Kulturdagane 2015
Transcription
Kulturdagane 2015
PROGRAM KULTUR DAGANE PROGRAM KULTUR DAGANE PROGRAM Søndag 1. november kl 11.00 Tysdag 3. november kl 19.30 Laurdag 7. november kl 18.00 EGIL HOVLAND: «ALLEHELGENMESSE» MARIT CHRISTENSEN: «KYRKJE OG STAT I RUSSLAND – SOM HAND I HANSKE?» «SANGEN OM MARIA» Gudsteneste: Spjelkavik kyrkjekor, Blåsegruppe, kapellan Morgan Berg og kantor Ola Eide. Kollekt. Spjelkavik kyrkjekor har gjennom mange år framført Egil Hovland sine temamesser. I år blir den overmåte vakre og gripande «Allehelgenmesse» å høyre på Allehelgensdag. Kantor Ola Eide leier kor og blåsegruppe. Kapellan Morgan Berg er liturg. Søndag 1. november kl 18.00 Temakveld med NRK-korrespondent i Moskva Marit Christensen. Billett kjøpes www.kulturialesund.no, tlf. 70 16 24 68, kr 150,Marit Christensen er journalist og kjenner russisk kultur og historie godt etter mange år som profilert NRK-korrespondent i Moskva. I kveld tar ho for seg forholdet mellom kyrkje og stat i Russland. Det har alltid vore tett – anten tsaren heitte Nikolaj eller Vladimir. Som hand i hanske at Volda Vokal deltek med utdrag frå Sergei Rachmaninoff sin «Vesper» - eit sentralt verk i russisk kyrkjemusikk. «SOM DEN GYLDNE SOL FREMBRYTER» Konsert: Iver Kleive (orgel) – Knut Reiersrud (gitarar) – Povl Dissing (vokal). Billett kjøpes www.kulturialesund.no, tlf. 70 16 24 68, kr 250,Kaskadar av orgelklang mot katedralens høge kvelv, ein groovy bluesgitar som fyller det store kyrkjerommet, og ei stemme som med kraft og ynde formidlar gamle salmetekstar - dette er ingrediensane som blir blanda i konserten “Som den Gyldne Sol”. Artistane treng ingen nærare presentasjon – Dei er artistar av verdsformat som presenterer eit veldig originalt konsept. Til STOR glede for den som høyrer på! Fredag 6. november kl 18.00 «SALMEMILA» Lokale kor og solistar syng salmar: Sanctus, A Capella, Flisneskoret, Cantabile, Skodje kyrkjekor, Ellingsøy kyrkjekor, Kor Kjekt og Leif Remmen med fleire. Gratis inngang, kollekt. Det er lett å sjå at «Salmemila» denne kvelden har hatt NRK sin salmemaraton som førebilete. Vi hadde ikkje kapasitet til ein heil maraton, men ei mil skal vi greie. Ei rekkje lokale kor og solistar blir med, og i tillegg blir lokalt kjentfolk intervjua om sitt forhold til salmeskatten. Publikum kan kome og gå som dei vil og ta med seg så mykje som dei har høve til. Den som treng ei pause, kan få servert kaffi med litt attåt i kyrkjekjellaren. Konsert: eit syngespel av Tore Thomassen. Barne- og ungdomskantoriet, Aspirantkoret og Familiekoret. Dir. Ragnhild Eide Akslen. Gratis inngang, kollekt. Tore Thomassen har skrive mykje musikk for barn, og i denne konserten framfører kyrkja sine eigne barne- og ungdomskor syngespelet «Sangen om Maria». Det handlar om Jesu mor og det ho opplever frå Maria bodskapsdag og fram til Jesu fødsel. Den strevsame reisa til og besøket hjå Elisabeth er eitt av elementa i syngespelet. Søndag 8. november kl 19.00 «NYSTEDT I 100» Konsert: Ålesund kammerkor – dir. Ragnhild Eide Akslen. Kyrkjekora i Ålesund – dir. domkantor Arne Hadland. Orgel: Marc Labruijere og kantor Ola Eide. Billett kjøpes www.kulturialesund.no, tlf. 70 16 24 68, kr 250,Knut Nystedt døydde i år – nokså nær 100 år gammal. Det er all grunn til å feire han, for med han gjekk ein av dei mest nyskapande og produktive komponistane i Noreg bort. Han etterlet seg ei stor og mangfaldig produksjon, men vi minnest han mest for kyrkjemusikken hans. Denne vart straks populær og spreidd over heile verda frå slutten av 60-talet, og ikkje minst vart dei mange motettane hans populære i USA. I kveldens konsert får vi smakebitar frå kyrkjemusikken hans. PROGRAM Kulturutvalet i Spjelkavik kyrkje inviterer også denne hausten til kulturdagar, og i byrjinga av november har dei sett opp eit variert program som både byr på sterke utfordringar og på improvisasjon og leik. Billett kjøpes på Børsen, Arbeideren Lorkenesgt. 2, 6002 Ålesund Åpningstider: Måndag - fredag kl 09.00 - 15.00 Tlf. billettsalg: 70 16 24 68 www.kulturialesund.no DEN NORSKE KYRKJA Spjelkavik kyrkjelyd Egil Hovland Maria og Elisabeth Iver Kleive Povl Dissing Knut Reiersrud Salmemila Marit Christenesen Vestmoa 20, 6018 Ålesund E-post: [email protected] Telefon: 70 16 53 70 www.kirken-aalesund.no/spjelkavik Knut Nystedt ålesund kommune KULTUR DAGANE 1. - 8. november 2015 LEIK OG ALVOR I VARIERT PROGRAM