Ein salme av David

Transcription

Ein salme av David
KyrkjeBakken
NR. 2 • JUNI 2015 • 14. ÅRGANG
HELLANDSBYGD – SAUDA – SAUDASJØEN
Ein salme av David
1 Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. 3 Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 5 Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over. 6 Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. Foto: Knut Arne van Zijp
2
KyrkjeBakken
Andakt
LUK. 1, 50 – 53;
«Hans miskunn varer fra slekt til slekt for den som frykter
HAM. Han gjorde storverk med sin sterke arm; Han spredte
dem som gikk med hovmodstanker, og støtte herskere
ned fra tronen, men de små opphøyet Han. Han mettet de
sultne med gode gaver, men sendte de rike tomhendte fra
seg».
Til alle tider har folket elsket sitt fedreland. Denne kjærligheten var aldri dypere og renere enn hos dem som
måtte bo hos et fremmed folk.
Vi vet at Gud har lovet å velsigne og verne folk i hjemmene. Når de arbeider sammen i kjærlighet, så vil han verne
og velsigne folket som holder sammen og lever i tro og
gudsfrykt.
Måtte vi kjenne vårt ansvar for fedrelandet og folket, så
vi i arbeid og bønn bærer det oppover mot Gud, fra slott og
fra den laveste hytte. Det vil Gud.
Landet Gud har gitt oss, er en gave. La oss takke ham for
det. Det er en viktig oppgave for oss å takke Gud for landet
han gav oss.
Det er hverdagen det kommer an på. Store ord bygger
ikke landet, men hederlig arbeid og gudsfrykt med nøysomhet bygger det. Men fedrelandet vi har fått er ikke bare
en gave vi skal takke for, men en skatt vi skal ta vare på.
Fedrelandets sterkeste vern er ikke festningsverk og voller.
Det er de foldene hender. Med foldene hender takker vi
Gud for gaven. Med flittige hender verner vi skatten Gud
har betrodd oss. Med villige hender er vi med å bygge Guds
rike i Norge. Vi bygger først vårt eget liv i vårt hjem, og så kan det vokse i hver
grend og by, fra slekt til slekt.
La oss takke Gud for hans velsignelse, for fred og frihet,
mat og troens gave.
I en tid med svært høy «sigarføring» og høye tanker om
oss selv: «Det er typisk norsk å være god». Da er faren for
hovmodighet stor. Den rette holdning er ydmykhet, det vil
si villighet til å underordne seg Guds vilje.
Samtidig inneholder teksten en betingelse for Guds
KyrkjeBakken
Utgjevar: Sauda kyrkjelyd
I redaksjonen: Olaug Drarvik, Knut Arne van Zijp
og Kjetil Mæhle.
Foto side 1: Knut Arne van Zijp
E-postadressa til KyrkjeBakken er:
[email protected]
Frist for innlevering til neste KyrkjeBakken er:
Mandag 10. august 2015
Vi er takksame for å få gåver til bladet.
Gåver kan sendast til
bankgiro 3520.62.17810.
Merk innbetalinga med 8001.
Postadr: Toppadalen 3, 4200 Sauda
Sauda kyrkjekontor: 400 35 642
Hjelp ved gravferd: 478 10 717
Grafisk utforming og trykk: Karmøy Trykkeri as
miskunn, nemlig at vi skal frykte ham. Han alene er verdig å bli fryktet.
Hva vil det si å følge Guds bud i dag? Gudsfrykt er mer
enn bud og regler. I Salme 127 understreker at det er Gud
som er bygningsmann. «Hvis Herren ikke bygger huset, arbeider bygningsmennene forgjeves. Hvis Herren ikke våker
over byen, våker vaktmannen forgjeves.» At noen prøver å
frigjøre den den kristne lære fra Bibelen , er ikke noe nytt.
Rett bibelsk teologi kan ikke la seg styre av tanker i tiden.
.. eller magefølelse, som lar seg beruse av omfavnelse,
hylling og popularitet. Det rette kristne budskap er det
bibelen sier.
Vi kan bli fortvilet over utviklingen av den bibeloppløsende teologi. Den får også innpass i kretser som før sa
seg forpliktet på skriftens ORD. La oss be om at de kristne
i vårt land med frimodighet bekjenner seg til Bibelen , og
den HELLIGE SKRIFT .
Inspirert av Gud. Ved Guds Ånd. Det er det beste for land
og folk. Guds Ord må være miljøskapende i vårt folk..
Dette med Guds velsignelse er det viktigste for land og
folk. Dersom Gud ikke velsigner vårt liv og arbeid, er alt
fånyttes.
Kan Gud velsigne landet vårt i dag? Skal vårt land leve
under Guds velsignelse, må vi endre på de forhold som
strir mot Guds Ord og vilje. Gud har skapt det hele og
oppholder det. Vi må være oppmerksom på at Gud ikke er
avhengig av hva mennesker tror eller mener. La oss be om
at Norge må bli styrt etter lover som er i samsvar med Guds
ord. Hvis ikke kan Han ikke velsigne landet vårt. Dersom
Guds velsignelse ikke hviler over olje pengene som strømmer inn , vil de smuldre bort mellom fingrene på oss. Motto
for alle lover bør være: « Så sier Herren». Dersom dette blir
lede tråden i alt vårt lovverk, så vil vi igjen oppleve at Guds
velsignelse strømmer over landet vårt.
Vi ønsker hverandre lykke til med å bygge vårt hus, våre
liv og vårt samfunn med Ham.
Diakon Anne Sofie Øygard
Takk for gåver til Kyrkjebakken
I skrivande stund er det kome inn 24200 kr.som skal gå til trykking av
Kyrkjebakken. Me takkar hjarteleg for gåvene og gjer samstundes merksam på at giroblanketten var stifta fast i påskenummeret i motsetnad til
tidlegare år, då han har lege laust i bladet. Redaksjosnemnda håpar at
denne nye ordninga ikkje er årsak til at blanketten blir oversett. At han
blir stifta fast under trykking, sparer oss i redaksjonen for mykje arbeid.
Mvh Redaksjonsnemnda.
Mitt bibelvers
Jesaja 49. 15-16. Kan ei kvinne gløyma
sitt diande barn, ei omsorgsfull mor
det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle
gløyma, skal ikkje eg gløyma deg. Sjå, eg
har teikna deg i hendene mine, murane
dine er alltid framfor meg.
Helsing Liv Øygard som utfordrar Sigbjørg Øye.
KyrkjeBakken
3
Gravplassar og graver
I samanheng med ei landsomfattande fotografering av
gravstøtter, vil også gravplassane i Sauda denne sommaren
få vitjing av DIS-Norge, Slekt og Data. Føremålet med å fotografera støttene er av historisk interesse. Komande generasjonar vil kunne finna sine forgjengarar og slektningar i dette
elektroniske arkivet. Spesielt nyttig vil dette vera for dei som
måtte koma til å interessera seg for slektsgransking.
Frå mi side har eg bedt om at arbeidet vert utført med respekt for staden dei er på, og pårørande som dei måtte treffa
der.
For ordens skuld; DIS har tillatelse gitt av Datatilsynet og
Kyrkjegardskonsulenten i Kultur- og Kyrkjedepartementet.
Liste over kandidatar til
soknerådsvalet hausten 2015
Per Aksel Birkeland
Anna Jorunn Garvik
Rune Selvik
Janne Sætherbø Guggedal
Arild Fosstveit
Jan Reidar Årtun
Gunnar Solvang
Kjell Ole Øverland
Svetlana Michalsen
Sonja Lunde
Kandidatane blir presenterte i neste nr. av Kyrkjebakken.
Ny salmebok
er tatt i bruk
Frå og med første pinsedag 2015 blei ny salmebok
tatt i bruk i gudstenestene i Sauda sokn.
150 eksemplarer er kjøpt inn. Og
desse må i første omgang ambulera
mellom gudstenestestadene. Mange
rause gåver har resultert i at kyrkjelyden nå har fått om lag halvparten av
det talet som trengs for at salmebøkene skal kunna stå fast i kyrkje og
kapell. Som lesarane skjønar, er det
ennå ein veg å gå før målet er nådd,
og difor er det framleis kjærkome
med gåver til dette føremålet.
O.D.
Prosjektet vert utført i samarbeid med Riksarkivaren.
Etter ein hard vinter med mykje snø, kan ein sjå at fleire
gravstøtter har velta. Eg ber dirfor om at dei det gjeld, tar
arbeidet med å få støttene på plass att.. Etter forskrift
skal støttene vera festa til eit stødig fundament med to 15
centimeter lange og 12 millimeter tjukke rustfrie boltar. Ein
del støtter veg opptil 150 kg, og utgjer sjølvsagt ein fare om
nokon skulle få desse over seg.
Jon L. Grindheim
kyrkjeverje
Soknerådsleiaren
Ja då er lista til soknerådsvalet klar.
Her er gode navn, og eg håpar mange
brukar stemmeretten sin og er med på
valet den 14. september.
Me har kjøpt inn 120 nye salmebøker.
Eg vil takka for alle bidrag. Spesielt
takk til Berit Borlaug som sette i gong
innsamlingsaksjonen. Disse songbøkene vil me ta i bruk i Sauda kyrkje. Det
manglar fortsatt ein del pengar til å finansiera salmebøker
til kapella i Saudasjøen og Hellandsbygd. Me er takksame
for alle bidrag.
God sommar
Per Aksel Birkeland.
Det muntre hjørnet
Der sat to direktørar og ein
prest i ei badstu. Direktørane skrytte av dei flotte fallskjermane dei hadde
forhandla seg fram til, den eine var ein del større
en den andre. då seier den
eine direktøren til presten, du har vel ikkje ordna deg
med fallskjerm du. Nei seier presten eg skal ikkje
den vegen eg. Helsing Torgeir Austarheim.
Eg utfordre Oddvar Flåtnes.
“BLI MED” - PÅ
4
KyrkjeBakken
IDE-DUGNAD
Sauda sin lokale plan for
TRUSOPPLÆRING
Kyrkjebakken møter Grete Landa på kontoret hennar ein
tysdag i mai. Ho er trusopplærar i Sauda, men likar ofte
sjølv å kalla seg for kyrkjelydspedagog; ein som lærer born
og unge om bibel, tru og kyrkje. Innimellom dei vanlege
kontordingsane er det ei skattkiste, nokre handdukker i
hylla og eit gamalt Jesusmotiv på veggen. Grete, som er
utdanna førskulelærar, byrja i denne 60% stillinga i august
2014. Då fekk Sauda kyrkjelyd endeleg tildelt statlege
midlar for å drifte trusopplæringa lokalt. Lenge hadde skuleverket ansvar for å gje trusopplæring til dei døypte, men
heilt sidan 1969 har dette vore kyrkja sitt ansvar. At kyrkja
skal drive trusopplæringa sjølv tenker Grete er bra! Dersom kyrkja ynskjer å nå ut til born og unge med familiar,
må kyrkja våge å tenke nytt: Kva skal til for å nå ut til, og
engsjera barn og unge i Sauda i 2015? Korleis kan tru og
kyrkja gje meining inn i det travle og moderne liv? Alle kyrkjelydar skal utarbeida ein samanhengande og systematisk plan for si trusopplæring. Denne planen skal sikre at
alle døypte mellom 0-18 år skal få ein reel sjanse til å bli
kjende med trua. Når planen er fullverdig skal kyrkja tilby
den døypte 315 timar tilsaman gjennom desse 18 åra. Ved
å gje opplæring i tru vert born og unge godt rusta til å ta
eigne val: ynskjer eg å tru, og ynskjer eg å vidareføre den
kristne trua til neste generasjon …? Kor langt er Sauda komen på veg i dette arbeidet, Grete ?
Planarbeidet starta opp i haust. Barne- og UngdomsUtvalet i Sauda kyrkjelyd og dei ansatte på kyrkjekontoret
har vore viktige bidragsytarar frå starten av. Etterkvart har
mange andre frivillige vore med også. Det første vi gjorde
var å jobba lenge og grundig med hovudmålet vårt: ”Vi i
Sauda kyrkjelyd ønskjer å gje alle døypte i aldersgruppa
0-18 år hjelp til å veksa i trua på Gud Fader, Jesus Kristus
og Den Heilage Ande.” Dette gjer vi ved årleg å invitera til
eit opplegg som er pedagogisk tilpassa dei ulike aldersgruppene. Når vi inviterer til trusopplæringstiltak, sender
vi invitasjon til dei døypte, men vi opnar opp for at alle
som vil får bli med! Mottoet og overskrifta for planen vart
difor: BLI MED: -Du passar perfekt i Guds famn! Korleis ser du for deg vegen vidare ?
I juni er den teoretiske delen av planen ferdig, og no skal
vi over på den praktiske delen. Vi har alt mange gode tiltak
på plass. Til dømes utdelingsgudsteneste for treårs-bibel/
4-års bok, og konfirmantbibel til 11 åringar. Vi har også
dåpsskulen Kongeklubben, Tårnagent-helg , Lys Vaken og
konfirmasjonstida. Kvart tiltak er som ei puslespelbrikke
i eit stort puslespel. For å få ein fullverdig plan må alle
tiltaksbrikkene vera på plass! Og her treng eg hjelp…
Kva treng du hjelp til?
Jo, no vil eg fri til alle som har eit varmt hjarte for kyrkja,
og for at barn og unge skal få vite kven Jesus er! De som
er foreldre har no eit godt høve til å påverka kva kyrkja
kan tilby dykkar barn. Sauda kyrkjelyd inviterer til ein stor
idedugnad på Betel onsdag 9. september kl. 18.00. Sett av
denne datoen allereie no. Her skal vi saman utforme korleis trusopplæringa vert for 0-5 åringane, 6-12 åringane,
og 13-18-åringane. Først vert det ein bolk med inspirasjon
og basiskunnaskap om planen vår. Vi deler oss i grupper,
alt etter kor ein meiner ein har noko å bidra med, og saman
puslar vi det store puslespelet! Hvis mange kjem, skapar
vi eit breitt eigarforhold til planen vår, noko som kan vera
ein suksessfaktor. Den norske kyrkja kallar trusopplæringsarbeidet sitt for ”Størst av alt”. Du kan bli med å forme korleis vi i Sauda skal gje vidare det som er ”størst av
alt” til nye generasjonar!
Kva tid skal Sauda sin plan vera ferdig ?
I januar 2016 skal vi levere vår plan inn til biskopen for
godkjenning. Då har vi ideane på plass, og kan etterkvart
sette nye tiltak ut i livet, bit for bit. Det vert nok ei spanande tid!
Grete avsluttar med at om nokon allereie har idear og tankar til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja så kan du ta
kontakt, for eksempel på mail [email protected].
no. Ho har inspiasjonen og glød, og tru for prosessen vidare! Kyrkjebakken ønskjer henne lukke til! Og hugs: Alle
som vil skal få BLI MED, både på idedugnaden og på dei
ulike tiltaka! Nye konfirmantkapper til Sauda frå San Juan del Sur
Dei som vart konfirmerte i Sauda og Saudasjøen denne
våren, fekk æra av å innvia dei nye konfirmantkappene
våre! Det spesielle med desse kappene, er at dei er sydde
i vennskapsbyen vår, San Juan del Sur, i Nicaragua! Da soknerådet diskuterte behovet for nye- og helst strykefrie kapper, kom ideen om ”fairtrade”/ rettferdig handel
og Lilliam Reyes, som driv mange ulike prosjekt i San Juan
del Sur, vart kontakta. Ho sette da opp eit rekneskap som inkluderte materiell,
lønningar og omkostningar knytta til frakt. Deretter gjekk
sygruppa hennar i gang med oppdraget!
Stoffet i kappane er ei blanding av polyester og bomull
og er trulig produsert i Guatemala. Det same stoffet blir
nytta i skuleuniformar i Latin Amerikanske land. For å
gjere det enklare både for produsent og brukarar, valgte vi
å bytte knappar og knapphull med trykk- knappar! Etter ein del korrespondanse begge vegar - vi sleit litt
med spansken og ulike formalitetar knytta til importen
- kom omsider dei første 25 kappene. Vi var svært fornøgde med kappene, og etter kort tid bestilte vi 15 ekstra
kapper! Kanskje kan dette vera starten på eit vidare handelssamarbeid med vennskapskommunen vår? Om det da blir fleire konfirmantkapper eller heilt andre
produkt, kan berre framtida gje svar på.
Torunn Djuvik
Finnøy kyrkjekor gjestar oss
KyrkjeBakken
5
NOKRE GLIMT FRÅ BANGLADESH I FEBRUAR 2015
Eit land i vanskar
Me har hatt gleda av å vera vertskap for syngjande Finnøy-folk ein gong før. Det kan vel vera tre-fire år sidan.Den gongen
møtte mange saudabuar opp i kyrkja ein søndags ettermiddag og fekk vera deltakarar i ei flott gudsteneste med mykje
frisk song og musikk. Det var til å bli glad av. Nå kan me få oppleva reprise, ikkje blåkopi, men sterk og flott song med
trøkk, av engasjerte øybuar.
Det kan verkeleg anbefalast. Og tidspunktet er sett til søndag 20. september kl.17.00 i Sauda kyrkje. Merk dykk dette alt
nå, og gå for all del ikkje glipp av det.
Olaug Drarvik.
Knut Nystedt (1915-2014)
Knut Nystedt og Egil Hovland (som blei presentert i sist utgåve av Kyrkjebakken) var begge to komponistar, som har skrive
mykje musikk for bruk i kyrkja. Desse er ikkje lenger i blant oss. Egil Hovland døydde 5. februar 2013, 88 år gamal og Knut
Nystedt døydde 8. desember 2014, 99 år gamal.
KNUT NYSTEDT var ein
sentral person i Noregs musikkliv som kyrkjemusikar,
dirigent, lærar og komponist. Han har prega utviklinga av kyrkjemusikken i
Noreg fram til i dag. Nystedt voks opp i ein heim der
både klassisk musikk og
kristne songar frå samtida
var ein del av dagleglivet.
Han var ein av etterkrigsgenerasjonen sine fremste komponistar, saman med Finn Mortensen, Arne Nordheim og
Egil Hovland. Dei arbeidde alle for at nye musikalske strøymingar skulle sleppa til, i eit musikkliv som var sterkt prega av nasjonal-romantikken.
Knut Nystedt var ein komponist, kyrkjemusikar og dirigent
som våga å gå nye vegar, med eigne og andre sine verk,
musikk som til då var uhøyrt i norske kyrkjerom og konsertsalar. Han har skrive musikk i mange ulike sjangrar;
orkester- og kammermusikk, orgelmusikk, og ikkje minst
mange korverk som har brakt stor annerkjenning internasjonalt. Han etablerte og dirigerte Det norske Solistkor i
førti år, frå koret starta i 1950 til 1990.
Knut Nystedt vil bli hugsa som ein kunstnar som evna å
berika og inspirera oss. Me minnest han gjennom avslutningsorda i Johannes Brahms sitt verk ”Ein deutches Re-
quiem”: ”Salige er dei døde, som dør i Herren, Dei skal få
kvile for sitt arbeid, for deira gjerningar følgjer dei”.
I takknemlighet og ærbødighet.
(etter Grete Pedersen, dirigent for Det Norske Solistkor og
dirigentprofessor ved Norges musikkhøgskole)
Pietá op.50 for orgel skreiv Knut Nystedt i 1961. Komposisjonen er inspirert av Fridtjof Tiedemand-Johannessen sitt
glasmåleri ”Pietá” i Torshov kyrkje der Nystedt var organist i åra 1946-82. Musikkstykket er skrive i ein fri 12-tonestil, inspirert av glasmåleriet sitt rike fargespel. ”Pietá” er
latinsk og tyder medkjensle. Dette musikkstykket kunne
du høyra som postludium i einskilde gudstenester under
fastetida tidlegare i år. Stykket vil nok bli spelt i einskilde
gudstenester framover også.
Interludium frå ”Den vakreste rosen” opus 71 A (1970) og
Preludium ciss-moll av Egil Hovland blei også spela som
preludium, interludium (offermusikk/musikk under nattverd) eller postludium i nokre av gudstenestene i fastetida
og påsketida tidlegare i år. Desse komposisjonane vil også
bli brukt i gudstenestene seinare.
Egil Hovland har også skrive mange bibelske salmar som
står i salmeboka vår. Nokre av desse ynskjer me å bruka
som fellessong mellom tekstlesingane i gudstenestene
framover.
Magne Bokn
Singur skule.
6
KyrkjeBakken
Saudasjøen kapell laurdag 8. august:
Eritreisk-ortodoks gudsteneste
Våre kristne søsken frå Eritrea har lenge reist til Sand for å
feire si eiga gudsteneste der. Presten deira, Queshi Siltané, har saman med ein av diakonane sine leia gudstenestene, og lokalt busette har både innreidd kyrkjehuset
meir i den stilen dei er vande med (føreheng mellom
altar og kyrkjesal, til dømes) – og dei har invitert til
middag med herleg eritreisk kaffi etterpå. Nokre etnisk norske har møtt, i alle fall siste par timane av den
om lag fire timar lange gudstenesta (8-ca.12.30), og vi
har då blitt bedne med på etterlaget. Maten er veldig
god – og stemninga ekstra venleg og inkluderande.
Merk deg datoen, og ver ikkje blyg!
Arild Markussen
Kva meiner konfirmantane... eigentleg?
Kvart år førebur konfirmantane samtalegudstenesta. Då får dei svara på spørsmål knytta til konfirmanttida og kva
dei er opptatte av. Ofte får me varierte svar som viser at konfirmantane er einskildpersonar med kvar sine meiningar
og kvar sine tankar. Det er ein rikdom å lesa svara dei skriv.
Difor vil me dele nokre av svara på nokre av spørsmåla frå årets konfirmantar med lesarane av Kyrkjebakken.
Kva er ditt beste minne frå konfirmanttida?
- Mitt beste minne frå konfirmanttida er Solgry-leiren.
- KRIK i gymsalen på Austarheim skule. At me fekk lera
mekking. Diakoni.
- Grilling på Rødstjørna. Å bli kjent med andre. Oppleva nye ting.
Kva er det viktigaste du har lært i konfirmasjonstida?
- Kva kristendommen eigentleg betyr for meg
- At Gud tar vare på oss og elskar den vi er
- At Gud alltid er med deg og gir alltid tilgivelse
Kva ønsker du å vita meir om når det gjeld den kristne
trua?
- Livet etter døden og kva som skjer etter døden
- Koffor Jesus måtte dø for at me skulle forstå at verda
er urettferdig.
- Korleis det er å tru på Gud
Kva er det beste og det verste med å gå til gudsteneste?
Det verste er:
- å måtta sitta i ro så lenge
- Det tar tid av fritida
- Det begynner tidlig og er i helg
Det beste er:
- å se folk som er opptatt av og verkeleg trur på Gud
- Det gir ro i sjelen
- At du kan snakke med Gud
Skriv til Gud og fortell om ting du er oppteken av:
- Eg er oppteken av at alle skal få muligheten til å
vera oppteken av noko, og å få oppfylla drømmane og
håpa sine.
- Eg er veldig opptatt av sport
- Eg er opptatt av å bli lykkelig
- Eg er opptatt av at ingen skal vera fattige og at alle
har ein heim og familie
- Eg er opptatt av trening og kosthold og vener og
familie
- Eg er opptatt av spill, seriar, venner og trening
- Eg vil bare si takk, Gud, for at du skapte meg
- Kjære Gud. Gi meg ei utdanning. Pass på foreldrene
mine når dei blir gamle.
Takk til konfirmantane for fine tankar og for at de er
dei det er!
Espen Gya
KyrkjeBakken
7
Gudstenester og møte i Sauda sokn
Torsdag 18.juni.
Sauda kyrkje kl. 19.-20.30.
Open kyrkje med kveldsbøn.
Søndag 21.juni.
Hellandsbygd kapell kl.11.00. Gudsteneste. Takkoffer: Kristent arbeid bl.
blinde og svaksynte.
Søndag 28.juni.
Sauda kyrkje kl.11.00. Høgmesse. Dåp
og nattverd.
Gya/Bokn. Takkoffer: Normisjon.
Søndag 5.juli.
Saudasjøen kapell kl.11.00.
Høgmesse. Dåp. Gya/Bokn.
Takkoffer: Menighetsfakultetet.
Søndag 12.juli.
Sauda kyrkje kl 11.00.
Forenkla høgmesse. Dåp og nattverd
Gya/Bokn. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet.
Søndag 19.juli.
Tveittunet kl.11.00.
Dåp. Gya/Erler. Takkoffer: Kyrkjemusikkalsk arbeid.
Søndag 26. juli.
Saudasjøen gamle kyrkjegard kl.17.00.
Markussen/Erler. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Vandring på den gamle
kyrkjevegen.
Søndag 2.august.
Hellandsbygd kapell kl.11.00.
Høgmesse. Dåp og nattverd. Markussen/Erler. Takkoffer: Diakoniarbeidet.
Søndag 30.august.
Solgry kl.11.00.
Forenkla høgmesse. Nattverd.
Søndag 6.september.
Saudasjøen kapell kl.11.00.
Høgmesse. Nattverd. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet.
Presentasjon av nytt konfirmantkull.
Betel kl.17.00 Samlingsfest.
Søndag 9.august.
Fjellgudsteneste , Markussen.
Søndag 16.august.
Saudasjøen kapell kl.11.00.
Forenkla høgmesse. Dåp. Gya/Bokn.
Takkoffer: Det norske misjonsselskap.
Onsdag 9.september.
Betel idedugnad trusopplæring kl.
18.00.
Tosdag 10.september.
Betel kl.18.00. Basar.
Søndag 23.august.
Søndag 13.september.
Torsdag 27.august.
Søndag 20. september.
Sauda Kyrkje kl. 19.00. Gudsteneste saman med Finnøy kykjekor
Sauda kyrkje kl.11.00.
Høgmesse. Dåp og nattverd. Gya/
Bokn. Takkoffer: Røde
Kors.
Sauda kyrkje kl. 19.00-20.30. open
kyrkje med kveldsbøn.
Betel kl. 17.00.
Generasjonsgudsteneste.
Dette er gudstenester og møte slik dei er planlagde. Det kan koma endringar, sjå annonse i Ryfylke kvar fredag.
SLEKTERS GANG
Døypte.
21.03.2015. Annika Wiik Haugstad.
22.03.2015. Samuel Vikeså Solheim.
29.03.2015. Ask Olsen Austarheim.
05.04.2015. Aksel Emil Olsen.
Alva Birkeland.
08.04.2015. Prakopchai Klongphakwaen.
12.04.2015. Julian Saltvik
Alina Adelsten Handeland.
Thale Rossemyr Stråbø.
02.05.2015. Alve Lund Søndenå.
24.05.2015. Victoria Wiersen Rød.
31.05.2015. Angelica Fjellheim.
Vigde.
25.04.2015. Miriam Austarheim og Daniel Austarheim.
02.05.2015. Siv Hege Lund og Leif Kåre Søndenå.
06.06.2015. Angeiica Castro Søndenaa og Kevin Mc Dade.
Gravlagde.
05.03.2015. Leif Morgan Bang.
10.03.2015. Kirsti Botnen.
13.03.2015. Reidun Nilsen.
19.03.2015. Laila Haugen.
26.03.2015. Ingvild Øvrebø.
31.03.2015. Sigrunn Høyland.
10.04.2015. Ivar Eriksen.
16.04.2015. Ove Thomassen.
24.04.2015. Bodhild Hustveit.
28.04.2015. Astrid Fløgstad.
29.04.2015. Helene Henriksen Bråten.
30.04.2015. John Ness.
05.05.2015. Gerda Marie Jensine Botnen.
06.05.2015. Kjell Kjellstad.
21.05.2015. Vilfred Risvoll.
8
Konfirmantar 2015
KyrkjeBakken
Bakerste rekkje frå venstre:
Jonathan Hebnes, Sivert Espeland Husebø, Thomas Hauge Granberg, Lars Kristian Drarvik, Kevin Bjelland,
Andre rekkje bakfrå:
Sven Bakka, Ådne Oland, Stian Langåker Bakka, Jonas Nesbø Øvrebø, Håvard Djuve,
Jon Kristen Aspelund Haraldsen, Teodor Arnøy Årthun, Simen Tveit Dolmen,
Tredje rekkje bakfrå:
Cedrik Foss Holen, Håvard Midthun Tårland, Ole Andreas Løland, Lasse Bruknapp Birkeland, Jarl Gauthun,
Ole Henrik Birkeland, Vegard Håheim Lund, Sondre Stålesen, Martin Fjellheim Hansen, Ole Ljung, Ragnvald
Selvik, Daniel Fatnes, Reidar Øvrebø Stødle, Simen Hølland, Brian Birkeland Stålesen, Magnus Dolmen.
Fjerde rekkje bakfrå:
Mathilde Kalvik Stålesen, Vilde Sofie Sundfør, Julie Rustad Seljestad, Astrid Lill Halland,
Elin Årthun Sandal, Nora Aareskjold, Nora Fosstveit, Kristina Vik, Kristin Nilsen, Marina Løvik,
Amalie Skree Lofthus, Karina Lunde,Lotte Baardsen, Espen Gya.
Fremste rekkje:
Karolina Morlandstø, Sigrid Birkeland, Sosin Maria Guner, Margrethe Sandal Tveitane, Guro Løland,
Sara Rørtveit King, Andrea Birkeland, Ingeborg Frøystad, Maren Stensvåg Seim.
Gøran Steen Jensen og Klongphakwaen Prakopchai var ikkje med på biletet.
Fotograf: Janne Kvanåli.