NYHETER OG REPORTASJER norddalen 14

Transcription

NYHETER OG REPORTASJER norddalen 14
14
norddalen
NYHETER OG REPORTASJER
TORSDAG 24. SEPTEMBER 2015
Lynrask kvardag me
‹ Den går i luft og i
jord, og er høgt elska.
Stadig fleire får fiber
rett inn i stova. AS
Eidefoss gjer sitt for at
husstandar i ”grisgrendte strøk” også
får ein lynrask kvardag.
Av Helene Hovden
[email protected]
Mobil 918 53 098
– Dagens samfunn krev nett.
Det må vere på plass for at vi
skal få folk til å bu her.
Utsegna kjem frå marknadskonsulent i AS Eidefoss, Hanne
C. Omvik. Ho hevdar at nett,
sett utifrå næringsutvikling og
familieståstad, er ein viktig faktor for å oppretthalde busetnad
i regionen. Og kanskje til og
med få lokka til oss nokre nye
innbyggjarar.
Marknadskonsulenten grunngjev utsegnet med at nettilgang
er alfa omega for ungdom i
utdanning, for næringslivet og
for dei som av ein eller annan
grunn treng heimekontor.
– Det er rett og slett forventningar om det i dagens samfunn.
Spleiselag
AS Eidefoss har gått saman
med Eidsiva om eit spleiselag
for å få bygd ut fiber i eigarkommunane. AS Eidefoss tek utbyggingskostnadene medan Eidsiva
distribuerer signala i fiberkablane. Eller på godt norsk, det er
dei som sel abonnement.
Sjårdalen i Vågå er eit av
områda der det når blir bygd ut
fiber. Fiberkabelen bli lagt i
lufta, saman med strømkablane.
– Vi har hengt opp kabel frå
Sunde til Eidefossen, over elva
og oppover til byggjefeltet på
Lalm, fortel planingeniør Gøran
Midtli.
Sjårdalen var tidlegare eit
”u-land” når det gjeld nett. Fagfolka forklarar det med at
grenda ligg i langt frå sentralen
både på Lalm og i Vågå.
Nå går det mot lysare nettider i Sjårdalen. Av 190 potensielle kundar på strekninga som
det nå er seld abonnement på,
har 121 takka ja. I byggjefeltet
på Lalm er det 140 potensielle
kundar når dei kjem så langt.
Millioninvestering
I tillegg til Sjårdalen og Lalm,
er også Vågåmo utbygd med
fiber. I Sel er det bygd ut på
Hjellom, Dahle og Ottbragden.
Bjølstadmo og Haringstadmoen
er under utbygging. I tillegg blir
det bygd ut både i Lom, Dovre
og på Lesja.
– Eg er stolt og imponert
over kva Eidefoss har fått bygd
ut. Med tanke på kor grisgrendte
områda er, er denne utbygginga
heilt enorm, seier Omvik. At det
er kostbart og meir ressurskrevjande enn i sentrale strok, er
ganske innlysande. Elles hadde
andre selskap nok alt sett sitt
snitt, trur planingeniør Helge
Arne Bekkemellem.
– AS Eidefoss bruker nok
fort 10 millionar på dette arbeidet, berre i år.
Til våren skal dei fullføre
utbygginga av Prestgardsskogen
i Lom, samt Lesja sentrum. I tillegg ligg det inne ein søknad om
midlar til høghastigheits breiband i Nedre Heidal og Nordherad
hjå
Nasjonal
kommunikasjonsmyndigheit. Ei
eventuell utbygging er avhengig
av at det blir løyvd midlar her.
Utbygginga av fiber i Sjårdalen er i full gang.
Frå venstre; Tore Båtstad, Hanne C. Omvik, Helge Arne Bekkemellem og Gøran Midtli. I stolpen Tormod Haugen.
– Slik ser kabelen ut inni. Helge Arne Bekkemellem syner korleis ting fungerer.
Den tynne «fibertråden» blir skøytt ved hjelp av ei heilt spesiell maskin.
NYHETER OG REPORTASJER
TORSDAG 24. SEPTEMBER 2015
ed fiber
norddalen
15
Presentasjon av korpset (Foto: privat)
Vågå og Otta på
korpstur til Tusenfryd
‹ I helga slo Vågå og
Otta skulekorps seg
saman på ein korpstur
til Tusenfryd. Der var
det påmeldt heile 103
korps.
Av Gro Dybvik
Det vart ei stor markering av at
korps rørsla framleis står sterkt
i Noreg.
Stor gjeng reiste til Oslo
Ein spent gjeng klatra inn i
minibussen på Otta fredag ettermiddag, vi skulle køyre alt av
karusellar i to dagar, og spele
saman og drille på Tusenfryd.
Med stort pågangsmot fekk vi
pressa inn drilluniformer, instrument, soveposar og folk i minibussen.
Leiar
av
Otta
skulekorps, Ingunn Refvik var
stødig sjåfør både ned og opp.
Nokre av Vågågjengen køyrde
eigne bilar, og alt i alt var vi 38
ivrige norddølar, med foreldre
og sysken.
Det er spesielt å vere med på
korpstur. Therese Flati Brobakken har vore drilljente for Otta
sida 2004.
– Det skapar betre samhald,
og er artig å gjere noko anna
saman enn å berre øve. Og på
øving er drilljenter og musikantar kvar for seg. På tur er vi
saman,
Drivne
Otta skulekorps er drivne i
gamet, dei har vore på turar i
mange år, til inn- og utland. Eldsjel Odd Ivar Svelstad har blåse
liv i Vågå skulekorps, og rekruttert nye musikantar på messing
og slagverk. Vi frå Vågå var slik
storøygde jomfruer da vi
”sjekka inn” på overnattinga på
ein lokal skule. Men dei erfarne
«Ottverer» med Odd Ivar i
front, viste veg: ”Du kan låne
pumpa mi, ho er elektrisk.” ”Vi
må stå opp kl 7.15 i morgon tidleg” ”Kom alle saman, no speler
oss gjennom!” Og nokre spelte
heilt til klokka 23:30 om kvelden.
Tusenfryd
På Tusenfryd var det full rulle
med berre moro heile laurdagen.
-Eg har vore her ein gong før,
seier Amalie Refvik Solberg.
-Men no var det mykje artigare, fordi eg var med vener frå
korpset. Det løylegaste var
Elefant i bussen
Under halvparten av de som kjører buss der det er montert belte,
bruker beltet. Det viser tall fra Statens vegvesen. I 2014 ble 7 drept,
7 hardt skadd og 68 lettere skadd i bussulykker. Flere av de
omkomne kunne reddet livet dersom de hadde brukt bilbelte. Nå
varsler vegvesenet beltekontroller i busser over hele landet, i tillegg til materiell i bussene, ny nettside og animasjonsfilm, som
synliggjør kraften en usikret passasjer kan få i form av «vekten til
en elefant».
– Så tynn.
Illustrasjonsbilde.
supersplash.
Korpsmusikk høyrde vi alle
plassar, det var innmarsj i parken og konsertar.
Så var det attende til skulen for
taco, disco og ungdomsklubb.
Det var langt på natt da dei siste
kraup ned i soveposane etter
kortspel på gangen. ”Det er
ikkje så mange andre arena kor
så unge får lære seg kortspel
som Amerikanar, ” seier mor
Rita Nordfjæren. ”Eg spilte sjølv
i korps da eg var ung. Korpstur
var alltid noko vi gleda oss veldig til.”
Oppstilling
På søndag skulle vi i elden, oppstilling klokka 8.30 for innmarsj
i parken. 41 korps frå heile landet marsjerte inn denne dagen.
Alle blei presentert på scena. Så
var det fellesnummer: dixieland
strut.
Det blei tid til ein siste runde i
parken før vår konsert på sirkusplassen. Otta og Vågå skulekorps spelte tre stykke:
Napoleon Marsj, Mamma Mia
og Summer Nights.
– Dette er min første korpstur.
Det er kjempegøy, alle burde
spele i korps, seier Elinor Dybvik Payne.