Feil! Fant ikke referansekilden.

Comments

Transcription

Feil! Fant ikke referansekilden.
Side 1 av 3
Plan- og samfunnsavdelinga
Sakshandsamar:
Merete Farstad
E-post: [email protected]
Tlf.: 97742381
Jfr. adresseliste
Vår ref.
Sak nr.: 15/8589-4
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Internt l.nr.
41645/15
Dykkar ref.
Dato
LEIKANGER, 22.09.2015
Høve til å gje innspel til miljømål i regulerte vassdrag
Vassforvaltningsplan og tiltaksprogram for Sogn og Fjordane vassregion har
vore på høyring 01.10.2014 – 31.03.2015. I høyringa er det spelt inn endra
miljømål for vassdrag som er sterkt modifiserte (SMVF) grunna regulering.
Arbeidsutvalet til Sogn og Fjordane vassregionutval ønskjer å gi ulike
interessentar og sektorstyresmaktar høve til å uttale seg om framlegg til endra
miljømål for desse vassførekomstane før saka vert lagt fram for
vassregionutvalet 14. oktober 2015.
Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE vert oppmoda om å
samarbeide om miljømål for aktuelle vassførekomstane i vassdrag omtalt i
revisjonsrapporten 49-2013 (kategori 1.1 og 1.2). Andre interessentar har og
høve til å komme med innspel.
Bakgrunn
Fylkesmannen har kome med framlegg om å endre miljømål for reguleringsmagasin og
for lakse- og sjøaureførande strekningar (anadrom strekning) i regulerte vassdrag. Det
er og kome inn eit revidert framlegg til miljømål på anadrom strekning frå
Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Vi ønskjer å gi ulike aktørar høve til å kome med
merknadar til innspel om konkrete miljømål og endra miljømål før vidare formell
handsaming av forvaltningsplanen.
Konkrete miljømål for sterkt modifiserte vassførekomstar bør formulerast utifrå venta
samla effekt av tiltaka som er planlagt gjennomført. Oversikt over føreslegne tiltak i
planperioden 2016-2021 er lagt inn i Vann-nett. Framlegg til nye miljømål er i samsvar
med ny inndeling av miljømål i vann-nett. Oversikt over ulike konkrete miljømål som
kan veljast i Vann-nett er gitt i vedlegg 2.
Konkrete miljømål for sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF)
Fylkesmannen har føreslege å endre konkrete miljømål for sterkt modifiserte
vassførekomstar (SMVF) for mange av vassførekomstane. Fylkesmannen har ikkje gjort
framlegg om nye tiltak i vassførekomstane. Endring av miljømåla vil ikkje føre til at det
er trong for å endre tiltaka som er føreslege i tiltaksprogrammet. Miljømåla er meir ei
presisering av kva vi når/vil nå med dagens praksis eller gjennomføring av tiltak omtalt
i tiltaksprogrammet (høyringsutgåva). Framlegget inneber ikkje vesentlege endringar
for tiltakshavar.
Miljømålet for vassførekomstar med anadrome fiskebestander (laks, sjøaure) er
føreslege til "Styrke fiskebestanden". Miljømålet "Styrke fiskebestanden" er vurdert
som ei justering av miljømålet føreslege i høyringsutgåva av forvaltningsplanen. Det er
Fylkeshuset | Askedalen 2 | 6863 LEIKANGER | Tlf.: 57 65 61 00 | Bankgiro: 4212 02 02000
[email protected] | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 3
meir ei nærare presisering av at tiltaka i tiltaksprogrammet skal gjennomførast for å
styrke fiskebestanden. For mange av vassførekomstane var det i høyringsutgåva
føreslege miljømål: Levedyktig bestand av laks /aure, sikre habitatforhold for gyting og
oppvekst.
Miljømålet for reguleringsmagasin der det i dag er pålegg om utsetting av fisk er
føreslege til "haustbar fiskebestand", medan reguleringsmagasin utan pålegg om
fiskeutsettingar er miljømålet føreslege til "sjølvreproduserande fiskebestand". Ved å
vidareføre dagens praksis i reguleringsmagasina, vurderer Fylkesmannen miljømåla som
allereie nådd.
Dei fleste sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) har i høyringsutgåve fått
miljømålet «fungerande økosystem» (89 % av dei). Dette er minstekravet til godt
økologisk potensiale (GØP) som sterkt modifiserte vassførekomstar kan ha. Noko lågare
miljømål er det ikkje høve til å gi for SMVF. Mange SMVF er det ikkje knytt tiltak til i
planperioden. Miljømålet for SMVF skal setjast med bakgrunn i venta samla effekt av
tiltak i planperioden. Når ingen tiltak er satt, skal miljømålet for SMVF vere lik dagens
tilstand. Det er ikkje høve til å sette «dagens tilstand» som miljømål i Vann-net.
Framlegg om å endre miljømålet på lakse- og sjøaureførande strekning
Miljødirektoratet og Fylkesmannen har kome med innspel om at utvalde
vassførekomstar i Aurlandsvassdraget, Jostedøla, Årøyelva, Vetlefjordelvi, Bøfjordelva,
Hopra, Vikja, Nærøysdalselvi, Dalselvi i Arnafjordvassdraget og Lærdalselvi kan nå god
økologisk tilstand innan 2021. Det vil seie at dei ikkje lenger skal vere sterkt
modifiserte (SMVF), men naturlege vassførekomstar. Oversikt over aktuelle
vassførekomstar er gitt i vedlegg 1. Endringsframlegget gjeld for anadrom strekning
(laks- og sjøaureførande strekning). For å nå god økologisk tilstand er det aktuelt med
m.a. vasslepp som tiltak som kjem den lakseførande strekninga til gode.
Vassregionmynda ønskjer grunngjevne kommentarar om kva som skal til for å nå god
økologisk tilstand eller godt økologisk potensiale for dei aktuelle vassførekomstane
innan 2021/2027.
Vi ber Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE om å samarbeide og
om mogleg sameinast om miljømål for dei aktuelle vassførekomstane i vedlegg 2. Det
er og høve for andre aktørar til å gje grunngjevne kommentar til miljømål for dei
aktuelle vassførekomstane. Vi ber om at tilbakemelding frå sektorstyresmaktane og ev.
andre aktørar er i samsvar med tiltaksmetoden i rettleiaren for Sterkt modifiserte
vassførekomstar når det vert grunngjeve om vassførekomstane bør ha godt økologisk
potensiale innan 2021/2027 eller god økologisk tilstand i 2021/2027.
Mindre strenge miljømål
Vassførekomstar med mindre strenge miljømål , jf. § 10 i vassforskrifta, skal ikkje ha konkrete
miljømål. Dette gjeld i utgangspunktet berre tørrlagde elvestrekningar.
Frist for å kome med tilbakemelding
Eit revidert framlegg til miljømål vart lagt fram for arbeidsutvalet 17.09.15. Arbeidsutvalet ønskjer
å gi aktuelle partar høve til å kommentere innspel om reviderte miljømål før eit framlegg til
reviderte miljømål vert lagt fram for vassregionutvalet 14. oktober. Framlegg til reviderte
miljømål på anadrom strekning går fram av vedlegg 1. Tidlegare høyringsinnspel og
kommentarar til reviderte miljømål som har kom inn til vassregionmynda før 5. oktober 2015,
vert lagt til grunn for revidert framlegg til miljømål til vassregionutvalet.
Med helsing
Svein Arne Skuggen Hoff
Merete Farstad
Side 3 av 3
fylkesdirektør
seniorrådgjevar
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Vedlegg:
Mottakar (ar)
Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM
Askvoll kommune Postboks 174 6988 ASKVOLL
Aurland kommune Vangen 1 5745 AURLAND
Balestrand kommune Kong Beles veg 20 Rådhuset 6899 BALESTRAND
Bremanger kommune Postboks 104 6723 SVELGEN
Eid kommune Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID
Fjaler kommune Postboks 54 6961 DALE I SUNNFJORD
Flora kommune Postboks 264 6900 FLORØ
Førde kommune Postboks 338 6802 FØRDE
Gaular kommune Vadheimsvegen 15 6973 SANDE I SUNNFJORD
Gloppen kommune Grandavegen 9 6823 SANDANE
Gulen kommune Eivindvikvegen 1119 5966 EIVINDVIK
Hornindal kommune Kommunehuset Smia 6761 HORNINDAL
Hyllestad kommune Kommunehuset 6957 HYLLESTAD
Høyanger kommune August Gunnarskogsgt. 1 6993 HØYANGER
Jølster kommune
6843 SKEI I JØLSTER
Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 LEIKANGER
Luster kommune Rådhuset 6868 GAUPNE
Lærdal kommune Postboks 83 6886 LÆRDAL
Naustdal kommune Postboks 43 6806 NAUSTDAL
Selje kommune
6740 SELJE
Sogndal Kommune Postboks 153 6856 SOGNDAL
Solund kommune
6924 HARDBAKKE
Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN
Vik kommune Postboks 134 6891 VIK I SOGN
Vågsøy kommune Postboks 294 6701 MÅLØY
Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4 6885 ÅRDALSTANGEN
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER
Eco Vannkraft Vassbygdi 1 5745 AURLAND
Elkem Energi Bremanger postboks 57 6721 SVELGEN
Energi Norge Postboks 7184 Majorstua 0307 OSLO
Fiskeri- og havbruksnæringsen landsforening Sandviksbodene 1E 5035 BERGEN
FNF (Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane Sognefjordvegen 40 6863 LEIKANGER
FRIFO Friluftslivets fellesorganisasjon Nedre Slottsgate 25 0157 OSLO
Hydro Postboks 114 6993 HØYANGER
Luster Energi Gaupnegrandane 6868 GAUPNE
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane Trolladalen 3 G 6856 SOGNDAL
Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane Rygg 6823 SANDANE
Norske lakseelver Postboks 9354 Grønland 0135 OSLO
Småkraftforeninga Lilleakerveien 31 0283 OSLO
Sogn og Fjordane energi v/Ragna Flatla Haugland Bukta 6823 SANDANE
Sogn og Fjordane Turlag v/ Astrid Kalstveit Pb. 10 6801 FØRDE
Sogn Villaksråd v/ Bjarne Mel
Sognekraft AS Røysavegen 1 6893 VIK I SOGN
Statkraft Gaupnegrandane 6868 GAUPNE
Sunnfjord Energi v/Olav Osvoll
Østfold Energi
6888 BORGUND
Kopi til: