Hordaland supporter 5

Transcription

Hordaland supporter 5
LAURDAG SPORT
HORDALAND 3. OKTOBER 2015
19
e FK møtte Godfoten onsdag. Lillian Midttun (f v) Torunn Bruvik, Emil Bruvik og resten av Snabben-gjengen jublar.
må han gå heim!
BESTEMOR TORUNN BRUVIK
heftige taktikkdiskusjonar etterpå blæs
Crook 2. omgang i gang.
Godfoten får ein pangstart på omgangen.
– Jaaa! jublar Ingvild Maria Grindeland då Lars Erik Bjørke sender Godfoten opp i leiinga like etter pause. Folk
ser rart på henne. Ho har ikkje heilt fått
med seg at det har vore sidebyte.
– Å, neiiii ... det var feil veg, seier ho då
det går opp for henne kva som eigentleg
skjedde.
– Haha. dette må du ikkje skriva i
avisa, ler ho.
Manageren er ikkje nøgd med kommunikasjonen ute på kunstgraset.
– Snakk saman! ropar Bidne.
Snabbane er litt uroa for at det skal gå
mot tap for heltane frå Stronde. Ytst i
fan-gruppa på sidelina står kveldens
ivrigaste publikummar, Lillian Midttun.
Ho er mor til 17-årige Thomas Bruvik
som spelar på laget.
– Det er kjekt å gå på desse kampane.
Eg plar å vera her, seier ho.
Bestemor Torunn Bruvik er også ivrig.
– Skårar han ikkje i dag, må han gå
heim! seier ho – med latter i røysta.
– Å kom igjen no, ropar Lillian Midttun. Ho augnar håp. Gutane kjempar seg
hardt inn i kampen igjen.
Og 20 minutt ut i kampen tek Espen
Simonsen ansvar og skårar utlikningsmålet, 3–3, til full Snabb-jubel.
Begge lag jaktar sigersmålet dei siste ti
minutta. Innsatsen er på topp. Sebastian
Adam Ozarowski jobbar hardt og skaper
sjansar. Roald Nåsen Neteland er stadig på farten. Vegard Klette byr stadig
på problem for Stronde, men Øystein
Simonsen i mål ordnar opp. Og Joakim
Lirhus er svært nær ved å bli matchvinnar. Men skotet endar i stanga og ut.
Barry Crook oppmodar publikum om
å ta bylgja før det er for seint. Og ingen
fleire mål finn vegen til nettmaskene før
han blæs i fløyta.
– Eg såg eg hadde sjansen, og trudde eg
skulle skåra. Men stonga stod i vegen i
dag, seier Joakim Lirhus etter oppgjeret.
Den tidlegare A-lagsspelaren på Voss,
stortrivst i TeBe-serien.
– Dette er eit kjempetilbod for folk som
gjerne vil spela fotball, men som kanskje
ikkje har tid til å bruka så mykje tid på
dette som ein må på eit A-lag, seier han.
NIANDE STRAKE. Sesongen er over.
Stronde FK har hamna på 3. plass i TeBe-serien. Og turneringsleiar Terje Øye
delar ut glaspokalen til klubben.
– Gratulerer med 3. plassen. Hadde
det vore premie for stemning og idrettsglede, hadde Stronde vunne gull, seier
Øye. I år har berre fire lag fullført Tebeserien. Ørnar har teke ein suveren siger
– og vann for 9. år på rad. Øye fortel at
TeBe-serien vart starta i 1995, og tok utgangspunkt i ein tidlegare lokal bedriftsserie. Nokre år var serien så populær at
det var serie A og B, med ned- og opprykk. I alt har Ørnar 10 sigrar i serien.
»»