og atomkraftverk. Tyskland har og satsa på
vindmøller, ein ser dei på særs
mange høgdedrag og i store
vindmølleparkar. Likevel utgjer
vindmøllene berre 0.02 prosent
av den totale energitilførsel i
landet, men er likevel med på
å drive opp prisnivået på all
straum som vert produsert.
Store kostnader i produksjon
av vindmøllene, liten kapasitet,
stort behov for reparasjonar,
kort levetid aukar kilowatttimeprisen til opptil det fem-doble.
Difor vert ingen fleire vindmøller bygde i Tyskland, no satsar
ein intensivt på atom- og gasskraftverk (gass frå Nordsjøen
som vi ikkje skal få lov å bruke)
for å bli kvitt dei forureinande
kol- og oljefyrte kraftverka.
Vasskraftutbygging i Noreg er
blitt eit fy-ord. Ei demning i ein
fjelldal der det ikkje ferdast folk
må ikkje forekome. Å fornye
turbinane og anna infrastruktur i eksisterande vasskraftverk slik at dei kan produsere
50 prosent meir straum er det
ingen som snakkar om. Nei heller vindmøller! – Og iallfall ikkje
gasskraftverk og thoriumkraftverk, å berre tenke på slik styggedom er verre enn å banne
høgt i kyrkja.!
Stadlandet, noko av det mest
særmerkte og vakraste landskap i Noreg, skal verte velsigna
med vindmøller, og no skal ein
også i Vanylven gjerne vere med
på galeien. Det er ikkje tvil om
at det bles i høgdedraga ”rundt
Hovda”, og vindmølle-propellar vil svive rundt der som andre stader. Og litt straum kjem
det ut av det, til prisar som må
statssubsidierast for å verte
kobla til det vanlege straumnettet.
vindmøller som er viktig på
våre kantar? Har ikkje naturen
ein eigenverdi som burde sleppe unna ”blåruss-tenkinga” at
alt skal omsetjast i pengar. Har
vår generasjon rett til å øydelegge noko av det mest verdfulle vi har – vår natur og våre
landskap. Ein av dei fremste
reiselivsekspertane i Noreg og
mangeårig redaktør av NAFs
Veibok Erling Storrusten meiner at den ytre kyststripa frå
Rogaland til Finnmark er det
flottaste turistmål i verda og
der ”kremen” er Nordvestlandet og Lofoten.
Men er det berre straum frå
Hadde det ikkje vore betre å
bygge småkraftverk der det
høver seg, med større energiproduksjon enn kva vindmøllene greier å prestere og til
langt lågare pris? Men då må
det satsast lokalt, kommunen
må vise velvilje og finansieringa ordnast. Overlet ein utviklinga til ofte multinasjonale selskap med velfylte pengesekkar
– då vert det vindmøller. Delvis
fordi våre politikarar nektar å
sleppe til opplagde alternativ
som gass- og thoriumkraftverk
og er heller ikkje villige å bruke
pengar på å effektivisere dei
gamle vasskraftverka. Vi har
dei politikarane vi fortener, til
hausten er det Stortingsval.
VINDMØLLER: No er det slutt
på bygging av slike vindmøller i
Tyskland. Straum frå dei vert altfor kostbar. Heller gass- og atomkraft. Bilde frå ein tysk motorveg
7. mars 2009.
gje og gjennomføre store og
små arrangement i kyrkjelyden. Ein prioriterer kva lokale
og verdsvide tiltak som skal få
økonomisk støtte gjennom kyrkjeofringane, og ein har høve
til å påverke kyrkjepolitikken
gjennom ulike høyringar. Elles
står det einskilde soknerådet
fritt når det gjeld kva saker ein
ynskjer å ta opp og prioritere.
Kanskje vi kan få eit Storting
som seier som ein nyvald amerikansk president seier: ”Yes,
we can!”
Harald Ulvestad
No er gode råd dyre
Val på medlemer til sokneråd
og bispedømeråd finn stad
samstundes med stortingsvalet i september. Som ein del av
den kyrkjelege demokratireformen har regjeringa bevilga 7080 millionar til gjennomføringa.
Lokalt her i Vanylven inneber
dette 50 000 øyremerkte kroner. Då er det viktig at resulta-
tet av arbeidet blir godt!
No har du mulegheit til å bli
ein del av løysinga i ditt sokn.
I desse dagar arbeider dei fire
sokneråda med å finne kandidatar for den komande perioden (som er berre på 2 år,
fordi det skal vere nytt val i
samband med kommunevalet i
2011). Mange av dykk kjem til å
få brev om at de vert sette opp
på liste. Vi vonar at de ser på
dette som ei tillitserklæring og
som eit høve til å vere med på å
forme arbeidet i den lokale kyrkjelyden i åra som kjem.
Soknerådet legg føringar for
arbeidet gjennom å planleg-
Ver med på ein dugnad for å
gje kyrkjelydane gode råd, ved
å stille til valet og ved å nytte
røysteretten din!
Aage Gunnar Strand,
leiar i Syvde sokneråd
Trimfinale neste fredag
Fiskå Il sin trimkarusell går
mot slutten. Ein god gjeng var
med også sist fredag. Og ferdag om ein god veke blir det
vel reine folkevandinga - for
då går siste runde.
Denne gongen var desse med:
Edel Barstad, Aksel Inge Berge,
Ragnhild Berge, Marius Berge
Sandvik, Julie Berge Sandvik, Kristiane Ekremsæther, Marius Ersvåg,
Stig Ersvåg, Marina Haaberg, Andrea Lillebø Grønvold, Trude Lillebø, Henrik Haugen, Beate Stranden, Celine Haugsbø, Madelen
Haugsbø, Kjartan Haugsbø, Aud Rusten, Elin Hammer, Sigbjørn Kleppe,
Niklas Molvik, Nina Molvik, Patrick
Molvik, Kari Ruud, Agnar Rekkedal,
Beate Rekkedal, Vemund Rekkedal,
Vendel Rekkedal, Bendik Rekkedal,
Kjell Arne Rusten, Astrid Rusten,
Edel Rusten, Idar Rusten, Elisabeth
Løvoll Rusten, Anne Lene Rusten,
Hans Ivar Rusten, Svein Erik Rusten,
Nina Strand, Catrine Sørgård, Tordis
Thunem, Anna Thunem, Anita Nygård Thunem, Kaja Thunem, Ingunn
Thunem, Vidar Thunem, Kristina
Thunem, Nikoline Thunem, Cecilie
von Krogh, Andrine Kvamme, Synnøve Kvamme, Turid Worren, Ingebjørg
Worren, Embla Kristine Worren, Elsa
Aaland, Christoffer Aaland, Ådne Aaland, Elisabeth Aaland.
Vinnarar av trekninga:
Bendik Rekkedal – album frå Voksøy.
Aksel Inge Berge - skriveblokk frå
Coop. Andrea Grønvold – leike frå
Ringo. Astrid Rusten – bag frå Fagerhol. Ragnhild Berge – røykelaks frå
Spar. Henrik Haugen – gymbag frå
Voksøy, Edel Rusten – film frå Statoil.
Neste og siste trimkarusell vert
fredag 27. mars.
TRIMKARUSELLEN på Fiskå har hatt god oppslutning gjennom vinteren. Her frå ei registrering på ein tidlegare marsj
SYNSTE MØRE
16 TORSDAG 19. MARS 2009
$)44,/+!,%"9''%6!2%(53
)NTERI’R
kr. 178,-
TILBOD
Sigdalkjøkken
Vi planlegger
og teiknar ditt kjøken!
"9''&!'
6IHARHEILESPEKTERET
AVMALINGSPRODUKTFRÍ'J’CO
BADEROMSPANELMBORD
Cresendo 1526 på lager
.YST’L&AGERHOL!3
&)3+¯"9'$4LF&AX%POSTPOST NYSTOLFAGERHOLNO
WWWNYSTOLFAGERHOLNOWWWBYGGFAGNO
'JERSOMOSSSATSPÌKJENDELEVERAND’RAR
Velkommen til Kjelsund på
Vi har det du
OMRÅDESTEMNE
trenger!
for NMS Søre Sunnmøre
laurdag 21. mars
Frå kl. 10.00: Registrering, bibeltime m/kollekt,
årsmøte, val av regionstyreleiar, matservering
(middag kl. 15.00)
Kl. 11–15: NB! MINILEIR for borna
Kl. 17.00: Misjonsfest! Tale ved Merete Hallen,
familiekoret, nytt frå misjonærane, musikkinnslag,
kollekt til NMS.
Påmelding 18. mars på tlf. 70 02 02 22 el. 70 12 22 00.
Vaksne kr. 230,- Born kr. 160,- Søskenrabatt
– områdeutvalet NMS Søre Sunnmøre
Årsmøte
Vik grunneigarlag
Sponsor:
Er det fullt i
kjellar og på loft?
Kanskje nokon vil
kjøpe det du ikkje
treng meir?
Prøv ei rubrikkannonse til 50,+ mva i lokalavisa!
Ring 700 20 820 eller
send mail til
[email protected]
hjå Elias Øvregård
tysdag 24. mars kl. 20
Tlf. 700 23 990
Fiskåbygd
Familien Knutsen ringer med Telio
– Vi bruker telefonen mye, men siden vi byttet til Telio har vi spart flere tusen kroner. Det er enkelt og vi slipper å
tenke på telefonregningen. Etter at Hans fikk Telio Bedrift på jobben, spares det mye penger der også!
Hva er bredbåndstelefoni?
Du bruker telefonen på vanlig måte, men samtalen går
via bredbåndet ditt i stedet for det tradisjonelle telefonnettet. Derfor er det også mye billigere.
Enkelt – Vi hjelper deg
Du kan benytte Telio uansett leverandør av bredbånd.
Behold ditt telefonnummer, eller få et nytt av oss. Ønsker
du billig mobiltelefoni leverer vi også dette.
Lønnsomt – Sammenlign oss med hvem du vil!
Hvor mye husholdningen eller bedriften sparer, avhenger
av ringemønsteret. Våre gjennomsnittskunder sparer
tusenlapper hvert år.
Kom i gang i dag, sjekk hvor mye du kan spare!
Les mer og bestill på www.telio.no/tilbud
eller ring 21394405 for dagens tilbud!
SYNSTE MØRE
17 TORSDAG 19. MARS 2009
Nytt til herre - sprek vårkolleksjon fra Iceman
Torsdag, fredag, laurdag: ÷25% på alle herre-
Slitesterke handfletta korger som
tåler vatn!
Vi har og godt utval i bastkorger
AEG vaskemaskin.
Støvsugar Electrolux,
1400 o/min. 6 kg. Display
viser resttid.
meget stillegåande, skyllbart lter, ekstra parkettmunnstykke.
kr.
kr.
5998,-
belter
1798,-
Tlf. 700 23 990 - Fiskåbygd
A.M. VIK AS, 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13
Åpningstider: mand. - fred. 09.30-17, laurd. 10-14
Vanylven - Fiskå
Pent enderekkehus med stor solrik terrasse
Prisantydning: 1.350.000,- + 2,6% omk
Areal: P-rom/bra/bta 111/123/133 m2
Byggeår: 2003
Adresse: Djuvika Terasse
Visning: torsdag 19/3 kl.16 - 17
Ansvarleg meklar: Johnny Kragset MNEF
Telefon: 97 51 59 40
Adresse: Myrane
Visning: mandag 23/3 kl 18 - 19
Ansvarleg meklar: Johnny Kragset MNEF
Telefon: 97 51 59 40
Vanylven - Fiskå
Einebustad i barnevenleg område
Prisantydning: 890.000,- + 2,6% omk
Areal: P-rom/bra/bta 169/200/225 m2
Byggeår: 1974
Tomt: 1102 m2
Tlf. 700 555 00
Din eigedomsmeklar i ditt nærmiljø
www.kragseteigedom.no
SYNSTE MØRE
18 TORSDAG 19. MARS 2009
SYNSPRØVE
Off. godkjent optiker
Stonewall ekte skifer
- øye for ditt syn
Tlf. 57 85 15 62
Tlf. 70 07 60 09
www.bailine.no
- Elektronisk trening
- Smertelindring
- Figurforming
for inne- og uteTilbud nå pr. m2
bruk, m/hjørner
og endestein
995,Queen Salongteppe
KAMPANJE UT APRIL!
GRATIS SEKKEKANAL!
Eit parti
gåveartiklar
÷70%
160x230, før 2795,- nå
1495,-
Alle som kjøper Espegard
Vedutstyr for minst
kr. 5.000,- eks mva. får
gratis sekkekanal til 60 ltr.
www.espegard.no
Våre åpningstider er:
mandag - fredag 09-17, lørdag 09-15
CENTRUM FARGEHANDEL AS
SYVDE - tlf. 700 20 800 - fax: 700 20 805
3570 Ål Tlf 3208 6330
synste.no
SELJE KOMMUNE
OFFENTLEG ETTERSYN
Periodisk kjøretøykontroll
Sommardekk:
Brigdestone
Firestone
Michelin
Nokian
"ESTILLVERKSTEDTIMEPÍINTERNETT
WWWAUTOMESTERNO
I medhald av plan- og bygningslov §§27-1 nr. 2 og
28-1 nr. 4 vert framlegg om endring av køyreretning
for Nabben i Selje sentrum lagt ut til offentleg ettersyn i tida 13.03 – 08.04.09.
Endring av køyreretninga vert framlagt i to alternativ;
Alt.1: Einvegskøyring frå Kafe Nabben til innkøyring til
p-plass på nordsida av Sjøgata (v/buda til Selje Trevare).
Køyreretninga vert snudd i høve til noverande løysing.
Alt. 2: To køyreretningar frå Kafe Nabben til skjortfabrikkbygget - gbnr.56/158. Ei køyreretning frå gbnr. 56/158
til innkøyring p-plass på nordsida av Sjøgata. Endring
av køyreretninga (mindre vesentleg endring av eksisterande bebyggelsesplan) er utlagt på servicekontoret på
kommunehuset i Selje, samt på kommunen si heimeside
www.selje.kommune.no
Spørsmål vedkomande endringa kan rettast til servicekontoret eller Anita Otneim Hoddevik på tlf. 57 85 85 00.
Innspel/merknadar må vere kommunen i hende innan
11.04.09 og stilast til Selje kommune, v/formannskapet,
6740 SELJE.
Tenesteleiar Næring, Areal og Bygg
Bursdagshelsing er kjekt å få!
Hugs å sende helsinga til Synste Møre seinast
måndag den veka du vil ha den på trykk. Det
kostar ikkje noko, men å ta med fullt namn på
den eller dei du helsar til.
Sender du e-post, legg bilete med som vedlegg,
og skriv helsinga i mailen.
Send pr. post til: Synste Møre, postboks 53,
6139 Fiskåbygd,
E-post: [email protected]
OPPSTART REGULERINGSPLAN NAVENESET
I SELJE KOMMUNE
I medhald av plan- og bygningsloven §§ 30 og 27-1 vert det med
dette varsla om oppstart av arbeid med privat reguleringsplan for
masseuttak/industriområde på Naveneset i Selje kommune.
Planområdet er på om lag 27 daa og inkluderar delar av eksisterande reguleringsplan for industriområde på Naveneset. Samla areal
som er tenkt regulert til nytt masseuttak er på om lag 11 daa. Den del
av planområdet som ikkje ligg innanfor eksisterande reguleringsplan
er gjennom kommuneplanen sin arealdel utlagt som landbruks-, natur- og friluftsområde.
Planarbeidet vert utført av Kvernevik AS v/Marius Johan Svoren,
6717 Flatraket. Eventuelle innspel sendast til Kvernevik AS med
kopi til Selje kommune v/Næring, areal og bygg, 6740 Selje innan
den 17.04.2009. Eventuelle spørsmål vedkomande planarbeidet
kan rettast til Marius Johan Svoren på tlf. 95 19 98 15 eller e-post
[email protected]
KVERNEVIK AS
Fp>¥^ ¥^†°^ p^¥ Y^° ¨¾C¥° p¸†¨°zp F ¥^>z¨^¥^ Y¥>¸ƒ^† ‰ƒ ^zp^† I‰zpš
6z €>† w^–^ Y^p ƒ^Y >° j¥F zY^ °z j^¥Yzp I‰zpš
˜`ÕÃÌÀˆÛi}i˜ £È] È£xä (ÀÃÌ>] ̏v° Çä ä{ Çx ää
LiÀ˜ÌJi˜iÀLÞ}}°˜œ q >À˜iJi˜iÀLÞ}}°˜œ q iÀˆ˜}Ji˜iÀLÞ}}°˜œ
SYNSTE MØRE
PINSEMENIGHETEN
Sion Åheim
søndag 22. mars kl. 16-18
Søndagskafé
Alle velkomne!
Åheim Misjonshus
Fredag 20. mars
Kl.18.45 Bønemøte
Kl. 20-24 Ope hus frå 7. kl.
Søndag 22. mars
Kl. 11.00 Søndagsskule
Alle velkomne
Arr.: Åheim Kr. Ungdomslag
Åheim Kr. Barneforening
BASAR
FREDHEIM
Sørbrandal,
mandag 23. mars kl. 18
Utlodning, auksjon
Besøk frå NMS
Mat og kaffi
Arr: Barneforeininga
“Anna Nomes minne”
Årsmøte
Vanylven jeger og
skerforrening
Søndag 29. mars kl 16
i kantina på Combisenteret
årsmøtesaker,
enkel servering
styret
Synste Møre - Best lokalt!
Eid Elektro AS er ein autorisert elektroentreprenør etablert i 1980, med hovudkontor på Nordfjordeid og montørbase i Syvde. Firmaet har 34 tilsette
og forventar ei omsetning i år på 37 mill. Firmaet er medlem i Elfag-kjeden,
Noregs største kjede av elektroentreprenørar og er leverandør innan elektrosterk-/svakstraum, tele-/datanettverk, alarmanlegg, industriautomasjon,
elektrotavler og tekniske entreprisar. Firmaet er i ein svært sterk vekst og
har ei positiv utvikling med mange spennande oppdrag både i Nordfjord og
Vanylven. Vi ynskjer å styrke satsing i Vanylven og treng difor fleire flinke
medarbeidarar med tilknytting til regionen.
For tilsetting søkjer vi:
Teknikar/ingeniør
Arbeidet består m.a. i større/mindre oppdrag innan:
Industri- og automasjon
Elektroinstallasjonar
Prosjektering/dokumentasjon
Prosjektleiing
Elektrikarar/elektromontør gr.L
Arbeidet består m.a. i større/mindre oppdrag innan:
Elektroinstallasjonar
Serviceoppdrag
Industri- og automasjon
19 TORSDAG 19. MARS 2009
Rovde Helselag
Åheim Elveeigarlag
Hugs årsmøtet i kveld kl. 20
på Kaffibanken.
Styret
Årsmøte vert halde på
Åheim skule søndag
29. mars kl. 18.
Styret
Opphørssalg
FINALE
Alle varer prisa til
25-50-100
25-50-100
kr.
uansett før pris
Lator Klær
Fiskåbygd
Vi ynskjer personar som likar å jobbe i eit hektisk miljø og som kan
ta ansvar, er ryddig, positiv, utadvent, og kan arbeide sjølvstendig
innan både store og små oppdrag.
Vi har ein fleksibel organisering og tilpassingar med arbeidsstad og
tid er mulig.
For den rette personen vert det mange utfordrande arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale. Gode forsikrings-/pensjonsordningar
Nærmare opplysningar kan ein få av Ove Kjøllesdal
telefon 57 86 47 70 eller mob. 911 39 572.
Skriftleg søknad sendast innan 03.04.2009 til
Bøsseinnsamling
ved konfirmantane
Åheim/Sylte:
tysdag 31. mars
Alle andre bygder
i Vanylven:
torsdag 26. mars
Opningstider helgane framover
fred./laurd. 19 - 23, sønd. 13 - 20
(middagsbuffé søndagane)
Skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag
13 - 20 m/middagsbuffé
Påskeafta 20.00 - 02.30
dans m/ Nils Petter Nes
Basar i Syvde
Syvde Samfunnshus L/L og Syvde Skulekorps
Samfunnshuset, søndag 22.03 kl. 16.00
Sal av smørbrød, kaker, pølser, kaffi og brus.
Lynutlodding - åresal - trekking av loddbøker
Du er hjarteleg velkomen!
Vi har alltid ope
for selskap, møter
o.l. og catering
FORBEDRET MODELL!
Espegard ATV-henger
Annonse betalt av:
søndag 22. mars kl. 15
Mannskoret Frendar, Bildekåseri
v/ Tor Inge Nygård
Trekking av loddbok, åresal
Sal av kaffi og noko godt attåt
Alle velkomne til ei hyggeleg
ettermiddagsstund!
arr. Eidsåtun
Tømmerhenger PROFF
er videreutviklet og leveres
nå med mobilt lunnetårn.
Kan utstyres med tippeplan.
VANYLVEN KOMMUNE
VARSEL OM FEIING 2009
Feiaren startar opp feiing i Vanylven kommune i veke 12.
I år skal det feiast frå gnr. 73 til og med gnr. 152. Det vert
starta på Rovde vidare heile Syvde - Eidså - Åram til og
med Rønnestad.
Vi minner om at tilrettelegging for feiing er huseigar sitt
ansvar.
Varsling til den einskilde om feiing vert sendt ut i posten
eller levert på døra, 2 - 5 dagar før feiing.
Vanylven kommune, Brannsjefen
vanylven.kommune.no - tlf. 700 30 000
1995
www.espegard.no
Flòget Klatreklubb
Årsmøte i Flòget Klatreklubb
31.03.09 kl.18.00
Møtet blir holdt i Olivinhallen.
Alle medlemer vel møtt.
Saker sendes til [email protected]
Hugs svinemår
til påske!
Tørka ribbe av
lam? Vi har den
klar i butikken!
Lakselét
Skal du
pusse opp?
Vi har litt ledig kapasitet på
våre handverkarar; maling,
flislegging, gulvbelegg og
tapetsering.
Centrum Fargehandel AS,
Syvde - Tlf. 700 20 800
500 gr. (frå Hofset Invest,
prisen gjeld
til påske)
pr. pk. kr.
Tlf. 700 23 008 - Syvde
[email protected]
30,-
Tlf. 700 23 008 - Syvde
[email protected]
KJØP/SAL/LEIE
Plastbåt 13-14 fot
ønskes kjøpt, m/u motor.
Tlf. 91 17 79 85
Toyota Camry 2,0 89-modell, automatgir, km.stand ca.
265000, EU-godkjent mars 09.
I teknisk god stand.Delemotor +
div. andre delar følger med. Heilt
nye piggdekk, sommardekk går
ei stund til. Veiavgift for 2009
betalt. Selgast for kr 10.000.
Omregistrering ikkje inkludert. Tlf
92412190 E-post: [email protected]
synste.no
3,9 m enkel montering - rett på veggen.
På lager hos oss
3570 Ål Tlf 3208 6330
slipp sola inn
ELFAG - NÅR DU TRENG ELEKTRIKER
BRANNSTIGE
kr.
Vi kommer hjem til deg
og gir deg råd og løsninger
Øyane 12 - 6770 Nordfjordeid
Tlf. 57 86 47 60 - Fax 57 86 47 77
E-post: [email protected]
For tinging av hytte, catering,
selskap, møter o.l.
ring 900 58 453
Basar på Eidsåtun
I tillegg kan det vere mulig at vi vil inngå lærekontrakt med:
Lærling elektrikar
Kirkens Nødhjelp
Fasteaksjonen
ÅHEIM BARNEHAGE
Har de lyst til å kome og sjå korleis
vi har det i vår flotte barnehage?
Vi har OPEN DAG tysdag 24. mars kl. 8.00 - 11.30
Frå kl. 8.00 - 10.00: Frukostbuffé.
Velkomen innom!
Tørr og rimeleg
ved. Kontakt
Geir 70023229
Knut Aksel 901 87631
91-mod Ford
Scorpio. EU godkjend
februar 2009. Arne Vik,
700 24 132 e.kl. 19
Rundballar til sals.
Tlf 700 23 075
når du selv vil
• markiser
• plisségardiner
• persienner
• rullegardiner
• levegger
• lamellgardiner
Syvde, tlf. 700 20 800
idag, torsdag
Potetball m/tilbehør
fredag
Biff Lindstrøm
mandag
Steikt potetball
tirsdag
Ovnsbakt laks
onsdag
Pannekake
Ring oss på 970 99 575
Serv. frå 12.30 - 16.00
Også klart til å
ta med heim!
www.matogsaant.no
Vedlikeholdsfrie vindussprosser med 30 års garanti
Ring Bjørn, tlf. 952 56 348
[email protected]
Ring gratis:
Tlf.: 800 80 488
www.fasadeprodukter.no
Frisørloftet
Frisør
Nina Ekremsæter
Timebestilling
958 81 785
FISKÅ KINO
SYV NAVN
SYV FREMMEDE
EN HEMMELIGHET
Syv liv
Fredag 20.03. kl. 21.00
Søndag 22.03. kl. 20.00
Alder: 11 år. Tid: 2 t. 3 min
Kvar fredag etter kinoen: Buss retur
Hakallestranda/Åram, Syvde
Rovde og Åheim
FILMAR SOM KJEM....
My best Friend´s Girl, Olsenbanden jr.
Transporter 3
19. MARS 2009
TORSDAG 19.TORSDAG
MARS 2009
SISTE
20SIDA
SYNSTE MØRE
SYNSTE MØRE
SOL & MÅNE
Sola står i dag opp 06.42, og
går ned 18.50.
Der er skumring frå 19.35og
det vert heilt mørkt 21.28.
Månen står i dag opp 05.44
og går ned 08.39.
Neste torsdag, 26. mars kl.
17.07 var det nymåne.
FLO & FJØRE
Tors.
Fred.
Laurd.
Sønd.
Mån.
Tys.
Ons.
FLO
FLO
FJØRE FJØRE
04.09
05.41
07.15
08.17
09.00
09.35
10.33
17.12
18.54
20.08
20.56
21.32
22.04
23,01
11.04
12.35
00.54
02.05
02.53
03.31
04.26
23.21
13.50
14.43
15.23
15.57
16.57
Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd.
Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95.
FOR 20 ÅR SIDAN
Vestavisa 22. mars 1989
Stadtunnelen vil
opne for ei ny tid
– Det vi vere synd om Selje
kommunestyre gravlegg
Stadtunnelen den 13.april.
Prosjektet er så fantastisk at
det vert følgt med den største
interesse langs heile kysten.
Det seier KrF-politikaren Jan
Helgøy i Vanylven. Den utflytte rogalendingen er sterkt
oppteken av samferdselsspørsmål. Kyststamveg og
Stadtunnel vil gi ny vekst i
heile distriktet her...
(Hovudoppslag over heile førstesida etter at fleirtalet i Selje
formannskap har gått inn for
ei alternativ løysing som ville
bety forlenging av tunnelen.
Saka skal seinare opp i kommuenstyret)
Pølser er godt - også i regn
Pølsepinnane er kveste og no
er det også god fyr på bålet. Då
kan ein ikkje la seg skræme av
nokre regndropar - her gjeld
det berre å halde ut. For pølser
smakar nesten betre i regn enn
i solskin!
Dei har aktivitetsopplegg i
aldersblanda klasser, elevane
ved Fiskåbygd skule, og ei
gruppe er i fjøra der dei altså
har gjort opp bål saman med
læraren sin, Beate Rekkedal.
Og når dei så slår til med pølser på ein heilt vanleg kvardag,
så har det si forklaring. Dei er
nærast sprekkeferdige etter å
fortelje oss det. Philip - nærast
kamera - får av naturlege grunnar lov å sleppe nyheita:
–Eg bursdag i dag ! seier han.
Vi gratulerer og ønskjer dei eit
godt måltid og vonar byga ikkje
blir altfor hard. For vel smakar
pølse godt i regn, men då snakkar vi ikkje ikkje om striregn.
I FJØRA: Fremst til høgre
Phillip Balslev og så vidare
rundt mot venstre Trine
Strand. Maria Nordal, Caroline Sætre, Anna Thunem,
Maria Thunem og Simen
Åsemyr.
VIDAR PARR
PÅ TAMPEN
Kjære herr Veig Vesenet
Vi håpar du har det bra der
oppe i Molde eller kvar du
ferdast om dagane. Det er lite
vi høyrer frå deg, men vi les
i avisa du er aktiv på mange
område, både i tunnelar og på
vegprosjekt rundt i fylket. Det
kunne no vore kjekt om du tok
med familien på skikkeleg besøk i Vanylven att. Sist gong du
stogga ei stund var vel då det
kom ”nyeveg” over Eidet, sjølv
om det har vore småbesøk,
som no i haust då vi ser at sonen din, han Asfalt Svarte var
ein tur i Almklovdalen og litt
rundt om kring.
Om du ikkje ser deg syn med å
ta turen sjølv på enno ei tid, hadde det vore kjekt om du kunne
sendt nettopp denne sonen din
ADRESSE M.M:
Postboks D, 6139 Fiskåbygd
Telefon 70 02 08 20.
Telefax 70 02 08 25.
Bankgiro: 3972.20.33233
Heimeside: www.synste.no
E-post: [email protected]
INNLEVERINGSFRISTAR
for annonsar: Tysdag kl. 14.00
Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00
på eit lengre besøk. Det har seg
nemleg sånn at eg er glad i å gå
på rulleski og tidlegare spende
eg dei på meg ved postkassa på
Vidnes og tusla meg av garde.
No er vegen, spesielt sørover,
så sprukken og utoversigen at
dette ikkje er noko triveleg prosjekt. Difor vert det oftast til at
eg heller tar meg ein tur utover
Nordstranda med skiene. Der
er det litt betre asfalt og liten
trafikk, fredeleg og med vakre
omgjevnader.
Det hadde likevel vore koseleg
å kunne starte heimanfrå. Det
er no slik at vi er med og sender
pengar til den rike onkelen din,
han Stat Departement, som går
til underhald av familien din.
Gjennom åra har det vorte så
mykje pengar at vi synest nokre av dei kunne brukast til at
han Asfalt kunne ta seg eit lengre opphald her, i staden for å
ture dei vekk på vegane oppe i
Ålesund, Ulsteinvik og der han
ferdast mest. Det er spesielt eit
nytt lag asfalt på vegane vi ynskjer oss. Det vil ikkje koste så
mykje i forhold til det han turar
vekk der oppe.
Eigentleg synest eg no og at du
kunne teke ein alvorsprat med
bror din, han Ferje Divisjon,
slik at vi fekk orden på denne
ferjekaia på Koparnes som det
har vore snakka om så lenge.
Og det aller beste hadde no
vore om du fekk onkelen din til
å gripe litt djupt i pungen og få
til ei bru over Rovdefjorden. Då
vart det enkelt for dei som bur
her og likar å bowle og drikke
cafe latte å ta seg ein ettermiddagstur til Ulsteinvik, men spesielt for dei som jobbar der.
Men det er vel litt mykje å håpe.
Når ein først kjem ut i den store verda vert vi små og lette å
gløyme her heime og han Stat
har ei stor slekt. Difor er det
kanskje tryggast at vi som
brukar å gå på rulleski mellom Syltefjorden og Åheim går
i lag for å samle inn pengar og
søkje tippemidlar slik at vi får
ordna eit nytt lag asfalt sjølve.
Og kanskje skal vi registrere
oss for dei såkalla grasrotmidlane. For mange stader ser vi
no snart i grasrota gjennom
sprekkane og hola og det vert
BLADPENGAR:
Heilår: 650 kroner
Halvår: 325 kroner
Student (10 mnd) : 350 kr
Tillegg for porto utanom Norden
LAYOUT/ UTGIVAR:
Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd
PRENT:
Edda Trykk Nordvest AS
Best lokalt
70 02 08 20
vel som dei skreiv om vegen til
Fure på Stadlandet sist veke, at
ein om ikkje lenge kan ta til å
slå han med forhaustar.
Så får du leve vel så lenge. Vi
legg ved brevet eit par heimestrikka lestar, så du held
deg varm på beina no du vel
skal vaspe i snø under vårløysinga oppe i Kviven.
OLE MAGNE
KVALSVIK
[email protected]
PRIVAT-TELEFONAR/E-POST:
Red/dgl.leiar Vidar Parr,
privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48
e-post:
[email protected]
Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755
e-post:
[email protected]
Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479
e-post:
[email protected]
Journalist Kjell Brenne
privat 70 02 41 22 mobil 950 24553
e-post:
[email protected]
Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)