Les meir..

Transcription

Les meir..
Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga
Dei mjuke ord til hjarta gjekk
dei kunne gråten stogga.
Kyrkja i Voss,
Uttrågata 5, Pb. 49, 5701 Voss
Tlf. 56 52 38 80,
e-post: [email protected]
www.voss.kyrkja.no
Frivillig gåve til trusopplæringa til kontonr.
3480 16 45293 (merk: trusopplæring)
Velkomen til babysong
i Evanger kyrkje
hausten 2015
voss
Me vil invitera dykk til
-dagar;
BABYSONG I EVANGER KYRKJE
-dagane i kyrkjene på Voss er ein del av den opplæringa du, eller
dine born, får som fylgje av dåpen.
Når borna vert døypt lovar me i kyrkja, saman med foreldre og fadrar
å lære barnet å bli kjende med den kristne trua. Dersom barnet ikkje
er døypt, men ein av foreldra er medlem i Den norske Kyrkja, får de
òg denne invitasjonen.
Kva er babysong?
Babysong er leik med song, rim og regler, dans og lyd. Kjennskap til
ulike lydbilete er også utgangspunkt for all språkutvikling.
Me skal syngja ulike musikksjangrar, dansa saman og bruka ulike
rytme-instrument.
Kvifor babysong?
Som mor/far er det berre du som kjenner kommunikasjonen mellom
deg og barnet ditt. For barnet er stemma di det kjæraste og næraste!
Babysong handlar ikkje om å prestera, men om å gjera denne
kommunikasjonen endå betre ved bruk av song og musikk.
Ingen forkunnskap trengs for å delta!
Kursleiar:
Åshild Bøe Kharazmi, lang erfaring med born og song. Noverande
dirigent for barnekora i Vangskyrkja.
Praktisk.
Babysong startar opp i veke 37, og går over 6 onsdagar. Her skal de
ikkje ta med anna enn dykk sjølve, babyen og ein gulpeklut....
Kl 10:30 startar me med babysong, etterpå vert det ferdigsmurt
føremiddagsmat for dei vaksne fram til ca kl 12:00.
Datoane for baysongsamlingane er desse onsdagane:
9.9, 16.9, 23.9, 30.9, (veke 41, haustferie), 14.10 og 21.10
Desse 6 samlingane er eit samanhengjande kurs.
Påmelding innan torsdag 03.09.15 til 952 98 681