Slutt med geiter på Stenes

Transcription

Slutt med geiter på Stenes
MØRE-NYTT TORSDAG 22. JANUAR 2015 5
Slutt: I kring åtti år har det vore satsa stort på geiter på Stenes. No er garden tom for dyr, og folket har flytta til sentrum. FOTO: PER URKE
Slutt med geiter på Stenes
Sidan 1930-talet har
det vore satsa stort på
geitehald på Stenes.
No er det slutt.
• Roy-Arne Folkestad
[email protected]
Kvardagen har endra seg for
tidlegare geitehaldar Einar
Arne Stennes. Han har etablert
seg i Ørsta sentrum saman
med foreldra. Og ein kvardag
med lange arbeidsdagar og ansvar for 120 geiter på Nilsgarden på Stenes er historie.
– Det har vore eit slit og ein
hard kamp å drive geitebruk på
Stenes, utkanten i utkanten i
Hjørundfjorden, synest Einar
Arne.
Kampen han siktar til har
handla om skyssbåt og uvisse
kring denne – og heilårs vinterveg til Nilsgarden. Til slutt ordna det seg med ein brøyteavtale
med kommunen for den 3,7 kilometer lange vegen, men det
var ikkje gjort på ein halvtime
å få fram avtalen, og prosessen
karakteriserer eks-geitebonden som svært utmattande.
– Men eg vil ikkje gi Ørsta
kommune skulda for at eg har
avvikla geitedrifta. Fleire forhold ligg bak, også politikken
frå dei blå-blå, seier Einar Arne
som hadde ei kvote på 85.000
liter geitemjølk. Den leiger han
no vekk.
51-åringen er oppvaksen på
garden der bestefaren satsa på
geiter for rundt åtti år sidan.
Einar Arne tok over geitehaldet
etter foreldra hausten 1991. Sidan har han, med god hjelp av
foreldra, drive det mange meiner har vore eit mønsterbruk
der det også har vorte premiering for framifrå geitemjølkproduksjon.
Framtid
Tanken om ei framtid eller
ikkje som geitebonde starta i
hovudet på Einar Arne i samband med det nasjonale prosjektet for sjukdomssanering i
geitehaldet, der alle dyra i buskapen vert slakta og det vert
sett inn nye dyr. Årsaka er vona
om å verte kvitt byllesjuke og
virus og tarmsjukdom, noko
som har vore ei stor plage i næringa i fleire år. Ei sanering ville
gi sterkare og meir robuste
geiter.
Kjekke dyr: Geitene har danna næringsgrunnlaget på Stenes, men no er
dei vekke for godt.
Snappe
Einar Arne Stennes starta denne prosessen for to og eit halvt
år sidan, og han slakta buskapen og var med på å snappe
avkom frå mora, ein omfattande prosess. I samband med saneringsprosessen kom det nye
krav til måten å drive geitehald
på, og mange måtte modernisere driftsbygningane. Einar
Arne Stennes hadde eit inves-
Premiering: Sølvtina er prov på
at Einar Arne vart NM-meister i
geitemjølkproduksjon.
Ny tid: Einar Arne Stenes jobbar
no på teknisk avdeling på Volda
sjukehus.
teringsbehov på to-tre millionar kroner for å drive moderne
og framtidsretta, og stette kra-
va. Han sette seg ned og tenkte.
Og han rekna og rekna. Skulle
han bruke så mykje pengar på
geitehaldet i ei tid der statsminister Erna & Co ivrar for dei
store bruka? Eller skulle han gi
seg no og gå ned med flagget til
topps?
Etter ei heilskapsvurdering
valde han det siste. Og i dag
synest 51-åringen avgjerda er
til å leve med, sjølv om det til
tider er vemodig å tenkje på at
Nilsgarden no ligg der mørk
med tome hus og bygningar.
– Det er sjølvsagt ikkje berre
negativt at det vart avvikling.
Før hadde eg aldri fri, no har
eg fått fritid, smiler Einar Arne
som jobbar på teknisk avdeling
på sjukehuset i Volda. I den
lyse årstida på året ønskjer han
å bu på Stenes slik at bøane på
Stenes framleis kan vere velstelte, slik at hurtigrutepassasjerane nok ein gong kan stå på
rekkja og smile over den romantiske delen av Hjørundfjorden.
I dag er det berre att fire geitebruk i Hjørundfjorden, og
drifta både på Leknes og Skår
er avslutta.
– Utviklinga er skremmande.
Tenk all kunnskapen som forsvinn i landbruket kvar gong
ein gardbrukar legg inn årane.
Med all avviklinga som har
vore har ein no kome ned på
grunnfjellet og vel så det i landbruket. Alt vert mykje meir
synleg når den siste forsvinn,
reflekterer den tidlegare geitebonden på Stenes.