Vi ynskjer lesarane våre ei fredfull og god jul !

Transcription

Vi ynskjer lesarane våre ei fredfull og god jul !
ÅRG. 87 NR. 4 – ADVENT 2015
Vi ynskjer lesarane våre ei fredfull og god jul !
Foto: Torleif Reksten
r, sjå si d e 2
e
os
4
K je k k e k
F l o r a , sjå s i d e
Fr å M
ok
Nye s
r
i
åd
s
m
ti l
os e, sjå sid
e1
1
ne
on
fi
rm
ta
an
Andakt
EIN AVGRENSA GUD
På døra til ei mellomalderkyrkje i
Köln finst eit bilete som viser Jesusbarnet i krubba. Bak ser vi oksen og eselet og over det heile
Betlehemsstjerna. På kvar si side
av krubba sit Maria og Josef. Dette motivet finst i ulike versjonar
over heile jorda. Det spesielle
ved akkurat dette biletet er innskrifta som står på sida: HIC ARTATUR DEUS = Her blir Gud avgrensa.
Fyrste gongen eg møtte denne setninga slo den umiddelbart inn i meg: Det er jo dette som er jula sin løyndom. Her blir
Gud avgrensa. Ingen kan utøve avgrensinga sin kunst slik som
Gud, for ingen har så mykje å miste.
Jesus, som kom frå Gud, søkte seg nedover til ei krubbe i
småbyen Betlehem. Martin Luther seier det slik: «Han som all
verden er for trang, Her ligger Han på moders fang».
Det er naturleg å tenkje at dersom Gud er til, så er han så
stor at vi ikkje kan fatte han. Men juleevangeliet seier: Han lèt
seg fatte i krubba!
Mange trur at dersom Gud er å finne noko stad, så må det
vere ute i det uavgrensa rommet, i naturen. Men kva finn vi
eigentleg der? Vi kan vel saktens ane Gud, men heller ikkje
meir. For her er ingen ord, ikkje noko ansikt og ingen tydeleg
vilje.
Dersom vi ikkje kjenner Gud i
krubba, så blir den Gud vi finn ute
i naturen forma som ei forstørring av våre eigne tankar, kjensler
og draumar. Naturopplevinga blir
ei stadfesting av det tankegodset
vi har med oss allereie. Men jula
sitt evangelium seier noko vi ikkje
kunne ha tenkt ut på førehand:
«Og Ordet vart menneske og tok
bustad mellom oss» (Joh. 1,14).
Jesus, Ordet frå Gud, gjekk
rundt blant oss i Nasaret, Kapernaum, Betania og Jerusalem. Han vandra omkring og hadde
heile himmelen med seg. Ikkje rart mykje skjedde. Ikkje rart at
folk undra seg og sa: Alt han gjer er godt!
Kvar finn vi Gud? Her i Jesus er Gud i avgrensa utgåve som
menneske – men likevel heilt og fullt til stades. Paulus skriv ein
stad: «For i han ville Gud la heile sin fylde bu».
Her blir Gud avgrensa – det betyr at Gud finst over alt, men
han lèt seg ikkje møte overalt. Gud er for stor for oss. Han er for
rein, for heilag, for lysande til at vi med vårt øydelagde og sjølvsentrerte perspektiv kan finne han.
Men i barnet i Betlehem, som blei til mannen Jesus, der er
Gud. Denne jula møter vi han igjen i kyrkja, i Bibelen og i bøna.
Det er avgrensa møteplassar, men der er den grenselause Gud
alltid å møte, heilt og fullt. Og det er ingen ting han heller vil
enn å møte oss.
Halvor Nordhaug, Biskop i Bjørgvin
135 kjekke
konfirmantar!
No er konfirmantåret i full gong og vi har snart
nådd halvvegs. Vi som arbeider med konfirmantane synest at det er ein kjempetriveleg og bra gjeng!
Vi begynte med to intensive leirar på Nesholmen,
og konfirmantane fikk blant anna delta på undervising, drama, olympiske leikar og bading. Etterpå
har vi hatt to undervisingsveker, og søndag 8. november vart meir enn 50 konfirmantar samla på
ungdomsskulen til haustens gudstenestedag. Det Konfirmantleir på Nesholmen Leirstad september 2015.
vart ein travel og kjekk dag, med undervising om
nattverd og aktivitetane drama, musikk og foto. Til
og fikk vise kyrkjelyden kva de hadde gjort i løpet av dagen.
lunsj var det kyllinggryte og til den seine pausen hadde nokre Fram til jul blir det mange konfirmantaktivitetar som lysmesse,
flinke foreldre laget kake. Gudstenestedagen vart avslutta i kyr- deltaking på gudstenester og tenesteoppgåver som til eksemkja med ei stor ungdomsgudsteneste der konfirmantane deltok pel idrett, lys-vaken, diakonatet og skodespel for barnehagane.
2
KINN K YRK JEBL AD 2015
Kven er Kinn kyrkjeleg fellesråd
– og kva driv dei med?
I Flora kommune er det fire sokneråd; Kinn, Eikefjord, Bru og
Nordal.
To personar frå kvart sokneråd, ein sokneprest og ein representant frå kommunen utgjer fellesrådet.
Dei nye sokneråda tek til i november, når dei har konstituert
seg med leiar, nestleiar, sekretær og kasserar, vil det og bli val
på representantar til det nye fellesrådet og ymse utval. Det nye
fellesrådet tek til i jobben i desember. Fyrste møtet for det nye
fellesrådet blir 10.12.2015, der vil dei konstituere seg med leiar,
nestleiar og AU medlem. Desse tre utgjer AU for fellesrådet
saman med dagleg leiar i fellesrådet som er sakshandsamar og
sekretær.
Kinn kyrkjelege fellesråd har til saman 10,5 årsverk fordelt
på 15 personar. Den eine stillinga er lønna av staten ved trusopplæringsmidlar. Fire av dei tilsette har utanlandsk opprinnelse så vi bidreg til god integrering.
I staben er det og tre prestar men desse er tilsett under biskopen og lønna av staten.
Det er Flora kommune som gjev tilskotet fellesrådet skal
driftast for.
I 2015 var tilskotet på kr. 7.004.000.
Dette skal fellesrådet bruke til å lønne 14 personar, drifte 12
gravplassar (om lag 70 mål) og 5 kyrkjer (Kinn, Florø, Eikefjord,
Stavang og Nordal).
På grunn av nedskjeringsplanen til kommunen vil fellesrådet møte store utfordringar i åra som kjem, det kan ikkje
skjærast ned i tilskotet om vi skal oppretthalde servicenivået vi
har i dag.
Vi treng pengar til auka lønningar, forsikring og straumutgifter. Vedlikehald av gravplassar (inkludert nytt utstyr og reparasjonar av gamalt) og kyrkjer blir ikkje gjort og dette fører til
stort etterslep.
VI TAKKAR AV TO TRUFASTE MEDARBEIDARAR
Dagfrid Seim Paulsen har hatt fast tilsetting som klokkar i
10% i Florø kyrkje sidan 2003.
Ho er og ei av dei som har delteke mykje i det frivillige arbeidet i kyrkja og har og vore ein trufast vikar om nokon av dei
andre var sjuke. Ho har gjort ein flott jobb og alltid stilt opp om
det var mogeleg. Vi takkar ho hjarteleg for innsatsen.
Lisbeth Sætre Hovland har hatt fast 100% stilling som organist i indre strok sidan 2001.
Før ho fekk fast stilling var ho vikar i fleire år, ho har og delteke mykje i frivillig arbeid i kyrkja og stilt opp ekstra om det
var behov for det. Ho har gjort ein flott jobb.
Vi takkar dei to avtroppande tilsette for godt samarbeid og
flott utført arbeid og ynskjer dei lukke til veidare.
TELESLYNGE TIL EIKEFJORD KYRKJE
Det er fleire som har sakna teleslynge i Eikefjord kyrkje.
Og med glede kan vi melde at så kjem – teleslynga er
bestilt og mot jul reknar vi med at den er på plass.
Kyrkja i møte med flyktningane
Kjære kyrkjelydar i Bjørgvin! Flyktningkrisa utfordrar oss alle.
Framande menneske på flukt kjem til oss. No vert våre grunnleggjande, kristne verdiar sette på prøve. I møte med dei flyktningane som kjem til lokalsamfunna våre, kan vi alle vere med
og hjelpe.
Gjennom flyktningtenesta i kommunen kan vi få vite kva
som er mest aktuelt der vi bur. Oftast er det trong for friviljuge
kontaktpersonar som kan hjelpe flyktningane å finne seg til
rette i ein framand kultur. Over alt vil ein trengje møtestader
der flyktningane kan få medmenneskeleg kontakt og bli kjende
med lokalsamfunnet.
Dei fleste av flyktningane kjem frå samfunn der religion
spelar ei langt større og tydelegare rolle enn hos oss. Som kristne veit vi kva det er å vere truande. Slik har vi ein særskilt kompetanse og ansvar for å møte flyktningane også som religiøse
KINN K YRK JEBL AD 2015
menneske. Mange er kristne. Desse kan vi gje ein kristen fellesskap, som kryssar både språk- og kulturgrenser.
Dei fleste flyktningane tilhøyrer andre religionar. Desse må
vi møte med kristen integritet og openheit. I kyrkjene våre vil vi
også be for flyktningane, og om rettferd og fred i land dei
rømer frå. I ord og gjerning kan vi vere med på å gje medmenneske i ein svært krevjande situasjon framtid og håp. Slik
får vi også høve til å oppleve rikdomen i den menneskelege
fellesskapen, og det gode og verdfulle som dei som kjem kan
tilføre både den einskilde og samfunnet.
Som Skrifta seier: «Gløym ikkje å vere gjestfrie, for på den
måten har somme hatt englar på besøk utan å vite det.» (Hebr.
13.2) Eg ønskjer dykk Guds rike signing!
Bjørgvin bispestol, 9. november 2015,
Halvor Nordhaug biskop
3
Nye sokneråd
i Flora
Merethe S.S. Knapsted, ny leiar i Kinn sokneråd og Jan Midtbø, ny nestleiar.
Kinn sokneråd
Eikefjord Sokneråd
Merethe S.S. Knapsted
Leiar
Silje Knapstad
Jan Midtbø
Nestleiar
Vigdis Solberg
Helge Sårheim
Fellesrådet
Irene Havn
Bjørg Jansen Mikalsen
Fellesrådet
Tone Sandvik
Tove Ellingsund Skudal
Birthe Therese Fjell Osland
Ingvill Førde Torvanger
Tore Martin Øren
Erling Nydal
Susette Rockwell Esp
Ingelin Stang
Bente Dvergsdal Osa
Grethe Amundsen
Guri Skorpen
Vara til soknerådet
Vara til soknerådet
Åse Irene Korneliussen
Elisabeth Solheim
Snorre Seim
Solfrid K Ask Fotland
Per Kristian Byrkjeland
Bente Karin Hovland
Reidun Eikeland Halvorsen
Evy Ann Esp
Rune Magnar Bortne
Jeanette Sørbotten
Bru sokneråd
Anders Tyvold
Leiar
2. vara, Fellesråd
Anita Sæther
Nestleiar
Fellesråd
Ellisif Gjestland
Sekretær
Elisabeth Halsne
Fellesråd
Ruth Myklebust
Tore Jakob madsen
1. vara, Fellesråd
Vara til soknerådet
Nora Eikevik
Henning Standal
Kasserar
Marie Selvik
Ove A. Horne
Kinn kyrkjelege fellesråd ( dei har ikkje konstituert seg enno)
Faste medlemmar
Vara
Helge Sårheim
Bjørg Mikalsen
Tone Sandvik
Susette Rokwell Esp
Tore Martin Øren
Elisabeth Halsne
Tore Jakob Madsen
Anita Sæther
Anders Tyvold
Ole Christian Rynning
Ragnhild Midtbø
Knut Magne Nesse
Dag Leirvik
Kommunal representant
Gustav Johan Nydal
Herdis Elin Lexau
Sekretær
4
Leiar
Sekretær
Fellesrådet
Fellesrådet
1 vara til fellesrådet
Kasserar
Nordal sokneråd
Steinar Midtbø
Ragnhild Midtbø
Liss Maiken Myhre
Ole Christian Rynning
Leiar
Nestleiar, Fellesråd
Sekretær
Kasserar, Fellesråd
Vara til soknerådet
Anne Skamo Solheim
Kari Ann Kjerpeseth
Arve Midtbø
Frode Ellingsund
KINN K YRK JEBL AD 2015
Sanitærbygget ved Eikefjord kyrkje
Frå venstre Trygve Knapstad og Lars Terje Standal, to sentrale
karar i oppføringa av sanitærbygget.
Ved Eikefjord kyrkje er
nå det nye sanitærbygget ferdig. Avtroppande soknerådsleiar
Lars Terje Standal fortel
at nå er det aller meste
av arbeidet utført. Han
er takksam for den store jobben som Trygve
Knapstad har gjort på
dugnad. Vidare har nokre frå soknerådet og
bygdafolk delteke med
maling. Til elektrisk og
rørleggerarbeid er det
nytta lokale folk. Og fint
har det blitt, kvitt i stil
med kyrkja, og taksteinen har Aslak Osa
gjeve. Materialkostnadar som fellesrådet har
dekka beløper seg til
nær 200.000 kr.
Nå som bygget er teke i bruk har kyrkja fått eit nytt stort toalett
samt eit lagerom.
Tekst og foto: Dag Leirvik
Hausttakkefest
i Stavang kyrkje
Bru sokneråd har teke oppatt tradisjonen med hausttakkefest i
samarbeid med Standal 4H. Dette er no eit av tiltaka i trusopplæringsplanen for Bru.
På gudstenesta 27. september var 4H-medlemmer med å
gjekk i prosesjon og bar inn «markens grøde». Dei var også med
å las tekster, tente lys og hjelpte presten med preika.
Preiketeksten var Luk 17,11–19 om dei ti spedalske mennene. Ingvald Frøyen, som arbeider i NMS, snakka bla om at menneska trong næring både for kropp og sjel slik dagens lesetekst
og preiketekst for hausttakkefest tydeleggjer.
Ingvald Frøyen fortalte også litt om NMS prosjekt «Barn og
unge i Thailand med særleg fokus på støtte til skulefritidsarbeid, leir og utdanning for fattige barn». Dette var dagens
offerføremål og er eit prosjekt som både Bru og Eikefjord
sokneråd støttar. Hausttakkefesten vart avslutta med at kyrkjelyden fekk smake på «markens grøde» og nystekte bollar, saft
og kaffi.
Tekst og foto: Anders Tyvold
KINN K YRK JEBL AD 2015
5
Gudstenesteliste til kyrkjebladet advent og jul 2015
SØNDAG 29.NOVEMBER. 1. SØNDAG I ADVENT.
Florø, kl. 11.00
Høgmesse med dåp Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Eikefjord, kl. 11.00
Familiegudsteneste med nattverd: Lys Vaken. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
SØNDAG 6. DESEMBER. 2. SØNDAG I ADVENT.
Florø, kl. 11.00
Familiegudsteneste med nattverd: Lys Vaken. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Svanøy, kl. 16.00
Familiegudsteneste. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
FREDAG 11. DESEMBER
Stavang, kl. 18.00
Lysmesse med song og musikk. Leirvik. Takkoffer til Nesholmen Leirstad.
SØNDAG 13. DESEMBER. 3. SØNDAG I ADVENT.
Nordal, kl. 15.00
Lysmesse med song og musikk. Kor. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsen.
Eikefjord, kl. 19.00
Lysmesse med song og musikk. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelyden.
Florø, kl. 19.00
Lysmesse med song og musikk. Nattverd. Nesse. Takkoffer til Amnesty International.
TYSDAG 15. DESEMBER
Askrova, kl. 17.30
Familiegudsteneste og juletrefest. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
SØNDAG 20. DESEMBER. 4. SØNDAG I ADVENT.
Brandsøy, kl. 11.00
Høgmesse. Prost Reidar Knapstad. Takkoffer til bedehuset.
Eikefjord, kl. 19.00
Julekonsert. Eikefjord Skulemusikk, Koriander og organist Anasastasiya Bazhenova.
JULAFTA 24. DESEMBER
Furuhaugane omsorgssenter, kl. 11.00
Flora omsorgsenter,
kl. 12.00
Florø, kl. 14.00
Stavang, kl. 14.00
Nordal, kl. 14.00
Florø, kl. 16.00
Eikefjord, kl. 16.00
JULEDAG 25. DESEMBER
Eikefjord, kl. 13.00
Florø, kl. 13.00
Julegudsteneste. Florø Hornmusikk speler etter gudstenesta. Nesse.
Julegudsteneste. Florø Hornmusikk speler før gudstenesta. Nesse.
Familiegudsteneste. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Familiegudsteneste. Nesse. Takkoffer til Norsk flyktningehjelp.
Familiegudsteneste. Øien. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Familiegudsteneste. Leirvik. Florø Skoles Musikkorps. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Familiegudsteneste. Øien. Eikefjord skulemusikk. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Høgtidsgudsteneste med nattverd. Leirvik og Anastasiya Bazhenova, Hilda og Kolbjørn Taklo.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Høgtidsgudsteneste med nattverd. Florø Hornmusikk. Nesse.
Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
ANDRE JULEDAG 26. DESEMBER
Rognaldsvåg, kl. 16.00
Familiegudsteneste og juletrefest. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Nordal, kl. 20.00
Juletrefest på idrettshuset. Leirvik.
SØNDAG 27. DESEMBER
Florø, kl. 11.00
Høgmesse med dåp. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Batalden, kl. 16.00 Familiegudsteneste og kyrkjekaffi. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
NYÅRSAFTA 31. DESEMBER
Florø, kl. 23.00
Kveldsgudsteneste. Nattverd. Øien. Takkoffer til Kinn diakonat.
FREDAG 1. JANUAR. NYTTÅRSDAG JESU NAMNEDAG
Eikefjord, kl. 11.00
Høgmesse med dåp, Øien.
6
KINN K YRK JEBL AD 2015
DØYPTE
KINN:
30.08.15
13.09.15
04.10.15
18.10.15
25.10.15
07.11.15
15.11.15
22.11.15
Emil Magnussen Seljeseth
Viljar Svarthumle Grønsberg
Vilde Linnea Nilsen Myre
Audun Hansen Midtbø
Filip Christer Manhusen Aadland
Tom Egil Randa Olderøy
Emilie Nordeng Eikeland
June Marie Sørbotten Midtbø
Alba Steinset Haukås
Mathea Nordstrand
Mathilde Banne Knudsen
Ida Sofie Helle Brandsøy
Benjamin Berg Løvfald
Cecilia Svardahl Hovden
Døypt i Askrova bedehuskapell
Anine Lillefosse Lillenes
Maren Brandsøy Aalen
Tobias Nedrebø Strømmen
Emma Tresnes Korneliussen
Liam Elvebakke Frøyen
BRU:
12.09.15
Kristoffer Hovda Helling Svanøe
EIKEFJORD:
13.09.15 Jorunn Barlund Aarøy
18.10.15 Tian Johannes Søfteland Midtgard
Frida Øren Bjørvik
15.11.15 Roar Apalseth Kalland
Celine Holme Barlund
VIGDE
EIKEFJORD:
19.09.15 Anita Sommerstad og Arne Egil Eikevik.
Vigde i Eikefjord kyrkje.
KINN:
29.08.15
18.09.15
07.11.15
DØDE
KINN:
27.07.15
28.08.15
01.09.15
07.09.15
08.09.15
08.09.15
12.09.15
13.09.15
15.09.15
21.09.15
22.09.15
28.09.15
19.10.15
21.10.15
29.10.15
02.11.15
02.11.15
04.11.15
Jon Ole Hammerseth
Askrova gravplass
Kåre Ragnar Bremnes
Frode Øyvind Brandsøy
Slettevoll gravplass
Grethe Solberg
Karl Johan Valvik
Askrova gravplass
Aksel Gulbrandsen
Per Erling Kjørlaug
Aud Karin Sande
Olav Andreas Grøneng
Slettevoll gravplass
Børre Alexander Bredesen
Olaug Stavø
Emil Fimland
Arthur Våge
Oddrun Gulbrandsen
Alf Pedersen
Henrik Mathias Mortensen
Harry Ertresvaag
Ida Tahooni Kivi
f. 12.06.1955
EIKEFJORD:
08.09.15
13.10.15
16.10.15
20.10.15
29.10.15
Hella Torunn Sæterlid
Ola Dagfinn Hovland
Svein Ottar Storevik
Nelly Turid Løkebø
Sigmund Redal
f. 24.03.1924
f. 24.01.1948
f. 08.08.1942
f. 13.06.1929
f. 17.11.1930
NORDAL:
09.09.15
Gunnar Midtbø
f. 02.02.1938
BRU:
05.09.15
30.09.15
Malvin Grytten
Anne-Bolette Haave
f. 20.04.1929
f. 10.03.1927
f. 29.09.1942
f. 26.03.1949
f. 19.09.1936
f. 19.12.1923
f. 01.01.1941
f. 07.03.1935
f. 18.05.1946
f. 07.06.1923
f. 02.11.1969
f. 11.11.1923
f. 18.04.1935
f. 31.10.1957
f. 01.11.1944
f. 01.09.1943
f. 12.10.1927
f. 12.09.1949
f. 10.01.1997
Britt Sissel Solheim og Kenneth Aardal.
Vigde i Florø kyrkje.
Anastasiya Bazhenova og Nico Gotthardt.
Vigde i Florø kyrkje.
Renate Solheim Berg og Stian Løvfald.
Vigde i Florø kyrkje.
KINN KYRKJEKONTOR
Strandgata 43 • Postboks 504, 6903 Florø
Tlf. 57 75 25 30 • Faks 57 75 25 31
Sokneprest: Knut Magne Nesse
[email protected] • tlf. 917 13 275
E-post: [email protected]
Heimeside: www.kinn.kyrkja.no
Sokneprest: Dag Leirvik
[email protected] • tlf. 917 32 150
Kontortid: Mandag – fredag kl. 10.00 – 15.00
Kantor: Sebastian Ryll
[email protected] • tlf. 468 02 747
DEI KYRKJELEGE TILSETTE
Organist: Anastasiya Bazhenova
[email protected] • tlf. 954 39 909
Dagleg leiar: Herdis Elin Lexau
[email protected] • tlf. 918 13 569
Kyrkjelydspedagog: Björn Pettersson
[email protected] • tlf. 974 11 764
Sokneprest: Benedicte Øien
[email protected] • tlf. 916 45 165
Kyrkjelydspedagog: Kari Oline Åshamar
[email protected] • tlf. 476 38 174
KINN K YRK JEBL AD 2015
7
Gudstenesteliste – vinteren 2016
Fredag 1. januar, Nyttårsdag Jesu namnedag
Eikefjord, kl. 11.00
Høgmesse med dåp, Øien.
Søndag 3. januar, Kristi openberringsdag
Florø, kl. 11.00 Høgmesse med dåp, Øien.
Søndag 10. januar, 2. søndag i Kristi openberring
Florø, kl. 11.00
Høgmesse med nattverd, Leirvik og
Frøyen. Misjonsdag NMS.
Eikefjord, kl. 16.00
Høgmesse med nattverd, Leirvik.
Søndag 17. januar, 3. søndag i Kristi openberring.
Florø, kl. 11.00
Familiegudsteneste med dåp,
Nesse og Åshamar, 6-årsbok.
Nordal, kl. 16.00
Høgmesse, Nesse.
Søndag 24. januar, Såmannssøndag
Florø, kl. 11.00
Familiegudsteneste med nattverd,
Øien og Pettersson.
Eikefjord, kl. 11.00
Familiegudsteneste, Leirvik.
Rognaldsvåg, kl. 16.00 Høgmesse, Øien.
Stavang, kl. 16.00
Familiegudsteneste, Leirvik.
Søndag 31. januar, Kristi forklaringsdag.
Florø, kl. 11.00
Høgmesse, Nesse.
Batalden, kl. 16.00
Høgmesse, Nesse.
Søndag 7. februar, Fastelavensøndag.
Florø, kl. 11.00
Familiegudsteneste med dåp,
Øien og Åshamar. 4-årsbok.
Eikefjord, kl. 11.00
Høgmesse, Leirvik.
Nordal, kl. 16.00
Høgmesse. Øien.
Askrova, kl. 16.00
Høgmesse, Leirvik.
Søndag 14. februar, 1. søndag i faste
Florø, kl. 11.00
Høgmesse, Nesse.
Rognaldsvåg, kl. 16.00 Høgmesse, Nesse.
Den norske kyrkja
Kinn kyrkjelege fellesråd
harledig
ledig100%
to 5%stilling
stillingar
har
somsom
SOMMARVIKAR
klokkar i Florø kyrkje
Søkjarar må vere over 18 år, ha førarkort og kunne
handtere
klippereiskap.
stillinga
kan
Meir
informasjon
omSpørsmål
stillingaom
kan
rettast
til
rettast
til
tlf.
57
75
25
33.
Kinn kyrkjekontor tlf 577 52 530.
Søknadsfrist 26. mai. Søknad med vitnemål og
attestar skal
sendast
Kinnkyrkjelege
kyrkjelege fellesråd,
Søknad
sendast
tiltilKinn
fellesråd,
boks 504, 6903 Florø,eller til [email protected]
Boks 504, 6903 Florø eller til
[email protected]
Søknadsfrist: 05.12.15.
8
Søndag 21. februar, 2. søndag i faste
Florø, kl. 11.00
Høgmesse med dåp, Leirvik.
Eikefjord, kl. 16.00
Høgmesse, Leirvik.
Søndag 28. februar, 3. søndag i faste
Florø, kl. 11.00
Familiegudsteneste, Nesse og
Åshamar, Tårnagentar 3. klasse.
Nordal, kl. 11.00
Familiegudsteneste, Øien.
Stavang, kl. 16.00
Høgmesse, Øien.
Batalden, kl. 16.00
Høgmesse, Nesse.
Søndag 6. mars, 4. søndag i faste
Florø, kl. 11.00
Høgmesse med dåp, Leirvik.
Eikefjord, kl. 16.00
Høgmesse, Leirvik og Pettersson.
Søndag 13. mars, Maria budskapsdag
Florø, kl. 11.00
Høgmesse, Øien.
VI YNSKJER
VELKOMEN TIL NY
MEDARBEIDER
Anastasiya Bazhenova har
sidan januar vore vikar som
organist og vi er særs glade
for at ho har takk ja til å fortsette i jobben no som fast
tilsett frå 01.01.2016.
Ho er ein veldig flink musikar og ser ut til å ha funne
seg godt til rette i staben og
Florø.
BIBELDAGEN 24. JANUAR 2016 I EIKEFJORD
Mange har nok merka seg glassmonteren som er hengt
opp bak i Eikefjord kyrkje. På bibeldagen 24.januar blir
det ei markering og da kan kyrkjelyden få sjå Eikefjord
kyrkjes første bibel frå 18..? Og ei gammal salmebok der
det er skrevet «Egefjord-ens Capel 1843 H Irgens» (Hans
Hartvig Irgens var sokneprest i Kinn 1839–1854). Fleire
gamle kyrkjebøker blir også vist fram.
På bibeldagen kan vi sjølvsagt ikkje berre vere museal. Gudstenesta blir prega av bibeldagen og i 2016 er
det fokus på bibler til flyktningar i Ukraina med særleg
fokus på:
•
•
•
•
Bibler til flyktninger fra Øst-Ukraina
Bibelutgaver for ungdom
Barnebibler til barnehjem i øst
Bibler til barn og ungdom med kreft etter
Tsjernobylulykken i 1986
• Nytestamenter i stor skrift til aldershjem
KINN K YRK JEBL AD 2015
FLORA KOMMUNE
KF INNVANDRARSENTERET
er eit kompetansesenter i
flyktning- og innvandrarspørsmål
til bruk for alle i Flora kommune.
Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø
Tel. 57 75 29 20
[email protected]
www.fokuselektro.no
Ta kontakt og avtal tidspunkt!
Hamregata 34, 6900 Florø
Tlf. 57 74 06 80 | Mobil 95 24 0 50
[email protected]
STATOIL - TIPPING
POST I BUTIKK
EIKEFJORD HANDEL AS
Industrivg., 6900 Florø • tlf. 57 75 21 40
[email protected] • www.origod.no
Telefon 57 74 47 16
T: 57 75 25 90 / 99 27 13 30
E: [email protected]
Din profesjonelle
renholdsleverandør
6917 BATALDEN • Tlf. 905 46 148
[email protected]
www.bb.servicesystem.no
Tlf. 971 67 000
Utsalg 57 74 20 42
Gartneri 57 74 22 94
[email protected]
Strandgata 31, Florø
Det skjedde i dei dagar
Årboka for Sogn og
Fjordane, kvart år
sidan 1993. Kva
skjedde det året du
vart fødd, gifte deg,
fekk barnebarn?
Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as
– Alt i catering –
SNORRE JERNVARE A/S
ORRE JERNVARE A/S
Amfisenteret, 6900 Florø
Tlf. 57 74 28 08 / 57 74 15 40
Faks 57 74 15 41
– verdensledende
produsent av fiskefôr
Bladpenger
Vi minner om bladpenger til Kinn kyrkjeblad.
Dei er for tida 250 kroner.
Rask levering! • Tlf. 57 75 20 20
FLORØ INTERIØR A.S.
Staden for bryllaup, slektsstemne,
kurs, kiosk, overnatting, hytter.
GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER
Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66
6829 Hyen – Tlf. 57 86 96 54
Hjellegata 6, 6900 Florø
Tlf. 57 74 03 66
Følg oss på
Vi har no rimelege
gravmonument
frå kr
8.000,-
inkl. namn ferdig montert
Namnetilføying – skrifthogging
og oppussing av gravmonument
Lindbøen 2, 6800 Førde
Kontonummer: 3775.20.53619
– ditt byrå i fjordane
KINN K YRK JEBL AD 2015
Vakt tlf. 57 82 70 30
Lindbøen
2, 6800
Førde
Markegt. 40/42,
6900
Florø Vakt tlf. 57 74 31 36
www.fjordan.no
A til Å - www.atilaa.no
www.selja.no
[email protected] • 57 83 22 20
Kontakt oss for personlege sanger,
takkekort og alle andre trykksaker!
9
TRUSOPPLÆRINGA VÅREN 2016
MINILEDARKURS (MILK)
BABYSONG:
Misjonsheimen i Florø: Tysdagar kl. 11–13. Start: 5. januar.
Eikefjord, Ahuset på eldretunet: Onsdagar kl. 11–13.
Start: 20. januar.
SMÅBARNSSONG I FLORØ: Minst 2 gonger i vårsemesteret,
dato blir annonsert.
«SPRELL LEVANDE» held fram i vårsemesteret i alle sokn, vil du vere med, så heng på !
Drama på Milkhelg. Gudstenestedagen i Florø kyrkje 8. nov.
«Sprell levande» i Stavang på tur. Foto: Hildur Sørdal.
Dette er «kvardagssøndagsskule» for born frå omlag fire år,
med song, lystenning og bøn, bibelfortelling, leik og forming.
Borna får utdelt ca. 15 «Barnas» (søndagsskuleblad) i året.
Plan fram til påske, veke 12 :
Florø: Start 13. januar kl. 17.30 på Misjonsheimen, vidare onsdagar kvar veke utanom vinterferien.
Eikefjord: Start 12. januar kl. 17.30 i kyrkja, vidare tysdagane
26. januar, 9. februar, 23. februar og 8. mars.
Nordal: Start 19. januar kl. 18 på Solheim skule, vidare tysdagane: 2. februar, 2.0 mars og 15. mars.
Stavang: Held fram i kyrkjesalen ca ein laurdag i månaden, sjå
plakat på butikken.
I kyrkjelyden har vi fleire flinke ungdomsleiarar som gjer
en kjempejobb. Det skulle ikkje gå å ha konfirmantleir
og ein del barnaktivitetar utan dei. Og det er kjekt å ha
dei med!
Men korleis finn kyrkja ungdomsleiarar?
Kvart år er det nokre konfirmantar som spør om de
kan bli med som leiar neste år. Innen dei kan bli med, er
det viktig at dei får lære kva det er å vere leiar.
Sokneprest Knut Magne Nesse har difor kvart år eit
minileiarkurs for ungdomane. Deltaking i leir, nattcup og
andre aktivitetar er ein del av utdannelsen. Dei har nokre undervisingstimar og ei felleshelg med MILK:ane frå
Førde.
Etter at kurset er ferdig får deltakarane eit bevis som
er bra å kunne vise når de søkjer jobb og utdanning.
Florø
kyrkjes
barnekor.
BOK TIL 4-ÅRINGAR:
4 år i KINN: Søndag 7. februar kl. 11 i Florø kyrkje for dei som
fyller 4 år første halvår 2016. Det er «blikjent-samling» laurdag
6. februar, invitasjon i brev. 4-åringar på øyane blir kontakta
om utdeling. Dei andre 4-åringane får bok til hausten.
BIBELDAG i Florø kyrkje 24. januar med frukost for 5. klassingar kl. 9 og gudsteneste kl. 11.
BIBELDAG i Eikefjord kyrkje 24.januar med 5. klassingar,
gudsteneste kl. 11.
BIBELDAG i Stavang kyrkje 24.januar med 5. klassingar,
gudsteneste kl 16.
TÅRNAGENTHELG I FLORØ KYRKJE
for 3. klassingar i Kinn 27.–28.
februar. Allsidig program laurdag kveld. Overnatting heime.
Øving til gudstenesta søndag
morgon. Invitasjon i brev.
FLORØ KYRKJE BARNEKOR: Born frå 5–7 år øver kvar onsdag
kl. 16.45–17.30 på Misjonsheimen. Eldre born øver etterpå.
Oppstart 2016: 20. januar. Kontakt: Organist Sebastian Ryll.
SPEIDARAR:
Florø KFUK-KFUM sine jentespeidarar har møte tysdagar kl.
17.30–19.
Oppdagarane og Stifinnarane på Misjonsheimen.
Vandrarane på Brandsøy bedehus.
Kontakt: Oddrun Furesund tlf. 456 05 726.
Frelsesarmespeidarane, både gutar og jenter:
Møte onsdagar på Frelsesarmeen.
Kontakt: Rune Rasmussen, tlf. 916 40 580.
Har du spørsmål om trusopplæringa?
Kontakt: Kari Oline Åshamar, [email protected]
10
KINN K YRK JEBL AD 2015
Deltakarar på haustleir, trusopplæringa sitt dagtilbod i Florø i
haustferien, får oppleve mange ulike ting. Kontakt med Skaparen, kvarandre og skaparverket er eit mål. Etter morgongymnastikk på leikeplassen til barneskulen, hadde vi morgonsamling med song, lystenning og forteljing kvar dag. På misjonsheimkjøkkenet laga vi gruppevis vafler, kaker eller grønsakfat,
medan dei andre forma, las eller spela kort.
Nesten alle dagar var vi på tur. Måndag vandra vi, nokre
med stav i hand, til Sørstrand, og jakkene måtte av i sola. Nokre
fanga krabbar, og nokre studerte fjøreroser, og det var vanskeleg å bryte opp.
I år skulle vi bli kjende med personen Moses, slik han er
skildra i gamletestamentet. Vi fletta korger ilag med Martha, og
tenkte på den korga han flaut i på Nilen. Nokre laga portrett
med mose(s)skjegg og hår av den tøffe sauegjetaren Moses
som vart leiar for hebrearane si utferd frå Egypt. «Skjegg» var
mose og lav vi samla på Erikstad på Svanøy, og Sol gav oss villsau-ull til hår. På Erikstad fekk uerfarne ryttarar ri på erfarne
hestar, og på eine biletet kosar vi med ein vakker ryggjasau.
Frittgåande fargeglade høner leverte egg som vi kokte neste
dag, og vi åt niste i eldhuset med bål i gruva. Vi fekk også tid til
å studere steinkrossen på gravplassen. Ei humle som hadde
vakna frå dvale i solvarmen, overraska ei av jentene med eit
siste stikk på kaia, og ei jente fekk rusk i auget då ho klatra i ei
gran. Elles gjekk alt bra på turen.
Torsdag tok vi ein tur til Storåsen, og der var det både bunkersar å klatre i og ei lauvhytte som fekk opp-pussing i form av
einstapeblad. Stilkane på einstapen har kvasse fibrar, så det var
bra vi hadde med plaster.
Fredag hadde vi avslutning i kyrkja. Borna song «When Israel was in Egypts land» under leiing av organist Anastsiya,
las tekstar, og dramatiserte saman med Dag Leirvik bibelfortellinga om Jesus som oppvekte sonen til enkja i Nain.
Underteikna var med alle dagane, og eg har stor glede av å
bli kjend med borna, så fredagen er litt vemodig, når vi tek
farvel. Nokre av deltakarane kjende kvarandre frå før, men
alle fekk nye vener denne veka.
I tre år har vi prøvd ut haustleir, og funne fram til eit variert opplegg. Målgruppa er no 2.,3. og 4. klasse. I år var det
mest jenter, før har det vore nesten like mange gutar. Nokre
av borna har vore med fleire år, og yngre søsken vil kanskje
vere med neste gong. Siste to åra har det vore om lag ti
deltakarar, og vi har kapasitet til fleire. Men vi er avhengige
av frivillege medarbeidarar ilag med tilsette i kyrkja. Takk til
alle frivillege som var med !
Kari Åshamar
TRUSOPPLÆRINGA
Frå Moses til mose
TRUSOPPLÆRING I ADVENTSTIDA
BABYSONG I FLORØ: Siste gong før jul: 15. desember.
EIKEFJORD, NORDAL OG BRU: Eikefjord kyrkje 28. – 29.
nov., 1. helga i advent. (6. og 7. klasse)
KINN: Florø kyrkje 5. – 6. des., 2. helga i advent. (7. klasse)
JULEVERKSTAD FOR 2. KLASSINGAR I KINN:
Onsdag 2. des. kl. 17.30 – 19.00 eller onsdag 16. des.
kl. 17.30 – 19.00 på Julehuset.
SPRELL LEVANDE:
FLORØ: Siste samling før jul blir
saman medJuleverkstad 2. des.
eller 16. des.
EIKEFJORD: Avslutning 15. des.
NORDAL: Avslutning på julegrantenning 13. des.
STAVANG: Avslutning på lysmesse 22. des.
KINN K YRK JEBL AD 2015
11
Konsertar i kyrkjene
FREDAG 27. NOVEMBER: «Stille natt» i Florø kyrkje kl. 17.30.
SØNDAG 29. NOVEMBER: Adventskonsert i Florø kyrkje, kl.
18.00: Kinn Kyrkjekor, barnekora, Otto Søvig, Ann Kristin Takle
Winterthun og elevar frå Kulturskulen.
LAURDAG 5. DESEMBER:
Florø kyrkje kl. 15.00: Konsert i samband med Helge Sårheim sitt
50-årslag. Nora Sårheim m.fl. deltek. Takkoffer til Frelsesarmeen.
SØNDAG 13. DESEMBER:
Florø kyrkje kl. 13.00. Florø Hornmusikk.
SØNDAG 20. DESEMBER: «Fryd» i Florø kyrkje kl. 20.00.
Songkoret Fryd inviterer til stemningsfull kveldskonsert. Repertoaret i år byr på både gamalt og nytt, men som alltid vert det lagt
vekt på stemningar og klang. Koret har øvd inn nye arrangement
samtidig som dei tek med seg nummer som publikum vil kjenne
igjen frå tidlegare konsertar. Fryd har også i år med seg gjester,
m.a. Kristian Havn som tenorsolist og Kolbjørn Taklo på hardingfele. Fryd håpar alle som kjem vil få ei fin stund i kyrkja denne siste
søndagen før jul.
SØNDAG 20. DESEMBER: Julekonsert i Eikefjord kyrkje kl. 19.00
med Eikefjord Skulemusikk, Koriander og organist Anasastasiya
Bazhenova.
LILLEJULAFTA 23. DESEMBER: Midnattskonsert lillejulafta i
Florø kyrkje kl. 21.00 og 23.00. Det er 22. året Vestklang arranger
midnattskonsert i Florø kyrkje, noko vi er stolte av, og glade over å
vere ein del av. Konsertane er gratis, og er vår kjekkaste julegåve
til Florøfolk! Mange ting rundt oss er i endring, men når det gjeld
julekonserten er programmet mykje likt år for år! Å kome saman å
finne samklang og samhald gjennom tonar og ord, er i seg sjølv ein
rikdom. Gjennom tonane og kyrkjerommet håpar vi å vere med å
skape ei stemning der helgafreden kan sige inn og varme sjel og
sinn. Vestklang ynskjer alle hjarteleg velkomne til midnattskonsert!
TYSDAG 29. DESEMBER: Florø/Bremanger Brass held julekonsert i Florø kyrkje kl. 18.00.
LAURDAG 2. JANUAR: Florø kyrkje kl. 18.00. Florø Hornmusikk
med gjestar held tradisjonell nyttårskonsert.
12
Julekonsert: Kvedarkvintetten
Eikefjord kyrkje søndag 29. nov. kl. 20.00,
Klokkeklare stemmer, tette harmoniar – og lysande mjuke
smil! Det er lett å la seg begeistre og komme i julestemning
når dei fem jentene i Kvedarkvintetten frå Hallingdal slepper julesongen laus. Tre av dei heiter Myhr og to Risdal Liahagen, og trass sin unge alder, har dei alle i lang tid vore
aktive i folkemusikkmiljøet. Vi kjenner dei frå Førdefestivalen og ikkje minst frå TV-ruta; i det flotte juleprogrammet
Julefolk i 2011.
Kvedarkvintetten har som mål å få meir av tradisjonssongen frå Hallingdalen fram i lyset, og dette vil også vere
gjeldande for repertoaret på julekonserten. – Det blir mykje julesong i hallingdaltradisjon, seier Margit Myhr. – I tillegg har vi med andre songar vi er glade i. Tekstane i julesongane vil nok vere velkjende for dei fleste, men kanskje
ikkje melodiane, som for det meste vil vere henta frå Hallingdal.
Dei fem jentene kjem frå to sterke folkemusikkfamiliar
på Torpo i Hallingdal, og har sunge saman sidan dei var
små. – Dette gjer at vi har eit felles uttrykk, og det fell naturleg for oss å synge saman og følgje kvarandre i songen,
seier Margit. Kvedarkvintetten legg vekt på variasjon, og
vartar opp med alt frå raske, fartsfylte songar, til vare,
stemningsfulle balladar; frå unison slåttetralling til firestemde viser.
Arr. Folkemusikkfestivalen
Nokre av konsertane har billettsal. Sjå plakatar og annonse!
GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK, FLORØ
KINN K YRK JEBL AD 2015