Ledig stilling - og stiftelsestilsynet

Transcription

Ledig stilling - og stiftelsestilsynet
Ledig stilling
Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet med tilsynsansvar for 7500 norske
stiftelsar, og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet er delt i to avdelingar; Frivilligheitsavdelinga og Pengespelavdelinga.
Frivilligheitsavdelinga i Lotteritilsynet forvaltar den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av
meirverdiavgift til det frivillige Noreg, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping. Pengespelavdelinga har ansvar for
kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, i tillegg til ansvaret for arbeidet vårt med marknadskontroll og speleåtferd.
Tilsynet held til i Førde, og har i dag om lag 70 tilsette. For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå
www.lottstift.no.
Stiftelsestilsynet har ledig fast stilling for erfaren jurist
Vi er på jakt etter ein erfaren jurist, og søkjer ein engasjert og positiv person som er motivert for å arbeide med eit
rettsområde som stadig er i utvikling. Stillinga har hovudvekt på tilsynsarbeid, og er plassert som
rådgjevar/seniorrådgjevar.
Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med at drift og forvaltning i norske stiftelsar er i samsvar med
stiftelseslova. Vi har også ansvar for Stiftelsesregisteret, og gir generell rettleiing og juridisk rådgjeving som ligg
innafor vårt ansvars- og myndigheitsområde.
Stiftelsestilsynet vart oppretta i 2005. Vi er i dag 15 tilsette, og er det leiande fagmiljøet innafor stiftelsesrett i
Noreg. Målet vårt er å vere eit ekspertorgan med høg legitimitet og stort truverde i ein tilsynsmarknad med jus,
økonomi og samfunnsorientering.
Arbeidsoppgåvene er
 å føre tilsyn med stiftelsar og det som følgjer av dette
 å fatte vedtak med heimel i stiftelselova
 utvikling av tilsynet elles
Kvalifikasjonskrav er juridisk embetseksamen (cand. jur./mastergrad i rettsvitskap).
Det er ein fordel om du også har
 kompetanse/erfaring innafor stiftelsesrett eller selskapsrett
 god rekneskaps- og økonomiforståing
 erfaring frå tilsyns- og kontrollarbeid
 god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Du vil arbeide i eit større fagmiljø med dyktige medarbeidarar. Oppgåvene er fagleg utfordrande, og gir godt høve
til kompetanse- og eigenutvikling. Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig både sjølvstendig og i grupper.
Analytiske evner, fagleg engasjement, serviceinnstilling og evne til samarbeid er også eigenskapar vi legg vekt på.
Vi kan tilby:
 Fagmiljø med stor breidde i kompetanse og erfaringsbakgrunn.
 Engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområdet.
 Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag.
 Gode velferdsordningar og fleksibel personalpolitikk, også når det
gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.
 Gode stab- og støttefunksjonar, godt innarbeidd saks- og arkivsystem, og gode rutinar for opplæring av
nye tilsette.
 Medlemskap i Statens pensjonskasse.
 Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
 Nytt, moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med kantine og eige treningsrom.
 IA-bedrift.
Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og
seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse.
Stillinga har seks månaders prøvetid.
Ledig stilling
For spørsmål om stillingane kan du kontakte:
Avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl
Seniorrådgjevar Bjarte Urnes
tlf. 57 82 80 40, mobil 900 74 974
tlf. 57 82 80 56, mobil 992 84 353
Søknadsfristen er 5. desember 2015
Skriftleg søknad vedlagt CV, vitnemål og attestar skal sendast til: [email protected]
alternativt til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.
Merk søknaden: ’Stiftelsestilsynet’. Innsende kopiar av vitnemål og attestar blir ikkje returnerte.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av
alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden.
Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di
oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.