Nordre - Jentekolonien

Transcription

Nordre - Jentekolonien
8 kultur
Nordre • laurdag 2. mai 2015
Hjelpte trengande i Ukraina
Skodje Lions klubb er komen heim etter ein ny tur
til Ukraina. Denne gongen var det byen Dubno
som fekk nyte godt av
overskotet til klubben.
I fleire år har Skodje Lions
klubb aktivt jobba med å hjelpe trengande i Ukraine. Nyleg
kom utsendingar frå klubben
attende til Skodje etter å ha
vore på vitjing i byen Dubno
i Ukraina. Kvart år sel Skodje
Lions klubb «Skodjekalenderen» med gamle bileter frå
Skodje. Overskotet frå salet i
år vart om lag 60.000 kroner,
heile overskotet gjekk til byen
Dubno.
Støtter dei som treng det
Hovudmålet til Lions er å hjelpe eldre og sjuke, samt å arbeide for at ungdom ikkje skal
starte med narkotika og andre
rusmidlar. Difor valde klubben i år å nytte pengane som
var samla inn på eit hospits for
døyande og aktivitetshuset for
ungdom i byen Dubno. Harald
Vågene, leiar for Skodje Lions
klubb, fortel at klubben ynskjer å hjelpe både trengande
og næringsliv i Ukraina.
– Ved at vi sjølve reiser ned
og kjøper den hjelpa dei treng i
lokale butikkar, støtter vi både
dei som treng hjelp og det lokale næringsliv. Det siste året
har kursen på lokal valuta gått
sterkt ned på grunn av Russland sin invasjon i landet, og vi
får sjølvsagt då endå meir for
pengane. Dette fører også til
enno meir naud og fattigdom i
landet, seier Vågene.
God mat og ny vaskemaskin
Denne gongen har klubben
støtta dei sjuke på «Hospits for
døyande» med midlar til ekstra god mat ein gong i mellom,
i tillegg til at dei fekk kjøpe ei
vaskemaskin til hospitset. Den
gamle maskina hadde brote saman og utan maskin til vask av
sengetøy og klede, var det ikkje
så enkelt for dei tilsette.
– Vi var der i august i fjor,
MARKISER
PERSIENNER
SCREEN • GARASJEPORTER
VÅRkupp!
utvalgte produkter
–15-35%
Kjetil Gammelsæter tlf: 913 01 210
eller ring sentralbordet tlf: 911 50 200
www.fasadeprodukter.no
byggestart Ungdommar frå House of youths hjelper til med å byggje den nye sportsparken. Foto: Galina Kovalchuk
då gav vi 17 rom varmt og kaldt
vatten og ein vask på kvart
rom. Prisen vart 10 til 11.000
kroner. Ein får mykje for pengane i Ukraina. Vi har sett at alt
er montert, så vi ser at alt kjem
dit det skal. I år ynskja vi å gi
ekstra god og næringsrik mat
til dei 35 bebuarane. Vi løyvde
pengar, så vi kjøpte ei ny vaskemaskin. Dei vart utruleg glade. Vaskemaskina er kjøpt og
kome på plass, fortel Vågene.
Sportspark for leik og sport
For ungdommen i byen hadde
klubben valt å satse på ting
som vil auke sportsaktiviteten
i byen. Aktivitetshuset fekk
sportsutstyr til ei gruppe på 12
unge, soveposar, telt, ryggsekker, kompass og liknande. I
august i fjor støtta Lions aktivitetshuset med 10 nye datamaskiner. Dei har 80 forskjellige
ungdomsgrupper på huset. Alt
er frivillig, og gratis for familiar. Det er i hovudsak fattige
familiar som er innom.
– Dei har mange aktivitetar,
men dei har ikkje pengar til å
utvikle seg. I år valde vi å støtte
alle ungdomane i byen ved å
lage ein sportspark. Den er under arbeid og vil stå ferdig til 1.
Juni. Då er det «barnas dag» i
byen. Det blir to baner rett ved
sia av kvarandre. Prisen vart
50 til 60.000 kroner, vi hadde
ikkje nok pengar i år. Men firmaet som bygger forskotterer
sportspark Egil Grindvik
og aktivitetslærer Galina Kovalchuk
testar ein park i byen Rivne. Parken
er lik den som skal byggast i byen
Dobno. Foto: Harald Vågene
25 % og vi betaler resten neste
år. Kommunen har allereie
rydda området og lagt til rette
med straum og anna. Arbeidet
med sjølve klatrelinene er allereie i gong og vil vere ferdig til
1. juni når byen feira «Barnas
dag», fortel Vågene, og legg til
at klubben ynskjer å tekke alle
som har støtta arbeidet ved å
kjøpe kalenderen og elles på
ulike måtar.
Kristoffer Antonsen
[email protected]
sportspark Egil Grindvik og aktivitetslærer Galina Kovalchuk testar ein park i byen Rivne. Parken er lik den som skal
byggast i byen Dobno. Foto: Harald Vågene