Les heile saka i SUNNMØRINGEN

Transcription

Les heile saka i SUNNMØRINGEN
2 LAURDAG 09. MAI
• TIPS
[email protected]
Tel. 70 26 11 22
Ansv. redaktør/dagl.leiar
Bjørn Arild Hatlem
2015 SUNNMØRINGEN
aktuelt
Ny leiar ved Peer Gynt-galleriet
Styret ved Peer Gynt-galleriet på Hellesylt har tilsett Monica Rødven frå Valldal som dagleg leiar, opplyser Hellesylt.info. Eigedommen med bygg blir seld til Flo Eigedom AS i Stryn, og eit
drivarselskap skal leige og drive kunst og servicesenteret ved Peer
Gynt-galleriet.
Peer Gynt-galleriet opnar for sesongen torsdag 14. mai.
Jubel og protest
Ferjeavløysing: Regjeringspartia og støttepartia går inn for ei ny
ferjeavløysingsordning som gjer at Storfjordsambandet med bru
mellom Glomset og Sandvikfluda rykker mykje nærare.
– Får 1,2 mrd. til bru
Storfjordsambandet til
avløysing av ferjestrekninga Aursnes–Magerholm er eit godt stykke
nærare realisering.
•
Bjørn Arild Hatlem
[email protected]
I går vart det kjent at regjeringa og KrF og Venstre har
blitt samde om ei ny ordning for ferjeavløysingsmidlar. Dette vil kome i samband
med revidert nasjonalbudsjett 12. mai.
– Dette er kjempeviktig for
Stranda og Sykkylven, seier
Frp sin fylkesformann,
Frank Sve.
Han har lenge kjempa for
at slike midlar også skal
kunne brukast der det ikkje
er underskot i ferjedrifta.
– No blir det ein rein sum
per ferje. Aursnes-Magerholm som ikkje har vore i
posisjon til å få underskotsdekning frå ferjeavløysing
fordi sambandet går i balanse, får 30 millionar kroner i
40 år med to ferje. Dei får
plutseleg 1,2 milliard som
kan leggast inn i investeringa på Storfjordsambandet.
– Då er sambandet langt
på veg fullfinansiert. Så det
er ei kjempenyheit for Storfjordsambandet. Frå å vere
litt i «tåkenes land» og langt
opp og fram, har det plutseleg fått eit kvantesprang for
å kunne bli realisert, seier
Frank Sve.
• Les meir
på sunnmoringen.no.
Kontakt oss:
Tlf. 70 26 11 22 Fax 70 26 12 93
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Postboks 24, 6201 Stranda. Besøksadr. Sjøgata 13, 6200 Stranda
Bjørn Arild Hatlem, redaktør/dagleg leiar
Tlf. 95 93 25 25. [email protected]
Renate Furre Henriksen-Sandvær, journalist
Tlf. 95 14 52 84. [email protected]
Anniken Westad, journalist
Tlf. 98 43 44 58. [email protected]
Linn Pilskog, marknadskonsulent
Tlf. 93 87 22 36. [email protected]
Monika Vartdal Giske, marknadskonsulent
Tlf. 99 32 61 91. [email protected]
Utgjevingsdagar: Onsdag og laurdag
Utgjevar Sunnmøringen AS. Medlem i Landslaget for Lokalaviser
Sunnmøringen arbeider etter dei presseetiske
reglane i Ver Varsam-plakaten. Vi ber den som
kjenner seg råka av urett avisomtale om å kontakte redaktøren.
Det er også råd å klage til Pressens Faglege Utval,
Postboks 46 Sentrum, 0101 Oslo. Telefon 22 40 50 40
Møre og Romsdal Frp
jublar over forslaget
om pengar til kulturlandskapspleie. Men
bønder protesterer.
• Bjørn Arild Hatlem
[email protected]
– Skal verkeleg landbruket betale for at turistar skal ha god
utsikt? Etter mi meining høyrer ikkje ei slik ordning heime i
jordbruksoppgjeret, seier 1.
nestleiar i Norges Bondelag,
Kristin Ianssen til Nationen.
Regjeringa vil bruke 20 millionar kroner av jordbrukspengane til rydding av attgrodd
landskap i Hordaland, Sogn og
Fjordane og Møre og Romsdal.
Frank Sve, fylkesformann og
gruppeleiar i Frp, er kjempeglad for dette tiltaket er foreslått i jordbruksoppgjeret. Han
seier til Sunnmøringen at uttalen til Ianssen er horribel.
– Viss landbruket meiner
dette må ein fjerne alle andre
tilskot som landbruket har til
skjøtsel av kulturlandskap, beite og så vidare, seier Sve.
– Sneversynt
Politikaren synest reaksjonen
er sneversynt, og meiner det
kan bli kjempebra for Stranda
og Geiranger å få slike pengar
til kulturlandskapspleie.
– Dette må vere ei positiv sak.
Eg reknar med at Senterpartiet
i Stranda støttar dette fullt ut,
og at vi kan jobbe i lag med Spordføraren og andre for å få
Rydding: I staten sitt tilbod til jordbruksavtale blir det foreslått å
innføre ei ordning for utsiktsrydding av attgrodd kulturlandskap og
vegkantar. Det kan kome til nytte i Geirangerfjorden verdsarvområde.
mest mogleg av dei 20 millionane til Stranda, seier Sve.
Inga støtte frå Stranda Sp
Kommunestyrerepresentant
og partileiar for Stranda Sp,
Petter Hjørungdal, er slett ikkje
begeistra for tanken om 20 millionar frå pengane til bøndene.
– Det er heilt meiningslaust
at ein skal bruke middel frå
jordbruksavtalen til å klippe
ned langs vegar. Det bør heller
vere ei sak for Statens vegvesen.
Hjørungdal meiner dette er
«endå eitt eksempel på korleis
dei blåblå tenkjer».
– All støtte for å pleie land-
skapet er positivt, men det skal
ikkje gå av jordbruksmiddel.
Pengane frå jordbruksavtalen
skal gå til bøndene, ikkje til
stell av vegkantar og landskapspleie som andre bør ta
seg av. Pengane må kome frå
andre plassar, ikkje frå bøndene som berre har fått tilbod om
ein tidel av det dei bad om.
Hjørungdal meiner forslaget
er respektlaust, eller i alle fall
viser ei manglande forståing
for landbruket si rolle.
– Det er mange vegar der turistane skulle fått sett meir når
dei var ute og for. Men det er
ikkje landbruket som skal betale for det, understrekar han.
Fekk Liabygda ferjekai på plass
Dersom fylkesrådmannen
hadde fått gjennomslag
for å utsetje byggestart for
Liabygda ferjekai til 2018
måtte sambandet brukt
gamleferja i to år til.
• Bjørn Arild Hatlem
[email protected]
Samferdselsutvalet i Møre og
Romsdal gjekk tysdag samrøystes inn for å starte som opphavleg planlagt 1 2016 etter
kaia på Stranda blir fullført i
løpet av 2015.
– Det ville vore krise for sambandet om Liabygda stod igjen
og ein måtte fortsette med den
gamle ferja som ein har i dag.
Ei ferje som fortvilar både brukarane og dei som driv, seier
Frank Sve.
Frp, Høgre og KrF sine representantar foreslo å legge blant
anna Liabygda ferjekai inn att i
investeringsprogrammet. Og
til slutt samla utvalet seg om eit
felles forslag, som også sikrar
oppstart av arbeidet med
Vardegjølet på Fv 80 i Sunnylven med 9,5 millionar kroner.
Plassering av ferjekaia
Samferdselsutvalet gjekk i det
same møtet inn for å nytte dagens plassering av Liabygda
ferjekai – med trafikk over eksisterande kai i anleggsperioden. Dette er rimelegast, men
ulempa er at ferja i enkelte periodar, på frå ein til fem dagar,
må gå mellom Stranda og Linge
ferjekai.