HOLLANE

Transcription

HOLLANE
HOLLANE
Hollane, eller ”Høllen,” som er bygdenamnet i Bø, må
vere ein av dei eldste stulane på Lifjell. I skriftlege
kjelder frå 1600-talet finn vi Hollane omtala som ein
fjelleigedom til storgarden Borgja i Bø, men truleg har
det vore stulsdrift der inne lenge før den tida.
På slutten av 1800-talet tok det til å koma turistar
innover fjellet og Sigurd blei ofte bedt om å vere med
dei som fjellførar. Turismen auka på, og etter kvart
oppsto eit ønskje om å skaffe overnattingsplassar på
stulen. Turisme med overnatting blei etter kvart ei viktig
inntektskjelde ved sida av stulsdrifta.
Med åra har eigedomstilhøva endra seg mykje. På
1800-talet var det fleire gardar i Bø som setra der.
Gardane Eikjarud, Fossheim og Jørgedal hadde eigne
stulsbuer. Men på slutten av 1800-talet blei Hollane
samla i ein stor eigedom på 12 000 mål og kjøpt av dr.
Anders Daae, sonen til presten i bygda. Daae sette pris
på fjell og natur og bruka mykje tid i fjellheimen.
I midten Aslaug Kultan, lengst til venstre sonen Nils
Nils Folkestad, Sonen til Sigurd og Aslaug tok etter
kvart over drifta. Nils hadde kjøpt ein Folkestadgard og
bruka Folkestadnamnet. Også Nils hadde stor kunnskap
om fjellet og blei etter kvart ein erfaren fjellmann og
kjentmann for turistar slik som faren hadde vore. Han og
kona Anne dreiv i mange år Hollane som stule og
overnattingsstad for turfolk i fjellet.
Ei av dei gamle buene på Hollane
I 1882 kom Sigurd Kultan og kona Aslaug Nilsdtr. til
Hollane. Dei leigde stulsretten og seinare har det vore
slekta etter desse to som har vore drivarar på Hollane.
Sigurd var ein omtykt fjellmann. Han var ein fargerik
person med stor kunnskap om fjellet, om beitetilhøve og
om jakt og fiske. Sigurd var ein dyktig drivar av
fjelleigedommen og hadde leigekyr frå mange gardar i
bygda.
Eigaren Anders Daae utvandra til Amerika, men kom på
besøk til Hollane om somrane saman med venner og
slektningar. For å betre overnattingstilbodet bygde han
ei stor tømmerhytte, den såkalla Daaehytta, som
bygdefolk seinare døypte om til ”Fantehytta”. Det var
Fantehytta som etter kvart blei nytta som hytte for
turfolket.
I 1956 selde Daaefamilien Hollane til Halvor Folkestad,
sonen til Nils og Anne. Halvor og kona, som også heitte
Anne, blei da sjølveigarar på Hollane. Halvor og Anne
dreiv Hollane som turistseter i mange år. Dei kunne ha
60 til 70 kyr på beite om somrane, av desse om lag 40
mjølkekyr. Særleg på haustparten kunne dei ha fullt
belegg med overnattinggjester.
Men tida endrar seg, og med dei omleggingane som
etter kvart skjedde i landbruket tok setringa slutt. Det
var ikkje lenger behov for å ha beitedyr i fjellet, og
dermed fall grunnlaget for å drive ei turistseter bort.
Hollane blei etter kvart lagt ned som seter med
overnatting for turistar. Siste året det var stulsfolk på
Hollane var 2004. Men i skuleferien om vinteren og i
Påska og helgene mellom er det framleis opent hus og
mogeleg å overnatte. Også til andre årstider kan du
leige deg inn og overnatte, men da må du gjere avtale
med eigarane og stelle deg sjølv.
Daaehytta med buskap framfor
Framleis er Hollane eit viktig knutepunkt for ferdsla på
Lifjell. Herifrå går det merkte stiar og løyper til Seljord,
Notodden og Bø.