Å gli inn på ein våg Stranda og vegen - Magasinet

Transcription

Å gli inn på ein våg Stranda og vegen - Magasinet
Årgang 1 | Nr 1 | 2016
Spesialistar på spesialprodukt
Å gli inn på ein våg
Vinterleg rekord i sommar
Stranda og vegen
Frå apal til eplehekk
DET GODE LIVET | TENESTER | LOKALT NÆRINGSLIV | HANDEL | UTDANNING | KULTUR | REISELIV
REDAKTØREN HAR ORDET:
Magasinet HEIMA er eit samarbeidsprosjekt mellom
Kvam Næringsråd, Norheimsund Næringslag og Øystese
Næringslag. Denne første utgåva fokuserer på det gode
livet i Kvam og Jondal, tilbod frå lokalt næringsliv,
tenester frå kommunar og offentlege etatar, kultur og reiseliv.
Magasinet HEIMA blir distribuert til alle husstandar
i Kvam og Jondal - i tillegg til hytteeigarane.
Målet
Tittelen «HEIMA, tett på Kvam og Jondal» er namnet på dette nye magasinet.
Eit dialektord med A i enden som skal symbolisera noko lokalt, trygt og godt.
Noko med å ha røter, som gjev oss identitet. Målgruppa for HEIMA er først og
fremst fastbuande og hytteigarar i desse to kommunane.
HEIMA er laga gjennom eit samarbeid mellom Kvam Næringsråd, Norheimsund
Næringslag og Øystese Næringslag. Det er i ei erkjenning av at det ikkje er den
interne konkurransen om kundane i Kvam og Jondal som er største utfordringa,
men den me har mot Internett og Åsane/Bergen. Vert denne første utgåva av
HEIMA ein suksess, tek me sikte på tre–fire utgåver i året.
Annonsar frå næringslivet er hovudfinansieringa av HEIMA, ved sidan av tilskot
frå Kvam herad og Jondal kommune. Artiklar i HEIMA skal fortelja dei gode historiene. Om folk og bedrifter som lukkast, om gode offentlege tilbod, om kultur
og fritid som gjer desse bygdene gode å bu i.
Kvam og Jondal omkransar Samlafjorden og Hisfjorden. Heilt til 1965 hadde
kommunane Kvam, Jondal og Strandebarm grender på begge sider av fjorden.
Kultur og bakgrunn har me felles. Uansett korleis det går med den framtidige
kommunestrukturen vil me også i framtida ha felles nytte av eit tett samarbeid.
Dersom du kan lesa HEIMA og bli litt stolt over at det er her du høyrer til,
då har me nådd eitt av måla våre. Det andre målet er å gjera lokalt næringsliv
synleg slik at vekst og arbeidsplassar kan sikrast. Dei bedriftene som har teikna
annonsar i HEIMA, reklamerer ikkje berre for eigne tilbod og tenester, men viser
også vilje til å yta noko til fellesskapet.
Lat HEIMA liggja framme på kjøkenbordet utover sommaren. Opplysningane
frå kommunane har du bruk for framover, og annonsar fortel deg kvar du kan
få dei gode tenestene og gjera dei gode innkjøpa.
Magasinet HEIMA kan også lesast i fullversjon på www.heimamagasin.no.
Send gjerne denne adressa til vener og kjende!
God lesnad!
Torleiv Ljones
Ansvarleg utgjevar: Kvam Næringsråd | Norheimsund Næringslag | Øystese Næringslag
INNHALD
Spesialistar på spesialprodukt
3
– Framtida er rein og fin
9
Planlegg oppsiktsvekkjande framtid
10
– Det er trygt og godt å veksa opp i Kvam
11
Å gli inn på ein våg
14
Nye skyer gjennom Skyspace
18
Ute i det fri, alltid blid
21
Siktar på ny vinterleg rekord i sommar
26
Lita bygd med stor aktivitet
32
Stranda og vegen
39
Banktenester i endring
45
Frå apal til eplehekk
46
Den nye handelslagssjefen
49
Småcampingbruk
50
Steller i hagen
52
Høgskuleundervisning i Kvam
56
Ein liten kommune i vekst
61
Flytta heim for å gje borna ein god start
62
Redaksjon: Torleiv Ljones, Geir Mo, Gjermund Stuve
Grafisk produksjon og trykk: Riss grafisk formgjeving AS
Opplag: 7500
Adresse: Kvam Næringsråd, Sjusetevegn 27, 5610 Øystese
Tlf. 913 47 997 | E-post: [email protected] | www. heimamagasin.no
Neste utgåve er planlagt i månadsskiftet september/oktober 2016.
Redaktør
Torleiv Ljones
Annonseansvarleg
Marita Gjerde
[email protected]
[email protected]
Journalist
Brit Aksnes
Journalist
Katrine Helgheim
Grafisk designar
Inger Liv Langstøyl
[email protected]
Framsidefoto: Benjamin og Julia er klare for sin fyrste
ordentlege sommar på Solesnes i Jondal.
Saman med mor, far og veslebror Christian flytta dei til
mor sin heimstad i fjor. Du kan lesa om familien på side 62.
Foto: Katrine Helgheim
Spesialistar på
spesialprodukt
Bjølvefossen i Ålvik er landets einaste produsent av ferrosilisiummagnesium (FSM).
Fleire enn to tusen kundar verda over nyttar spesialproduktet frå Ålvik som krydder i sine varer.
Det gjev både arbeidsplassar og ringverknader lokalt.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
Flytande ferrosilisium på flyttefot frå ein stad på Bjølvefossen til ein annan.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 3
Delar av verksområdet eignar seg ypparleg som postkortmotiv.
– Ein kan sjå på FSM som
eit krydder. Kundane våre
brukar 0,5–1 prosent av
stoffet i sine jarnstøyperiprodukt, til dømes i produksjon av nav til vindmøller, bildeler, røyrleidingar
og komponentar til elektrisk utstyr, fortel HR-sjef Arild Rykkje ved
Bjølvefossen.
Vedundermiddelet frå Ålvik gjer at støypejarn ikkje vert sprøtt og sårbart, men seigt og
lettare å forma. Dessutan gjev FSM jarnet lengre levetid.
Bjølvefossen har konkurrerande produsentar av FSM i USA og Europa, men har likevel
65 prosent av den europeiske marknadsdelen
på produktet, ifølgje Rykkje. Verksemda har
òg kundar i Amerika og Asia.
– Kundar vel oss fordi me leverer god og
stabil kvalitet. Det er veldig viktig. Me leverer ikkje berre eit produkt, men ein effekt,
seier han.
Verksemda har produsert ferrolegeringar til
den internasjonale marknaden sidan 1928, og
er i dag spesialisert på produksjon av ferrosilisium til stålindustrien og FSM til støyperiindustrien. Kvart år kjem tusenvis av tonn kvarts,
Dette er spesialstoffet Bjølvefossen krydrar verda med:
Ferrosilisiummagnesium (FSM). Det vert levert i ulike
storleikar. Dette er 12–22 mm store bitar av legeringa.
4 HEiM A
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Verneutstyr kan òg sjå ut som popstjerneantrekk. Terje Lilleskog arbeider med
sylvfarga frakk og gullfarga visir ved omn 5.
koks og kol sjøvegen til Ålvik og vert gjort om
til produkt verdsmarknaden spør etter.
Satsa på spesialprodukt
Det vart avgjort at Bjølvefossen skulle satsa
for fullt på FSM på 1990-talet.
– Me vurderte stålmarknaden og såg at me
aldri kunne vinna konkurransen med ferrosilisium. Me måtte ha eit spesialprodukt, seier
Rykkje.
Bjølvefossen gjekk frå å produsera 10.000
tonn FSM i 1992 til å produsera 65.000 tonn i
2004. Finanskrisa i 2008 medførde lågare produksjon i nokre år, men no er han på veg opp
att. I fjor var han vel 50.000 tonn. Målet er å
koma opp i 70.000 tonn i 2020.
– Me har kapasitet til å produsera i alle fall
65.000 tonn årleg utan å tilsetja fleire folk, seier Rykkje.
Sjølv om omnsproduksjonen har gått opp,
har kraftforbruket gått ned.
– Arbeid med å stadig gjera ting betre, gjev
resultat, seier Rykkje.
Eigd av kinesarar
Elkem AS fekk aksjemajoriteten i Bjølvefossen i 1986, og har eigt heile verksemda
sidan 2000.
Rad etter rad med FSM står klart til å verta henta
på Bjølvefossen. Produktet tek i hovudsak sjøvegen
frå verket, men fer også med lastebilar.
I 2006 var gamle kraftkontraktar i ferd med
å gå ut, og kraftregimet i Noreg var under omlegging. Då bestemte Elkem at FSM-produksjonen i Ålvik skulle flyttast til Island i 2008.
Slik vart det, men produksjonen vart flytta
tilbake til Ålvik i 2011.
– Det var ikkje så mykje å tena på å produsera FSM på Island som ein trudde, seier
Rykkje.
I 2011 kjøpte den kinesiske giganten China
National Bluestar Elkem. Selskapet er eigt av
Chemchina, et selskap som er heileigt av den
kinesiske staten.
Ifølgje Rykkje merkar ein i den daglege drifta lite til den kinesiske eigarskapen.
– I byrjinga var mange skeptiske, og det
forstår eg. Folk frykta at kinesarane skulle
leggja ned produksjonen i Ålvik og flytta
han til Kina. Men det skjer ikkje. Kina treng
sin energi til infrastruktur, ikkje til å driva
verk som Bjølvefossen. Dei har framfor alt
kjøpt vestleg kompetanse – kunnskapen
til folk som arbeider her og elles i Elkem,
seier Rykkje.
For det er mykje kunnskap på Bjølvefossen.
Alt frå høgt utdanna ingeniørar med mykje
røynsle, nyutdanna prosessingeniørar og metallurgar, til gode gutar og jenter på golvet.
I dette lokalet vert spesialstoffet til Bjølvefossen laga.
Oppskrifta er løynd, men effekten av FSM er ettertrakta.
HISTORIA
1905: Bjølvefossen vert etablert for å laga
elektrisk kraft av vatnet i Bjølvovassdraget
i Ålvik.
1905–1917: Kraftanlegg med dam, røyrgate
og kraftstasjon vert bygt.
1916–1918: Kalsiumkarbidfabrikk vert bygd,
men marknaden kollapsar etter fyrste
verdskrig.
1919–1928: Bjølvefossen leverer kraft til
Bergen kommunale elektricitetsverk.
1928: Startar produksjon av ferrosilisium.
1934–1983: Produksjon av ferrokrom.
1954: Startar produksjon av ferrosilisiummagnesium (FSM).
1976: Utvikling av katalysatorprosess saman
med Norsk Hydro.
1986: 70 prosent av aksjane i Bjølvefossen
vert kjøpte av Elkem.
1999: Satsar for alvor på produksjon av FSM.
2000: Elkem kjøper heile verksemda.
I dei store hallane ein ser frå sjøen, skjer det lite. Men det er mange fine fotomotiv der,
som desse vindauga høgt oppe under taket.
2006: FSM-produksjonen vert vedteken flytta
til Island. Flyttinga skjer i 2008.
2008–2009: Bjølvefossen er demonstrasjonsanlegg for ein prosess som skal attvinna avfall
frå aluminiuimsindustrien.
2010: Produserer ferrosilisium frå to omnar.
2011: FSM-produksjonen vert flytta attende
frå Island til Ålvik.
– Me har eit høgt teknologisk miljø her, seier Rykkje.
Gjev ringverknader lokalt
Elkem Bjølvefossen arbeidde mykje med organisasjonsutvikling på 1990-talet. Målet var å
gjera dei tilsette meir sjølvstendige, og å få dei
til å spela meir på lag med kvarandre. Sidan
2001 har alle skifta vore utan leiing. Følgjeleg
har alle tilsette – faglærde som ufaglærde, in-
geniørar og vikarar – ei rolle i tillegg til jobben
dei gjer.
– Dette har vore ein suksess. Me fiksar miksen. Me har plass til ein stor del ufaglærde
arbeidarar. Dei gjev me kompetanse, og når
ein set dei saman med faglærde og ingeniørar,
vert resultatet kjempebra, seier Rykkje.
Bjølvefossen har rundt 160 tilsette. Dei
kjem frå Kvam, Granvin, Voss, Ulvik, Ullensvang og Odda. 60 prosent av dei tilsette har
fagbrev. Snittalderen er 46. 91 av dei tilsette er
busette i Ålvik. Få av dei sluttar, ifølgje personalsjefen.
– Folk trivest godt. Eg trur det har med å
gjera at Elkem tilbyd ordningar som mindre
verksemder ville slita med å kunna tilby. Å arbeida på Bjølvefossen er føreseieleg og trygt.
Dei tilsette veit at dei får det dei har rett på.
Me har lange tradisjonar i å følgja både sen-
Omn 5 i aksjon. Gneistar og glødande metall er kvardagskost på Bjølvefossen.
trale og lokale tariffavtalar, seier Rykkje.
Verksemda til Bjølvefossen har ringverknader i Ålvik, men òg i kommunen og fylket
elles. I 2015 handla Elkem Bjølvefossen for 37
millionar kroner hjå 70 leverandørar i Kvam
herad. Samla la verksemda att 104 millionar
kroner i Hordaland.
– Me er ein stor bidragsytar lokalt, slår Rykkje fast.
– Gode på omstilling
I gamle dagar spydde skorsteinane på Bjølvefossen ut røyk og støv. På 1970-talet fekk folk
nok, og styresmaktene stilte krav om at støvet
måtte reinsast.
– Bransjen frykta at alt ville gå dukken når
ein vart pålagd slike krav. Men i staden utvikla bransjen og Bjølvefossen eit nytt produkt
i reinseprosessen, fortel Rykkje.
Gjermund Klyve og Bjarte Laupsa Harrang er operatørar ved eldfastavdelinga.
Her har dei kaffipause.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 5
Dungar med kvarts og kol er råstoff for produkta
Bjølvefossen lagar.
Mikrosilica er eit stoff som kan gjera betong
tettare, sterkare og meir haldbar. I periodar
har Bjølvefossen tent meir på mikrosilica enn
på annan produksjon.
– Omstilling gjev resultat, konstaterer Rykkje.
Ikkje berre det ureinande støvet vert utnytta
i Ålvik. Dampen frå vatnet som vert nytta for
å kjøla ned omnsutstyret på Bjølvefossen, har
sidan 1977 vorte nytta til å driva ein turbin
som lagar straum. Nyleg investerte verksemda
110 millionar kroner i ei fullstendig opprusting
av energiattvinningsanlegget.
Spillvatnet frå anlegget vert dessutan nytta
til smoltproduksjon på Bjølve bruk.
Ifølgje Rykkje er evna og viljen til omstilling
grunnen til at produksjonen på Bjølvefossen
har vore kontinuerleg sidan 1905.
Stundom vert det glødande metallet tømt i såkalla senger. Her er ei seng som har byrja kjølna.
– På Bjølvefossen har dei alltid vore flinke
til å gjera endringar når det har vore nødvendig. Dei har vore omstillingsdyktige heile
vegen. Det er kjempetøft, seier han.
Store planar
Bjølvefossen har framtidsplanar. Mellom anna
er eit forprosjekt sett i gang for å fjerna svoveldioksiden verket slepper ut mykje av. Produksjonen av FSM skal aukast, og det same skal
salet av produktet spesielt i Asia.
– Det er viktig å utvikla seg heile tida. Å alltid leita etter ting som kan verta betre, seier
Rykkje.
Bjølvefossen brukar to omnar i produksjonen. To andre er for tida ikkje i bruk. Elkem
vurderer å rusta opp ein av dei for å kunna
produsera råvarer til verket selskapet eig i Bremanger. Den andre vart bygd om for å kunna attvinna avfall frå aluminiumsindustrien
i 2008. Elkem investerte hundre millionar i
prosjektet i Ålvik då FSM-produksjonen vart
flytta til Island. Bjølvefossen testa ut prosessen og lukkast i å kapsla inn giftstoff og ta
ut jarn frå restane. Rykkje trur prosjektet vil
verta aktuelt å setja i gang igjen. Om ikkje
i Ålvik, så i alle fall ein annan stad.
– Me viste at prosessen er mogeleg, men
det står att å gjera slagget brukbart. Og aluminiumsindustrien må vera med på laget. I dag
får dei deponera avfallet, men slik kan det
ikkje halda fram i all tid, seier Rykkje.
Sven Gunnar Ramstad (t.v.) og Inge Birger Sandven er prosessingeniørar for kvar sin omn,
og hevdar det er sunn konkurranse mellom skifta.
Sandven har arbeidd på verket sidan 1972. Han er oppvaksen i Norheimsund,
men har budd i Øystese sidan 1984. I byrjinga pendla han til arbeid med Bjølvefossen sine
fire–fem grøne bussar. I dag køyrer han eigen bil.
Ramstad har arbeidd på Bjølvefossen sidan 1981. Sidan 2009 har han pendla til arbeid frå Voss,
der han bur saman med familien. Han byrja som operatør, og er no prosessingeniør for omn 5.
– Bjølvefossen er ein kjekk arbeidsplass. Ein får utvikla seg i spanande fag, og folka her har det bra saman.
– Ser lyst på livet
Administrerande direktør ved Elkem Bjølvefossen, Børge Hauge, seier det
går bra på verket for tida.
– Me har ei god tid bak oss med viktige investeringar, og me ser lyst
på livet, seier Hauge.
Han seier utviklinga dei siste fem åra har vore svært positiv, og at Elkem
Bjølvefossen har alle mogelegheiter til å halda fram i same lei dersom
verket held fram med å vera best på sine produkt.
– Ingenting er uavhengig av innsatsen ein gjer. Ein må heile tida jobba
og fortena sin plass. Det er ingen gratisveg til himmelen, seier Hauge.
Han seier framtida vil by på både effektivisering, modernisering og
teknologiske gjennombrot.
– Eg trur ikkje ein kan overleva med denne typen industri utan å vera
Bjølvefossen er som ein liten by. Der er fotgjengarfelt, gangfelt, trafikkskilt,
bilar og lastebilar.
6 HEiM A
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
gode på energiattvinning. Me må fortena plassen vår, seier Hauge.
Ring
Ring oss
oss
på
på 04800
04800
–
– hele
hele døgnet,
døgnet,
alle
alle dager.
dager.
Bidreg til
bærekraftig utvikling,
lokalt og globalt.
A for Alltid åpent
A for Alltid åpent
10609_Annonse_A5_148x210_Alltid_Åpent_1214_ah.indd 1
17.12.14 09:05
10609_Annonse_A5_148x210_Alltid_Åpent_1214_ah.indd 1
17.12.14 09:05
SELJA EIGEDOM?
Be om tilbod og samanlikn pris og vilkår med andre meklarar
Advokatkontoret driv også alminneleg praksis med hovudvekt på prosedyre og juridisk rådgiving
vedkomande fast eigedom, erstatningsrett, kontraktsrett og arverett.
Våre klientar er både privatpersonar og bedrifter.
Hovuddelen av våre oppdragsgjevarar kjem frå kommunane
rissgrafisk.no
Kvam, Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Granvin, Kvinnherad, Samnanger, Fusa og Bergensregionen.
ADVOKATFIRMA KVÅLE ANS
Sandvenvegen 43, 5600 Norheimsund
Tlf. 56 55 12 77 - Faks 56 55 19 63
[email protected] - www.advokatkvale.no
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 7
Norske Landbrukstenester Hordaland
NLTH er eit samvirkeføretak som har som hovudmål å skaffe arbeidskraft til landbruket. Men me
tilbyr og arbeidskraft og tenester til andre bransjar og private. Tilsaman ha me aktivitet i 18 kommunar
i Hordaland, og produserer over 100 årsverk, som vert utført av over 1000 heil- eller deltidstilsette
personar. Omsetnad siste år var 52 millionar. Me er ein fleksibel samarbeidspartnar. Ta kontakt!
Reingjering
Vaktmeistertenester
Som registrert reingjeringsbyrå kan me tilby:
Me tilbyr vaktmeistertenester som:
Me er fleksible med arbeidstid og tek
ansvar for kvaliteten på arbeidet
som vert utført.
Me seier (nesten) aldri nei!
● Enkle tømrar- og målaroppgåver
● Vedlikehald av eigedom
● Vedlikehald av grøntanlegg
● Rydding og bortkøyring av bos
og hageavfall
● Snørydding
Design:Bukken
● Reingjering; private heimar, hytter
og bedrifter.
● Reingjering; båtar /campingvogner.
● Nedvask og flyttereingjering.
● Vindusvask
Har du behov for vikar-, reinhaldar- eller vaktmeister?
Ring oss for større eller mindre uløyste oppgåver -me vil hjelpa deg!
Lik NLT Hordaland på Facebook for nyheiter og info
NLT Hordaland | Sjusetevegen 27, 5610 Øystese | [email protected] | Kontakt oss på tlf. 415 31 490 | www.nlth.no
8 HEiM A
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Ordførar Jostein Ljones (Sp) meiner Kvam rullar mot ei lys framtid. – Det er godt å bu
i Kvam, seier MC-føraren.
– Framtida
er rein og fin
Ordførar Jostein Ljones (Sp) meiner Kvam herad har det meste som skal til for at folk skal kunna leva gode liv.
Han meiner kommunen går ei rein og fin framtid i møte.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
– Kvam er ein god kommune. Me har gode barne-
meiner bygdene i Kvam vil få ein heilt ny dimensjon
interesse for kultur, og difor står kulturlivet sterkt i
hagar, skular og eldreomsorg, me er nær naturen, og
når det vert samanhengande gang- og sykkelsti frå
Kvam. Eg veit at i Bergen må mange born stå i kø for
me har eit attraktivt senter. Kvam er eit trygt, godt
Øystese til både Steinsdalen og Aksnes.
å få koma inn på dei instrumenta dei vil på kulturskulen. I Kvam er terskelen låg for alle disiplinar,
og oversiktleg samfunn. Samstundes er me nær
– Eg trur ikkje folk fullt ut forstår for ein stor kvali-
Bergen og storbykvalitetane der. Det er godt å bu
tet det er. Me kan sykla mellom bygdene våre. Det er
i Kvam, seier Ljones.
både bra for folk og for miljøet, seier Ljones.
Har tru på vekst
i Øystese og Norheimsund der turistar kan leiga syk-
Ordføraren er i kontakt med andre kommunar og
Det kommunale målet er å oppretthalda og auka
lar og sjå Hardanger frå sykkelsetet.
næringslivet for å koma fram til gode felles løysingar.
Han vonar å få til ei ordning med såkalla bysyklar
og me har gode lærarkrefter, seier Ljones.
Framtidsutsikter
busetnaden. Ifølgje ordføraren har Kvam tenester og
– Då brukar dei òg meir tid her, seier Ljones.
struktur for litt fleire enn dei 8.475 som var kvem-
Ifølgje ordføraren er spørsmålet no kva som skjer
ren ein av dei viktaste faktorane for at det skal vera
mingar 1. januar i år. Økonomien hadde vorte betre
vidare på samferdslefronten. Han seier både Statens
interessant å vera i regionen. Difor er det viktig at ein
om det var fleire kvemmingar.
vegvesen og Hordaland fylkeskommune har vist vel-
ikkje får eit dårleg inntrykk av han, seier Ljones.
vilje til ein kvammapakke nummer to.
Han meiner det er tid for ei felles forvalting av fjord-
– Eg har god tru på at me greier å auka innbyg-
– Fjorden, til dømes, er saman med fjella og natu-
gjartalet. Men det er viktig at me gjer det me kan på
– Kommunen er i ferd med å laga ein samferds-
samferdslefronten for å korta avstandane i regionen.
lestrategi som skal fokusera kva som er viktige
– Oppdrettsnæringa i Hardanger må ta mål av seg
Slik utvidar ein bu- og arbeidsmarknaden, seier
prosjekt å få med i ein eventuelt ny kvammapakke,
til å verta den reinaste. Viss ikkje får dei ikkje høve til
Ljones.
seier han.
å veksa, seier Ljones.
Ifølgje ordføraren er det tilgjengelege bustadområde i alle bygdene i heradet, og heradet arbeider for
Tunnel under Kvamskogen står høgt på ynskelista
til ordføraren.
Han seier målet til kommunen er å ha ein rein
fjord og ei berekraftig oppdrettsnæring som tek vare
på villfisk og miljøet i fjorden.
å leggja til rette for endå fleire i kommuneplanen.
– Det er store planar om utbygging av husvære
en for å sjå «heile biletet».
Mangfaldig næringsliv
Ifølgje Ljones betyr det mykje for klimaet i om-
både i Norheimsund og Øystese. Store husværepro-
Ordføraren meiner Kvam har eit mangfaldig, krea-
rådet at smelteverket i Tyssedal skal kutta CO2-ut-
sjekt i Øystese og Norheimsund har vorte selde fort,
tivt og godt næringsliv med mykje kunnskap. Han
sleppa med 90 prosent, og at Elkem Bjølvefossen AS
og det viser at det er attraktivt å bu i sentra, seier
ynskjer fleire etableringar, og meiner Kvam har gode
i Ålvik nyss sette i drift ein ny turbin for attvinning
Ljones.
forhold for å driva næring.
av energi.
Han ser fram til at reguleringsplanen frå Straumen
– Det spesielle med Kvam er at ein har lukkast
– Mange har eit inntrykk av Hardanger med tung-
til Rema 1000 i Norheimsund, som opnar for langt
med kulturbasert næring. Kvam er ein av få stader
industri og utslepp. Men det er interessant at den
fleire bustader i sentrum, skal verta sett ut i livet.
der kulturen har ført til næringsliv og arbeidsplassar.
gamle tungindustrien er ein del av det grøne skiftet,
– Trendane peikar mot at folk vil bu i byar. Me må
Den største kulturbaserte institusjonen me har, er
seier Ljones.
retta oss etter det og laga eit urbant miljø i sentrum
Hardanger Fartøyvernsenter. Der er mange, gode og
med fleire leilegheiter og eit variert bustadtilbod,
lønsame arbeidsplassar, seier Ljones.
seier Ljones.
Satsar på samferdsle
Han har ein draum om at Hardanger skal verta eit
knutepunkt for fornybar energi.
Han seier både Kabuso og Tusenårsstaden i Øy-
– Eg ynskjer at Hardanger skal framstå som reint
stese er i stadig utvikling, og at det er «god driv»
både med omsyn til fruktproduksjon, fjorden, fjellet,
i kulturlivet.
fonna og industrien, seier Ljones.
Kvam har satsa stort på samferdsle dei siste åra. Den
– Eg trur dette skuldast at Kvam har ein veldig god
såkalla Kvammapakke 1 er snart fullførd. Ordføraren
kulturskule. Der utviklar born og unge både talent og
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 9
Planlegg
oppsiktsvekkjande
framtid
Kvam herad rullerer kommuneplanen. Visjonen er å skapa ei oppsiktsvekkjande framtid.
Spesielt arealdelen engasjerer kvemmingane, fortel samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
– Eg meiner kommuneplanen sin arealdel er det vik-
politikarane på prinsipielt og generelt grunnlag sagt
del. I dag er det ledige tomter i kommunale og
tigaste dokumentet som vert laga i kommunen. Han
kva som er viktig for korleis me skal utvikla og ta vare
private felt i stort sett heile kommunen. Alle inn-
legg til rette for å ta vare på områda ein ynskjer å
på areala våre. Når innspel kjem inn til arealplanen, vert
komne forslag til kommuneplanen sin arealdel er
ta vare på, og for å utvikla nye område slik heradet
dei vurderte opp mot strategiane, seier Nedkvitne.
under handsaming og vil verta konsekvensutgreidd
i høve til kommunen sine arealstrategiar, heiter det.
ynskjer det. Han er dessutan relativt lett forståeleg,
Arealstrategiane legg opp til fortetting i sentrum
for mykje av han er kartfesta. Det gjer at folk ser sin
og utvikling langs eksisterande infrastruktur i og
Både privatpersonar, lag og organisasjonar har
eigedom og sitt nærmiljø, og det engasjerer dei meir
rundt tettstadene og grendene. Tanken med det er å
kome med innspel til kommuneplanen. Ifølgje Ned-
enn tematiske planar som ofte berre er tekst, seier
leggja til rette for ei best mogeleg berekraftig utvik-
kvitne er grendeutvala i heradet flinke til å samla inn-
Nedkvitne.
ling rundt tettstadene.
spel frå grendene og gje gode overordna merknader.
I den funksjonelle strandsona skal område som er
På høyring etter nyttår
eigna til rekreasjon, sikrast mot utbygging.
Også verksemder har vore flinke til å tenkja framover, seier utviklingssjefen.
Heradet har fått meir enn tre hundre innspel etter
Ny veg til Tolomarka i Norheimsund skal inn i plan-
– Eg plar seia til verksemder at viss dei har vi-
at arbeidet med å rullera kommuneplanen starta
en, og det same skal traseen for Hardangertunnelen
sjonar på er lang sikt, er det lurt å koma med dei
i 2013. Administrasjonen lagar med bakgrunn i admi-
under Kvamskogen.
i starten av rulleringa. Alt håp er ikkje ute om ein
ikkje har kome med det i samband med kommune-
nistrative og politiske signal og innkomne innspel eit
framlegg til plan som skal leggjast fram for herads-
– Bustad er viktig
styret. Når heradsstyret godkjenner framlegget, vert
Heradsstyret skal kvart fjerde år vurdera om det bør
det lagt ut til offentleg ettersyn. Då kan folk sjå om
gjerast noko med samfunnsdelen eller arealdelen.
innspela deira er tekne med, og dei kan igjen få seia
Alle tema i heile planen
si meining om planane.
må ikkje rullerast sam-
Nedkvitne vonar og trur planen vert lagd på høyring like etter årsskiftet. Når det er gjort, vert det
truleg folkemøte.
I samfunnsdelen heiter det at Kvam må ta ein posi-
planen, men det vert mykje tyngre, seier Nedkvitne.
stundes, ein kan velja ut
nokre.
Både denne gongen
og sist gong kommune-
sjon som «noko anna», noko som skil seg ut. Kvam
planen
skal byggja på ein tettstadstruktur med Norheim-
2006, har bustad vore
sund, Øystese, Ålvik, Tørvikbygd og Strandebarm,
eit sentralt tema. I kom-
heiter det. I sentra skal kommunen satsa vidare på
muneplanen sin sam-
offentlege tenestetilbod, slik at det gjer det attraktivt
funnsdel heiter det at
for bustadbygging og næringsutvikling, og for folk
dersom Kvam herad skal
å verta buande.
vera i stand til å møta
vart
rullert, i
utfordringane i høve fol-
Samfunnsdel og arealdel
keveksten dei næraste
Kommuneplanen består av ein samfunnsdelen og
tjue åra, er det trong for
ein arealdel. Samfunnsdelen vart prioritert fyrst, for
800 nye bueiningar fram
han er grunnlaget for arealdelen. Han vart godkjend
til 2035.
i oktober og er å finna på kvam.no under meny-
– Bustad og areal til
bustad er svært sentralt
valet Plan.
– Me laga arealstrategiar i samband med arbeidet
i arbeidet med kom-
med samfunnsdelen. Dei er eit godt verktøy. Der har
muneplanen sin areal-
10 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Jon Nedkvitne er samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad. Han trivest i jobben.
– Når ein er samfunnsinteressert og -engasjert er dette noko av det mest konkrete
ein kan gjera for å skapa utvikling. Det er kjekt å sjå at det ein er med og planlegg,
faktisk vert slik med åra, seier Nedkvitne om kommuneplanarbeidet.
– Det er trygt
og godt å veksa
opp i Kvam
Frisk luft. Trygge nærmiljø. Gode barnehagar og skular. Eit samanhengjande tenestetilbod.
Oppvekstsjef Astrid-Anett Steine meiner kvemmingar er heldige.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
– Eg trur me ofte ikkje er medvitne nok kor godt
har det effekt at vaksne er tett på og er tydelege
me eigentleg har det i Kvam, samanlikna med andre
med sunne haldningar, seier Steine.
kommunar og byar. Me har det veldig bra her,
seier Steine.
Mange tilbod
Unge i Kvam har mange fritidstilbod. Mellom anna
Norheimsund skule er renovert. Så å seia alle bygga i
grunnskulen i Kvam vert nye
eller renoverte innan få år. Det
er eit stort pluss, meiner oppvekstsjef Astrid-Anett Steine.
Heilskapleg tenestetilbod
idrettslag, fotballklubbar, skiklubbar, skyttarlag,
Målet til Kvam herad er å leggja til rette for eit rikt
speidargrupper og skulemusikklag er organiserte
barnehage i til no, med alle utfordringane det har
oppvekstmiljø. Alle skal verta møtte med respekt og
aktivitetar opne for dei unge.
ført med seg, vert dette ein heilt ny kvardag for både
likeverd, og tenestetilbodet skal vera heilskapleg.
– Alt er så nært. Kvam har eit enormt mangfald
tilsette, born og foreldre. Ein kan driva ein god barne-
Barn og unge skal møta eit oppvekstmiljø som er
av frivillige organisasjonar. Det er viktig for born og
hage nesten kvar som helst, men det er enklare når
prega av inkludering og samhandling.
unge. Òg kulturskulen er viktig fordi han er ein arena
det fysiske miljøet er tilrettelagt, seier Steine.
Under oppveksteininga ligg barnehage, skule
og Kvam familie og læringssenter (KFL). Hjelpeten-
der born får meistra og møta andre med felles
interesser, seier Steine.
Også i grunnskulen vert så å seia alle bygga nye
innan få år. Tørvikbygd skule vart renovert for nokre
estene for born og unge er i dag lokaliserte i KFL,
Kvam herad har tilbod om ferieklubb til born mel-
år sidan, Strandebarm har ny skule, Norheimsund
som held til i mellombelse lokale i Sandvenhagen
lom 6 og 10 år i veke 25, 26 og 32 i sommarferien.
barneskule er renovert, Kvam ungdomsskule er reno-
næringsbygg i påvente av ny plassering i eit påbygg
Klubben er open frå 8.30 til 15 alle kvardagar. Der
vert og det vert ny skule i Ålvik.
på rådhuset.
får borna mellom anna vera med på ballspel, bading,
Senteret husar helsestasjonen, skulehelsetenesta, kommunepsykologen, barnevernstenesta og
PP-tenesta.
forming, kino, leik, båttur og friluftsliv.
Ungdomsbasen er ein uformell treffstad for ung-
– Oppgraderer me Øystese barneskule òg, har me
teke alle. Det står på ynskjelista. Eg ynskjer at alle
elevar skal ha same tenestetilbod, seier Steine.
dom mellom 13-23 år. Der møter dei trygge vaksne
– Me arbeider for å skapa ei teneste som følgjer
dei kan snakka med om dei vil, dei spelar spel, sur-
Fokus på førebygging
ein frå ein er eit frø i magen og til ein er ungdom og
far på nettet eller berre er saman med vener. Det
Kvam herad har hatt stort fokus på førebyggjande
vaksen. Me vil ha ei teneste det skin av, og me er på
er gratis å vera i Ungdomsbasen, som har lokale i
arbeid i mange år, og det har gjeve resultat, seier
god veg, seier Steine.
Ungdomshallen i Norheimsund. Han er open kvar
Steine. Kommunen har ein nullvisjon for mobbing,
torsdag, og rundt femti unge er innom kvar veke.
og ifølgje oppvekstsjefen har læringsmiljøet og godt
Ho seier KFL skal fremja heilskap og samanheng
mellom tenester, og at familien står i sentrum.
– Heile tenesteapparatet er samla, og me har
samarbeid med foreldre alt å seia.
Nye bygg
– Ein må leggja til rette for eit godt læringsmiljø
fokus på tverrfagleg samarbeid. Me har til mål at alle
Kvam herad har kring 430 barnehageborn og vel
og ha tydelege system for kva ein skal gjera dersom
skal få rett hjelp til rett tid utan å måtta opna mange
1020 grunnskuleelevar. Felles for alle barnehage-
einkvan vert mobba. Dette byrjar allereie i barne-
dører. Det skal vera nok å venda seg til éin tilsett
borna innan få år er at dei går i barnehage i renoverte
hagen, seier Steine.
i eininga, som skal kunna visa vidare til rette instans,
eller nye bygg.
seier Steine.
Born og unge som treng ekstra hjelp, skal i størst
– Det er nokså unikt og oppsiktsvekkjande, seier
oppvekstsjefen.
Kvam herad er i startgropa i arbeidet med læringsmiljø og pedagogisk analysemodellen. Det er ein
strategi for systematisk og varig betringsarbeid i bar-
mogleg grad få det i den ordinære barnehage- og
Ålvik barnehage vart renovert for nokre år tilbake.
nehage og skule. Målet er å realisera potenisalet for
skulesituasjonen. Årsaka er at effekten viser seg å
Den nye barnehagen i Tørvikbygd skal vera ferdig
læring hjå alle born og elevar både språkleg, fagleg
vera betre då. Det er grunnen til at hjelpetenesta er
i august i år, og den nye barnehagen i Øystese i sep-
og sosialt, seier Steine.
i barnehagar og skular der born og unge er, seier
tember. Ein renovert Strandebarm barnehage skal
Modellen skal inn i både barnehagane og skul-
Steine.
vera klar våren 2017, og det same skal Norheimsund
ane, og det er viktig at også hjelpetenestene i KFL
barnehage.
kjenner til måten å tenkja på, for alt skal hengja
– Eg har tru på å vera tett på. Same om det er
i barnehagen, på skulen eller på fritidsarenaen,
– I forhold til bygga som Kvam herad har drive
saman, seier Steine.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 11
Kvam - framtida er her!
Kontaktinformasjon
•
•
•
•
•
•
•
Kvam herad: 56 55 30 00 − www.kvam.no
Legevakt: 116 117
Tannlegevakt kveld/helg: Bergen tannlegevakt − 57 30 31 00
Teknisk vakt Kvam herad: 56 55 34 00
Brannvakt: 948 48 110
Dyreklinikk: 880 05 655 − www.kvamvet.no
Kvam bibliotek: 56 55 17 99 − www.hardangerbiblioteka.no
•
•
•
•
•
Kino og kulturkalender: www.lagsportalen.no
Turistinformasjon: 56 55 31 84 − www.visitkvam.no
Ladestasjon elbil: Straumen, Norheimsund
Tømestasjon bubil: Esso, Øystese
Utleige av båt/kajakk:
- Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund − 474 79 839
- Hardanger Akvasenter, Steinstø − 56 55 55 40 / 950 90 193
Svar ut – digital post frå det offentlege
Kvam herad ynskjer å utvide og utvikle den digitale kommunikasjonen med innbyggjarar og verksemder/organisasjonar.
Ein digital kommunikasjonsflyt er ein vinn-vinn-situasjon for alle. Kvam herad har difor innført levering av post til mottakar
si digitale postkasse i staden for på papir.
DIGITAL POSTKASSE
Det er to digitale postkassar å velje mellom; Digipost og e-Boks.
Begge postboksane er gratis så lenge du ikkje lagrar store mengder data. Viss du ikkje har oppretta digital postkasse,
vil dine elektroniske brev bli levert til Altinn (der du får sjølvmeldinga di). Når me sender post til deg, får du varsel på SMS
eller epost om kvar du skal logge inn for å lese brevet.
KVA VISS EG IKKJE VIL HA ELEKTRONISK POST?
Dei som ikkje har digital postkasse, vil få brevet levert i postkassa som før. Viss du får varsel om at du har motteke digital post
på Altinn, har du to dagar på deg til å logge inn på Altinn og opne brevet. Blir ikkje brevet lest innan to dagar, vil du få tilsendt
brevet som papirbrev per post.
Opningstider
* = opningstider sommaren 2016
Kvam rådhus
Tolomarka
gjenvinning
Kvam bibliotek
Norheimsund
Ålvik
Strandebarm
Måndag 09–15 / 10–14*
10–18
10–16 / -*
-
15–18 / -*
Tysdag
-
12–19 / 12–16*
15–19 / -*
12–15 / -*
09–15 / 10–14*
Onsdag
09–15 / 10–14*
10–15
10–16 / 10–16*
-
-
Torsdag
09–15 / 10–14*
-
12–19 / 12–19*
-
15–18 / -*
Fredag
09–15 / 10–14*
10–15
10–16 / 10–16*
10–14 / -*
-
10–15
10–14 / -*
-
-
Laurdag -
www.kvam.no
12 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
FAGHANDEL BYGGJEVARER
Me leverer kvalitet,
og våre fagfolk hjelper
dykk med gode råd.
Me leverer alt innen
byggjevarer, tilbyr utkøyring av varer, og har
bilhengarar til utleige.
Me teiknar kjøkken,
og garderobeløysingar
saman med deg.
Har du eit prosjekt på
gang, ta kontakt med
oss og få gode prosjektrabatter!
Kjøkken
Garderobe
Glassrekkverk
Heimen som
passar for DEG?
Man-fre 0730-1600,
tors 0730-1700, laurdag 0900-1400
Følg oss på:
xl-bygg.no
Treng du hjelp gjennom
rissgrafisk.no
Sjusetevegen 20e, 5610 Øystese
Tlf: 56 55 61 00
E-post: [email protected]
«papirmølla»
for ditt byggjeprosjekt?
Me bistår med
NY
Det handlar om di framtid, og din personlegdom.
LOG
KATA
no
link-hus.
www.b
Vår oppgåve er å skape akkurat den bustaden som
TEIKNING, PROSJEKTERING,
OG SØKNADER.
Alt frå mindre tilbygg og påbygg,
til hytter og bustader.
du kjenner deg heime i. Du samarbeider med våre arkitekter under
planlegginga, og sjølve byggjeprosessen er trygg og oversiktleg.
Me byggjer din personlege heim!
Sjusetevegen 20e, 5610 Øystese, Telefon 56 55 61 00
Kontakt: Arne Lunestad, tlf. 414 02 979
E-post: [email protected]
Sjusetevegen 20e, 5610 Øystese
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 13
Frå leikedammen har ein spektakulær utsikt over fjorden.
Mykje moro med båthamn!
To av eldsjelene, Olemann Sletvold (t.v.) og Asbjørn Sangolt.
Å gli inn på ein våg
Strandebarm Marina tek form på Tangerås og med ny badekai
skal fleire enn båtturistane nyta godt av den flotte hamna.
Her kjem ingen til stengde bommar.
TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES
Bakka har allereie hatt hamn i lange tider. Og
dei mange nausta langs strendene vitnar om
ein rik båttradisjon i Strandebarm. Kvar gard
hadde båt og naustplass i gamle dagar. Det
nye er at i dei mange byggjefelta bur det også
folk som vil ha båtplass. Då vert det trongt
om nausttomtene. Dette har Strandebarm båtlag teke til etterretning, og etter nærare ti års
planleggjing og søkjing har bryggjeanlegget
endeleg kome på plass og med det dei mange
ekstra fasilitetane. To av dei største entusiastane er båtlagsleiar Olav «Olemann» Sletvold
og hamnesjef Asbjørn Sangolt.
Tid og pengar
Dei ser utover fjorden, dei to karane som
har lagt ned tallause dugnadstimar for å få
marinaen på plass. Bak dei ligg den påbyrja
baderampa som også skal kunna brukast
som scene.
14 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
– Vamp, veit du! Og tusen publikummarar
oppover skråbakken her, det kan bli eit flott
amfi! Asbjørn Sangolt gestikulerer og peikar
vidare utover fjorden. Her går den nyss
ferdiglaga vegen humoristisk kalla Kyststamveien (vei istadenfor veg, slik at den ikkje kan
forvekslast med E39). Både den og badekaien har Strandebarm Grendalutval fått i stand.
Vegen snor seg rundt heile Tangeråsneset, frå
Notaskårå til Smieneset, der sjølve nyemarinaen ligg. Asbjørn kjem med eit par ørsmå
leikehus som han plasserer nede på svaberga der det er laga demning som dannar ein
innsjø slik at ungane kan leika med småbåtar.
Og utover breier fjorden seg, som sommarstid
kanskje er full av båtar som kjem for å søkja
hamn i Strandebarm.
Stort behov
Det heile starta i 2005. Strandebarm Båtlag
har 150 medlemmer, dette inkluderer no begge småbåthamnene. Båthamna på Bakka var
smekkfull, folk stod på venteliste og fleire
interesserte melde seg.
– Me har planlagt å byggja om lag hundre
båtplassar her på Tangerås, seier Olemann
og fortel at per dags dato er 65 av plassane
selde. Med det nye hyttefeltet på Haukås vert
det nok ikkje vanskeleg å fylla opp resten.
I tillegg til dei selde plassane er det ein god
del gjesteplassar. Ein kan og nytta seg av dei
faste plassane dersom dei er ledige. Sidan
bryggjeanlegget vart slept frå Tysnes til Strandebarm i 2013 og hadde sin første sesong i
2014, har det vore bra med gjestedøger. Trass
fjorårets dårlege sommarvêr vart det rekna 80
gjestedøger mot 96 året før. Men, hamna vert
aldri ei skikkeleg stor gjestehamn, særleg viss
du samanliknar med til dømes Husnes, der
dei har ca 4000 gjestedøger i året.
Ope for alle
Hovudmålet er å laga eit område alle kan nytta seg av, det vera seg båtturistar, hyttefolk,
strandbermingar eller deltakarar på friidrettsstemne. Den markante åttekanta grillhytta
som er sett opp står ope til alle tider og særleg
skulen og barnehagen brukar henne rett som
det er på dagtid. Andre feirar gebursdagar og
anna på kveldstid.
– Her skal ingen koma til stengte dører,
verken båteigarar eller andre. Folk kan stå her
og fiska, om dei vil. Dess fleire, dess betre,
seier Olemann engasjert. Den universelle
utforminga med badekaien gjer at også folk
i rullestol kan få seg lett ned til eit friskt sjøbad. Og det stoppar ikkje her. Det ligg store
planar om kombinert sjøaktivitetssenter/
Jon Fosse-senter like bortom kaien. Dette ligg
eit stykke fram i tid, men ingen av karane ser
noko grunn til å setja grenser for kva som kan
oppnåast her ute på Tangeråsneset. Som ein
anna kjent harding med eige senter i Ulvik
skreiv:
at me ei morgonstund
skal glida inn
på ein våg me ikkje
har visst um.
Ein vakker sommardag kan det ligga hundre båtar
ved kai i Strandebarm Marina på Tangerås.
Foto: Asbjørn Sangolt
Haustsol over kai, veg og grillhytte.
Foto: Asbjørn Sangolt
Olav H. Hauge hadde ikkje marinaen i tankane, men visste du ikkje om denne vågen, gjer
du det no. Alle er velkomne.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 15
KVAM ELEKTRO
BUTIKKEN PÅ
ØYSTESELANDET
Bunadsbutikken
i Kvam!
Me leverer komplett
HARDANGERBUNAD
til dame, herre, og born!
Velkomen innom oss!
Me skaffar det de ynskjerSjå oss på facebook!
KVITEVARER i 2. et.
rissgrafisk.no
Opningstider:
mån-fre 8-15, laurdag 10-14
[email protected] · 56 55 55 26
Hardangerfjordvegen 656, 5610 Øystese
SMÅELEKTRISK
• Open pøbb med mattilbod
– kvar helg
LAMPAR
• Vi arrangerer øl- og vinkurs
rissgrafisk.no
TV - RADIO - DATA
• Vi har eigne selskapslokaler
INSTALLASJON/
ELEKTRISK ARBEID
utført av flinke og kjekke montørar
• Catering, selskapsmat,
møtemat, overtidsmat
• Vi arrangerer møter og selskap
når kunden har behov
32 182
ing
- smak og opplev
rissgrafisk.no
Kontakt oss på tlf. 905
[email protected]
Hardangerfjordvn. 642
Tlf. 56 55 00 00
16 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Hardangerfjordvegen 651, Øystese | facebook.com/Makalaus.Pub | makalaus.net
oktober 2012
Gå til ein som kan det - gå til Felleskjøpet
Rekneskap, lønn, fakturering, skatt
Taksering landbrukseigedom,
hjelp eigarskifte
ASP- løysing og skanning av bilag
rissgrafisk.no
rissgrafisk.no
Ferske brød og bollar frå Hjelle kvar torsdag
Følg Vekstra på Facebook
Kvam Fruktlager AS,
Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
Tlf: 56 55 50 48
rissgrafisk.no
Sjusetevegen 27, 5610 ØYSTESE
Telefon: 56 52 07 70 - E-post: [email protected]
Stort utval i
Sykkel- og
fiskeutstyr
Vêrprofeti frå Utespesialisten:
«Ein strålande og varm sommar i 2016»
Lat oss gjera jobben –
so kan du nyta sommaren!
Kontakt oss for å finna løysingar som er varige.
Mob.tlf: 952 17 740
Eller sjå oss på: utespesialisten.no
og facebook: Utespesialisten AS
rissgrafisk.no
Me gjer alt for at du skal få nyta sommaren ute i år!
Utespesialisten har 12 års erfaring
med å planleggja og gjennomføra små og store
utandørs prosjekt rundt hytter, hus og bedrifter.
Lik oss på Facebook
MX Sport Norheimsund Torghuset
MX Sport Øystese Hardangersenteret
Tlf. 94 84 07 94
Tlf. 56 55 75 72
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 17
FAKTA
James Turrell:
• fødd 1943 i Los Angeles
• fekk pilotførarkort som
Over: Hardanger Skyspace vert ferdigstilt sommaren 2016.
Betongverksemda Tunge Ting frå Voss er leverandør av enkeltelementa.
Til venstre, oppe: Gjer døri høg ... Den mørke betongen står godt til dei lysare
gråtonane i Ingebrigt Vik-museet og Kunsthuset Kabuso.
Til venstre, nede: Frå den liknande skyspacen i Järna utanfor Stockholm.
Foto: Florian Holzherr.
16-åring og jobba med
å ta foto til kartbruk
• utdanna seg som psykolog
samstundes som han
begynte å eksprimentera
med lys i eit studio
i California
• hadde sitt gjennombrot
på 1960-talet, og har
gjennom kunstnarkarrieren
sin vore oppteken med lys
og mennesket si oppfatning
av lys
• heldt den mest besøkte
kunstutstillinga på det
berømte Guggenheimmuseet i New York i 2013
18 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
James Turrell knipsa på Fykse då han var på synfaring i Kvam i 2012.
Foto: Kabuso/Helga Nyman.
Nye skyer
gjennom
Skyspace
Er verda og kvemmingane klar for å sjå himmelen på ein ny måte? Endeleg kjem installasjonen av den verdsberømte kunstnaren James Turrell på plass i Øystese. Dagleg leiar i Kabuso, Heidi Ann Jaeger, gler seg som ein unge.
TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES
Etter fire år med diskusjon og planlegging
kjem endeleg Skyspace-installasjonen på
plass. No skal kvemmingar, forbipasserande,
valfartande og turistar kunna tre inn i eit rom
der LED-lys og naturleg lys glir saman og syner fram himmelen på eit heilt nytt vis. Ein av
pådrivarane har vore Kunsthuset Kabuso og
dagleg leiar Heidi Ann Jaeger. Ho er framleis
entusiastisk trass i alle åra med søknadsskriving, kjedeleg papirarbeid og enkelte skeptikarar.
– Kva er det med Hardanger Skyspace?
Fyrst og fremst er det eit utruleg kunstverk
laga av ein kunstnar eg personleg har enorm
respekt og sans for, nemleg James Turrell.
Eg hadde høyrt om han før eg byrja på Universitetet i Bergen, men då eg studerte kunsthistorie fekk eg verkeleg fordjupa meg i arbeida
hans. Han har ein heilt eigen måte å tenkja lys
på, noko som kanskje kjem frå tida han var
jagarpilot som ung og såg himmelen gjennom
cockpit-taket. Fascinasjonen hans for naturfenomen speglar all kunsten hans, og då han
endeleg kom på besøk til Hardanger og fekk
sjå området i all si prakt, tente han på ideen
om å laga ein Skyspace her
– Så det finst fleire?
Det gjer det. I dag er 84 liknande installasjonar plasserte rundt i verda. Den eine ligg i
Sverige på ein liten, avsidesliggande stad som
heiter Ytterjärna. Ved opninga av denne reiste
eg bort og vart straks begeistra. At han val-
de denne vesle staden framfor ein storby som
Stockholm, gav meg ideen om at det hadde
vore så flott å ha ein Skyspace i Øystese. At han
faktisk takka ja, først til invitasjonen om å
koma, og seinare til heile prosjektet, er ein
draum som går i oppfylling. Alle installasjonane er heilt unike, noko som gjer at kunstinteresserte gjerne valfartar for å sjå dei ulike
kunstuttrykka. I Ekebergparken i Oslo finst
ein Skyspace-installasjon under vatn, men
den nordlegaste i verda, den ligg i Øystese!
– Kva trur du det vil ha å seia for bygda
og for Hardanger?
James Turrell er kanskje ikkje ein kunstnar
alle har høyrt om enno, men om ein søkjer på
internett, ser ein kva for eit kaliber han faktisk
er. Eg trur folk i bygda kjem til å verta stolte
over å ha eit kunstverk i denne verdsklassa,
særleg når ein får oppleva Skyspace med eigne augo. Det er noko heilt eige som skjer når
ein set seg ned og let fargane spela seg. Og
så vil sjølvsagt skular og barnehagar vera velkomne, noko eg håpar vert eit velkome tilbod.
– Kan folk koma og gå som dei vil i
Skyspacen?
Nei, ein lyt ha inngangsbillett for å koma inn,
det er ikkje tenkt som noko påkosta varmestove. Opningstidene vert som på Kabuso og
Ingebrigt Vik-museet, men det vil også vera
råd å få oppleva kunstverket utanom opningstidene. Me vil at så mange som mogleg tek
turen, og den beste tida å oppleva lyset på,
er i skumringa om morgonen og ved solnedgang. Dette vil variera med årstidene. Turrell
programmerer lyset, som skal vera tilpassa
kvar enkelt dag.
– Så det kjem ikkje berre naturleg lys ned
som på ein ljore?
Nei, det er ganske teknologiske greier.
Sjølve konstruksjonen er betong, omlag som
Kabuso og Ingebrigt Vik-museet, berre med
ein slags skiferaktig gråfarge. Inni kjem det til
å vera sitjeplassar langs heile innsida og LEDlys installert opp mot holet i midten av taket.
Slik vil ein oppleva ein slags optisk illusjon når
lyset ute og inne møtest. Det skal godt gjerast å skildra dette synet!
– Kva er mest stas med å få eit slikt kunstverk til bygda?
Ved sidan av at Turrell er ein av verdas
mest respekterte kunstnarar, så betyr det mykje å kunna tilby kunst av slik klasse utanom
byane. Det kan kanskje verka som me stilar
vel høgt, men hugs at då Ingebrigt Vikmuseet kom opp på 30-talet vart også dette sett
på som totalt stilbrot og frykteleg moderne.
Heldigvis verkar det som bygdefolket er over
gjennomsnittet interessert i kunst, det ser me
på besøkstala. I tillegg kjem dette til å trekkja
byfolk og turistar hit, det er eg heilt sikker på,
seier Heidi Ann Jaeger. Hardanger Skyspace
vert ferdigstilt i løpet av sommaren.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 19
klepp
LE,
U
K
S
,
NTOR
O
K
OR
SJON
F
U
T
R
I
A
T
G INS
MØBL
O
me det
E
n
a
k
G
r
o
A
f
der
EH
r med –
a
b
b
BARN
o
j
e
ette m
er
Det er b
rissgrafisk.no
Hardanger merkantile as
Sandvenvegen 40, 5600 Norheimsund
Tlf. 56 55 11 22 - 900 39 774
[email protected]
www.hardangermerkantile.no
re d
ps
r
innar
K
r
randø
o
e
f
v
t
e
n
l
og
enta
herad
epres
r
n
e
n
i
n
i
v
E
gK
beid
ger o
amar
n
s
a
s
d
p
r
ø
i Ha
nkj
år
ger in
n
naden v
a
k
r
d
a
r
a
m
r
H
e
til
te som
et
Det er d
• Marknadsleiar sportsutstyr
i Hardanger
• Eigen sykkelavdeling
med sykkelverkstad
• Eigen skiavdeling
med skiverkstad
• Stort utval i kle, sko, våpen,
fiske- og friluftsutstyr
• Aktiv støttespelar/sponsor
til ei rekkje lag og organisasjonar
20 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
rissgrafisk.no
www.kleppebord.com
facebook.com/kleppebord
Ute i det fri, alltid blid
Ein treng ikkje vera kjend i Kvam eller Jondal for å gå på tur i den vakre naturen. Båe kommunane har eit utal
merkte turstiar å velja mellom for både fastbuande og turistar.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
Oppe til venstre: Med bilvegen til Fitjadalen som utgangspunkt kan ein gå mange fine merkte stiar.
Oppe til høgre: Synneva har funne ein mystisk bæsj som ho vil finna ut kven som har laga. Storebror Torje tek eit eksemplar i lomma for å ha det med heim og granska vidare.
Nede til venstre: Kva er vel betre enn å runda av sundagsturen med ein softis?
Nede til høgre: To brør i skogen i solskin ein sundag.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 21
Synneva, Sigve og Silje Laupsa Mo er på sundagstur i Fitjadalen.
– Har me kjeks med,
mamma?
Silje Laupsa Mo, Sigve Mo og deira tre born
har nyss lagt ut på sundagstur i Fitjadalen.
Eldsteguten treng ei forsikring på at det er
noko søtt i sekken. Mor stadfestar det, og han
kan trygt fara vidare.
Asgaut (10) og Torje (8) trippar leikande lett
opp bakkane. Synneva (5), mor og far dannar
baktropp hakk i hel.
– Eg er svolten! skrik femåringen når turen
er vel ti minutt gamal.
Ho held fram med å utbasunera hungeren,
så alle tek ein pause. Eldstebror Asgaut får finna fram ein kjend tursjokolade i sekken.
– Det er ikkje mykje vits i å prøva å overtala
ei som seier ho er svolten til å gå, konstaterer
Silje.
Etter ein kvikk lunsj vert alt mykje betre.
Borna hoppar og sprett i skogen der det er
midt mellom vinter og vår. Snø og fuglekvitter, is og knoppar. Dei finn mystisk, tørr bæsj
som mellomstemann tek i lomma for å granska vidare når han kjem heim. Dei klatrar i tre
og gøymer seg i buskar. Balanserer på greiner
over dammar og kastar snøball på kvarandre.
– Det er alltid godt å vera ute på tur. Når
me berre er komne oss ut, er alle alltid i godt
humør, seier Silje.
Sigve er samd.
– Dørstokkmila er utfordrande. Men me trivest godt utanfor allfarveg, seier han.
TURAR I KVAM
Ifølgje Kvam turlag sine nettsider finst det ei
rekkje merkte turløyper og stiar frå fjord til
22 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Sjokoladepause! Storebror Asgaut deler rettferdig.
fjell i heradet. Både lette, familievennlege turar
og fjellturar til 1.300 meter over havet. Kart til
turane får ein hjå turistinformasjonen.
– Kvam turlag held ved like om lag hundre
kilometer med merkte stiar i fjellet mot
turlagshyttene Vending, Kiellandbu og Breidablik. I tillegg er det i Kvam ei rekkje merkte
stiar i regi av grendelag i dei ulike bygdene
frå Ålvik til Oma, heiter det på kvam.dnt.no.
I samband med at Kvam turlag feira
20-årsjubileum i fjor, vart prosjektet Kvam i
kryss og krakje oppretta. Det vart plassert 20
postar på ulike stader i fjellheimen i heradet
frå Ålvik, via Kvamskogen til Mundheim. Deltakarane fekk premie for å vitja minst ein post
i kvart av dei fem hovudområda i sommarmånadene.
Prosjektet vart ein suksess. I år gjentek
turlaget han, men reglane er litt endra. I år
må ein vitja minst ti turmål for å få deltakarpremie, men ein treng ikkje ha vore innom
alle dei fem hovudområda.
– Klypper du på alle 20 turmåla, er du med
i trekninga av kjekke vinstar, lokkar turlaget.
Fyksesund landskapspark ligg om lag ei mil
aust for Øystese. I området er det merkt og
opparbeidd fleire stiar med skilt etter Innovativ fjellturisme AS sin standard. Kartet kan ein
lasta ned på nettsida fyksesund.no.
TURAR I JONDAL
Fritidsaktivitetsteamet i Folgefonnlandsbyen
Jondal har saman med Jondal idrettslag
merka og skilta 35 ulike turstiar i kommunen.
Alle turane er graderte etter vanskegrad og
markerte på eit kart, som ein får kjøpa i daglegvarebutikkane, på turistkontoret Juklafjord
eller på nettsida visitjondal.no. Graderinga
følgjer Innovativ fjellturisme AS sin standard.
– Fjellet i Jondal byd på eit mangfald av naturopplevingar. Her finn du garantert ein tur
som passar deg, skriv visitjondal.no.
Ein sommardag i Jondal er fort litt annleis
enn andre stader. På Folgefonna kan du gå på
ski og på brevandring, i fjellet kan du gå fotturar, i Jondal sentrum kan du leiga syklar og
kajakkar, og i fjorden kan du fiska og bada.
Mellom anna.
– I Jondal er den korte avstanden frå fjord
til fonn den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og avsluttar
han i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden,
heiter det på visitjondal.no.
TUR KVAR SUNDAG
Familien Laupsa Mo går tur kvar sundag.
Uansett vêr. Er det forferdeleg vêr, går dei
gjerne kortare turar. Dei har ikkje alltid eit
turmål, men går stundom berre ein runde for
å vera ute.
– Me har god tid til å prata når me er på tur.
Stundom fiskar me, og borna finn alltid noko
å leika med, seier Silje.
Foreldra er samde om at Kvam i kryss og
krakje er eit glitrande prosjekt.
– Me har gått mange av turane og vore stader der me aldri hadde vore viss det ikkje var
for prosjektet, seier Sigve.
Turane i kryss og krakje har dei fleire gonger gått saman med vener og familie. Dessutan vert det ein god del sauerelaterte sundagsturar for familien.
Silje og Sigve driv gard på Mo i Øystese.
Dei har stølar i Kvanvik og i Ruedal, og er der
jamleg og ser til ulldottane på beite.
Motivasjonen til Synneva er i ein dalsøkk, og ho vil
verta boren resten av vegen. Men det kjem seg brått.
Asgaut og Torje tek ein slurk vatn i bekken.
Banan på veg til mellomstemann i treet! Nistepause er alltid koseleg ute i naturen.
Asgaut heng og slappar av i eit tre.
Slik ser skilta til Innovativ fjellturisme AS ut.
Gjensidigestiftelsen og Hordaland fylkeskommune
støttar prosjekt som inneber skilting, merking
og gradering av turstiar landet rundt.
Innovasjon Noreg har regien for den landsomfattande
standarden. Kvam Næringsråd har administrert
prosjektet i Kvam. Foto: Torleiv Ljones
Torje og mamma Silje kosar seg med smakfulle freistingar ute i det fri.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 23
www.kvamauto.no
KVAM AUTO
Lid Jarnindustri AS i Norheimsund produserar
proffredskap til landbruk- og kommunalmarknad.
Produkta med merkenamnet Dalen er velkjende
for kvalitet, driftstryggleik og design.
• PKK på lette og tunge køyretøy
• Service og reparasjonar på alle typar
køyretøy, landbruks- og anleggsmaskiner
• Karosserireparasjon og lakkering
• Hydraulikkslangar etter behov
• Delar og bilrekvisita
• Dekk i dei fleste dimensjonar
• Kontroll og service på brannsløkkingsutstyr
rissgrafisk.no
BEGEISTRING I KVAR DETALJ
KVAM AUTO AS
Haugamyrvegen 12, 5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 37 30 • Telefax: 56 55 37 31 • E-post: [email protected]
UTLEIGE
•
•
•
•
Volvo V50
Renault trafic
Skaphegar
Bilhengar
Kontakt oss for pris, tlf: 56 55 56 05
Postboks 83 - 5604 ØYSTESE
Tlf. 56 55 56 05 - Tlf. 907 84 004
Bil
A
S
Ope: måndag-fredag 07.30-15.30. Stengt i veke 29-30 grunna ferieavvikling.
24 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
rissgrafisk.no
HARDANGER
rissgrafisk.no
HT-GJERDE
– profesjonell gjerding
HT-GJERDE er ein teknikk og ein netting som tåler tre
gongar meir belastning enn standard norsk nettinggjerde.
SAL AV GJERDEMATERIALE
Planlegging, kalkulering
og montering etter ditt behov.
Ta kontakt for levering i Hardanger
og Bergens-områda.
løytnantsgarden.no
rissgrafisk.no
• Lang levetid og enkelt vedlikehald
• Solide og tiltalande løysingar
• Fleksibelt i krevande terreng
Graving og natursteinsmuring
Forskaling og betongarbeid
Sprengnings- og grunnarbeid
har dugande fagfolk og godt utstyr.
Kontakt oss for å få jobben gjort med
o kvalitet, l rett
o avtalt ris.
rissgrafisk.no
GRUNN - BETONG - STEINARBEID
Sjusetevegen 158, 5610 Øystese
T: 56 55 59 22 | www.janmo.no
TRANSPORT | KRANARBEID | MASKINTRANSPORT
CO N TA I N E R U T L E I G E | S A L AV F Ô R , S I N G E L O G S A N D
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 25
Siktar på ny
vinterleg rekord
i sommar
I Jondal kan du stå på ski eller snøbrett heile sommaren.
Eller du kan vandra på den tredje største isbreen i landet.
TEKST: KATRINE HELGHEIM
Foto: Emil Sollie / visitfonna.no
19 kilometer frå Jondal sentrum ligg Folgefonna. Tre kvarter køyring med bil er alt som
skal til for å koma seg frå fjorden med badetemperatur til fem–ti meter høge brøytekantar
og det vinterlege skiparadiset Fonna på ein
isbre.
Mange nyttar sjansen. I 2013 hadde Fonna
om lag 10.000 gjester. I 2014 var talet 17.000,
og i fjor nesten 20.000.
– 2016 vert ny rekord! seier dagleg leiar
Andreas Skogseth i Visitfonna AS, som har
drive Fonna sidan 2013.
Løypekart til Fonna viser aktivitetane i skisenteret. Foto: visitfonna.no
26 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Fleire familiar og turistar
Fonna er open kvar dag til 4. september. Stamkundane er alpinistar og freestyle- og parkkøyrarar, men stadig fleire familiar og turistar
tek turen til Fonna, fortel Skogseth.
– I år har me opna den nye panoramaløypa,
og eg tippar ho vil verta populær blant turistane, seier han.
Før årets sesong har nemleg Visitfonna
gjort heisen om lag tre hundre meter lengre.
No kan gjestene få 180 graders utsikt over
Hardangerfjorden frå toppen av fonna.
– Folk vert overraska over kor mykje meir
komfortabelt det er å stå på ski om sommaren
enn om vinteren. Og mest av alt er dei begeistra over den unike staden med utsyn over
Lengst til venstre: Andreas Skogseth
er dagleg leiar i Visitfonna AS,
som har drive Fonna sidan 2013.
Foto: Eivind Dahle Sjåstad / visitfonna.no
Til venstre: Fonna har løyper i verdsklasse. Det lokkar fleire landslag til
skisenteret kvar sommar.
Foto: Jan Ove S. Johansen / visitfonna.no
Hardangerfjorden, Rosendalsalpane og Nordsjøen. Fonna er like mykje ei naturoppleving
som ein aktivitet, seier Skogseth.
Ski i bikini
Vinterstid brukar verksemda mykje tid på
snøsamling, spesielt til eit deponi nedst i anlegget, fortel Skogseth. Ved sesongstart i mai,
når det er mest snø, er det mellom ti og tolv
meter snø i løypene. I juni er det rundt fem
meter.
I juni og juli er det ofte 20 grader i sola og
lite vind, og då kan ein stå på ski i kortbukse
og bikini.
– Men då gjeld det å halda seg oppreist på
skia, seier Skogseth.
Frå 20. juni til 14. august går det buss frå
Herand via Jondal til Folgefonna som stoggar
på haldeplassar langs vegen. I skiutleiga på
fonna vert det selt heiskort og leigt ut ski, snøbrett og truger til born og vaksne. Like ved
ligg brekafeen, der det vert selt mat og drikke.
Skitrekket er ope sju dagar i veka til 4. september. Alpinløypene passar til både nybyrjarar og ekspertar. Dei som ynskjer det, kan
tinga ski-, snøbrett- eller langrennsundervising med instruktørar og lærarar.
Ifølgje Skogseth er den mest populære
aktiviteten for folk flest sommarski på dagtid
og sommaridyll ved Hardangerfjorden om
kvelden.
Alpin, langrenn og film
Alpinlag er mellom dei viktigaste kundane til
Fonna. Difor er drifta retta mot behova til slike
lag. Skisenteret har spesialtilpassa trasear, og
det vert salta og tilrettelagt. Fonna tilbyd gode
treningsforhold i sommarsesongen og er åstad
for mange treningssamlingar kvar sommar.
I 2013 la Fonna forholda til rette for mellom anna det norske landslaget i freeski og
kulekøyring, det norske snøbrettlandslaget
og det svenske landslaget i kulekøyring. Også
i fjor vitja fleire landslag Fonna. Fleire av dei
beste park- og freestylekøyrarane er fleire
veker på Folgefonna kvar sesong.
Fonna produserer langrennsløyper i helgane og på bestilling. Selskapet har eige utstyr
for optimale spor, og lagar langrennsløyper for
både klassisk og skøyting i verdsklasse.
Fordi Folgefonna har vinterlandskap og
Å surfa med snøbrett på isvatn gjer ein ikkje kvar som helst. Foto: Vernon Deck / Reisemål Hardanger Fjord
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 27
Ei isbrevandring på Folgefonna byd på spesielle opplevingar.
Foto: Folgefonni breførarlag © Morten Falch Sortland
ekstreme kontrastar året rundt, er ho ein ynda stad for filminnspelingar. Visitfonna har lang røynsle frå både små og store produksjonar.
Tre trakkemaskiner, snøskuterar og fleksible helikopterløyve gjer effektiv filminnspeling mogeleg.
– Ingen andre stader i Europa kan ein køyra ein semitrailer fullasta
med kamerautstyr heilt inntil ein isbre, heiter det på visitfonna.no.
Isbreaktivitetar
Folgefonna har ikkje berre eit sommarskisenter. Tilhøva er utmerkte for
å gå til fots på isbreen, og Folgefonni breførarlag tilbyd gaida isbrevandring med alt frå lette turar til utfordrande isklatring.
– Dei tre siste sesongane har me auka frå om lag 3.000 til 4.000 gjester, fortel manager Åsmund Bakke.
Den mest populære dagsturen startar ved skisenteret og går til Juklavassbreen.
– Denne turen kan tilpassast alle. Ein kan velja ein kort og lett tur,
eller ein kan velja ein lang tur med isklatring. Turen passar alle frå 8 til
80 år, seier Bakke.
Breførarlaget låner ut fjellsko, stegjarn, isøks, hjelm og sele. Ein kan
tilmed leiga klede om ein treng det.
– Så ein kan koma i lakksko og verta kledd opp for Folgefonna, seier
Bakke.
Etter ein halvtime og nokre høgdemeter vert det panoramautsikt.
Seinare vert det lunsj inne i blåisen og ein rundtur i brefallet.
– Etter turen har du gode minne om eit stort landskap, og meir
kunnskap om breen, landskapet og klimaet. Minne for livet! seier breførar Bakke.
Saman med breførarlaget kan ein òg utforska Folgefonna på ski eller
truger, eller ein kan padla kajakk i fjorden eller brevatn. Vil ein vera
i fred eller saman med berre nokre utvalde, kan ein leiga ein privat gaid
til isklatring eller breturar.
Foto: Folgefonni breførarlag © Desire W
Base i Juklafjord
Aktivitetane til Folgefonni breførarlag vert organiserte frå Juklafjord,
eit aktivitets- og kunnskapshus midt i Jondal sentrum. Juklafjord er
ikkje berre basen til breførarlaget, men òg turistinformasjon for Jondal
kommune. Juklafjord har kafé, kajakk- og sykkelutleige og ein kunnskapsutstilling om Folgefonna nasjonalpark.
Jondal elles har òg flust av meir sommarlege opplevingstilbod. Turstinettet i området er godt merkt. 35 ulike turar er samla på eit turkart,
og GPS-spor finn ein på visitjondal.no. Det finst eit utval overnattingsstader i nærleiken av fonna som alle er å finna på visitfonna.no og
visitjondal.no.
Breførar Åsmund Bakke er manager i Folgefonni breførarlag.
Kvart år har han med seg mange grupper på brevandring.
Foto: Folgefonni breførarlag
28 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Foto: Folgefonni breførarlag © Desire W
Opplev naturen i Hardanger på tur med oss!
Steinstø frukt- og kakebu er open kvar dag 12.6–28.8
• God, heimelaga kafémat
• Middag kvar torsdag og
sundag frå kl. 13–17
• Nyplukka frukt og bær
rett frå garden i sesongen
• Gardsutsal med godsaker
Gardsrestauranten Kjedlaren er open på bestilling
• Plass til 70 personar
• Eignar seg til alle slag samkomer; bursdag, dåp,
konfirmasjon, firmafest, venelag, bryllaup, etc.
• Har fasilitetar til kurs og møteverksemd
• Har skjenkjeløyve for øl, vin og brennevin
Heidi driv keitering og leverer god mat året rundt
• Snittar, rundstykke og smørbrød
• Lunsjrettar
• Koldtbord
• Tapas
• Varm mat
• Dessert
Hardanger Hiking
tilbyr unike naturopplevingar utanfor allfarveg og
turistvrimmelen. Heile året kan du tinga spesialturar tilpassa
dine draumar og ynskjer.
Faste turar kvar onsdag, torsdag og fredag frå 25.
juni til 28. august, med ulike lengder og utfordringar.
For meir informasjon, sjå www.steinsto.no, ring 99 69 15 27
eller send epost til [email protected].
Lik og følg gjerne Steinstø frukt- og kakebu på Facebook! :)
9 fritidshus til utleige rett i sjøkanten eller oppi lia.
Omvising i klyngetun på førespurnad.
Kontakt: Tlf. +47 45 84 83 22
E-post: [email protected]
www.hardanger-resort.com
HARDANGER AKVASENTER
held ope kvar dag frå 13.06.16 til og med 28.08.16. kl. 11.00–17.00.
Besøk oss i publikumsmottaket på Steinstø kai. Sjå korleis oppdrett fungerer
i praksis og få innblikk i ei av Noregs største eksportnæringar.
Fleire daglege avgangar frå kaien med guida tur ute på oppdrettsanlegget
måndag–sundag. Kaien er utgangspunkt for fleire godt merka turstiar,
og me har kano, kajakk, robåt og fiskestenger til leige for dei som ynskjer
å utforske det smale Fyksesundet via sjøvegen. Det er òg moglegheiter for
båt-transport og guida turar, anten med båt eller til fots.
Ta turen innom for ein prat, ein kopp kaffi eller ein lakseburger,
og finn ut korleis du best kan dra nytte av dei vakre omgjevnadane
i Fyksesund Landskapspark.
rissgrafisk.no
Mellom Norheimsund og Øystese
finn du campingplass med leikeplass
rett ved fjorden.
Båtutleige, sykkelutleige
og hyggeleg kafé.
E-mail: [email protected] Tlf. (+47) 901 26 270
rissgrafisk.no
Hardangerfjordvegen 341 • 5600 Norheimsund
HARDANGER
FERIE ENTER
Sjå www.hardanger.hiking.no
www.akvasenter.no
Tlf. 970 17 537
e-mail: [email protected]
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 29
rissgrafisk.no
Velkomen til Hardangers
største møbelbutikk!
Spisegrupper | Sofaer | Madrassar | Kvilestolar | Teppe | Bord | Skap/skjenker
Torpe Møbelfabrikk AS | Tel. 56 55 03 82 | Besøksadresse: Vavollen 5, Øystese
Ope: Måndag-fredag 10-16, Torsdag 10-19, Laurdag 10-15
Følg oss på Facebook! facebook.com/torpefabrikkutsalg
Sjå meir på www.torpe.no
Blikkenslagar Flotve AS
Beslagarbeid / Ventilasjon
5610 Øystese
– E in nat u r leg d el av h eimen
Tlf.: 56 55 51 92 - Fax: 56 55 57 07
Mobiltlf.: 995 43 070
E-post: [email protected]
Har du lekkasje i pipa eller er redd
for å få det? Ta kontakt med oss no!
Skal du mala huset i sommar?
Me har 15m lift til leige!
Kontakt Kjell-Arne Flotve for synfaring og pristilbod.
30 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
rissgrafisk.no
Heildekkande pipebeslag, pipetoppar m/vêrhane
eller bue, takhette, tak over varmepumpe,
beslag, renner, ventilasjon for nye og eldre hus.
PROSJEKTERTE HYTTER VED HARDANGERFJORDEN
rissgrafisk.no
– med båtfeste og flott utsikt
Vetle Grotnes, Kysnesstrand
Pris Trend 2: 3.290.000,Meir info på finn.no
Norheimsund T: 56 55 32 00 hardangerbyggsenter.no
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 31
Lita bygd
med stor
aktivitet
Den vesle bygda Herand i Jondal kommune har flust av
tilbod og gode kvalitetar for både fastbuande og turistar.
For somme kjennest Herand som verdas tryggaste stad.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
Herand har mange attraksjonar å skilta med.
Ei oppgangssag, eit kulturhistorisk senter,
helleristingar og ein kultursti er mellom alternativa
når ein har tid å bruka i Herand.
Sarah Marie Røstbø er oppvaksen i Herand, og valde
å koma att til bygda etter studiar i Bergen.
I dag har ho tre born og er konstituert rektor
på skulen i Jondal. – Herand er kanskje verdas
tryggaste stad, seier Røstbø.
32 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Herand ligg ved den nasjonale turistvegen
mellom Utne og Jondal. Bygda har berre rundt
220 innbyggjarar, men har likevel båthamn og
badestrand, butikk og pizzarestaurant, båtbyggjarmuseum og oppgangssag, helleristingar og kvernhus, turstiar og eit kulturhistorisk
senter.
– Me likar at det skal skje litt. At spiralen
ikkje skal gå ned, men at me skal få ting til
å skje, forklarar nyleg avgått bygdelagsleiar
Sigmund Eiken.
Gamal bygd
Dei fyrste spor etter menneske i Herand er hellerissingsfeltet på Bakke. Det er truleg kring
tre tusen år gamalt. Dei om lag 150 rissingane viser skip, menneske, offergroper, ringar
og fruktbarheitssymbol. Feltet er spesielt på
grunn av mange erotiske motiv.
I fyrste del av 1700-talet vart båtbygging ei
næring i Herand. I dag er båtbyggjarmuseet
i Herand staden som husar historia til båtbyggjartradisjonen i bygda.
– Det var ein mann som budde på Herandsholmen som bygde den fyrste båten, fortel
båtbyggjar Sverre Haugen.
– Så kom det austmenn frå Hallingdal og
fann seg koner i Herand. Dei lærde båtbygging, og kring 1900 var rundt hundre menn
aktive båtbyggjarar i 56 naust i Herand, fortel
Haugen.
Båtbygging heldt fram med å vera ei stor
næring heilt til etter andre verdskrig, men
rundt 1980 var det omtrent heilt slutt.
Sjølv leverte Haugen sin siste båt i 1994.
Det var nummer 153 i rekkja.
– Det er ikkje så mange, meiner den smålåtne pensjonisten.
Han var lærar på båtbyggjarskulen i Jondal
i ti år, men gjekk av med pensjon i 1995.
– Dei beste elevane eg hadde, er aktive i faget
i dag, seier Haugen.
– Lite og trygt
– Det viktige for meg, og noko som er fantastisk bra, er at Herand må vera ein av dei
tryggaste stadene i heile verda, seier Sarah
Marie Røstbø.
Ho vaks opp på eit småbruk på Byrkjeleite,
og bur i dag i Tveitehagen med tre born.
– Eg har aldri vore redd for borna her. Herand
er lite og trygt, seier Røstbø.
Ho har smakt på bylivet òg. Ho budde i
Bergen nokre år medan ho studerte, og det fall
i smak. På lærarhøgskulen på Landås gjekk
dobbelt så mange som det bur i heile Jondal.
Røstbø valde likevel å koma att til Herand og
slå seg ned med familien.
– Eg kom att fordi eg hadde det så bra her.
Eg har fått så mykje positivt i Herand, og ville gje noko attende ved å busetja meg her,
seier ho.
For tida er ho konstituert rektor på Jondal
skule, men til vanleg er ho avdelingsleiar.
Sverre Haugen og barnebarnet Marianne Berg
arbeidde på dugnad i båtbyggjarmuseet i april.
Bestefaren leverte sin siste båt i 1994.
Det var nummer 153 i rekkja. Haugen var lærar
på båtbyggjarskulen i Jondal i ti år.
Skulen vart lagd ned i 2000.
Skulen har vel 120 elevar, og ei busslast av dei
kjem frå Herand kvar morgon. Også dei tre
borna til Røstbø gjer det.
På fritida er borna med i idrettslaget og 4H,
dei driv med friidrett og spelar fotball i ballbingen på den gamle skuleplassen. Røstbø får
tida til å gå og vel så det utan å ta del i organiserte fritidsaktivitetar. Den vesle hagen med
høner og kaninar må stellast med. Det same
må hunden og katten, huset, heimen og klevasken.
– Eg har ikkje fritidsproblem, ler Røstbø.
Stor aktivitet
Herand har eit rikt utval av lag, organisasjonar
og aktivitetstilbod. Musikklaget stiller med
hornorkester kvar 17. mai, bygda har idrettslag, kvinne- og familielag, båtlag, danselag, gamaldansorkester og Luren 4H, for å
nemna noko.
Herand bygdelag er svært aktivt. Sistnemnde kjøpte skulebygningen i bygda då skulen
vart nedlagd i 2002. Der har laget laga eit
kulturhistorisk senter der ein i sommarseson-
Båtbyggjarmuseet i Herand er ope kvar dag i sommarsesongen.
Der kan ein lesa om historia til båtbyggjartradisjonen i bygda, sjå bilete og gammalt verktøy,
og sjå korleis ein båt vert bygt.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 33
Skal du ha steinomnsbaka pizza, er Meieriet i Herand staden å reisa til. Meieriet har sidan 2008 vore ope i sommarsesongen.
Staden serverer også andre lunsj- og middagsrettar, kaker og vaflar. Det opphavlege meieriet i Herand starta drifta i 1915 og produserte smør og gammalost.
Seinare vart meieriet bruka til fruktlager og pakkeri for lokale produsentar fram til 1940.
gen kan sjå ei utstilling av bygda si historie
gjennom 9.000 år. Ulike tema er istida, steinalderbusetnad, helleristingar, vikingtida, båtbyggjarbygda Herand, oppgangssaga og tida
inn i mot moderne liv. Utstillinga er basert på
fotografi i storformat og skjermvisingar. Ho
er meint å gje informasjon og inspirasjon for
både fastbuande og tilreisande til å gå ut og
oppleva det rike kulturlandskapet og det andre bygda byd på.
Siste del av utstillinga er nettopp kulturlandskapet, og frå senteret går mange godt
merkte og tilrettelagde turstiar.
Herand fekk både den nasjonale og den
regionale kulturlandskapsprisen i 2008, og er
ein av landskapsparkane i Hordaland.
– Den unike topografien har gjeve rom for
eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skapar
eit autentisk miljø ein knapt finn maken til,
heiter det på herandlandskapspark.no.
Ein kan vandra gjennom ein del av kulturhistoria til Herand til fots på knappe to timar.
34 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Den såkalla kulturløypa startar ved parkeringsplassen mellom oppgangssaga og kvernhuset i sentrum. Ho byd på eit rikt planteliv
og spanande geologi med hellerar som heng
som eit tak over delar av løypa.
Frå jordbruk til alskens
Herand er tradisjonelt ei jordbruksbygd. Jordbruk og skogbruk var grunnlaget for busetnaden, og er framleis viktige næringar. Dei fleste
bøndene har likevel anna arbeid i tillegg til
gardsdrift.
Akvakultur sysselset i dag rundt femten personar i eit smoltanlegg og eit matfiskeanlegg.
Dessutan har Herand ein maskinentreprenør
med fem–seks tilsette, ei databedrift og ein
del småbedrifter av ymse slag. Av sjølvstendig
næringsdrivande kan ein nemna Eikjetunet
lefsebakeri, hundepensjonatet i Vik, Vassel
gard, Husflidkrokjen, Tre tradisjon Herand og
Hardanger kulturgalleri.
Ein del innbyggjarar i Herand pendlar til
kommunesenteret Jondal, andre reiser til an-
leggsarbeid andre stader i landet eller heilt til
Nordsjøen.
Mange driv reiselivsrelaterte næringar i
Herand. Pizzarestauranten Meieriet er open
i sommarhalvåret og byd på steinomnsbaka
pizza og andre rettar. Kramsjø ski og sjøleir
Folgefonna skreddarsyr aktivitetar etter ynske
både på sjø og på land.
Herand har dessutan mange overnattingsmogelegheiter. Ein kan bu i båt i gjestehamna,
i feriehus i eit gardsmiljø på Bakketun, i sjøhus og naust frå 1800-talet hjå Kramsjø,
i leilegheiter på Bjørkhaug, i våningshuset på
Eikjetunet eller i hytter på Vassel gard. Skulle
ein ha lyst, kan ein tilmed overnatta i hus på
Herandsholmen.
Meir informasjon om bygda og tilboda finn
ein på herand.no.
Herand er ein idyllisk plett. Og til å ha berre vel to hundre innbyggjarar, er det stor aktivitet i bygda.
Kvar april er det storstila dugnad der unge og gamle er med og gjer sitt for at bygda skal vera finpussa til sommaren.
Herand har ei flott båthamn i sentrum.
Like ved er det òg ei gjestebåthamn for dei som kjem
sjøvegen til bygda.
Badestrand og grillplass er rett om hjørna.
Emma Byrkjeland Thune (7) og Jone Nerheim Eiken (10) likar seg godt i Herand. Emma går på skule i Jondal.
– Eg tek Herandsbussen, som eg kallar han. Eg må opp klokka 7, for skulen byrjar 8.
Av og til må eg venta på bussen heilt til eg er kald. Og om vinteren må bussen ha kjettingar.
Då vert eg stundom for sein til skulen. Det er ikkje mi feil, men litt kjipt, fortel sjuåringen.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 35
MERKEVARER - GODT UT VAL - FAGLEG KOMPETANSE - VERKSTAD - E TABLER T 1954
«Kortreist» bunadsølv er vår spesialitet
Gullsmed Bjørgum legg vekt på å tilby eit breitt utval av bunadsølv.
Her finn du det beste utvalet i Hardanger!
Hjå oss får du Kvammasølja med handgravert mønster og lauvpryd
etter gamle modellar frå distriktet. Dette er edelt handverk, tufta på
lokal tradisjon og kan med rette kallast «kortreist».
Er du på jakt etter noko ekstrastas til bunaden? Då kan du tinga deg
Dalarkjede. Det vert handlaga etter dine gamle myntar.
Dette er bunadsølv av beste kvalitet, som med stoltheit vil bli brukt
vidare i generasjonar.
Gullsmed Bjørgum har verkstad for restaurering, reparasjonar
og oppussing.
rissgrafisk.no
KJØP BUNADSØLVET HJÅ DIN LOKALE FAGHANDEL
5600 NORHEIMSUND · TLF.: 56 55 12 85 · [email protected]
36 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Lik oss på facebook
rissgrafisk.no
Moteklede med kvalitet,
i tidlaus og
klassisk stil!
Jean Paul, Mario Conti, Henr y Chioce, Redford,
Al vo, B l e n d, Ca s u a l Fr i d ay, D ov re, Pre E n d,
Levis, M arie Philippe, Va Vite, Donna,
V e r o M o d a , B - Yo u n g , J u n a r o s e , P i e c e s , T r e n d m . f l .
DAME (STR. 34-54)
HERRE (STR. S-3XL)
- Fjonge kle i ein fin atmosfære
Ope: mandag - fredag 9-16.30 torsdag 9-19 laurdag 10-15
rissgrafisk.no
Velkomen til MATCH
i Straumen Senter
Me fører merke som Brandtex, Blæst, Calida, Claire, Elton,
C-Ro, Intersun, Kello, LauRie, Mac Scott, Skovhus, Steeam.
Sjå våre nyheiter på facebook.com/Kammen-Mote
Grova 37, Norheimsund • 56 55 18 25
Spar inntil kr 4500,-
Briller • Kontaktlinser • Ur
Sandvenv. 16 • Norheimsund
Sjå tilbod på:
www.optikarbjelland.no
TIMEBESTILLING PÅ 56 55 20 50
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 37
Velkommen til Thon Hotel Sandven
-midt i hjertet av Hardanger!
Kapasitet:
102 rom og leiligheter • Konferanse: 200
Bankett/selskap: 200
Servering av lunsj og middag hver dag.
Velkommen innom!
Thon Hotel Sandven
Tlf. 56
55 20
88 •- [email protected]
Pb.
204
Nedstegata 4 • www.thonhotels.no/sandven
Kapasitet:
102 rom og leiligheter
• Konferanse: 200
102 rom og
leiligheter
• Konferanse:
200
Kapasitet:
Bankett/selskap:
200
Bankett/selskap:
200hver dag.
102
rom og
• Konferanse:
200
Servering
avleiligheter
lunsj og middag
ServeringBankett/selskap:
av lunsj og middag
200hver dag.
Velkommen
innom!
innom! hver dag.
Servering Velkommen
av lunsj og middag
Thon Hotel Sandven
Velkommen
innom!
LEV SUNT - LEV BEDRE
Thon Hotel Sandven
Tlf. 56 55 20 88 • [email protected]
• www.thonhotels.no/sandven
Tlf. 56 55 20 88 • [email protected]
• www.thonhotels.no/sandven
Thon Hotel Sandven
facebook/Sunkost Norheimsund
Tlf. 56 55 20 88 • [email protected] • www.thonhotels.no/sandven
Me har det meste til ferien: Håndkle, Sengetøy,
dyne, pute og div. ting til utebruk
Velkomen til oss!
Silje’s Interiør AS, Tlf: 95962905
Srraumen Senter, 5600 Norheimsund
Levrandør: HD, Høie, Vista, Pagunette, Black Design, Gardelo, Nordicform
CC Gardiner, Svanefors, Edelweiss, Sir John, P.Oppegård
38 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
S
God
r!
a
m
om
rissgrafisk.no
Velkommen til Thon Hotel Sandven
Velkommen
til Thon
Sandven
-midt i hjertet
av Hotel
Hardanger!
Velkommen
til
Thon
Hotel
Sandven
-midt i hjertet av Hardanger!
Kapasitet:
-midt i hjertet
av Hardanger!
5602 Norheimsund
Tlf. 95 15 25 22
[email protected]
Playa del Norheimsund, som stranda humoristisk har vorte kalla. Foto: Hege Grane Hisdal.
Stranda og vegen
Planane for ein veg til å binda ytterpunkta i Norheimsund sentrum har lege der sidan midten av åttitalet.
No er planane realiserte, og jammen har det gamle sjøbadet vakna til live igjen òg!
TEKST: BRIT AKSNES
«Vegen blir til mens ein går» heiter det i uttrykket. For strandvegen i Norheimsund kunne
dette knapt vore riktigare. Sidan dei fyrste
forslaga om å ta tak i tettstaden på åttitalet,
har regionssenteret gjennomgått ei gradvis
men jamn, drastisk endring. Ferdigstillinga,
om ein nokon gong kan kalla eit slikt prosjekt ferdig, har skjedd ved hjelp av tallause
frivillige eldsjeler, samarbeid på tvers av alle
instansar og med offentleg og privat velvilje.
Ser ein vekk frå litt gnisningar og til dels stille
periodar, må forteljinga om korleis strandvegen kom i stand, kallast ei solskinshistorie.
Frå Dalen til Stiftinga
Kongstanken var å binda sentrum saman og
nærare utkantane. Det fyrste som vart gjort
var å utbetra gangvegen frå Norheimsund
langs Movatnet til Steinsdalsfossen. Grendautvalet rydda veg og i samarbeid med dåverande direktør på Sandven hotell, Tron Bach,
fekk ein opp kulturhistoriske informasjonstavler sponsa av Hordaland fylkeskommune.
Bach stilte også hotellhagen til disposisjon og
opna denne for ålmenta. Samstundes var utbygginga av Hardanger Fartøyvernsenter i full
sving med Torbjørn Kaarbø ved det administrative roret. Kaarbø, saman med styreleiar
Knut Aage Vikøy i Stiftinga Hardangerjakt,
som Fartøyvernsenteret då heitte, såg behovet
for å knyta området tettare til Grova, og ein
strandveg ville vore midt i blinken. Men i mel-
lom låg fleire private hagar og utilgjengelege,
små strekk, og vegen fram såg kronglete ut,
bokstaveleg tala.
Ryggen mot sjøen
Det fyrste verkelege grepet frå offentleg hald
var ansiktsløftet som vart gjort i sentrum på
nittitalet. Dette kom mellom anna av eit prosjekt i regi av Norsk Form ved namn Handlegatens Ansikt, der Norheimsund og Kristiansand vart valde ut, og ein landsdekkjande
arkitektkonkurranse lyst ut for å teikna utkast
til den nye handlegata. Ein skulle ta sjøsida i
bruk, og første steg var å fylla i og laga veg på
nedsida av dei eksisterande bygningane mot
sjøen. I 1998 stod nye Grova ferdig. Andre
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 39
FAKTA
Felix Grahnström
(1891–1974)
• Fødd i Umeå i Sverige
• Kom til Norheimsund på 30-talet
etter lengre opphald i Berlin
• Jobba som portier på Sandven hotell
fram til 1934
• Initiativtakar til å stifta Norheimsund
Turistlag, der han i mange år var formann.
• Fekk bygd friluftskafé ved Movatnet
og Sjøbadet i Norheimsund
• Saman med kona dreiv han produksjon av
suvenirar som miniatyr-tresko, selbuvottar,
skistavar og hardingfeler.
• Laga det fyrste turistkartet som no heng
i Grova, på hjørna ved Hardanger
Glassmagasin.
Arkivfoto, Kvam herad
steget var å oppgradera haldeplassen og fortaua i hovudgata. Dette
stod klart i 2004, og målet om å venda sentrum mot fjorden var langt
på veg innfridd. No gjenstod strekket sentrum – Fartøyvernsenteret.
Kunne spleiselaget mellom fylket, kommunen, næringslag og grendautval halda fram, like smertefritt?
Vegen vidare
På åttitalet gjorde Statens vegvesen grep for å fiksa på den gamle
parken nedanfor parkeringsplassen mellom røyrleggjar Aksnes og det
gamle Norheimsund Fjordhotell. Vidare kom strandvolleyballbane,
steinbenkar og bord. Mykje av parken var tilgrodd, og grendautvalet
ville gjerne få sving på området igjen. Rundt 2010 vart det samla inn
kring 200 000 kroner for å få opp badekai. Dette var ikkje ein ny tanke,
men få hugsa at det på 1930-talet alt var eit sjøbad her, bygt og drive
av turismegründer Felix Grahnström. Badekaien kom saman med
planar for eit nytt leilegheitsbygg nedanfor det nedlagte Fjordhotellet.
Samstundes såg ein at det kom til å verta tilgjengeleg steinmassar med
vølinga av RV 49 mellom Norheimsund og Vikøy. Dermed var del tre
i gang - eit godt planlagt samarbeid mellom grunneigarane, som løyvde plassen nedanfor det førespegla leilegheitskomplekset, samt betalte
40 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Biletet syner Grova rundt 1994 rett før fyrste byggjetrinn med utfylling til veg på
sjøsida tek til. Foto: Kvam herad
fyllmassane. Ein fekk teikna opp utstikkaren
Tednesteinen, for å gje utsikt inn og ut fjorden. For å knyta Fartøyvernsenteret til Strandvegen og gje heilskap til prosjektet, måtte det
byggjast ei bru. Industridesigner Hans Pulles,
ein av dei som fann vegen til Ålvik via «Flytt
til Hardanger»-programmet, kom uoppfordra
med utkast. Nok ein gong gjekk prosessen
smidig, og kruna på verket kom på plass til
opninga juni 2013.
Smidig
Historia om ansiktsløftinga i Norheimsund
har i sanning vore prega av stå-på-vilje,
samarbeid mellom det offentlege og private,
grunneigarar og frivillige, eldsjeler og byråkratar, gode planar og løysingsorienterte hovud.
Heilskapstanken har vore den same sidan åttitalet, og det er framleis ting som står att. Ein
av dei neste stega i planen er å få på plass belysning langs vegen. Samstundes vil området
vera i endring. Nye prosjekt dukkar opp og
skapar naturleg liv. Det same gjer brukarane
av veg, bad, park - alt frå barnevogngjengen
og bubilturistane. Vegen er til, for og av folk.
Badekaia på stranda fekk grendautvalet samla inn pengar til i 2010. Foto: Torleiv Ljones
Kjelder:
Bjørgulv Hauger
Borghild Storaas Ones
Hallvard Bjørgum
Sjøsida har teke form - her frå Trebåtfestivalen i 2000, eit par år etter ferdigstilling.
Foto: Borghild Storaas Ones
Oversiktsbilete av stranda og vegen.
Foto: Leif Kastdalen / Reisemål Hardanger Fjord
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 41
ME FEIRAR BYGGERN
TORSDAG - FREDAG - LAURDAG
30. juni.–2. juli
Me serverer
vaflar og kaffi
på alle varer
i butikk/lager
÷25%
Med unntak av
kampanjevarer
og elektroverktøy
Bygger’n hjelper deg
rissgrafisk.no
Me forhandlar HIBA®HUS
DU FINN OSS I SANDVENHAGEN INDUSTRIFELT
OPNINGSTIDER
Månd - Fred
Laurdag
08.30 - 16.00
10.00 - 14.00
Norheimsund Elektro AS utfører installasjonsarbeid i hus, hytter, landbruk og industri
Hovudvekta er på elektroinstallasjon, men vi
leverer òg telefonsentralar, brannvarslingsanlegg,
alarmar, varmepumper og nettverk for tele og data.
I butikken vår finn du eit stort utval innan kvitevarer,
småelektrisk og lampar. Butikken er ikkje kjedetilknytt,
men me kan likevel gje deg gode tilbodsprisar
og kampanjetilbod.
Primært tar me oppdrag i Kvam,
men har også tatt oppdrag utanfor kommunen.
Større prosjekt me har delteke på er
Coop Prix Norheimsund, Øysteseheimen,
Kvam Legevakt, Thon Hotel Sandven,
Bjølvo Kraftstasjon, Tolo Terrasse,
Hordaland fylkeskommune, Samnangerheimen,
Nyrefeltet Voss - 17 leilegheiter og Ljones Gartneri.
Me er 15 tilsette, firmaet vart etablert
15. november1999.
Sandvenhagen, Gamle Dalavegen 88 - 5600 Norheimsund - tlf. 56 55 36 60 / 907 70 809 - E-post: [email protected]
42 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
rissgrafisk.no
Gamle Dalavegen 124, 5600 Norheimsund • Telefon 56 90 40 89
Opningstider: Måndag–onsdag: 7.30–16 Torsdag–fredag: 7.30 - 17 Laurdag: 9–14
rissgrafisk.no
• Entreprenør:
Grunn, betong og tømmer
DIN LOKALE
RØYRLEGGJAR!
• Byggjevareutsal
• Trevarefabrikk
• Forhandlar av Hørmann
garasjeportar
- Me utfører alle typer
røyrleggjertjenster
Sjå utstilt
garasjeog indust
ripo
i butikken rt
vår!
- Innstallasjon av varmeog energiløysingar
GAMLE DALAVEGEN 84, 5600 NORHEIMSUND
TLF. 56 55 36 00 - WWW.BADEMILJØ.NO - [email protected]
www.botnen.no
Sandvenhagen Industrifelt, Norheimsund | Telefon 56 55 37 50
Ope: måndag-fredag 07.30-15.30, torsdag 07.30-17.30
BYGGEPLANAR?
Nytt frå Optima:
Intimvask!
Me utfører byggesøknad,
plassering i landskap,
grunnarbeid og
ferdigdokumentasjon.
Til bruk ved intimplager
og for å unngå slike
plager.
Bruk gjerne Optima pH
hudbalsam etterpå.
www.optima-ph.no
rissgrafisk.no
Til bruk for kvinner
og menn.
Tel. 56 55 25 00
www.kjosasmaskin.no
GRAVING SPRENGING TRANSPORT KRANBIL
OPPMÅLING CONTAINER GRUS
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 43
rissgrafisk.no
Kvam Kraftverk
- har sidan starten i 2002 hatt visjonen at alle innbyggjarar og
verksemder i Kvam skal få tilbod om breiband gjennom eit
høghastigheits fibernett.
BREIBAND VIA FIBER
- har i 2016 eit godt utbygd fibernett i Øystese, Norheimsund,
Steinsdalen, Vikøy, Tørvikbygd og Strandebarm.
for heile Kvam
- er oppteken av at alle kundane skal ha tilgang på dei beste
innhaldstenestene frå framtidsretta og solide samarbeidspartnarar.
Ta kontakt dersom du ønskjer
fiber til heimen eller til di verksemd.
Tlf: 56 55 33 00 eller e-post:
[email protected]
Sjå våre heimesider for meir informasjon: www.kvam-kraftverk.no
- leiger i dag ut rundt 1300 fibersamband nytta av bustader
og private/kommunale verksemder. Sambanda vert leigde av
NextGenTel, BKK Fiber, Broadnet, Kvamnet og Kvam herad.
- leverer fibersamband til viktige funksjonar som ambulanseteneste,
legevakt, bank, vassforsyning, straumforsyning og kraftproduksjon.
- sitt fibernett er designa og bygd med tanke på maksimal
stabilitet og oppetid. Dei siste åra har oppetida vore på 99,99 %!
TIL DEG, FOR DEG!
DER SKAL VI
BYGGJE. OG BU.
VI ER HER.
SPV
Vi har gitt startkapital til nyfødte barn,
nystarta bedriftar og nyetablerte familiar på
Vestlandet i hundrede og ørti år. Det skal vi
gjere i framtida og.
spv.no / 05555
44 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Banktenester i endring
TEKST OG FOTO: TORLEIV LJONES
- Vi står midt opp i store endringar i bruken
av bank. Meir digitalisering og auka krav frå
kundane til økonomisk rådgjeving gjer at
både vi og kundane må omstille oss, seier
regionbanksjef i Sparebanken Vest (SpV) Tom
Rasmussen. Han vedgår at nedlegging av fleire bankkontor har vore ei påkjenning i mange
bygder for vi lever av tillit hjå kundane. Rasmussen har ansvaret for banken si verksemd
i Hardanger, Midthordland og Voss og kan
gleda seg over ein dominerande marknadsdel
på personkundar. 72 prosent av banken sine
utlån går til desse. Også for små og mellomstort næringsliv har banken ein sterk posisjon
i vår region.
Dei siste åra har banktenester på PC og mobil vorte vanleg og folk flest har lært seg å ta
i bruk denne nye teknologien. Berre det siste
året har talet på manuelle transaksjonar over
skranke vorte redusert med heile 75 prosent.
Publikum har ikkje lengre det same behovet
for å oppsøkja banken til daglege tenester. Det
har resultert i nedlegging av filialar. Det har
vore ei krevjande omstilling, med nødvendig
for å redusere kostnader og tilpasse tilbodet til
bruken.
Det at SpV no legg bankbygget i Norheimsund ut for sal, er ikkje eit teikn på at bankverksemda i bygget skal reduserast. Banken
ynskjer å inngå ein svært langsiktig avtale
med ny kjøpar om leige av lokale til eiga drift.
Eiendomsmegler Vest, banken sin eigedomsmeklar, har nett flytta inn og ynskjer å utvida
tilbodet sitt. Samstundes er det aukande behov for økonomisk rådgjeving. Bankkontora
har no ikkje ekspedisjon over skranke som
si fremste oppgåve, men individuell rådgjeving innan økonomi, plassering og forsikring.
Undersøkingar synar at særleg ungdomane
har behov for personleg kontakt i banken og
gode råd når dei skal etablera seg.
– Å bruka ein lokal bank er på mange måtar
å ha ei forsikring mot framtidige problem, seier
Tom Rasmussen. Det kan vera arbeidsløyse,
skilsmisser eller uventa store utlegg som kan
gje betalingsproblem. Då er det godt å ha
personlege relasjonar i banken. Det er ikkje
like lett å koma til ein nettbank i slike tilfelle.
Rentenivået på lån i SpV skal vera konkurransedyktig, men det vil ikkje alltid seia å vera
heilt lågast. Det er den totale pakken med
Her blir me, seier banksjef Tom Rasmussen.
tenester i banken som gjeld. SpV har ein solid eigenkapital og ein posisjon i marknaden
som gjev god tilgang på kapital. Rasmussen
legg vekt på at SpV er ein lokal bank som stør
opp om lokale lag, organisasjonar og eldsjeler
gjennom tildeling av gåver.
Den gamle sanninga om at «cash is king»
står for fall. Bruk av kontantar som betalingsmiddel går heile tida ned. Over 90 prosent
av betalingar i butikk skjer no med kort. For
dei som arrangerer konsertar eller held basar
har banken små terminalar til utlån. Førebels
står det ikkje betalingsterminal på offerbordet
i kyrkja lokalt, men det er faktisk kyrkjelyder
som har dette. Det seier jo litt om at det kontantlause samfunnet ikkje er så langt unna.
Inne i banklokalet i Norheimsund er det automatar som gjer det enkelt når sparegrisen
skal tømast eller dagens omsetning skal inn
på konto.
Det er ikkje alltid like lett for dei fleste av
oss å hengja med når nye tider og rammevilkår krev omstilling. Det gjeld også økonomi
og betalingstenester. Så går det nokre år, og
når vi då ser oss attende må vi vedgå at det
gjekk bra, ja det gjorde til og med det daglege
livet lettare!
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 45
Fruktbonde Karin Mo Valland saman med Pusi. Foto: Brit Aksnes
Frå apal til eplehekk
Per Spelemann bytte ut kua med fele - no gjer Karin Mo Valland det same,
berre at kyrne vert bytt ut med frukttre.
TEKST: BRIT AKSNES
Hardanger er kjent som Noregs frukthage,
men om du ser på epla i butikken har dei
oftast reist både langt og lengre enn langt.
Berre kring tolv prosent av alle epla du får
tak i gjennom daglegvarekjedane er norske.
Ser ein på talet produsentar, er ikkje det altfor
mange som driv med fruktdyrking på heiltid,
heller ikkje i Hardanger. Men frå hausten av
vert mykje av bakkane på Valland dekka av
nye rader frukttre, dette skal få prosenten opp.
Den komande fruktbonden Karin Mo Valland
gler seg.
Gardataus
Veslejenta Karin vaks opp i byggefelt på Tolo.
Foreldra tok over småbruket som slekta hadde
i Skipadalen i 1975. Då var Karin ni år gamal,
og somrane framover pitla ho og syskene jordbær og bringebær på den store åkeren. Det var
elles både frukt og grønsaker på småbruket,
så den grøne interessa vart tidleg vekt, sjølv
om Karin lattermildt kalla det frivillig tvang.
Gardslivet skulle likevel venta på seg som
karriereval. Inntil for nokre år sidan arbeidde
Karin på Opplysningen 1881, ein kvardag langt
frå livet som gardataus. Rett nok hadde ho teke
mykje av mjølkinga og anna gardsarbeid, sidan
husbonden og bonden Gjermund jobba i Nordsjøen fjorten dagar i slengen.
– Me har hatt samdrift, og då eine parten
laut sjukemelda seg, vart eg gåande og tenkja at alle dei mange flinke avløysarane som
46 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
var innom, gjorde i grunnen berre den same
jobben eg kunne gjort sjølv. Så søkte eg permisjon frå Opplysningen, men hadde allereie
eigentleg bestemt meg: eg ville driva gard på
heiltid.
Vitskap og interesse
Garden til Karin og Gjermund ligg på Valland,
på oppsida av vegen ligg Sjuragarden, som
også er deira. Frukttrea i Skipadalen tilhøyrer
også dei, etter at ho tok over eigedomen etter
foreldra. Her fanst gode, gamle sortane slik
det ofte var på gardane rundtom. Der hadde
ein litt av forskjellige typar ståande side om
side - pæresorten Dobbel Phillip og eplesortar
som Prins, Philippa og Bramley.
– Personleg har eg vorte meir og meir begeistra for Bramley. Desse sure epla er heilt
topp til matlaging. Når det gjeld mateple, er
det distributørane og butikk-kjedane som
avgjer sortementet. Eg trur likevel det er ein
marknad for mateple, så eg har lyst til å få
Bramley-eple tilbake i butikkane. Det lyt verta
betre vilkår for lokal frukt. Og område som
Sogn, Gvarv i Telemark og Lier på Austlandet
er på full fart som leverandørar, slik at Hardanger kan koma til å sakka etter om me ikkje
passar på. Eg håpar fleire vurderer å starta
fruktproduksjon, seier Karin. Ho tok sjølv etterutdanning på Hjeltnes gartnarskule i Ulvik,
men det viktigaste for å halda på med frukttre,
er å ha ei interesse for faget.
– Ein lyt driva på heilt anna måte no enn før
skal det bli noko av det. Tettplantingsmetoden
går ut på å ha heile rader av ein type frukt på
heile teigen. Trea skal vera små, og sidan dei
har så svak rot, må dei ha oppstøtting, nærast
som bringebærhekkar. Det er ein heil vitskap,
men svært spennande å setja seg inn i, fortel
ho og ser ut kjøkenvindauga oppover teigen
med dei tettplanta fruktberarane.
Vêr og vind
Framleis er fruktpakkelageret på Utne det
største i landet, så Karin er svært optimistisk
med tanke på garden. Og så finst det jo andre
måtar å få selt frukta si, seier ho og avslører
at ho har klare tankar om driftsbygninga som
etter sommaren vert utan dyr. Å ha eigen gard
gjer at draumar kan realiserast. Det er ein av
mange goder.
– Jobben gjer seg ikkje av seg sjølv, men er
trass alt fleksibel. Eg likar å vera ute, eg likar å
jobba. Og så er det så variert arbeide - januar
til mars skjering av tre, så kjem blometynninga
og epletynningar. Frå midten av september til
uti oktober driv me innhaustinga. Men ingenting er sikkert - me lyt innretta oss etter naturen. Det nyttar ikkje å sprøyta viss vinden fyk
rundt novene!
Frå fjos til jus
Og vêret er verkeleg den tingen ein ikkje kan
gjera noko med. Ein haglskur kan gjera enorme
Karin trivst med utearbeid - her frå
skjeringa tidleg i fjor vår.
Foto: Andrea Dalatun
skadar. Då er det viktig å ha ein plan med
frukta. Nyleg oppretta Karin eit selskap oppkalla etter garden over vegen, Sjuragarden.
– Eg tenkjer at for den del av frukta som
ikkje held første klasses kvalitet, må det vera
betre å ta seg av den sjølv enn å selja den som
press-eple. Eg har ein plan med det mjølkehuset, for å sei det slik! smiler Karin. Dette er
uansett eit stykke fram i tid. Hovudoppgåva
no er å gjera om heile garden til ein fruktgard.
Kvar teig skal dekkjast av frukttre dei neste åra.
Slikt vert det ikkje mykje fritid av.
– Ferie? Nei, det får venta! Men me treng i
det minste ikkje avløysar til trea, dei står når
me kjem att, dei - det er godt dei ikkje skal til
fjells eller kan stikka av, ler Karin. Og oppover
bøane står trea på geledd og ser ut som det
einaste dei vil er å få sol og varme og syta
for at nok ein gard skal veksa fram i Noregs
frukthage.
Sjuragarden med bugnande Aroma-tre.
Foto: Karin Mo Valland
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 47
rissgrafisk.no
Skal du ha selskap?
rissgrafisk.no
CATERING
Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller andre tilstellingar?
Kontakt Marit Botnen Catering på tlf.: 900 32 785
for gode tilbod! Me har plass til både små og store
samkomer i Holmatun.
Tapas · Koldtbord · Snittar · Catering
Tlf. 900 32 785 · E-post: [email protected]
Sjå menyar på: www.botnengjestetun.no
Mvh Marit · Holmatun, Øystese
Nyheiter frå
ZONE
Badehandkle 249,Handhandkle 89,-
Nova såpedespenser 249,Nova tannglas 139,Pedalbøtte 379,Nye korger frå 79,-
Baderomsmøblar frå
Danzani
Inzo
Velg FRITT blant
pølser, hamburgere, pølse- og hamburgerbrød merket med dette symbolet.
Vi spanderer den billigste! Utvalget varierer.
Se etterbolet !
dette sym
Dusjløysing frå
Macro
PØLSER
Coop. Assortert. Fra 240 g
Pr kg fra 88,66
PØLSEBRØD/
HAMBURGERBRØD
Coop. Hamburgerbrød, pølsebrød
og slidersbrød. 6 pk eller 12 pk
Pr kg fra 32,42
48 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
HAMBURGER
Coop. Assortert. Fra 220 g
Pr kg fra 93,20
Den nye
handelslagssjefen
Den polske kvemmingen, Diana Anna Szymanska,
kvir seg ikkje for å ta i eit tak eller ti.
Slikt blir det drivande sjefar av.
TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES
Ho er ikkje skvetten, Diana Anna Szymanska.
Det tenar ein også lite på, når ein kjem frå
ein småby i Polen der få har jobb. Heimbyen
Lomsza ligg 130 kilometer nord for Warszawa og nesten 2000 kilometer frå Kvam, men
med stå-på-vilje og gode språkevner kjem
ein langt.
Nøring og norsk
Det var mannen til Diana som fyrst fekk seg
jobb og flytta til Kvam. Han starta på Øystese
Mekaniske Verkstad i 2007 og sjølv om ho
då studerte til å verta politi, vart avstanden
til ektemannen for stor. Ho følgde etter,
og nokre månader seinare, med norskkurs
og jobbsøking, kunne ho ta til på verksemda
Nøring i Øystese. Lite visste Diana om lefser
og ramslauk, men ho lærte heile produksjonsrekkja undervegs.
– Eg hadde berre litt kelnererfaring frå
heimbyen min, så alt var svært nytt. Eg lærte
sylting og hermetisering og ikkje minst
norsk, seier Diana. Til liks med andre nye nordmenn byr det på visse utfordringar at mykje
av opplæringsmaterialet er på bokmål - ho er
klar på at det er nynorsk og kvammadialekt
som gjeld.
Eit kupp for Coop
Etter over fire år på Nøring hadde Diana lyst
på nye utfordringar og fekk jobb på Coop
Mega i Øystese. Her jobba ho eit års tid, då
hennar overordna oppmoda henne om å søkja
på stillinga som sjef i Tørvikbygd.
– Eg hadde fått smakt litt på ansvaret sidan
eg hadde jobba eit halvt år som assisterande
butikksjef i Øystese, og med ein strålande
attest frå sjefen min fekk eg tillit frå Coop.
Me har nært samarbeid oppover i systemet, og
sidan dei etterkvart kjente til meg, så hadde
dei tillit til at kunne ta på meg vervet i Norheimsund òg.
Coop Prix i Norheimsund er omlag tre gongar større enn den i Tørvikbygd og har over
dobbelt så mange tilsette, men det skræmer
ikkje Diana - dess travlare, dess betre.
kundekulturen i Noreg likar ho betre, særleg
det at personalet er der for kundane, og gjer
sitt beste for at kundane skal vera nøgde.
– Eg prøver å vera i butikken stort sett heile
tida. Eg vil gjerne høyra kva kundane vil ha
og kva me manglar.
Og sidan ho likar å jobba, så fyller ho ofte
i hyllene sjølv, i tillegg til å ta seg av bestillingane og personalansvaret. Ho er kvikk til
å skryta av kollegaer og Coop-systemet. Og
på spørsmål om kva ho ser for seg framover,
tenkjer ho seg ikkje om lenge - ho kan godt bli
verande i butikkyrket resten av livet.
Livet ut
Det regnar mykje på Vestlandet, men Diana
saknar ikkje gamlelandet for mykje. Også
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 49
Småcampingbruk
Leif Ove Aksnes med dottera Lone og eit par av
dei over hundre lamma som kom i vår.
Oddland Camping vert kanskje aldri noko storskalaverksemd, men store i Sør-Korea er dei likevel.
TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES
Køyrer du gjennom Vikøy på veg til eller frå
ferja i Tørvikbygd, ligg det ein liten campingplass rett ved vegen. Små, grøne hytter med
rullesteinsfjøra rett nedom og heile fjorden
og fonna midt i mot. På det vesle småbruket
Oddland har det vore drive camping sidan
1972, då Lars O. Aksnes, bestefar til dagens
drivar og bonde, Leif Ove Aksnes, bygde fyrste hytta. I mellomtida dreiv foreldra til Leif
Ove, noko som skulle bety tre generasjonar
Oddland camping - han og kona Eva Terese
Bakke går inn i sin andre sesong til sommaren. For han er det no heiltidsjobb.
– Eg er oppvaksen på Oddland og har campingen så og seia i blodet. Frå eg gjekk og selde
heimelaga perlesmykke som gutunge til foreldra min tok over i 1999, har eg hengt ved
hyttene og hjelpt til. Då foreldra mine ville gje
seg eit år sidan, måtte eg ta stilling til om eg
skulle ta over. Eg fann ut at då laut eg sei opp
jobben og gå hundre prosent inn, og det har
eg ikkje angra på.
Korea og Trolltunga
Med sju hytter vil aldri Oddland camping ver-
50 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
ta noko stor aktør. Det kan vera litt av styrken.
Turistar ser gjerne etter det unike, det spesielle - det kan Oddland trygt tilby. Det er stor stas
å vera med bort i fjosen for å sjå på lamma
eller å ta seg ein rotur på fjorden. Ofte blir
gjestene både ein og to dagar lenger enn dei
i utgangspunktet tenkte.
– I høgsesongen vert det mykje turistar,
både utanlandske og norske. Det var alle
engelskmennene som køyrde forbi på sekstiog syttitalet som fekk bestefar min til å starta
opp. I dag er det mest tyskarar og nederlendarar, men også folk frå Korea. Det viser seg
at me ligg heilt på topp på ei koreansk reisenettside!
Mange er på veg til Trolltunga, som verkeleg er vorte den nye turistattraksjonen i Hardanger. Oddland ligg ganske midt på vegen
om du reiser frå Bergen til Odda. Dei får ofte
høyra at gjestene som kjem har fått staden
tilrådd av tidlegare gjester.
– Og så er det folk som leitar på nettsida
Tripadvisor. Der har me rett og slett hundre
prosent positive tilbakemeldingar! Det er klart
slikt verkar inn på besøkstalet, seier Leif Ove.
Auke
Det blir ikkje mykje ferie av å driva ein populær overnattingsstad. Når andre reiser på
sommarferie, held heile familien på seks til
saman seg i bygda. Vinterstid er det berre ei
av hyttene som er isolerte mot kulden, noko
som medfører langt mindre utleige, så fjorten
dagar i Spania sist februar var god kompensasjon mot manglande sommarferie.
– Fjoråret må kallast eit toppår, det stod
knapt ledige hytter heile sommaren - i heile
juni var det berre fem ledige døger, i juli tre
og i august fem. Me torer knapt håpa på noko
tilsvarande, men det er klart det er moro når
det går så bra. Telefonen kimar stadig med
bestillingar allereie tidleg på våren og gjer
seg stort sett ikkje før ut i oktober. Stundom
har me anleggsarbeidarar som bur i periodar,
dei er bra gjester. Og så vert det mindre jobb
når ein ikkje treng byta sengekle kvar dag.
Eg gjer alt frå golvvask til vedlikehald av
bygg. Med 75 sauer i tillegg, så er det nok
å gjera, seier Leif Ove og svarar på ein ny
innkomande telefon.
SAMARBEID FOR
NÆRINGSUTVIKLING I KVAM
VED AVDELINGANE VÅRE KJEM DU NÆR HISTORIA,
KULTUREN OG KUNSTEN SOM PREGAR MENNESKA
I HARDANGER. DEI ER ALLSIDIGE OG HAR
STOR SPENNVIDDE I TEMA OG TILBOD.
Ved å bli med i eit næringslag
kan også ditt firma bidra til næringsutvikling!
Kvam Næringsråd, Norheimsund Næringslag og
Øystese Næringslag lagar magasinet HEIMA
gjennom eit godt samarbeid.
KABUSO - Øystese
Omvisingar i skiftande samtidskunstutstillingar. I sommar får du sjå
Olav Christopher Jenssen sine kjende
abstrakte måleri. Ein vakker park bind
Ingebrigt Vik sine skulpturar saman med
Kabuso. Besøk verdas nordlegaste av
i alt 70 Skyspace.
Konsertar i kammermusikksalen.
Desse personane er med i styret i
Norheimsund Næringslag og Øystese Næringslag
Stengt måndagar.
HARDANGER
FARTØYVERNSENTER - Norheimsund
Kulturnaustet – storsatsinga i 2016 opna
med Knud Knudsen-utstillinga «Kysten»,
som er ei reise langs kysten i ei anna tid.
På det familievenlege museet får du oppleve
handverkarar i arbeid og du får prøve deg
på kjekke aktivitetar i gjesteverkstadene.
Billett inkluderer robåttur.
Øystese Næringslag:
Geirmund Storaas, styreleiar
Gjermund Stuve, styreleiar
E-post: [email protected]
E-post: [email protected]
Hildegunn Lund
Sjurd Valland
Elisabeth Kvammen Melcher
Jahn Brattli Tolo
Marit Buttingsrud
Arne Aalvik
Arne Digernes
Hølje Torpe
Martin Lunestad
rissgrafisk.no
© Florian Holzherr
Norheimsund Næringslag:
HARDANGER
FOLKEMUSEUM - Utne
AGATUNET - Aga
Eit klyngetun med 30 freda hus.
Den unike Lagmannstova er ein av dei best
bevarte middelalderbygningane i landet og
oppført av Sigurd Brynjulvson Aga.
Skiftande utstillingar, konsertar, cidersmaking i ciderkjellaren og festmiddag
kan arrangerast.
Felles HVm-billett
SPAR 70% - kr 190,-
www.hardangerogvossmuseum.no
rissgrafisk.no
Me har ope alle dagar kl 10-17
(mai-sept.). Musea har barnetilbod
og viser flotte filmar. Kafear og suvenirbutikkar med godsaker.
Ope for grupper heile året.
Kontakt: 40 43 41 00, [email protected]
Tradisjon møter det moderne på Hardangerfjord Hotel
Frå vakker natur til rom med eventyrleg utsikt og gode
konferansefasilitetar, Hardangerfjord Hotel har det meste.
God service set me høgt, og kvaliteten på maten i vår
moderne restaurant snakkar for seg sjølv.
Vårt hotell er eit godt utgangspunkt for utflukter, det vera seg
gardsbesøk, fjordcruise eller brevandring på Folgefonna.
Symjebasseng og sauna er ope for alle.
© Silje Solvi
© Konrad Konieczny/VisitNorway.com
Velkomen til Hardangerfjord Hotel
rissgrafisk.no • Foto: Mariusz Marczak
Knud Knudsen-utstillinga «Fjorden» viser
livet i fjorden for 150 år sidan. Faste utstillingar av hardangersaum, bunadar og Noregs
største samling av hardingfeler. Konsertar
og arrangement gjennom heile året.
T: 56 55 63 00
[email protected]
www.hardangerfjord-hotell.no
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 51
Steller i hagen
Medan andre putlar med blomar og bed i sommarhalvåret,
arbeider Sigmund Vereide og Marita Gjerde i Næringshagen i Hardanger.
Dei gjødslar private verksemder.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
Statens industrivekstanlegg (SIVA) har saman
med fylkeskommunar og kommunar rundt
45 næringshagar i distriktsnoreg. Målet med
næringshagane er å skapa innovasjon og utvikling i det private næringslivet i distrikta.
– SIVA får pengar frå departementet og gjev
dei vidare til distrikta via næringshagane. Slik
får verksemder i distrikta hjelp, seier Vereide.
Medlems- eller målverksemd
Næringshagen i Hardanger har 29 medlemsverksemder rundt heile fjorden, men flest i
Kvam. 18 av medlemsverksemdene er såkalla målverksemder med ynske om vekst. Dei
får rabatt på rådgjeving og hjelp mot medlemskontingent.
Næringshagen er rådgjevar og koplar målverksemdene med andre verksemder eller
kundar, relevante fagmiljø og det offentlege
hjelpemiddelapparatet.
Målverksemder kan til dømes få hjelp med
søknader, hjelp til forretnings- og kompetanseutvikling, og råd om marknadsarbeid, strategiarbeid, handlingsplanar og nettverk.
– I møte med målverksemdene arbeider eg
mest med strategi. Eg er til dømes samtalepartnar for daglege leiarar som ofte sit med
mykje ansvar i verksemder med mange til-
sette og høvesvis liten administrasjon, seier
Vereide.
Han hjelper òg målverksemder med konkrete oppgåver som å finna ut av finansiering og orientera seg i det han kallar søknadsjungelen.
– Før eg kom hit, tenkte eg at Hardanger
si sterkaste merkevare var mat og reiseliv.
Men eg er imponert over at det er så mange
store entreprenørar og stor industri her. Det er
mange dyktige folk i regionen, seier Vereide.
Næringshagen kan setja verksemder i samband med til dømes finansinstitusjonar, investormiljø, offentlege etatar, IT-kompetanse,
juridisk kompetanse og Innovasjon Noreg.
Vert del av fellesskap
Dei som ikkje stettar krava for å vera målverksemder, kan vera medlemsverksemder i næringshagen. Då får dei invitasjonar til arrangement i regi av næringshagen, marknadsføring
og gratis inngang til ulike temamøte.
– Ved å vera medlem, bidreg ein til fellesskapet og tek ansvar. Og medlemene får noko
att. Dei vert del av ein fellesskap, dei får
rabatt på kurs, og dei bidreg til næringsutvikling, seier Vereide.
Ifølgje Vereide er næringshagen ein slags
døropnar mellom verksemder.
– Det er ein stor verdi at verksemder vert
kjende med kvarandre, òg når dei er konkurrrentar. Det er viktig å støtta kvarandre og gjera kvarandre gode. I distrikta har ein nok av
motkrefter å slita med, så det er viktig med
samarbeid, seier Vereide.
Vereide nyt sjølv godt av samarbeid og eit
yrande liv kring seg i Fruktlageret i Øystese,
der næringshagen har hovudkontor. Ti ulike
verksemder har kontor i same bygning.
– Det kan verta einsamt å sitja åleine. Her
er det kort veg til andre om ein treng svar på
eitt eller anna, og me har ein kjekk lunsjpause
saman kvar dag. Det har ein god effekt, seier
Vereide.
Trur på vidareføring og vekst
Næringshagen i Hardanger vart stifta i juli i
fjor. Ifølgje Vereide la Torleiv Ljones og Kvam
næringsråd grunnlaget for næringshagen.
– Torleiv brukte sitt store nettverk og gjorde
ein fantastisk god jobb, seier Vereide.
Næringshagen i Hardanger er godkjend som
eit såkalla pilotprosjekt, eit prøveprosjekt, til
1. juli 2016. Om visse krav er oppfylte, vert
næringshagen vidareførd i ti år. Det vert klart
15. juni.
KURS I STYREKOMPETANSE med BI i Kvam
Bruk styret til å skape vekst!
KURS 10.–13. oktober
og 14.–16. november 2016 i Kvam
• Få kunnskap om – styret som aktiv ressurs – teoriar
– praktisk utøving av styreverv
• Få innsikt og forståing om – leiing – styring – kontroll av bedrifta
• Kurset passar for dei
- som sit i eit styre
- som ynskjer å ta på seg styreverv
- leiarar/dagleg leiarar i små og mellomstore bedrifter
i privat sektor/offentleg sektor
Frode Solberg, Høgskulelektor BI
52 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Kontakt Næringshagen for meir informasjon
– Me har stor tru på at næringshagen vil
leva vidare, seier Vereide.
Vert det slik, kjem det til å verta invitert
til aksjeutviding. Vona er at bedrifter som
ynskjer å utvikla næringshagen skal vera
aksjonærar, ifølgje Vereide.
Han er cand mag. i biologi og samfunnsfag,
er utdanna i gründerrettleiing og prosjektleiing, og har fem års røynsle som dagleg
leiar for Sandane næringshage i Gloppen
i Sogn og Fjordane. 53-åringen har vore miljøvernkonsulent i Gaular og Gloppen i åtte år,
festivalsjef for matfestivalen Matamål i Sogn
og Fjordane, og dagleg leiar i det personlege
konsulentselskapet Promiljø.
– Eg kjenner meg heldig som får arbeida
med så mange dyktige folk. Eg lærer mykje,
seier Vereide.
Nyleg fekk han ein ny kollega i næringshagen: kompetanseutviklar Marita Gjerde frå
Øystese.
– Det er kjekt. Vona er at næringshagen skal
verta større og trekkja til seg endå fleire gode
folk, seier Vereide.
Marita Gjerde og Sigmund Vereide er dei to tilsette
i Næringshagen i Hardanger.
Dei held til i Fruktlageret i Øystese
og har til arbeid å støtta private verksemder
i regionen med råd og hjelp.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 53
Vårslipp
Kampanjepriser på årets modeller,
fullstappet med utstyr!
www.meca.no
LEVERINGSKLARE, SPLITTER
NYE BILER – FØRST TIL MØLLA!
FORD MONDEO:
Med
ogfor
navigasjon
SYNC2
FORD
FIESTA:
Fåautomatgear
med utstyr
kr 23.000,-
Få med teknologi
og utstyr for inntil
med 8” berøringsskjerm, verdi kr 25.000,-
FORD MONDEO: Med automatgear og navigasjon
FORD FOCUS: Få med utstyr for kr 20.000,SYNC2 med 8’’ berøringsskjerm, verdi kr 25.000,-
kr 32.000,-
FORD KUGA: Med automatgear, tilhengerfeste og metalliclakk.
Verdi kr 32.000,FORD
FOCUS: Få med utstyr for kr 20.000,-
D AUTOMATGIR
FORD S-MAX: Med automatgear og familiepakke, verdi kr 31.000,FORD
KUGA: Med automatgear, tilhengerfeste
og metalliclakk. Verdi kr 32.000,NB: Tilbudene kan ikke kombineres med eventuelle andre tilbud.
Gjelder et begrenset antall biler. Vær rask!
FORD S-MAX: Med automatgear og familiepakke,
verdi kr 31.000,andre tilbud.
NÅ MED AUTOMATGIR
Kontakt oss gjerne for mer informasjon og prøvekjøring!
VG 20.05.15
VG 20.05.15
Din lokale Ford-forhandlar
NORGES MEST SOLGTE
SUZUKI – NORGES MEST SOLGTE BILMERKE MED 4X4 OG BENSIN!
4X4 INKL I PRISEN
NORGES STØRSTE UTVALG
AV 4X4 OG AUTOMATGIR
NORGES SIKRESTE BILER
4X4 INKL I PRISEN
UNIKT ALL GRIP 4X4-SYSTEM
PRIS OG AVGIFTSVINNER
NORGES STØRSTE UTVALG
AV 4X4 OG AUTOMATGIR
TERNINGK AST 6 I VG
PÅ PRIS OG SIKKERHET
NORGES SIKRESTE BILER
AUTOMATGIR KUN 15.000,PÅ ALLE MODELLER
UNIKT ALL GRIP 4X4-SYSTE
M
PRIS OG AVGIFTSVINNER
TERNINGKAST 6 I VG
PÅ PRIS OG SIKKERHET
Vitara 4x4 fra 304.900,Som skapt for norske forhold!
www.suzuki.no
Automatgir + 15.000,-
SPORTTECH-PAKKE:
VERDI 72.500,KAMPANJE 25.000,SPAR 47.500,-
AUTOMATGIR KUN 15.000,PÅ ALLE MODELLER
For meir opplysingar, kontakt Christoffer Gjerde
T: 481 84 305 | E: [email protected]
Øystese mek. Verkstad AS | Ditt bilsenter i Kvam | T: 56 55 03 00
54 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
rissgrafisk.no
PÅ PRIS
Som sertifisert MECA Car Service-verkstad står me alltid parat
med moderne verkstadsutrustning og det siste innan den
tekniske utviklinga. Vår kompetanse er høg og me tilbyr deg
best bilservice. Bestill service så ordnar me dekkskift,
bremsekontroll, AC kontroll, understellsjekk, batteritest m.m.
BEST I TEST
Me reparerer og tek service på alle
bilmerke.
Merkeverkstad/spesialistar
PÅ SIKKERHET
PÅ PRIS på Ford og Suzuki.
NB: Tilbudene
BEST
I TEST kan ikke kombineres med eventuelle
VG 20.05.15
NYE VITARA 4X4
Ta kontakt for tinging av time!
FORD FIESTA: Få med utstyr for kr 23.000,-
VITARA 4X4
HET
Treng bilen service
før sommarferien?
Fagbutikk for gullog sølvvarer
Amalie´s Klær AS
Me har stort utval i
dameklær til fest og kvardag!
rissgrafisk.no
· Godt utval i bunadssølv
· Gravering og reparasjonar
blomar, gåver og interiør
Faghandel for alle livets øyeblikk:
· Bryllaup
· Sorg
· Konfirmasjon
· Bursdag
· Dåp/Namnedag · Kvardag
Me leverer blomar frå Vikøy til Ålvik
og formidlar blomar i resten av landet
og verda.
Tlf.: 56 55 52 74
www.minblom.no · [email protected]
LIVET, DAGANE, GLEDA, SOLRG, KVAR DAG SIN BLOM
HANDPLEIE • MAKE-UP • HUDPLIE / MEDISINSK HUDPLEIE
BRUD • VIPPER OG BRYN • FRISØR
FOTTERAPI MASSASJE, SPA OG KROPPSBEHANDLING
PERMANENT MAKE-UP • HÅRFJERNING
Sjusetevegen 3 • 5610 Øystese • Tlf.: 56 55 59 90 • 405 81 715
DET ER IKKJE BERRE TILBODA
DU KAN SPARE PENGAR PÅ!
NÅR DU ER MEDLEM,
SPARER DU PENGAR
PÅ ALT DU HANDLAR
HOS OSS – FORDI DU
FÅR KJØPEUTBYTTE
-Litt for fint
Kafé · Middag · Catering · Selskapslokale
varm og kald mat · dessert · barnemeny
Hjarteleg velkomen innom oss!
Opningstider: mån-fre 10-17 · laurdag 10-15
rissgrafisk.no
Min blom
Verkstad - reparasjonar - gravering
Tunet senter · 56 55 55 56
rissgrafisk.no
TUNET SENTER • 5610 ØYSTESE • T: 56 55 50 00
rissgrafisk.no
Me kler deg opp til din anledning!
rissgrafisk.no
Me fører: Lindon • Wearhouse
Brandtex • Steilmann • Intown
C.RO • Jazz • Isay •Lévolution
Skovhuus • Smykker • Sjal
Trinny & Susannah produkt
Belter • Nattklær
- bokhandelen i Hardanger
Hjelper deg med alt av bøker - her finn du og gåveartiklar,
kart, kort, spel m.m. Den norske Forleggerforening valgte
i 2009 å gje prisen for “særleg innsats for fremjing av
norsk litteratur” til HUUS bokhandel.
Me har det du treng for måling inne og ute!
Godt utval i hagemøblar!
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 55
Er du student ved Stiftinga Høgskulen i Hardanger, kan du
følgja undervisinga kvar som helst i landet frå andre etasje
i Fruktlageret i Øystese.
Stiftinga Høgskulen i Hardanger (SHIH) har
avdelingar i Odda, Kvam og Eidfjord. Dette er
eit lokalt fullverdig, fleksibelt utdanningstilbod på høgskulenivå med stor valfridom.
Kvam herad er medeigar i stiftinga som har
hovudkontor i Odda.
SHIH er tilknytt Studiesenteret.no som er
eit landsomfattande utdanningsnettverk med
41 studiesentra i 16 fylke og som samarbeider med fleire høgskular og nettverk. Studieprogrammet inneheld ca 100 ulike studietilbod, heilt frå enkeltemne på bachelornivå til
bachelorgrader og masteremne, alt tilrettelagt
for lokal læring. Undervisninga er basert på
audiovisuelle hjelpemiddel og lokalisert på
Kvam Fruktlager i Øystese med Næringshagen
i Hardanger som lokalt driftsansvarleg.
Gå inn på heimesida www.studiesenteret.
no for å sjå på studiekatalogen for komande
skuleår. Her vil de finna mange tilbod som
kan gje auka formell kompetanse og dermed
betre høve til å lukkast i ein stadig sterkare
konkurranse om dei gode jobbane på arbeidsmarknaden. Både næringslivet og offentleg
sektor må heile tida omstilla seg til nye rammevilkår og er avhengig av ny kompetanse
hos dei tilsette. Dei fleste vil kunna finna eit
tilbod i SHIH som dekkar behovet.
Denne studieforma eignar seg særleg godt
for dei litt vaksne studentane som ikkje
56 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Høgskuleundervisning
i Kvam
TEKST: TORLEIV LJONES • FOTO: KATRINE HELGHEIM
Skjermen viser alle som deltek i same studie, samt førelesaren alle lyttar til.
ynskjer å reisa heimanfrå for å ta utdanning
og som sjølv tek ansvar for eiga læring. Ved
hjelp av video har ein god to-vegs kontakt
med både forelesar og dei andre som deltek i
undervisninga andre stader i landet. Eksamen
kan ein også ta lokalt.
Ta kontakt med Marita Gjerde
i Næringshagen i Hardanger
på e-post [email protected]
eller telefon 918 17 440
om du vil ha nærare opplysningar.
Korleis viser du igjen?
Korleis ser fasaden din ut? Er bilen din synleg? Kan kundar finna deg på
internett? Har du annonsar og trykksaker som seier kven du er?
Ver synleg i både digitale og trykte media. Ta kontakt – me kan hjelpa.
Riss grafisk formgjeving AS • Nedre Vik 4, 5610 Øystese • 56 55 36 50 • [email protected] • rissgrafisk.no
LYST TIL Å UTVIKLA DEG
OG BEDRIFTA DI?
Marita Gjerde
kompetanseutviklar
Mob.: 918 17 440
[email protected]
KURS SKREDDARSYDD FOR DEG
Sigmund Vereide
dagleg leiar
Mob.: 900 70 848
[email protected]
Følg oss på
nettverk | datakommunikasjon| økonomi | kundebehandling
effektivitet | service | styrerolla | marknadsføring | arbeidsforhold | høgskuleutdanning
Kurs i styrekompetanse 10.–12. oktober og 14.–16. november. Samarbeid med BI, 36 timar, 7,5 sp
PERSONLEG BEDRIFTSRÅDGIVING
• Vil bedrifta di vekse? • Treng bedrifta di hjelp til å utvikla seg? • Er du interessert i nettverksbygging?
Me inviterer firmaet ditt til å verta målbedrift
Næringshagen i Hardanger
Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
[email protected] | www.hardangerhagen.no
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 57
NYBYGG OG REPARASJONAR
Takstingeniør
Helge Fjellro AS
Byggmeister
MAGNAR TVEIT AS
Tlf. 56 55 83 02 • Mob. 97 71 70 38
[email protected] • 5620 Tørvikbygd
• Taksering av bolig,
tomter og næringsbygg
LOKAL IDÉHUSLEVERANDØR
• Tilstandsanalyse
og boligsalgsrapporter
• Taksering av
landbrukseiendommer
• Uavhengig kontroll
• Skadetakster
SAL AV TRELAST/
BYGGJEVARER
• Byggeledelse
og kontroll av utføring
• Glas/dørar
• Isolasjon
• Panel/
listverk
Tlf. 411 40 500
E-post: [email protected].
www.helgefjellro.no
Byggmeister
5620 Tørvikbygd • E-post: [email protected]
Tlf. 56 55 28 70 • Mob. 950 59 910 • www.peraugestad.no
Tlf. 56 55 94 64 • Mob. 957 44 565
Fax: 56 55 94 66
E-post: [email protected]
Me utfører:
• Bygging
• 3D-teikning
• Prosjektering
• Søknad
• Sal av bygningsmateriale
rissgrafisk.no
FORHANDLAR AV MESTERHUS
58 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
www.mesterhus.no
rissgrafisk.no
• Skurlast
• Impregnert
rissgrafisk.no
• Eierskifterapport
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 59
AN E BA
R
M
I L
R
A
A
B
N E
D
SAL AV PØLSER BRUS - IS - VAFLAR
R
ST
TR
Ingen inngongspengar SIL friidrett
Overnatting:
Strandebarm Sportell: 56 55 14 50
Kontaktpersonar:
Johannes Skogseide Børsheim
mob: 469 07 372
E-post: [email protected]
Knut Øystein Fosse Mob: 916 18 769
E-post: [email protected]
Premiering:
- Medaljar til dei tre beste frå 11 år.
- Premie til alle rekruttar (7-10 år)
- Bestemannspremiar
(4 stk. á kr. 2.000 / 6 stk. á kr.1.000)
Sundag 19. juni kl. 12.00
G/J 10 - 12
200m, lengde, kule
G/J 13 - 15
200m, høgde, lengde, spyd
G/J 16 - 18/19
200m, 400m, 3000m, lengde, høgde, spyd
G/J 20 - senior
Lengde, høgde, 400m, 1500m
G/J 20 - veteran
200m, 3000m, spyd
Strandebarm Idrettslag ynskjer velkomen
til Hardanger Friidrettsfestival i
Strandebarm Idrettspark.
D
Laurdag 18. juni kl. 12.00
G/J Rekrutt
60m, lengde
G/J 10 - 12
60m, 600 m, høgde
G/J 13 - 18/19
100m, 800m, tresteg
G/J 13 - veteran
Kule, diskos
G/J 20 - senior
100m, 800m, tresteg
Strandebarm Idrettspark 2016
1.pl kr. 2.000,2.pl kr. 1.500,3.pl kr. 1.000,-
Premiering:
1500 m kvinner/menn, høgde menn
Eliteøvingar sundag
tresteg menn, 100 m kvinner/menn
Eliteøvingar laurdag
Gratis grilla laks frå kl. 15.00
frå kl. 19.00 i idrettshallen med
Rune Larsen og Elisabeth Andreassen
Oppvarming med Glava frå kl.18.00
Gratiskonsert laurdag
NB: Påmelding etter fristen
mot dobbel startkontingent
dersom plass.
Startkontingent
Rekrutt - 14 år: kr 80,- pr. øving
15 år - veteran: kr 100,- pr. øving
Konto: 3569.31.00885
Innan 12. juni 2016 elektronisk,
via terminlista www.friidrett.no
Påmelding
FESTIVAL
FRIIDRETTS
Hardanger
rissgrafisk.no
9.–12. juni:
Hardingtonar, Norheimsund
10.–12. juni:
Hardanger Trebåtfestival, Norheimsund
24.–26. juni:
Handverksmessa i Jondal
30. juni–2. juli:
Bygdalarm, Øystese
2016
Festivalar og marknadsdagar
2.–3. september: Ålvik Rock, Ålvik
10. september:
Torgdagen i Norheimsund
7.–9. oktober:
Hardanger frukt- og siderfestival, Øystese
Bli medlem i Kvam Næringsråd!
Kvam Næringsråd (KNR) er ein interesseorganisasjon for næringslivet
i Kvam med ca 100 medlemer frå heile næringslivet.
Arbeid for å skapa gode rammevilkår, vekst og utvikling for næringslivet i Kvam
er fremste oppgåva vår. Kvam Næringsråd er det naturlege kontaktpunktet for
Kvam herad mot næringslivet.
Ein god infrastruktur med vegar, breiband, oppdaterte reguleringsplanar og ei løysingsorientert sakshandsaming i offentlege etatar er mellom dei tema me har engasjert oss i. Ei eiga gruppe arbeider
med reiseliv. KNR fekk i 2014 i oppdrag frå Kvam herad å laga framlegg til heradet sin kommuneplan
nettverk
for har
næringslivet
for næring og kompetanse.
KNR
vore lokal saksbehandlar når tilskot frå kompensasjonsmidlar
for arbeidsgjevaravgift skal fordelast. KNR har på denne måten medverka til at mange gode prosjekt
har vorte gjennomførte. Styrken i det arbeidet me gjer, er avhengig av kor stor del av næringslivet
me har som medlemer. Derfor ynskjer me nye medlemer velkomne.
Innmeldingsskjema finn de på www.kvamnr.no
K V A M Næringsråd
På heimesida vår kvamnr.no og på facebook.com/kvamnr
kan de finna fleire opplysningar om aktiviteten
i Kvam Næringsråd.
Ta kontakt med dagleg leiar Torleiv Ljones
på telefon 913 47 997 eller på e-post: [email protected]
60 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
rissgrafisk.no
Foto: Torleiv Ljones
Ordførar Jon Larsgard (Sp) gler seg over at folketalet i Jondal kommune
har vakse jamt sidan 2009.
Ein liten kommune i vekst
Jondal kommune har vel 1.100 innbyggjarar. Det er kort avstand både mellom fjorden og isbreen,
og mellom innbyggjarane og kommuneadministrasjonen.
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
– Ein føremon med å vera ein liten kommune, er at
plassane er statlege. Elles er primærnæringane,
Messe og akademi
ein kjem nær folk. Det er kort veg mellom dei som
landbruk og fiskeoppdrett størst. Turisme har stor
Jondal har eit rikt utval lag og organisasjonar og god
vil noko og kommunen, som kan bidra – ikkje minst
verdi for handelsnæringa i sommarhalvåret.
dugnadsånd, ifølgje ordføraren. Det viser seg mel-
til næringsutvikling, seier ordførar Jon Larsgard (Sp).
Jondal Stål er største verksemda, og i hellebrotet
lom anna når Handverksmessa går av stabelen an-
Fram til 2009 minka folketalet samanhengande i
på Solesnes har tre verksemder arbeid. Også man-
nakvart år. 11 frivillige organisasjonar i kommunen
ge kvemmingar arbeider der.
arrangerer messa på dugnad. Kvar messe samlar
25 år, og Jondal kommune var nede i 1.020 innbyggjarar. Sidan har folketalet vore stabilt og aukande,
Ein del jondølingar driv eigne verksemder, og
over hundre utstillarar frå heile Noreg. Overskotet
og no tel ordføraren over 1.100 jondølingar. Om lag
kommunen har eit næringsfond som er nyttig for
frå messa vert delt ut til laga som deltek med frivil-
halvparten av veksten skuldast ei endring av kom-
sjølvstendig næringsdrivande. Fondet skal med
lige under messedagane.
munegrensene, men den andre halvparten skuldast
pengar styrkja nye verksemder eller verksemder
tilflytting.
som allereie er etablerte.
det i sentrum frå 24. til 26. juni.
knyting til staden frå før, ifølgje Larsgard. Dei fleste
Bustadfelt i alle bygder
har enda opp som handverksmesse. Det er kvalitet i
har anten hus eller familie i kommunen.
Dei som flyttar til Jondal, er ofte folk som har til-
I år feirar messa 30 år og finn stad på skuleområ– Handverksmessa starta som ei båtmesse, og
I Jondal er det kommunale bustadfelt i alle bygder,
arbeidet som vert presentert, og messa er attraktiv
Det same var tilfellet for ordføraren, som er frå
og mogelegheit for spreidd busetnad i heile kom-
for både utstillarar og gjester, seier Larsgard.
Hol i Hallingdal. Mor hans var frå Jondal, og Lars-
munen. I sentrum er ein del nye leilegheiter til sals,
Strikking, treskjering, gravering, broderi, smyk-
gard flytta til kommunen då han overtok ein gard
og bustadutvalet er heller assortert. Ynskjer ein
kelaging, veving, keramikk, klesdesign, glasblåsing,
etter onkelen sin.
plass i kontorfellesskap, får ein det i sentrum. Der
pilefletting og bunader er mellom handverkstradi-
finn ein òg alle kommunale funksjonar; skule, bar-
sjonane ein kan få kjennskap til, heiter det på hand-
nehage og pleie- og omsorg.
verksmessa.com.
– Det er vanskeleg å seia eksakt kvifor folketalet aukar, men eg trur prosjektet Flytt til Hardanger
gjorde oss meir medvitne at me må marknadsføra
at me har arbeid og bustader. Dessutan har nye
samferdsleløysingar verka positivt, seier Larsgard.
– Me har fleksible ordningar i barnehagen, og dei
som ynskjer plass, får plass, seier Larsgard.
Jondal har kring 55 barnehageborn og rundt 120
Jondal er dessutan heimstad for Hardangerakademiet, eit fritt og uavhengig senter for fred, utvikling og miljø.
skuleelevar. Kulturskulen er svært aktiv, og ein stor
Bakgrunnen for senteret er at fredsforskar Jo-
Meir sentralt
del av skuleelevane er med der. Kulturskulen har
han Galtung ættar frå Jondal og har hytte der. Han
Jondal har vorte mykje meir sentral dei siste åra.
eit breitt tilbod i musikk, kunst og drama, og gode
arrangerte Hardangersymposiet kvar sommar, der
Nye vegar og tunnelar har gjort at Jondal i dag er
lærarar.
han førelas om ulike emne. Så kjøpte Nordisk freds-
Kommunen har dessutan gode friluftsmogeleg-
akademi Jonatunet – det tidlegare tuberkulose-
heiter. Ein kan stå på ski heile året og kjem seg lett
sjukehuset i Jondal, og seinare sjukehus for psykisk
Det har tradisjonelt vore mest pendling mot
til isbreen Folgefonna. Jondal har mange merkte
sjuke – for å bruka det til arrangement året rundt.
Kvam, ifølgje ordføraren. Slik er det framleis, men
turløyper og flotte preparerte skiløyper vintertid.
– Fredlege konfliktløysingar, rettvis utvikling og
no pendlar ein større del enn før til Odda. Frå Jondal
Skyttarlaget i kommunen er svært aktivt, og det
berekraftig bruk av naturen er verdiar som ikkje ber-
sentrum tek turen kring førti minutt.
same er idrettslaget.
re er verde å satsa på, men som er eksistensielle for
del av arbeidsmarknaden i Odda og Kvinnherad.
Dessutan pendlar mange jondølingar til Kvam.
I ein liten kommune som Jondal er offentlege arbeidsplassar dominerande. 40 prosent av arbeids-
– Jondal er ein fredleg stad for folk som ynskjer å
vår framtid, heiter det på hardangerakademiet.no.
vera nær naturen, seier Larsgard.
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 61
flytta til Bergen igjen saman med han.
Dei to budde på Danmarksplass. Han arbeidde
Flytta heim
for å gje borna
ein god start
i Veidekke AS, ho tok realfag intensivt og byrja på
universitetet.
– Eg skulle verta fiskehelsebiolog. Men så kom
Benjamin. Han var i høgste grad planlagd, men det
gjorde at eg måtte ta pause i studia. 14 månader
etter kom Julia. Då eg skulle byrja andre året på
universitetet med to små born, var eg ikkje motivert lenger. Eg higa ikkje etter det. Eg ville vera nær
borna, seier Midtun.
Då ho avslutta studiet, tok ho ein tilfeldig jobb i
verksemda til mannen til ei veninne.
– Eg skulle berre hjelpa han i bemanningsbyrået
hans, for det var travle tider. Men ein månad vart
til to, og to månader vart til tre år. Eg arbeidde der
som personellkoordinator til Christian vart fødd. Og
i fjor flytta me heim, seier Midtun.
Eirunn Lothe Midtun vaks opp på Solesnes, men etablerte seg med mann,
born og hus på Askøy. I fjor flytta familien på fem tilbake til Jondal.
Ho vil byrja i arbeid att etter sommaren. Ho kjenner seg klar for yrkeslivet, men treng ikkje ei fulltidsstilling. Får ho velja, ynskjer ho ei deltidsstilling
i fiskeindustrien. Gjerne arbeid med oppdrett på
TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM
land.
– Det er fisk eg er utdanna i, og eg har alltid trudd
– Borna kom frå ein barnehage med 200 born på
vårt eige vesle univers, seier Midtun.
at eg berre kan arbeida med fisk. Men no kjenner
ein asfaltplass. Det er kjekt her i Jondal når dei kan
Ho er for tida heimeverande, men satsar på
eg at eg eigentleg kan gjera kva som helst. Så lenge
herja i naturen, ikkje berre på trehjulssykkel. Barne-
koma i arbeid i august. Då skal yngstemann byrja
det er kjekt å reisa på arbeid, er det bra, seier tre-
hagen har bratte bakkar og dei får bryna seg vinter
i barnehagen, og eldstemann vert skulegut saman
barnsmora.
og vår, seier Midtun.
med ni andre jondølingar.
– Saknar ingenting
Benjamin (5), Julia (4) og Christian (1,5) får voksa
– Han skal gå i klasse med dei han deler avde-
opp i huset mora vaks opp i saman med sine to sys-
ling med i barnehagen, så det er trygt og godt, seier
Ektemannen Per-Christian er forskalingssnikkar på
trer. Femti meter bortanfor bur mormor om morfar,
Midtun.
fulltid i Hardanger maskin AS.
og hundre meter nedanfor ligg fjøra og fjorden.
– Me visste at Askøy var midlertidig, for eg har
alltid hatt lyst til å flytta heim att. Me trivest godt i
Ho er glad for at ho har vore heimeverande så
langt.
Midtun meiner det er ein føremon at ektemannen òg har vokse opp i litt grisgrendte strok på
– Det har vore så godt å kunna gje borna ein roleg start. Eg har vore heime
Osterøy. Dei saknar ingenting på Solesnes. Dei har
alt dei treng.
med Christian, og dei to eldste
– Då me budde på Askøy, tok det ti minutt å køy-
har hatt nokre korte dagar i
ra til Bergen sentrum. Men me brukte aldri byen.
barnehagen, seier Midtun.
Me køyrde gjennom sentrum i jobbsamanheng eller
Det hender folk spør om ho
når me skulle vitja vener, men det var det. På dei
har det keisamt heime, men
seks åra me budde der, var me på kino éin gong,
då svarar ho som sant er, at
seier Midtun og ler.
det har ho ikkje.
Ho konstaterer at ho ikkje er van til bylivet, og at
– Eg er veldig sosial av meg,
det difor ikkje er eit sakn. Ho er snarare glad for at
men no får eg det eg treng i
Solesnes byd på eit liv med langt mindre stress og
hente- og leveringssituasjonen
press for familien enn livet nærare byen.
i barnehagen og i butikksam-
– Her kan ein leva med mindre inntekt, for det
anheng. Og av far min, ikkje
er ikkje så mange freistingar. Og her kan folk koma
minst. Me drikk kaffi saman to
innom på kaffi utan at ein føler at ein må diska opp
gonger i veka når mor mi er på
med tre rettars middag, seier Midtun.
arbeid, seier Midtun.
Familien ser fram til den fyrste sommaren på den
nye heimstaden.
Klar for å byrja arbeida
– Me flytta jo i fjor, men Per-Christian brukte to
Midtun flytta til Bergen på
månader den sommaren på å pussa opp og måla
hybel som 16-åring og tok
huset medan eg var på flukt frå malingslukta med
akvakultur på yrkesskulen, før
tre born. Me fekk bu hjå kjenningar som var på ferie
ho flytta heim att og tok fag-
mot å vatna blomar, passa hundar og henta post. Så
brev hjå Marine Harvest AS.
dette vert eigentleg den fyrste skikkelege somma-
Så møtte ho Per-Christian og
ren vår her, seier Midtun.
Eirunn Lothe Midtun og borna Christian (t.v.), Julia og Benjamin har flytta til idylliske Solesnes saman med ektemann og pappa Per-Christian Midtun. – Eg har alltid hatt lyst til å flytta
heimatt, seier Midtun.
62 HEiMA
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
Flytta til Jondal
Foto: Christian Hauge © Folgefonni
- der Du er nær det meste
• Solrike bustadtomter mot sjøen • Næringsfond for etablerarstøtte
• Sentrumsnære leiligheiter til salgs • Fantastiske friluftsmogelegheiter
• Plass i kontorfellesskap
• Trivelege folk
• Tilgjengeleg næringsareal
• Eit køfritt liv
arbeidsmarknad med Odda,
• Barnehageplass
• Felles
Kvam, Ullensvang og Kvinnherad
kulturskule og tilbod innan
• Aktiv
kultur og idrett
Ta kontakt:
Ordførar Jon Larsgard
mob. 928 43 671
[email protected]
Landsbylos
Sigrid Brattabø Handegard
mob. 971 56 165
[email protected]
Odda Trykk & Reklame
JONDAL
KOMMUNE
Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016
H EiM A 63
Returadresse
Kvam Næringsråd
Sjusetevegen 27
B
5610 Øystese
Vil du ha
meir informasjon?
Ta kontakt med meklar
Øyvind Kvåle
90 59 63 12 / 56 55 12 77
[email protected]
Tenk deg å leva ein stad som gjev
ei kjensle av at du lever i eit
einaste stort postkort.
Drøymer du om å bu ved bryggekanten i nærleiken av eit yrande bygdeliv?
33 nye leilegheiter med høg standard midt i Norheimsund sentrum gjev deg
mogelegheita. Leiligheiter frå 52 kvm – 12 kvm i prisklassa 1,9 – 7,9 mill
med den flottaste plasseringa i Norheimsund.
www.hardanger-brygge.no