Frivilleg innsats bergar viktige buer Vil skape ein
Transcription
Frivilleg innsats bergar viktige buer Vil skape ein
6 nyheiter Onsdag 29. juli 2015 Firda Godt i gang: Ove Losnegård, Bjarte Hellebust, Torbjørn Espedal, Magne Midtbø og Jan Hagen har ferdigstilt restaureringsarbeidet for denne gang. Slik ser buene ut i sommar, Foto: Siri-Ann Roska men planen er at buene skal bli slik dei såg ut for om lag hundre år sidan. ■ Frivilleg innsats bergar viktige buer ■ Vil skape ein samlingsstad i bygda att Reiser krambua til orig Solund: Frivilleg innsats gjorde det mogleg å starte eit omfattande restaureringarbeid i Hersvikbygda i mars 2015. Siri-Ann Roska [email protected] 977 94 511 – Mykje råteskadd reisverk er skifta heilt eller delvis ut. For meg er det stort å sjå at buene no kan vere redda, seier Inge Malvin Hugøy som er nestleiar i buanemnda og har ansvar for tilrettelegging. No har delar av buene fått ny kledning etter buene vart plata på slutten av 70-talet. – Dei var i så dårleg forfatning at visst vi skulle ta vare på dei, måtte det gjerast noko no, fortel Hugøy. Målet er at buene skal tilbake til slik dei var i 1929. På Hersvik var dei eit viktig samlingspunkt for Nord-Solund, men frå 70-talet stod buene tomme. Viktig samlingsstad – Krambua var livets teater då eg var gutunge. Det kom dampbåtar og var handledag, seier Hugøy, som eigentleg er busett i Bergen, men har sterk tilknyting til Hersvik. Den søre bua er bygd i bindingsverk og var delar av ei større saltebu på Kinn før den Arbeidsgjengen: Inge Hugøy framme til venstre. kom til Hersvik i byrjinga av 1920-åra. Nordre bua var løe i Bremanger før den vart sett opp i Hersvik i 1929. – Formålet har vore å skape ein samlingsstad i nord-Solund igjen. Både for bebuarar og tilreisande om sommaren. Noko som har vist seg å vere svært vellykka. Her går praten lett og gamle minner blir kalla fram desse få timane Krambua fungerer som kafe om laurdagane, fortel Hugøy. Firda nyheiter Onsdag 29. juli 2015 7 Forventar betring: Svein Arne Skuggen Hoff hos Fylkesmannen. Arkivfoto Startar nettverk frivillige: Hildur Stølsvik og Rigmor Hugøy arbeider frivillig i kafeen som serverer gjestar kvar laurdag. Inne i buene er gamle gjenstandar og maritimt utstyr på utstilling. Desse er anten gåve eller på lån Foto: Siri-Ann Roska av privatpersonar. gamle dagar: Slik såg buene ut på 1920-30-talet. Foto: Ukjent Solveggen: Fint vêr gjorde at gjestane sat ute. tt ginal stand I 2006 inngjekk Sogelaget leigeavtale med eigar Jorunn Færøy, og sidan det har krambua hatt opne laurdagskafear, kaidagar, julemesse og andre aktivitetar som har samla folk frå fjernt og nært. Sogelaget har samla inn midlar og søkt om tilskot til restaureringa av buene. – I løpet av desse åra, har det vore hundrevis av besøkande til buene. Det er mange frivillige som har gjort ein stor og imponerande innsats for at dette tilbodet skal haldast ope, seier Hugøy, og presiserer at utan dei så hadde dette vore umogleg. Ny restaureringsomgang Første omgang med restaurering er ferdig. Likevel er det ein del arbeid som står att for at buene kan stå heilt klare og tilbake i originalstand. – Håpet er no at det blir skaffa nye midlar til at eit nytt restaureringsarbeid kan starte neste vår. Slik at buene kan stå fram i ny prakt og som eit vitnesbyrd over det som våre forfedrar på imponerandevis klarte å skape med enkle midlar og tilgjengelege løysingar, seier Hugøy. I mellomtida står blant anna Hildur Stølsvik i krambua og steiker vaflar, kokar kaffi og blandar saft, slik at prosjektet kan komme heilt i hamn. – Det har vore veldig positivt å vere med å hjelpe til. Spesielt har det vore kjekt om sommaren då det er mange feriefolk og hytteeigarar som tar turen innom, seier Hildur. Ho har vore med heilt sidan avtalen vart gjort, så det er niande året ho arbeider dugnad i krambua. I kafeen har dei gjestebok der Hildur pent ber alle besøkande om å skrive seg inn. I eit så lite bygdesamfunn er det ikkje alltid like lett å vite kor mange som kjem innom. – Nokre dagar er det berre 10, medan andre dagar er det 80, seier Hildur og ler. Fylket: Fylkesmannen og fylkeskommunen har i samråd med KS og kommunane i fylket starta opp regionvise læringsnettverk innan planområdet. Formålet med dette nettverket er samarbeid og erfaringsutveksling, samt tettare dialog mellom regionalt nivå og kommunane. Fylkesmannen opplyser om at det vert etablert tre nettverk: eitt for dei sju kommunane i Nordfjord, eitt for dei ni kommunane i Sogn regionråd og eitt for dei ni kommunane i Sunnfjord og HAFS. I juni vart det gjennomført oppstartsmøte i dei tre nettverka, og det vert lagt opp til opp mot fem møter i kvart nettverk første året. Fylkesdirektør for plan og samfunn i fylkeskommunen, Svein Arne Skuggen Hoff, og fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen, Nils Erling Yndesdal, forventar at etableringa av desse nettverka vil bidra til at alle plannivå i fylket skal bli betre på planlegging. Refleks til dyr Fylket: I sommar kan du sjå storfe, sau og geit med refleks beitande i Våtedalen, Bøyadalen, Utvikfjellet og Kjøsnesfjorden opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Utviklinga av refleksprodukt til husdyr er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen region vest og Moen Bjøllefabrikk. Fleire stader i fylket, og i landet elles, oppheld beitedyr seg i og ved trafikkerte vegar, noko som kan by på farlege situasjonar. Difor vart det i 2014 starta eit prøveprosjekt for å utvikle refleksprodukt til husdyr som beitar og oppheld seg i og ved vegen opplyser Fylkesmannen.