Brosjyre vaksen, operasjon i narkose

Transcription

Brosjyre vaksen, operasjon i narkose
Heimreise
Dei som er operert dagkirurgisk kan reise heim etter 2-3 timar, men må ha tilsyn av
ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde reiser heim neste
dag. Du kan ikkje køyre bil same dag
Smerter
Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har
smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol smertestillande, følg
dosering anbefalt på pakken frå apoteket. Legen vurderer om det er naudsynt med
resept på sterkare smertestillande før heimreise frå sjukehuset.
Mat og drikke
Det er ingen restriksjonar i samband med mat og drikke etter du har reist heim.
Aktivitet
Etter operasjonen vert du sjukmeldt i 7-14 dagar. Du skal ikkje delta på trening
eller tung fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen.
Hygiene
Bandasjen skal vere på til stinga fjernast etter 7-10 dagar. Du kan dusje kroppen,
men du må passe på så bandasjen ikkje vert våt.
Velkomen til Dagkirurgisk seksjon
ØNH Ålesund sjukehus
Pasientinformasjon
Til deg som skal fjerne kul på halsen i
narkose
 Vaksen
Sunblock
For at arret skal verte penast mogleg bør det dekkast med plaster eller sunblock
når du er i sola det første året etter operasjonen.
Komplikasjonar
Dersom du har feber over 38 gradar i meir enn 3 timar, kan det vere teikn på
infeksjon og lege må kontaktast. Det same gjeld om du vert raud i huda rundt
operasjonssåret, vert hoven eller får aukande smerter etter operasjonen.
Velkomen til Øyre- Nase- Hals dagkirurgi
Telefon:
Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700)
ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500)
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Før operasjonen
Operasjonsdagen
Du har fått time for å fjerne ein kul på halsen i narkose. Inngrepet vert oftast gjort
dagkirurgisk, men nokon kan verte innlagd til neste dag av medisinsk grunn.
Operasjonsdagen melder du deg i luke 3 ved dagkirurgisk seksjon. Deretter
blir du møtt av ein sjukepleiar som tek seg av deg inne i avdelinga. Du vert
undersøkt av ØNH-lege før operasjonen, og du får pyjamas og seng. Det kan
somme tider vere nødvendig å barbere vekk litt av håret på den sida kulen er.
Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om du er i
tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast
råd.
Faste
Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil
sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk.
Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid.
Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting.
Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker eller bruker
snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24.
Hygiene
For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen
eller operasjonsdagen. Menn med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg.
Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast.
Medisinar
Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du
kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje
er avklara på førehand.
Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som
vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til
sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov.
Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn, bortsett
frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar til
sjukehuset. Skal du overnatte på pasienthotellet MÅ du også ta med dei
smertestillande medisinane som du har fått resept på.
www.helse-mr.no
Operasjon
Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er vanlegvis 2-4 timar.
Observasjon
Etter operasjonen ligg du på overvakinga til du får reise heim. Dagkirurgiske
pasientar kan reise heim etter 2-3 timar om dei er i form til det, men må ha
tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde
pasientar overflyttast til ØNH/ KIR1 etter 1-3 timar.
Drikke
Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Du får drikke vatn
så snart du er i form til det etter operasjonen, og kan ete mat etter nokre
timar.
Smertestillande
På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det,
seinare kan du få smertestillande tablettar.
Bløding
For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha
lett heva hovudende i senga.
Bandasje
Du får ein bandasje over operasjonssåret, som skal ligge på til stinga skal
fjernast. Somme tider er det naudsynt å legge inn dren, dette vert i så fall
fjerna etter 1-2 dagar.
www.helse-mr.no