Gratis informasjonsavis til turistar og fastbuande i Sauda

Transcription

Gratis informasjonsavis til turistar og fastbuande i Sauda
Sommar & ferietid
Gratis informasjonsavis til turistar og fastbuande i Sauda
Utgitt av:
2
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Innhald
Gullkorn frå barnemunn
s. 3
Kart
s. 4 – 5
Vanvikfestivalen
s. 6
Aktivitetskalender
s. 7
Fjordperle
s. 8 – 9
Annonser
s. 10 – 13
Gammal hytte blei ny
s. 14 – 15
Fiske
s. 16
Grilltips
s. 17
Hotell i særklasse
s. 18 – 19
Familiekviss
s. 20
RYFYLKE
Sommar & ferietid
3
Vi elskar sommar
1. Har du planar for sommarferien?
2. Kva er det beste med sommar?
3. Kva er kjekt å finne på i Sauda om sommaren?
Sol Tiril (7 år)
1. Eg skal reise til syden. Eg veit
ikkje heilt kva det heiter
der, men det er ein
plass i syden. Det er eit
hotell i Spania, trur eg.
2. Eg liker best at det
er så varmt. Og at eg kan
bade. Og så er det fint at det
ikkje er regn for då kan vi vere
ute. Då er det finare vêr.
3. Det kjekkaste eg veit er
å bade i sjøen. Og av og til i
Rødstjødna. Eg har gjort det før.
Då var eg med morfar.
Tamar (7 år)
1. Eg trur eg skal
bade. Eg trur også
eg skal reise til
Nederland.
2. At det er så
varmt og godt
og at eg kan
bade.
3. Eg liker
best å bade i
sjøen og sånne andre
ting.
Annika (6 år)
1. Eg trur eg skal
reise til Tyrkia. Eg
skal i allefall til
Mikkelparken!
2. Å bade i
sjøen. Eg
synest ikkje
det er kaldt.
3. Spise is.
Espen Nikolai (6,5 år)
1. Eg skal reise til
syden, men eg veit
ikkje heilt kva det
heiter der.
2. At eg kan bade og sole
meg. Og så liker eg å fiske.
Spesielt sei og laks. Eg plar
stå på land. Eg har eiga
fiskestang.
3. Bade og gå i fjellet.
Iver (7 år)
1. Eg skal på hytta i Slettedalen med mamma. Vi
ligg der
og får besøk og går på besøk. Og av
og til fiskar vi. Eg likar også å spele
kort med bamsane. Det er dei som
vinn nesten kvar gong.
2. Å bade i fjorden, spise is, sole seg,
hoppe på trampoline, leike i sandkassen.
Og så er det ein liten kulp på toppen av
skitrekket. Den kan alle som vil bade i, men
det er ikkje alle som tør. Det er nemleg ein
kjempestor fisk med kjempespisse tenner
oppi der. Det er ikkje akkurat ein vanleg
fisk. Mange folk er redd for at den skal bite
dei i foten. Eg er ikkje redd.
3. Viss eg skulle tatt med nokon på ferie i
Sauda ville eg ha tatt dei med for å bade. Då
måtte det vere ein plass det er grunt.
4
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Sauda - bygda med eit
Sentrum
Båthavna
Kor:
Langs innkøyringa
til Sauda
Kva:
Med flott gjestehamn med
plass til både små og store
båtar, og kort avstand
til sentrum og ulike
aktivitetar.
Stadion
Kor:
Midt i sentrum
Kva:
Kunstgrasbane. Har også
ein mindre bane. I tillegg er
fotballbanen omkransa av
løpebane med tartandekke. Er open for alle
heile døgeret.
Jettegrytene
Kor:
Golfbanen
I sentrum
Kva:
Båt, buss og taxi ligg
samla på kaien og er
lett å finne.
Kor:
Åbødalen (Buer)
Kva:
Ligg ti minutt frå Buer i
Åbødalen. Flott turområde med mulegheiter
for bading.
n
Bussterminal
RYFYLKE
Sommar & ferietid
t variert tilbod året rundt
Kinoen
Kor:
Brekke
Kva:
Populær turløype. Høgaste
punkt er 480 meter
over havet. Sti heile
vegen opp.
Kor:
Kor:
Naturleg nok,
i sentrum.
Kva:
Her finn du det meste. Nytt
høvet til handle i avslappa
omgivnader, utan kø, men
med god service.
Midt i sentrum
Kva:
199 seter.
Sauda kino viser ein rekke
filmar, både for barn og
vaksne i løpet av
sommaren.
Rondehaugen
Kor:
Sør for Saudasjøen
Kva:
Foss i Svandalselva med eit
fall på til saman 180 meter. Har
parkering med utsikt til fossen og
fjorden. Har også trapper ned til
Saudafjorden. Eit av attraksjonspunkta langs Nasjonal
turistveg Ryfylke.
Svandalsfossen
Tinghaug
Kor:
Midt i sentrum
Kva:
Sauda si storstove for trim og
velvere. I symjehallen er det eit
25 meter langt basseng med ei 35
meter lang vass-sklie, to stupebrett og leikeapparat. I tillegg er
det to mindre basseng. Hallen
er også utstyrt med solarium og badstove.
Kor:
Grønsdal
Kor:
Kva:
Grønsdal
Kva:
9-holsbane som ligg i
naturskjønne omgivnader
like utanfor sentrum.
Stod ferdig våren
2008.
Saudahallen
Eigedom etter kunstmålar
Samuel Tveit. Ei interessegruppe
har restaurert huset og innreia
med kunst etter Tveit. Kvar
søndag kan ein her nyte kaker,
kaffi og anna godt, då
Anna´s kafé held ope
på Tinghaug.
5
6
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Fiske og fest
i Vanvik
Alle kan vinne, både konkurransen
og dansen.
Linda Merethe Lie
– Folk kan komme på kaien med sjøstjerne eller
blåskjell. Det er uansett den tyngste som vinn,
lokkar leiar i Fjordguten Ungdomslag, Amund
Fattnes.
Konkurranse først
Siste helga i juli blir Vanvikfestivalen arrangert
på kaien i, ja, nettopp, Vanvik. Dagen startar med
at store og små, med lang eller inga fartstid
som fiskar, skal prøve å hale i land den største
fangsten. Som vanleg er det eigne klassar for
junior og senior i både sjø og land. I fjor stilte
150 deltakarar til dyst. Fattnes er godt nøgd
viss like mange finn vegen til kaien i Vanvik i år.
– Vêret skal vere svært dårleg for at vi kjem
under 100 deltakarar. Alt over dette talet er
heilt kanon for oss, seier han.
Sikrar seg mot uvêr
Vêret har ikkje alltid vore den største utfordringa. I 2011 fekk festivalen som for mange
har vore eit fast sommarleg høgdepunkt sidan
starten i 1987, eit lite tilbakesteg. Først meldte
Rune Rudberg, som hadde takka ja til å spele
opp til dans på kvelden, avbod. Sjølv om arrangøren fekk hyra ein erstattar var festivalen i
stor grad prega av terrorangrepa i Oslo og på
Utøya, noko som resulterte i ein amputert dans
og publikumssvikt. Det påfølgande året mangla
derfor medlemmane i Fjordguten Ungdomslag
motivasjon og tok ei pause. Men nå går dei på
med nytt mot.
– I år set vi opp eit telt på kaien, som blir
inngjerda som eige festområde. Det betyr at
det kan bli rimeleg intimt om det skulle begynne
å regne. Kapasiteten har tidlegare vore på 1
000 menneske, men i år vil dette avgrense seg
til rundt 200. Første mann til mølla! oppmodar
Amund Fattnes.
Ellevill dans
Årets musikalske innslag er duoen Rabbagast.
Som namnet tilseier er dette livlege karar med
laus snipp. Bent Stølås og Jon Inge Kvilhaugsvik
er ettertrakta trubadurar, både som gruppe og
soloartistar.
– Her får ein ein heilaftan med topp dansemusikk, meiner Amund Fattnes, og legg til at
Rabbagast er sett saman av to av Vestlandets
fremste trubadurar.
SPELER OPP: Jon Inge Kvilhaugsvik og Bent Stølås
utgjer duoen Rabbagast og er klare for Vanvikfestivalen i slutten av juli. (Foto: Privat)
Ønsketenking?
Tilbake til vêret. Ein kjem ikkje utanom eit slikt
usikkerheitsmoment ved utandørsarrangement.
Amund Fattnes vil ikkje høyre snakk om fiskevêr.
For han er det festivalvêr som gjeld.
– Litt grått om morgonen, kor skyene blir
høgare og høgare utover dagen. Så sprett sola
gjennom under innveginga før himmelen blir
knallblå frå klokka 15 og utover. Då bestemmer
folk seg for at «i kveld blir det Vanvik», er han
overbevist om.
FESTIVALKLAR: Leiar i Fjordguten Ungdomslag, Amund Fattnes og
sonen Brage håpar på mange besøkande under fiskekonkurransen
og dansen seinare på kvelden under årets Vanvikfestival.
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Juni
Kva skjer
i Sauda i sommar?
16.
16.
21.
21. – 23.
23.
Juli
25.
3.
7.
14.
15.
21.
27.
August
28.
31.
4.
10. – 11.
11.
16.
18.
18.
23.
24.
September
25.
25.
30.
1.
6. – 7.
7.
8.
11.
15.
Hustveit Jonegarden sommaropnar.
Oppstart guiding i Åbøbyen og på
Industriarbeidermuseet.
Kinopremierar: 1. Ernest og Celestine
2. Man of Steel (Supermann)
Saudatreffen, trekkspelfestival for entusiastar
og danseglade.
Fattnesnuten Rundt. Konkurranse/trimløp.
Cirka 11 kilometer. Fattnes i Hylsfjorden.
Tur: Løland/Tunet – Slettedalen – Løland.
Turen tar omlag fire timar.
Kinopremiere: The Lone Ranger
Kinopremierar: 1. Grusomme meg – 3D
2. The Internship
Kinopremiere: World War Z
Opning fiske i Nordelva.
Varer fram til 15. august. NB: Krev fiskekort!
Kinopremiere: Pornopung
Vanvikfestivalen. Fiskekonkurranse og dans på
kaien med Rabbagast på kvelden.
Kinopremiere: The Wolverine – 3D
Kinopremiere: The way, way back
Kinopremiere: Monsteruniversitetet – 3D
Overnattingstur til Sandvass
Kinopremiere: Kyss meg for faen i helvete
Kinopremierar: 1. Mormor og de 8 ungene.
2. Percy Jackson og Monsterhavet – 3D
3. Elysium
Barnas Turlag:
Padling i kano på Storemyr/Klovsteintjødna.
Bading og grilling.
Tur med gudsteneste.
Fellestur med Etne Turlag til Jordavatnet.
Kinopremierar: 1. Skyggejegerne – Demonenes by
2. Kick-Ass 2
Familieskattejakt i Veslefrikk barnehage.
Skattejakt med kart, fiskedam med fine premiar,
svampkasting på sjørøvarkaptein, sprintløype
og kiosksal.
Tysso via Ferata i Rallarens fotspor
Dagstur til Øvre Moen.
Kinopremierar: 1. Smurfene 2 – 3D
2. Pioner
SAUDATREFFEN: Trekkspelfest ei heil junihelg.
OMVISING: Spennande guiding i sinkgruvene i Almannajuvet.
SKATTEJAKT: Små og store røvarar er invitert.
JØYE MEG: Lokalavisa sin dag med premiar og aktivitetar i sentrum.
Topptur frå Breikvam til Skaulen.
Frisk fjelluft og fantastisk utsikt!
Jøye meg-dagen. Lokalavisa Ryfylke arrangerer
bilrebus, aktivitetar og konkurransar i sentrum.
Saudasjøen Rundt. Klassar for trim og aktive.
Eiga barneløype.
Tur Grindheimstølen – Svandal
Barnas Turlag: Middagstur med barnas turmat.
Tur Skeivane – Nordaheia – Nordreskårnuten Skeivane
SAUDASJØEN RUNDT: Løp for både konkurransesugne og trimmarar.
7
8
RYFYLKE
Sommar & ferietid
FJORDNÆRT: Hytta til familen Fløgstad Hauge ligg heilt i vasskanten.
HOPPA I VATNET: Emma Haraldsen (til venstre) og Eline Haugen Fløgstad
nytta høve til å teste både spenst og badetemperatur då dei hoppa i
vatnet. Haraldsen var denne helga med venninna på familietur til hytta
i Åsklubben.
VANVITTIG GØY: Medan far Johan gjer kva
han kan for å få Eline og Emma av tuben,
hyler dei to jentene i takt medan dei klamrar
seg fast for å ikkje nok ein gong ramle av.
Alle fotos: Bente Rasmussen.
Fann hyttedraumen eit kvarter
Sjarmerande måkeskrik
og lyden av havet som
skvulpar mot strandkanten har alltid fascinert
Aslaug Fløgstad. For fire
og eit halvt år sidan gjekk
draumen i oppfyllelse.
Linda Merethe Lie
– Vi har funne vårt ferieparadis.
Nærmare fjorden kan ein ikkje
komme, seier ho.
Mykje å ta seg til
Berre femten minutt frå Sauda ligg
fritidsbustaden. Heilt i vasskanten.
Her reiser familien så ofte dei kan.
Dei tre eldste borna er naturleg
nok ikkje like ofte på hytta, men
for eitt år gamle Mille, fire og eit
halvt år gamle Miriam og Eline på
15, inviterer hyttelivet på Åsklubben til både leik og moro.
– Bading, aktivitetar på vatnet,
fiske, spel. Det er alltid noko å finne
på her, fortel Fløgstad, og legg til
at dei vaksne alltid har eit eller
anna prosjekt dei kan putle med.
Frå fjell til fjord
Aslaug Fløgstad vaks opp med
hytteliv ved sjøen. For sambuaran Johan Hauge var det ganske
annleis. Han var meir glad i fjellet.
I 2008 fekk sambuaran overtalt
han til å sjå på ei hytte ved sjøen.
– Han har ikkje angra ein dag,
ler Fløgstad.
Oftast muleg
Rundt påsketider opnar hytte-
sesongen for familien Fløgstad
Hauge. Ein årleg tur til varmare
strøk er obligatorisk, men Åsklubben er fast reisemål fram til oktober.
– Vi bruker hytta så ofte vi kan.
Så lenge det er sesong er vi her
meir eller mindre kvar helg, fortel
Aslaug Fløgstad.
Samlar familien
Hytta blei bygt i 2007, men var
ikkje heilt ferdig då Fløgstad og
familien overtok ho året etter. Sjølv
RYFYLKE
Sommar & ferietid
SOMMARLEIK: Eitt år gamle Mille trivst godt i strandkanten.
LUFTETUR: Når sola speglar seg i fjorden freistar det med ein båttur.
SNØRET I BOTN: Fiske er ein naturleg del av hyttelivet langs fjorden. Fire og eit halvt år gamle
Miriam treng ikkje gå langt for å teste fiskelukka.
frå heimen
om dei derfor har hatt litt å gjere,
og framleis jobbar for å få alt som
dei vil ha det, er livet på hytta alltid
avslappande.
– Vi får samla familien og gjere
ting saman som vi ikkje gjer heime.
Sjølv om vi ligg litt for oss sjølv
rek det alltid folk forbi. Her er eit
yrande liv med båtar og ofte besøk
å få, seier Fløgstad.
ikkje alle har høve til å få realisert
draumen. Aslaug Fløgstad vedgår
at familien føler seg heldig.
– Vi er privilegert som har ein
slik plass, berre 15 minutt frå der
vi bur. Hit kan vi reise når vi vil.
Det er kort reise, men samstundes
langt nok til at vi kjem oss litt vekk
frå kvardagen, seier ho blidt.
Føler seg heldig
Eit hytteparadis like ved sjøkanten er for mange ein draum, men
SAMLANDE: Miriam, Mille, mamma Aslaug og resten
av familien nyter hyttelivet. Saman speler dei kort
eller finn på andre aktivitetar.
9
10
RYFYLKE
Sommar & ferietid
r
a
m
m
o
S
i Sauda
God sommar
til alle!
Ryfylkebiblioteket
Sauda komm. kino
(over Brannstasjonen)
(Rådhuset)
Opningstider:
Mandag – fredag: kl.10.00 – 18.00
Laurdag:
kl.10.00 – 14.00
Sommartider 1. – 29. juli:
Mandag – fredag: kl.10.00 – 16.00
Laurdagar:
Stengt
Førestillingar
heile sommaren.
Lokal handel
lønner seg!
Sauda Handelsforening
består av mer enn 30 små
og store butikker med et rikt
utvalg av varer.
Sentrum ligger i kjernen
av Sauda. Med flott natur
rundt seg og kort avstand
til de ulike dalførene.
Sjå www.saudakino.no
for aktuelle filmar.
Godt utvalg av butikker,
hyggelig betjening og med
gratis parkering ligger alt til
rette for en hyggelig handel
i Sauda!
Jakobsson Foto
www.ryfylkebiblioteket.no
Ungdomskafeen
Saudahallen
(over NK-Kiosken)
Siste opningsdag før sommaren
var laurdag 15. juni. Ungdomskafeen flyttar over til Lillesalen på
Folkets Hus, der me startar opp
igjen snart etter skulestart.
Nærmare info kjem.
Opningstider i sommar:
Måndag til og med torsdag:
kl. 07.00 – 15.00.
Fredag: kl. 07.00 – 13.00.
Ope i solarium og utstillinga
«Frå vogge til grav»
(trearbeid av Ola Fagerheim)
heile sommaren.
Symje- og idrettshallen
stengt i skuleferien
(veke 26 – 33).
NK-kiosken
Tlf. 52 78 33 32
Skoen
DAME - HERRE - JEANS
RT
GAVEKO
ning
fore
Sauda Handels
GÅ IKKJE GLIPP AV SOMMARENS STORE HØGDEPUNKT!
ETNEMARKNADEN 1.-4.AUG
HANNE S¯ RV• G & STEFF NEVERS
LARS VAULAR • VALKYRIEN ALLSTARS • POLYESTER
+ DET STORE KORSLAGET INNANTE
OLD RIVER SALOON:
KURT NILSEN • HAWK CHRISTENSEN • AMERIKALINJEN
4 dagar
spekka med
handel, fest
og moro pŒ
Noregs beste
marknad!
220 UTSTILLARAR - POLITISK DEBATT - TRIALKJØRING - KINO
GJETARHUNDOPPVISNING - SAUEKLIPPKONKURRANSE
STOR MATMARKNAD - HESTEUTSTILLING - DYREUTSTILLING
SKOG & LANDBRUK - ELIASBÅTEN - VIKINGCAMP FOR BORN
DANIEL LARSEN MAGIENS MESTER - BONDESTOVA - TURNOPPVISNING
LUND ‘S TIVLOI - KUNST&HANDVERK OG EI REKKE ANDRE AKTIVITETAR..
Gavekort kan brukes i alle forretninger tilknyttet
Sauda Handelsforening
Vi leverer til
hytte og hus:
- Parkett
- Laminat
- Maling
- Tapet
- Gulvbelegg
- Tepper
- Belysning
- Gardiner/utstyr
- Sengetøy
- Dyner/puter
- Gaveartikler
Vår mest solgte
eksteriørmaling
BARON
ULTRA
Best på
- Farge
- Glans
- Soppangrep
TJÆRALIN
BEIS
Her kan du bruke
sentrums-gavekortet
T
GAVEKOR
- Rett på uten
grunning
g
renin
Sauda Handelsfo
All info pΠetnemarknaden.no
Rådhusgt. 22 - Tlf. 52 78 22 48
RYFYLKE
Sommar & ferietid
11
SALG
SOMMERSALG
Salget starter torsdag 27/6
Åpent til kl. 20.00
… på møbler! Kom og se!
Sesongens varer til dame & herre
Husk også vår store garnavdeling.
40%
www.fagmobler.no
t
Gavekor
ning
Sauda Handelsfore
Her kan du
bruke sentrumsgavekortet
T
GAVEKOR
g
renin
Sauda Handelsfo
Fagmøbler Sauda - Tlf. 53 78 32 25
Åpent: mandag - onsdag og fredag 09.00-16.00,
torsdag 09.00 - 18.00, lørdag 10.00 - 15.00
Her kan du bruke
sentrums-gavekortet
Følg oss på
Facebook
Velkommen til kvalitetssalget!
Ordinære åpningstider:
Mandag - onsdag 09 – 17
Torsdag
09 – 18
Fredag
09 – 17
Lørdag
10 – 15
Klokker fra bl.a.
Lik Companiet
på facebook
SOMMERENS
MUST!
1590,-
1290,T
GAVEKOR
ening
Sauda Handelsfor
Designsolbriller - Klokker - Briller/linser
Velkommen til en hyggelig sommerhandel!
Her kan du bruke
sentrumsgavekortet
Åpent: man.-fre. 09.30-18.00 lør. 10.00-15.00
Rådhusgata 33, 4200 Sauda. Tel. 52 78 24 48.
Skulegata 6, Sauda, telefon 52 78 39 77
12
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Velkommen til lun og trivelig
sommerhandel på Selvig
r
y
t
s
t
u
e
t
t
y
H
– vi har klær for dame, herre og ungdom til alle anledninger
• Gass
• Maling
e
• Jernvar
Dame:
Only
Vero Moda
Pieces
In-Wear
Skovhus
B-Young
Freequent
Sisters
Caddis Sly
Herre:
Jack & Jones
Selected
Wrangler
Morgan
Giovani
Frislid
Fjällräven
Helly Hansen
Dovre/JBS
Bjørn Borg
Meyer
Frontiers of Quebec
Skal du på fest,
skal du til fjells,
skal du på stranda,
eller skal du bare ha
deg nye klær,
skal du hos oss
velkommen vær.
Sauda
Vi er behjelpelig utenom åpningstiden.
Ring vakttlf. 468 88 537.
LANGTIDSVARSEL
Juni - september
Her kan du
bruke sentrumsgavekortet
T
GAVEKOR
g
renin
Sauda Handelsfo
(Alf Selvig a/s)
Telefon: 52 78 21 75 - Telefaks: 52 78 38 96
Kari Traa
fleecejakke
Alle løpesko
20–50%
50%
Nå
199,-
Alle fotballsko
20–50%
Nike
fritidsbukse, jr.
50%
Nå 149,-
Flytevest
Fra
Alle sykler
10–30%
Norheim
capribukse, barn/jr.
Skogstad
fleecejakker m/fór
50%
Nå
149,-
50%
399,-
Nå
Go-Silda sluk,
25/40 og 60 g.
99,-
T
GAVEKOR
Her kan du bruke
sentrums-gavekortet
Fiskesett
rening
Sauda Handelsfo
Fra
15,-
G-sport Sauda
Tlf. 52 78 23 92
Brugata
249,-
RYFYLKE
Sommar & ferietid
13
Ny hytte
i Sauda?
vamp jan toft
m/
11. - 14. juli 2013
Ryfylke Bygg AS har i over 10 år bygget hytter i Sauda.
Vi er et lokalt tømrerfirma som disponerer flere tomter i
Svandal, Åbødalen og Slettedalen.
fairport convention
(UK)
...valkyrien allstars
m/
A1 GRAFISK IDE - ØLEN
Vi kan påta oss alle små og store oppdrag inkludert totalleverandør med alle faggrupper.
bigbang
Reverend Peyton´s Big Damn Band (US), Valkyrien Allstars, Ida Jenshus,
Real Ones, Rita Eriksen, Daniel Norgren, Razika, Knut Reiersrud, gunnartoft,
Bergen Mandolinband, Tom Roger Aadland, Meg og Kammeraten min,
Fliflet & Hamre, Yuma Sun, Pakkers-trio, Vindafjord Kulturskule, Level 6
Ta gjerne kontakt for en hytteprat. 52 78 59 20 eller
[email protected]
Kjøp billetter på ScanticKet.no
www.rootSfeStival.no
følg oSS på facebooK
SommarfeStivalen
l
li i Vikeda
17. - 21. ju
Sommer er hagetid!
Stage Dolls
Pakkers
Leif & Kompisane
A1 Grafisk Ide - ØLEN
ONSDAg 17. JULI: Kl 15-20 Motordag på Vikedal Motorbane.
TORSDAg 18. JULI: Sommardisko på Vikedal Bygdahus 1.- 4.klasse
kl 19-21, 5. klasse og oppover kl 21-23. FREDAg 19. JULI: Motbakkeløpet
Kontakt oss for:
– Ferdigbetong
gjerne levert med pumpe
– Grus og jord
til gårdsplass og plen
Tlf. 52 78 54 00
www.brselvik.no
Hestanipen opp. Mosjonsklasse kl 15, aktiv klasse kl 17. Sommarfest i
Vikedal Båthavn kl 20.30-02.00. Hovudtelt: Pakkers – Leif & Kompisane
Molotelt: Ingvald Alvseike. LAURDAg 20. JULI: kl 11-16 Sommarmarked i
Vikedal Båthavn. Utstillingar, matsal, hesteskyss og underhaldning for store
og små. Kl 13-16 Fiskefestival. Kl 20.30-02.00 Sommarfest i Vikedal Båthavn
Hovudtelt: Uthuset - Stage Dolls Molotelt: Ingvald Alvseike
SØNDAg 21. JULI: Sommarbingo på Vikedal Bygdahus kl. 19.00
VIKEDAL
Eli O. Utvik
Markedsavdeling
Kjøp billetter på ScanticKet.no www.SommarfeStivalen.no følg oSS på facebooK
Dir: 51 11 17 23
Mob: 99 61 33 22
Tlf: 52 71 72 73 Fax: 52 71 72 72
e-post: [email protected]
www.radiohaugaland.no
Sommar & ferietid
på Kjelkanes
RYFYLKE
Hytteidyll
14
FØR OMBYGGINGA: Mykje har skjedd med hytta og området rundt sidan Anne-Grethe Fiveland og sambuaren, Christer Eineskär, kjøpte
den i 2008. (Foto: Privat)
Forvandla falleferdig rønne til
blomstrande ferieparadis.
Vidar Eliassen
– Ikkje noko er betre enn å sjå utover fjorden,
seier Anne-Grethe Fiveland.
Ho sit i sofaen i hytta på Kjelkanes og let
blikket fare. Naturen gjer inntrykk. Det er også
mykje å glede seg over rett utanfor vindauget.
Eit romsleg og forlokkande uteområde med
fleire sitjegrupper. Flotte blomar og planter i
krukker og kassar. Og ikkje minst bryggekanten,
som er eit flott utgangspunkt for bading. Alt
er berre idyll. Men slik har det ikkje alltid vore.
iveland og sambuaren, Christer Eineskär,
F
kjøpte hytta med både naust og brygge
for fem år sidan. Då var det aller meste i ferd
med å ramle saman.
– Det såg ikkje ut. Veggane var fulle av fukt,
fortel ho.
Med ein visjon om å totalrenovere og sette
sitt personlege preg på den nykjøpte staden,
bretta dei opp ermane. Det var ikkje lite som
måtte gjerast. Skifting av tak og kledning på
både hytte og naust var sjølvsagt. Betongbrygga blei erstatta med ei trebrygge. I tillegg
blei det fjerna store mengder med fyllmasse.
rosjektet har tatt tre år og kravd tallause
P
arbeidstimar. Resultatet står i stil med
innsatsen.
– Vi synest at vi har fått det veldig koseleg. Litt av målet vårt har vore å lage til noko
utanom det vanlege, men som er solid og stabilt.
Samstundes har vi vore opptekne av å bevare
berget og naturen, seier ho.
Fiveland legg ikkje skjul på at renoveringsarbeidet har kosta pengar.
– Det er klart. På den andre sida hadde eg
aldri sett i gang med dette utan at eg hadde
hatt den nødvendige kapitalen i botn, seier ho.
var einaste vesle detalj i det omfattande
K
prosjektet er svært nøye planlagt. Alle komponentane skal stå i forhold til kvarandre. Alle
fargane skal harmonere.
– Til dømes har vi malt hytta grå for å dempe
den ned slik at den står i stil med omgjevnadane
rundt. Grunnregelen er at det skal vere enkelt,
fortel Fiveland.
ansen for form og fargar er godt innebygd
S
hos 59-åringen. Gjennom eit langt liv som
seljar og ansvarleg for
Poenget er at det skal vere mest muleg vedlikehaldsfritt, seier ho.
rorparten av hytteeigarane besøker primært
B
hyttene sine i helgane. Hos Fiveland og
sambuaren er frekvensen litt høgare. Frå mars
til oktober bur dei der meir eller mindre fast.
– Eg pendlar til jobb med båt. Det tek berre
15 minutt, opplyser ho.
Med så mykje tid på hytta skulle ein kanskje
tru at det låg føre fleire planar om å gjere meir
med både hytta og uteområdet.
– Nei, no er det nok. Dessutan er det ikkje
plass til meir. Det skal vere muleg å bevege
seg her også, presiserer ho.
Fiveland vender igjen blikket utover mot
fjorden. Ein svær båt som er på veg til fabrikken sig sakte forbi.
– Kva skal ein med tv når ein har slik utsikt som
dette? utbryt Anne-Grethe Fiveland begeistra.
ei rekke varemesser i
både inn- og utland, har
ho utvikla god spisskompetanse på interiør.
– Eg har blikk for detaljar og veit korleis eg vil ha
det. I tillegg er sambuaren
min svært nevenyttig,
opplyser Fiveland.
Bustaden har ikkje innlagt straum. Til gjengjeld
har den solcellepanel.
– Herleg å berre måtte
forholde seg til ein brytar.
VIL BEVARE NATUREN: Trass i mange endringar har det heile tida vore
eit mål å bevare berga og naturen rundt hytta.
RYFYLKE
Sommar & ferietid
15
GOD SITJEPLASS: Frå bryggekanten kan ein i ro og mak sitje og sjå utover fjorden i ei av fleire sitjegrupper.
DETALJAR: Anne-Grethe Fiveland har sans for form, farge og detaljar.
FRISKT OG FRODIG: Ein kombinasjon av mellom anna friske plantar og pyntegjenstandar har gjort baksida av hytta til ein liten oase.
SMAKFULLT: Kjøkkenet er kanskje lite, men samstundes smakfullt og stilfullt innreia. TOTALRENOVERING: Tre år, mange kroner og tallause arbeidstimar har betalt seg.
16
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Ung fiskeglede i Sauda
Har mange innbydande
fjellvatn som høver
godt for fiske.
Vidar Eliassen
– Eg synest det er kjempegøy
å fiske, seier Rasmus Løland.
Han står ivrig med fiskestanga langs Vetrhusvatnet
i Maldal, ein sundag føremiddag tidleg i juni. Høvet er Sauda
Jeger- og fiskerforening sin
årlege fiskedag for barn og
unge. Ungguten legg ikkje
skjul på at han synest fisking
er ein fascinerande aktivitet.
– Det er spennande. Plutseleg får du napp, seier han, før
han tek sats og sender avgarde
eit nytt kast.
Sjølv om fiskeentusiasten
ikkje klarte å hale i land ein fisk
akkurat denne dagen har han
saktens gjort det tidlegare.
– Ein gong fekk eg ein torsk
på tre kilo. Det var løye, seier
Rasmus Løland.
Ein annan fiskeglad ungdom
som Ryfylke treff denne solfylte dagen er femten år gamle
Lars Andrè Doksrød Tveit.
Favorittfisken hans tilhøyrer
torskefamilien og kan mellom
anna skilte med eit svært kraftig underbitt.
– Lyr er godt. Særleg lyrkaker. Det er verkeleg snadder,
seier han.
Sjølv om han er svak for lyren
er det ein annan og atskilleg
meir hardtbitande skapning
han drøymer om å få på kroken.
– Ein breiflabb. Det hadde
FISKEGLAD: Rasmus Løland liker godt å fiske. Aller best synest han det er å fiske heime i Hylsfjorden, men trivst også ved Vetrhusvatnet.
vore stas. Og gjerne av dei aller
største, slår Doksrød Tveit fast.
Omlag halvparten av den
vaksne delen av den norske
befolkninga fiskar ein eller
fleire gonger per år. Blant barn
og unge har talet vore endå
høgare tidlegare, men har gått
noko ned dei siste åra. Den
trenden er også gjeldande i
Sauda.
– Det er nok ikkje like mange
unge som fiskar no som tidlegare. Særleg er det labert innan
elvefiske. Til gjengjeld er det
ein del yngre som driv med
fjellfiske, fortel leiar i Sauda
Jeger- og fiskerforening, Yngve
Thommasen.
Den generelle fiskeinteressa
i Sauda er derimot god, ifølge
leiaren. Ei av årsakene trur han
kjem av at av Sauda har ei rekke
innbydande fjellvatn som høver
godt for fiske.
– Særleg i Røldalsfjella disponerer vi mange fine vatn,
konstaterer Thomassen.
Nokre stadar er sjansen for å
få ein solid fangst ekstra stor,
som til dømes i Nedre Sandvann.
– Der kan ein raskt få fisk
på fleire kilo, inkludert både
aure og røye, opplyser Yngve
Thomassen.
Gode fiskeplassar
i og ved Sauda
Røldalsfjellet:
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Storlivatn
Førstevann
Holmevann
Svarthyl
Svartkulp
Botnavann
Kringletjønn
Sandvasstjern
Nedre Sandvann
Vassdalsvann
Vintrealeåa:
• Krokavann
• Borgabuvann
• Revavann
Slettedalen:
• Slettedalsvann
Åbødalen:
DRØYMER OM STORFANGST: Lars André Doksrød Tveit drøymer om
å få ein breiflabb på kroken ein vakker dag.
UNG ENTUSIASME: Malene Løland har nettopp fått seg ny fiskestong
og fiskar med full entusiasme.
• Fossdalsvann
• Løynardalsvann
• Helgedalsvann
RYFYLKE
GRILLTIPS
Sommar & ferietid
Ikkje legg på grillen for tidleg viss du grillar med kull. Vent til kullet er blitt grått.
Lag marinade sjølv. Det er billegast og best.
Kjøt: Ta kjøtet ut frå kjøleskapet eit par timar før det skal på grillen.
Del ein kiwi i to og gni biffen inn på begge sider ein times tid før den skal grillast.
Då unngår du at den blir seig.
Fisk: Ha litt smør i eit stykke aluminiumsfolie. Kutt opp fisk i store bitar (laks, steinbit, torsk).
Ha saman med gode grønsaker i folien. Klem saman folien slik at det blir tett og legg på
grillen. Kjempegodt!
Forslag til potet: Vask potetene og del i to eller fire på langs. Legg dei på eit steikebrett.
Gni inn med grillkrydder, litt finkutta kvitlauk og litt rapsolje. Strø maldonsalt over og steik
på 200 grader i 15-25 minutt.
OSTESALAT
MARINADE TIL GRILLKJØTT
passer best til kyllingfilet
Del 300g kyllingfilet i
tynne skiver
1/2 stk isberg-salat (5-6 store blader)
1 pk ruccolla (65g)
250g ost (valgfri)
3 paprika (rød, grønn, gul)
1 agurk
2 kyllingpølse
Marinade:
1 ss honning
3 ss soyasaus
2 ss karrypulver
1 ss tomatketchup
2-3 ss melk
1 ts sennep
Bland alt saman. Legg kyllingfilet i
marinaden. La dei ligge ei god stund,
gjerne i nokre timar, før du grillar dei.
Dressing:
2 ss crème fraîche
250-300g yoghurt
5 ss eddik (7%)
3 ss sukker
Paprikapulver
Salt, pepar
Bon apetit!!
17
18
RYFYLKE
Sommar & ferietid
Lever hotelldra
HOTELLSJEF: Stig Wedvik selde leiligheten,
sa opp jobben, pakka kofferten og drog til
Mexico. I dag driv han hotellet Flamingos Inn
i den vesle fiskarlandsbyen Chuburna.
(Foto: Privat)
Var maskør, sminkør
og parykkmakar, blei
hotelleigar.
Ingvil Bakka
Stig Wedvik har tatt turen til
den vesle fiskarlandsbyen Chuburná i Mexico for å undersøka
ei strandtomt han har funne
på internett. Mayaindianarane
kikkar på den høge, blonde karen
som er interessert i tomta med
det gamle, nedslitne murhuset.
Wedvik ser utover den doble
strandtomta, han ser på det
asurblå havet, han ser på dei
kvite strendene og han ser
føre seg eit liv og ei framtid
her. Akkurat her.
dag, to og eit halvt år seinare
Ihetshotellet
eig og driv Stig Wedvik leiligFlamingos Inn.
Her, på den doble strandtomta
i Mexico, har han reist eit tre
etasjar stort leilighetsbygg med
plass til totalt tolv gjester. Sidan
opninga i mars 2012 har Stig
Wedvik bare hatt to dagar utan
gjester.
audaguten, som reiste frå
S
heimbygda til Oslo som nittenåring, som utdanna seg til
maskør og parykkmakar, og som
jobba 25 år i det norske teatermiljøet, er ikkje i tvil om at han
gjorde rett då han valde å følga
draumen sin. Det heile starta i
2010 då Stig Wedvik blei skilt
og plutseleg stod heilt fritt til å
bestemma over si eiga framtid,
utan å måtta ta omsyn til andre.
Han begynte å tenka på draumen han hadde bore på i fleire
år. I august same året finn han
draumetomta i Mexico, landet
han har besøkt fleire gonger
tidlegare.
– Eg tenkte at det ville vera
UVURDERLEGE: Esperanza Bacelis
Ekteparet deler ei stilling og tar seg
hjelper Wedvik med alt frå servering
mykje kaffi. (Foto: Privat)
RYFYLKE
Sommar & ferietid
19
umen i Mexico
for dumt å ikkje eingong prøva
å realisera draumen sin. Eg trur
det er ganske vanleg å tenka
at ”hadde eg bare vore yngre,
rikare eller friare, så skulle eg
ha gjort det”. Men ein dag er
toget gått og då må det vera
kjipt å tenka tilbake på alt det
spennande det aldri blei noko
av, forklarer Wedvik.
år avgjerda er tatt den
N
novemberdagen på stranda
i Mexico, reiser Stig Wedvik
heim igjen til Norge etter å ha
underskrive kjøpskontrakt på
tomta. Han sel leiligheten sin
på vestkanten i Oslo og seier
opp stillinga si ved teateret. Når
teateret tilbyr han to års permisjon, takkar han nei. Han vil ikkje
ha ein slik retrettmulighet. Med
fleire millionar kroner på konto
drar han til Mexico utan å sjå seg
tilbake. Wedvik får løyve til å riva
det gamle huset som alt står
på tomta, og han får innvilga
byggeløyve. Han skaffar seg
lisens for å driva hotell og får
også mellombels arbeids- og
opphaldsløyve fram til 2017.
edvik, som kunne spansk då
W
han kom, var sjølv ansvarleg for bygginga av hotellet.
Med dette kom han borti eit
fagområde han var særs lite
kjent med.
– Norske fagttrykk er upløgd
mark for meg. Eg har kome i ein
pussig situasjon der eg veit kva
ein god del ting heiter på spansk
utan å ana kva det heiter på
norsk, seier han, som om få år
kan søka om permanent opphaldsløyve i landet.
Tzec, som saman fyller ei stilling.
Gartnarar kjem til hotellet kvar
fredag, og ein innleigd handyman tar seg av maling, flikking
og anna mindre vedlikehaldsarbeid. Hotellet begynner å ta
imot gjester. Stig Wedvik står
opp grytidleg om morgonane,
et frukost på terassen, tar seg
ein dukkert, anten i bassenget
eller i sjøen, før han lagar frukost
til gjestene. I løpet av dagane
tar han seg av hotellgjestene,
arrangerer sightseeingturar,
hjelper til med leige av bil, og
gjer innkjøp på den lokale marknaden. Dagane flyr.
kan han ikkje tenka seg
eit betre liv. Han, som budde
Ipådag
vestkanten i Oslo og som
då meinte han hadde verdas
beste jobb ved Det norske teateret. Han, som fekk jobba med
Norges fremste skodelespelarar og som fekk sjå alt han ville
av teater på høgt kunstnarisk
nivå. Han, som vaks opp på Rød i
Sauda. Som gjekk på Austarheim
skule, som las Sølvpilen og som
sprang rundt på Skarahaugen
og leikte cowboy og indianar. Nå
bur han blant mayaindianarar på
Yucantanhalvøya, den sydlege
spissen av Mexico.
erida og Yucutan blei for
nokre år sidan kåra av
M
Loneley Planet som eitt av
enkelt og tilgjengeleg, meiner
Wedvik.
Han valde å busetta seg og
driva hotell i eit område som
ligg utanfor den største turisttrafikken. Eit område som er
spekka av gammal kultur som
for eksempel pyramidar, katedralar og bygningar i kolonistil.
Og ikkje minst, innbyggarane
består hovudsakleg av meksikanarar som har budd her i tallause generasjonar. Eg synest
dette gjer staten meir interessant og ekte, sjølv om me har
færre badeland, restaurantar
og nattklubbar, seier Wedvik.
Næraste storby, Merida,
ligg ein halv times biltur unna
hotellet hans og har ein million
innbyggarar.
tørstedelen av gjestene
S
som kjem til Chuburná og
Flamingos Inn kjem frå USA,
Canada og Mexico. Men også
fleire europearar og nordmenn
ferierer her. Mange frå det
norske teatermiljøet har tatt
turen for å besøka Wedvik og
hotellet hans. Are Kalvø, Heidi
Gjermundsen Broch og Nikolai
Cleve Broch har alt vore her. Dei
to sistnemnde kjem tilbake i juli.
Saudabuen Berit Rødsås, som
har budd femti år i USA, har også
vore gjest ved hotellet til Stig
Wedvik.
verdas tryggaste turistmål, og
Times Magazine kåra Merida
som nestbeste stad i verda å
flytta til som pensjonist. Ifølge
Stig Wedvik er også fiskarlandsbyen Chuburná ein fredeleg og
trygg plass. Innbyggarane er
stort sett mayaindianarar.
– Eg har alltid tenkt at Mexico
må vera verdas beste ferieland.
Klimaet, folket, kulturen, maten,
strendene og det at alt er så
et er bare to og eit halvt år
D
sidan han valde å følga sin
årelange draum. Likevel, han
Tzec og Willy May Castro er dei viktigaste medhjelparane til Stig Wedvik.
blant anna av reingjeringa av romma på hotellet. I tillegg stiller dei opp og
og hundepass til å passa på at Wedvik får i seg nok mat og ikkje drikk for
BASSENG: Flamingos Inn har basseng, men det er også kort veg
ned til stranda. Stig Wedvik har
funne sitt paradis. (Foto: Privat)
mars 2012 står hotellet
Itilsette,
klart til bruk. Wedvik hyrer to
ekteparet Willy May
Castro og Esperanza Bacelis
vedgår at den store omveltinga
i livet gjer at det føles som eit
halvt liv sidan han budde i Oslo.
Nå ser han det som usannsynleg
at han nokon gong skal flytta
heim til Norge.
– Men for ti år sidan såg eg
heller ikkje føre meg at eg skulle
flytta til Mexico. Ein ting eg har
HOTELLET: Leilighetshotellet stod klart til bruk i mars 2012. Sidan den
gong har Stig Wedvik bare vore utan gjester i to dagar. (Foto: Privat)
lært av dette, er at det å flytta
til eit anna kontinent er veldig
uproblematisk. Eg er open for
det meste, innrømmer han, som
ikkje har vore i heimlandet sidan
flyttinga i 2011.
Kanskje blir det ein tur heim
til Norge med tid og stunder.
I mellomtida bruker han internett til å halda kontakta med
heimlandet. Fleire gonger i veka
er han innom nettsida til avisa
Ryfylke som skriv om bygda
han forlet for snart tretti år
sidan.
år Stig Wedvik står opp om
N
morgonen i sitt meksikanske paradis går han ut på terassen sin og ser utover havet. Han
ser på kolibriar som flyg frå blom
til blom, han ser på pelikanar
som stuper, han ser på flokkar
av flamingoar som dansar og
han ser på delfinar som leikar
i vatnet. Han kan ikkje sjå seg
sjølv ein annan stad i verda.
– Det hender eg må klypa
meg i armen når eg står her.
Eg vil ikkje byta dette bort mot
noko.
EKSOTISK: Flokkar av flamingoar er vanleg syn utanfor hotellet til
Stig Wedvik. (Foto: Privat)
RYFYLKE
Sommar & ferietid
KVIS
S
Spørsmål om litt av kvart
1. Kor mange klassetrinn er det på ein barneskule?
a) 7
b) 6
c) 8
2. Kor mange egg er det i eit snes?
a) 12
b) 16
c) 20
6. Kven har skrive «Saudasangen»?
a) Bjørn Eidsvåg
b) Reidar Brendeland
c) Nils Kristen Herheim
3. Kven syng «Baby» og «Boyfriend»?
a) One Direction
b) Rihanna
c) Justin Bieber
7. Kva heiter elefanten som viser filmar
for dei minste på NRK Super?
a) Fantofanten
b) Filmofanten
c) Fantorangen
4. Kor mange rundkøyringar finst det i Sauda?
a) 1
b) 2
c) 3
5. Kven vann årets Idol?
a) Astrid Smeplass
b) Siri Vølstad Jensen
c) Eirik Søfteland
8. Kva er tittelen på den nye krimboka til
Jo Nesbø?
a) Politi
b) Røvar
c) Purk
9. Kva heiter leiaren i AUF?
a) Eskil Pedersen
b) Audun Lysbakken
c) Sandra Borch
10. Kor mange innbyggarar var det i Sauda
1. april 2013?
a) 4 816
b) 5 212
c) 4 725
Finn 5 feil
Kryssord
Dei to bileta ser heilt like ut, men på det nederste er det fem feil.
Klarer du å finne dei?
Finn løysingsordet i de grå rutene
Kven er dette?
5-feil: yes-skilt, parkering forbode-skilt , øyre til pandabjørn, Sauda ferie og fritid- flagg, rosa vesker med Hello Kitty
Rette svar på Spørsmål om litt av kvart: 1. a) 2. c) 3. c) 4. a) 5. b) 6. b) 7. c) 8. a) 9. a) 10. c)
Kryssord: Iskrem
Vridde fjes
Vridde fjes: Mette-Marit, Hildeborg Juvet Hugdal, Frode Sulen, Asgeir Borgemoen
20