Jubileumssending i Ottadalsradioen

Transcription

Jubileumssending i Ottadalsradioen
NYHET
Tirsdag 4. mai 2010 Gudbrandsdølen Dagningen
Jubileumssending i Ottadalsradioen
VÅGÅ: 1. mai var det 25 år sia Vågåradioen, nå Ottadalsradioen, vart
starta opp.
Og som ein av få nærradioar har Ottadalsradioen halde det gåande med sendingar sidan.
Dette markert med jubileumsending
med gamle travarar i studio laurdagsnatta.
Bak mikrofonane held Rune Øygard og
Stein Holen lyttarane i sin hule hand
gjennom ei fire timar lang nattsending
der det mellom anna vart avspelt opptak
frå opningssendinga. Øygard var i ei lengre periode redaktør i radioen, som i fleire
år hadde studio også i Lom og Skjåk.
I dag er Emil Rustad redaktør, med
Stein Ivar Hølmo som fast programleiar
slik han har vore det i alle år.
Bygdatimen er nå som før fast programpost kvar sundag, som oftast med
Hølmo bak mikrofonen.
JUBILEUMSSENDING: Gamle travarar med nattsending:
Asle Heggheim, Stein Holen, Rune Øygard, Reidun Øvre
Øygard og Børge Olsen, her saman med radiodebutant
Lisann Dijkstra.
Foto: Elias Sperstad
11
Færre går konkurs og
tendensen fortsetter i
april da det ble registrert 532
konkurser og tvangsavviklinger
her i landet.
Det er 8 prosent færre enn i
april i fjor.
Nedgangen i antall konkurser
er på 13,2 prosen, viser nye tall
fra Brønnøysundregistrene.
(©NTB)
KVAMSHALLEN: Slik ser hallen ut når den er ferdigbygd. Bilete er frå fleirbrukshallen i Måndal.
Foto: Kvam IL
Kvamshallen nærmare
Nyleg fekk Kvam IL
450.000 kroner frå
det lokale næringsliv
til fleirbrukshall.
- Det nærmar seg ein
hall, seie Ole-Petter
Brendstuen, dagleg
leiar i Kvam idrettslag.
hengige av at alle er med og bidreg
med ein slant. At andre gje ser ut
til å motivere andre til å grave i
lommene sine, seier Brendstuen.
Siste frist er 1. juni
Av Knut Storvik
[email protected]
Mobil: 904 06 707
KVAM: Tidlegare i vinter gjekk
Brendstuen ut og fridde til Kvamsbygda. Nå har fleire svara og det
har vorte mange ja, men ikkje
mange nok.
- Budsjettramma er på 5,5 millionar kroner. Totalt har vi nå fått
1,6 millionar kroner i støtte, seier
Brendstuen.
Ein million kroner kjem frå
Nord-Fron kommune, 250.000
kroner kjem frå Gudbrandsdal
Energi og 200.000 kroner kjem
frå SpareBank1 Gudbrandsdal. Nå
DAGLEG LEIAR: - Det er nå eller aldri for fleirbrukshallen i
Kvam, seier dagleg leiar i Kvam
IL, Ole-Petter Brendstuen. Nå
håper han innbyggjarane i
Kvam opnar pengeboka si.
Foto: Knut Storvik
ventar han på at resten av næringslivet vaknar for fullt.
- Idrettsgruppa vurderer å ta
opp millionlån, men vi er heilt av-
Kvam IL byrja innsamlinga for ein
månad sidan. Prosjektet med fleirbrukshallen har idrettsgruppa jobba med i to år og det er nå eller aldri fortel Brendstuen.
- Leverandørane må ha beskjed
innan 1. juni. Dersom vi har finansieringa på plass bestiller vi, dersom ikkje blir det aldri nokon hall i
Kvam, seier Brendstuen.
Det ekstra årsmøtet i slutten av
mai vil avgjere skjebnen for utbygginga.
- Da må vi ta endeleg vedtak om
det blir hall eller ikkje, seier
Brendstuen.
Han understrekar at dette ikkje
berre er ein hall berekna til fotball.
- Dette er ein hall som heile
Kvamsbygda får nytte av. Vi kan drive allidrett, friidrett, barmarkstrening og vi kan til dømes arrangere
konsert i hallen, seier Brendstuen.
Han har fått positive signal frå
næringslivet i Kvam.
- Det er fleire som har signalisert at dei vil tenkje seg til å stille
med utstyr i utbygginga. Det hadde vi sett stor pris på om det blir
ein realitet, seier Brendstuen.
Ifølgje Brendstuen er driftsutgiftene til ein hall minimale.
- Dei vil liggje på omtrent
80.000 kroner i året, seier Brendstuen.
- Positivt tiltak
Ordførar i Nord-Fron kommune,
Tove Haugli, håper at mange i lokalsamfunnet vil bidra slik at hallen blir realisert.
- Dette er eit veldig positivt tiltak og det har vi politikarane gjeve
uttrykk for ved å gje ein million
kroner, seier Haugli.
Ho fortel at hallen vil bli eit fint
supplement i kommunen.
- Det er absolutt behov for den
sidan det er sprengt kapasitet i
Vinstrahallen. I tillegg vil det bli
fint å få ein slik hall i tillegg til
kunstgrasbana vi byggjer i Kåja,
seier Haugli.
FAKTA
KVAMSHALLEN
n Kostnadsramme på 5,5 millionar kroner eks. mva.
n Eventuelt byggjestart i løpet
av sumaren 2010
n 40 * 60 meter
n Tenkt plassering er asfaltplassen i Kvam idrettspark
„
Dersom vi
har finansieringa på plass
bestiller vi, dersom
ikkje blir det aldri
nokon hall i Kvam.
Ole-Petter Brendstuen,
Midt-Gudbrandsdal
Næringsforening