Her finn du heile programmet for Dei Litterære Festspela 2015

Transcription

Her finn du heile programmet for Dei Litterære Festspela 2015
N O R S K F O R FAT T E R S E N T R U M V E S T L A N D E T P R E S E N T E R E R
Dei Litterære Festspela
B E RG E N 22. O G 23. M A I 2015
F E S T S P E L D I K TA R Ø Y V I N D R I M B E R E I D
Trådreiser Stavanger – Bergen
Ei trådreise er ei assosiasjonsrekke som blir til når
ein beveger seg rundt på ein stad, lar seg trigge av
observasjonar og minner, deler kunnskap og bilete,
skapar ein samanheng, følgjer ein tråd. Er ei «trådreise» eit essay? Eller er det eit dikt? Trådreiser er
namnet på Øyvind Rimbereids femte bok og andre
diktsamling, utgitt i 2001, men det kunne vore namnet
på fleire av dei andre diktsamlingane hans, eller på
essaysamlinga frå 2006, Hvorfor ensomt leve? Kva for
ein av dei to sjangrane har størst potensiale for å setje
dagsorden, endre verda, bli tatt på alvor?
I eit essay om Georg Johannesens poesi og essayistikk, viser Rimbereid til at Johannesen var misnøgd
med at han med sine dikt ikkje blei tatt nok på alvor
som ein sakleg meiningsberar i si tid, og Rimbereid
spør i essayet om poesien eksisterer berre som omsorg – «som en poetisk minimumsomsorg for verdens
vindskeive kropper?»
I 2000 skreiv Øyvind Rimbereid om Stavanger i diktsamlinga Seine topografiar. Byen som har alt den treng,
og som står og ventar på korleis forvandlinga skal kome
til uttrykk, etter at Jesus «sklei i oljå». Både byen Stavanger og det å forstå si samtid er tilbakevendande
motiv for Øyvind Rimbereids poesi og essayistikk.
Korleis skal vi forstå oss sjølve i dag, med ein slik rikdom som så tydeleg har vist seg i oljebyen Stavanger?
Ein annan tråd å nøste i, er Rimbereids refleksjonar
kring å høyre til i eit samfunn. Er det mogeleg å velje
isolasjon? «Den døde har ingen ord. Ikke engang for sitt
ingenting,» skriv han i essaysamlinga Hvorfor ensomt
leve? Dyr kan heller ikkje sjå seg sjølv utanfrå, og når
vi møter robotar i Solaris korrigert, får vi høyre at dei
er frie.
«DA dei lucki er.
ONLI dei veit det ne ...»
Ein romantisk idé om å isolere seg frå samfunnstilhøyrsle og -ansvar, kan aldri bli det same som dyr og
robotars uvitande eksistens. Rimbereid viser i skrifta
si at medverknad til samfunnet er viktig for å oppretthalde humanisme, medverknad både som omsorg på
individnivå, som fysisk og intellektuelt arbeid og som
bidrag til vår felles oppfatting av kven vi er og skal vere
som menneske.
Diktsamlingane til Øyvind Rimbereid er demonstrasjonar av at tankar og refleksjonar høyrer heime i
poesien, stadbunde med namn, dialekt og konstruerte
fortids- og framtidsspråk. Rimbereid er den einaste
samtidsforfattaren som fekk eitt av sine verk med på
lista over dei 25 viktigaste bøkene i norsk historie.
Han har ei rekke nominasjonar og prisar, og er den
einaste poeten som har fått den høgthengande
Kritikerprisen to gongar. Tekstane hans har følgt trådar
ut av sitt eige format, mellom anna inn i Nathionalteaterets oppsetting av Solaris korrigert i 2010 og
samarbeid med Xploding plastiX om eit musikalsk
uttrykk til same diktsamling.
Ein annan tråd å følgje er Øyvind Rimbereid sitt
litterære arbeid med unge skrivetalent. Han var lærar
og undervisningsleiar på Skrivekunstakademiet i
Hordaland i ei årrekkje, der han losa ei rekke unge
skribentar på litterær veg. Frå nokre av desse er det
lett å nøste trådar tilbake til Øyvind Rimbereid som
inspirasjonskjelde.
I dag bur Øyvind Rimbereid i Stavanger. Det er ei
stor glede å invitere han tilbake til Bergen, no som
Festspeldiktar.
Velkomen til Dei Litterære Festspela!
FREDAG 22. MAI 19:00
Foto: Mathias Danbolt
Program
Olav H. Hauge, Litteraturhuset
STEMMER
LITTERÆR LUNSJ
Seminar om Øyvind Rimbereids forfattarskap.
Panelsamtale Ved Sissel Høisæter (HSH),
Anne Helene Guddal (UiB) og Arnfinn Åslund (HiT).
Bill. kr 70/50 hjå Norli Galleriet eller ved inngang.
LAURDAG 23. MAI 19:00
Olav H. Hauge, Litteraturhuset
LITTERÆRMUSIKALSK FESTKVELD
Nærbilete av Festspeldiktaren.
Øyvind Rimbereid i samtale med Siri Økland.
Xploding plastiX framfører Solaris korrigert
saman med Festspeldiktaren.
Bill. kr 130/100 hjå Norli Galleriet eller
ved inngang.
Maria Navarro Skaranger.
Paal-Helge Haugen.
Tom Leonard.
Foto: Signe Christine Urdal
Mansur Rajih.
Foto: Jens Peter Nilsen
Olav H. Hauge, Litteraturhuset
Arild Rein.
Foto: Anne Christine Kator
LAURDAG 23. MAI 13:00
Anne Helene Guddal.
Foto: Gerald Zörner
Presentasjon og visning av filmen Pipene,
ved Kristian Pedersen.
Festspeldiktaren presenterer gode forfattarkollegaer. Opplesingar ved Tom Leonard (GB),
Paal-Helge Haugen, Anne Helene Guddal,
Arild Rein, Mansur Rajih og Maria Navarro
Skaranger.
Bill. kr 130/100 hjå Norli Galleriet eller
ved inngang.
Xploding PlastiX: Bjørn Charles Dreyer, Erland Dahlen
og Hallvard Wennersberg Hagen.
Billettsal hjå Norli Galleriet, tlf: 97 47 82 41
eller e-post: [email protected]
Obs! Laurdag til klokka 16:00.
Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.
Presentasjonar av alle dei medverkande ligg på:
www.forfattersentrum.no
www.forfattersentrum.no
FOTO: Kristian Jacobsen, Morgenbladet – DESIGN: Tønnes H. Gundersen – TRYKK: Molvik Grafisk AS
D e i L i t t e r æ r e F eStS P e L A e r St ø t tA Av: