Gratis - Ryfylke
Transcription
Gratis - Ryfylke
Påskeavis Gratis 2015 2 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Påskehilsen fra ordfører Velkommen til påskeferie i vår lille, koselige by. I Sauda har vi alt; friluftsliv, fjell, fjord, handel, byliv, kaféliv og publiv med mer. I år har vi rikelig med snø i fjellet og dalene våre. I Sauda kan du velge om du vil gå i fjellet i velpreparerte løyper, renne ned dalsider på puddersnø eller velge vårt flotte, godt preparerte skianlegg i Svandalen. Uansett får du en fin ferie. Gjør deg kjent med løypene i dalførene, kart får du i butikkene og hos Sauda Ferie & Fritid. Der kan de anbefale akkurat den løypen som passer for deg og dine, lett eller krevende. Meld deg gjerne på det tradisjonsrike Fjellrennet langfredag. Rennet går gjennom fem flotte daler og er 22 kilometer langt. Start ved Jeskedalsbrua i Åbødalen, mål i Herheimsdalen. Hvis du ikke liker ski kan du gjerne ta en times bratt gåtur opp til vår populære Rondehauen, 480 moh. Her kan du sitte på benken og nyte niste, sol og den flotte utsikten utover hele byen og fjorden. Påsken i Sauda har tradisjonelt vært et reisemål for svært mange båtturister. I båthavna kan du slappe av og kose deg, de fleste fasiliteter finnes. Nytt i år er at båtforeningen også har etablert bobiloppstillingsplasser med alle fasiliteter. Her holder båtforeningen vakt over båter og bobiler og gir deg trygghet. Båthavna er i umiddelbar nærhet av sentrum med alle dets tilbud, både dag og kveld. Butikker, svømmebasseng, kino, kafé, restauranter, torg og uteliv. I Saudahallen kan du bade og leke deg i vårt flotte innendørsbasseng. Her vil både du og ungene garantert trives. Du kan også velge å besøke et av våre museer eller gå på vår fulldigitaliserte, moderne kino. Hvis ingenting av dette frister kan du velge å finne på noe helt annet, eller bare være på hytta og slappe av og ikke gjøre noen verdens ting. Jeg håper på strålende påskesol og vil gjerne ønske dere alle noen fine, avslappende fridager i Sauda. Gå gjerne inn på www.saudaferie.no og www.sauda.kommune.no for å bli enda bedre kjent med oss. Skriv gjerne en påskehilsen om dine opplevelser i Sauda på våre nye Facebook-sider. NB! Husk fjellvettreglene. God påske! Hilsen ordfører Frode Sulen Sauda kommunale kino Renovasjon påska 2015 NORGESPREMIERE! ASTERIX: BYPLANLEGGEREN Alle , 85 min. Fre 27/3 kl. 16.00 – 3D Lør 28/3 kl. 13.00 – 2D Man 6/4 kl. 18.45 – 2D Ope 30. og 31. mars iht. tømmekalendar. Stengt frå kl. 11.00 1. april. Annie Alle, 118 min. Fre 27/3 kl. 17.45 Søn 29/3 kl. 16.00 Fre 3/4 kl. 16.30 Man 6/4 kl. 16.30 Into the Woods 11 år, 125 min. Fre 27/3 kl. 20.15 Søn 29/3 kl. 18.45 Forskyvne henteruter pga. påske – sjå tømmekalendar. Alle, egnet U/V, 122 min. Søn 29/3 kl. 20.45 Fre 3/4 kl. 18.45 Alle, 93 min. Ons 1/4 kl. 16.30 - 3D Alle, 105 min. Ons 1/4 kl. 18.30 Fast & Furious 7 11 år, 140 min. Ons 1/4 kl. 21.00 Fre 3/4 kl. 21.15 Man 6/4 kl. 20.30 Symjehallen opningstider i påska 2015, veke 14 Familiebading: Mån. t.o.m. fre. Påskeaftan kl. 16.00 – 20.00. kl. 13.00 – 17.00. morgonbading: mån. & ons. kl. 07.00 – 08.00. Saudahallen held stengt 1. og 2. påskedag. ikkje sol ute? vi har solarier! Ryfylkebib lioteket Kom og besøk Ryfylkebiblioteket Sauda. opningstider i påska Palmelaurdag 28. mars Måndag 30. mars Tysdag 31. mars Onsdag 01. april kl. 10.00 – 14.00 kl. 10.00 – 18.00 kl. 10.00 – 18.00 kl. 10.00 – 15.00 Påskeaftan stengt Vi kan by på aviser, vekeblad, bøker, dvd, digibøker, lydbøker, spel, 2 playstation, 5 PCar med internettilgang og trådlaust nettverk for dei som ønsker det. Påskeavis I påskehøgtida aukar folketalet i Sauda kraftig. Fredag 27. mars 2015 3 Påskedestinasjonen Sauda Arvid Horpestad [email protected] OPTIMIST: Ved Sauda Fjordhotell melder hotellsjef Caroline Hustoft om godt belegg i siste del av påskehøgtida. Til liks med sine kollegaer i bransjen har óg ho stor tru på at Nasjonal turistveg-satsinga i Allmannajuvet skal gi positive ringverknadar for sommar-Sauda. PLASS TIL FLEIRE: Innehavar av Kløver Hotel, Jan Nordbø, har framleis ledige rom å tilby for dei som ønsker å ta ein spontantur til påske-Sauda når finvêret vonleg slår til. PÅSKEKLAR: Aud Hege J. Hebnes ser fram til å ønska hyttegjester og bubilgjester velkommen til påske på Sauda Fjord Camping. Kort avstand frå fjord til fjell. Milevis med langrennsløyper i forskjellige dalar. Eit velutbygd alpinanlegg. Ei båthamn med tradisjon for å ta imot påskegjester som kjem på eigen kjøl. Sauda har i hundre år trekt til seg påskeferierande. I tillegg kjem dei mange studentane og utflyttarane som nyttar høvet til å ta ein tur heim att for å helsa på familie og venner. Ved årsskiftet hadde vår vesle fjordbygd 4 760 innbyggarar. Det er óg i år all grunn til å rekna med at folketalet bortimot vil dobla seg i påskehøgtida som står for døra. Folk vil finna tak over hovudet i eigen fritidsbustad, i bubil, i båt (mange karakteriserer båthamna som Saudas største «hotell» i denne tida), hos slekt og venner – og på hotell og campingplass. Korleis har så bestillingane i år vore for dei sistnemnde, og kor viktig er påskeomsetnaden for dei? Ryfylke har teke ein spørrerunde. Fullt siste del Sauda Fjord Camping i Saudasjøen har 18 hytter, 100 bubil/caravanplassar og eit sportell med 20 rom. Eigar Aud Hege J. Hebnes fortel om nokre ledige hytter første delen av påskehøgtida, så sjansen er der om det etterlengta finvêret innfinn seg og folk bestemmer seg for å setta kursen mot Sauda. Siste delen, frå onsdag, er hyttene vekkbestilte. – Men me har litt ledig plass på sportellet, peikar Hebnes på. Bestillingane frå bubilfolket har ho óg sjølvsagt notert med glede. Når ein er mobil påskeferierande på eigne fire hjul står ein naturlegvis fritt til å legga opp sin eigen ferieplan, så Aud Hege J. Hebnes veit av erfaring at om finvêret slår inn rullar bubilane inn på campingplassen. Stor tru på turistveg Påska og vintersesongen er, presiserer Aud Hege J. Hebnes, naturlegvis viktig for Sauda Fjord Camping. – Dei to siste åra har det faktisk vore endå betre om sommaren, opplyser ho. Ho synest svært godt om at turistane meir og meir får augo opp for fjord- og fjell-kvalitetane sommar-Sauda har å by på. – Og så har det sikkert litt med Nasjonal turistveg å gjera, legg ho til om bakgrunnen for sommarveksten. Nasjonal turistveg og anlegget som er under fullføring i Allmannajuvet er noko Aud Hege J. Hebnes har stor tru på vil gi positive ringverknadar for overnattingsbedrifter og lokalsamfunn. – Eg ser fram til opninga i Allmannajuvet, konstaterer ho. Kjem sola, kjem gjestene Hos Kløver Hotel har innehavar Jan Nordbø framleis ledige rom for dei som vil ta ein spontantur til påske-Sauda. – Det er litt roleg med bestillingar så langt. Litt nedgang frå i fjor, men slik er tida i heile bransjen. I Stavanger, til dømes, er det ein nedgang på 30 prosent, seier han. Med rundt halvt belegg vekkbestilt per tysdag i denne veka, er Jan Nordbø klar til å ønska endå fleire gjester til hotellet og til Sauda. – Det er berre å få folk inn hit, oppmodar han. Men også han veit av erfaring at påskeSauda er avhengig av fint vêr. – Når det vert meldt fint vêr kjem telefonane både før og etter påska, fortel han. Gullgjev veg – Utsiktene for sommarsesongen er som normalt, opplyser hotelleigaren. – Det gjeld å reklamera endå meir for å trekka turistar til Sauda, ivrar han. I så måte framhevar også han turistveganlegget som er under bygging i Allmannajuvet som viktig for sommar-Sauda. – Eg ser verkeleg fram til at anlegget i Allmannajuvet opnar. For oss i overnattings- og serveringsbransjen er det gull verdt, framhevar Jan Nordbø. Han ser vidare med glede på at arbeida med det nye utebadeanlegget ved Saudahallen pågår for fullt. – Og så har me eit flott sentrum. Sauda har mykje å by på, konkluderer han. I vekst Hos ærverdige Sauda Fjordhotell har hotellsjef Caroline Hustoft mest fullt i aprildagane av årets påskehøgtid og halvfullt den første delen av høgtida. Til liks med sine kollegaer i bransjen håpar óg ho på sol og skyfri himmel den komande helga og veka, og at det vil lokka endå fleire til å ta turen til Sauda – og fjordhotellet. – Og så skal me ha ein kveld i komande veke med orkester og torettars middag, det vert triveleg, lokkar ho. – Ja, det går oppover, det gjer det. Vidare får me gode tilbakemeldingar om sundagsbuffeen vår som samlar godt med folk, er ho elles glad for å kunna fortella om drifta av hotellet. Turistbussar i vente – Sommaren ser óg bra ut, framhevar ho. Caroline Hustoft fortel at fleire utanlandske turistbussar alt nå har plotta inn Sauda Fjordhotell på sommarens reiserute. – Veldig gildt at gjester frå både Norge og utlandet besøker Sauda, strekar ho under, også ho med stor tru på at Nasjonal turistveg-satsinga i Allmannajuvet vil verta ei framtidig turist-trekkplaster. 4 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Barcelona - konfliktar under overflata Mange reiser dit på storbyferie. Få kjenner dei mange laga av konfliktar. Barcelona er eit ynda feriemål, kjend for sangria og tapas, La Rambla, flott arkitektur og dyre merkebutikkar. Men det ligg mykje under overflata i denne byen som nordeuropearar på langhelg ikkje merkar noko til. Millionby I det nordvestlege hjørnet av Spania, ikkje langt frå den franske grensa, strekker Barcelona seg ut mellom grøne bakkar og blått hav. Ein by dominert av pastellgule og rosa tonar, med Antoni Gaudí sine surrealistiske, kantlause byggverk plassert rundt i sentrumsområdet. 1,6 millionar menneske bruker kvardagen sin innanfor byens grenser, og dette talet stig til 4,5 millionar om ein tel med forstadsområda. Turistmagnet Det er mykje som lokkar utlendingar på besøk - blant anna godvêret, lokal matkultur og avslappa stemning. I tillegg er den koselege hovudgata La Rambla ofte tjukk med turistar som vil kjøpe flamencodansande suvenirar og kopivarevesker. Den store trafikkåra gjennom byen, Passeig de Grácia, har skinande butikkvindauge med designprodukt til utstilling, som gjerne kostar mangedobla månadsløner for ein spanjol. Men gjer ein som dei lokale og bruker ein sykkel eller metro til å kome seg vekk frå turiststraumen i sentrum, oppdagar ein fort ei anna side av hovudstaden i Catalonia. spreidde seg til alle delar av samfunnet. Ein stat med enorm gjeld har ikkje pengar til noko, og når denne staten óg har problem med korrupsjon og elitær kontroll i politikken, er det lite å hente for folket. Harde kår Bestemødre som vert sett på gata når dei ikkje kan betale leiga, barn som går svoltne til sengs og par som ikkje vågar få born i frykt for at dei ikkje kan forsørge dei, har vorte ein stygg del av kvardagslivet i eit av Europas største land. Dette er ein realitet som ligg langt frå det vesle rykket som kjentest i norsk økonomi etter krakket. Det som har vore mest på den internasjonale dagsordenen frå Spania etter krisa er den enorme arbeidsløysa. Vonlaust for unge Halvparten av alle unge i Spania har ikkje jobb. Kvar annan. Og ofte unge akademikarar med ei fersk universitetsutdanning bak seg. I løpet av få år har dei som skulle skape framtida for landet, mista si eiga. Unge frå Spania - og mange andre søreuropeiske land - flyktar frå vonløysa i heimlandet for å søke jobb og eit betre liv i andre land. Dette er ein vond sirkel: såkalla “hjerneflukt”, der eit land mistar ressursar og viktig arbeidskraft frå høgtutdanna personar, gjer berre utsiktene for Spania endå dystrare. Kontrast På veg gjennom Barcelona går omgivnadane raskt frå blanke kontorbygg og staselege bygg med travle forretningsfolk i dress, til områda der “vanlege” folk forsøker å få endane til å møtast i kvardagen. Slitte bygg med små altanar fulle av potteplantar, syklar, kledestativ og plastposar ligg tett i tett oppover bakkedraga som stig opp frå havet. Og frå svært mange av desse altanane og vindauga heng eit stykke stoff med ein ljomande bodskap; gule og raude striper, ein blå trekant med ei kvit stjerne i øverst - “Estelada”, det catalanske flagget. PROTESTSTJERNE: På kvar einaste blokk i byen heng det minst eitt “estelada”-flagg: eit tydeleg signal om at nasjonalistar i Catalonia ikkje vil underlegge seg den spanske staten. Om lag 1,8 millionar catalonarar stemte i november for sjølvstende. Eit land i krise Som kontrast til den blankpolerte overflata i dei største turistgatene har Barcelona, nett som resten av Spania og mange andre land i euro-sona, lidd mykje sidan verdsøkonomien krakka. I 2008 sprakk den spanske bygge- og investeringsbobla, og økonomien kollapsa. Velferdstiltak som vart innført i åra opp til krisa - barnetrygd, utdanningsstøtte, pensjonsauke, medisintilskot - vart fjerna igjen, samstundes med at mengder av spanjolar mista arbeidet, hovudsakleg i byggebransjen. Effekten Interne konfliktar Sjølv om Spania har vore samla under éin konge sidan 1714 - nokre tel frå 1492 har landet ikkje gjennomgått den same “nasjonaliseringa” som ein ser i mange andre land. Heile 17 regionar utgjer den store staten i sør-Europa, og fleire av regionane har óg sitt eige språk og distinkte kultur. Catalonia er ein av desse, og når innbyggarane i hovudstaden Barcelona henger ut det stjernemerka banneret er det meir enn til pynt; det er ein stille protest mot den sentrale regjeringsmakta i Madrid. FØREBUING TIL SESONGEN: Etter krisa har regjeringa kutta og kutta i velferdstilbod. Utbygging for turistar er det einaste som ikkje vert spart vekk - det er dette som reddar økonomien. Undertrykte kulturar Galicia, Catalonia og Basker- land er tre av dei spanske regionane som har fått høg grad av politisk fridom og kan til ei viss grad styre seg utan vidare innblanding frå Madrid. Opp gjennom historia har dei lokale språka og kulturane tidvist vore undertrykte, og noko av sjølvstendekampen kjem frå den kulturelle diskri- POPULÆR: Dei siste åra har i reiser sørover for å nyte god mineringa. Mange av dei dei politiske problema som eldre spanske borgarane med eit anna morsmål enn kastiliansk (det me kjenner som spansk), har opplevd forbod mot å bruke deira eige språk. Etter at den økonomiske gjeldskrisa råka verda i 2008 gjekk spørsmålet frå å vere mest kulturelt og sosialt til óg å vere økonomisk. Betaler prisen Catalonia er den rikaste regionen i Spania. Så når krisa tvingar den jamne spanjolen til å strame beltet mange hakk, synest mange catalonarar det er urettferdig at dei må betale så stor del av prisen for uklok økonomisk politikk frå den spanske regjeringa i åra før 2008. Dei tragiske konsekvensane av ein kollapsa statsøkonomi er óg å sjå i Barcelona, men dei er tydelegare i resten av Spania, og Catalonia vil ikkje betale for dette. Samstundes lukkar den spanske regjeringa demonstrativt auge og øyre for protestane. Protest og motstand All protest i Barcelona er ikkje stille som flagga frå verandaene. Sidan krisa starta i 2008 har spanjolane ofte vore på gata i frustrasjon og desperasjon over politikarane, det korrupte systemet og dei to store partia som har dominert heilt sidan demokratiet vart gjeninnført etter diktator Francisco Franco sin død i 1975. Catalonia er ikkje noko unntak. Hausten 2014 forsøkte den catalanske regjeringa å arrangere folkeavstemming om regionen skulle verte sjølvstendig. Regjeringa i Madrid har store interesser i å forhindre dette; mykje av Spanias økonomi kjem frå det nordvestlege hjørnet, og viss éin region får sjølvstende, går det nok ikkje lenge før andre forsøker seg. Flest for Folkeavstemminga vart erklært ugyldig - til og med grunnlovsstridig - av den spanske regjeringa, men regjeringa i Catalonia gav seg ikkje. Det enda med ei “uformell” avstemming i november for å sjå kva folk meinte om relasjonen til Spania. Over to millionar møtte likevel opp og stemte, og av desse stemte 80,76 prosent ja både til at Catalonia skal vere ein stat, og at denne staten skal vere sjølvstendig. Ettersom avstemminga ikkje vart godkjend som offisiell, kan ein rekne med at dei som valde å stemme var dei som verkeleg gjekk inn for sjølvstende. Likevel er det interessant at ein tredel av folket tok seg bryet å markere haldninga si, sjølv om det ikkje hadde nokon direkte politisk verdi. I september er KULTURBY: Ved det lokalvalg, og om koalisjonen av problem og ve catalonske nasjonalistparti får fleirtal, stnaren Antoni spår mange at regionen står overfor dimensjonar. Påskeavis Fredag 27. mars 2015 interessa for Barcelona som feriemål eksplodert, og mange da i Spania. Flott beliggenhet kan likevel ikkje vege opp for ulmar i bakgatene. ei sjølverklært autonom framtid. Meir enn fotball Så når det står “Més que un club” på drakta til fotballaget FC Barcelona, ligg det meir i det enn utanlandske supportarar trur. Her i nord tenker me gjerne “meir enn ein fotballklubb - det er ein pasjon” og liknande store lovord om idretten. I Spania er det verkeleg meir enn berre ein fotballklubb det handlar om; der er det politikk. Når FC Barcelona møter erkerivalen Real Madrid i storkampen El Clásico, handlar det ikkje berre om å vinne fotballkampen. Med FC Barcelona som symbol på catalansk kultur og språk, er kvart einaste poeng vunne over laget frå den spanske hovudstaden ein liten politisk siger som viser at Catalonia ikkje overgir seg til det sentrale Spania. Under overflata Når ein går på strandpromenaden langs overprisa turistrestaurantar og nyt solsteiken, er det lite som tyder på alle konfliktane som bruser under den velstelte overflata. Men om ein får høve til å oppsøke ein lokal café, gå ein tur i bydelane i utkanten av byen og prate med lokale, vil ein få eit innblikk i dei kompliserte spenningane som trugar det etablerte systemet: konflikten mellom Spania og regionane, konflikten mellom folket og den politiske eliten og konflikten mellom Spania og EU som pressar på for å sikre euroen si overleving. I tillegg lærer ein meir om eit fascinerande land enn prisane på paella og lokal vin - og kunnskap er nøkkelen til forståing når ein lever i eit stadig meir globalisert samfunn. Helsingar frå Julie Arnfred Bojesen d eit nærstudie er Barcelona ein interessant miks av politiske erdskultur. Parc Güell, designa av den surrealistiske kunGaudí, fortryllar turistar med fargar og former av uverkelege Til Ryfylke Rådhusgata 1 4200 Sauda Norge 5 6 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Velkommen til påskekos i sentrum Foto: Bente Rasmussen Barne Program Nilsemann Mr. Podsoll Mandag 30. mars: Kl. 09.00 – 19.00 Kl. 12.00 – 17.00 Kl. 16.00 – 19.00 Butikkene byr på hyggelig påskehandel Telt på Rådhusplassen m/servering og god stemning Barnedisko og aktiviteter i teltet. GRATIS INNGANG Tirsdag 31. mars: Kl. 09.00 – 19.00 Kl. 12.00 – 22.00 Kl. 17.00 Kl. 18.00 – 22.00 Kl. 22.00 Butikkene byr på hyggelig påskehandel Telt på Rådhusplassen m/servering og god stemning Påskequiz i teltet Allsang og afterski-stemning m/Nilsemann i teltet Mr. Podsoll spiller på Kløver PÅSKEQUIZ Mer påskeinfo: Les dagens Ryfylke. ÅPNINGSTIDER Fullbooket Du er hjertelig velkommen til å være publikum. Her blir det servering, allsang og afterski-stemning. Mandag 30/3 Tirsdag 31/3 Onsdag 1/4 Påskeaften 4/4 Sentrum Coop Marked Kiwi og Coop Extra 09.00 - 19.00 09.00 - 19.00 09.00 - 17.00 09.00 - 15.00 09.00 - 18.00 09.00 - 18.00 09.00 - 17.00 09.00 - 15.00 08.00 - 22.00 08.00 - 22.00 08.00 - 22.00 08.00 - 16.00 Forbehold om enkelte ulike åpningstider I SAUDA SENTRUM KAN DU OGSÅ KOSE DEG MED BL.A. DETTE: • Klesbutikker • Sko • Bakeri • Sport • Elektro • Apotek • Kafeer • Restauranter • Frisører • Velvære/pleie • Leker • Helsekost • Dagligvare • Optiker • Overnatting • Vinmonopol • Byggevarer • Bokhandel • Møbler • Foto • Interiør • Konditori • Blomster • Kjøkken • Gatekjøkken Påskeavis 7 Fredag 27. mars 2015 Butikken er full av flotte vårvarer. Velkommen! Tara skishop Sauda Skisenter BALUBA ÷50% Tara-teltet er fylt opp med varer fra Åpningstider: Mandag - onsdag Torsdag Fredag Lørdag 09.00 09.00 09.00 10.00 – – – – 17.00 18.00 17.00 15.00 Åpent hver dag i påsken. GAVE KORT Sauda Handelsforening Designsolbriller T GAVEKOR Klokker g renin Sauda Handelsfo • Møbler til hus og hytte • Dyner • Puter • Interiør Briller/linser Klokker fra bl.a. Hagemøbler og vårens trender er på plass i butikken HUSK! Stor garnavdeling Fagmøbler Sauda Skulegata 6, Sauda, telefon 52 78 39 77 Tlf. 52 78 32 25 Åpent: mandag - onsdag + fredag 09.00 - 16.00, torsdag 09.00 - 18.00, lørdag 10.00 - 15.00 www.fagmobler.no 8 Fredag 27. mars 2015 Påskeavis KAN SITT FAG: Sterke resultat i nasjonale og internasjonale renn gjorde sitt til at Jorunn Øye Rossebø mellom anna var aktuell for å gå verdscuprenn i langrenn i 2007. Sjølv om ho aldri tok det berømte siste steget har ho bevart interessa for og gleda over å kunna gå på ski. Ei interesse ho gjerne vil at fleire skal få glede av. r o f k k i n k e t i Sk s e i m m du Tore Bastlien Dahl [email protected] Tidlegare toppløpar Jorunn Øye Rossebø viser deg korleis du går frå å vera eit fjolls til fjells til å bli helten i løypa. Påskeavis D et blir hevda at nordmenn er født med ski på beina. Likevel, ikkje alle blei født med desse treplankane festa til kroppen. Berre spør nokre av dei som arbeider i Ryfylke sin redaksjon. Medan nokre har medaljar frå krinsmeisterskap i langrenn, vel andre å utbasunera sitt hat mot snø og si frykt for det å gå på ski. Ja, enkelte har faktisk problem med å ferdast på ski sjølv på flataste marka. Men frykt ikkje. I samarbeid med Jorunn Øye Rossebø har Ryfylke laga ei lita innføring i grunnleggande skiferdigheiter for dei som måtte trenga det. Dermed skulle årets påske vera redda for dei fleste. E in føresetnad for å kunna finna glede i naturopplevingane og mosjonen langrenn og skiturar generelt kan gi, er sjølvsagt å gå til innkjøp av eit par ski, med tilhøyrande skisko og stavar. Kva ski som passar nett deg vil variera, men om ein har tankar om å gå i oppkøyrde spor må ein sjå til at skia ikkje er for breie. – Du må sjølvsagt kjøpa deg eit skipar som er berekna for deg. Lengd og spenn i skia varierer, men ein tommelfingerregel er at ei klassisk-ski skal vera omlag 20 centimeter lengre enn høgda til personen. Toppen av stavane skal vera i høgd med armhola di, forklarar Øye Rossebø, som minnar om at dei fleste sportsforretningar har dyktige seljarar som finn rett utstyr til kvar enkelt. – Og så må ein hugsa på at dyrt ikkje alltid er best. Ein må finna det nivået som passar kvar enkelt både når det gjeld ferdigheitnivå og kor ofte ein skal bruka skia, framhevar ho. F ør me går nærare inn på dei konkrete tipsa for å bli betre på ski er det naturleg å spørja saudakvinna, som på byrjinga av 2000-talet var mellom skiløparane som til tider pusta dei norske landslagsutøvarane i nakken, om kva som er så bra med å gå på ski. – Først og fremst er det jo veldig bra for kroppen. Det er ei treningsform som ikkje utset kroppen for unødig belastning i form av slag og støyt, svarar Jorunn Øye Rossebø, raskt og kontant. – Dessutan er det ei flott mulegheit for å komma seg ut og oppleva naturen, i staden for å sitta inne og ergra seg over all den kvite massen, supplerer ho. O m ein er lite van med å gå på ski anbefalar ho folk å oppsøka oppkøyrde løyper i slakt terreng i byrjinga. Dette for at utfordringa ikkje skal bli for stor. – Ein må ha ei realistisk tilnærming til sitt eige nivå før ein byrjar å gå på ski. Det er ingen vits i å gå birkebeinaren eller springa til høgaste nuten med ein gong. I starten handlar det om å finna følelsen, balansen, på skia. Og ein må sjølvsagt øva. Øving gjer meister, peikar den tidlegare toppløparen på. N år ein så har fått på seg ski og stavar og funne balansen handlar det om å bruka kroppen for å skapa fart på skia. Ein bruker vekselvis høgre arm, venstre fot og venstre arm og høgre fot, såkalla diagonalgang. Når høgre bein sparkar frå, skyv ein frå med venstre stav, samstundes som høgre stav førast fram til nytt tak. Det same gjeld for venstre bein. Her er det viktig å finna ein god rytme og gli på skia for å få flyt i framdrifta. Eit godt tips her er, ifølge Øye Rossebø, å gå på skia som ein skulle ha gått på beina. – Fram med hofteleddet, opp med overkroppen, litt knekk i knea og tyngdepunktet skal vera over tåballane. Då kjem ein over skia, som me seier på fagspråket, og det blir lettare å halda balansen både bortover og ikkje minst nedover, forklarer saudakvinna, – Ein typisk feil er at mange blir redde og stivnar i kroppen, då aukar faren for at ein mistar balansen, utdjupar ho. Fredag 27. mars 2015 9 BALANSETRENING: Å trena utan stavar kan vera ein god måte for å bli betre på ski. Om ein gjer øvinga rett vil ein kjenna korleis tyngdeoverføringa påverkar fråsparket og framdrifta på skia. Dessutan er det god balansetrening. E in annan ting som er viktig både for balanse, feste på skia og farten ein oppnår, er tyngdeoverføring. Dette er alfa og omega for dei vidarekomande innan sporten. Jorunn Øye Rossebø fortel at ho ofte ser folk som hamnar med tyngda midt mellom skia, då blir både fråspark og feste dårlegare enn om ein får tyngda over på skia ein sparkar frå med. Særleg gjeld dette i motbakkar der ein må få fram skia og vera rett i overkroppen dersom ein skal få godt feste. – Poenget med festesona (smøresona, red.merk.) er at denne skal trykkast ned mot underlaget i fråsparket og såleis sørga for at skia festar seg og ikkje berre glir rett bak når ein sparkar frå. Då eg trente aktivt hugsar eg at trenaren min fortalde meg at eg måtte gå som om det var hoftene som var beina mine. Ved å bruka hoftepartiet aktivt, og rett og slett vrikka litt på rumpa, vil ein få mykje meir ut av kvart fråspark, framhevar ho. UTVIKLING: Langrennssporten har utvikla seg mykje opp gjennom åra. Staketeknikken er eit godt døme på dette. Medan ein tidlegare strekte armane ut i full lengd og bøygde seg ned mot skituppane for å skapa kraft, har ein i dag stavane mykje meir inn mot sjølve overkroppen og ein bruker raske, korte bevegelsar for å skapa mest muleg fart. S jølv på flataste marka, der ein bruker staketeknikk for å ta seg fram, kan mange ha mykje å henta på å bruka rett teknikk. – Eg ser mange som overdriv bevegelsane veldig i staking. Dei hiv seg framover og bøyer seg mest ned i snøen i iveren etter å skapa fart. Faktum er at dette ikkje er den mest optimale teknikken, forklarer ho. Den tidlegare toppløparen fortel at dei beste langrennsløparane i dag bruker mykje kortare, men kjappare stavtak når dei skal nå høg fart i staketeknikken. – Dei set stavane i bakken omlag 30 centimeter frå brystkassen. Dette gjer at ein skaper mykje meir kraft og ein får brukt mykje meir av overkroppen og kjernemuskulaturen enn tidlegare, utdjupar Øye Rossebø. Ho samanliknar dei to teknikkane med det å bera handleposar etter armane. Dersom du held posane langt framføre deg blir du raskt sliten, du skaper lite kraft. Men dersom du held dei nærare kroppen vil du skapa meir kraft og kunna halda dei lenger. M ed desse tipsa i bakhand skulle det med andre ord ikkje finnast nokre unnskuldingar for å ikkje koma seg ut på ski i påska. Uansett, det viktigaste når ein går på ski er, ifølge Jorunn Øye Rossebø, at ein har det kjekt og kjem opp av sofaen. – Skigåing er som med andre idret- tar, du finn ditt nivå. Ein treng ikkje å rasa rundt i løypenettet med 200 i puls. Gå deg ein tur som du synest er passe og ta med deg litt godt i sekken, så er det bare å setta seg i solveggen og nyta turen, oppmodar Jorunn Øye Rossebø. 10 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 God påske! Kontakt oss for blant annet: Til alle som ferdes i Saudefaldene sitt reguleringsområde: På grunn av tapping fra våre magasin og varierende vasstand er det stor fare for usikker is, spesielt langs land og ved innløp og utløp av magasina. Husk at snøen kan skjule store sprekker, groper og rasfarlige isblokker. Kraftliner: Dersom det er mye snø kan det være liten avstand til strømførende kraftliner. Det er viktig å holde avstand. Se nettportalen www.varsom.no for mer informasjon om usikker is og andre farar ved ferdsel i naturen. – Ferdigbetong gjerne levert med pumpe – Grus og jord til gårdsplass og plen – Betongarbeider murer, trapper, fundament – Graving og sprengning til veier og tomter ADVARSEL Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no OBS! Det er tynn og snødekt is på regulerte vann. Holmavatnet har spesielt dårlig is på grunn av tidlig tapping av magasinet. GOD TUR! LEILIGHET? HYTTE? HUS? TOMT? Ny hytte i Sauda? Kontakt Hellvik Hus Sauda har ALT! Tlf. 52 78 59 20 - [email protected] www.ryfylkebygg.no Møt oss på Gamle Torgplassen mandag og tirsdag i påsken. Hellvik Hus Sauda v/Ivar Johannes Handeland, telefon 479 06 276, hellvikhus.no Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Joggesko til jr. Påsken på Sjøen 12 199,- Fra (Sauda Fjord Camping) Fredag 27/03: Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen Ady’s Trio Band - Live music Joggesko til sr. Lørdag 28/03 Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen Ady’s Trio Band - Live music Fra Tirsdag 31/03 - PIZZA-buffet Kl. 14.00 – 18.00. (125,- voksne, 65,- barn) 299,- Swix alpinhanske Onsdag 01/04 - KOMLEMIDDAG Kl. 14.00 – 18.00. (125,- voksne, 85,- barn) Nå Torsdag 02/04 – FILIPINO-buffet Kl. 14.00 – 18.00. (215,- voksne, 115,- barn) 399,før 699,- Adidas joggesko Fredag 03/04 - TACO-buffet Kl. 14.00 – 18.00. (165,- voksne, 90,- barn) Nå Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen Ady’s Trio Band - Live music Lørdag 04/04 Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen Ady’s Trio Band - Live music 599,- Head alpinski m/binding sr. Mandag 06/04 – GRILL-buffet Kl. 14.00 – 18.00. (215,- voksne, 115,- barn) 999,- Nå Alpinpakker Freia Fra sjokoladedrikk Saudasjøen 11 -30% Utvalgte Sætre kjeks 1499,- Diamant 24" 1999,- Diamant 26" -30% Maarud chips Cola og Fanta 1,5 ltr. 2 for 35,- 2 for 50,- Håper du stikker innom Nå 3999,før 6999,- r en vellykket Vi har det meste fo ifeller, påsketur. Husk sk universalbriller, gamasjer og noe. klister for å nevne på God påske fra oss G-Sport Sauda. T GAVEKOR forening Sauda Handels G-sport Sauda Tlf. 52 78 23 92 Brugata 12 Fredag 27. mars 2015 Påskeavis enkel turmat fylte lefser Foto: Bente Rasmussen ingrediensar 1. Tortillalefser Tine krydderost, chili og lime Hjertesalat Prior kyllingpålegg (grill) Paprika Vårløk 2. Tortillalefser Philadelphia smøreost, kvitløk og urter Spekeskinke Ruccolasalat Rødløk (kan sløyfast) Linne og Otilie´s pizzaboller Smør lefsene med smøreost. Legg på salat, pålegg, løk og paprika. Rull saman lefsa og del ho opp i fine, små bitar. Fest med tannpirkar (hugs, utan fluor). 2,5 dl vatn 2,5 dl mjølk (kan byttast ut med vatn) 6 dl kveitemjøl 2 dl byggmjøl (kan byttast ut med kveitemjøl eller annan mjølsort) 4 dl fibra fullkornskveitemjøl 2 ss kokosolje (kan byttast ut med olivenolje) 1 ts salt 1 pose tørrgjær Du kan sjølv velge kva du ønsker å fylle lefsene med, men ein god, smaksrik kremost i botnen er å anbefale. Du vel det du har av ingrediensar i kjøleskapet. Eit godt alternativ til pålegg er røykelaks. Fyll: 1/2 boks creme fraiche skal blandast med litt salt, pepar, oregano og kvitløk etter ønske. Skjer opp ein boks cherrytomatar. Spekeskinke eller pepperoni skal skjerast opp. Varm væska til ca. 37 grader. Ha olje, salt og tørrgjær i vatnet, rør til gjæren er oppløyst. Ha i mjølet, litt om gongen (spar gjerne litt til utbakinga). Elt godt. Hev deigen i ca. 30 min. Kjevle ut deigen i ein rektangulær leiv, ca. 2 cm tjukk. Smør creme fraiche-blandinga på. Strø deretter på spekeskinke/ pepperoni og ost. Rull saman deigen, skjer rullen opp i ca. 3 cm tjukke skiver. Sett pizzabollene på steikebrett med bakepapir. Etterhev i ca. 15 min. Skal steikast ved 225 grader i ca. 15 min. Håpar det smakar! Lukke til og god tur! Linne og Otilie Herheim Egge. (Foto: Monica Herheim) Påskeavis Fredag 27. mars 2015 13 Mat som varmar Kokk og innehavar av Ryfylke Mat, Nicholas Guindani, gir deg nokre enkle og lettvinte tips om kva du kan ha med deg i tursekken og som garantert fell i smak hos både store og små. Tore Bastlien Dahl [email protected] Guindanis vintersuppe Dette er ei suppe som er god å varma seg på når du er ute på tur, samstundes som det ikkje inneber for mykje arbeid. Eit godt tips er å laga den ferdig heime og ha den med på termos. Varm og god suppe som er klar til servering på null komma niks. For dei meir garva kan ein også klargjera mesteparten av ingrediensane på førehand og koka suppa på anten bål eller primus ute i skogen. Ingrediensar 4-5 stk gode pølser. 3 stk gulrøter. 1/2 sellerirot. 4 stk pastinakk. 1/2 kålrot. Timian. Salt og pepar. Kraft eller buljongterningar. Skrell og del grønsakene i passe store bitar. Kok dette opp i ei god kraft, eller bruk buljongterningar og vatn. La det småkoka i 8-10 minutt, før du tar i timian og pølser skore i bitar. Smak til med salt og pepar. Varier gjerne med andre grønsaker, pølser, kjøtbollar og urter! Pølse med brød Pølser grilla på bål er ein klassikar som aldri går av moten og som barna elskar. Ta med deg ein pakke grillpølser frå ei daglegvareforretning, men lag brødet sjølv. Det set ein ekstra spiss på måltidet. Ingrediensar, 15 pølsebrød: 6 dl kveitemjøl. 2 dl sammalt kveitemjøl. 1/2 pk tørrgjær. 1 ts salt. 2,5 dl kaldt vatn. 2 ss olje. Bland alle ingrediensane til brødet saman i ein bolle til du får ein fin deig. Juster med kveitemjøl. Ha deigen i ein pose og ta den med på tur! Det er lurt å steika pølsene litt før du snurrar deig rundt, gjerne på ein pinne. Steik dei ferdig over bål, men ver tålmodig så det ikkje svir seg. Når deigen har fått ein jamn, gylden farge kan dei nytast rett frå pinnen. Om ein ønsker ein ekstra piff på deigen kan ein tilsetta litt urter eller raspa kvitløk. God tur! 14 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Saudafjella - frå sør til nord - i merka løyper Svandalen Bjødnahålene Start frå nybegynnarheis og følg til venstre ned mot bru. Ein rundtur mot Hauane hyttefelt før den vender tilbake. Kan gåast begge vegar frå brua. Lyngmyr skianlegg Foto: Per Inge Fjellheim Djuvsbotn Start frå nybegynnarheis og følg til venstre opp trasé i barneheisen. Deretter langs elva og kryssar over bru og vidare opp mot hyttefelt i Djuvsbotn. Herfrå kan ein følge merka løype rundt Botnanuten eller følge same trasé ned igjen. Sauda Skisenter - Botnanutane Start frå skisenteret og følg same trasé til Djuvsbotn. Traséen går vidare oppover til venstre og rundar Botnanutane i lett terreng tilbake til Djuvsbotn og vidare i same trasé ned til baseområdet i skisenteret. Smalanuten (heis 2) - Tjuvanuten Følger trasé til høgre og går i slak motbakke til toppen av Tjuvanuten og deretter koplar han seg på trasé til Botnanuten rundt. Frå Sauda følger du rv 520 til Saudasjøen, her tar du av til høgre like etter tunnelen ved skilt mot Ivarsrød og Tveittunet. Det er omlag sju kilometer frå Sauda sentrum til parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet. Nordstøldalen er eit lunt og fint dalføre å gå i, og skogen skjermar godt mot vêr og vind. Frå parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet kan du følge vegen innover mot Nordstølen og vidare mot Storevassbu. (Her har Haugesund Turistforening ei sjølvbetjent hytte). Vidare kryssar ein elva og går på andre sida nedover mot Lia, tilbake til Skeivaflåta og ned att til Brekkestølsbråtet. Rundturen er omlag åtte kilometer og går unna på 1-1,5 time. Parkering m.m. Rimeleg god parkeringskapasitet. Skiløypene i Nordstøldalen er knytta saman med Lyngmyr skianlegg, slik at ein kan følge merka løype mellom desse to turområda, så sant det er snø nok til dette. Parkering Svandalen har god kapasitet når det gjeld parkering. Det går elles skibuss til skisenteret kvar føremiddag og retur om ettermiddagen. Ta av mot Sauda Skisenter og følg vegen oppover ca. ein kilometer. Ta av til høgre (skilt Lyngmyr Skianlegg). Lyngmyr byr på eit løypenett med tilsaman 7,5 kilometer med preparerte løyper. Passar godt for småbarnsfamiliar. Anlegget har tre kilometer lysløype. Usikre snøforhold seint på vinteren. Løypene på Lyngmyr er knytta opp mot løypene i Nordstøldalen. Parkering Gode parkeringsmulegheiter. Rondehaugen Utsiktspunktet ligg 480 meter over havet og har utsikt over Sauda og Saudafjorden. Ligg i Brekkeheia. Ein kan gå opp frå Brekke og frå Rød. Begge stader er løypa godt skilta. Turen egnar seg best utan ski på beina. Foto: Oddvar Årthun For tilreisande er Svandalen, omlag fem kilometer frå Saudasjøen, best kjent som utfartsstad for alpinistar og snøbrett- og telemarkskøyrarar. Men fjellheimen sør og aust for skisenteret er òg eit eldorado for dei som svergar til ”bortoverski”. Om snøforholda tillet det, blir det merka/oppkøyrt fire løyper i Svandalsfjella. Nordstøldalen Foto: Bente Rasmussen Foto: Eilin Åbø Haglund Skisport i Sauda dreier seg ikkje berre om alpine aktivitetar. Fjella og dalføra i Sauda-traktene kan ôg by på ei mengd varierte løyper for turskientusiastar. Løypa opp frå Brekke er 1,3 kilometer og er enkelte stader svært bratt. Løyperekordane opp er 16.03 (menn) og 18.11 (kvinner). Ein barnefamilie treng nok ein times tid opp. I topp-året 2014 blei det registrert 9 663 besøk. ”Åbødalen rundt” Turen startar og endar ved Jeskedalsbrua. Følg vegen opp Nipbakkane inn til Buer. Her viser løypestikkene den vidare ruta over mot Bakkasida og nedover til ein kjem inn på vegen som går nedover til Jeskedalen att. Løypa er omlag ti kilometer lang og går, med unntak av Nipbakkane, i flatt og småkupert terreng og blir karakterisert som barnevennleg. Denne rundløypa kan ein gå begge vegar! På Knaggamyra eller på Buhidler kan ein velje å forlenge turen ved å gå merka løype innover Buerflatane og opp til brua ved Takhidler. Her kryssar ein elva og går nedover att på andre sida. Denne rundturen er ca. fem kilometer lang. Det er bok på Via der ein kan skrive seg inn. Nasjonalen Følg oppkøyrt løype til Buer. Her dreier ein kursen til høgre opp Moringdalsbrekka og Moringdalen til Fjotene, her er løypa merka. Frå Fjotene er løypa oppkøyrt/merka og går rundt Buernuten og Liasetnuten til Vatndalsvatnet. Her har ein to val, anten å følge over til Herheimsdalen og ned til Fiveland (oppkøyrt løype) eller følge merka løype vidare ned til Liaset og ta deg tilbake til utgangspunktet i Jeskedalen (parkeringsplassen). Siste del ned mot Tråskår er relativt bratt (ikkje å anbefale for barn). Myrane rundt Start i samme trasé som Åbødalen rundt. Løypa er oppkjørt og spora. Ta til venstre ved Storemyr og følg trasé inn langs elva i retning Buer. Følg trasé ned mot Storemyr/parkering Jeskedalen. Alternativet er å følge motsett veg. Parkering Åbødalen: Gode parkeringsforhold i Jeskedalen. Herheimsdalen/Austarheimsdalen mot Fjotene. Frå Fjotene og ned til Buer (Åbødalen) er løypa merka. Parkering Liten, men grei parkeringsplass. Foto: Linda Merethe Lie Start frå Fiveland og følg veg innover til Herheimsdalen. Før Fetavatnet dreier løypa til venstre i lett stigning inn mot Austarheimsdalen. Her kan ein følge merka løype over til Åbødalen (Tråskår) eller vidare i oppkøyrt løype Maldal Reinsvatnet Start frå parkeringsplassen i lett stigning oppover mot Maldalsstølane. Vidare går løypa oppover til Reinsvatnet. Ved utløpet av vatnet snur ein mot høgre i retning Vardanuten. Foto: Kai Saua Årthun Frå Sauda sentrum følger du skilt til Åbødalen. Vegen går vinterstid til parkeringsplassen i Jeskedalen, ca. åtte kilometer frå sentrum. Løypa går i ein runde og snur ned mot Maldalsstølane og same trasé ned til parkeringsplassen. Parkering Gode parkeringsforhold. 15 Foto: Torunn Djuvik Åbødalen Fredag 27. mars 2015 Slettedalen Følg rv 520 retning Røldal. Like før Hellandsbygd tar du av til venstre, vegen er skilta til parkeringsplass ved skiarenaen i Slettedalen. Dalføret ligg omlag 23 kilometer frå Sauda sentrum. Delar av løypa er opplyst kveldstid. Slettedalen er også utgangspunkt for lengre turar i fjellområdet mot Seljestad og til Haugesund Turistforening sitt løypenett. Slettedalen rundt/Torvøynå Følg oppkøyrde spor frå parkeringsplass på venstre sida av vatnet mot Indrejordet. Her er det lett og barnevennleg terreng. Her har du to alternativ; anten at du følger merka/oppkjørt løype til venstre, ca. seks kilometer tur/ retur til Torvøynå, ca. ein times gange. Det andre alternativet er å fortsette vidare rundt vatnet. Her vil ein då møte nokre fleire stigningar. 14 kilometer rundt Slettedalsvatnet/ca. 2-2,5 time. Det er bok på Indrejordet der ein kan skrive seg inn. Ønsker ein å ta seg fram utanfor oppmerka løype kan vi anbefale Kyrkjenuten (1 602 moh). Eit anna alternativ er Nevroldsnuten, kor ein har ei fantastisk utsikt over heile Ryfylke. Minnehaugen Start frå parkeringsplass på høgre side (lysløype), følg vegen tilbake mot Hellandsbygd og vidare rundt opp og parallelt tilbake rundt turisthytta. Så ei lita stigning mot Minnehaugen før ein renn ned og tilbake til start. Lengde omlag 1 400 meter. Lett terreng og barnevennleg. Parkering m.m. Slettedalen skianlegg har fem kilometer lysløype, brytar er på idrettshytta. Dusjmulegheiter og toalett i idrettshytta. Parkering til om lag 200 bilar. NB! Slettedalsvatnet er regulert. Foto: Per Inge Fjellheim Foto: Jon Hansen Påskeavis Breiborg Rv 520 frå Sauda, retning Røldal, ca. 20 kilometer frå Sauda. Breiborg har mange fine mulegheiter for friluftsliv både sommar og vinter og kan by på variert skiterreng vinterstid. Tverrdalsheia der ein kan skrive seg inn. Herfrå går turen i lett og fint terreng tilbake og ned mot fjellstova. Turen er ei snau mil lang og tar ca. 1,5 time. ”Nasjonalen” Nasjonalen må ikkje forvekslast med turløypa med same namn i Åbødalen! Dette er ei merka og oppkøyrt løype som startar ved Breiborg Fjellstove og går inn mot Breibotn. Vidare dreier den til høgre (sørover) mot Tverrdalen og over Tverrdalsheia. Det er bok på Parkering Langs vegen frå turisthytta til bommen før Tverrdalen er det gode parkeringsmulegheiter. Obs: Nasjonalen er lagt noko om grunna usikre vatn. Fjellvettreglane 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. Legg ikkje ut på langtur utan trening. Meld frå kor du går. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane. Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar. Lytt til erfarne fjellfolk. Bruk kart og kompass. Gå ikkje åleine. Vend i tide, det er inga skam å snu! Spar på kreftene og grav deg ned i snøen om nødvendig. All ferdsle er på eige ansvar! 16 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Påskeferie - i Sauda sentrum I påsken gir vi Green Tea Dusjsåpe 500ml. Verdi 425,- ÷20% nå 149,- på deilige Klippan-pledd Green Tea Honey Drops 500ml. Verdi 590,- nå 299,- Green Tea Bodylotion 500ml. Verdi 550,- nå 149,- Max Factor Make Up og L’Oreal Make Up Ta Følg oss på 3 betal for 2 PÅSKEKUPP Rester av vintervarer ÷75% Deksel: • Ipad • iPhone • Mobilar Tlf. 52 78 33 32 Apple TV - leig film direkte til TV Powerrocks; ekstra batteri til nettbrett og mobil Utvalgte utstillinger opptil KUPP!!! ng Sauda Handelsforeni Her kan du bruke sentrumsgavekortet (Alf Selvig a/s) KUPP I KJELLEREN iPad Air Ryddesalg - utruleg tynn, utruleg lett Pinell DAB / Internett radio Lytt til kva du vil, når du vil. T GAVEKOR 50% Alle salgsvarer ÷70% IT & SUPPORT Fagmøbler Sauda Tlf. 52 78 32 25 • www.fagmobler.no Godt utval i det du treng av PC, Apple og nettbrett. Treng du hjelp til data, overvaking, eller IT-problem? Elektrobutikken på kaien Me har IT-teknikarar som kan hjelpe deg med det meste innan data. Me sel parabol og abonnement. • Kvitevarer • Radio/TV Velkommen innom yr ilutstbutikkane • Data/mob våre på Sand eller • Småelektrisk i Sauda! på alle bålpanneprodukter fra Tilbudet varer f.o.m. 28.03.15 – 04.04.15 NB! Butikken i Sauda fører kvitevarer og TV Ta turen innom for en Felles telefon: 52 79 06 65 hyggelig påskehandel! -20% www.bok-it.no Tlf. 52 79 06 67 [email protected] Sauda Påskeavis Kari Traa rose Før 799.- Nå 499,- Bukse Før 699,- Nå 499,- Knerten smørefrie ski m/binding 499,- Fredag 27. mars 2015 17 e • Jernvar • Hytte • Propan tid ri • Tur og f G-sport Sauda Tlf. 52 78 23 92 Butikken er full av vårens nyheter! Velkommen til en hyggelig påskehandel. Toms Shoes Line of Oslo Barfota Please Elisa Cavaletti Fitpflop R&L Fashion Vi kjører ut varer til deg i Sauda kommune. Sjekk ut våre gode tilbud på vår nettside www.leifmoe.no. Tlf. 52 78 21 75. Tlf. 52 78 48 00 Green Chemistry Beauty Fargerike feirer vårsola med hete tilbud VI KAN TILBY Mat på tur? Hva med: nistepakke m/valgfri drikke til 52,Napoleonskake m/kaffe, te eller varm sjokolade til 55,Stort utvalg i påskemarsipan. PÅSKEAFTEN 4/4: varm frokost m/bacon, eggerøre, liten juice, kaffe og valgfritt brød til 62,- Rådhusgata 22 - tlf. 52 78 22 48 18 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 a r F p a r d Kven S jølv om den pensjonerte etterforskaren Tore Sandberg i år hadde bestemt seg for å dra til varmare strøk i påska hadde han ei underleg kjensle av at ikkje alt kom til å gå som planlagt.Tidlegare år hadde han slappa av i den bygda han etterkvart hadde blitt kjent med på godt og på vondt, Sauda. Slappa av var vel å ta vel hardt i. Han hadde måtta løysa fleire mordgåter i den vesle bygda dei siste åra. Men sjølv om dette på ingen måte var ferie var det avslapping for Sandberg. Han nøyt at nokon var avhengige av hans mangeårige kompetanse og ikkje minst at han kunne bistå med kløkt og kunnskap der dagens politi ikkje strekte til. Medan han sat og tenkte tilbake på dei siste åra tok han seg sjølv i å undre på om han faktisk ønska å reise nokon andre stader enn til Sauda i påskehøgtida. Han fekk ikkje avslutta tankerekka før telefonen ringde. E i kvinnestemme høyrtest i andre enden. Dialekta var noko kjent, men stemmen hadde han ikkje høyrt før. Kvinna presenterte seg som Siri, lensmann i Sauda og Suldal. Sandberg smilte. – Dei treng meg, konkluderte han nøgd inni seg. Og han hadde rett. Eit nytt mysterium hadde råka Sauda. B illetten som skulle ta han til sol og varme blei utsett. Sandberg var einig med seg sjølv om at oppklaring av eit mord ville varme han meir. Dessutan hadde Sandberg registrert at Sauda var inne i ein godvêrsperiode, då byen hadde vore velsigna med sol i fleire dagar. Seks timar seinare svingte han opp foran hytta si. Der stod alt lensmannen og venta på han. Sandberg hadde ingenting imot at ho var kvinne. Han bestemte seg for å skru på sjarmen. –J avel, så de har behov for hjelp? fiska han, svolten på kompliment. – Ja, eigentleg burde vi vere i stand til å ordne opp i dette sjølv, men i år har eg gitt fleire av dei tilsette her påskeferie. Kven hadde trudd at noko så forferdeleg skulle skje... Sandberg var skuffa. Han hadde forventa at han var blitt kontakta på grunn av sin ekspertise, ikkje for at han var ein kven som helst pensjonert etterforskar som kunne trø til i ein krisesituasjon. Han klødde seg i hovudet. Det fekk vere greitt. Han rekna med at pipa kom til å få ein annan lyd etter at han hadde løyst drapsgåta. For så sjølvsikker var Sandberg. Gåter var til for å løysast og han var rett mann på saka. Dessutan var det å imponere ei vakker kvinne motivasjon i seg sjølv. D et viste seg at det var funne ein død mann på eit hotellrom i sentrum, nærmare bestemt på Kløver Hotel. Innehavaren var ikkje å sjå då Sandberg og lensmannen entra lobbyen. Det tok imidlertid ikkje lang tid før ein kortpusta, halvstressa mann i kvit skjorte og mørk bukse kom halsande gjennom svingdøra bak resepsjonen. – Kan eg hjelpa dåkke med någe? spurde mannen på stavangersk. Sandberg betrakta mannen, slik bare ekte etterforskarar har eit blikk og ikkje minst talent for å gjere. Siddisen, som etterkvart viste seg å heite Jan, presenterte seg som eigar av hotellet. Han fortalde at han sjølv hadde funne den døde personen då han vaska eit av romma. – Vaska romma? Er ikkje du eigar? ville Sandberg vite. – Sånn e det. Ein må stå på. Det jørr seg sje sjøl. Eg vaske, rydde, står i resepsjonen, i baren, lage mad, ja, det mesta, egentligt. Eg lige å jobba, påstod Jan. Sandberg var ikkje sikker. Var denne mannen ei energibombe av dei sjeldne eller hadde han blitt så lei av storkrevande hotellgjester at han hadde bestemt seg for å markere eit poeng ein gong for alle? J an viste etterforskaren og lensmann Siri opp til hotellrommet der udåden skulle ha skjedd. Ifølge hotelleigaren var ingenting i rommet fjerna eller flytta på etter at mordet blei oppdaga. For det var eit mord. Det var det ikkje tvil om. Mannen som låg på golvet var blitt kvalt av eit laken, som nå mangla i vindauget. – Han va ein gjille mann, han Frank, presiserte Jan. – Å, du kjende han? spurde Sandberg. – Ja, Frank var innleigd konsulent og med på starta opp Sauda Sentrumsutvikling. Det har vore behov for å få litt mer liv og røre og isje minst øga omsetningå i området her, forklarte Jan, og la til at Frank hadde særleg eitt ønske når han overnatta på Kløver. – Han sko alltid ha rom med utsikt mod sentrumsgadene og ønska alltid at det ikkje sko henga gardine i vinduå. Han likte å sidda i vinduet å pønska ud nye idear, fortalde Jan. I følge lensmannen var den døde mannen framleis varm då han blei funnen i eitt-tida-dagen før. Sandberg tenkte så det knaste i dei små grå, både på innsida og utsida av hovudet. Sentrumsutvikling... Var alle like begeistra for det? Det var bare ein ting å gjere. Han måtte ta seg ein tur opp i sentrum. Han rynka på nasen av tanken. Det å måtte bevege seg til fots hadde aldri vore Sandberg si største begeistring. Det fekk andre ta seg av. Men, måtte han så måtte han. Han hadde jo trass alt noko å bevise. I nabobygget til hotellet var det ei møbelforretning. Sandberg ville høyre med dei tilsette der om dei hadde sett eller høyrt noko mistenkeleg. Dama som helste på han då han kom inn såg heilt forskrekka ut då Sandberg forklarte kvifor han var der. – Eg hørte ditta. Det e jo heilt forferdele! utbraut kvinna, som heitte Vivian. Sandberg heva det eine augnebrynet. Nok ei dialekt som ikkje var lokal? Kva var det med Sauda som gjorde at mange ville flytte hit permanent? Han kunne forsåvidt forstå det på ein dag som denne, då sola skinte frå skyfri himmel. – Kva var ditt syn på Frank, sentrumsutviklaren? – Han var ein hyggeleg kar. Eg hadde ingenting imot han, eg. Men... – Men, kva då? Sandberg blei utålmodig. – Nei, altså, det er jo litt skum- Påskeavis ank? melt med nye ting. Frank hadde ein del idear som var litt på sida av det vi er vane med her inne, veit du, sa Vivian. S andberg tenkte at det var på tide å avlegge ein av dei mest tradisjonsrike butikkane i sentrum eit besøk. Det var jo nærliggande å tru at drivaren der kunne vere motstandar av det å gjere ting på ein ny og annleis måte. Sandberg trengte ikkje gå inn i butikken han hadde kurs mot før eigaren møtte han. Han stod nemleg på utsida og prata med eit par eldre karar som sat på ein benk. Latteren sat laust og røvarhistoriene likeså. Sandberg kremta for å få den merksemda han meinte han fortente. –E r det du som er Steinar, spurde han den yngste mannen. – Jo, det er vel det, svarte mannen, som tydeleg hadde brukt litt tid på å sette saman dagens antrekk og ikkje minst fått lagt håret i ein tilfredstillande sveis. – Har du høyrt om at Frank Abelseth, konsulenten, har blir drept? Steinar såg umiddelbart ned i bakken. – Det er det galnaste! Meiner du det? Sandberg blei brysk. Han gjekk då ikkje rundt og spøkte om den slags. Spøk var såvidt ikkje hans sterkaste side uansett. – Nei, det er sant. Var du i nærleiken av Kløver Hotel i dag føremiddag? – Eg gjekk ein lengre tur med hunden min, Egil. Eg hadde faktisk tenkt å ete lunsj der, men eg fekk ikkje tid. Så travelt på butikken, informerte Steinar. B are tanken på lunsj gjorde Sandberg svolten. Men han hadde dårleg tid. Det måtte skje fort. Han hadde ikkje tid til å vente på å få mat servert. Han såg at det låg ei daglegvareforretning like ved klesforretninga til Steinar. Sandberg gjekk inn på Kiwi og fann seg eit par rundstykke og ei flaske cola. Han hadde rett nok fått beskjed av legen om å avgrense sukkerinntaket sitt, men det legen ikkje visste burde han heller ikkje ha vondt av. Då Sandberg skulle betale oppdaga han at han hadde gløymt lommeboka si. Kvinna bak kassen såg noko fortvila ut. – Det er vanskeleg å hjelpe deg Fredag 27. mars 2015 19 Linda Merthe Lie [email protected] når eg ikkje kjenner deg, men la meg høyre med sjefen. Butikksjefen er eigentleg på ferie, men far hennar, Ordin, er her. Han veit nok råd, sa ho. Like etter viste ho ein høgreist mann bort til Sandberg. Etterforskaren presenterte seg og la vekt på yrkestittelen sin. At han var pensjonert trengte ikkje Ordin å vite. Sandberg var opptatt av at han skulle sette seg i respekt og ikkje minst få høve til å få med seg maten nå, sjølv om han ikkje kunne betale der og då. – Det er du som er Sandberg, ja. Eg har fått med meg kva som har skjedd. Kven ville ha gjort noko slikt? Og så mot Frank! Ordin fortalde at han seinast på føremiddagen dagen før hadde prøvd å få kontakt med sentrums- utviklaren, då han hadde noko han ville ta opp med han. – Då eg kom til hotellrommet hans var døra ulåst, så eg gjekk inn, men Frank var ikkje å sjå. Det var bekmørkt i rommet. Eg venta litt, men då han ikkje kom rekna eg med at han hadde blitt hefta av i ein av sentrumsbutikkane. Han har jo... unnskuld, hadde jo, ein tendens til å prate seg vekk, meinte Ordin, og blei avbroten. Ei kvinne stod bedrøva bak han. – Eg kunne ikkje unngå å høyre kva de snakka om og kven du er, sa ho medan ho nikka mot Sandberg. – Det var litt av ei snelle, tenkte Sandberg i sitt stille sinn, før han sette opp ei alvorleg mine. – Solfrid, sa kvinna medan ho rekte handa fram for å helse på etterforskaren. – Eg møtte Frank i går. Eg sit i arrangementskomiteen i Sauda Sentrumsutvikling og vi planla eit opplegg i sentrum om eit par veker. Han ville høyre nokre av ideane mine, forklarte ho. – Var dette på Kløver og kor lenge snakka de saman? – Det var like etter frukost i går. Frank ville komme seg ut tidleg og nyte godvêret ein time og to før han skulle ha eit møte like etter lunsj, fortalde Solfrid. Sandberg kjente at det rumla i magen. Men for ein gongs skuld var ikkje svolten den kjensla som var den mest dominerande hos den overvektige etterforskaren. Han var mest av alt tilfreds. For mordgåta var løyst. 195 195 195 190 190 190 185 185 185 180 180 180 175 175 175 170 170 170 165 165 165 160 160 160 155 155 155 150 150 150 145 145 145 140 140 140 135 135 135 Mistenkte: 130 195 125 190 120 185 115 180 110 175 105 170 Jan 130 195 125 190 120 185 115 180 110 175 105 170 165 165 160 160 155 155 150 150 145 145 140 140 135 135 130 125 120 So lf ri d 130 125 120 115 115 110 110 105 105 Steinar 130 125 120 Vivian 115 110 105 Veit du kven som drap Frank og korleis veit du det? Send oss ditt svar innan mandag 6. april til: [email protected] eller LL Ryfylke, Rådhusgata 1 4200 Sauda Ord in Vi trekker ut tre observante vinnarar! 20 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Frå dorull til påskepynt Linda Merethe Lie [email protected] KREATIVT: Antonio Oisin Woroniecki-Laiso (til høgre) og Tiril Hoftun målar delar av eggekartongar. Med eit lite tau som feste kan desse kunstverka pynta opp i vindauga. Med enkle grep kan det du vanlegvis ville ha kasta bli til noko svært dekorativt. Barna i Leabøen barnehage har tatt utgangspunkt i material dei fleste har i heimen. egg og l g n n allo a ka in b ar tørk er e p op nh r. H Blås r gipse ønske lik : G G Nå ik ein eide s RE E dt. l STO ips run han s samarb Ådne g rere tt å t å v eko i s og d ere gre imsne n i e v åhe det kan Mina H r. som es gje n s Ro KONSENTRASJON: Å lage påskepynt treng ikkje vere avansert og er ein fin aktivitet for dei minste. Frå venstre rundt bordet: Tiril Hoftun, Antonio Oisin Woroniecki-Laiso, Lias Klementsen (delvis skjult), Elvira Tjordal, Sofie Solbakken, Mads Rasmus og Ylva Stueland. FUGLEHEIM: Ute i naturen finst det mykje rart som kan nyttast til å lage ulike ting. Trepinnar og kvistar dannar eit godt utgangspunkt for eit fuglereir. For at det heile skal henge godt saman kan det vere lurt å spikre eller skru det heile saman. Her hjelper Barbro L. Njøten Selma Eikevik Hauge med drillen medan Øystein Rossebø ventar på tur. KUNSTVERK: Sander Solbrekk (til venstre) og Marius Gjuvsland målar og utstyrer dorullar med blant anna øyre, auge og tenner. Resultatet er flotte påskeharar. Påskeavis Fredag 27. mars 2015 21 Påske meir enn bare godteri? Medan nokre ser stort fram til eit velfylt påskeegg i neste veke er andre meir interessert i å vere på skulen enn å ha fri. Førsteklassingane på Fløgstad skule har med andre ord eit litt variert syn på påskehøgtida. Linda Merethe Lie [email protected] L ukas Dolmen Andersen, Bjørn Kosberg Sørensen og Tuva Strømmen Larson går alle i første klasse på Fløgstad skule. Seksåringane veit godt at påsken er like rundt hjørnet, og det er særleg ein ting Lukas ser fram til i den kommande veka. – Eg gler meg til eg skal få påskeegg. Eg skulle ønske eg kunne få alle påskeegga på heile jordkloden! seier han, før han blir korrigert av Bjørn. – Då trur eg du må reise ganske langt, meiner han. – Og så får du veldig vondt i magen, minnar Tuva om. – Hjelp! utbryt Lukas. – Og hol i tennene, fortset Tuva. P åskeegg er tydeleg noko som engasjerer dei tre skuleelevane. Bjørn fortel at familien hans har ein tradisjon som inneber at han må gå på skattejakt for å finne påskeegget. Men kva er det eigentleg oppi desse egga? – Jafall godteri, fortel Bjørn. – I mitt er det BÅDE sjokolade og godteri, informerer Lukas. – Pappa liker ikkje at sjokoladen blir blanda med smågodtet, kjem det frå Tuva. M en, kva gjer eigentleg barna i påskeferien, utanom å ete snop? – Eg speler mest, eg, forklarer Lukas. – Eg skal snart flytte, seier Bjørn. – Eg gjer litt forskjellig, forklarer Tuva. – Eg er ikkje på fjellet og sånn, understrekar Lukas. – Det skal vi. Vi skal sove i ein lavvo, seier Bjørn. – Lavvo, kva er det? undrar Lukas. – Det er akkurat som eit telt, bare at det er spisst oppå toppen, utdjupar Bjørn. – Å, ja, sånn som indianarane har? spør Lukas. – Ja, svarar Bjørn. – Eg er svolten, presiserer Lukas. – Han er heilt vill etter godteri, han der, synest Tuva. – Eg et jo ikkje godteri heile tida, da. Eg plar ha skive med sjokoladepålegg, seier Lukas med eit lurt smil. – Hugsar du ikkje det med hol i tennene, som eg sa? vil Tuva vite. P åsken inneber for mange ein del fridagar. Men veit barna kvifor vi eigentleg feirar påske? – Fordi vi skal få påskeegg, meiner Lukas. – Det er fordi Jesus hang på korset, trur Bjørn. – Å ja, han blei jo spikra der, han, hugsar Tuva. – Ja, eg trur det. Vi har jo ikkje lært så mykje om det, men eg veit litt om det, seier Bjørn. – Eg elskar å ha fri i påsken! seier Lukas. – Og å ete godteri og få hol i tennene, utfyller Tuva. – Eg gler meg ikkje til påskeferie. Eg vil heller vere på skulen og lære. Eg skal finne nokon som er einige med meg så kan vi gå i tog og demonstrere mot at skulen har stengt i påska, har Bjørn bestemt seg for. L ukas er tydeleg lynklar for påske og ikkje minst påskeegg. Han har til og med ein plan for korleis han kan få endå fleire egg. – Viss eg hadde vore sjef på skulen skulle alle elevane hatt med seg påskeegg til meg. – Då skulle eg iallfall ha gått i tog! understrekar Bjørn. – Kvifor er de to så imot godteri, eigentleg? spør Lukas. – Hol i tennene, presiserer Bjørn. – Det er ikkje sunt, legg Tuva til, medan ho ler. – Kvifor ler de? spør Lukas, medan han humrar sjølv. – Du er bare SÅ morosam! seier Tuva og ler endå meir. jørn e), B . r t s n rson rå ve en (f men La s r e And trøm lmen g Tuva S o D no kas G: Lu Sørense N E J G G osberg ARTI K 22 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 PÅSKEKUPP! Vårens nyheter er på plass fra alle våre leverandører til dame - herre - ungdom Alle bukser ÷30% ÷ 30% Puben Palmehelga spiller To På Trygd. Mirek spiller i hele påsken God påske Kløver Diskotek spiller dj. Frank i hele påsken. KUN 129,KUN 199,- Påsken 2015 fra alle oss KUN 169,- Kløver Onsdag og skjærtorsdag spiller Matti Røssland med band. på Selvig Langfredag og påskeaften T GAVEKOR ng Sauda Handelsforeni 399,- Her kan du bruke sentrumsgavekortet PÅSKEN I SLETTEDALEN Skulle du ha behov for forfriskingar før eller etter turen sel parkeringsvaktene brus og sjokolade. Eramet Norways Bedriftsidrettslag arrangerer ”Fjellrennet” langfredag 3. april 2015 for 63. gang. Start fra Storemyr for aktive kl. 12.30, etterfulgt av Åbødalens påskerenn. Målgang v/Krokane i Herheimsdalen. Live-musikk, grilling av pølser og salg av forfriskninger i målområdet. Buss med avgang fra skitrekket kl. 09.30, via campingen og båthavna. Kaien kl. 10.00 til Jeskedalen, med retur fra Fiveland kl. 16.00. Pris kr 50,- pr. vei. Vi ønsker alle en fin skitur gjennom 5 daler. ”Snø- og værforbehold.” Eramet Norway BIL, styret Søkeren må være over 18 år og ha førerkort kl. B Og bør ha generelle datakunnskaper. Arbeidet vil dreie seg om design og produksjon av reklameartikler mm. Søknaden eller spørsmål kan sendes til: [email protected] Kontaktperson: Ivar Øvrebø, tlf. 959 93 922 Tlf. 52 78 69 99 Ha ein fin påske i Slettedalen i gode løyper! Slettedalen skianlegg - satser på Vestlandet PÅSKEFEST Helaften onsdag 1. april kl. 20.00. 2-retters middag og dans m/Ady’s Trio kun 395,- p.p. Bordbestilling tlf. 52 78 12 11. Åpningstider: Man - ons: kl. 07.00 – 16.00 Tor: 07.00. – 17.00 Lør: 09.00 – 13.00 Påskeaften stengt Følg oss på Vi ønsker alle våre kunder og forretningsforbindelser en god påske! Etter en økende ordre inngang søker jeg nå en kreativ medarbeider til en fleksibel deltidsstilling. Vi ønsker våre gjester en riktig god påske. Skjærtorsdag 2. april: Andakt kl. 12.00 v/sokneprest Espen Gya. Startkontingent for alle klasser kr 200,-. Barn under 16 år er GRATIS. Skjærtorsdag Komler med tilbehør. Skjærtorsdag Langfredag Påskeaften Buffet i 2. etasje. Parkeringsplassen er brøyta. Parkeringsavgift kr 30,-. Parkering for heile påsken kr 150,-. Vakter ordnar trafikken. Maskinpreparert turløype på ca. 23 km. Start fra Jeskedalen for tur/kostymeklasse kl. 10.30. Smørehjelp/tips i startområdet. spiller Roger Handeland med band (Alf Selvig a/s) E. Janson Service Blikkenslager og taktekking Tlf. 970 32 801 / 918 80 256 - [email protected] Sauda · Tlf. 52 78 58 20 www.byggeriet.no Påskeavis BO VED FJORD OG FJELL I SAUDA Fredag 27. mars 2015 23 God påske til alle våre lesarar, annonsørar og påsketuristar. Kr 3.990.000,- Helsing Ryfylke Nytt hus til sommeren - innflyttingsklart juni - 2015 Prosjektert enebolig på Teigen i Saudasjøen Boligen ligger fint og solrikt til med flott utsikt over fjorden og Saudasjøen, og med kort vei til skole og barnehage. 150 m2 - stor stue/ kjøkken, tre soverom, to bad og rikelig med bodplass. Kr 3.190.000,- KUN 1 IGJEN! Få med deg kva som skjer i Sauda... Bestill abonnement på Ryfylke eller kjøp avisa i laussal, i butikk eller på nett! Tlf. 52 78 68 00 - www.ryfylke.net Sauda - Trivelig leilighet Lettstelt og kjekk leilighet med kort vei til alt i Sauda. Lyst innredet med hvitt kjøkken og eikeparkett. Hvitevarer inkludert i prisen. BERGE SAG OG TRELAST AS For mer informasjon og privatvisning av boligene, ta kontakt med Nils Skålnes, tlf 98 22 93 09, [email protected] www.bergesag.no 24 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Tore og Ingvi A. Tipp svaret på ting du ikkje visste at du ikkje visste. 1. Kor mange toalett er det på Saudahallen? 2. Kor mange trappetrinn er det på Coop Extra opp til Frisk & Rask treningssenter? 3. Kor mange kontorvindauge i Rådhuset vender ut mot Rådhusplassen? 4. Kor mange treff har nettsida til Sauda kommune i snitt per dag? 5. Kor mange kvinnelege medlemmer har menigheten Salem Sauda? 6. Kven held hus i Rådhusgata 1? 7. Kor mange NM-medaljar har Kåre Rød? 8. Kva er adressa til Eramet Norway Sauda? 9. Kva var det første bilmerket Austerheim kjøreskule hadde då den blei etablert i 1972? 10. Kor mykje veg alle dei sju tilsette på Ryfylke til saman? 11. Kor langt er det, i kilometer, mellom Saudahallen og Risvoll skule (Fløgstadvegen-Kyrkjegata-Saudavegen)? 12. Kor mykje matavfall blir samla inn i Sauda på ein månad? 13. På Bryne’s Konditori er det to inngangsdører. Kva veg går desse? 14. Kor mange liter vatn går gjennom Sønnå kraftverk per sekund ved full produksjon? 15. Kva har bronsefigurguten på Bankplassen i handa si? Svar: 9. Volvo Amazon (kvit) 10. 516,5 kilo. 11. 3,3 kilometer. 12. 26 505 kilo. 13Eit ut og eit inn. 14. 70 000 liter. 15. Ei sparebøsse. B. Kjenner du logoen? 1. Effektivt Renhold. 2. Rysteg. 3. Djuvik. 4. Sauda Fjord Camping. 5. Interiør Service. 5 Tipp svaret på ting du ikkje visste at du ikkje visste. 1. 17 toalett. 2. 28 trappetrinn. 3. 36 vindauge. 4. 406 treff. 5. 49 kvinner. 6. Avisa Ryfylke. 7. Ingen. 8. Birkelandsvegen 1. C. Kor i all Sauda er dette? 1. Kvekerkyrkjegard-porten. 2. Skilt på Folkets Hus. 3. Tre på Birkelandsmoen. 4. Vegen opp frå Brekke til Rondehaugen. 5. Den gamle inngangsdøra hos bokhandelen. 4 5 3 4 3 2 2 1 B.Kjenner du logoen? ils påskequiz Påskeavis 1 C. Kor i all Sauda er dette? Fredag 27. mars 2015 25 26 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 Påske før og nå Sauda har så lenge jeg kan huske vært et populært påskeutfartssted. Påsken var snø og mye folk og bussturer til fjells. Men tidene har forandret seg fra vi stod og ventet på bussholdeplassen på gjester. Syns alltid at bussen var forsinket, eller kanskje vi var tidlig ute. Så måtte vi på kaien og ta imot båten som kom inn fjorden med heldning, og fullt med folk og med noen som hadde tatt påskekosen på forskudd med ski og staver sprikende under armen og ropte «Kor e snøen og fjellet?», de kom liksom til bondebygda. De ble kjørt videre med buss til støler og hytter de hadde leid. Hyttene var ofte små krypinn, ikke som nå med panoramabygg med alt tilbehør. Så ble det in med båtpåske i Sauda. Vi så de små, koselige «tukke-tukk»-båtene som entret båthavnen. Det forandret seg snart med cabincruiser-luksusbåter og biler plassert på parkeringsplassene. Tiden hadde forandret seg og Norge hadde kommet med i oljeeventyret. Alle skulle til fjells, til Breiborg og Svandalen og noen laget kaos på veien til Breiborg med sommerdekk. Det ble laget sitteplasser i snøen der for barn og familie, så alle kunne følge med på ungenes skiferdigheter. De minste ble dratt opp på fjellet i skipulk som far i huset hadde laget, med nistepakke og kakao på termos. Det var ikke heiser og restauranter med «øltelt» da. Kvikk Lunsj var «bensin» for å få ungene opp «de dumme bakkene». Det strømmet på med folk og familiebesøk, det var alltid plass, for påskebesøket ble en tradisjon. Travelt for husmoren med mat og «hotellvirksomhet». Vi hadde ikke sushi, pizza og «Fjordland» da. Nei, det ble komle, kjøttkaker, lammestek og betasuppe, alt hjemmegjort. Et år var det strålende vær med sol i påsken, da holdt det hardt. O. E. Bøe tok film fra Breiborg som ble vist på TV om kvelden, det var topp. Ellers skulle ungdommen på dansen 2. påskedag og treffe gamle utreiste saudabuer. Da møtte noen opp med strekkbukse og beksømsko og lysblå, hvite eller gule skjorter for å få fram brunfargen. I dag reiser folk til syden og får brunfargen på den måten. Slik var det ikke før. Det var ikke bare skiutstyret og klesdrakten som var forskjellig. Vi hadde ikke «after ski» og skateboard og slalåmutstyr, det var slik «som ungdommen likar». Vi har hatt tradisjonen og har påskeminner fra den gang da. Nå har barnebarn og oldebarn overtatt tradisjonen. Vi så jo hvor trist det var når påskegjestene med båter uteble på grunn av at fjorden var islagt og et år snøen uteble. Nå er alt ok og vi kan ønske påskegjestene velkommen til Sauda. Lykke til med påskeforberedelser og velkommen til Sauda og god påske. 50-TALLSMOTE: Et bilde som viser 50-tallsmote med anorakk og strekkbukse, tatt i Djuvsbotnen i 1952. Fra venstre: Anne Ma Lunde, Dagrun Flokketveit, Signe Pleym og Liv Matland. (Bildet er utlånt av Liv Flokkeveit) Påskehilsen fra Liv Flokketveit Påskeavis Fredag 27. mars 2015 27 Påskekryssord med lokal vri Kryssordet er laga av Kjell Inge Seim Send løysinga på påskekryssordet til Ryfylke, Rådhusgt. 1, 4200 Sauda eller [email protected] innan torsdag 9. april. Namn: ________________________________________________________________________ Adresse: _______________________________________________________________________ 28 Påskeavis Fredag 27. mars 2015 PÅSKEN i SAUDA 2015 Flotte forhold i Sauda Skisenter! 10 mil med oppkøyrde og/eller merka turløyper! Felles skiturar og påskerenn i fjella - med organisert transport. Påskekos i Sauda sentrum med langope i butikkar, minikonsertar, barnedisco, kino, bibliotek, quiz, konkurransar, bading i Saudahallen og påskefeiring i båthamna. Påskemarkeringar i Sauda kyrkje og Saudasjøen kapell. Konsertar på Kløver Hotel, Puben og Sjøen 12. Varierte overnattingstilbod på Sauda Fjordhotell, Kløver Hotel og ved Sauda Fjord Camping. Unngå heiskortkø — nytt deg av pakkeprisane for Sauda Skisenter. Du finn trykt eksemplar av påskeprogrammet overalt i Sauda! Elektronisk versjon finn du på www.saudaferie.no Foto: Per Inge Fjellheim Layout: TeHoKreativ w w w. s au dafe r i e . n o Følg oss på Facebook og Instagram: /pages/Sauda-Ferie-Fritid/ #SAUDAFERIE SAUDADAGANE 23.-31. mai + MÅLGANG TOUR DES FJORDS 29. mai Dei tradisjonsrike Saudadagane kjem med tettpakka og spennande program. Her blir det opplevingar og aktivitetar for store og små! Bli med på innhaldsrike dagar i sentrum. Her er noko av det som skjer: Målgang 3. etappe av Tour des Fjords, målgang Haugesund-Sauda, tve-kamp og andaløp i Nordelva med flotte premiar. Me kan lova god Sauda-stemning og ei rekkje tilbod i butikkane. Musikk-opplevingar med BJØRN EIDSVÅG, VESTLANDSFANDEN, GRETHE SVENSEN, VIGDIS EIDSVÅG, STAUT, LASSE STEFANZ m.m. Billettar til sals på www.billettservice.no, Sauda Ferie & Fritid, Tara og i Sauda Skisenter. Meir informasjon og program på Saudadagane si Facebook side, og på Sauda Ferie & Fritid si heimeside www.saudaferie.no Foto: Einar Landa Alltid noko å sjå fram til i Sauda!