Marit Hovdenak & Ingunn Indrebø Ims
Transcription
Marit Hovdenak & Ingunn Indrebø Ims
13. Konference om Leksikografi i Norden Københavns Universitet 19.-22. maj 2015 Abstracts til foredrag Marit Hovdenak & Ingunn Indrebø Ims Språkrådet, Oslo [email protected]; [email protected] Bruk av digitale ordbøker i norsk skule I kva grad nyttar norske elevar og lærarar norskspråklege digitale ordbøker og ordlister i ulike skulerelaterte situasjonar? For å svare på dette spørsmålet tar vi utgangspunkt i ei undersøking frå hausten 2014 om bruken av digitale ordbøker i norsk skule. Undersøkinga, som er utført av Språkrådet i samarbeid med TNS Gallup, omfattar elevar og lærarar på mellom- og ungdomstrinnet og den vidaregåande skulen. Undersøkinga er landsomfattande, og omkring 500 lærarar og 5000 elevar har svart på spørjeskjema. Mange skuleeigarar har kjøpt inn og gjort tilgjengelege digitale ordbokressursar for skulane, men vi veit ikkje om eller når elevane brukar dei, eller om dei heller slår opp i andre ordbøker dei finn på nettet. Formålet med undersøkinga var derfor å finne ut kva for nokre digitale ordbøker (bokmål og nynorsk) som er i bruk i skulen. Elevane fekk spørsmål om bruk av datamaskin i undervisninga, om kjennskap til digitale ordbøker, bruk av digitale ordbøker generelt og bruk av digitale ordbøker under heildagsprøver. Lærarane fekk spørsmål om informasjon om ordbøker i undervisninga, tilgang til digitale ordbøker på skulen, bruk av digitale ordbøker i undervisning og eige arbeid og ordbøker under heildagsprøver. Resultata frå undersøkinga er interessante for fleire av arbeidsfelta til Språkrådet og viser tendensar i korleis rettskrivingsressursar blir nytta i norsk skule. Tidlegare frekvensundersøkingar viser at bruken av dei digitale ordbøkene Bokmålsordboka (BOB) og Nynorskordboka (NOB) aukar, og skuleundersøkinga frå hausten 2014 viser at det i dag er nesten like mange som brukar digitale ordbøker til eksamen som papirordbøker. Bruken av digitale ordbøker aukar dessutan med alder og klassetrinn, noko som viser at norske elevar lærer å bruke slike læringsressursar gjennom skuleløpet. Undersøkinga viser elles ein samanheng mellom bruk av digitale ordbøker og målform, geografi og fleirspråkleg bakgrunn. Ulike ordbokressursar blir dessuten nytta i ulike situasjonar; ordbøker som er kjøpte av forlag eller andre utgivarar, er mest nytta til eksamen, medan ordbøkene som er gratis og fritt tilgjengelege (som BOB og NOB), er mest nytta i det daglege. Digitale ordbøker i bruk. Undersøkelse blant elever og lærere på mellom- og ungdomstrinnet og i den videregående skolen. TNS Gallup – Språkrådet 2014. 39