Godt besøk på NLR-standen på Gartnerkongressen.pdf

Transcription

Godt besøk på NLR-standen på Gartnerkongressen.pdf
Presentasjon av nye eplesortar populær aktivitet under Gartnerkongressen
Norsk Landbruksrådgiving deltok med utstilling og stand på Gartnerkongressen i
Loen 2.-4. nov., der GH-Vest stod som arrangør. NLR sentralt og
Landbruksrådgivinga lokalt i Sogn og Fjordane slo sine pjaltar saman og deltok med
felles stand. Her kunne dei nærmare 250 kongressdeltakarane få informasjon om
organisasjonen Norsk
Landbruksrådgiving samtidig som
mange nytta høve til å prøvesmake
nye eplesortar som vart presentert på
standen. To nye, seine sortar kunne
samanliknast med hovudsorten
Aroma, i tillegg fekk ein smaksprøvar
av eplejuice frå ein mogleg ny
interessant industrisort.
Eit av dei 4 storskalafelta med nye
eplesortar som er lokalisert til
fruktdistrikta på Aust- og Vestlandet
er plassert hjå Karl Ove Loen rett bak
kongresshotellet Alexandra; snakk
kortreist mat !
Frå v.: Marianne Bøthun, NLR S. og Fj. og Gerd Guren
frå NLR-sekretariatet på stand under Gartnerom
kongressen i Loen
Eplesortane Rubinstep ;
kasse nr 1 og 2 frå
venstre, Elan; nr 3 og
Aroma lengst til høgre
kunne prøvesmakast og
samanliknast. Vi fekk
mange tilbakemeldingar
på kva sort som falt best
i smak.
Også statssekretær Harald
Buttedahl, midt i bildet, smakte på
dei nye eplesortane. Han hadde i
foredraget sitt rett før sleppt
nyheiten om opning for import av
eple- og pæretre til Norge frå 1. jan
2013. Kameralinsene var som vi ser
ikkje langt unna. Buttedahl er forøvrig
fruktdyrkar i Lier og sjølv feltvert for
eit av storskalafelta med nye
eplesortar!! T.v.: Jan Ferstad frå NLRsekretariatet.
Marianne Bøthun presenterar eplejuice av prøvesorten NA 46-49' Øya'; ein avlingsrik,
storfrukta sort som falt i smak hjå mange. 76 % av dei som gav tilbakemelding klassifiserte
denne juicen som 'svært god' eller' god'.
Enkelte som var innom standen var meir interessert i nye eplesortar enn andre; her får ein
fruktdyrkar frå Hardanger meir inngåande informasjon frå underteikna.
Andel 1. plassar
Andel 2. plassar
Aroma
Elan
Rubinstep
Aroma
Elan
Rubinstep
Aroma
Elan
Rubinstep
45 %
40 %
35 %
30 %
25 %
20 %
15 %
10 %
5%
0%
Andel 3. plassar
'Rubinstep' gjekk til topps når vi spurde om kva eplesort som smakte best. 'Aroma'
kom på ein 2. plass og 'Elan
Elan' på 3. plass. Men som vi ser i diagrammet
iagrammet var det delte
meiningar og stor spreiing i rangering av beste eplesort. Kommentarar gjekk elles på
at 'Rubinstep' var fast i fruktkjøtet, men hadde god smak. 'Elan' kommenterte mange
hadde rikeleg syre i smaken, medan fleire kommenterte at 'Arom
'Aroma'
a' var blitt blass i
smaken og mangla syre. Dette var og den sorten som fortast blei mørk i fruktkjøtet
etter oppdeling i eplebåtar med epledelar, noko som og indikerar lite syreinnhald i
frukta.