GRYTINGSTØLEN

Transcription

GRYTINGSTØLEN
På vandring i historisk landskap
GRYTINGSTØLEN
Gradering: Rød Stad: Røldal Turkart: Statens Kartverk ”Røldal” 1 : 50 000 eller Friluftskart Odda
Start- og sluttpunkt: Frå Røldal sentrum følg E134 mot Telemark og ta til venstre ved skilt ”Valldalen” og
fortsett på grusveg til startskiltet for turen. Det er 14km frå Røldal sentrum til startpunkt for Grytingstølen
turen ved Valldalsvatnet. Turen slutter 400m frå Røldal bygdesentrum.
Kollektivtransport til start-/sluttpunkt: Dessverre ingen offentlig transport tilgjengelig. Anbefaler å ta
taxi til startpunktet evt. ha tilgjengeleg to biler så en kan kjøre tilbake og hente.
Merking: Startpunkt er merket med starttavle ved Valldalsvatnet, stien er merket med grøne skilt & røde
T’er. Høgdeskilnad: 274m Startpunkt: 776 m.o.h. Lengde: xx km Tidsbruk: 6t
Det er også mogeleg å gå turen frå sluttpunkt Røldal (ved Røldal overnatting) då er høgdeskilnaden 650m
og gir ein tyngre tur. Gode råd: Det er nokon blaute parti og litt myr nokre stader, så det er best med litt
høge sko, ein må i tilleg kryssa nokre små elvar, som kan vera store om våren, og ved nedbør.
Sesong: Juli & August (mulig å gå siste halvdel i Juni/første halvdel av september – men fare for at deler
av turen er dekket av snø).
Turomtale: Turen startar på ca 776 m.o.h. i flott fjellterreng langs elva, med litt skog i byrjinga.
Svak stigning i starten, opp mot Tjødnastølskard vert det brattare til toppen som ligg på 1050 moh, og
som er høgste punkt. På vegen passerer du gamle stølsmurar på nordsida av Storavatnet og vegen fortset
langs nordsida av vatnet med litt stigning til Huseskard. Gjennom Huseskard er det bratte berg på begge
sider, vakkert og vilt, før det på ny ber nedover mot Austdalen. Det er merka i krysset som går mot Bråstøl, du føl merking mot Røldal og Austdalen. I Austdalen ligg eit vakkert stølshus som er bygd av stein
på 1600 talet. På tunet her er det innhogne navn som eit minnesmerke over dei som levde livet sitt her om
somrane saman med dyra sine. Frå Austdalen er det brei, god veg som går langs Tuftajuvet og på vegen
kan du sjå Mjølåna som kastar seg i villskap utfor nuten på andre sida. Litt lenger ned ligg Huldrestein, ein
kjempestein på venstre sida av vegen. Her budde Huldrefolket om sommaren når fjellbøndene brukte
stølshusa. Derfor var det viktig for dei som var på stølane å flytta heim att om hausten i tide, for om vinteren brukte Huldrefolket stølshusa. Dei måtte vera ute til ”Mikeli” (29.09. Merkedag på Primstaven,
”kalender” brukt på 1400-1800 tallet)
Landskapet opnar seg mot bygda , og du ser majestetiske fjell som omkransar Røldal med vatnet i botnen. Du er snart nede, og prøv å unngå å gå gjennom tunet til folk. Bruk den merka stien. Takk for besøket, håpar du har kjent den gode angen frå lyng og urter som veks langs ruta. Velkommen attende.
© Oddbjørn Lynghammar, Røldal Reiselivslag
© Oddbjørn Lynghammar, Røldal Reiselivslag