Velkommen til dåp i kyrkjene i Os Kyrkjelyd

Comments

Transcription

Velkommen til dåp i kyrkjene i Os Kyrkjelyd
Kjære
foreldre!
Frå Folkeregisteret har
det kome ei
gladmelding:
De er blitt
foreldre. Til
lukke!
Eit nytt
menneskeliv
er skapt og er
komen til
dykk.
Velkommen til dåp i kyrkjene
i
Os Kyrkjelyd
Eit barn er født. Eit lite menneske er ny i familien
og ny i verda. Barnet høyrer til i familien. Det treng
mykje kjærleik og omsorg om det skal få veksa og
utvikla seg. Det er mykje å lære.
For mange er dåp eit naturleg val, andre tvilar seg
fram til dåp, eller vel å la det vere.
Os Kyrkjelyd inviterer familien til å kome med
barnet til dåp. Dåp er tradisjon og dåp er å høyra
til, i familien, i kulturen og til den Gud som kom til
oss i mennesket Jesus Kristus.
Når barnet vert døypt, vert det sett inn i ein ny
samanheng: den verdsvide kyrkja. Her skal den
vesle få kjenna at også kyrkja er ein stad å høyra
til. Her er det også mykje å lære.
Os kyrkjelyd ynskjer å stå saman med familien og
følgje sine døypte på livsvegen. Gjennom fellesskap
i gudstenester og andre samlingar, ønskjer vi å vere
ein stad der det går an å kjenna at ein høyrer til. Vi
gir undervisning og hjelp til livstolkning, og vi
ønskjer å vere ein medvandrar ved livets korsvegar.
Med helsing Os kyrkjelyd v/prestane
Margrethe Holmboe Askeland
Sokneprest
Roar Hallesby Evjedal
Kapellan
Knut Ivar Askeland
Seniorprest
Praktisk info:
Dåpsdato:
På heimesida vår www.os.kyrkja.no finn du eit
oversyn over dåpsdatoar framover.
Påmelding
Du kan bestille dåp på os.medarbeideren.no.
Dersom du ikkje har anledning å bestille dåp på
nett, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret snarleg
for avtale om dåp, tlf. 56 57 24 13 kl. 09.00-1400
eller [email protected]
Dåpssamtale
Tysdagen før dåpsdagen, kl 19-20, møter foreldre,
og om moglege fadrar, til ein felles dåpssamtale
med presten som skal døype barnet. Her får ein
praktisk informasjon om gudstenesten. Ein får vite
meir om kva dåp er, og ein vert informert om
kyrkjelyden sine trusopplæringstilak.
For dåp i Nore Neset finn samtalen stad i Nore Neset
kyrkje. I Os vil det vere anten i kyrkja eller på
kyrkjetunet.
Fadder:
Familiane vel 2-6 fadrar dei ynskjer skal vere knytt
til barnet. Fadrane er vitne om at barnet er døypt og
skal vere med å lære barnet opp i den kristne trua.
Dette gjer at den som skal vere fadder må vere
kyrkjeleg myndig: 15 år. Han el ho må og kunne ta
del i den kristne oppsedinga av barnet.
Dåp skjer i ei gudsteneste.
I kyrkjelyden har vi eit mangfaldig gudstenesteliv. Dåp
kan finne stad i 4 ulike gudstenester.
1.Gudsteneste med dåp og/eller nattverd kl 11.00
er den mest tradisjonelle gudstenesta. Her kan vere
dåp, konfirmantjubileum, presentasjon av nye
konfirmantar osb. Feirast i både Os og Nore Neset
kyrkje.
2. Gudsteneste med born/unge kl 11.00
er noko enklare i formen. Her vil det ofte vere deltaking
av born/unge. På desse gudstenestene kan det vere
presentasjon av nye konfirmantar, utdeling av «mi
Kyrkjebok» til 4-åringar eller 6-åringar, deltaking av
tensingkoret JoinUs osb. Her kan det feirast nattverd.
Feirast i begge kyrkjene.
3. Gudsteneste med band kl 11.00
kjenneteiknast av to ting: a) den er friare i formen enn
dei andre gudstenestene med ein god del nyare
lovsongar og b) songen og musikken er ved ulike band
og forsongarar. Feirast i Os kyrkje, som oftast med
nattverd. Her kan det førekome dåp.
Gudstenestene varer vanlegvis 75-90 minutt. På mange
av gudstenestene er det barnesamling, leia av frivillige
medarbeidarar. Ein fylgjer søndagsskuleforbundet sitt
opplegg «Sprell Levande»
4. Gudsteneste kl 10.00
Om lag ein gong i månaden er det gudsteneste med
dåp i Os kyrkje kl. 10. Her er det ikkje nattverd. Vi
følgjer ordning for dåp i eigen gudsteneste. Denne
gudstenesten varer i underkant av ein time.