Ein gard på kvar hol

Transcription

Ein gard på kvar hol
Ein gard på kvar hol
Om namnemiljø og sentralitet i eit sørvestnorsk jordbrukssamfunn i jernalderen
I NGE S ÆRHEIM
1. Innleiing
I Ættegård og helligdom (Olsen 1926) skriv Magnus Olsen om gardsnamna av land-klassa: "Mon ikke dødeligheten blant land-navnene
har været stor i de førkristelige århundrer, og mon det ikke er forholdsvis få av de land-navn som måtte tilhøre folkevandringstiden,
som er i bruk som gårdnavn i dag" (Olsen 1926 s. 126). Jan Petersen
og andre arkeologar som har undersøkt førhistoriske øydegardstufter i Sørvest-Noreg, peikar på at det er knytt land-namn til fleire
av stadene (Petersen 1933 s. 110 ff.). Også kulturgeografen Ottar
Rønneseth omtalar øydegardar med land-namn i Jær-området
(Rønneseth 1974). Øydetun frå jernalderen har faktisk stundom
blitt kalla "land-gardar" av arkeologar, nærast som ei typenemning.
I det materialet av øydegardar som Petersen presenterer frå
Rogaland (Petersen 1933 s. 110 ff.), finn ein heile 24 døme med
land-namn. Dei fleste namna svarar til eksisterande gardsnamn på land, t.d. Dysjaland (Helleland), Tysland (Eigersund), Espeland
(Bjerkreim), Halland (Bjerkreim), Høneland (Høyland), Høyland
(Bjerkreim), Røyseland (Time), Hompland (Gjesdal), Helgeland (Høyland), Rossaland (Høyland, Forsand), Lin(d)land (Forsand), Frøyland
(Forsand), Håland (Hjelmeland), Viland (Sand) og Vatland (Skåre).
Namn som ikkje har motsvar i eksisterande gardsnamn, er: Tansland (Eigersund), Lyngaland (Time), Hanaland (Time), Hoddeland
(Høyland), Buggeland (Høyland) og Hegreland (Sand). Dei fleste
gardstuna som Petersen har undersøkt, er daterte til folkevandringstida eller den yngre romartida, nokre få til merovingartida
eller vikingtida.
2
I NGE S ÆRHEIM
I første bandet av Norges landbrukshistorie (Myhre 2002) skriv
Bjørn Myhre at det i eldre jernalder var om lag 440 gardstun på
Jæren. I tillegg til dei 260 historisk kjende gardane, der det ved
tunet eller innmarka er påvist spor etter gardsbusetjing frå romartid og folkevandringstid, er det funne spor etter minst 180 øydetun
"med hustufter og åkerland på morenerygger og høyder med
tørrlendt jord, noen på nåværende innmark et stykke fra gårdstuna, andre i utmark og langt fra dagens bebyggelse" (Myhre 2002
s. 130 ff.). Han reknar med at eit bronsealderterritorium på NordJæren gjennomsnittleg er delt opp i 3–5 gardseiningar fram til
yngre romartid: "De nye gårdstunene ble lagt på lokaliteter hvor
det tidligere har vært åkerrydninger og kortvarige bosetninger,
men også på steder hvor boplasser har ligget mer eller mindre
kontinuerlig siden eldre bronsealder" (Myhre 1984 s. 171). Metningspunktet for oppdelinga av dei gamle territoria skal ha blitt
nådd i det 5. hundreåret. Myhre skriv at ein i eldre jernalder finn
"gårdsanlegg på langt flere steder enn i moderne tid, og det er tydelig at bosetningen har hatt en videre geografisk spredning enn i
nyere tid" (Myhre 2002 s. 132). Etter 550 skal det "ha foregått en
betydelig omstrukturering av bebyggelse og landskapsutnyttelse"
(Myhre 2002 s. 132).
Myhre har opplyst munnleg at når ein kjem over eit lokalitetsnamn med land-ending, er det stor sjanse for at ein på slike stader
òg vil finna spor etter gammal gardsbusetnad. Under djupinnsamling av stadnamn i Rogaland dei siste 20–30 åra, i regi av Stadnamnprosjektet i Rogaland, har det kome fram mange namn som
synest vera eldre busetnadsnamn. Dei fleste endar på -land, men
også andre etterledd førekjem, som -stad, -tveit og -bø, og jamvel
-heim. Fleire døme frå Sør- og Midt-Rogaland er presenterte i avhandlinga Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på -land (Særheim 1999 s. 167 ff., 308 ff.). Sør-Rogaland høyrer til kjerneområdet
for gardsnamn av denne typen. I herada Varhaug og Gjesdal har
om lag annankvar matrikkelgard eit namn med etterleddet -land. I
Vormedalen (Hjelmeland) finn ein ei samla 'klyngje' av 13–14
gardar med land-namn – ingen gardar med andre namnetypar skil
E IN GARD PÅ KVAR HOL
3
seg inn mellom dei. Dette blir rekna som uttrykk for ein ekspansjon
i gardsbusetjinga i folkevandringstida.
Med dette som bakgrunn vil det vera av interesse å sjå nærare
på nokre gardskrinsar i dette området, og spørja om det med utgangspunkt i registrerte namn og kunnskap om den førhistoriske
gardsbusetjinga er råd å rekonstruera eit meir opphavleg namnemiljø frå jernalderen. Sambandet mellom gardsbusetjing og namn
vil vera eit springande punkt, dessutan det innbyrdes tilhøvet
mellom gardane med dei ulike namnetypane, t.d. spørsmålet om
sentralitet. Det er òg av interesse å sjå på kva det semantiske innhaldet i namna fortel om gardane og agrarsamfunnet i perioden, og
dessutan drøfta alderen til busetjingane og namna.
2. Nokre namn på øydegardstun i Sør-Rogaland
Øydetufter som det er knytt land-namn til i Sør-Rogaland, ligg ofte
i utmarka til ein matrikkelgard, gjerne i grensa med ein grannegard. I eit område som omfattar 23 tidlegare herad i Dalane, Jæren
og Søraust-Ryfylke og tre tilgrensande herad i Vest-Agder, eit område med 288 samansette land-namn brukte om matrikkelgardar, er
det registrert 242 andre namn på -land. Av dei synest minst 150
(gjerne fleire) vera gamle busetnadsnamn (Særheim 1999 s. 308 ff.).
På mange stader med slike namn har arkeologar gjort registreringar frå førhistorisk tid, anten øydetunstufter eller gravhaugar, i
regelen frå eldre jernalder; stadene er omtala i faglitteratur innom
arkeologi og gardshistorie. Nokre namn er nemnde i eldre skriftlege kjelder. Det er i dag nyare gardsbusetnad (bureising) på fleire
av stadene.
Også andre namnetypar er representerte blant øydetunsnamna
(Særheim 1999 s. 311 ff.), t.d. namnet Auglend (gno. *auklendi 'tilleggsjord'), som førekjem ei rekkje stader. Av namn på -stad kan
nemnast Sverkestad (Eigersund), Skogstad (Helleland), Skibstad (Heskestad), Nuvlust (Varhaug), Svertingstad (Time), Brunstad (Klepp)
og Fjogstad (Høyland). Døme på heim-namn er Austreim og Asseim,
som båe førekjem fleire stader (bl.a. Høyland). Også namn på -bø
førekjem, som Austbø (Time) og Skarabø (Finnøy), dessutan fleire
4
I NGE S ÆRHEIM
tveit-namn, som Rettveid (Bjerkreim), dessutan Håvetveid, Håtveid,
Blitveid, Mostveid, Låtveid og Tartveid (alle seks frå Hjelmeland).
Også usamansette og samansette naturnamn er nytta om førhistoriske øydetun, noko som er ventande med tanke på eksisterande matrikkelgardsnamn. Frå Time kan nemnast Kvåle (Quallen
1668), som er gno. *Hváll, sideform til gno. hóll m.'låg, rund jordhaug, hol', her utvikla av dativforma gno. *Hváli. På denne garden
har det vore samanhengande gardsdrift og busetnad frå yngre
steinalder og bronsealderen til mellomalderen (Løken et al. 2001 s.
7 ff.).
I Bjerkreim finn ein øydetuna Uadal og Storrsheia. Føreleddet i
Uadal, skrive Uldahl 1723, har parallell i gardsnamnet Ualand (2
stader), og har kanskje samband med nyno. uven adj. 'vid, som omfattar mykje', anten med bakgrunn i ein innsjø eller i store utmarksområde. Namnet Storrsheia, samansett av etterleddet hei f. og plantenemnet storr m. 'starr(gras)', har bestemt form, noko som tyder
på at det knapt er eit gammalt gardsnamn. Her er nok det opphavlege busetnadsnamnet tapt.
3. Døme på namnemiljø
Nedanfor følgjer kort omtale av fire stader på Jæren der det er registrert namn på -land som synest vera førhistoriske busetnadsnamn
og som utgjer delar av eit større namnemiljø – og gardsmiljø – frå
jernalderen.
3.1 Ullaland og Kvidaland (Bø)
Innom sentral- og storgarden Bø (Hå kommune, tidlegare Nærbø),
der det har vore gardsbusetjing sidan eldre bronsealder, finn ein
dei førhistoriske øydetuna Kvidaland /"kvi:dalan/ og Ullaland
/"u:dlalan/ (skrive Ulleland 1668), det sistnemnde med busetnadsspor frå både eldre og yngre jernalder. Det er god grunn til å rekna
med at båe land-namna går attende til førhistorisk tid, men gardane
er klart sekundære og perifere i høve til – men nær knytte til –
garden på Bø.
E IN GARD PÅ KVAR HOL
5
Ulla- synest ha same opphav som føreleddet i gardsnamnet
Ulland, som ligg føre seks stader her i landet, dessutan i Ullandhaug
(Stavanger). Det er oppfatta som gudenamnet gno. Ullr (genitiv
Ullar-), men det har òg blitt tolka som eit elve- eller bekkenamn
som har samband med gno. vella vb. (Særheim 1999 s. 247 ff.).
Rimelegast er gudenamntolkinga. Kvidaland inneheld adjektivet
kvit, truleg med bakgrunn i plantevekst, jf. namn som Kvidemyr(a),
Kvidamyra, Kvidholen, Kvide holane, dessutan teignamnet Bleget
/'ble:je/ (blik n. 'lys eller kvit flekk').
Også nabogardane Bjårland, Gausland og Håland er sekundære i
høve til og knytte til Bø, og truleg skilde ut frå denne garden. Føreleddet i Bjårland /'bjådlan/ er vel genitiv av namnet Bø, gno. *Bjárland, som òg i Bjårhaug, ein annan grannegard til Bø. Namna viser
at gardane er knytte til og står i avhengigheitshøve til morsgarden
som her er nemnd. Tilsvarande lagingar er Skrettingland, med
gardsnamnet Skretting, og Valland /'vadlan/ (gno. *Vallarland), med
namnet Voll, jf. òg Stokkaland på Lura, med namn etter nabogarden
Stokka.
Gausland er som grannegardane Gudmestad, Njølstad og Grødheim partar av ein eldre gard med tunstad på Gudmestad; tunstaden er kalla Malhaugane (gno. *Mal(ar)- 'stein'). Denne eldre garden
er sekundær i høve til og ifølgje Rønneseth (Rønneseth 1974) skild
ut frå hovudgarden Bø. Også gardane Håland og Oppstad skal
vera sekundære i høve til Bø.
Sentralgarden Bø, som er sokne- og kyrkjestad i mellomalderen,
har den klart høgaste skattetaksten i heradet. Fleire yngre, men
etter måten gamle gardar er, som nemnt, skilde ut frå Bø. Også
andre faktorar indikerer at det her dreiar seg om ein gammal sentralstad. Føreleddet i Ullaland kan tyda på at dette har vore senter
for religionsutøving også i førkristen tid. Mindre enn 5 km vest for
Bø- og Ullaland-tunet finn ein dessutan gardane Njærheim og
Nærland. Den førstnemnde er kyrkjestad i mellomalderen. Her er
det funne fleire runesteinar frå vikingtida og tidleg kristen tid, bl.a.
runekrossar. Føreleddet i dei to namna synest vera gudenamnet
Njord, gno. Njarð(ar)-. Gudeparet Ull og Njord førekjem side om
side fleire stader i Skandinavia (Vikstrand 2001 s. 102 ff.). Sjøgar-
6
I NGE S ÆRHEIM
den Nærland har ei gammal båthamn, kalla Selvåg. Det var kanskje
her ein kom inn med liket av Håkon Håkonsson, som var fallen
ved Orknøyane. I soga om han er staden kalla (i) Silavági (Særheim
2007 s. 197).
Nemnast kan òg at garden Kvia, som grensar til og er sekundær
i høve til Bø, i mellomalderen var skipreidegard og sete for skipreidetinget (Steinnes 1974 s. 86). På Audamotland, som òg ligg like
ved, finn ein tufter etter eit krinsforma tun (på Klauvhaugane),
som truleg er restar av eit gammalt forsvarsverk, knytt til denne
sentralstaden (Bø-området). Det dreiar seg med andre ord både om
eit religiøst, politisk og militært senter, i tillegg til ein sentralgard.
Ringforma tun finn ein òg i tilknyting til andre sentralstader på
Jæren, bl.a. på Varhaug (Leksaren) og Hauge/Tu (Dysjane).
Gardar med det usamansette namnet Bø har på Jæren funnmateriale som tyder på samanhengande jordbruk sidan eldre bronsealder og yngre steinalder (jf. Myhre 1984). På Austbø i Stavanger
(tidl. Hetland), som saman med grannegarden Husabø reflekterer
ein eldre sentralgard *Bø, er det t.d. registrert hus frå "nær sagt
heile forhistoria" (Meling 2001 s. 28), dessutan er det her gjort kornfunn frå dei ulike periodane, visstnok blant dei eldste kornfunna i
Noreg (Sandvik 2003 s. 22). Korndyrkinga går ca. 4500 år attende i
tida. Austbø og Husabø har til saman klart høgare skyld enn nokon
annan gard i heradet, t.d. høgare enn storgardane Tasta, Viste, Goa
og Jåttå.
3.2 Rossaland, Haugaland, Stokkaland og *Rugland (Lura)
Innom matrikkelgarden Lura (Høyland, no Sandnes) finn ein fire
øydetunsnamn på -land: Rossaland (Rosseland 1616), Haugaland
(Houffland 1616, Houffueland 1668), Stokkaland (Stocheland 1668) og
*Rugland (jf. Ruglandsleidet). Det er registrert førhistoriske gardsanlegg på alle fire stadene. Dei fire gardane har seinare blitt innlemma i den meir sentrale garden Lura. Føreledda i namna er husdyrnemnet gno. (h)ross n. 'hest', kornnemnet gno. rugr m., terrengnemnet gno. haugr m. og gardsnamnet Stokka (nabogard til Lura).
Lura grensar til Soma, som var kyrkjestad i mellomalderen.
E IN GARD PÅ KVAR HOL
7
3.3 Helgeland, Hoddeland, Buggeland og Helland (Høyland)
Frå gardskrinsen Høyland–Austrått (Høyland, no Sandnes) kan
nemnast fire øydetunsnamn med land-ending, Helgeland, Hoddeland, Buggeland og Helland, alle på Høyland. Her finst òg to øydetun
med stad-namn: Svebastad (truleg a Sippalzstodum 1343) og Kjervastad (Kierffuestad ca. 1620). Det er registrert førhistorisk materiale
(gardsanlegg og gravhaugar) på både Buggeland, Helgeland og
Hoddeland Føreledda Helge- og Hel- er vel gno. heilagr adj., anten
med bakgrunn i eldre kultstader, eller i eit spesielt rettsvern (gjerne
religiøst) som stadene har hatt. Hodde- har same bakgrunn som
føreleddet i Hovdeland (jf. nedanfor), medan Bugge- (Buge- ca. 1620)
truleg har samband med nyno. bugde f. 'bøyg, lykkje', som siktar til
ein avrunda terrengformasjon, kanskje brukt om åa som renn her.
Av andre faktorar som indikerer at dette er ein gammal sentralstad, kan nemnast at Høyland er kyrkjestad sidan mellomalderen,
medan namnet Austrått er nytta om ei skipreide – oftast kalla Gandar skipreiða (Steinnes 1974 s. 88 ff.). I denne krinsen finn ein elles
gardsnamn som Hove og Lunde, som båe er sette i samband med
førkristen religionsutøving, dessutan Skei, Skeiane og (bruksnamnet) Leigvoll (Leik-), som alle truleg er nytta om gamle tevlings- og
samlingsstader for folk i området. Her finn ein elles gardsnamnet
Sørbø, gno. Saurbǿr, som både her i Høyland og i Klepp og Rennesøy er knytt til gamle senter for religionsutøving.
3.4 Bjelland, Hovdeland, Torland, Hinnarsland og Fintaland
(Fuglestad, Bø)
I ein krins kring gardane Bø og Fuglestad i Ogna (no Hå) finn ein
fire matrikkelgardar med land-namn: Vettaland, Hetland, Halland og
Stokkaland, som alle synest vera sekundære i høve til dei to sentrale
gardane. På Vettaland er det funne ein runestein med ei innskrift i
eldre runer, datert til tidleg 300-tal. Også dette synest vera ein gammal sentralstad, knytt til kyrkjestaden Ogna, der det står ei steinkyrkje frå mellomalderen.
Innom dei to gardane finst det elles seks namn på -land, knytte
til gamle busetjingsspor. På Fuglestad ligg Bjelland, Hovdeland, Tor-
8
I NGE S ÆRHEIM
land, Hinnarsland og Fintaland, og på Bø: Tjemsland (her finn ein òg
Landsdal). Det er registrert fortidsminne på Hovdeland, og det skal
vera gamle hustufter på Hinnarsland. Tjemsland er gno. *Hjalmsland, med eit vanleg nemne gno. hjalmr m. 'hjelm', som siktar til ein
tørkings- og lagringsmåte for høy (korn, torv o.a.). Torland har vel
bakgrunn i utnytting av torvførekomster, medan Hovdeland (Hofdeland 1723) inneheld eit høgdenemne, jf. hovde m. Også Bjelland kan
innehalda eit høgdenemne, gno. *bjalli m., men samansetjing med
namnet Bø, gno. *Bjárland, er òg føreslått. Hinnarsland er kanskje
gno. *Heinreksland, som Hindersland (Lyngdal), jf. Hindrichs- 1594,
Hindrichz- 1600. Fintaland kan innehelda plantenemnet finn og eit
anna ord, t.d. finntange m.
I alle fire døma synest øydetunsnamna på -land, -stad o.a. fylla
ut eit samla bilete av førhistoriske gardar og gardsnamn innom
vedkomande område. Dei er delar av gards- og namnemiljøet,
nytta om sekundære og noko perifere gardar med tilknyting til ein
meir sentral buplass som dei seinare har blitt innlemma i. Den sterke konsentrasjonen somme stader av nærliggjande øydetun med
land-namn synest indikera at det her ligg føre ein gammal sentral
buplass. At det finst kultnemne, Ulla-, Njær-, Nær-, Helge-, Hel- (jf.
òg namn som Hove og Lunde, dessutan øydegardsnamnet Frøyland i
Dirdal), knytte til gamle kyrkjestader, støttar argumentet om sentralitet. Det gjer òg namn som Leigvoll, Skei og Skeiane.
4. Semantisk innhald i øydetunsnamna på -land
Det semantiske innhaldet i dei 242 registrerte namna på -land gjev
viktig informasjon om det gamle jordbrukssamfunnet, svarande til
det ein finn i matrikkelgardsnamna av denne typen. Nemnet land
synest opphavleg vera brukt om 'frittliggjande, fast mark (jord)
som høver til jordbruksføremål', noko som ligg nær grunntydinga i
ordet, 'ope terreng, opa mark, udyrka fastmark, hei', ei tyding som
er godt heimla i keltiske språk. Etter ei tid har innhaldet blitt endra
noko – vel til 'ope, avgrensa område' og 'gard'.
Føreledd med agrar bakgrunn er vanleg. Nokre fortel om husdyr: Rossa- (3 g., 'hest'), *Ku-, Svins-, Ver-, og kanskje Søy- (jf. nyno.
E IN GARD PÅ KVAR HOL
9
søye f. 'hosau'; ev. er dette eit ord for bekkestryk). Føreledd Høne- (2
g.) kan vera husdyrnemnet høne f., ev. er det eit bekkenamn. Andre
dyrenemne finn ein i Katta- ('røyskatt') og truleg Toska- (fiskeslaget), jf. òg Varga-. Husdyrnemne førekjem i 50 norske matrikkelgardsnamn på -land, i 4 namn frå det undersøkte området.
Nemne for vekstlivet (tre og planter) omfattar 15% av namna:
Birke-/Berkje-/Berk- (5 g., 'bjørkeskog'), Eige- (5 g.), Er- ('or'), Espe- (4
g. 'osp'), Fibe- ('myrfivel'), Før- ('fure'), Lynga-, Maure- (planteslaget
'maure'), Mor- ('liten skog'), Od- (2 g., 'or'), Rit- ('ris'); jf. òg Kvida-.
Slike nemne omfattar 21% av dei norske land-namna, 25% av namna frå granskingsområdet.
Fleire nemne siktar til teigar og arbeid med planter og tre: Rug(2 g., 'rug'), Harva-, Herve- (båe vel 'havre'), Lin(d)- (4 g., lin n. eller
lind f.), Eng-, Fidje- ('grasrik eng'), Høy- (7 g.), Lø- ('løe'), Tjems(hjelm til lagring av høy o.a.), Rib- ('smal teig'), Tor- ('torv'), Vet(kanskje vætt f., om vekteining, bl.a. som kornmål), Lauv-, Barka('bork'), Skot- (6 g., 'tømmerskot'), Ko- (kanskje 'harpiksaktig
væske'); jf. òg God- og Djuba- ('djup jord'?).
Føreledda fortel òg om andre verksemder og tradisjonar: Braud('veg'), Bru-/Brua-/Bråd- (4 g., 'bru'), Sme(d)- ('smed'?), Toppa- (2 g.,
vel '(hus)tuft'), Træ- ('træl'?). Rauda- (2 g.) og *Raud- siktar kanskje
til utvinning av myrmalm (jf. Raudjer(n)sund, Haughom).
Nokre namn fortel om tilknyting til andre gardar: Stokka- (jf.
Skretting-, Val- og Bjårland), Aug- (2 g., 'tilleggsjord'). Somme fortel
om leie mellom eldre og større gardar: Me-/Mæ- (2 eller 3 g.). At det
dreiar seg om ein relativt liten og sekundær gard, er òg nemnt:
Litla-.
Gudenemne er ikkje uvanleg i denne namnetypen: Frøy-, Ulla-,
Ul- (2 g.). Også personnamn førekjem: At- (Atle), Git- (Gitle), Heis(gno. Heðinn), Hinnars- (Heinrekr), Kinding- (Kinnungr?), Ros- (Rolf),
Tjet- (Kjetil?), Refs- (Refr?).
Dei fleste føreledda (40%) fortel om topografien: Bekkja-, Berge-,
Haug(a)-, Hovde-, Upsa-, Vat-. Stundom er jordgrunnen nemnd:
Myr-, Steins-, Røysa-/Røyse-, Skit-, Våda-, gjerne med ei tilleggsmelding om at teigen er vanskeleg å arbeida med. Slike føreledd finn
10
I NGE S ÆRHEIM
ein i 28% av dei norske land-namna, i 33% av land-namna i det
undersøkte området.
Ca. 9% av føreledda kan tolkast som eit naturnamn, som elve-,
innsjø- eller fjellnamn: Bugge-, Fløyme-, Gaud-, Gjeste-, Hinna-, Hynn, Høne-, Kråge-, Kving-, Skjørves-, Tans-, Toske-, Tys-, *Vig- (jf. òg
Vers- og Ull(a)-). Slike nemne omfattar 8% av dei norske land-namna, 12% av namna i granskingsområdet.
Same typen føreledd finst i øydegardsnamna som i matrikkelgardsnamna på -land. Dei gjev konkrete opplysningar om viktige
sider ved landbruket og andre samfunnstilhøve i jernalderen: om
beitemark og husdyr, åker og korndyrking, eng og grasmark,
arbeid med grasslått, høying, lagring av høy, sanking av lauv, torvskjering, barking av tre, tømmerskot, treslag og plantevekst, jernframstilling, vegar og bruer, handverkarar, hustufter, einskildpersonar (vel brukarar og arbeidarar), religionsutøving og førestillingar, dessutan om tilknyting til og avhengigheit av andre gardar,
om leiet i høve til grannegardar, om jordgrunnen og terrenget (topografien).
5. Namnekontinuitet
Når ein reknar slike namn som tidlegare busetnadsnamn, knytte til
gardstun som vart fråflytte ca. 550–600, føreset ein tradering av dei
til nyare tid i ein annan funksjon, bl.a. som teignamn. Er ei slik
namneoverføring rimeleg? Nyare landbrukshistorisk forsking
tyder på at det tok til ei sterk omlegging i gardsdrifta og gardsstrukturen på 500-talet e.Kr. Omlegginga, som skal ha vore styrt av
mektige jordeigarar, vart gjennomført i perioden 500–700 kringom i
landet. Folk flytte inn frå dei meir perifere gardane og gardstuna til
meir sentrale tun. Sjølv om mange gardstun vart fråflytte, vart marka ved desse tuna framleis nytta, som åker, eng og beite, av den
meir sentrale garden i området. Det var med andre ord kontinuerleg bruk av jorda, noko som òg talar for namnekontinuitet.
Tidlegare vart flyttinga frå gardstuna ca. 550–600 forklart på
andre måtar, gjerne som resultat av ei krise, t.d. ein pest. Ein rekna
med at jorda låg brakk i ein periode, og ein viser gjerne til øyde-
E IN GARD PÅ KVAR HOL
11
perioden (krisetida) i seinmellomalderen, etter svartedauden. Men
denne forklaringa går arkeologar og agrarhistorikarar no bort frå,
for jordbruksproduksjonen skal ha gått opp mange stader. Dei
reknar heller med konsentrasjon av jordbruksbusetnaden på færre
stader i denne perioden, svarande til det mønsteret ein finn i
historisk tid (høgmellomalderen). Også tidlege skriftlege belegg for
fleire av namna talar for namnekontinuitet.
6. Alderen til namna
Eit anna spørsmål som må vurderast, er om ein kan rekna med
samanfall mellom alderen til namnet og spora etter gardsbusetjing.
Nyare landbrukshistorisk forsking viser at det har vore (dels
samanhengande) landbruk sidan yngre steinalder og eldre bronsealder på stader med gardsnamn som knapt er like gamle, t.d. Sørbø,
Slettabø, Rugland, Valland, Stangaland, Orstad, Norheim, Line og
Sandve. Slike namn har nok kome til seinare, gjerne i samband med
og etter den omlegginga som skjedde frå og med 200-talet e.Kr., då
ein reknar med at institusjonen 'gard' vart etablert (Myhre 2002 s.
135 ff., 164).
Det er elles av interesse at ein ofte finn både store og småe gardar av same namnetype, t.d. Høneland (liten gard) og Nærland (stor
gard) i Nærbø, altså stor variasjon innom namnetypane. Dette
indikerer primært klare sosiale skilje innom gardssamfunnet, men
ikkje nødvendigvis skilje i alder.
Ein kan vel rekna med at busetnadsnamna av dei nemnde typane er laga etter etableringa av garden som institusjon, dvs. i hundreåra etter 200 e.Kr. Men truleg er nokre busetnadsnamn, t.d.
usamansette namn som Landa (Forsand) og Bø (Nærbø) eldre, kanskje frå bronsealderen. Båe er nytta om storgardar med samanhengande landbruk sidan bronsealderen; jf. òg gamle sekundærnamn
med slike namn som føreledd, Bjårhaug, Bjårland, Bjårvatnet, Landalia. Ein kan òg rekna med at nokre namn som inneheld nemne
for topografien, t.d. Vik, Nes, Sunde, Hauge, er svært gamle, dessutan namn som ikkje inneheld kjende nemne, t.d. Sola, Goa, Soma,
12
I NGE S ÆRHEIM
Orre, alle frå Nord-Jæren, der det er stor konsentrasjon av slike
namn.
7. Konklusjon
Dei registrerte øydetunsnamna på -land, -stad etc. er viktige tilskot
ved teikninga av eit samla bilete av namnebruk og namnemiljø i
jernalderen. Dei er nytta om sekundære og noko perifere gardar,
sett frå ein sentralgard som dei har vore knytte til og seinare blitt
innlemma i. Men tilhøvet mellom busetnadsspor og namn er ofte
komplisert; kvart namne- og gardsmiljø må granskast for seg.
Nokre namn synest vera klart yngre enn det jordbruksmiljøet dei
er knytte til. I fleire høve må det opphavlege busetnadsnamnet reknast som tapt, men i andre høve synest det vera halde ved lag. Dei
registrerte øydetunsnamna på -land gjev viktig informasjon om
bakgrunnen og særdraga til denne gardsnamntypen. Innhaldsmessig speglar dei ulike sider ved tidlegare landbruk og samfunnsliv.
Dei er jordnære og konkrete vitnesbyrd om daglege gjeremål langt
attende i tid.
Olsen har nok rett i at mange land-namn frå folkevandringstida
ikkje er i bruk som gardsnamn i dag. Men ein god slump namn av
denne typen synest ha overlevd som bruksnamn, teignamn, naturnamn eller namn på øydetufter.
E IN GARD PÅ KVAR HOL
13
Litteratur
Løken, Trond et al., 2001: Kvåle – bosetning og jordbruk fra steinalder til i
dag. I: Frá haug ok heiðni 4. S. 7–18.
Meling, Trond, 2001: To jordbruksbuplassar frå yngre steinalder på
Hundvåg i Stavanger. I: Frá haug ok heiðni 4. S. 28–31.
Myhre, Bjørn, 1984: Bosetning og gårdsnavn på Jæren. I: Bebyggelsers og
bebyggelsesnavnes alder. Red. av V. Dalberg et al. (NORNA-rapporter 26.) S.
169–98.
Myhre, Bjørn, 2002: Norges landbrukshistorie. Del 1. Oslo.
Olsen, Magnus, 1926: Ættegård og helligdom. (Instituttet for sammenlignende kulturforskning.). Oslo.
Petersen, Jan, 1933, 1936: Gamle gårdsanlegg i Rogaland 1–2. (Instituttet for
sammenlignende kulturforskning.). Oslo.
Rønneseth, Ottar, 1974: "Gard" und Einfriedigung. Entwicklungsphasen der
Agrarlandschafts Jærens. (Meddelanden från Kulturgeografiska institutionen vid Stockholms Universitet B 29.).
Sandvik, Paula Utigard, 2003: Kornet på Hundvåg. I: Frá haug ok heiðni 4. S.
20–22.
Steinnes, Asgaut, 1974: Styrings- og rettsskipnad i Sørvest-Noreg i mellomalderen. Oslo.
Særheim, Inge, 1999: Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på -land.
Avhandling for dr.philos-graden. Universitetet i Bergen.
Særheim, Inge, 2007: Stadnamn i Rogaland. Bergen.
Vikstrand, Per, 2001: Gudarnas platser. Förkristna sakrala ortnamn i Mälarlandskapen. (Studier till en svensk ortnamnsatlas 17.) Uppsala.
14
I NGE S ÆRHEIM
A farm on every knoll
Name environment and centrality in a south-west Norwegian agrarian society in the Iron Age
Archaeologists who have studied deserted farms from the Iron Age
in Southwest-Norway, e.g. Jan Petersen and Bjørn Myhre, have underlined that a toponym ending in -land is linked to quite a few of
the places. The names are often identical with, and of the same
type as, existing farm names ending in -land.
The semantic content of the names often describes the topography, the soil or the agrarian function of the places. Words for different types of trees and plants are quite common, as well as words
for meadows, pastures, the keeping of livestock and the growing of
crops. Deserted farms with a name ending in -land have often been
linked to and dependant on a primary and more central settlement
close by.
By studying names of this type and other toponyms in the area,
it seems possible to reconstruct an ancient name environment connected with a primary and central settlement in the Iron Age. Several land-names denoting farming settlements that were deserted
approx. 550 AD have probably been transmitted in the local oral
tradition through the centuries because the farm land has been
used by a central farm up to present day.
Inge Særheim
Universitetet i Stavanger
[email protected]